Sommar 2023

Page 1

GRATIS

AVIS!

Aktivitet - oppleving - trivsel - handel

SOMMAREN I NORDFJORD 2023

Velkommen til ferieparadis i Nordfjord

Vi har trua på kortreist sommar i år. Økonomien til oss nordmenn tilseier at vi bør halde oss heime i Norge. Det er ikkje noko negativt det, for her er nok å finne på. Sjølv om vi sjølve gløymer det – så bur vi midt i eit ferieparadis i Nordfjord.

Her er kort veg enten du vil prøve deg på surfing i bølgjene i Hoddevika, finne nye turmål på fjellet, eller ta deg ein tur til topps med Loen Skylift.

Heile Nordfjord har noko for deg. Her får du alt i ein fjord – frå fascinerande breis, til at du kan ri på ein fjordhest eller prøve deg på laksefiske.

Kanskje du kan oppleve landet vårt på nytt? Her er nok av ting å finne på, berre ein brukar fantasien. For kva er vel betre enn å kjenne roa av å fiske, før du steiker fangsten på bål i fjøresteinane

I Fjordabladet si sommaravis har vi tatt med eit utval av det vi kan gjere på og oppleve i nærområdet vårt. Å vere turist i ditt eige nærområde er gull verdt. Samtidig er det mange tilreisande. Cruiseskipa gjer at verda kjem til oss.

Vi trur at kvar og ein vil få mange fine opplevingar i Nordfjord i sommar – her vi har alt i ein fjord!

God sommar!

Sommar 2023

Fjordabladet si sommaravis 2023 kjem ut i eit opplag på om lag 16.000 eksemplar.

www. fjordabladet.no

Ansvarleg redaktør: Ingebjørg Nilsen. ins@fjordabladet.no

Adresse: Rådhusvegen 6 A, 6770 Nordfjordeid.

Tryk: Polaris trykk, Ålesund.

Framsidefoto: Boka Opptur Stad, Ingebjørg Nilsen, Hilde Renate Kroken.

• Malakoff23

Lovar musikkglede

Malakoff23 er årets høgdepunkt for mange. Her får ein blanda musikkglede og god festivalstemning på Nordfjordeid.

– I fjor var som eit oppstartsår etter koronaen. Vi sit no med eit prøveår bak oss, og er verkeleg klar for ny festival. Vi gler oss stort, seier Arnt-Ivar Naustdal og Gunn Helene Guddal i festivalleiinga.

Dei lovar tre rå festivaldagar:

– Unike musikkopplevingar.

– Den råaste festivalcampen.

– Malakoff Waterfest.

– Alle dei fine folka.

Unike dagar

– Vi har ei blankpolert organisering. Det vert tre heilt unike dagar, ei spesiell helg for alle, seier Naustdal. Som festivalsjef er han stolt over programmet som står på plakaten.

– Heilskapen i programmet er så bra, og at vi kan tilby dette på Nordfjordeid er unikt, seier han.

Festivalsjefen viser til Kaleo, der Malakoff er den einaste spelestaden i Norge.

Det å ha fått Emire State Bastard og The HO er også spesielt.

– Men det er totaliteten i programmet som gjer festivalen vår unik, meiner dei.

– For fleire er artistane ukjente, men vi har gjennom mange år tatt på oss oppdragarrolla innan musikk. Fleire får ei aha-oppleving etter ha høyrt på ulike grupper på Malakoff. Det likar vi, for vi skal ikkje berre gi folk det dei vil ha, seier Naustdal.

– Vi legg til rette for at mange skal få ei god oppleving, fortel festivalleiinga.

Også i år vert det stor camp på

ENTUSIASME: Festivalleiinga med Arnt-Ivar Naustdal og Gunn Helene Guddal gler seg stort til nok ein Malakoff Rockfestival.

FOTO: INGEBJØRG NILSEN

festivalområdet – med 1.000 telt og 4.000 personar. Malakoff er einaste festivalen i landet som har teltcamp.

Malakoff Waterfest

Nytt i år er at festivalen har berre to scener. Det vert ingen lavvoscene i år. Samarbeidet med Sommarlutt er heller ikkje i år.

– I år har vi satsa på «dødskonkurranse», der vi riggar opp stupetårn på 10 meter på Tot-

landskaia. Dei beste hopparane innan dette kjem til Nordfjordeid. Dette er store stjerner på tiktok. I tillegg kan lokale og tilreisande melde seg på, fortel Naustdal.

– Dette vert nok ein folkefest, der mykje folk vil kome for å sjå. Dette arrangementet er gratis og vår gåve til lokalbefolkninga og Malakoff, seier festivalsjefen. INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

2 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
Det er totaliteten i programmet som gjer festivalen vår unik.

og stemning

Dette er årets artistar

Du kan vente deg tre heftige festivalar når Malakoff 23 går av stabelen 20.–22. juli.

På plakatane står 26 artistar, både nasjonale og internasjonale artistar.

Her er ei god blanding av norske folkekjære artistar og internasjonale artistar som har Malakoff som einaste spelestad i Norge i sommar.

Desse artistar spelar i år:

Torsdag 20. juli: Kaleo, Bigbang, Kamelen, Drug

Church, Ka2, Dina ôgon, Hammok og Bo Milli.

Fredag 21. juli: Empire, State Bastard, Undergrun, Hellbillies, Bob Vylan, Lars Vaular, The Good the Bad and the Zugly, ISÂK, og Joe Unknown.

Laurdag: 22. juli Rival Sons, Dagny, The HO, Ylvis, Combos, Los Bitchos, Joe Unknown, Konvent, og Tsoyl.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2023 3 musikkglede
STEMNING: Malakoff er kjent for god stemning, og ein arena for heile familien, unge og gamle. FOTO: INGEBJØRG NILSEN MALAKOFF 20 ÅR: Lokal ungdom står på scena under Malakoff, for å vise festivalen gjennom 20 år. KALEO: Kaleo kjem til Malakoff23, som einaste spelestad i Norge. PRESSEFOTO DAGNY: Dagny er av artistane som kjem til Malakoff i sommar. PRESSEFOTO
4 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
I SAME KLASSE: Dei er tre klassekameratar frå skulen på Haugen. I dag jobbar dei alle på Minibakeriet i Eidsgata, og produserer bollar på løpande band. F.v. Geir Kjetil Haugland, Øyvind Haugland og Leon Knapskog. ALLE FOTO. INGEBJØRG NILSEN

Freistar med nybakt

pet av ein cruisedag, fortel Leon. Dette er turar som er førehandsbestilt.

Bollane begynner ein å lage klokka tre om natta.

– Det er mest hektisk når det er cruiseskip i bygda, men vi lagar også mykje brød. Spesielt i helgene går det med, og vi bakar 200 brød til kundar på Nordfjordeid og på Sandane, fortel han.

– Vi har også dei kundane som fyller opp frysarane sine heime med brød, seier han.

– Speltbrød er heilt klart det folk er mest ivrig etter å kjøpe, seier Leon.

er eit sjarmerande tilskot i Eidsgata.

– Vi har prøvd å lage litt ulikt. Som croissant, men det var ikkje så populært her, så det droppa vi, fortel han. Dei har også pussa opp lokala undervegs.

– Og så er det å finne ei drift som fungerer. Kvifor ikkje utnytte kveldane også? Difor har vi no fått ein pizzabakar, som kan lage lunsjpizza i den omnen vi steikar bolalr om natta. Då får vi betre utnytting av det vi har, seier Leon.

tida, fortel Leon.

Tanken var eigentleg å skrive bok. Det har han sett på vent.

– I fjor var her ekstremt mange som slutta – her og på Aske. Fjoråret var krise bemanningsmessig, og eg måtte heim frå Spania. Det var mykje som hadde skjedd, difor valte vi å redusere opningstidene også. Men no når det er sommar har vi ope igjen også på måndagar.

– Heile juli er heilt vilt. No er vi tilbake der vi skal vere, seier Leon.

Ibakeriet sine vegger er det mykje historie. Her kom det første bakeriet allereie i 1864. Sidan har her vore drift.

Det var A.M. Ånning som starta opp, og som heldt fram til han selde bakeriet vidare til Hjalmar Rasmussen i 1911.

I dag er det Leon Knapskog som styrer bakeriet. Her har han med seg to barndomskameratar – alle frå Haugen.

– Vi gjekk i same klasse på barneskulen, så dette er ei real Haugen-bedrift, smiler dei.

Dei bakar 300–400 bollar kvar dag. Og bollane går unna, spesielt når Aidacruiseskipa kjem til kai.

– Då har vi grupper som kjem på kaffi og bolle. Vi tar imot 50 stykk i lø-

No har han drive bakeriet i åtte år – og gir seg ikkje.

– Her er mykje historie i veggane, og eg kunne aldri ha tenkt meg å flytte herifrå, på grunn av historia og sjarmen ved å vere her. Det har også gått over all forventing desse åra, seier Leon.

Minibakeriet har også butikk ut mot Eidsgata, men den er adskilt frå sjølve bakeriet. Sjølve bakeriet er lite, og arbeidarane går litt opp i kvarandre.

– Her er mange ting som er upraktisk, men vi vel likevel å vere her, seier Leon.

– Bakeriet lever sitt eige liv. Kundane er med å forme det, for vi ser kva som er populært og ikkje. Dette er heilt klart Eid sitt bakeri, seier Leon.

Han trur kundane synest Minibakeriet

– Alle likar pizza, så vi har trua på dette. Vi vil utvikle oss heile tida, og gjere spennande ting, lovar han.

Minibakeriet bakar også brød til restauranten Aske som har same eigarane.

– Og så lagar vi svele til ferjene. I høgsesongen med turistar så går det også unna. Då går det tre gongar så mykje svele som resten av året. Svelene er dagsferske kvar dag, fortel Leon.

I dag jobbar det 4 1/2 personar, i tillegg til nokre ekstrahjelper.

– Vi var mange fleire før, ein måtte redusere tal plassar. Vi endra litt på forma for å ikkje slite ut folka her. Det blei litt for mykje, seier han.

Sjølv jobbar han tre veker på Nordfjordeid og er i Spania i tre veker, der kona studerer arkitektur.

– Men når det er ferieavvikling i sommar så steppar eg inn og er her heile

Bollar vert laga ut frå sesongen. Mamma Helene Hjelle er flink til å pukke mykje bær til Minibakeriet, som blåbær, rips og solbær.

– Så korleis smakar ein perfekt bolle?

– Den skal vere saftig og mjuk, smakfull, ikkje for tørr eller for luftig. Har den vanilje er den sjølvsagt heimelaga, noko folk er veldig glade i, fortel han.

Så kvar er Minibakeriet om ti år?

– Minibakeriet har kome for å bli. Økonomisk gå det ok. Det er ein grunn til at eg kan vere i Spania halve året, smiler Leon.

Minibakeriet har ei omsetning på rundt fem millionar kroner.

Det er bollar, skillingsbolar, solbollar og speltbrød som er desidert mest populært.

– Eigentleg heile pakka, fastslår han.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2023 5
Dufta av nybakt smyg seg ut i Eidsgata. Her er hektisk aktivitet i lokala til Minibakeriet. Mange bollar og brød skal vere ferdig til dørene opnar. Utanfor er det gjerne kø.
SKULEBOLLAR.: Skulebollar er alltid populært. ULIKE BOLLAR: Leon Knapskog og gjengen lagar ulike bollar – mange. BUTIKKEN: Øyvind Haugland i butikken ut mot Eidsgata. Før dei opnar dørene om morgonen er det gjerne kø utanfor. KANELSNURRAR: Godt med sukker må til på kanelsnurrane.

VR-OPPLEVING: I Sagastad kan du besøke ein virtuell vikinglandsby. Andre kan sjå på skjerm utanfor rommet kva den som har VR-brillene på opplever.

POPULÆR: Filmen om det brennande skipet gir groteske detaljar om livet i vikingtida.

I det 30 meter lange Myklebustskipet kan du vandre rundt, eller setje deg ned for å slappe av.

OG

Gerhard svingar sverdet og lever seg inn i livet i fortida.

Turistane strøymer til vikingsenteret Sagastad

På Nordfjordeid finn du godt synlege gravhaugar og spor frå vikingtida. På vikingsenteret Sagastad får du eit innblikk i livet for 1200 år sidan.

Turistane liker godt det enorme vikingskipet. Det er veldig spesielt at du får lov til å gå oppe i skipet, og «alle» skal sjølvsagt ha bilde av seg sjølve med vikingeffektar på.

På Sagastad kan du også få lære om korleis dette skipet er bygt.

Vikingkongen Audbjørn

Via ulike installasjonar er det rikeleg høve til å lære om historia, mellom anna om vikingkongen Audbjørn. Og dersom du ikkje er for tander, kan du ta turen innom kinosalen, for å sjå filmen om det brennande skipet. Dei var ikkje akkurat Guds beste barn, desse vikingane.

Vikingbygda Nordfjordeid

VR-stasjonen i senteret er populær, ikkje minst blant dei yngste. Her kan du vitje vikingbygda Nordfjordeid, med VRbrillene på kan du få eit inntrykk av korleis det kanskje var her for 1200 år sidan.

I VR-universet er det busetnad, folk, dyr, natur og vikingskip på fjorden, og du kan mellom anna prøve deg på virtuell bogeskyting på blink.

Ligg like ved Sagaparken Sagastad reknar med at kring ein femtedel av turistane på cruiseskipa tek turen innom vikingsenteret, og det kan til tider vere mange gjester, men bygget er romsleg og har litt av kvart å by på, så det går bra.

Like ved Sagastad ligg Sagaparken, her er det både leikepark og ei fin strand, som er mykje nytta både av fastbuande og turistar.

SKIPET OG FILMEN: ‒ Vi likte aller best filmen, og sjølvsagt det store skipet. Det seier dei tyske turistane Hans, Gudrun, Anette og Karl, som nettopp har besøkt den største turistattraksjonen på

HISTORIE: Kva veit vi eigentleg om fortida? Her kan du på ein kjekk måte

VIKINGSMYKKE: Nytt av året er ein unik smykkeserie inspirert av lokale vikingfunn.

6 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
STAS FOR BÅDE STORE SMÅ: STORT SKIP: lære meir om historia. GØY MED TRAMPOLINE: Tilsette på Mein Schiff 6 nyttar høvet til å more seg i Sagaparken, som ligg like ved vikingsenteret Sagastad.

Foto: Saltnwax

Opplev sommarlivet i Stad

Eit utval arrangement juni-aug.

23.-25.6 - Elskhug & Eksis, lystspel Nordfjordeid

22.-24.6 - Barnas superhelg Alti og Eid handel

30.6-8.7 - Sommaraktive Stadt

9.7 - Seljumannamesse, Selje

15.7 - Eid gatematfestival

21.7 - Dødsekonkurranse, Nordfjordeid

20.-22.7 - Malakoff Rockfestival 2023

29.7-5.8 - Vestlandsk Sommarsymfoni, Nordfj.eid

12.8 - Selje Golfklubb, jubileumsturnering 25 år

26.8 - Innbyggjartreff i Operahuset Nordfj.

31.8 - Flygelbonanzakonser, Operahuset Nordfj.

Veke 26-32 - Eidsgata 9 og Nabben 80/BUA Selje, sommaraktivitet for born og unge, ma. til fr. Laurdagar i juli - Sommarshopping m/aktivitetar på Nordfjordeid

Vilt, vakkert og heilhjarta: Velkomen til sommareventyret i Stad!

I Stad kommune kan du oppleve dei store kontrastane. Frå stille vatn og høge fjell ved Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet - til kvite sandstrender, grøne landskap og det ville Stadhavet ytst ved Vestkapp.

I Stad finn du surfeparadiset Hoddevika, Vestkapp - det vestlegaste fjellplatået i Noreg, Fjordhesten - ein av verdas eldste hesteraser, Myklebustskipet - eitt av verdas største vikingskip og Selja kloster med Noregs einaste kvinnelege helgen Sankt Sunniva. - Eit mangfald av særeigne kultur- og naturopplevingar å oppleve og ta med seg i hjartet!

Midt i Stad kommune og Nordfjord finn du kommunesenteret Nordfjordeid – ein perfekt "basecamp" for ditt Nordfjord-eventyr. Om du vil ta ein pause frå aktive opplevingar og kjenne på kvilepulsen kan du bade og nyte livet i Sagaparken, handle og rusle rundt i den idylliske Eidsgata og finne alt du treng på éin stad – med kort veg til heile Nordfjord.

- Hjarteleg velkomen!

Meir info om attraksjonar, opplevingar og aktvitetar i Stad finn du på www.hjartestad.no og www.nordfjord.no

# hjartestad - del din stad

HJARTESTAD
FJORDABLADET SOMMAR 2023 7

FJORDABLADET

SUFFEFJÆRA: Denne finn du på Stårheim. Dette er ei steinstrand med berg. Her har ein flott utsikt til fjord og fjell. Denne er mykje besøkt av dei lokale frå Stårheim når temperaturen og sola er på plass.

This is where the locals in Stårheim go when its warm and sunny during summer. Suffefjæra is a rather small place, but very peaceful and nice.

