Hav av moglegheiter 2023

Page 1

Tre brør vidarefører familie-reiarlaget Side 14-15

God lønn og kort utdanning lokkar unge til sjøs, men er det jobb til alle? Side 24-25

Utrangerte fiskefartøy hamnar i omstridde farvatn i Afrika Side 10-11

Hav av moglegheiter

Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i oktober 2023

Havlandet har dobla tilveksten på torsken

Foto: Per Øyvind Helle

Side 32-33


2

Hav av moglegheiter 2023

Les meir om desse sakene:

Møt framtidas fiskarar. Tuva Moe Salomonsen er ei av dei side 28-29

Robert vart toppsjef for Ervik Havfiske as for to år sidan. No har han bytta ut heile garderoben Side 20-21

Viljar ser meir av det store bildet i jobben som trainee Side 30-31 EIT HAV AV MOGLEGHEITER Dette årlege sjømatmagasinet er det 21. i rekka frå Fjordenes Tidende i Måløy og Firdaposten i Florø. Vi som til dagleg konkurrerer om å vere først med lokale nyhende i overlappande dekningsområde, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt. Magasinet er laga av redaksjonane i Firdaposten og Fjordenes Tidende. Ansvarlege redaktørar: Håvar Fagerli, Fjordenes Tidende. Svend Arne Vee, Firdaposten Journalistar: Arve Olav F. Solbakken Dag Nesbø Frøyen Liv Standal Svend Arne Vee Arne Hjorth Johansen Egil Kristian Aardal Jørn-Arne Tomasgard Kjellrun Åsebø Marianne Solheim Rotihaug Gjert Myrestrand Håvar Fagerli Svanhild Breidalen Epost: Firdaposten: redaksjon@firdaposten.no Fjordenes Tidende: fjt@fjt.no Prosjektleiar: Rune Henden Marknadsansvarlege: Kim-André Gangeskar, Fjordenes Tidende Hanne Lid, Firdaposten Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt Opplag: 8000 eksemplar

– Å skape lokale verdiar er drivkrafta Revisor og rådgjevar Joakim Knapstad i PwC er ikkje i tvil om kva som er motivasjonen for mange av dei små og mellomstore lokale havbruks-gründerane i området vårt.

Med høge lakseprisar, klaging på innføring av grunnrenteskatt, skatteflukt til Sveits og ikkje minst miljøutfordringane næringa skapar, har mange oppdrettarar fått eit stempel på seg som grådige «laksebaronar» som bryr seg om lite anna enn pengar. Det meiner Joakim Knapstad i PwC er ufortent. Og han skulle kanskje vite, all den tid han ser mange av selskapa fortløpande i korta når det gjeld økonomi og rekneskap. Som fersk partnar i PricewaterhouseCoopers (PwC) har Knapstad i fleire år hatt mange av dei lokale oppdrettsselskapa som kundar og klientar. På lista hans står bedrifter som Coast Seafood, Steinvik, Karstensen, Marø, Selstad og Sulefisk.

Skaparkrafta er drivkrafta – Om det finst ein fellesnemnar for selskapa? Ja, det vil eg seie det gjer. Mange av aktørane kunne lett tatt dei årlege overskota sine inn på børs, og investert vidare der. Men det er ikkje det som skjer i praksis. I staden investerer dei i lokalsamfunna sine, og mange av dei har sterke kjensler for nærmiljøa dei held til i, seier Knapstad. I eit område der det elles ikkje renn over av privat investeringskapital og investorar med riskiovilje, meiner han havbruksnæringa er eit viktig døme på det motsette. – Mitt klare inntrykk er at dette er lokalt forankra gründerar som ønskjer å bruke verdiane sine som samfunnsutviklarar. Det er skaparkrafta som er drivkrafta deira, og det kjem lokalsamfunna våre til gode på fleire vis enn at det blir skapt gode arbeidsplassar, legg han til. Men skal det skje, så må rammevilkåra vere føreseielege. Og det var dei plutseleg ikkje seinhausten 2022. Då byrja det nemleg å gløde i telefonen til Knapstad.

Kom som sjokk på mange Innføringa av grunnrenteskatt på havbruk, den såkalla lakseskatten, slo ned som ei

bombe og skapte stor usikkerheit i næringa. – Det kom nok som eit sjokk på mange. Ikkje det faktum at det skulle betalast meir skatt, det var ein innforstått med, men på innordninga, tidspunktet og dei korte fristane det heile skjedde med. Det politiske spelet som følgde i vekene og månadene etterpå, gav heller ikkje særleg mykje avklaringar. Eg har forståing for at næringa agerte som dei gjorde, seier han. Sjølv om satsar og innretning på den nye skatten blei justert i politiske forhandlingar, så påverkar etterdønningane av det som skjedde næringa både nasjonalt og lokalt. Og gjer det framleis. – Det finst mange døme på gode prosjekt som blei sett på vent – og som framleis står på vent, dessverre. Og det som har skjedd i etterkant, med sterk prisvekst og stor renteauke, har forsterka bremsinga. Eg vil påstår at tilgangen på kapital for næringa no er dårlegare enn på lenge, slår han fast.

