Univers nr 1 - 2012

Page 20

Forskning  Kos t h o l d

Oppskrifta på gode matvanar Ha frukt og grønt tilgjengeleg for borna, og ta dei med på matlaging og innkjøp. Slik skapar du gode matvanar. Strenge reglar for kva dei får lov til å ete og ikkje, skal du derimot unngå. Det kan faktisk gjera borna mindre sunne.

D

ette er nokre av råda frå Elisabeth Lind Melbye. Ho har forska på kva som fungerer – og ikkje – når foreldre skal lære born sunne matvanar. I følgje Folkehelseinstituttet har talet på born med overvekt auka jamt og trutt dei siste tretti åra. Om lag kvar femte åtteåring i Noreg slit med overvekt eller fedme. Samstundes får norske born i seg langt mindre frukt og grønt kvar dag enn det som er tilrådd.

Studie av 800 born

Forskar og ernæringsfysiolog Elisabeth Lind Melbye ved Universitetet i Stavanger er uroa over utviklinga og vil no ha foreldra på banen i kampen mot overvekt. I doktorgradsarbeidet sitt har ho nemlig sett nærare på den nøkkelrolla foreldre speler, og på den påverknaden dei har på matvanane til borna. I alt har 18 skular i kommunane Sandnes og Gjesdal vore med i studien. Om lag 800 born i aldersgruppa 10 til 12 år og foreldra deira har teke del i ei spørjeundersøking. Av dei som vart spurde, var 85 prosent mødrer, 12 prosent fedrar og resten andre omsorgspersonar. Av alle borna som deltok i studien, svarte 72 prosent at dei fekk i seg frukt kvar dag. 58 prosent svarte at dei fekk i seg grønsaker kvar dag.

Fram med fruktfatet

Studien til Melbye tek tak i nokre mytar om kva som er gode strategiar for å få born til ete sunt. Oppskrifta på å skape gode matvanar summerer forskaren opp slik: – Det viktigaste foreldre kan gjere, er å ha sunn mat tilgjengeleg for barnet. Borna skal kunne forsyne seg av den sunne maten når dei sjølve vil, seier Melbye, som meiner verdien av den fysiske tilrettelegginga i heimen lenge har vore undervurdert.

20   

univers nr. 1–2012

På same vis må foreldre også vere nøgde med at usunn mat ikkje er like tilgjengeleg, utanom på laurdagar. Fram med fruktfatet, vekk med godteskuffen, oppmodar ho. – I tillegg til at borna blir eksponerte for sunn mat, bør dei også få ta del i matlaginga og i planlegginga av måltida, seier UiS-forskaren. – Lat borna skjere opp grønsaker og hjelpe til på kjøkkenet. Få dei med på innkjøp i butikken, og er dei store nok, kan du også diskutere med dei kva sunn mat er, og kvifor det er bra for kroppen.

Forboden frukt freistar

Eit viktig poeng for Melbye er at borna tidleg skal få eit godt forhold til mat. Og då må ikkje foreldra vere for strenge. – Born av foreldre som er urimeleg strenge og restriktive med kva barnet får lov til å ete, har ofte ein hang til usunn mat. Dermed får dei i seg mindre av den sunne maten, og det er jo eit paradoks, seier Melbye. – Forboden frukt freistar, legg ho til. Melbye meiner tidlegare forsking på matvanane til born har lagt for mykje vekt på restriksjonar frå foreldra og korleis dei har kontrollert kva og kor mykje barnet skal ete. Difor har ho teke med ei rekkje andre typar matrelatert foreldreåtferd i forskinga si. Til dømes har ho sett på kva det har å seie at foreldra oppmuntrar borna til å ete sunt, og kva det har å seie at foreldra har sunn mat lett tilgjengeleg i heimen.  Fakta I Noreg har 17 prosent av gutane og 22 prosent av jentene i åtteårsalderen overvekt eller fedme. Blant femtenåringar er det samla talet for begge kjønn om lag 14 prosent. Blant born og unge har det vore ein jamn auke i talet på overvektige dei siste tretti åra. Kjelde: Folkehelseinstituttet

I studien sin har Melbye med ein modell frå sosialpsykologien. Med hjelp av den har ho også sett nærare på borna sine eigne avgjersleprosessar når det gjeld inntak av mat. – Sjølv om foreldra oppmuntrar barnet til å ete sunt, må barnet sjølv oppleve at det både har moglegheiter til og intensjonar om å ete sunt, forklarer Melbye. Difor bør målet vere å skape eit sunt heimemiljø der sunn og variert mat og gode matopplevingar er hovudingrediensar. – Jo fleire gode matopplevingar, jo betre. Her kan foreldra påverke barnet direkte med å leggje til rette for at barnet kan ta eigne, sunne val innanfor gitte rammer, konstaterer Melbye.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.