ERVIKSANDEN: Lokalisert i Ervik. Dette er ei av dei aller flottaste strendene i Stad med sandstrand og blått hav. Her kan ein også surfe og bade. I tillegg kan ein ta seg ein fjelltur og sjekke ut den vakre kyrkjegarden. Vi anbefaler det spesielt for alle fotointeresserte. Tår- kiosk finn du også.

Erviksanden is the place to be if you enjoy surfing. There is a ship wreck close to land, so if you are new to surfing we recommend Hoddeviksanden instead. You can find a Tår kiosk here as well.

LODALEN: Ligg i Loen, Stryn. Det er mange fine badeplassar i både Olden og Loen. Dei siste åra har det grøne vatnet i spesielt Lodalen blitt særleg populært blant norske turistar. Trass i at det ser svært idyllisk og flott ut, er vatnet som regel svært kaldt. Sjekk også ut minnetavla om du tar turen.

The green water in Loen and Olden is very beautiful, but also very (ice) cold. While we would check out both places, Lodalen has become extremely popular in recent years. While you are here: check out the dramatic history.

REFVIKSANDEN: Denne 1,5 lange sandstranda finn du i bygda Refvik, utanfor Måløy. Refviksanden har vore på lister over dei flottaste strendene i landet fleire gongar. Nordfjord sitt svar på Syden. Her er gode campingmoglegheiter også.

This 1,5 km long beach is one of the nicest in Norway. Bring a tent, caravan or a camper van and enjoy the summer days here. WC and showers are nearby.

HODDEVIKSANDEN: I Hoddevik. Her er ei flott og stor sandstrand og du kan både bade og surfe. Her er også mange fine fotoplassar, og solnedgangen er ekstra flott. Tår -kiosk rett ved.

Here in Hoddevik you can surf and take a swim in the ocean. We highly recommend staying for the sunset as it can be quite beautiful. If you get hungry you can find a Tår kiosk by the beach.

GRYTA: Ligg på Stårheim. Vi anbefaler denne badeplassen når det er sol. Her kan det vere litt kaldt i vatnet, men det er ein god badeplass for dei som er på jakt etter hoppemoglegheiter og ferskvatn. Located in Stårheim. Gryta is a cool place for those who enjoy swimming in fresh water. We recommend going around noon, when the sun is shining.

8 SOMMAR 2023

FJORDSIGTH RESORT:

Ved Norane på Bryggja finn du denne badeplassen. Her er også sand. Her er gode bade – og fiskemoglegheiter. Det er også fint å campe her. I nærleiken finn du matbutikk.

You can go swimming and camping here in Fjordsight Resort. The beach is located in the middle of Nordfjord – Bryggja.

SAGAPARKEN: Denne finn du midt i sentrum på Nordfjordeid. Dette er ikkje den aller største stranda i området, men du finn benkar, trampoline, klatrepark, kafear, butikkar og restaurantar i nærleiken. Her er også laga til for grilling.

Bring your kids to Sagaparken, located in the middle of Nordfjordeid. You can find trampolines, a playground, WC and restaurants close by.

SELJESANDEN: Med blått hav og sandstrand er Seljesanden ei av dei flottaste badeperlene i Stad. På grunn av at det er langgrunt passar det ekstra godt for barnefamiliar. BUA og Tår kiosk ligg rett ved.

Seljesanden is around 500 metres long and is located in central Selje. This beach is perfect for families.

GROTLESANDEN: Lokalisert ved Grotle i Bremanger. I området er det også mange fleire må og store strender, men det er Grotlestanden som er størst og flottast. Her er toalett og dusj.

Located in Bremanger municipality, and very popular during summer. The beach is 700 metres long. You can find WC and showers here.

Her kan du bade i sommar

Det er mange flotte badeperler i Stad, både i sjøen og i vatn. I tillegg er det også fleire badeplassar utanfor Stad, som berre er ein kort køyretur unna. Her kan du lese om nokre av dei beste badeplassane i området.

ÅRSKOGVIKA: Denne ligg på Lote. Dette er ei flott steinstrand med utsikt til fjord og fjell. Her kan du få feriefølelsen og ligge å høyre på bølgene – kanskje med ei bok i handa? Ved Årskogvika kan du også campe.

The beach located in Årskogvika, Lote, is very peaceful. You can relax, swim in the ocean and camp here. The view is stunning.

FJORDABLADET SOMMAR 2023 9

EIT VIKTIG HUS: Embetshuset på Skårhaug har vore brukt til kontor for både lensmann, sorenskrivar, doktor og bank. FOTO: FOTOGRAFEN EIDE

Cruisegjestane likar seg med Marit på Skårhaug-vil sjå inn i historia

I 2019 starta Marit Sandnes Skrede å ta imot cruisepassasjerar i det 180 år gamle embetshuset på Skårhaug. Så langt har rundt 1500 cruisegjester vore innom dørene.

Marit Sandnes Skrede hadde gått med draumen ein stund, då det blei opna opp for cruisekai på Nordfjordeid i 2018. Ho ville vise fram nordfjordsk historie, korleis livet, slitet og menneska har vore på ein gard midt i Nordfjord gjennom 200 år. Men sjølv om dette var garden der ho vaks opp, var det likevel ikkje ein heilt vanleg gard. Eller eit heilt vanleg hus som ho eig i dag. Her har det nemleg vore både bustad og kontor for lensmenn, doktor, sorenskrivar og bank.

180 år gammalt hus

Det starta tilbake i 1843 då lensmann Steen fekk bygt dette huset på indre Skårhaug. I 1856 overtok lensmann Tyvold huset. I 1870 fekk Marit sin tippoldefar, Ole Johannesen, kjøpe huset og eigedomen som dei tidlegare hadde bygsla. Saman med familien budde han i ei langt mindre nordfjordstove ved sidan av, medan dei held fram med å hyse embetsmenn i det store huset. Eit hus som er sett saman av fire nordfjordstover, og som ligg eit steinkast frå Eidsfjorden på indre Skårhaug rett utanfor Nord-

GAMMAL STIL: Marit og familien har lagt ned mykje arbeid i huset på Skårhaug, for å få fram gammal stil, samt vedlikehald.

RENOVERING: I sommar er det skifting av takrenna i tre, vindskeier og skraping, samt måling av husfasaden.

fjordeid sentrum. Her blei huset i si tid sett opp fordi det var kai nede ved sjøen, og dette var i tida før bilen og vegane var på plass.

– Rett her nede låg den første kaia på Nordfjordeid, så Skårhaug var nok ein svært sentral del av Nordfjordeid då på 1800-talet, seier Marit som hadde overteke barndomsheimen sin då ho i 2011 var på ferie i England.

– Vi kom til ein ærverdig gammal hage i Cornwall, eigd av ei dame som tok imot turistar i huset sitt. Eg spurde ho om å få sjå inne i huset, men svaret var at ho ikkje hadde kapasitet til å vise inn alle som ville sjå. Då var det eg fekk ideen om at Skårhaug kanskje kunne brukast til besøk. Eg ville vise fram huset og historia til turistar. Så då cruisekaia blei bestemt i 2018 fekk eg det som skulle til for å starte opp. Turistane skulle kome til Nordfjordeid, og eg hadde huset og historia eg ville vise fram, fortel Marit som gradvis har restaurert huset. Det handlar om å reparere taket og restaurere vindauga utvendig, og leite fram tidlegare tømmerveggar og tapet innvendig.

• Eg vil fortelje om korleis folk levde før, om slitet og arbeidet.

KAFFI OG HISTORIE: Marit Sandnes Skrede fekk ideen om å tå imot cruisegjester under eit besøk i England, der ei eldre dame ikkje kunne vise alle inn i huset, det ville bli for mange folk. Så tenkte ho at kanskje mange ville sjå inn i huset på Skårhaug også. Fram til no har ho hatt besøk av over 1500 cruisegjester sidan 2019. Dei får servert kaffi, sveler og kaker før dei får informasjon om historia til huset. ALLE FOTO: INGER TRÆEN

10 SOMMAR 2023 FJORDABLADET

NOSTALGISK KJØKKEN: Det er sett inn ny kjøkkeninnreiing, som dei har fått laga i gammal stil.

– Eg vil leite fram att huset slik det har vore gjennom historia. På mi ferd har eg både funne vakre gamle tømmerveggar, mange lag med tapet og ikkje minst mange dokument som fortel om tida som har vore i dette huset, seier ho som den første cruisesommaren i 2019 tok imot over 300 gjester. Men så kom to år med korona, og ingen cruiseskip kom inn fjorden.

–Det vart ein brå stopp rett etter startfasen. Men i 2022 hadde eg over 300 cruisegjester. Det er slik at dei møter ein guide frå Geiranger & Nordfjord Cruise Handling på kaia. Så går dei ei kulturløype til gravhaugane på Myklebust og Eid kyrkje, før dei kjem ut hit til Skårhaug, seier Marit som då står klar med nysteikte sveler og kaffi.

– Først får dei setje seg ned for å nyte kaffimaten litt i fred og ro. Etter det er det guiden som fortel om huset her og historia. Og sidan eg starta opp fire år sidan har eg motteke overveldande tilbakemeldingar frå dei som kjem. Gjestane er blide, interesserte og takksame for å få sjå inn ei eit slikt hus med ei så rik historie å vise til, seier ho som også denne sommaren har hendene fulle. Både med å ta imot turistar, og med å vidare ta vare på huset som ho har arva etter foreldra.

Gjester frå 36 cruiseskip

I år har ho booka inn gjester frå 36 cruiseskip, og har mellom anna fast besøk kvar tysdag, då skipa av typen Aida kjem til Nordfjordeid.

–Det er gjennom selskapet European cruiseservice eg får booka inn mine gjester. Dei er min kanal inn til cruiserederia, opplyser Marit.

Så er det også denne sommaren stillas opp etter veggane på huset, då ho skal byte ut ei takrenne av tre, samt reparere tak, byte ut vindskeier og vassbord og skrape veggar. Til det har ho fått 100.000 kroner frå Kulturminnefondet.

– Stillaset står her og arbeid er på gang, samstundes som eg tek imot cruisegjester. Å vise korleis eg tek vare på huset er også ein del av det å fortelje historia til huset. Turistane som kjem vil få eit innblikk inn i korleis huset blei bygt for 280 år sidan, og at det er viktig å bevare historia til huset også inn i framtida, seier ho som har

ARBEID OG TURISME: I sommar blir det både arbeid på huset, samstundes som cruisegjester frå 36 skip kjem på besøk.

I hagen på Skårhaug finn ein mange plantar og tre som har vore på plass gjennom fleire generasjonar.

HELD PÅ STILEN: For Marit Sandnes Skrede er det viktig å halde på den stilen i huset som har vore gjennom generasjonar. Det meste av møblar og interiør i embetshuset på Skårhaug var på plass då ho overtok, men så har ho også supplert med ulike ting som ho har kjøpt på bruktbutikkar og loppemarknad.

• Mi oppgåve er å ta vare på huset, så er det kjekt at andre har glede av å sjå det

NYSTEIKTE SVELER: Når cruisegjestane kjem inn døra blir det møtt med nysteikte sveler og ein kaffitår. Her er det Marit som er i sving, men til vanleg er det dottera Margrethe som held styr på kjøkkenet med maten som skal serverast.

som mål å overlate eit hus i mest mogleg identisk stil til neste generasjon.

– Som femte generasjon i familien min her på Skårhaug, er eg eigar av dette huset no. Mi oppgåve er å ta vare på huset slik det er, leite fram mest mogleg av historia og huset sitt opphav. Slik at huset kan leve vidare for komande generasjonar, seier ho som trass mykje arbeid med huset, og mottak av

turistar, ser på det heile som ein hobby. –Eg har jobb som leiar for Frivilligsentralen i Stryn der eg bur med familien min. Det som skjer her på Skårhaug er hobby, og det er med stor glede eg tek imot turistar her i huset. Eg gler meg til kvar gruppe med cruiseturistar som kjem, og sit alltid att med ei god kjensle når dei fornøgde spaserer ned vegen etter besøket.

RAUDE TØMMERVEGGAR: I denne stova er det dekka med kvit duk, koppar og fat som passar til huset. Dei raude tømmervegga dukka fram då Marit og familien fjerna fleire lag med tapet.

– Du veit at det var mykje slit for folket før i tida. Det var arbeid og lange dagar, og dei måtte vere kreative for å klare seg og få nok å leve av. Her var frukthagar og mine forfedrar levde av ulike typar arbeid ved sidan av gardsdrifta. Men mest av alt er eg stolt av mi eiga tippoldemor. Ho opplevde at svigerdottera døde, og sonen sat att med seks barn. Då blei det hennar oppgåve å ta vare på

desse barna, ved sidan av sine eigne fem barn, og sjå til at dei blei vaksne og klarte seg. Ho blei heile 98 år gammal, og hennar styrke og mot er blitt mitt forbilde. Eg vil sjå til at huset får ei god framtid, og samstundes invitere inn. Eg gjer dette arbeidet med stor glede, seier huseigaren og turistvertinna på Skårhaug.

INGER TRÆEN

inger.treen@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2023 11
TEK VARE PÅ HAGEN:

GALLERI: Rita Borgundvåg har galleri på Leikanger, og har no laga linefiskaren i keramikk. FOTO. INGEBJØRG NILSEN

Linefiskaren vert trekt fram i lyset

Rita Borgundvåg er stadig på jakt etter nye ting å lage. Linefiskarar er det siste.

Ho har ope galleriet sitt på Leikanger gjennom heile sommaren. Det gjeld onsdagar, fredagar og aurdagar, og litt

innimellom.

– Det er berre å ringe, oppmuntrar ho. Galleriet hennar bognar over av alt frå veggbilete til smykke. Det siste nye er linefiskaren i keramikk.

– Eg har laga Staddamer, og så har eg hatt karar innom som har kommentert at dei har vorte gløymt. Vi kan sjølvsagt

trekkjer fram linefiskaren, som vi har mange av her, og det er det eg har gjort no, smiler Borgundvåg.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Opnar ny dagsturhytte

Den nye dagsturhytta i Lia på Stadlandet har kome på plass. Den vert offisielt opna fredag 7. juli – siste dag av Sommaraktive Stad.

– Folket har talt, den skal heite Havglimt, seier Lars-Helge Honningsvåg i Stadlandet IL. Hytta er bygd av Stad kommune og Stadlandet IL er tilretteleggar/drift.

Den vart heist på plass med helikopter i førstninga av juni. Sjølve utflyginga vart gjort av Tomas Haaland i Fjord helikopter.

Siste dagsturhytta

Dette er dagsturhytte nummer 60 som er produsert av Stad Kystbygg.

– Kjekt med eit slikt oppdrag i nærmiljøet, konstaterer dei.

Siste vekene før opning er nytta til å ferdigstille hytta.

– No vert det både dagsturhytte med terrasse og utedo. Sjølve opninga vert 7. juli under Sommaraktive Stad, fortel Honningsvåg.

Angra

Då det var spørsmål om kvar dagsturhytta skulle kome i gamle Selje kommune, vart det Risnakken i Selje som vart valt.

– Vi sov litt i timen den gongen, og det angra eg på. Så fann vi ut at vi kunne byggje ei dagsturhytte sjølve. Så viste det seg at Sparebankstiftinga ikkje ville gå inn med midlar om ikkje kommunen var med. Etter

KVIL: Dagsturhytta er på plass, og her er det mogleg å nyte niste og godsaker på toppen med god utsikt over Leikanger.

kvart vart kommunen kopla inn, og dei står no som eigar og overtok som byggherre. Seinare har vi fått midlar frå fleire stadar, også Oklafondet og tippemidlar, seier Honningsvåg.

Namneval Kva hytte skal heite har vore diskutert nøye.

– Det kom inn 30 forslag til namn, fem av dei vart valt ut. Folket har landa på Havglimt, som ligg i Lia på Stadlandet, fortel Honningsvåg.

Dette er den tredje dagsturhytta i Stad kommune. Dei to andre er på Riksnakken i Selje og på Naustdalskamben ved Nordfjordeid.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

VASSDAG PÅ LEIKANGER: Vassdrag er populært under Sommaraktive Stad. Her frå fjorårets arrangement. ARKIVFOTO. TORMOD FLATEBØ

• Sommaraktive Stad

Ei full veke

Sommaraktive Stad byr på ei veke full av aktivitetar på Stadlandet.

Årets aktivitetsveke går av stabelen 30. juni-8. juli.

– Her er det berre å sette av datoane og glede seg – for her vert det noko for ein kvar smak, lovar Tone Hoddevik Drage i Stadlandet IL.

Kjempesuksess Programmet er i skrivande stund ikkje heilt spikra, men ho lovar at det fyllast opp etter kvart.

– Det vert ala det same som tidlegare år. Det har vore ein kjempesuksess tidlegare, og vi treff så mange aldersgrupper. Dette er noko både dei små og store kan vere med på, for det vert litt av alt mogleg, seier Hoddevik Drage.

Det vert også i år vassdag –med surf og sup på Ferstad/ Hoddevik.

– Det vert tradisjonen tru jonsokfeiring i Hoddevik, og skyting på Dragseidet, fortel ho.

I Ervika drar ein på tur, medan ein i løpet av veka kan prøve seg både på tennis, volleyball

VOLLEYBALL: Aktivitetar på banene med volleyball, tennis og skating på Leikanger er også noko som høyrer med under Sommaraktive Stad. ARKIVFOTO: TORMOD FLATEBØ

eller fotball.