Må få tillit til å finne løysingane – Kva utfordringar må løysast for at havbruksnæringa skal ha lyse utsikter? – Kapitaltilgang, som nemnt. Og at rammevilkåra blir til å stole på. Vi har også fått eit anna usikkerheitsmoment den siste tida, og det er tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Sjølv om havbruksnæringa er solid og jobbane er relativt trygge, så er det også her ein kamp for å sikre seg rett folk på rett plass. – Det er mykje fokus på tap av natur, klima og miljøøydeleggingar. Har ikkje næringa også utfordringar å løyse her? – Jau. Kampen om ressursane er der heile vegen. Og på miljøsida er det oppgåver som må løysast. Men eg trur ikkje nødvendigvis at dei blir løyst gjennom endå fleire offentlege krav og restriksjonar. Eg trur vi må ha tillit til at næringa sjølv er innovativ og kjem opp med dei gode løysingane sjølve.

Svend Arne Vee


Hav av moglegheiter 2023

3

PENGAR ER SJELDAN DRIVAREN:

– Mange av dei lokale havbruksgründerane våre ønskjer å vere samfunnsutviklarar. Det målet er langt viktigare enn pengane, meiner PwCrevisor Joakim Knapstad. FOTO: Svend Arne Vee

A til Å · www.atilaa.no

Laks og ørret av høy kvalitet. Barnslig godt, helt enkelt.

bravoseafood.no


4

Hav av moglegheiter 2023

Har hatt gode år: Bremangerbåten «Veststeinen» fotografert i aksjon ute på fiskefeltet. Overskot frå dei gode åra som har vore er ifølgje eigarane FOTO: VESTSTEINEN brukt til oppgradering av båten i grøn retning.

Har lagt bak seg rekordår Lokale fiskebåtreiarlag har lagt bak seg rekordår. Men fleire av dei peikar på at tida framover ikkje blir like bra. Kutt i kvotar, auka CO2avgift og auka kostnader blir peika på som faktorar som dreg ned innteninga.

Årsresultat Her er årsresultatet 2022 for eit utval andre lokale fiskebåtreiarlag: ■■ Havstjerna 33,9 millionar kroner i driftsinntekter/3,8 millionar kroner i resultat før skatt. ■■ Frøybas 29,4/-1,3 mill. kr. ■■ Fiskebas: 66,0/15,3 mill. kr. ■■ Andrea L: 61,6/10,3 mill. kr. ■■ Nye Bluefin: 59,7/34,6 mill. kr. ■■ Skjongholm: 53,0/5,8 mill. kr. ■■ Fanøyvåg: 50,5/7,4 mill. kr. ■■ Godfisken: 35,8/14,3 mill. kr. ■■ Hendanes: 10,4/-1,1 mill. kr. ■■ Ervik Havfiske (konsern): 709/46,9 mill. kr.

Bremanger-reiarlaget Veststeinen er eit av dei lokale fiskebåtreiarlaga som kan sjå tilbake på eit godt år i 2022. Båten fiska inn 90,3 millionar kroner og leverte eit resultat før skatt på 10,7 millionar kroner. Vi snakka med dagleg leiar og medeigar i selskapet Jarl-Magne Silden på satellittelefon medan båten var på fiske etter blåkveite, torsk og hyse aust for Bjørnøya med eit mannskap på 14. – Vi har hatt fem-seks gode år med gode prisar på fisken. Men det er mørke skyer i horisonten. Det er kvotenedgang på torsk, og innskrenking på det frie fiske av lange og brosme i norsk sone. Rundt Færøyane og England er det reguleringsmessige utfordringar, seier Silden. Han seier 2023 ikkje blir eit like bra år som dei føregåande. – Vi får ikkje minustal, men vi merkar nedgangen i inntekter. Samstundes som avgiftsnivået og driftsutgiftene aukar, seier Silden. Reiarlag med flytande rente på lån merkar godt auka lånerente.

