1 minute read

HAVBRUKA I FJORDEN ER MED

SKJÆRGÅRDSERVICE HAR LENGE HATT GOD DIALOG MED HAVBRUKSNÆRINGA I FJORDEN, OG RYDDAR JAMNLEG PÅ OPPDRAG FRÅ FLEIRE AV DESSE. I TILLEGG HJELPER DEI OFTE TIL MED RYDDEAKSJONAR ELLES I HARDANGERFJORDEN, OG DET ER SOM REGEL SÆRS GOD STEMNING PÅ DESSE AKSJONANE.

FOTO: RUNE GAASØ, CLEAN SHORES

Advertisement

Lingalaks AS, Mowi ASA, Tombre AS, Eide fjordbruk AS, Salmon Eye, Bremnes AS og Alsaker fjordbruk AS ønsker å ta del i eit felles ansvar, og går difor saman i ein storstilt ryddeaksjon for å rydde havet for søppel.

Plast i havet er blitt et stort miljøproblem som gjer stor skade på dyr og plantar. Havene dekkjer mesteparten av jorda sin overflate, og vi ønskjer friske og reine hav slik at vi kan produsere nok mat til mennesker i framtida og.

Større fokus og bevisstgjering rundt viktigheita av å halde fjordene våre reine og fri for plast er viktig. Visningssenteret for framtidig havbruk, Salmon Eye, vert gjort tilgjengeleg under heile inspirasjonsdagen 14. september. Under ryddeaksjonen vil alle dei tilsette i våre havbrukasanlegg rydde ein heil dag. I tillegg stiller vi med tilgjengelege båtar og maskinar, og oppfordrar andre i fjorden til å gjere det same! Eide Fjordbruk Eide støttar Framtidshavet og deira inititativ Rein Hardangerfjord. Reine fjordar og eit reint hav er avgjerande for å kunne lage sunn og smakfull sjømat for framtida.

Salmon Eye Det er ei glede for Salmon Eye å bistå Framtidshavet når dei arrangerer ryddeaksjon i Hardangerfjorden i september. Denne typen prosjekt er veldig velkomne og viktige på veg mot eit reinare og sunnare hav.