– Det blir det meste, lovar Hoddevik Drage.

• Det blir det meste.

Dei heile vert avslutta med dans på Stad hotell.

– Det blir ikkje ein vanleg Korsadag, som folk er vande med, seier ho.

– I år har vi søkt støtte frå Gjensidigestiftelsen. Desse pen-

gane gjer det mogleg å gi ungdom her ute sommarjobb, så dei kan hjelpe til med arrangementet og dei ulike aktivitetane. Dette er nytt i år, og gjer det mogleg for ungdom å tene seg nokre kroner for å hjelpe lit i forkant og under arrangement. Det er mykje god arbeidskraft i 15-17-åringar, påpeikar ho.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

12 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
NY: Ny dagsturhytte er på plass på Stadlandet. F.v. Håvard Prestvik, Stephen Taraldsen, Talina Holmboe Stenseng og Lars Helge Honningsvåg frå Stadlandet IL. FOTO: STAD KYSTBYGG FOTO: STAD KYSTBYGG

Vestlandsk sommarsymfoni 05.08

Flygelbonanzakonsert 31.08

Nordfjord strikkefestival 01.–03.09

Familielaurdag 09.09

Soga om Sol 04.–15.10

Soul Children Gathering 22.10

Morten Krogvold 26.10

Anita Skorgan 27.10

Torn & Rose i Eventyrland 28.10

Den store kinodagen 04.11

Lars Saabye Christensen og Helge Iberg 07.11

Magnus Jackson Krogh 09.11

Bjørn Eidsvåg 17.11

Snøsystera 01.–03.12

Julesong 8.12

Nordic Tenors 10.12

Eva Weel Skram 18.12

Velkomne til lyspunkt på rekke og rad

Arven etter Bill Evans 11.01

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga 14.01

Nøtteknekkaren 27.–28.01

Tollak til Ingeborg 06.02

Queen tributekonsert 16.02

Ingvard Wilhelmsen 13.03

Siril Malmedal Hauge & Kjetil Mulelid 10.04

operahuset.no

Billettar kan også kjøpast på biblioteket i Operahuset Nordfjord

FJORDABLADET SOMMAR 2023 13

Klatring er meistring og

For Sigrid Hjelle og mannen Anders Vonheim var klatremiljøet i Stad viktig då dei bestemte seg for å busetje seg her.

Sigrid Hjelle er 32 år, mor til to barn på to og fire år, og sambuar med Anders Vonheim. Familien bur på Hjelle i Stad kommune, der dei har bygt seg hus nær barndomsheimen hennar.

For litt over ti år sidan oppdaga ho klatresporten, under utdanninga til fysioterapeut i Trondheim. Ein sport som blei viktig, og som ho vil ta med seg også framover.

– Det blir sjølvsagt mindre klatring no når vi har to barn. Men ein tur til det nye klatrefeltet på Lotsberg i løpet av veka blir det som regel. Det er eit heilt supert klatrefelt, med mange moglegheiter og ei fantastisk utsikt, seier ho som klatrar for å halde seg i form, for meistringa og for allsidig bruk av kroppen.

– Klatring er vel den optimale sporten, der ein får brukt heile kroppen. Ein blir sterk og smidig og opplever meistring når ein klarer nye ruter, seier ho som deler denne interessa med mannen Anders Vonheim.

– Det var han som introduserte meg for denne sporten, då han hadde klatra i nokre år allereie.

I Trondheim starta vi med buldring, og så blei det meir klatring då vi flytta til Stryn i 2013. Då vi skulle etablere oss på ein plass var valet anten Stryn eller tidlegare Eid kommune. Etablering av Hamna treningssenter og ivrige folk i eit byrjande klatremiljø på Eid var absolutt medverkande då vi avgjorde at vi ville byggje hus på Hjelle, rundt fem kilometer aust for Nordfjordeid, seier Sigrid som slett ikkje er redd for å ramle ned når ho har klatra 30 meter opp ei loddrett fjellside.

– Nei, vi er godt sikra ved hjelp av tauet, der nokon står nede for å sikre deg. Om du skulle misse taket i fjellveggen, blir du hengande å dingle i tauet. Så er det å ta tak på nytt og halde fram med klatringa, seier ho som også gjerne vil rose det gode klatremiljøet som no har vakse fram i midtre Nordfjord.

veggen der. Eller dei kan klatre utandørs andre stadar der terrenget tillèt det. Etter kvart blir det nok slik at vi vil ta dei med også til klatrefeltet på Lotsberg, men vi må nok vente nokre år enno, seier Sigrid.

200 medlemmer i klubben

Nordfjord klatreklubb har i dag 200 medlemmer. Det er tidlegare Gloppen klatreklubb som har slått seg saman med klatrarar frå Stad kommune og danna Nordfjord klatreklubb.

I tidlegare Eid kommune er det klatrefelt på Haus og no også på Lotsberg. I tillegg disponerer dei eit større felt i Ålfoten, som blir brukt til buldring, eller klatring utan tau. Det finst også mindre klatrefelt på Skipenes og på ytre Røed.

Axel Nikodemussen er leiar for Nordfjord klatreklubb. Han flytta frå Finnmark til Nordfjordeid for to år sidan. Då hadde han drive med klatresporten allereie i 12 år. No er han å finne i eit klatrefelt opp til fleire gongar i veka. Når han ikkje er på jobben sin på Hamna treningssenter, der han er Rutesetter og instruktør i klatring.

– På fritida blir det vel i gjennomsnitt klatring tre gongar i veka for meg. Det varierer ganske mykje, for etter ei litt omfattande økt med klatring trengst det litt kvile i eit par dagar, slik at kroppen kan bli restituert. Etter ein dag med klatring merkar ein det mest i underarmar og i fingrane. Men etter kvart får ein også trena opp desse muskelgruppene meir, seier han som også flytta til Nordfjordeid for to år sidan. No er han ikkje minst glad for at klatreklubben held på å utvikle det nye klatrefeltet på Lotsberg.

– Her veks det fram eit heilt unikt og spektakulært klatrefelt. Når det blir ferdig får vi heile 150 klatreruter på Lotsberg, med ulik vanskegrad. Så langt er 50 ruter klare, og vi gjer dette arbeidet på dugnad i klubben, seier Axel som understrekar at utsikta frå klatrefeltet på Lotsberg er det mest unike med dette feltet.

Sigrid Hjelle tek gjerne ein tur 30 meter rett opp idet nye klatrefeltet på Lotsberg i Stad kommune. – Eg har tau og nokon som sikrar meg nede og ikkje redd for å ramle ned, seier ho som også klarer å nyte utsikta mot Nordfjorden på veg opp fjellsida litt aust for garden Lotsbergskåra. Med dette feltet tek Nordfjord klatreklubb endå eit steg fram i høve til å vere ein attraktiv klubb som allereie har 200 medlemmer frå Stad og Gloppen kommune. ALLE FOTO: PRIVAT

KLORER SEG

– Klatring for oss betyr også eit godt sosialt miljø. Vi blir ein gjeng som klatrar saman, og som deler ei spennande interesse, seier ho som også har hatt med

seg barna på klatring.

– Dei er nok for unge til å klatre utandørs på Lotsberg enno. Men vi er ganske ofte på Hamna, og der klatrar dei innandørs i klatre-

– Ikkje mange klatrefelt kan vise til ein slik spektakulær utsikt rett ned på ein fjord. Å få dette feltet som ein del av Nordfjord klatreklubb er med på å gjere klatresporten her i midtre Nordfjord endå meir attraktiv. Vi ser at fleire kjem flyttande hit som har interesse for klatresporten, så vi har absolutt eit veksande og spennande klatremiljø, opplyser Axel som seier at klatring er den sporten i Norge i størst vekst, og at klatring blei godkjent som OLgrein i 2022.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

14 SOMMAR 2023
FJORDABLADET
• Klatring er vel den optimale sporten, der ein får brukt heile kroppen
FAST:

KLATRAR SAMAN: Sigrid Hjelle, sambuar og stryning Anders Vonheim var opptatt av klatremiljø og moglegheit for klatring innandørs då dei skulle etablere seg med hus for eit par år sidan. Skulle dei velje Eid eller Stryn? Så fall valet på Stad kommune og bustadfelt på Hjelle/Mogrenda. Årsaka var at det den gong var Nordfjordeid og Hamna treningssenter som kunne tilby klatring innandørs. I dag er dei aktive i det nye klatrefeltet på Lotsberg, og har to barn som allereie har fått prøve klatresporten.

Framsyningar av det historiske utespelet

Amfiscena i Malakoff på Nordfjordeid

Fredag 23. juni kl. 18.00, laurdag 24. juni kl. 17.00 og sundag 25. juni kl. 14.00

Førehandssal av billettar på Sundehjørnet, Eidsgata 17, Nordfjordeid. Billettsal også ved inngangen. Vaksne kr. 395,born/ungdom 6-16 år kr. 150,- og born under 6 år gratis (bet. med kort, Vipps eller kontant)

Sjå elskhugogeksis.no og facebook.com/elskhugogeksis for meir informasjon

RUTER: I det nye klatrefeltet på Lotsberg skal det til slutt bli 150 klatreruter av ulik vanskegrad. Så langt er 50 ruter kome på plass, der arbeidet føregår ved hjelp av dugnad frå medlemmer i Nordfjord klatreklubb.

IKKJE HØGDESKREKK: I klatrefeltet på Lotsberg er det ikkje berre bratt å klatre opp. Det er heller ikkje mykje å gå på før terrenget er loddrett ned mot Nordfjorden.

DAME OG HERREBUNAD FRÅ NORDFJORD

Vi leverer 26 forskjellige bunader og drakter. Damebunad frå Nord ord er sydd på Nord ordeid. Lommer og forkle er veva på Byrkjelo. Vi bruker berre handvevne band.

VED NORDFJORDEN: Det nye klatrefeltet ligg eit par steinkast aust for vegen opp til garden i Lotsbergskåra. Nedste del av feltet ligg på rundt 250 bratte meter over Nordfjorden.

Vi kan levere komplett bunad Besøk heimesida vår for inspirasjon: www.herrebunad.no

Bunader frå oss er sydd etter mål med gode muligheter for regulering i ettertid. Måltaking i Bergen og Oslo etter avtale.

B e s ø k os s p å A LTI N o rd f jo rd Fø lg os s p å in s t a g ra m : Fris lid h e rre
MED STORT FOKUS PÅ PASSFORM, STOFF- OG SAUMKVALITET, ER VI BEST PÅ HERREBUNAD.
Her re ek vipering A s Tlf. 57 88 57 50 Bunadsaum FJORDABLADET SOMMAR 2023 15 og
glede
SVIMLANDE UTSIKT: Klatrar du nokre meter opp fjellsida er det ikkje noko å seie på utsikta bak ryggen din.
AKTIV SOMMAR! Vi hjelper deg med utstyr til ein AKTIV SOMMAR! STORT UTVALG golfutstyr! CHATLET SPORT 1 NORDFJORDEID ALTI Nordfjord Sjøgata 21, Nordfjordeid Tlf: 57 86 13 71 Følg oss i sosiale medier for fleire tilbod og nyheiter! facebook.com/chatleteid Instagram: chatleteid Tursko fra VASQUE til MEDLEMSPRIS! Alt du trenger til FISKETUREN! Kle til sommarens utflukter! til SKULESTART ! 16 SOMMAR 2023 FJORDABLADET

ALTI NOKO Å GLEDE SEG TIL

SJØKANTEN CAFÉ

Kos deg med god mat og drikke, medan du nyt utsikta over fjorden!

Hos Sjøkanten Cafè serverar dei mellom anna smørbrød, lunchrettar, burger og heimelaga middagar. Til dessert kan dei freiste med heimelaga kaker, sveler og eigen STOR isdisk med deilig kuleis og softis. Uteservering både med og utan vindskjerming.

Bestille på førehand? Ring 578 60 444.

CATS CAFE, RESTAURANT

OG PIZZERIA

Nyt fridagane utan å stresse med middag. Cats held til i 2. etg i Moengården. Ope til kl 22.00 kvar dag. Her kan du velge mellom norske og internasjonale middagsrettar, samt freistande heimelaga kaker. Rettighet til å servere øl og vin. Nyt fjordutsikta inne eller ute på verandaen i 2.etg. i Moengården.

Bestill og hente sjølv, ring: 453 99 360 eller 578 60 080.

Ellie & Timba

er ofte innom senteret og finn på sprell saman med borna

Meld deg inn i kundeklubben. Send kodeord NORDFJORD til 27500

Alti Nordfjord ligg idyllisk til i Nordfjordeid sentrum. Vi er eit moderne kjøpe-senter med eit breitt utval butikkar, inkludert Vinmonopolet, apotek, bank, daglegvare og serverings- stadar.

VELKOMEN TIL OSS

• B.YOUNG

• CHATLET SPORT1

• CUBUS

• DRESSMANN

• FRISLID

• MANI OG BAGORAMA

• SKOGSTAD

• WALK IN

• ZAVANNA

• ARK

• KITCH´N

• RINGO

• NILLE

• POWER

• PRINCESS

• PETS (MOENGÅRDEN)

• JYSK (EIDSGT. 33)

• SUNKOST

• VITUSAPOTEK

• SPAREBANKEN S.& FJ.

• FRISØRLOFTET

• BUNNPRIS

• EXTRA (POST I BUTIKK)

FINN VEGEN MED BIL:

Vi ligg ved fjorden i Nordfjordeid sentrum, Sjøgata 21, like ved E39 og Rv15.260 gratis parkeringsplassar og 4 ladepunkt for el-bil.

• EID ASIA (MOENGÅRDEN)

• CATS (MOENGÅRDEN)

• SJØKANTEN CAFÈ

• VINMONOPOLET

Følg oss på Facebook og Instagram OPE: 10-19 (17)
FJORDABLADET SOMMAR 2023 17
Søndagsope Bunnpris 11-21

Sommarlege laurdagar

– Det skjer alltid noko på Nordfjordeid på sommaren, seier Gro Gjerdevik, ny leiar i Eid Handel.

Det vert gågate på laurdagane også i år, og allereie 24. juni er det liv og røre i sentrum i samband med spelet Elskhug og eksis.

• Gatematfestival i Eidsgata

– På Alti Nordfjord er det same helga barnas superhelg, og der får ein fredagen besøk av Plutseleg Sirkus, og det vert anna underhaldning og kjekke ting, lovar Gjerdevik.

8. juli: Bagasjeromloppis.

15. juli: Eid Gatematfestival.

22. juli: Malakoff Rockfestival.

– Vi kjem også til å ha ein laurdag med Cars & coffee, fortel ho.

Inviterer til matfest

Etter tre år pause er det igjen klart for Eid Gatematfestival på Nordfjordeid til sommaren. 15. juli er det duka for stor matglede.

«Alle» minnast den populære gatematfestivalen. Då kokte det av liv og røre i Eidsgata.

– Etter tre år pause er det verkeleg på tide med ein ny “Eid Gatematfestival”, innrømmer Leon, og legg til: – Det vert fleire kokkar enn tidlegare.

• Det vert fleire kokkar enn tidlegare.

Aske og Minibakeriet vil igjen invitere kokkevennar, matentusiastar, lokale mat -og drikkeprodusentar og ikkje minst alle matglade.

Mykje folk

– Vi har alltid hatt matfest helga før Malakoff, fordi det er så mange som er heime då, i tillegg til at vêret pleier å vere bra på den tida. Håper det blir like mange besøkande i år som tidlegare år, seier Leon.

– Det blir same opplegg som tidlegare år, men sjølvsagt mykje nytt og nokon overraskingar, fortel Leon, som finpussar på programmet. I skrivande stund er det ikkje heilt avklart kor mange kokkar som vil stå i Eidsgata og lage mat, men det blir ikkje færre enn tidlegare.

Fyller Eidsgata

Gatematfestivalen har vorte arrangert tre gongar tidlegare, medan koronapandemien sette ein brå slutt på den.

• No skal vi igjen fylle Eidsgata med alt som har med mat å gjere.

– No skal vi igjen fylle Eidsgata med alt som har med mat

– Om det er nokon som vil ha stand, så er det berre å ta kontakt, så vil vi finne plass til dei. Elles vil butikkane trekke ut i gata, for vi reknar med at det vert vêrmessig finare enn i fjor, og at vi må vatne blomstrane våre litt oftare enn kva vi måtte i fjor, seier Gjerdevik.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

TUSENVIS: Tusenvis stod i matkø: Ein reknar med at mellom 3.000 og 4.000 møtte opp i Eidsgata til den tredje gatematfestivalen for tre år sidan. Til tider var det trengsel og vanskeleg å kome seg gjennom

å gjere. Det blir mange spennande rettar frå dyktige kokkar, og alle får beskjed om å lage små porsjonar så ein kan smake på mykje ulikt. Men det er vel slik at ingen av dei høyrer på oss, så ein kjem til å bli altfor mett, kommenterer Leon.

Tusenvis av gjestar Han lovar også musikk, god stemning og etter tidlegare år å dømme blir det også tusenvis av gjestar og sol.

