3 minute read

RUNDEBORDSKONFERANSEN

Miljøstiftinga Framtidshavet er ein global, ideell, nonprofit, religiøst og politisk uavhengig stifting, som arbeider med formidling og bevisstgjering av problemet med plast i havet på lokalt og globalt nivå.

Framtidshavet er særs inspirert av FN sine berekraftmål, og spesielt nr. 17 som omhandlar samarbeid og dialog. "Vi har eit tett samarbeid med fleire aktørar i Nordsjøbassenget" seier Lennart Fjell, og ideen om ein rundebordskonferanse har ligge svanger ei stund. "Med Rein Hardangerfjord er moglegheita for å realisera konferansen endeleg til stades. Med Hardangerfjorden som bakteppe kan rundebordskonferansen verte ei innleiing til ei felles satsing for alle landa i Nordsjøbassenget", seier han. Namn og tema for konferansen er Northseascenarios – A joint treaty against plastic pollution. Vi ønskjer å arrangere ein møteplass for politisk nivå på høgt plan i Norge og Skottland i første omgang, og håpar at denne dialogen vi set i gong kan fortsetja i åra som kjem. Fokus på rundebordskonferansen vil vere på kva vi kan gjere saman, kva retningslinjer, regelverk og lovverk vi kan få innført saman, korleis vi kan dele nyskaping og innovasjon knytt til berekraftig hav og sirkulær økonomi med plast - med andre ord korleis vi saman kan endre ein region sitt tankesett omkring framtidshavet. Vi er særskilt glade for at den skotske ministeren Mairi Gougeon kjem over, og eg er sikker på vi kan lære mykje av kvarandre, seier Lennart. Men då vil vi trenge ein møteplass som Hardangerfjorden og Rundebordskonferansen i åra som kjem. Konferansen vil bli overført direkte på nettsida til Rein Hardangerfjord.

Advertisement

HELSINGAR FRÅ INN OG UTLAND:

Thank you for your kind invitation to attend the ‘Rein Hardangerfjord - We just do it!’ event and preliminary talks. Marine litter is a problem which unites us all and I would be delighted to accept your invitation subject to parliamentary business. It will be a wonderful opportunity meet with the marine litter community in Norway and the Cabinet Secretary looks forward to sharing the progress that we are making in Scotland on the issue of plastics.

Best regards Ms Mairi Gougeon MSP, Cabinet Secretary for Rural Affairs and Islands, Scottland

"Rein Hardangerfjord er viktig og flott prosjekt for storregionen Hardanger og Sunnhordland! I tillegg til å rydde fjorden for plast, så bind prosjektet oss saman på tvers av kommunar, folk og næringar. Me ser allereie at nye samarbeid oppstår, og at prosjektet er med å bygger stoltheit og fremjar omdømme til regionen på ein god måte. Me gler oss til delta på tidenes største ryddeaksjon i september, og vonar mange med kjærleik for den flotte fjorden vår vil delta den 15. september."

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim Styreleiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS

Roald Aga Haug Rådsordførar i Hardangerrådet Plastforurensning er ein global miljøutfordring med store konsekvensar for hav, natur og menn- eske. Under norsk leiing gjekk FN sin miljøforsamling nyleg inn for å forhandle fram ein juridisk bindande avtale mot plastforurensning. Denne må følgast opp i konkret handling. Norge har ein viktig stemme inn i både dei lokale og dei globale løysingane som må til. Det er difor ein viktig handling, både konkret og symbolsk, at det er nettopp Hardangerfjorden som no skal ryddast. Rein Hardangerfjord er eit prosjekt til etterfølging, og regjeringa håpar så mange som mogleg vert med og støttar den store aksjonen.

Espen Barth Eide Klima- og miljøminister Vestland fylkeskommune har sett seg ambisiøse klimamål frå dag ein, og difor stiller me oss heilhjarta bak Rein Hardangerfjord-prosjektet. Den gradvise opphopinga av plast langs kysten er ein stille katastrofe, og dette prosjektet gir dobbel effekt: For det første med å rydde heile fjordsystem, og for det andre ved å skape positiv merksemd. Det er faktisk råd å gjere noko!

Det internasjonale perspektivet til Rein Hardangerfjord er også viktig. Ryddinga av vår eigen kyst må ikkje gjere at me misser fokus på det store biletet. Havet knyt oss saman, og utfordringa med plastforureininga eig ikkje noko land åleine. Derfor er internasjonalt samarbeid ein nøkkel for å finne permanente løysingar.

Jon Askeland Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune