1 minute read

FRAMTIDSHAVET

Miljøstiftinga Framtidshavet er ei ny stifting, men initiativtakarane Kenneth Bruvik og Lennart Fjell har lang erfaring med plastsaka. Då gåsnebbkvalen kom i land på Sotra i 2017 og vekte verda, satte Kenneth Bruvik og Lennart Fjell i gong initiativet Frå vik til vik – Rein kyst.

Dei samla eit sterkt team av fagfolk, og lagde ein strategi for initiativet. På veldig kort tid kom det i stand store ryddeaksjonar både lokalt og globalt, og media fra inn- og utland dekka saken. På særs kort tid kom det ministre og partileiarar på besøk, og det oppstod initiativ over hele verda. Initiativet vart raskt overført til Bergen og Omland Friluftsråd, der seinare også Hordalandsmodellen vart utvikla. Alle mål i strategien vart raskt nådd, men det siste punktet låg framleis og rugde i hovuda til Lennart og Kenneth – ideen om å danne ein organisasjon som spesifikt arbeida mot plast i havet. Fem år seinare er stiftinga Framtidshavet på plass, og plastsaken er dessverre minst like aktuell.

Advertisement

Eit av stiftinga sine mål, er å formidla forsking på området, og å stimulera til haldningsendring, sirkulærøkonomi og innovasjon. Stiftinga er veldig opptatt av å følgje FN sine berekraftmål, og ikkje minst Vestland fylkeskommune sine strategiar i Vestlandsscenarioene. Eg vil påstå, seier Lennart, at Rein Hardangerfjord er kroneksempelet på kva Vestland fylkeskommune og FN sitt berekraftmål nr. 17 handlar om – samarbeid og dialog på tvers av grenser.