Har oppgradert båten Silden fortel at overskotet dei siste åra i stor grad er pløgd inn att i drifta, ved at dei har oppgradert båten i miljøvennleg retning. – Vi tek tunge kostnader for å bli grønare. Diesel kjem vi ikkje unna sidan vi må vere ute på havet i fleire veker. Førebels finst ikkje noko alternativ. Men vi opplever auka av-

giftsnivå når dieselen blir 70–80 øre dyrare for literen på grunn av at vi blandar inn miljødiesel. Vi må også betale 3,5-4 millionar kroner i norsk CO₂-avgift, etter kvart som den blir trappa opp. I tillegg har vi oppgradert mange av anlegga om bord slik at det er blitt elektrisk. Vi har bytta ut alt av lys til Led-lys, for å spare diesel og utslepp. Skal du få gode resultat må du også ha noko å tilby mannskapet. Så overskotet har gått inn i det grøne skiftet og til å få båten «ship-shape», seier Silden.

Opp- og nedturar Måløy-mannen eig 42 prosent av Veststeinen Invest AS som eig linebåten «Veststeinen». Per Ivar Sundsøy frå Kalvåg eig 42 prosent av selskapet. Båten er ein del av Bremanger-flåten av fiskefartøy. Silden (62) fortel at han starta i fiskerinæringa i 1978, og at han saman med Sundsøy investerte i første båten i 1994 for å sikre eigen arbeidsplass i dårlege tider. Det er han glad for i dag. Men det har langt frå berre vore oppturar. – Det har vore ei veldig fin reise. Men at vi også har vore med på dårlege tider er i alle fall sikkert. Silden støttar den norske reguleringa av villfiskbestanden, og han trur det er noko næringa får att på sikt. – Den norske bestanden trur eg blir bra forvalta. Det er naudsynt å tilpasse kvotane. Det er klart at det i periodar gjer det vanskelegare med

tanke på drift og inntekter, men trøysta er at vi truleg får det att på sikt.

Trefte blink med investering Styreleiar og medeigar Kristian Korneliussen i reiarlaget Breivik AS i Florø fortel om ei tilsvarande utvikling. Han driv selskapet saman med broren Svein Magne. Brørne har bygd seg opp frå dei byrja som sjarkfiskarar i 1985, til dei tok i bruk nybygget «Breivik Junior» til 60 millionar kroner hausten 2016. Investeringa har så langt vore ei samanhengande suksesshistorie. Breivik Junior har omsett frå 40 til 66 millionar kroner kvart år frå 2018 til 2022. Resultata før skatt har variert frå om lag tre til sju millionar kroner årleg. Toppåret var i fjor då dei fiska inn 66,7 millionar kroner i driftsinntekter, og levert eit resultat før skatt på 7,4 millionar kroner. – Fjoråret var bra. I år blir det ikkje same resultatet fordi vi ikkje har same omsetnaden. Vi har møtt på problem med å drive fiskeri i Nordsjøen grunna torskeregulering.

Kritisk til kvotenedgang Korneliussen meiner forskarane har bomma med grunnlaget for at torskekvotane er redusert. – Forskarane går ikkje i takt med den faktiske situasjonen ute på fiskefeltet. Vi opplever ein heilt an-


Hav av moglegheiter 2023

Lærling:

Opp- og nedturar: Medeigar og dagleg leiar Jarl-Magne Silden i «Veststeinen» er sjølv med og jobbar på båten. Då vi snakka med han ute på feltet, var han styrmann om bord. Han har jobba i næringa sidan 1978 og FOTO: VESTSTEINEN opplevd gode og dårlege dagar.

Aron Buvik med fin fangst om bord på «Veststeinen».

Bygd seg opp: Brørne Kristian (t.v.) og Svein Magne Korneliussen i reiarlaget Breivik AS starta med sjark og har bygd seg opp over i fiskerinæringa.

FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

FOTO: VESTSTEINEN

Fangst:

Ronny Stenshagen tek inn fangst på «Veststeinen». FOTO: VESTSTEINEN

Trefte godt: «Breivik Junior» fotografert ved kai på verftet Westmek på Stadlandet saman med «Vestliner» frå Ervik Havfiske hausten 2016. Åra etter har vist at brørne Korneliussen trefte blink med investeringa på 60 FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD millionar kroner.

Nær naturen: På solskinsdagar som dette er det fint å vere om bord på «Veststeinen» der dette biletet er teke. Men det er også mange tøffe dagar vêrmessig.

FOTO: VESTSTEINEN

r, men merkar inntektsfall nan realitet enn dei tala som ligg til grunn. Det er betydeleg meir torsk enn det kvotane tillét oss å ta ut, hevdar han. Korneliussen seier at dette også skaper problem for dei når dei fiskar etter sei. – Fordi det er så mykje torsk som blandar seg med seien at vi ikkje får effektivt fiske av sei heller. Det er strenge restriksjonar for bifangst, kor mykje torsk som kan vere innblanda i seifangsten. Trøysta er at vi truleg får det att i framtida når kvotane vonleg vil auke att.