– Vi gleder oss til å halde ein skikkeleg matfest igjen!, konstaterer Leon Knapskog.

Til tider var det så tett med folk på gatematfestivalen på Nord-

fjordeid at det var vanskeleg å passere kvarandre. Allereie før festivalen var opna hadde folk stilt seg i matkø, frå eit stort omland. Dei nesten bokstaveleg «åt seg gjennom» gata. Tidlegare har ein fått alt frå klippfiskbollar, brunostis til ostekaker, tørrfisk, kyllingspyd, kjekjøt, tapas og maiskolbar.

Alt laga som gatemat, og folk har meska seg og vore fornøgde. Då gatematfestivalen vart arrangert for tre år sidan rekna ein med at det var mellom 3.000-4.000 deltakarar som kom til festivalen.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

18 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
folkemengda. ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN OSTEKAKER: Sjølv om Galina Lebedeva Haugland hadde laga 100 ostekaker, var ikkje det nok. Ho blei utseld på gatematfestivalen for tre år sidan. ARKIVFOTO FLEIRE KOKKAR: Leon Knapskog lovar fleire kokkar under årets gatematfestival. Han ventar mykje folk og liv og røre. ARKIVFOTO. INGEBJØRG NILSEN BARNETORGET: Har du «lopper» å selje, så er det mogleg under laurdagane i Eidsgata. ARKIVFOTO

INNFLYTTINGSKLAR LEILEGHEIT

Flott utsikt, hage, carport og sportsbod

Få med møbelpakke til verdi av kr. 40 000,–

MØBELPAKKE

* Vi gjev deg gåvekort hos Sunde Møbler med verdi 40 000,– ved kjøp av leilegheit innen 01.09.23

Planløysninga består av ein romsleg og brei entre, bad, eige vaskerom/bod, to soverom og delvis skjerma stove kjøkken. Frå stova har du direkte tilkomst til overbygd uteplass både mot sør og vest og eit koseleg plenområde. BRA 75 m² | P-rom 69 m² | Soverom 2 | Pris: kr 3 490 000,– | FINN-kode: 296605832

Kvalitetar:

• Trygt og roleg område med etablerte gangvegar til sentrum

• Solrikt og god utsikt

• Flott kjøkken frå Espe trevare med integrerte kvitevarer kjøl/frys, induksjon og vaskemaskin

• Gode boder og seperat vaskerom/bod

• Led spottar i entré og bad

• Vedovn

Fordelar ved ny leilegheit i Hogaåsen:

• Prisgunstig sjølveigarleilegheit

• Låg straumrekning

• Ingen rehabilitering og oppussing – alt er nytt

• Tryggleik og garantiar for jobbene som er gjort i huset

• Parkering i carport med sportsbod

• Låg dokumentavgift, kun 2,5% av tomteverdien

Din Bustad hjelper deg inn i bustadmarknaden med «LEIGE FØR EIGE» konsept!

• Vi inngår vanleg leigekontrakt. Der får du en rett til å kjøpe ut leilegheita i løpet av 3 år.

• Du får verdiauken i perioden

• Du kan når som helst i kjøpe ut leilegheita til prisen som var gjeldande når du inngjekk leigeavtalen

Bustaden leigast ut for 3 år, det første året uten oppsigelse. Etter 1 års leigetid kan leigekontrakta etter pkt 5 seiast opp med 3 mnd oppsigelsesfrist. Dersom leigeforholdet innan utgangen av leigeforholdets avtale på 3 år ynskjes endra til kjøp av bustaden, har leigetakar eksklusiv rett til kjøp av leilegheita til gjeldande pris i leigeavtalen.

TA KONTAKT!

Vegard Meland

Øyane 11, 6770 Nordfjordeid

Tlf: 96 90 47 88 | dinbustad@boligpartner.no

Tlf: 96 90 47 88 vegard.meland@boligpartner.no

* NY LEILEGHEIT MED BRUKSAREAL PÅ 75 M² OG CARPORT MED SPORTSBOD
FJORDABLADET SOMMAR 2023 19

UTSIKT: Trivselsskogen på Sandane inneheld alt. Ikkje minst utsikt frå punktet på biletet. FOTO: MED LØYVE FRÅ

GLOPPEN KOMMUNE

Ein av Nordfjord sine flottaste turar

Eit av Norges flottaste nærturområde finn du i Trivselsskogen rett ved Sandane sentrum.

Turen til Trivselsskogen startar frå vandrevarden midt i sentrum. Her fylgjer du hjarta i gangvegen som tar deg heilt opp til skogen. Etter 10

minutt er du oppe. Her kan du velje fritt kva tur du ynskjer i eit nettverk som består av 6 kilometer flott tilrettelagt sti. Sherpatrapper, flatt, barkesti eller grus. Her finn alle sin sti. I tillegg er Trivselsskogen ei vandreoppleving med element langs stien. Her finn du TIN-Camp med gapahukar, amfi og bakaromnar. I kjærleiksskogen han du

• Loen Skylift

henge opp hjarter som ei helsing til nokon du er litt ekstra gla i. Vidare kjem du til Draumekvila, den fyrste dagsturhytta med eige bibliotek tilgjengeleg for alle og open 24/7. Vidare oppover lia kjem du til sherpatrappene, eit handverk utført av tradisjonsberarar frå Nepal. Etter 374 trappetrinn er du opp på utkikspunktet Utsikten.

Lett topptur

Loen Skylift er ei av dei brattaste banene i verda, og tek deg tusen meter nesten rett opp.

På toppen ligg restauranten på kanten av fjellet Hoven.

MISERY & COMPANY: Bluegrassbandet Misery & Company frå Nordfjord skal spele under Norsk Countrytreff på Breim.

Lovar eit sterkt program

Norsk Countrytreff på Breim lovar eit sterkt program når dei inviterer til årets countrytreff 12. juli.

Countrytreff har vorte fast tradisjon, og dette vert det 27. ri ekkja.

– Vi er igjen klare for å lage countrymagisk stemning på Norsk Countrytreff. Bli med å slå ut håret i lag med oss i tidsrommet 12. til 16. juli, inviterer arrangøren.

28 band

28 band er klare for countrytreffet på Breim. Hit kjem mellom anna Josh Turner, Dale Watson, Vassendgutane, Gunslingers, Byting, Ward Hay-

den & The Outiers, Nick Chandler & Delivered, Silver Lining, The Norther Belle, Embla and the Karidotters, Erlend Gunstveit, Steffen Jakobsen, Arthur Stulien og Country Cult.

I år går ein tilbake til røtene på Norsk Countrytreff. Opningskonserten er flytta til Breimshallen, og i år kjem G. Thomas, Steinar Albrigtsen & Monika Nordli, for å gjere showet sitt «True Country».

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Her kjem du også i nærkontakt med den mektige naturen. – og fleire vert overvelda over naturopplevinga over det den mektige Nordfjordnaturen har å by på – med god utsikt over fjordar og fjell.

Det kan utan tvil kallast Norges lettaste topptur.

• Vi skaper nye opplevingar

– Vi skaper nye opplevingar. Her har vi lokal eigarskap, som igjen gir lys i fleire vindauge i bygda. Loen Skylift gir lokale ringverknadar, seier initiativtakar og medeigar Richard Grov, administrerande direktør for Alexandra-konsernet.

Alle prognosar tyder på at 2023 endar på ny, solid besøksrekord.

I fjor var det 125.400 besøkande, som er solid årsrekord for Loen Skylift Det er også

10.000 fleire enn førre rekordår som var 2018.

– Alle prognosar tyder på at 2023 endar med ny, solid besøksrekord, seier Grov.

20 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
FOTO: DAGNY SUNDE. INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no TEK DEG TIL TOPPEN: Loen Skylift tek den til toppen av Hoven. FOTO: INGEBJØRG NILSEN FULLT: Det pleier å vere mykje folk under konsertane alle kveldane på countrytreffet på Breim. PRESSEFOTO: RUNAR SANDNES/NCT NYTT: – Vi skaper nye opplevingar, seier gründer Richard Grov. FOTO: INGEBJØRG NILSEN REKORD: I fjor var det 125.400 besøkande på Loen Skylift. Dei ventar endå fleire i år. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

Lyspunkt på rekke og rad

Operahuset Nordfjord inviterer til varierte opplevingar for både tilreisande og fastbuande publikummarar komande sesong.

Sommartid inneber skuleavslutningar, bryllaupsfeiringar, Opera Nordfjord- sommarskule og Malakoff-øvingar og -produksjon i storstova.

Vestlandsk sommarsymfoni inntek Nordfjordeid for imponerande 45. gong til sommaren. Laurdag 5. august held dei symfonikonsert i Operahuset Nordfjord. Wagner, Grieg og Brahms står på programmet, med Trond Husebø som dirigent.

Dobbelflygel

Fazioli-flygelet i operahuset er unikt. Torsdag 31. august får publikum oppleve både det og det vesle Petrof-flygelet samstundes på operascena. Då er det duka for Flygelbonanza med både åttehendig og firhendig flygelspel frå dyktige pianistar. Mange av dei er lærarar i Stad kulturskule, som vanlegvis akkompagnerer elevar. No skal dei vere solistar.

Strikk og inspirasjon

Nordfjord strikkefestival går av stabelen 1.–3. september, med mellom anna marknad og strikkekino i Operahuset Nordfjord. Laurdag før er det Innbyggjartreff i regi av Stad kommune, samt inspirasjonssamling for lag og organisasjonar.

Laurdag 9. september er spesielt barnefamiliar hjarteleg velkomne til storstova på Nordfjordeid. Det blir flott barnekonsert i operasalen med Mandarinsaft, kino, ope bibliotek og aktivitetar i foajeen.

Dronninga kjem

Når teppet går opp for urpremieren på Soga om Sol onsdag

4. oktober, sit H. M. Dronning Sonja i salen.

Opera Nordfjord feirar 25-årsjubileum med ein splitter ny, vaskeekte utvandrarmusikal, skrive av Øystein Wiik og Gisle

Kverndokk. Hovudrollene blir spelt av Ingrid Tykhelle Kayser frå Nordfjordeid og dei to barndomskameratane Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen frå Ørsta.

Barn og ungdom

Helga etter musikalen samlast konfirmantane i Nordfjord til festival laurdagen, og søndag blir det Soul Children Gathering i regi av Acta–Barn og unge i Normisjon.

Morten Krogvold

Fotografen Morten Krogvold er inspirerande, arbeidsam, energisk og raus, med djup kunnskap om kunst og fotografihistoria. Torsdag 26. oktober kjem han til Operahuset Nordfjord for å halde foredrag, samt gå gjennom utvalde, innsende fotografi frå publikum.

Anita Skorgan

Fredag 27. oktober får publikum oppleve Anita Skorgan i storstova for aller første gong. Ho inviterer til eit nært og personleg foredrag med eigne musikkinnslag, med tittelen «Bare en mamma». Anita Skorgan er mor til to flotte tvillingjenter med cerebral parese. Begge brukar rullestol og begge budde heime til dei var 18 år gamle. No som Anita har fått tilbake kreftene, kjenner ho eit behov for å dele desse sterke opplevingane. Konsertforedraget handlar om smerte, prøvelsar og uventa gleder

Familieteater

Alle modige eventyrarar frå seks til 100 år er velkomne til «Torn & Rose i Eventyrland»

laurdag 28. oktober. Familieframsyninga er ein samproduksjon mellom Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt. Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei unik teateroppleving.

Konsertperle

Beatles står på programmet tysdag 7. november. Pianist

Helge Iberg spelar sine tolkin-

gar av ikoniske Beatles-låtar, og forfattar og Beatles-kjennar Lars Saabye Christensen les dikt og poetiske tekstar som er skreddarsydde til konserten «Nowhere Men».

Foredragsshow «Jævelunge» er den forrykande tittelen på foredragsshowet som Magnus Jackson Krogh kjem til Operahuset Nordfjord med torsdag 9. november. Magnus har gitt ut 14 bøker om psykisk helse, mobbing, sjølvbilete, draumar og om å vekse opp som «jævelunge» med ADHD. Han inspirerer og rører både liten og stor med si historie, og er ein av dei største stemmene i sosiale media.

Snart utseld

Bjørn Eidsvåg-konserten 17. november og Eva Weel Skramkonsert dagen etter har allereie samla over halvfull operasal. Meir julestemning blir det når sogningane i Julesong kjem fredag 8. desember, og Nordic Te-

nors søndag 10. desember.

Magiske Snøsystera

Barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde med illustrasjonar av Lisa Aisato er bakgrunnen for familieoperaen «Snøsystera», som Magnus Johansson og Anna Berg hadde urpremiere på i Opera Malmö i fjor. 25-årsjubilanten Opera Nordfjord skal 1.–3. desember ha noregspremiere på den vakre, triste og hjartevarme familieoperaen, og håpar den rørande forteljinga samlar heile slekta, frå dei yngste til dei aller eldste publikummarane.

Kari omset til nynorsk

Her får du oppleve Julian og Hedvig spelt av den svenske tenoren Conny Thimander og sopranen Kine Sandtrø frå Trøndelag, Trond Gudevold som faren og Gubben, Mari Askvik frå Leikanger i Sogn som mora, og Violetta Peschanskaya frå Oslo som veslesystera Augusta og Snøsystera. Fami-

lieoperaen blir omsett til nynorsk av operasjef Kari Standal Pavelich.

Bratland og Nordstoga

Delar av 2024-programmet i Operahuset Nordfjord er også klart. 11. januar blir det flygelkonsert med Aage Lade, sjølvaste Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga kjem 14. januar og Ørsta og Volda ballettskule tek turen sør for fylkesgrensa med Nøtteknekkaren 27. og 28. januar.

Stor variasjon

Tollak til Ingeborg blir teater 6. februar, 16. februar kjem Killer Queen tributekonsert. Ingvard Wilhelmsen skal inspirere og informere 13. mars, og Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid held konsert 10. april. I tillegg blir det Barnefestival, vårkonsert, Sogn og Fjordanekappleik og mykje annan moro i Operahuset Nordfjord.

FJORDABLADET SOMMAR 2023 21
• Operahuset
Nordfjord
EIDSVÅG: Bjørn Eidsvåg kjem. Konserten er allereie snart utseld. PRESSEFOTO GÅR UNNA: Billettane til julekonserten til Eva Weel Skram går unna. PRESSEFOTO INSPIRERER: Magnus Jackson krogh kjem til Operahuset 9. november. PRESSEFOTO PUTESLOTT: Mandarinsaft Puteslott for barnefamiliar.

GALLERI: Gamlebanken er både galleri og turistinformasjon, her med turistvert Arve Espe. ARKIVFOTO. INGEBJØRG NILSEN

Huset fullt av kunst

I Gamlebanken i Eidsgata er det fullt av kunst i alle former. Her står turistvert og gallerist Arve Espe klar til å hjelpe deg.

Her ligg også turistinformasjonen, og den opnar torsdag 15.

juni, og har ope til 15. august.

Turistane som kjem innom spør om det meste: også kvar ein kan gå for å kome seg opp i høgda. Då viser Espe dei til Utsikten, Trollenykjen, Skårhaugsætra eller Ossætra.

For cruiseturistane vil ha gode opplevingar og sjå på fine ting.

I Gamlebanken er det i år kollektiv sommarutstilling med kunstnarane. Robert Steinnes, Sonja Reite, Ien Klaver og Helga Hjelmeland.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Turistane strøymer til kyrkja

Det blir sommaropne kyrkjer også i år. Turistane strøymer til kyrkjene, og let seg imponere.

Eid kyrkje og Selje kyrkje er dei kyrkjene som vert sommaropne. Kyrkjene i Ervik og Leikanger vert opne etter førespurnad frå grupper.

– Vi har mykje besøk, spesielt i Eid kyrkje med alle cruiseturistane. Vi stengjer berre ned når det er seremoniar som gravferd og vigsel, men det er litt utfordringar. Vi har opplevd at nokre cruiseturistar likevel kjem inn og kikar, og det er litt vanskeleg, fortel kyrkjeverje Synnøve Smørdal Wiik.

• Vi har opplevd at nokre cruiseturistar likevel kjem inn og kikar.

Det er mellom 500-1.000 cruiseturistar som kjem innom Eid kyrkje per cruisebesøk på Nordfjordeid.

Og med nær 80 skip innom bygda utgjer det mange turistar som er innom kyrkjene.

– Vi tel ikkje, men vi har ein jamn trafikk når cruisebåtane

er her. Turistane står gjerne i kø for å kome inn, fortel Smørdal Wiik.

Ho skulle ønskje at kyrkja sjølv kunne ha guiding i kyrkjene.

– Andre operatørar kjem med guida grupper i kyrkja. Vi jobbar med å finne løysingar.

– Det er utfordrande med såpass pågang, og skulle ønske vi fekk det i meir ordna former, seier kyrkjeverja.

• Det er utfordrande med såpass pågang, og vi skulle ønskje vi fekk det i meir ordna former.

– Men vi er fornøgd med at vi får halde opne kyrkjene. Det er veldig kjekt, og vi får mykje po-

sitive tilbakemeldingar om det. Nokre turistar er opptekne av kunsten i kyrkja, andre vil berre sitte og oppleve roa i kyrkja, fortel ho.

