1 minute read

UNGDOMSRÅDET

Isak Al Bayati er leiar av ungdomsrådet i Ullensvang, og har blitt utfordra til å ta Fjorden Ung konseptet vidare. Isak er ein engasjert ung mann, som særskilt brenn for ein rein Hardangerfjord:

"Det er vi unge som må ta tak i dette, og gjennom Rein hardangerfjord får vi no moglegheita til å faktisk få gjort noko med det. Det burde inspirere både barn og ungdom, så eg utfordrar alle til å verkeleg bli med i rein Hardangerfjord", seier Isak med brennande engasjement.

Advertisement

Isak fortener hjelp til å planlegga, og vil særskilt at alle skulane som kan, blir med på denne kjempedugnaden. Det vil bli laga til ei arbeidsgruppe saman med Framtidshavet, som saman med representantar frå ungdomsråda langs heile fjorden sikkert vil laga til eit flott og inspirerande program. Har du innspel, så ta kontakt.

Ny Miljøpris: Fjorden Ung skal også presentera kandidatar til Fjordens Miljøpris, og dela den ut på konserten Fjorden Aid. Her vil gjerne Bayati ha innspel til gode kandidatar, og kriteria finn ein på heimesida til Rein Hardangerfjord.

ISAK BRENN FOR FJORDEN SIN, OG MANAR DEI UNGE TIL INNSATS I SEPTEMBER

FJORDEN FUTURE CLUB

Fjorden Future Club vert ein inspirasjonsarrangement kvelden før den store dagen. Her vil det kome forskarar, ryddeaktørar med mykje meir, som med korte TED-talks skal mane til innsats dagen etterpå. Arrangementet vil bli overført direkte på nettsida til Rein Hardangerfjord. Arrangementet er i samarbeid med Hold Norge Rent!, Marfo og Salmon Eye.