Fryktar auka utgifter Korneliussen seier dei har treft godt med investeringane dei har gjort, men han minner om risikoen. – Vi kjøpte vår første båt i 1985. Først i 1996 gjekk vi over til AS. I 11 år var vi personleg ansvarleg for alt. Det er ein risiko nye fiskarar slepp å ta i dag. Vi har også kjøpt dyre kvotar under vegs. På tidspunkta vi kjøpte kvotane har vi opplevd dei som svinedyre. Men ser vi tilbake frå noverande kostnadsnivå, var dei billige. Vi var heldig med investeringa i nye «Breivik Junior» i 2016. Prisane har gått mykje opp etterpå. – Vi driv jamt og bra, på eit nivå eg trur er fornuftig. Vi fryktar auka dieselprisar og avgifter. Deler av drifta vår er ikkje veldig lønsam. Breivik AS har 18 tilsette fordelt på to skift. Båten er stort sett ute på felta heile året på fiske etter torsk, sei og lange. Dei har to kvotesett,

eit nord og eit sør. Båten har fryserom om bord og er til havs ein månad om gongen. Dei to brørne er skipperar på omgang for kvart sitt mannskap. Men då vi snakka med Kristian Korneliussen, var han på land og kunne fortelje at sonen var skipper på turen «Breivik Junior» var ute på.

Kvotenedgang på sild Dagleg leiar Kenneth Torvanger i Bremanger-reiarlaget Vestfart kan også rapportere gode resultat dei siste to åra. Vestfart AS omsette for 49,5 og 52,4 millionar kroner i 2022 og 2021, og leverte resultat før skatt på 10,1 og 13,6 millionar kroner dei to åra. Dei fiskar etter pelagiske artar. – Vi har klart å nytte rammevilkåra med auka kvotar på makrell og lodde. Brexit medførte endringar i fiskeri, særleg på makrell då det blei stengt for fiske i britisk sone der fisken er lettast tilgjengeleg, samtidig som kvotane auka. Vi har så langt handtert det bra og kome godt ut av det. Loddefisket har vore stengt i mange år, men det har vore opna eit avgrensa fiske dei siste åra. Prisen på fangsten har også vore god, seier Torvanger. Men også han rapporterer at pendelen ser ut til å svinge nedover. – Vi fekk nettopp beskjed om at kvoten på NVG-sild er ned 24 prosent neste år, og kvoten på makrell er ned 7 prosent. Samstundes blir alt dyrare, så vi førebur oss på sva-

kare år framover. Men på lenger sikt vil det vere positivt for bestanden at kvotane går ned. Sjølv om kvotane av og til svingar meir enn vi likar frå år til år, opplever vi at bestanden blir forvalta på ein god måte som gjev berekraftige fiskeri over tid.

Åtvarar mot havvind Torvanger åtvarar mot innblanding av nye næringar i fiskeområda. – Det er gode tider no, men likevel nok av utfordringar å ta tak i. Det er til dømes mange nye næringar som vil inn og utnytte havområda som fiskarane brukar, og som dei ulike fiskebestandane er avhengige av for gyting og beiting. Vi meiner det er ekstremt viktig at myndigheitene tek seg tid til å hente inn naudsynt kunnskap og ikkje tillét havvind eller mineralutvinning på havbotnen i område som kan påverke bestandane si evne til å reprodusere seg, før ein veit meir om konsekvensane det kan medføre. Det er til dømes søkt om havvindanlegg rett nord for Budagrunnen på Mørekysten, eit av verdas mest produktive havområde for reproduksjon av torsk, sei, sild og hyse. Eg synest ikkje det verkar fornuftig å risikere den mest miljøvenlege matproduksjonen vi har med slike inngrep utan å vere «føre var».

Jørn-Arne Tomasgard

God fangst: Gunnar Refvik og denne storfangsten illustrerer godt dei siste åra for «Veststeinen». Båten har levert gode resultat.

FOTO: VESTSTEINEN

5


6

Hav av moglegheiter 2023

Nedslåande rekord i oppreinskingstokt I løpet av den over 40 år lange historia til Fiskeridirektorates oppreinskingstokt har det aldri blitt teke opp meir garn frå havbotnen enn i år. Heile 1339 garn, eller 37.000 meter garn, blei teke opp og fjerna frå havbotnen i år. I tillegg blei det teke opp kilometervis med liner, tauverk og trålvaier. Det fortel Fiskeridirektoratet på sine nettsider.