Stad kyrkjelege fellesråd har fått trykt opp brosjyrar på tysk, fransk, engelsk og norsk.

– Allereie er det vekk 1.000 brosjyrar denne sesongen, så det går unna, seier ho.

– Nokre turistar legg også igjen litt pengar, men det blir ikkje store summar. Vi tek ikkje inngangspengar, så å legge igjen pengar er fritt val, seier Smørdal Wiik.

– Skulle turistane betalt for å få inn krev det at vi har tilsette der, fortel ho.

Rikt dekorert Sidan mellomalderen har det vore kyrkje på Nordfjordeid.

Eid kyrkje slik den står i dag vart sett opp i 1849. Den har

plass til 750, og er den største kyrkja i Nordfjord.

Den er kjent for sin rike dekor i «drakestil». dette vart gjort av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik, og for få år sidan vart dei flotte takmåleria restaurerte.

Selje kyrkje er ei langkyrkje i tre som har Seljesanden som næraste nabo. Kyrkja har 500 sitjeplassar, og er frå 1866.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

22 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
Sommaropne kyrkjer
STRØYMER TIL: Turistane strøymer til Eid kyrkje, og let seg imponere av «krusedullane» i dekoren. ARKIVFOTO: VICTORIA HUMBORSTAD SELJE: Selje kyrkje vert sommaropen. Kyrkja er frå 1866. FOTO: INGEBJØRG NILSEN DEKOR: Turistane let seg imponere over dekoren i Eid kyrkje. FOTO. INGEBJØRG NILSEN

2023

Lær song, dans og teater! Bli med 24.–29. juli

Likar du å synge, danse og spele teater? Bli med på sommarskulen vår!

Kurset i dans er for dei som er ekstra interesserte og glade i å danse. Her blir det fokusert mest på dans og danseteknikk.

Kurset i musikkteater vil fokusere både på song, dans og teater. Anten du er glad i alle desse aktivitetane, eller likar best ein av dei, kjem du til å ha det veldig kjekt med alle dei flinke instruktørane

Innimellom song, dans og teater vert det sjølvsagt tid til leik og moro på begge kursa. Tilbodet er gratis og ope for alle som er fødde frå 2007 – 2013.

Årets instruktørar er: Sunniva Honningsvåg, Martha Standal Pavelich, Runa Bergem, Håkon Bøen, Asbjørn Hagen, Eline Jacobsen Lillestøl, Ingrid Tykhelle Kayser og Thea Bjørhovde Mavroupoulou.

Snøsystera

Ein familieopera av Magnus Johansson og Anna Berg, basert på den kjende barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde med illustrasjonar av Lisa Aisato

Regissør: Linda Mallik

I hovudrollene: Conny Thimander, Kine Sandtrø, Trond Gudevold, Mari Askvik og Violetta Peschanskaya

Noregspremiere: Fredag 1. desember

Velkomen til familieopera!

Ein utvandrarmusikal med libretto av Øystein Wiik og musikk av Gisle Kverndokk

Øvrige framsyningar: 2. og 3. desember

Stad: Operahuset Nordfjord

Snøsystera er produsert av Operaverkstan/Malmö Opera, urpremiere 3. desember 2022.

Urpremiere på utvandrarmusikalen

Soga om Sol

Når operaen i 2023 skal feire eit kvart århundre med distriktsopera i Nordfjord, er det med eit tingingsverk frå musikal-duoen Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, for mange kjende frå Jorden rundt på 80 dager i 2021.

Soga om Sol er ein vaskeekte utvandrarmusikal, der det meste er oppdikta og noko er inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.

Regi og musikalsk leiing: Michael Pavelich

Libretto: Øystein Wiik

Musikk: Gisle Kverndokk

Scenografi/rekvisittar: Anndi Bergset

Kostymedesign: Heidi Kverndokk

Lysdesign: Ovar Holmen

Koreografi: Gard Bjørnson

Maske: Hege Ramstad

I hovudrollene:

Eirik Risholm Velle, Ingrid Tykhelle Kayser og Kim Helge Strømmen

Urpremiere: Onsdag 4. oktober

Øvrige framsyningar: 6., 7., 8., 11., 13., 14. og 15. oktober

Stad: Operahuset Nordfjord

Påmelding og billettar: operanordfjord.no

desember
4. oktober
Norgespremiere 1.
Urpremiere
2023
FJORDABLADET SOMMAR 2023 23

Sommaraktive Stad 2023

30. JUNI - 8. JULI

Fredag 30. juni

Lørdag 1. juli

Søndag 2. juli

Mandag 3. juli

Tirsdag 4. juli

• Fotballdag. Barn, voksen og ”show” klasse.

• Pizzabuffet på Stad Hotell.

• Volleyballturnering barn og voksne.

• Vanndag på hamna. Fiskekonkurranse, Rib båt, vannscooter, eliasbåt, kajakk, palleløp, tube.

• Tennis. Aktiviteter og miniturnering på tennisbana.

• Turn på Ytre Stad Bygdehus for barn 6år til 10.klasse

• Aktiviteter i verkstaden til Natur til inspirasjon.

• Barnas turlag. Grilling og frisbee på Draumeplassen.

Følg med på facebooksida : Sommaraktive Stad for påmeldingsinfo, klokkeslett og anna informasjon for dei ulike aktivitetane.

Onsdag 5. juli

Torsdag 6. juli

Fredag 7. juli

Lørdag 8. juli

• Skyting på Dragseidet.

• Aktiviteter med Stad sjøredningsklubb i Hoddevik.

• Surfing

• Åpning dagsturhytta.

• Dans på Stad Hotell

Ervik surfshop har gratis utlån av SUPbrett i Honningsvåg heile veka

Nb vërforbehold på enkelte av aktivitetane denne veka

Meir program kan komme, følg med på Facebook for tidspunkt og oppdateringar

Ved eventuelle spørsmål ta kontakt på Messenger eller telefon.

Tone tlf: 991 55 024 eller

Merete tlf: 958 44 727

24 SOMMAR 2023 FJORDABLADET

Vi leverer komplette

DAIKIN

KONTAKT OSS I DAG! • Tlf 958 77 070 / www.vestenergiteknikk.no • Innebygd varmtvannsbereder 230 liter og styringspanel • Innebygd magnetittfilter • Støtte for smarthus styring • Kretskort og hydrauliske komponenter er plassert i front for rask og enkel tilgang
har eit bredt utvalg av varmepumper, og andre energiffektive løysningar.
kontakt for ei uforpliktande befaring VI LEVERER TENESTER INNAN KJØLETEKNIKK • VARMEPUMPER SOLCELLER • SOLAVSKJERMING ELEKTRO OG VENTILASJON TIL PRIVATE OG NÆRING
Vi
Ta
SOLSELLEINSTALLASJONER
bolig, landbruk og industri.
oss for befaring og eit godt tilbud
oss for befaring og eit godt tilbud
I ALLE STØRRELSER Til
Kontakt
Kontakt
VARMEPUMPER
ALTHERMA
R GULVMODELL
4-6-8 kW Gulvmontert luft/vann varmepumpe for oppvarming og varmtvann.
Krever kun 595x625 mm fotavtrykk
Backup heater på 6 kW eller 9 kW* (400V)
3
Standard
Fritthengande coil
Innbygd WLAN-adapter
Spesielt utvikla for det nordiske klimaet, fabrikktesta ned til -25°C ute ALT INNEN MARKISER OG SOLSKJERMING til inne og ute. A lt innen sols kj erming En forhandler av: 15TERRASSEMARKISE000,Veil. pris.: 22.757,FJORDABLADET SOMMAR 2023 25

NYE PEUGEOT 408

Vest Auto AS Rådhusveien 43, 6770 Nordfjordeid, 57889800, www.vestauto.no
PLUG-IN HYBRID Opptil 63 km elektrisk rekkevidde Fastbackprofil og høy bakkeklaring Peugeot i-Cockpit®-førermiljø *Priseksempel på leasing fra Bertel O. Steen Finans levert av Santander Consumer Bank: Startleie/etabl. geb. XX.XXX,- og p.t. X,XX % flytende kampanjerente/nom.rente. Mnds.leie X.XXX,- og tot.pris: XXX.XXX,- vil variere m/rentenivået. 36 mnd. bindingstid, kjørelengde XX.XXX km. Pris er inkl. frakt og lev.omkost. levert XXXXXXX.Forbruk blandet kjøring fra 1,2-1,3 l/100 km, CO2-utslipp fra 2628 g/km, energiforbruk 19,4 kWt/100 km. NOx utslipp 3,8 mg/km.. Bilder er illustrasjons- foto, utstyr kan avvike. Forbehold om trykkfeil. Importør Bertel O. Steen. 508.800,TOTALPRIS FRÅ * PROPANAUTOMAT OPEN 24/7 VI HAR FØLGENDE FLASKER I AUTOMATEN: • 5 & 10 kg Kompositt • 5 & 11kg Stål, • 10kg Kompositt Industri • 11kg Stål industri. - tilhenger av norsk kvalitet NORGES STØRSTE TILHENGERPRODUSENT ditt lokale verksted GJØR BILEN TRYGG OG FERIEKLAR NÅ! VI HJELPER DEG MED: • EU kontroll • Service • Reparasjoner på alle bilmerker Nye Kia Niro Plug-in Hybrid Nye Kia Niro Plug-in Hybrid er en sprek familiebil med gode kjøreegenskaper og lekker t design. Den har mye utstyr, inntil 65 km el rekkevidde, 1300 kg henger vek t og 7 års garanti Vest Auto AS, Rådhusveien 43, 6770 Nordfjorde d 57889800, anders jarle heggen@bos no, ww w vestauto no Priser inkl frak t og ev omkostninger lever t Skien Lokal frak t tilkommer CO2-utslipp fra 19 g/km, forbruk fra 0 08 l/m l v/bl k øring Leveringst d kan var ere, avheng g av mode l Forbehold om tr ykk feil og av vik fra avb det mode l Niro Plug-in Hybrid fra: 436 800,-* 26 SOMMAR 2023 FJORDABLADET

TILBYR BÅTSKYSS: Saron Osmundsvåg er medeigar i Fjordguiding Selje som eig to båtar som går ut til Selje kloster. I skuleferien går den største båten to gonger for dag. Det er også mogleg å bestille ein båttur for grupper til dømes. I tillegg har dei ein ribbåt som kan leigast for turar ut frå Selje eller ut frå Nordfjordeid. Kona til Saron, Nina Raad Osmunsvåg, stiller på som medhjelpar når det høver.

FOTO: INGER TRÆEN

Tek folk ut på sjøen i båt

Med klosterbåten kan ein oppleve guida turar til Selje kloster. I sommar vil den gå to gonger for dag. Eller du kan velje ein tur på fjorden i ribbåt.

Vil du oppleve klosterøya Selja med Selje kloster er klosterbåten rette framkomstmiddel.

I skulen sin sommarferie vil den gå frå Selje sentrum to gonger for dag, der ein får guida informasjon ved klosterruinane før ein tek turen tilbake til Selje.

Det er firmaet Fjordguiding

Selje ved Saron Osmundsvåg og Ketil Hantveit som står bak klosterbåten. Dei driftar også ein mindre båt som vanlegvis går i skulerute til Bø på Selja, der også den kan brukast om sommaren.

Mange norske

Saron Osmundsvåg starta opp med å drifte klosterbåten i 2019. Etter det kom det to år med korona, men likevel bra med folk som brukte båten.

Under to år med pandemi var det dei norske turistane som heldt liv i båten, opplyser Saron Osmundsvåg.

– Vi har hatt ein bra oppstart sidan vi etablerte oss 2019, til trass for korona og fråvær av utanlandske turistar. I 2020 hadde vi 3600 passasjerar på båten, noko som var ein oppsving frå 2019. Og i 2021 var det 4300 passasjerar som tok båten, medan talet var 3100 i 2022. No i år håpar vi på fleire utanlandske turistar og at dei norske held fram med å bruke båten, seier Osmundsvåg.

Og skal du nytte deg av båten til klosterøya er det lurt å tinge billett på førehand. I alle fall i toppsesongen som er i skuleferien.

Helgane i skuldersesong

I mai og etter sommarferien fram til siste september går båten fast ut til Selja i helgane, med ein tur for dagen. Også då med guida turar. Men for større grupper er det også mogleg å bestille båten utanom oppsette tider. Då kan ein også bestille turar med den mindre båten som også er i selskapet, og som

RIBBÅT: Fjordguiding Selje har også ein ribbåt som kan leigast ut frå Selje eller ut frå Nordfjordeid.

FOTO: PRIVAT

blir nytta til skulebåt om vinteren.

– Vi er fem, seks stykke som køyrer desse turane. Dette er folk som har turnusarbeid på sjøen, og som køyrer klosterbå-

ten når dei er heime, opplyser Osmundsvåg som sjølv har bakgrunn frå jobb på ein større båt.

Fjordguiding Selje har også ein ribbåt, der ein kan bestille

turar på sjøen. Det gjeld både ut frå Nordfjordeid og frå Selje sentrum.

INGER TRÆEN

inger.treen@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2023 27
• Ta turen til Selje kloster eller med ribbåt på fjorden

Dette er cruiseskipa

28 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
Dato Skip Klokke Kjem frå/går til Lengde Maks. Pass Seawalk/tender 13.06 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 14.06 MSC Fantasia 08:00-18:00 Bergen/Olden 333,3 5733 Seawalk 19.06 Mein Schiff 1 07:00-19:00 Ålesund/Bremerhaven 315,70 3132 Seawalk 20.06 AIDAprima 09:30-19:00 Haugesund/Flåm 299,9 4350 Seawalk 22.06 Mein Schiff 3 08:00-20:00 Bergen/Geiranger 293,3 2750 Seawalk 26.06 Britannia 08:00-18:00 Stavanger/Flåm 330 4372 Seawalk 27.06 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 28.06 MSC Fantasia 08:00-18:00 Bergen/Olden 333,33 5733 Seawalk 28.06 Ocean Majesty 12:00-21:30 Leknes/Bergen 135 535 Tender 30.06 Mein Schiff 1 07:00-19:00 Ålesund/Bremerhaven 315,70 3132 Seawalk 04.07 AIDAprima 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 299,9 4350 Seawalk 04.07 Silver Dawn 08:00-18:00 Hellesylt/Bergen 212,8 596 Tender 06.07 Silver Dawn 08:00-18:00 Bergen/Geiranger 212,8 596 Tender 08.07 Marina 07:00-16:00 Trondheim/Kirkwall 239,30 1250 Seawalk 11.07 AIDAnova 08:00-20:00 Haugesund/Ålesund 337 6654 Seawalk 12.07 MSC Fantasia 08:00-18:00 Bergen/Olden 333,33 5733 Seawalk 14.07 Corinthian 08:00-19:00 Bergen/Brekstad 88 100 Tender 17.07 Artania 07:00-16:00 Åndalsnes/Sandane 230 1260 Seawalk 18.07 AIDAprima 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 299,9 4350 Seawalk 19.07 Vasco da Gama 08:00-18:00 Bergen/Kristiansund 219,40 1520 Seawalk 20.07 Rotterdam 07:00-14:00 Geiranger/Amsterdam 299,79 2668 Seawalk 23.07 Seven Seas Splendor 09:00-18:00 Geiranger/Göteborg 224 750 Seawalk 24.07 Corinthian 09:00-19:00 Bergen/Brekstad 88 100 Tender 25.07 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 26.07 Mein Schiff 4 07:00-19:00 Bergen/Longyearbyen 293,30 2790 Seawalk 28.07 Silver Dawn 08:00-18:00 Hellesylt/Bergen 212,8 596 Tender 29.07 Marina 07:00-17:00 Bergen/Geiranger 239,30 1250 Seawalk 30.07 Silver Dawn 08:00-18:00 Bergen/Geiranger 212,8 596 Tender 01.08 AIDAprima 09:30-19:00 Haugesund/Flåm 299,9 4350 Seawalk 03.08 The World 09:00 Ålesund 196,3 976 Tender 03.08 SH Diana 13:00-18:00 Frøya/Bergen 125 192 Tender 04.08 The World 23:00 196,3 976 Tender 08.08 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 09.08 MSC Fantasia 08:00-18:00 Bergen/Olden 333,33 5733 Seawalk 11.08 Le Dumont-d’Urville 14:00-19:00 Lysefjord/Olden 131,40 184 Tender 13.08 Seven Seas Navigator 08:00-18:00 Stavanger/Trondheim 172,53 490 Tender 14.08 Mein Schiff 6 07:00-19:00 Bergen/Honningsvåg 295,70 2794 Seawalk 15.08 AIDAprima 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 299,9 4350 Seawalk 19.08 Aurora 08:00-18:00 Skjolden/Kristiansund 271 2050 Seawalk 22.08 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 23.08 Disney Dream 07:45-16:15 Skjolden/Sandnes 339,8 4000 Seawalk 23.08 Corinthian 08:00-19:00 Bergen/Brekstad 88 100 Tender 24.08 Spirit of Adventure 10:00-17:00 Rosendal/Flåm 236,6 999 Seawalk 29.08 AIDAprima 10:00-20:00 Flåm/Geiranger 299,9 4350 Seawalk 02.09 Corinthian 09:00-19:00 Bergen/Brekstad 88 100 Tender 05.09 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 06.09 Scenic Eclipse 08:00- 14:00 Geiranger/Flåm 168 237 Tender 13.09 MSC Euribia 07:00-18:00 Måløy/Flåm 331,43 6327 Seawalk 18.09 Britannia 08:00-18:00 Stavanger/Flåm 330 4372 Seawalk 19.09 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 20.09 Spirit of Adventure 10:00-17:00 Rosendal/Flåm 236,6 999 Seawalk 03.10 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 17.10 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337 6654 Seawalk 18.10 Mein Schiff 3 08:00-18:00 Ålesund/Bergen 293,3 2750 Seawalk 22.10 AIDAsol 10:00-20:00 Bergen/Ålesund 252 2686 Seawalk 25.10 Mein Schiff 3 08:00-18:00 Ålesund/Flåm 293,3 2750 Seawalk

som kjem

Høyr på erfarne kjentfolk

Eiendomsmegler Vest sitt kontor på Nordfjordeid handterer sal av eigedomar i heile Nordfjordregionen. Vi held til i Sparebanken Vest sine lokaler i Bankgata 1, og har eit godt samarbeid med flinke kunderådgjevarar både på Eid samt i Stryn og Måløy. Kom gjerne innom for ein hyggjeleg bustadprat.

