1 minute read

HARDANGERFJORDEKSPRESSEN

“Rygerfonn”

Verdens beste Hardangerfjordekspress!

Advertisement

Fleire turar mellom Bergen og Rosendal kvar dag. Bussforbindelse frå og til Husnes og Odda.

Bruk Hardangerfjordekspressen når du skal til Bergen. Gløym ferjer, kontrollar, parkering og bare nyt turen.

Bergen har mange kvalitetar som vi ikkje har i distriktet. Du må til Bergen for å oppleva Brann, Harmonien, Teater, Show, Akvariet, Museum og mange andre kjekke ting.

Skal du ut I verda via Flesland? Ta Hardangerfjord-ekspressen til Flesland og fly vidare til USA, syden eller kvar du vil. New York, Teneriffe, Alicante, Færøyane, eller Tromsø.

Med Hardangerfjordekspressen treng du ikkje tenkja på ferjer, parkering, køar, kontrollar eller stengde vegar. Du kjem frå sentrum I Rosendal til sentrum i heile verda, heilt utan stress.

Rosendal og nærområdet har eit utal av flotte turmoglegheiter heile året.

Du veit det vel, Rosendal og Hardanger har kvalitetar du ikkje finn i byen.

Hardangerfjordekspressen er snarvegen til Trolltunga, Melderskin, Folgefonna eller Baroniet Rosendal!

Verdens beste turterreng. I alle variantar, berre å velgja det som høver for deg. Vinter, sommar, haust eller vår. Frå rusling med barnevogn langs elva til krevjande fjell- klatring.

Å reisa med Hardangerfjordekspressen er trygt - vakkert - kjapt - og ikkje minst sutalaust - Frå sentrum til sentrum! Hardangerfjordekspressen funkar like bra begge vegar.