Likevel ikkje meir «slendrian» Den tidlegare rekorden var frå 1992 då det blei henta opp 1180 garn. Toktet no gjekk frå Ålesund til Kirkenes og har dekka kysten og havområda utanfor på djup mellom 50 og 1300 meter. – I motsetning til funn av dumpa trålvaier er det viktig å streke under at garna av ulike årsaker er mista under fiske. I år er det spesielt garn frå fiske etter blåkveite som er komme dårleg ut. Garnrekorden gir likevel ikkje grunnlag for å hevde at det er blitt meir «slendrian» i garnfiskeria. Tvert imot, så viser dette at fiskarane følger opp meldingskravet og at det er eit årleg behov for oppreinsking i denne storleiksorden, seier toktleder Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratets Miljøseksjon. Men dei store funna viser derimot at fiskarane framleis har eit

Blåkveite i eitt av garna som blei henta opp. forbetringspotensial, til dømes ved dimensjoneringa på fiskereiskapane. – Lytt til erfarne fiskarar i området der det skal fiskast, oppmodar toktleiaren. Totalt blei det henta opp 1339 garn av ulike typar, 42.000 meter line, 25.000 meter tauverk, 229 teiner, over 8000 meter stålvaier og 5000 meter snurrevadtau som var forlate eller dumpa. I tillegg kjem ulike komponentar frå trålfiske, som tråldører, gear og omkring 250 m2 trål-lin.

15.000 kilo daud fisk – Det blei registrert ca. 15.000 kilo

Foto: Gjermund Langedal, Fiskeridirektoratet

fisk og 2300 krabbar i reiskapane vi fjerna. Sett bort frå ein kval og tre niser er det ikkje registrert sjøfugl eller andre sjøpattedyr i reiskapane som blei fjerna frå havbotnen. Vi er særleg nøgde med å sjå kor godt løysninga med rømmingshol i kongekrabbeteiner fungerer. Krabbefangsten er hovudsakleg funnen i eldre teiner og garn, seier Langedal. Fiskeridirektoratets oppreinskingstokt er kostnadskrevjande, men høgt prioritert. – Det er eit viktig element i miljøarbeidet, men sjølv om dette er prioritert innsats, får vi ikkje med oss alt.

Arbeidet er tidkrevjande og møysommeleg, noko som betyr at ein del tapsmeldingar må prioriterast bort. Det seier også noko om mengda og behovet. Det som blir henta opp blir fordelt på tre ulike måtar: Tilbakelevering til eigar, gjenvinning eller deponering. Skal det leverast tilbake til eigar, må det vere lovleg reiskap som er meld tapt. Totalt frå dette toktet blei meir enn 500 garn og over 100 teiner pluss mykje tau, vak og anker levert tilbake.

Liv Standal

Dei avslutta sesongen med størjefangst: – Det vart eit godt år Andre veka i oktober kunne gjengen på M/S Bluefin frå Florø melde at haustsesongen var ferdig, etter at dei var i mål med kvoten på 950 tonn makrell. – Det vart eit godt år for, så vi har ingen ting å klage på. Heilt på tampen fekk vi ein fangst 39 makrellstørjer i området vest av Ytterøyane, fortel reiar og skipper Atle Nekkøy.

Klar for friperiode Han tek seg tid til ein statusrapport for årets fiskeri. M/S Bluefin ligg no i heimehamna på Søre Nekkøy og for mannskap og reiar vert det tid til ferie og avkopling. – Det er alltid noko å henge fingrane i her heime, det står ikkje på det, men ein har godt av å kople av mellom slaga og. Når vi driv med

kvotefiske så vert det friperiodar mellom øktene, det er vi vande med. Elles nyttar vi alltid tida til å halde ved like nøter og bruk.

Gode prisar Mykje av makrellen i år vart fiska i Norskehavet og resten i engelsk sone. Dei er seks mann som driftar kystnotfartøyet på nær 35 meter. «Bluefin» vart levert frå Mundal Båt i 2000 og siste ombygging av fartøyet i glasfiber kompositt, var i 2006. – Makrellen i år har blant anna vore levert til mottak i Ålesund og Global her i Florø. Fangsten går jo til dei som betaler best, slik det alltid har vore. Prisane i år har vore veldig gode, så dei kan ein ikkje klage på. Vi er godt nøgde, slår Nekkøy fast.