Regine Nesheim Tlf.: 909 13 162 regine.nesheim@emvest.no

Amalie Heggen Tlf.: 948 41 591 amalie.heaggen@emvest.no

Vi gir dykk tryggleik i ei vanskeleg tid

100. passasjerar. Dette kjem fire gongar fram til slutten av oktober.

Malakoff

Fredag og laurdag 21. og 22. juli er det ikkje cruiseskip på Nordfjordeid. Torsdag 20. juli, same dag som Malakoff startar, skal Rotterdam med ein makskapasitet på 2668 passasjerar vere på plass på dagtid. Skipet reiser vidare før konsertane startar.

Dei tilsette hos oss har skulering gjennom Virke Gravferd og til saman over 65 års erfaring.

Vi er her når de treng oss som mest, og hjelper dykk med å lage ei personleg, fin og verdig gravferd. Slik de ønskjer.

De kan kontakte oss heile døgnet.

Vi har teieplikt og kan møtast til samtale på eitt av våre kontor eller heime hos dykk.

Iår starta årets cruisesesong på Nordfjordeid 21. februar, og sidan dette har det vore rett i underkant av 20 cruiseskip på besøk. Frå 13. juni til 25. oktober kjem det 55 cruiseskip til Nordfjordeid.

AIDAnova er det største cruiseskipet som kjem på besøk med ein makskapasitet på 6654 passasjerar. Mellom 13. juni og 25. oktober kjem AIDAnova 10 gongar til Nordfjordeid. Corinthian er det minste med ein makskapasitet på

Blir i over eit døgn Nytt denne sesongen er at The World kjem på morgonen 3. august og reiser ikkje frå Nordfjordeid før på kvelden 4. august.

Avsluttar sesongen

Mein Schiff 3 som starta årets cruisesesong på Nordfjordeid 21. februar avsluttar også sesongen onsdag 25. oktober. Dette cruiseskipet har ein makskapasitet på 2750 passasjerar.

OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

Tlf. 905 50 905

www.hjelmeland.as

Til hjelp i sorga sidan 1978

FJORDABLADET SOMMAR 2023 29 cruiseskipa
I år skal det etter planen kome 78 cruiseskip til Nordfjordeid. Cruisesesongen er godt i gong, og allereie har det vore nesten 20.

UTSIKTSPUNKT: Frå dagsturhytta på Risnakken har ein god utsikt over Selje.

REVJEHORNET: Revjehornet er eit fint turmål. FOTO: PRIVAT

STADLANDET: Ut på tur i området Selje/Stadlandet har vorte populært, som her frå Mosekleivhornet 540 moh. - med utsikt ned i Hoddevik. FOTO: PRIVAT

30 SOMMAR 2023
FJORDABLADET
HAMNA: Hamna Aktivitet og Helse er eit treningssenter med buldrehall og eigen klatreavdeling for barn. ARKIVFOTO GOLF: Både på Stokkenes Golfpark og i Selje finn du nihols golfbaner. FOTO: INGEBJØRG NILSEN FOTO. PRIVAT

Aktiv sommar

– Elles håper vi på sol og sommar og meir bading, ettersom sommaren var så regnfylt som den var i fjor, smiler Aaland.

INordfjord er det mange tilbod for å ha ein aktiv sommar.

– Fleire yngre har begynt med golf siste åra, konstaterer Stian Aaland, som jobbar ved Chatlet Sport 1 Nordfjordeid. På sportsbutikken ser dei klart kva som er mest populært og har størst interesse av sports- og friluftsutstyr.

Åra pandemien herja gjorde at fleire fann turen ut i fjell og mark.

– Det er mange som har fått utforska fjellheimen, og det har eg sjølv gjort. Etter at Opptur-boka for Stad kom i fjor har fleire fått auga opp for fjella på Stadlandet og i Selje. Det er veldig mange fine turar dit. Elles er det flotte turmål i alle bygder i heile Stad. Det er litt av ein luksus, seier Aaland.

• Det er flotte turmål i alle bygder i heile Stad. Det er litt av ein luksus.

Padeltennis

For to år sidan kom to splitter nye padeltennisbaner ved Eid vidaregåande skule – og var dei første i Vestland. Etter det har interessa skote fart.

Dette er ein idrett som veks og som har ein eksplosiv auke i heile landet.

• Vi håper på sol og sommar og meir bading, ettersom sommaren var så regnfylt som den var i fjor.

Mykje å velje i

Det er mykje å velje i om du vil ha ein aktiv sommar – enten du vil prøve deg med klatring eller spele golf – slike type ting der du sjølv kan bestemme tidspunkt og når du vil vere aktiv.

I Stad kommune er det to nihols golfbaner – både Stokkenes golfpark på Nordfjordeid og i Selje.

Idyllisk golfbane ved lakseelv Nordfjord Golfklubb på Stokkenes tar imot turistar og leiger ut utstyr.

Med laksefiskarar i Eidselva som nærmaste nabo ligg Stokkenes Golfpark idyllisk til på Nordfjordeid. Bana er relativt kort på tre kilometer, men er likevel utfordrande og har naturlege terrassar for kvart hol.

Alle som vil kan kome og slå ballar på driving rangen, då kjøper ein berre ei bøtte med ballar. Utstyr elles kan ein låne. Om du derimot skal på bana og spele golf, så må du ha kurs.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Fleire brukar ferien til å ha ein aktiv sommar. Sommarlivet er ikkje berre å ligge på ei solseng med ei god bok.
PADELBANE: Ved Eid vgs. ligg to utandørs padelbaner, og interessa har skote i vêret. FOTO. PRIVAT
FJORDABLADET SOMMAR 2023 31
RIDING: Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid tilbyr riding på fjordhest gjennom sommaren. FOTO: NORSK FJORDHESTSENTER

Bubilparkering med utsikt

I Stad kommune er det bubilplass i Kaivegen – med utsikt over småbåthamna på Nordfjordeid.

Mange nyttar seg av bubilar for å reise rundt i regionen vår her i vest. Bubilplassen i Kaivegen har småbåthamna som nærmaste

nabo, og her er det 13 plassar. Herifrå har ein gangavstand til alle aktivitetar i Nordfjordeid sentrum. For tømming av toalett og spillvatn kan ein nytte Cirkle K på Nordfjordeid, og i Selje sentrum og på Leikanger/Stadlandet er det også plass til dette.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

UTSIKT: Frå bubilparkeringa på Nordfjordeid er det utsikt over småbåthamna.

Ladepunkt for elbilar

I Stad kommune er det fleire ladepunkt for elbilar.

På Nordfjordeid finn du dei her: Alti Nordfjord, Almenning 1, ved Nordfjord Hotell, Europris i Uldegrova, Hogatunet omsorgssenter, Nordfjordeid skule, Eid ungdomsskule, Eid idrettshus, Stad rådhus og ved Nordfjord sjukehus.

I tillegg er det ladepunkt på Leikanger på Stadlandet, og ved gamle kommunehuset i Selje.

BUA SELJE: Både i Selje og på Nordfjordeid kan du låne utstyr med BUA gjennom heile sommaren, her ved Maria Helgesen ved BUA Selje. BEGGE FOTO: INGEBJØRG NILSEN

Aktiv med gratis utstyr

Gjennom BUA Eid og BUA

Selje får du låne det meste innan sportsutstyr så du kna ha ein aktiv sommar. Det beste av alt – det er gratis.

I Stad kommune finn du to BUA ein kan låne gratis utstyr til sport, leik og friluftsliv. Dette er både for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkande i Stad kommune.

BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet.

På BUA er det utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! Den eine BUA er stasjonert ved LA-senteret på Nordfjordeid, medan den andre har Seljesanden som næraste nabo.

Og fordi BUA Selje er så nærme badeliv og vatn, er det naturleg at her er det stor interesse for utstyr til vassaktivitetar – enten det er SUP-brett eller kajakk.

Men i Selje er det også mykje utstyr i lokalet ved innbyggjartorget, mellom anna til friluftsliv og syklar i alle variantar.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

MOTBAKKELØP: Trollenykjen Opp gir ei fantastisk utsikt over Nordfjordeid.

• Trollenykjen Opp

Klart for nytt løp

For 12. gong vert motbakkeløpet Trollenykjen Opp arrangert.

Det vert Trollenykjen Opp søndag 2. juli.

– I fjor prøvde vi å legge til rette for at fleire barn og familiar kunne vere med. Barneløypa var ein suksess, og vi ønskjer å fortsette med det i år. Alle som deltar i barneløype får medalje, fortel Kenneth Vedvik frå arrangør Eid IL Ski.

• Barneløypa var ein suksess i fjor, og vi ønskjer å fortsette med det i år.

Nytt i år Nytt av året er aktivitetar for barn på Eid stadion midt på dagen.

vore svært populært er utlån av syklar.

– Her kan dei få prøve eit variert utval aktivitetar som hesteskokasting, riding, sumobryting, sekkehopp og springe kupert løype på idealtid, opplyser Vedvik.

Lokal favoritt

I konkurranseklassa er Trym

Lødøen, Haugen IL, blant dei største favorittane.

– Han vann herreklassa i 2022.

I kvinneklassa var det Irene Svidal som vann i fjor. Ho vil nok vere heilt i toppen også i år., meiner Vedvik.

Rekord for herrar har Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg IL. Han kom seg opp på toppen på 33.37 i 2019.

• Det er heilt utruleg fort.

– Det er heilt utruleg fort, meiner Vedvik, som let seg imponere.

Karoline Holsen Kyte sin rekord i dameklassa kom i 2017 med tida 38.44.

– Begge rekordane er svært vanskelege å slå. Både Ludvigsen og Kyte er blant dei beste motbakkeløparane i Noreg, fortel Vedvik.

Årets utgåve av Trollenykjen Opp er den 12. i rekka.

INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

32 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
FOTO: PRIVAT PÅ TOPPEN: Mykje folk på toppen når motbakkeløpet Trollenykjen opp vert arrangert. FOTO: PRIVAT AKTIV: Noko av det som har ARKIVFOTO. FRITHJOF SILDEN

Eid

Stad Hotell

- i havgapet på Stadlandet

Hotellet ligg heilt i fjøresteinane, tett på naturen og naturkreftene.

Vi har vakre strender og storslått natur som næraste nabo

Bu hos oss, et hos oss, opplev den raude nattehimmelen ut i havet, opplev strendene, fjella, fjøra, yoga, surfing, fi sking, padling m.m. Vi syr samman ein opplevelsestur for deg om du ønskar det Prisar frå 1490 kr pr natt med frukost.

Velkommen til oss!

marita@stadhotell.no | 477 60 876 stadhotell.no

BESTILL Elbilladar eller befaring

Vi hjelper deg med gode råd om installasjon og valg av rett ladar.

På tide å investere i solceller på taket?

Vi leverer solceller både til privathus og til næringsbygg. Vi samarbeidar med dei beste levrandørane og kan skreddersy anlegg utifrå storleik og behov, til gode prisar.

Øyane

Ta kontakt med oss for eit tilbod
57864760 • epost: post@eidelektro.no
Tlf.
12 - 6770 Nordfjordeid • www.eidelektro.no
Elektro leverer, monterer og utfører service på varmepumper i heile Nordfjord.
EID ELEKTRO HAR I 25 ÅR LEVERT OG MONTERT VARMEPUMPER I NORDFJORD FJORDABLADET SOMMAR 2023 33
VARME PUMPE ELBIL LADAR SOL CELLE

Mange har bryllaup på Skrivergaarden

Å ha bryllaup i det over

200 gamle huset

Skrivergaarden på

Leikvin er blitt populært.

I år skal Skrivergaarden vere gjestehus for fleire bryllaup. Det er både lokale som skal gifte seg, og meir tilreisande. Men også andre grupper har

tinga opp Skrivergaarden i sommar. Under Malakoff blir det fullt hus, då ei gruppe med menneske som skal på festivalen har valt Leikvin som overnattingsstad.

Andre grupper som kjem er laksefiskarar som skal fiske etter laks både i Eidselva og den lokale elva Hjalma i nærleiken.

Husvertar på Skrivergaarden er Ingrid Grimstad Gjelvik og Thomas Veggeland. Dei opplyser at dei enno har ledige rom gjennom sommaren, så interesserte berre må ta kontakt.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

HUSVERTAR: Thomas Veggeland og Ingrid Grimstad Gjelvik.

ROMANTISK: Bryllaup mellom veggar som er over 200 år er blitt populært på den tidlegare skrivargarden. ARKIVFOTO: JØRN ARNE TOMASGARD

Der finn dei aktivitetar som barna trivst med, ein aktiv ferie for både foreldre og barn. Her med spade og spann på Seljesanden ein dag på temperaturen ikkje varsla om bading. Frå venstre; Mathias Grebstad, Adelen Johannessen Grebstad, Malin Johannessen og Adrian Johannessen Grebstad. FOTO: INGER TRÆEN

Aktiv ferie på Stadlandet

Familien frå Sunnmøre har funne sitt ferieparadis. Mellom bølgjer, kystplatå og sandstrender trivst både foreldre og barn.

Dei kjem frå Sykkylven på Sunnmøre, og har hytte på Sandviksneset i tidlegare Selje kommune. Det er vel ei mil frå Selje sentrum, og litt lenger til Måløy andre vegen. Her ut mot storhavet har dei funne sitt ferieparadis, og reiser hit rundt ti gonger i året.

– Det er mykje å sjå og oppdage på Stadhalvøya, ut mot Barmøya og på Silda. Vi reiser rundt både med bil og båt, og oppdagar stadig nye reisemål vi kan besøkje på ein dagstur eller ein kveldstur, seier far Mathias Grebstad frå Sykkylven. Saman med kona Malin Jo-

hannessen og dei to barna Adelen (6) og Adrian (4) set han seg mange gonger i året i bilen for å ta turen ut mot kysten i ytre Nordfjord.

Reiser rundt

– Vi har flotte plassar som Ervika, Hoddevika og Vestkapp til dømes. Så kan vi også reise sørover mot Kråkenes og Refviksanden, seier familien som både likar seg på land og på sjøen i båt.

Hytta deira er det gamle skulehuset på Sandviksneset som foreldra til Mathias kjøpte for rundt ti år sidan. Her har dei både hytte, natur, sjø og båt.

– Ungane likar godt å leike i fjøra, fange krabbe og anna som dei finn i sjøen, seier foreldra som nyttar feriestaden frå april til ut i oktober.

– Er det fint vêr tek vi båten

STORHAVET:

og reiser ut til Silda, Barmøya eller andre mindre øyar i området her, seier dei.

Og kva kan ein finne på av aktivitetar på Stadhalvøya, Selje og sørover mot Flatraket? Her kan du bade på Seljesan-

den, surfe i Hoddevika eller i Ervika, ta ein båttur til Seljeøya og oppleve historiske Selje kloster. Eller du kan ta turen frå indre Fure til veglause ytre Fure. Eller ein tur utover mot kystplatået Kjerringa og Vest-

kapp med eigen restaurant. 496 meter over Stadhavet ligg vakre Vestkapp, som er eit av dei mest spektakulære utsiktspunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. På fine dagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. Hoddevik er ein av dei mest kjende surfeperlene i Norge. Og ytst på Stadlandet finn du Ervik, ei lita bygd som rommar mykje historie og aktivitet. Ervik er også kjent for å vere ei av dei beste surfestrendene i Norge.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

34 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
• Familien har funne sitt ferieparadis ut mot storhavet
STRAND OG SJØ: Familien frå Sykkylven på Sunnmøre legg ofte ferien og helgeturar til Stadhalvøya. MOT Stadhalvøya byr både på dramatisk natur mot storhavet og fine sandstrender. FOTO: ARKIV

SELJA KLOSTER: Selja kloster er truleg det eldste klosteret i Norge.

ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN

Opplev sagaøya Selja

På Øya Selja ligg Selja kloster som truleg er det eldste klosteret i Norge.

Ei heilag øy ved verdas enda og ein magisk ruin. Selja kloster er ein unik historisk stad.

