2 minute read

REIN HARDANGERFJORD

Hardangerfjorden!

Kanskje den vakraste fjorden i verda. Eit matfat som gjev store verdiar. Ein oase som gjev sjelefred. No treng fjorden vår ein innsats frå oss. Verdens største ryddeaksjon skal fri fjorden for store mengder med plast. Vi treng at du er med. På dei neste sidene kan du lesa alt om kva som er planlagt. Vi snakkast i september.

Advertisement

- Me berre gjer det!

På Fjordtinget i fjor møtte miljøkrigaren Kenneth Bruvik opp med rolla som rebell, og Erlend Haugarvoll som leiar av Lingalaks AS og representant frå havnæringa. Det som lett kunne ha blitt ein samanstøyt, har no enda i eit strålande døme på kva som skjer når skjeringspunkt møtast, og gode gnistar slår opp.

FRAMTIDSHAVET OG LINGALAKS UNDER RYDDEAKSJONEN I FJOR HAUST

FOTO: LENNART FJELL

Inspirert av kvarandre, vart Kenneth Bruvik frå miljøstiftinga Framtidshavet invitert inn til Lingalaks i fjor haust for å inspirere dei tilsette hos Lingalaks på ein ryddedag i nærområdet. Dagen vart inspirerande for alle partar, og innsatsen var stor, og stemninga høg. "Me var høge på oss sjølve den dagen, og så sa eg litt på spøk om me ikkje skulle rydda heile fjorden likeså godt?", seier Kenneth. Erlend Haugarvoll parerte raskt, men med alvor og sa; "Me berre gjer da!". "Og sidan den gongen har me ikkje sett oss tilbake", seier Kenneth og ler.

Ideen forma seg raskt, og verdas største ryddeaksjon på ein dag tok form. Målet måtte bli å få ein så rein Hardangerfjord som mogleg, og derav prosjektnamnet Rein Hardangerfjord. Tanken var vidare at ein lokalt og regionalt skulle eiga prosjektet, og at stiftinga Framtidshavet skulle leia prosjektet. "Me såg fort potensialet i prosjektet", seier prosjektleiar i Framtidshavet, Lennart Fjell, og me tenkte difor langsiktig. Prosjektet er femårig, og me gler oss til å sjå alle synergieffektane Rein hardangerfjord vil føra med seg.

Ideen vart for Hardangerrådet IKS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS, og tilslutninga og positiviteten var stor. Begge regionsråda vedtok raskt prosjektet og samarbeidsavtalen, og før 2021 var over kunne planlegginga starta. Det vart etablert styringsgruppe, arbeidsgrupper, forskingsteam, kommunekoordinatorar i kvar kommune kom på plass, og mange profesjonelle ryddeaktørar er kopla på. "Me er særskilt glade for å ha med oss kommunekoordinatorane, ungdomsråda, Hardanger produksjonsskule og Skjærgårdservice AS, 100Dagar og andre lokale krefter", seier Lennart, og legg til: "Skal me få med oss alle dei tusenvis av frivillige me treng frå innerst i Eidfjord og Ulvik til ytterst i havet ved Bømlo og Sveio, så er det lokale engasjementet og eigarskapet kjempeviktig".

I tillegg til aksjonen, vert det inspirasjonsarrangement, internasjonal rundebordskonferanse og ikkje minst, Fjorden Aid, som er ein gratis konsert for alle dei frivillige som deltek i prosjektet og på ryddedagen. Her kjem det artistar som treff dei fleste, og ikkje minst ein headliner av internasjonal klasse. "Ein kan trygt seie initiativet har vekse ein del sidan i fjor haust, men me berre gjer det", seier Kenneth, Lennart og Erlend i kor og ler.