Årets siste fangst Fiske etter størja krev stabilt ver, noko det ikkje har vore for mykje

av i haust. Til dette fiskeriet må ein og ha med seg ein observatør, noko som krev planlegging då vedkomande treng fire dagars varsel. – Vi var heldige. Den portugisiske inspektøren frå Iccat, mønstra på tysdagen og torsdag tok vi fangsten i havet vest om Ytterøyane. For florøfiskarane starta året med fiske etter NVG-Sild. Då gjekk turen til nord i Troms og området kring Skjervøy og Kvænangen.

Vart tid til ferie – Vi heldt på med dette fiskeriet til vi kom ut i slutten av februar, tenker eg. Så gjekk det slag i slag. Vi gjekk etter kvart over til seifiske med not i april månad, så vart det fiske etter nordsjøsilda ut på sommaren i juni. Det vart også tid til ein grei sommarferie, så alt i alt vil eg seie at drifta har gått bra for oss i år. Den no 23 år gamle båten deira har vore igjennom fleire rundar med forlenging og fornying. Det

M/S BLUEFIN: Skippar og reiar Atle Nekkøy kan rapportere om eit godt år, når det det kjem til drifta av kystnotfartøyet som har base på Søre Nekkøy rett vest av Florø.

arkivfoto: Tarjei Langeland

ligg ikkje føre nye ombyggingsplanar for M/S Bluefin, som først på nyåret legg ut på nye tokt.

Egil Kristian Aardal


Hav av moglegheiter 2023 ANNONSE

ENIVEST

Kystkultur og kunst – hand i hand med fersk fisk og frisk fiber Knutholmen og familien Fosse er kjent for god service og god mat. Det familiedrive hotellet er mykje meir enn eit hotell – og det siste skotet på stammen er eit romsleg og flott galleri med kunsten til Oddvar Torsheim. Jan Fredrik Fosse fortel at dei likar å tenke nytt, og at dei er svært opptatt av synergiane dei har i eige lokalsamfunn. Kalvåg er viktig for Knutholmen og Knutholmen er viktig for Kalvåg. Stabilt nett er ei viktig brikke i dette samspelet. Tidleg med fiber til heile bygda

Husar heile Kalvåg

Formidlar kystkultur

For omlag 10 år sidan – i samband med utbygginga av leilegheitene i Buvika – tok vi eit initiativ og utfordra Enivest. Vi spurte dei om kva som måtte til for å få godt og stabilt nett med god kapasitet. Svaret var enkelt, og dermed vart det tilbod om fiber til alle i Kalvåg. Vi la litt pengar i botnen og Enivest gjennomførte, slik at heile bygda fekk sjansen til fiber lenge før det var vanleg i utkantane. Sidan har vi vore veldig fornøgde med fart og tilgang på nett.

Jan Fredrik fortel at dei totalt har plass til 250 gjester – med andre ord omtrent like mange folk som det bur i Kalvåg. Vi tar i mot heile året – alt frå store selskap til enkeltpersonar og familiar på tur. I sommarsesongen er det eit yrande liv i Kalvåg – og då er det både våre gjestar, båt- og bubilturistar og folk i hus og hytter rundt oss som brukar restauranten, aktivitetstilbodet og ikkje minst fiberen levert frå Enivest. I år gler vi oss spesielt til å opne dørene til det nye Torsheim-galleriet.

Knutholmen er som sagt mykje meir enn eit hotell i Kalvåg. Her tilbyr dei overnatting i alt frå rorbuer og leilegheiter til moderne og historiske sjøhus og det meir eksklusive botique hotellet Sjøholt – med kontinental luksus. Familien Fosse tilbyr også mange ulike aktivitetar knytt til kystkultur- og natur i lag med gode samarbeidspartar.

Sprell levande sjømat Restauranten er vide kjent for sitt gode

~

For oss og for kundane våre er det sjølvsagt at vi kan tilby eit raskt og stabilt nett, smiler Jan Fredrik. Sjølv om folk koplar litt av i ferien – så må vi ha tilgang. Dessutan er alt som vi driv med - frå booking og kassasystem til store konferansar - avhengig av at kommunikasjonen med omverda fungerer 110 %. Gøy med galleri Oddvar Torsheim jublar over at kunstverka hans har fått eit moderne og framtidsretta lokale å vere i, og Fosse er jublande glad for å kunne opne eit kunstgalleri på 800 m2. Galleri Torsheim, som er ei permanent utstilling med rundt 250 kunstverk, vil heilt sikkert trekke mykje folk til Kalvåg. Vi likar å te nke nytt og utvikle oss, smiler Jan Fredrik – og dette prosjektet er berre gøy. Den kombinerte konferansesalen, konsertscena og kunstgalleriet er velutstyrt med teknisk utstyr. Vi har investert mykje i lyd og lys – og her er det ekstra viktig for oss å ha ein trygg fiberleverandør som Enivest med på laget.