Hit til Selja kloster har folk reist i over 1.000 år, for å oppleve Norges første pilegrimsstad. Selja var eit sentralt religiøst senter i mellomalderen. Allereie i år 996 blei Selja den første helgenstaden i Norge – knytt til Sankt Sunniva – den første

Har Tår-kioskar i tre turistbygder

Surfeparadisa i Hoddevika og Erviksanden har det. I fjor fekk også Seljesanden ein Tår-kiosk.

Bak Tårkonseptet står fire Dalsbø-karar; brørne William og Ruben, og syskenborna Daniel og Vegard.

Først ut var kiosk ved Erviksanden – med svært gode erfaringar. Seinare utvida dei konseptet, og det kom kiosk både i Hoddevika og på Seljesanden. Tanken er at ein også skal utvide til andre bygder der ein ser behov for det.

Sjølve kiosken har ein spesiell design. Den sjølvbetjente døg-

nopne kiosken gjer at du kan kjøpe deg ein pakke med grillpølser, kaffi eller ei tannkremtube når behovet dukkar opp. Alle varene dei sel handlar dei lokalt. Dette er viktig for dei lokale gründerane på Stadlandet. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

og einaste kvinnelege helgenen i Norge.

Ruinane etter kloster- og helgenanlegget, som framleis står der i dag, imponerer. Det er eit av dei beste bevarte anlegga i landet.

Klosteret blei grunnlagt på 1000-talet. I dag har det lokal, regional og nasjonal verdi. Her kan du vandre i ruinane, med utsikt rett ut mot storhavet.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

KLEMMEKROK: I Eidsgata finn du ein eigen klemmekrok med benk.

Klem i veg

Få stadar kan skilte med å ha sin eigen klemmekrok, men det finn du midt i Eidsgata.

I løpet av året er det mange som tar ein stopp her, og lar

seg forevige i linsa. Klemmekroken ha sin eigen klemmebenk, og skiltet «Klemming er sunt, året rundt».

Soloppgangen er verdt ein tur

– Soloppgangen på Stadlandet klokka fire om natta er vel verdt å få med seg, seier hotellsjef Fredrik Hovden Borgund ved Stad Hotell.

For lite kan måle seg med soloppgangen på Stadlandet.

– Spesielt når sola kjem opp klokka fire om natta på Haugsholmen. Det er ei fantastisk oppleving, seier Borgund, og får støtte frå Marita Ervik.

Ventar meir besøk

Dei jobbar begge ved Stad Hotell og reknar med meir besøk enn fjoråret som regna vekk.

– Mykje folk på Stad hadde vi sett pris på. Vi ligg i alle fall betre an med bookinga på denne tida enn vi gjorde i fjor, fortel dei.

• Mykje folk på Stad hadde vi sett pris på.

Og med signal om at nordmenn kjem til å ta Norgesferie i år, at det er dyrare å reise til utlandet for oss nordmenn, og

at fleire frå Europa kjem til Norge, er dette som musikk i øyra for hotellfolka på Stadlandet.

– Og så må folk kome for å ete var eminente mat, smiler dei.

Arkivitetar

– Så kva er det ein kan oppleve på Stadlandet?

Dei ramsar opp aktivitetsveka med Sommaraktive Stad som noko ein bør få med seg. Mange vel også å kome heim til denne veka.

• Her er veldig mange fine turar ein kan gå. Dei er lette å finne fram for alle, for her er godt merka stiar.

– Her veldig mange fine turar ein kan gå. Dei er lette å finne fram for alle, for her er godt merka stiar, fortel Ervik.

Og så kan folk prøve seg på surfing i Ervik eller Hoddevika, eller med supbrett, freistar dei.

– Eller kanskje ein heller vil prøve kajakk eller yoga?, spør

SOLNEDGANG: Solnedgangen er vel verdt eit besøk.

Ervik, og meiner her er litt av kvart ein kan prøve seg på.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2023 35
MEIR BESØK: Hotellsjef Fredrik Hovden Borgund ved Stad Hotell reknar med meir besøk denne sommaren. FOTO: INGEBJØRG NILSEN FOTO: OLIN MARIA YRI SATSAR: Fire blad Dalsbø satsar på Tår – William, Ruben, Vegard og Daniel. ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN

PLASSEN: Nordfjordeid har landets eldste eksersisplass i landet. Dei brulagde stiane vart laga av tyskarane under 2. verdskrig.

• Laksefiske i Eidselva

Den eldste militærplassen i landet

Nordfjordeid har landets eldste eksersisplass i landet. I dag framstår det som eit flott parkområde.

Det er også her Malakoff Rockfestival arrangerer sin populære festival for rundt 30.000 besøkande.

Eksersisplassen var i bruk i rundt 300 år. Soldatane som øvde på Nordfjordeid kom frå Sunnmøre, Nordfjord og deler av Jølster. Rekruttskulen bestod av rundt 300 mann, medan det på bataljonsøvingar var 1200 -1500 soldatar i området.

Militærplassen har eksistert sidan 1628, og lagerhusa som

står der endå er frå åra 1791–1993.

Dei brulagde stiane mellom alleane lagde tyskarane under 2. verdskrig.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Jakta på det blenkande gullet

For

Eidselva på Nordfjordeid er kjent for gode forhold, og etter at årets laksefiske opna natt til 1. juni er det fleire storlaksar som har vorte tatt.

Sjølve opningsdagen er så populær at sportsfiskarlaget held loddtrekning om kven som får kjøpe fiskekort først.

Grunneigarane i Eidselva er opptekne av at elva skal vere tilgjengeleg for alle. Slik har det vore heilt tilbake til stiftinga av Eid sportsfiskarlag i 1965. Laget vart stifta nettopp for å sikre tilgang for ein grei pris. Sportsfiskarlaget er ein ideell organisasjon som brukar eit eventuelt overskot på kultivering av elva.

Størst

Henning Langeland frå Nordfjordeid har førebels tatt den største storlaksen i år, då han sikra seg ein laks på 13,1 kilo.

– Eg er superfornøgd. Det er ein del stor fisk å sjå i elva i år, så det blir spennande framover, fortel laksefiskar Henning Langeland.

• Det er ein del stor fisk å sjå i elva i år.

Han fiska på sona Langeland. Då sat plutseleg stolaksen på 13,1 kilo på kroken. Den målte 109 cm, og vart tatt med sluk.

– Det har vore vanskelege forhold dei første dagane, med nordavind og svært kald elv, opplyser han.

Gullbilletten

Svein Aam frå Ørsta meinte han hadde trekt gullbilletten då han landa ein storlaks på 11,7 kilo i Eidselva på opningsfisket.

Og aldri før har Svein Aam fått større laks enn denne ruggen.

Det var klokka seks på morgonen at storlaksen sat på kroken på Alsaker.

– Eg trudde ikkje den var så stor, men ein kar måtte kome å hjelpe meg på slutten. Slike store fiskar tar det litt tid å få inn, og eg var redd det skulle slite, fortel Aam.

• Det er ikkje kvart

år ein får fisk. Dette er gullbillett frå opningsfisket.

Men storlaksen på 11,7 kilo kom vel på land. Det er ny pers for den erfarne laksefiskaren frå Sunnmøre.

– Det næraste er ein på 11,5 kilo som eg tok i Bondalselva, fortel han.

– Dette var høgdepunktet. Det er ikkje kvart år ein får fisk. Dette er gullbillett frå opningsfisket, seier han.

Stor elv og store fiskar

Aam fortel han har vore heldig fleire år på rad.

– I år er ikkje elva så stor, og er mindre enn i fjor. Det er gunstig, og gjer at det er fiskbart fleire stadar. Men det er grusomt kaldt, fortel Aam, som er fornøgd med opningsfisket.

– Her på Alsaker vart det tatt to laksar på opninga, og det er normalt. Neste helg kjem eg tilbake for å fiske på Bjørlo. Eg likar å fiske tidleg i sesongen. Det er mest spennande. Då er det gjerne stor elv og store fiskar, sjølv om det er langt mellom dei aller største fiskane. Å få ein slik storlaks er utruleg kvar gong. Dette er årets første fisk for meg, og no er sesongen berga, seier laksefiskaren.

• Det var ein skikkeleg kubbe

Storlaksen var berre 100 cm lang, og fekk akkurat plass i frysaren.

– Laksen var av god stand og ein hannfisk, og det er ikkje vanleg at dei er så tette. Det var ein skikkeleg kubbe. Eg trur den må ha stått i elva ei stund, meiner han.

No vert storfisken røykelaks til jul. – Eg pleier å gi det i gåve til slekt og vennar, og no er det berga, smiler han.

Bra start

Det har vore ein bra start på laksesesongen i Eidselva, der fleire storlaksar har vorte tatt.

Her er dei største fangstane:

– 13,1 kg -Henning Langeland, sone Langeland.

– 12 kg – N.N., sone Stokkenes.

– 11,7 kg- Svein Aam, sone Alsaker.

– 11 kg -Thor Lien, sone Rotineset.

– 9,9 kg – Svein Aam, sone Alsaker.

– 9,4 kg – Christian Platou, sone Skipenes.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

36 SOMMAR 2023
FJORDABLADET
mange er laksefiske sommaren sitt store høgdepunkt.
STØRSTE: Henning Langeland er storfornøgd med storlaksen på 13,1 kilo han tok på Langeland. Dette er førebels den største som er tatt så langt i år. FOTO: PRIVAT

OPNINGS­

FISKE: Svein

Aam sikra seg storlaksen på 11,7 kilo under opningsfisket i Eidselva.

FOTO: PRIVAT

Her kan du huske i det fri

Oppe på Gildra ved Hjelle har du god utsikt over Eidsdalen.

Her kan ein også prøve huska som er hengt opp. Kva er vel betre enn å føle vinden i håret medan ein nyt å vere ute naturen?

Huska på Gildra er også eit populært fotoobjekt.

FOTO: BARNAS TURLAG

Størst på is

26 sortar med kuleis har du å velje ifrå isdisken til Sjøkanten Cafe på Nordfjordeid.

Dette gjer dei truleg størst på is i Sogn og Fjordane. Sydover må ein nok til Bergen for å finne like stort utval, og ein trur det ikkje er noko tilsvarande verken i Ålesund eller Molde.

– Is er alltid populært, og no har vi utvida sortemanget frå Hennig Olsen, fortel ei svært fornøgd kafedrivar Anita Førde.

• Is er alltid populært.

Dermed kan Sjøkanten Cafe freiste deg med 26 sortar kuleis, softis og milkshake i mange forskjellige smakar.

– Kundane har tatt imot det utvida tilbodet svært positivt, men det går framleis mest i standardsmakar som oreo og jordbær, seier ho.

– Men fleire let seg frist av nye smakar som Smil og Japp. Folk er villige til å prøve nye smakar. Det går jamt og trutt av det meste, og så går det alltid mykje sorbe, seier Førde.

– Mange cruiseturistar er innom på Nordfjordeid. Ser de noko av dei?

– Ja, her kjem mange cruiseturistar. De spør gjerne etter cappuccino, is, vaffel eller svele. Men av is er det gjerne softis dei vil ha. Det går det mykje av, smiler ho.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

BESØK OSS I SOMMAR RESTAURANT OG OVERNATTING FJORDABLADET SOMMAR 2023 37
På toppen av VESTKAPP
STOR ISDISK: Sjøkanten Cafe kan skilte med den største isdisken. Nyleg hadde dei tilsette is-kurs for å lære meir. FOTO: PRIVAT EIDSELVA: Kveldssola blenker fint i vasskanten på Eidselva. FOTO: KRISTIAN STOKKENES

KJÆRKOME: Selje sanitetsforening har oppretta ein gratisbutikk som er blitt populær. Her kan ein finne klede for alle aldrar. F.v.: Malene Bortne, Elsa Bortne og Sølvi Drageseth Lien

POPULÆRT MED KLEBYTE: Gratisbutikken i Selje prestegard er i regi av Selje sanitetsforening. Her kan ein ta med klede og få klede tilbake, eller berre få seg gratis klede. Malene Bortne (12) jobbar i butikken som er open kvar fredag og laurdag. Ho seier at ikkje minst fleire unge er innom.

PILEGRIMSSENTER: Selje prestegard er ein av 26 nøkkelstadar på Kystpilegrimsleia frå Avaldsnes/Egersund til Trondheim. I sommar blir her pilegrimsmottak og gratisbutikk med klede. Om alt går etter planen og bruksendring blir innvilga blir det også overnatting og servering. FOTO: INGER TRÆEN

Overnatting og servering i prestegarden

Selje prestegard planlegg overnatting for pilegrimar og servering i sommar.

I Selje prestegard blir det i sommar pilegrimsmottak og kulturstove, med ope kvar dag.

To guidar blir på plass, og kvar fredag og laurdag blir det gratisbutikk med klede. Om søknad bruksendring går i orden blir det også servering og overnatting for pilegrimar.

Planen er også omvising i dei ulike husa i tunet, slik som eldhus, skulestove, borgstove og stabbur.

Det blir også stempeljakt for barn tilknytt pilegrimshistoria og klosteret.

Pilegrimar kan også nytte rutene frå Liset til Dragseidet, ut til Selje kloster og den gamle postvegen frå Rimstaddalen til Berstad.

INGER TRÆEN

inger.treen@fjordabladet.no

VIL UTVIKLE PILEGRIMSSENTERET: Tonje Ramse Trædal frå kulturavdelinga i Stad kommune er også dagleg leiar for Selje regionale pilegrimssenter,

PILEGRIM: Pilegrimsleia frå Kinn til Selja, Sunnivaleia, er ein del av Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim. Frå Selje kan ein også gå mindre pilegrimsleier i nærområdet.

38 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
som er i hovudhuset på Selje prestegard.FOTO: REISER LANGT: Gratisbutikken får besøk frå både fjern og nær. I mai var desse frå Førde/Oslo innom. F.v.: Ingrid Ytrehus frå Førde, barnebarn Iben og dotter Mari Moldestad som bur i Oslo. 240 ÅR GAMMALT: Dagens hovudhus på Selje prestegard blei reist av allmugen i 1782–1784. Fram til 2020 var det bustad for presten, og i dag er det Opplysningsvesenets fond som eig huset.

Best i test for tredje år på rad

Med Enivest surfar du på prisvinnande internett*, med kundeservice i Norgestoppen** Nett der du er Sjekk kva du kan få på enivest.no
FJORDABLADET SOMMAR 2023 39
*1. plass - nPerf Speed Test H2 2021 - H2 2022, fast breiband **3. plass - Kundeserviceprisen 2023, fast breiband

Tilbyr overnatting på fjellplatå lengst

To trehytter er på plass på Vestkapp, og dei første gjestane har allereie overnatta i dei.

– Det er spesielt å kunne overnatte her ute, seier Kristina Myrseth, drivar av Vestkapp Restaurant/Storm ved Stad.

Lengst vest

Vestkapp er Norge sitt vestlegaste fjellplatå. Vinden kan rive hardt her ute, og mange vêrturistar kjem til Vestkapp nettopp for å oppleve vêret.

– Å få til eit overnattingstilbod her ute har vore ein draum. I 2020 søkte vi om å sette opp poddar, og då fekk vi avslag. No var vi veldig spente, men vi hadde ein

litt annan søknad no, fortel ho.

I det siste har arbeidet vore i full gang me då sette opp to minitrehytter.

• Dette betyr mykje for drifta og utviklinga av Vestkapp.

– Dette vil bety mykje for drifta og utviklinga av Vestkapp, meiner Myrseth, og legg til: – Her kan ein ete god mat, gå på fjellet, oppleve heile nærområdet. Det har også kome opp ein sauna i Årvika. Det er totalpakken vi meiner er interessant for folk. Det er positivt til fleire

ting som er her. Aktivitet skapar aktivitet.

Oppleving – Å sove på Vestkapp må vere ei oppleving, seier ho, som har lyst å vere av dei første til å overnatte i dei nye trehyttene.

– Vi må no teste ut produktet vi sel, smiler ho.

Dei to hyttene skal stå i sommarsesongen. – Som alltid kjem sikkerheit først, og vi har ikkje dei verste stormane på denne tida av året, fortel Myrseth.

Flyttbare hytter

Heile konseptet byggjer på at trehyttene er flyttbare, og at dei ikkje skal etterlate spor i naturen. Difor vert dei bolta og

festa ned i stein.

– Det blir ikkje synleg når dei vert tatt bort, seier Myrseth.

• Det blir ikkje synleg når dei vert tatt bort.

Det er to trehytter som no er sett opp – med ei dobbelseng i kvar hytte.

– Eg er ikkje bekymra for sauene her oppe på platået, for at det ligg nokre turistar i to hytter, seier Myrseth.

– Masseturisme frå cruiseskip som har dårleg tid er noko heilt anna. Men dette har ingenting med hyttene å gjere, kommenterer ho.

AVBREKK: Her oppe på platået kan ein få eit avbrekk i kvardagen og nyte naturen som vi er så heldige å ha rundt oss, seier Kristina Leknesund Myrseth. FOTO:

40 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
VESTKAPP: No kan ein overnatte på Vestkapp. To hytter er sett opp på Norge sitt vestlegaste fjellplatå, og med utsikt mot storhavet. FOTO: NILS OLE REFVIK
• Vestkapp
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES UTSIKT: Utsikt frå Vestkapp. FOTO: PRIVAT RESTAURANT: Kristina Leknesund Myrseth driv Vestkapp Restaurant på fjellplatået. FOTO: LINDSEY BUNDSCHUH

lengst vest

Vandring gjennom Sagaløypa

Du kan sjølv utforske historia til Nordfjordeid gjennom å gå Sagaløypa.

