5 minute read

SIGURD PÅ EIN TYSDAG

SIGURD PÅ EIN TYSDAG! Eg vaks opp i fjero

I fjero, midt mellom bauhond, krabbe, tang og tare, vaks eg opp på femtitalet. Liggjande i timavis på kaien, kvar dag, med vurderande blikk mot sjøbotn og livet i fjorden. Posisjonert på magen med hovudet og hender med ei lita troa utanfor kai-kanten. Her vart aqua-kulturen studert og fiskekunsten utvikla.

Advertisement

Kompetansen på korleis du lurte dei ulike artane til å slukja agnet nådde høg meistring alt i ung alder. Mange av oss kvalifiserte til svart belte på fisking av bergjylta med 1 øres vridd ongel. Sjølv tok eg Master i fisking av blåskål og raudnebb i 10-års alderen. Meir som ein hoffleverandør til kattane som var med oss. Pus fekk tre rettars luksusmåltid kvar einaste dag.

Frå vi gjekk i fjerde klassen opp-graderte vi utstyret. Kjøpte bambustroa på Kopen, fiska ståande og nådde lenger ut til litt større fisk. Samstundes vart ei litt meir profesjonell sidegrein utvikla. Rykkjing av brisling i lås og fisking av stor fisk utanfor lås-veggen. Ulovleg, men so utruleg steikjande kjekt at, ja du veit.

Seinare i livet utvida vi horisonten vår. Lagnaden viste meg dei vakre fjella, og mykje av fritida i mange år vart over tregrensa. I lag med fossar, ryper og fjell-fisk. I den tida utvikla eg ein evig kjærleik til fjellet.

Etter mange år er på-bakkane kvart år blir litt lengre og litt brattare. Det betyr at kvar tur tek litt lengre tid, og kostar litt meir energi. Turmål over tregrensa kan enno nåast, det tek berre litt lengre tid. Men tankane om fjero, kjem oftare og oftare. Jammen er det no fint i fjero og. Slik blir det gjerne litt mimring om livet i gamle dagar.

Når det då dukkar opp barneborn som likar seg i fjero og er interessert i livet i fjorden. Då kjem dei gamle minna fort nærare, blir sterkare. Med vår unike evne til å hugsa best det kjekke frå gamle dagar, blir det både emosjonelt og sterkt å minnast oppveksten i fjero.

Her gjekk vi mykje godt på sjølvstyr frå lenge før vi kunne sømja. Noko redningsvest hadde vi aldri høyrt om. Mammene våre var stort sett heima og hadde nok eit auga på oss. Elles meinar eg å hugsa at vi hadde ståande ordre om å straks melda frå om nokon "datt uti."

Kjell og Håkon hamna i fjorden før sømje-kunsten var på plass. Det utløyste hektisk aktivitet og dramatiske rednings-aksjonar, men det enda godt. Det ufråvikelege kravet om at vi aldri fekk gå på kaien åleina før vi kunne sømja, var nok eit godt råd, som berga oss. Vi hadde merkeleg nok respekt for dette kravet, og retta oss stort sett etter det. Det var nok noko med tonefallet, auraen og alvoret bak formaninga frå eit unisont vaksen-miljø som gav dette kravet respekt.

For eit univers fjero, kaien og fjorden var. Her var det mykje liv, mellom steinar, sand, tang og tare. Vi hadde sjølvsagt namn på alt og alle. Vi visste vel korleis vi skulle fiska, fanga, eller leita etter dei ulike artar og individ.

Her fann vi tongsnelda, tussalus, bridlefant, korkamarulk, stikling, blåskål, raudnebb, bergjylta, kopalapp, råtalapp, korstrodl, isjarebolla, reka, grå og blå steinbit, flondra, krabbe, kråkeskjel, bauhond, og uendeleg mykje meir.