kjøkken med sprellande fersk sjømat i fokus. Fleire i familien Fosse er engasjert på kjøkkenet i restauranten, i lag med kollegaer frå velrenommerte stader. Vi er opptatt av å ta i mot alle og sjå alle gjestane våre, seier Jan Fredrik. Her skal det vere kvalitet over heile fjøla. Å bygge ut og drive eit så komplekst anlegg er personavhengig, og familien Fosse viser gang på gang at dei meistrar dette. Men, vi er samtidig avhengig av at teknologien rundt oss fungerer – og det tar både vi og gjestane som sjølvsagt, avsluttar ein fornøgd kystkulturformidlar. Vi har samarbeidd med Enivest i over 10 år og vi veit at dei også leverer kvalitet over heile fjøla.

7


8

Hav av moglegheiter 2023

Vart sjef som 23-åring:

No leverer dei snart sitt femte nybygg på fem år I 2018 starta 23 år gamle Kristian Lundebrekke som dagleg leiar ved Måløy Verft. Fem år seinare er verftet i ferd med å fullføre sitt femte nybygg sidan stadsaren tok over roret. – Vi har hatt fokus på nybygg og gjort aktive tiltak for å kunne møte marknaden, seier Lundebrekke. I desse dagar er dei i ferd med å ferdigstille Torine. Ei ferje verftet bygger for Norled som skal i drift på Hvalersambandet. Ferja er den største dei har bygd sidan Lundebrekke tok over. Torine er 29,9 meter lang og elleve meter brei. Dermed fekk den akkurat plass i hallen på verftet som måler 30 meter. – Vi er heilt på maks av det vi kan gjere, slår Lundebrekke fast.

Fem nybygg på fem år Ved verftet i Deknepollen driv dei 18 tilsette med nybygg, men også reparasjons-, service- og vedlikehaldsmarknaden er viktig. – Dei siste åra har inntektene frå nybygg vore størst, men vi forsøker alltid å ha reparasjons-, service- og vedlikehaldsmarknaden som ein basis, seier Lundebrekke. Og det har blitt nokre nybygg sidan 29-åringen tok over som dagleg leiar, og felles for dei alle er at dei er svært ulike. Det starta med Barmen, eit komplisert bygg og ein av dei første elektriske bilferjene i landet. I dag er ferja i drift på strekninga Barmsund-Barmen. Vidare gjekk dei tilsette på verftet laus på Ole Bull. Ein høgteknologisk, elektrisk passasjerkatamaran for 50 personar som i dag fraktar passasjerar til og frå Ole Bull sin heim på Lysøen. Så kom ei ny og stor utfordring for Måløy Verft. Bygg nummer 25 og 26 frå verftet var to identiske ambulansebåtar med det nyaste innan teknologi og avansert medisinsk utstyr. Og i dag er det Torine som blir bygd på verftet. Her har dei tatt med seg mykje av konseptet og nyvinningane bak Barmen. Nisja til Måløy Verft har blitt kompliserte glasfiberkatamaranar. – Ein Måløy Verft-båt er ein båt der designen ser fin ut og kvaliteten er god, seier Lundebrekke.

Vaks opp på gard At 29-åringen skulle sitte og snakke om glasfiberkatamaranar var langt frå førehandsbestemt. Lundebrekke vaks opp på Stadlandet på gard med både kyr og rev. – Det var ein veldig fin plass å

vekse opp på, men pappa sa tidleg at eg ikkje kom til å bli bonde. Han såg nok at eg hadde andre interesser, smiler Lundebrekke, og held fram: – Eg hugsa at eg som 13–14-åring tenkte at det ikkje kom til å bli folk av meg om eg ikkje kom meg på sjøen og vart fiskar, så det var nok det som var målet. Og draumen fekk han realisert samstundes som han studerte eigedomsmekling på BI i Bergen. – Det var store kontrastar, men det passa meg godt. Eg har alltid sett pris på kontrastar i livet. Men etter ei stund, trass i godt miljø både i klassa og på skulen, fann han ut at eigedomsmekling ikkje var det han ville jobbe med resten av livet. Så då han var ferdig med studiet gjekk han tilbake til sin tidlegare arbeidsgivar Ervik havfiske, der han hadde halde på med mykje forskjellig tidlegare. – Eg har fått utruleg mange flotte moglegheiter i Ervik havfiske og det er eg veldig takknemleg for. Som 22-åring fekk han tilbod om å begynne som teknisk teiknar. – Det var ei svært spennande og erfaringsrik reise. Det var nytt for meg, og eg sat natt og dag i månadsvis for å lære meg det som skulle til, seier Lundebrekke, og held fram: – Det er nok den største fordelen ved å vere ung. Du møter alt med ei innstilling om at det skal gå fint.