Dette er ein flott tur som tar deg med gjennom bygda si kulturhistorie. Sagaløypa har fokus på vikingtid og tidleg mellomalder.

Løypa går frå ppplevingssenteret Sagastad, via Eid kyrkje, gjennom Eidsgata og Tverrgata, forbi gravhaugane og gardstuna på Myklebust, og endar opp på toppen av Lunden – ei lita høgde

med flott utsikt over Nordfjordeid. Frå start til slutt er Sagaløypa om lag 1,5 kilometer i lett terreng. Undervegs i løypa er det sett opp sju skilt med informasjon om dei ulike kulturminna. Kulturmiljøa frå nyare og eldre tid gir Nordfjordeid eit spesielt særpreg. Også i dag er kulturopplevingar viktig for livet i bygda mellom anna med Malakoff Rockfestival, Operahuset, Opera Nordfjord og Sagastad.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

TREHYTTER: No vert det trehytter på Vestkapp, der du kan overnatte. F.v. Kristina Myrseth, Olav Aabrekk og Marius Tenden frå Gloppa AS. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

– Det er ein grunn til at vi har to hytter og ikkje 20. Her skal ein kunne få eit avbrekk i kvardagen og nyte naturen som vi er så heldige å ha rundt oss, seier gründeren.

Utvikling

Ho drøymer om å få heilårsdrift på Vestkapp.

– Vi arbeider med ein heilheiltleg plan for utvikling av tomta på Kjerringa. Det tar tid å få noko permanent. Hyttene vi no set opp er mellombelse tiltak for to år. Då får vi testa marknaden for overnatting på Vestkapp, fortel Myrseth.

Arkitekt Todd Saunders har utarbeidd eit skisseprosjekt som viser korleis ein ønskjer å utvikle området, og som spelar på lag med naturen og landskapskvalitetane.

– Vi vil ikkje ha noko stort og ruvande, påpeikar Myrseth.

har vore i full gang i det siste. Målet var at hyttene skulle stå ferdig til bruk til 12. juni. Tidsramma heldt.

– Når prosjektet er over og hyttene blir tatt bort blir det ikkje mogleg å sjå at dei har stått her om ein ikkje veit det, meiner Aabrekk.

Mykje i Nordfjord

Mange turistar tek turen til Vestkapp for å oppleve spektakulært landskap eller skiftande vêr.

Sjølv tek ikkje Myrseth ferie på sommaren.

– For kokkar er det full jobbing i sommar, og vi tek ferie når det passar, fortel ho.

– Men kva vil du råde andre til å få med seg i nordfjord når dei er her?

– Sagastad på nordfjordeid er verdt eit besøk. Det same er Seljesanden, Hoddevik, Refviksanden og Knutholmen. Og så har vi alle dagsturhyttene rundt omkring. Ein kan finne mange fine turar, meiner Myrseth.

– Det er litt for ei kvar gruppe, meiner ho.

INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

No er ho glad for samarbeidet med Gloppa hytter som lagar trehyttene.

– Hyttene er 2,5x5 meter, og med glas i front, så ein får nyte utsikta, fortel Olav Aabrekk i Gloppa hytter.

Arbeidet med å sette opp hyttene

Sjøgata 101, Nordfjordeid Email: post@bankjellaren.no

KAFE, RESTAURANT OG UTELIV VED SAGAPARKEN OG FJORDEN.

BESØK OGSÅ BAREN VÅR I EIDSGATA 10 «BANKKJELLAREN»

Selskapslokale og catering-levering

Ta kontakt: 477 86 771

FJORDABLADET SOMMAR 2023 41
BAK RESTAURANTEN: Dei to hyttene er plassert bak Vestkapp Restaurant. FOTO: NILS OLE REFVIK
• Vi vil ikkje ha noko stort og ruvande.
TVERRGATA: Sagaløypa tar deg mellom anna gjennom den smale Tverrgata. ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN

VASKEKJERRINGAR: Nokon måtte vaske dei lange underbuksene til alle soldatane som kom til Nordfjordeid. Det var jekteholkjerringane fordi dei vaska kleda i Jektehola ved Eidselva.

LEIAR FOR MUSIKKEN: Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo stiller også dette året opp som Samuel Kjøsnes, leiar for Kjøsnesmusikken.

FOR NIANDE GONG: Elskhug og eksis blei for første gong sett opp i 2005, og har vore spelt annakvart år sidan. På grunn av korona har det vore pause i tre år sidan 2019. Men om berre ti dagar blir det igjen drilltropp, barnekor, vaskekjerringar og hornmusikk på den tidlegare eksersisplassen på Nordfjordeid. ALLE FOTO: ARKIV

Elskhug og eksis med 140 aktørar

Det historiske spelet Elskhug og eksis skal i år visast på Nordfjordeid for niande gong.

Det blir jonsokhelga, 23. til 25. juni. Handlinga i spelet er lagt til 16. og 17. mai 1895. Unionen med Sverige og tida fram mot unionsoppløysinga i 1905 er ein raud tråd gjennom spelet.

Spelet er på Plassen på Nordfjordeid, der det var eksersisplass og militær aktivitet gjennom fleire hundre år.

I år er det med mellom anna 25 barn i Paulsonrekkja, 15 vaskekjerringar frå Jektehola og tolv rekruttar under premierløytnant Myklebust sin kommando. Kjøsnesmusikken, som eksisterte ein gong, er det Eid musikklag som står for.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

• Spelet er på Plassen på Nordfjordeid, der det var eksersisplass og militær aktivitet gjennom fleire hundre år

42 SOMMAR 2023 FJORDABLADET
ORDEN I REKKENE: Premierløytnant Myklebust skal halde orden på dei unge rekruttane, der ikkje alle er like disiplinerte. EIDAPATRIOT: Erlend Ona Gjul har vore ei strek drivkraft bak Nordfjordeid sitt historiske spel gjennom mange år. Han har også ei viktig rolle som premierløytnant Myklebust i spelet.
norskcountrytreff.no facebook.com/norskcountrytreff REED Delsponsorar Sponsorar Generalsponsor Hovudsponsor GLOPPEN KOMMUNE Støtta av Josh Turner NICK CHANDLER AND DELIVERED | WARD HAYDEN & THE OUTLIERS | CRASHVILLE | WILD WHENS | G.THOMAS MONIKA NORDLI | SILVER LINING | THE NORTHERN BELLE THE WIENERS | ERLEND GUNSTVEIT | ARTHUR STULIEN | STEFFEN JAKOBSEN | COUNTRY CULT | VILDE BYE | DAG ERIK OKSVOLD MISERY & COMPANY | FRODE HAARSTAD & THE NEVERNEVERBAND ATLE OEN | GIRLS GONE COUNTRY | LONGHORN DALE WATSON | VASSENDGUTANE GUNSLINGERS | BYTING EMBLA AND THE KARIDOTTERS STEINAR ALBRIGTSEN CHARLIE RACKSTEAD & THE STICKLESBERGEN RAMBLERS FJORDABLADET SOMMAR 2023 43

Velkommen til Cats Cafe

Vi har:

typar. Før : 79,-

BEAPHAR BIODRÅPAR FLÅTTMIDDEL

Dråpar som avvis plagsom flått, lopper og andre stikkande innsekt. For hund og katt over 12 veker. Før 229,-

– for din beste venn Velkomen til Eidsgata 45 – 6770 Nordfjordeid Tlf. 57 86 20 60 på pets
Smmarkampanje PLATY Populær, fredeleg og livleg akvariefisk i fleire fargar. Føder levande unger. Før 49,KUN 25,O `TOM FLÅTTFJERNER Effektiv flåttfjerner for små og store flått. KUN 99,RABATT PÅ UTALDE VÅTOG TØRRFÔR TIL KATT CATIT DRIKKEFONTENE Med trippel action filtrering som sørgar for friskt og reint vatn til ei kvar tid. LED nattlys 3 liter. Spar 300 ,KUN 499,PROVIT GO`BITEN Hundens favoritt godbit 2 typar av storfe og kalkun Før 79,KUN 49,HUGO & CELINE HUNDEIS Frossen, velsmakande og avkjølande is som passar for alle hundar. Før 69,KUN 49,KATTESNACK Natures Menu godbit. Smakfulle og sunne godbitar 3 ulike
KUN 45,-
FRÅ 99,-
på Pets tom 24.juni
kjøpet! Gjeld utvalde Hill`s våtfor, 12x85g kr 219,-. Tilbodet varer så langt behaldninga rekk. Tilbodet gjeld kun utvalde produkt i 2 kg og 12x85g i kampanjeperioden 8.-24. juni Alti Nordfjord, Nordfjordeid. Catering, kontakt: 57 86 04 44. GRILLMENY Vi tar imot bestilling til koldtbord Godt utvalg i kaker og barista største isdisk med kuleis? frå Hennig Olsen i tillegg til Milkshake og Softis KULEIS Mandag - Lørdag 10:00 - 22:00 søndag 11:00 - 22:00 Utforsk vår DIGITALE MENY Scan QR-koden med ditt mobilkamera, eller en QR-kodeleser med din mobil eller nettbrett. Miljøvennlig og hygenisk Cats Cafè - Restaurant og Pizzeria Pizza | Kebab Á la carte | Grill Tlf: 57 86 00 80 Mandag - Lørdag 10:00 - 22:00 søndag 11:00 - 22:00 DIGITALE MENY Scan QR-koden med ditt mobilkamera, eller en QR-kodeleser med din mobil eller nettbrett. Miljøvennlig og hygenisk Cats Cafè - Restaurant og Pizzeria Pizza | Kebab Á la carte | Grill til oss på Cats Velkommen Mobil: 453 99 360 Tlf: 57 86 00 80 Mandag - Lørdag 10:00 - 22:00 søndag 11:00 - 22:00 Utforsk vår DIGITALE MENY Scan QR-koden med ditt mobilkamera, eller en QR-kodeleser med din mobil eller nettbrett. Miljøvennlig og hygenisk Cats Cafè - Restaurant og Pizzeria Pizza | Kebab Á la carte | Grill til oss på Cats Velkommen Mobil: 453 99 360
Sommarkampanje
-25% Kjøp 1 -
1 på
PIZZA / KEBAB / A LA CARTE / GRILL Besøk oss i trivlige lokaler i Moengården, Eidsgata eller ring oss for take away : 453 99 360 /578 60 080 ÅPNINGSTIDER Mandag - Lørdag : 10 - 22 Søndag : 11 - 22
SOFTIS | KULEIS MILKSHAKE | SLUSH 44 SOMMAR 2023 FJORDABLADET

COLETT KJOLE

Passer til alle vårens og sommarens festlige anledninger

Strikka i Sunday + Tynn Silk Mohair Vi har utvalet av garn og fargar

OLIVE JAKKE

Strikk den poplære Olive-Jakka i dobbel tråd frå Tynn Silk Mohair frå Sandnes garn

PALETTJAKKE

Ei kjappstrikket jakke i Børstet Alpakka. Velg mellom mange friske fargar (oppskrift nnes gratis på www.sandnesgarn.com)

progressive. Kan ikkje kombinerast med andre tilbud. Kan også velge ekstrabrille istadenfor solbrille

Kan ikkje kombinerast med andre tilbud

EIDSGATA 24 B, NORDFJORDEID TLF 95 15 20 20 • post@nordfjordoptikk.no www.nordfjordoptikk.no

TRENG DU EIT NYTT SY-PROSJEKT I SOMMAR ? Vi har mange ulike sy-pakkar (oppskrifter med tråd)

Eidsgata 45, Nordfjordeid. Tlf. 940 91 820

med sko frå Okaki og Merrell.

Sommarhandel
AKTIV SOMMAR
SOMMARKAMPANJE
f.o.m v 25 t.o.m v 33 SOMMARTILBUD INNFATNINGAR -30% Din fagblomsterbutikk Nord�ordeid - Tlf. 57 86 08 44 www.hildenesgartneri.no Hagesenteret med det STORE utvalet Inspirasjon for hus og heim for hus og hage Alt i blomster Busker Hekkplantar Vintergrønt Bærbusker Stauder Rosetre SOMMAR PÅ HILDE NES GARTNERI TILBOD: SOMMAROPNINGSTIDER: Mandag-fredag 10-1630 Lørdag 10-15 Rosetre Stor Ampel Store Stauder Kr. Kr. Kr. 299,249,299,Følg oss på Facebook FJORDABLADET SOMMAR 2023 45

Vi følgjer tett på, og held deg oppdatert

Les alt innhald på

fjordabladet.no

* Inga binding, du seier sjølv opp abonnementet på Min Side. Blir fornya automatisk månadleg til kr. 159 pr månad. Gjeld nye abonnentar.

1,ut august

Kjøp her!

SOMMARKAMPANJE digitalt abonnement
46 SOMMAR 2023 FJORDABLADET

Kjøp

Rabatt inntil kr 2700 enstyrke / kr 4600 progressive

Tilbudet gjelder t.o.m. 24. juni og inkluderer solbrille inntil kr 1200 og standard glass.

Velkommen til oss!

Åpningstidene:

Mandag: Stengt

Tysdag - Torsdag: 13 - 21

Fredag - Lørdag: 13 - 22 *kjøkken stenger kl. 21

Almenningen 1, 6770 Nordfjordeid

Tlf: 578 62 599 • www.chinarestaurantchen.com : China Restaurant Chen

over 30 år med

Alt av maskiner. motorsager, hørslevern, hjelmar, hanskar, arbeidssko og -støvlar, miljøbensin, olje, vedsekkar, sekkestativ, vedmaskiner, bærbare vinsjar, traktorvinsjar, straumaggregat, pumper, biltilhengarar, kantklipparar, plenklipparar, plenrobotar, motorslåmaskiner og veldig mykje meir.

Det vi ikkje har, det skaffar vi – BERRE GODE PRISAR –Rindal Maskiner AS

Tlf. 57 86 05 05

Langelandsåsen 28, 6770 Nordfjordeid

Service på alle maskiner som vi forhandlar

Vi har det du treng til alle årstider!
Interoptik Sæbø Eidsgt. 1 Nordfjordeid tlf 57 86 11 54 Interoptik Sæbø Tonningsgt. 15, Stryn tlf 57 87 11 31
en
Få en solbrille
styrke
inntil kr 4600 i rabatt.
brille.
med
Vi tilbyr catering til selskap og serverer både kinesiske retter og sushi.
Besøk Primula Faktor Y Eidsgata 41, 6770 Nord ordeid VELKOMMEN TIL Følg oss gjerne
50% på alle metersto i sommar. 30-70% på klede i sommar Velkomen inn den raude døra i Eidsgata Opningstid: 12.00-16.30 FJORDABLADET SOMMAR 2023 47
Sommarhandel

Åretshøgdepunkt!

3RÅFESTIVALDAGAR

- Unike musikkopplevingar

-Denråastefestivalcampen

- Malakoff Waterfest

- Alle dei fine folka Trygtheimbussar - FRE/LØVelkomen!

malakoff.no

48 SOMMAR 2023 FJORDABLADET

Articles inside

Elskhug og eksis med 140 aktørar

1min
pages 42-45

lengst vest

2min
pages 41-42

Tilbyr overnatting på fjellplatå lengst

1min
page 40

Overnatting og servering i prestegarden

1min
page 38

Størst på is

1min
pages 37-38

Jakta på det blenkande gullet

2min
pages 36-37

– Soloppgangen er verdt ein tur

1min
pages 35-36

Har Tår-kioskar i tre turistbygder

1min
page 35

Aktiv ferie på Stadlandet

2min
pages 34-35

Mange har bryllaup på Skrivergaarden

1min
page 34

Stad Hotell

1min
page 33

Klart for nytt løp

1min
pages 32-33

Bubilparkering med utsikt

1min
page 32

Aktiv sommar

1min
page 31

som kjem

1min
pages 29-30

Tek folk ut på sjøen i båt

1min
page 27

Turistane strøymer til kyrkja

3min
pages 22-23

Lyspunkt på rekke og rad

3min
pages 21-22

Lovar eit sterkt program

1min
page 20

Ein av Nordfjord sine flottaste turar

1min
page 20

INNFLYTTINGSKLAR LEILEGHEIT

1min
pages 19-20

Inviterer til matfest

2min
page 18

Sommarlege laurdagar

1min
page 18

Klatring er meistring og

5min
pages 14-16

Ei full veke

1min
pages 12-13

Opnar ny dagsturhytte

1min
page 12

Linefiskaren vert trekt fram i lyset

1min
page 12

Her kan du bade i sommar

6min
pages 9-12

Opplev sommarlivet i Stad

3min
pages 7-9

Turistane strøymer til vikingsenteret Sagastad

1min
pages 6-7

Freistar med nybakt

3min
pages 5-6

og stemning

1min
pages 3-4

Lovar musikkglede

1min
page 2

Velkommen til ferieparadis i Nordfjord

1min
page 2
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.