3 minute read

HARDANGER RETRO

Ynskjer du å invitera gode vener til ein hyggjeleg samankomst? Mimra om «gamle dagar», medan ei vinyl-plate snurrar i bakgrunnen? Hardanger Retro har plass til 30 gjester, ta gjerne med deg det du ynskjer av mat og drikke. Vil du koma til «duk og dekka bord», leverer Barmen maten. Alt frå fingermat og buffet til eksklusiv tre-rettars, basert på lokale råvarer.

Advertisement

Ta kontakt med Hardanger Retro for meir informasjon og tilbod. Frå Hardanger Retro kan du velja gåturar i alle variantar. Ein tur innover flate Strandadalen høver for alle. Prøv gjerne fiskelukka i elva, ein sprøsteikt småaure, på eit lite bål ved elvebreidda, er utsøkt idyll. NB! Husk brannvets-reglar. Ein annan lett variant er å fylgja skilt til jettegrytene. Etter ti-femten minuttars roleg gange står du på utsiktspunktet med flott utsikt til bygda og fjorden. Fleire stølar omkransar Strandadalen. Kytingen, Aksete, Skår, Dalsete, Grønli og Holseter er fine mål for dagsturar. Kontakt gjerne Hardanger Retro for meir informasjon. For topptur-entusiasten er Kråkenos (814 moh) eit populært mål. Her er det vidt utsyn i alle retningar, mot Strandebarm, Hålandsdalen og den majestetiske Tveitakvitingen. ÅPNINGSTIDER Man- Fre 16.00 - 20.00 Lør-Søn 12.00- 20.00

Besøk utanom åpningstider ta kontakt for avtale

Asbjørn Skogasel as@linetech.no mobil 99 207 208

BESØKSADRESSE Strandadalsvegen 131 5630 Strandebarm

INNGONGSPARTIET LEVNER INGEN TVIL, HER GÅR ME FLEIRE TIÅR ATTENDE I TID. TELEVERKETS LEGENDARISKE TELEFONKIOSK, MED SUMMETONE!

RØDE KORS KRONEAUTOMAT LEGENDARISKE VEKEBLAD, I ALLE KATEGORIAR

WURLITZER JUKEBOKS TEMPO STANDARD MOTORSYKKEL, 1953-MODELL

Ved inngangen til Strandadalen, i det som går under namnet Skyttarhuset, finn du Hardanger Retro.

Her kan du køyra like til døra og parkera gratis på føretakets private P-plass, midt blant utsøkte retro-produkt. Ved inngangen til det romslege bygget står Televerket's klassiske telefonkiosk, med summetone, truleg landets einaste! Her kan du ta ein telefonsamtale på gamlemåten, med myntinnkast, pipetone og returmynt. Om lag hundre slike kioskar er teke vare på, og erklært verneverdige av Riksantikvaren. Sidan 2016 har desse stått utan summetone, no summar det i ein av dei!

Tohjulstraktorer (purler), frå midten av førre århundret, er også eit kjært minne for mange. Fyrste generasjons motorreidskap på brattlendte vestlandsbruk.

Innanfor bugnar det av «ting og tang» frå svunne tider. Tidsskrifter, bøker, kinoplakater, reklameskilt, diverse lydprodukt både i mono/stereo, kroneautomat, syklar (med og utan motor), møbel og inventar, jukebox ... og mykje, mykje meir. Ta deg god tid, det er rikeleg med sitjeplassar, både ute og inne. Retro'en serverer kaffi og iskald CocaCola ... på original glasflaske. Sjølvsagt! Var du ung på 50- 60- 70-talet?

Røde Kors kroneautomat. Den velkjente, klassiske kroneautomaten (knipsekasse) har vi vel alle spandert nokre kroner på. No kan du gjenoppleva lukkkerusen når lyden av toppvinsten, sju blanke kroner, klirrer i metallskåla. Ein haug med kronerstykker ligg klar, her er det fritt fram å prøva seg!

DBS Apache. Legendarisk gutesykkel frå 1970-talet, som i dag er eit ettertrakta samlarobjekt. Med lang sal, rygglene, chopper-styre og girveljar med T-handtak på stanga. Dekorert med indianarmotiv, råtøff sykkel for tøffe gutar! Sykkelen finn du på Hardanger Retro.

Jukebox. Ingen kafe utan jukebox, slik var det! Ungdom, hot dog, cola og jukebox høyrde i hop. Å stega fram, putta på ein mynt og framkalla lyden av Beatles eller Sven Ingvars var tre minuttar med kjøpt musikkglede. Hjå Hardanger Retro står ein Wurlitzer jukebox klar, putt på ein mynt og spel! Tandberg Radiofabrikk. Tandberg var størst og best på radioforsterkarar, bandopptakarar og høgtalarar. Den som ville ha kvalitet og god stereolyd i heimen, kjøpte Tandberg. Sølvsuper, Huldra og anna legendarisk Tandberg-elektronikk kan du sjå og høyra hjå Hardanger Retro.

Tempo motorsykkel. Jonas Øglænd kunne meir enn å produsera trøsyklar. Ein Tempo moped eller motorsykkel med Sachs-motor er legendarisk sykkelhistorie. Hjå Hardanger Retro står det ein strøken Tempo Standard 1953-modell!

DBS APACHE, LEGENDARISK GUTESYKKEL FRÅ 1970-TALET