I dag lar eg meg fasinera av alle namna vi brukte, som vi mest hadde lært frå den eldre generasjon, kanskje litt blanda med ting vi fann på sjølve. Vi hadde ingen oppslagsverk, eller TV og få namn frå. Mange av namna vi brukte var lokale, understreka og gav uttrykk for eigenskap.

Her skal du få to raske dømer. Korkamarulk er ein marulk med to spisse hodn. Om du set ein kork på kvart hodn, så søm fisken i vasskorpa, så du kan studera han. Han klarar ikkje dukka med korkar på hodno. Eit slags omvendt livbelte for korkamarulkjen.

Så har vi det som byfolk kallar Blå-skjell. I vår verd er dette Kråke-skjel. Eit ypparleg agn når du fiskar, men det er fleire enn fisken som likar Kråkeskjel. Kråko plukkar dei opp med nebbet og fyk opp i lufta, der ho slepp kråkeskjelo ned på steinar slik at dei blir knust. Då er innhaldet klart for servering.

Ein annan viktig aktivitet var å finna steinar med rett format. Alt etter som sjøynte vi jommakodla, og skar laks. Her var det verkeleg snakk om å utvikla kunstartar til nye nivå.

Tong og tare hadde vi full kontroll på. og kva vi kunne bruka ulike typar til. Ikkje minst var ein stor aktivitet å finna steinar med ein grøn tong-variant som lett kunne formast. Dette var ei slags opplæring i frisørfaget.

Etter å ha lege på bryggja å fiska, kjøpt bambustroa på Kopen, så kom fiske frå båt. Ekkolodd var ingen allemanns-eige, men vi hadde likevel lært oss kvar fisken var. Vi hadde lært oss om fiske-mé.

Det kunne vera: Rett ut frå glaset på naustet til Halvars-Jonen, så langt ut at du er tvers for skorsteinen på huset te ØyraGodtskalkjen. Eller det kunne vera: Rett ut frå Raue-steinen til du ser Tverrfjedl i Omvikdalen.

Hugsar godt eg var med bestefar min og fant tong som vi kokte til grisen. Henta sjelsand i Røynholm som vi gav til hønso. Vi sette gadn, som gav meg innsyn i det marine livet utanfor maralde-bakkjen. Ikkje minst fiska vi krabbe med gamle troll-gadn som var på slutten av sin karriere.

Mat-auk var ein viktig del av det fjorden kunne gi. Karane på gardane i nærområdet hadde båt liggjande i fjero med makrellnota klar, medan dei gjekk og slo med langorven. Om nokon såg at makrellen eller piren vakte på rett plass, ropa han høgt: "Piren i vikjo." Då slepte dei long-orven, sprang i båten og rodde ut nota. Var dei heldige kunne det bli ein "dott med pir."

I dag heiter det meste makrell. På denne tida var det meir presist. Det var mange storleikar av denne fisken, og det gjekk frå spikarpir, til pir, kuvl, og så kom makrell, den var størst. Overgangane var litt glidande, men fortalde noko om storleiken på fisken. Frå og med stor kuvl kunne du «flekkja» dei langs ryggen, salta og røykje til du hadde spekje-makrell. Servert med kålstuing frå årets sommarkål var dette ein favoritt.

I min oppvekst var det lite plast i fjero og fjorden. Vi veit alle korleis ståa er i dag.

Det er ein særs viktig aksjon som kjem i haust. Spør gjerne deg sjølv: Kva kan eg gjera for at vi skal få ein Rein Hardangerfjord?

FOTO: IDA LOUISE RINGDAL,NORGES MILJØVERNFORBUND

FOTO: IDA LOUISE RINGDAL,NORGES MILJØVERNFORBUND

FOTO: KJETIL RIMOLSRØNNING 66 I HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2022

Vel møtt store og små! til eit felles løft for Hardangerfjorden

FOTO: KJETIL RIMOLSRØNNING

FOTO: ØRJAN SÆLENSMINDE