Satsa på 23 år gamal eigedomsmeklar Etter litt tilfeldigheiter, fleire besøk på Måløy Verft og samtalar med eigar fekk 23 år gamle Lundebrekke tilbod om jobben som dagleg leiar ved verftet. – Ein må vere litt frisk for å satse på ein 23 år gamal eigedomsmeklar. Eg var nok ikkje den einaste som var spent på kva som ville møte meg, men eg var heile tida tydeleg på at eg var motivert og klar for ei utfordring. Eg såg på det som ei moglegheit for mange nye erfaringar, læring og eit miljøbyte, seier Lundebrekke. Han gjekk inn det audmjuk og innstilt på at om dette skulle gå bra, så måtte han lære av dei som allereie var der. – Du kan ikkje styre kor flink du er eller kor mykje kunnskap du har frå før, men du kan ta kontroll over innsatsen og arbeidet du legg ned. 2. mai 2018 sette Lundebrekke seg bak roret, og han legg ikkje skjul på at det har vore krevjande, men også givande. – Takka vere ei fantastisk mottaking frå alle som var, og framleis er på Måløy Verft, så har det gått kjempefint. Tida har gått veldig fort, samstundes kjennest det som at eg har vore her i 25 år. Det har vore heilt utruleg flott å kome til Måløy å ha fått blitt kjent med næringslivet og å ha fått blitt ein del av det.

Kontroll: I 2018 starta 23 år gamle Kristian Lundebrekke som dagleg leiar ved Måløy lære av dei som allereie var der. – Du kan ikkje styre kor flink du er eller kor mykje kunnskap

Ole Bull: Passasjerkatamaranen Ole Bull reiste frå Måløy Verft sommaren

2020.

Resultatmessig har det også gått bra. Omsetnaden var på vel 71 millionar kroner i 2022 og verftet leverte eit resultat før skatt på 4,1 millionar. Dette er ei auke frå ein omsetnad på 35,2 millionar og eit resultat før skatt på cirka ein million kroner i 2021.

Foto: Thomas Hagen/Galleri H

– Vi forsøker å levere god kvalitet, og å levere på berekna tid. Det føler eg vi har lukkast med. Ein viktig prioritet for meg som leiar er å sikre at dei som sit med kunnskapen og erfaringane innan produksjon blir inkludert i prosessane for produksjonsmetodar, konseptutvikling og


Hav av moglegheiter 2023 MF Barmen:

Ferja Barmen var det første nybygget Måløy Verft tok fatt på med Kristian Lundebrekke som dagleg leiar. Ferja går i dag mellom Barmen og Barmsund i Stad kommune. Foto: Håvar Fagerli

Laboratorium med lang erfaring og høy kompetanse på mikrobiologiske og kjemiske analyser av næringsmiddel, vann og miljø. 6718 Deknepollen, tlf: 57 85 35 11, lab@matmiljo.no www.mat-miljo.no Akkreditert laboratorium etter NS-ISO/IEC 17025

WWW.BABORD.NO

Verft. Han gjekk inn det audmjuk og innstilt på at om dette skulle gå bra, så måtte han du har frå før, men du kan ta kontroll over innsatsen og arbeidet du legg ned. Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Rosesol: Ambulansebåtane Rosesol og Roseflora vart bygd på Måløy

Verft.

design. Ein må alltid hugse at leiinga er til for produksjonen, ikkje omvendt, seier Lundebrekke. Han er framleis veldig motivert og kosar seg på jobb. – Eg har det supert i Måløy og på verftet. Det er spennande dagar med små og store problemstillin-

Foto: Thomas Hagen/Galleri H

gar, og fantastisk flotte folk å jobbe saman med.

Marianne Solheim Rotihaug

9


10

Hav av moglegheiter 2023

Utrangerte fiskefartøy hamnar Kva skjer med norske fiskefartøy når dei blir for gamle for bruk langs norskekysten? Nokre av dei blir flagga ut av landet og hamnar i afrikanske farvatn. Fem tidlegare Florø-skip har gått den vegen, avslører ein ny rapport.

I vår publiserte Naturvernforbundet, Støttekomiteen for Vest-Sahara og Fellesrådet for Afrika ein ny rapport. Dei har brukt data frå Skipsregisteret og andre kjelder for å spore opp nær 280 fiskefartøy som har blitt selt til utlandet dei siste åra. Ein stor del av dei hamnar i sårbare farvatn langs kysten av Vest Afrika. Ifølge rapporten kjem fem av fartøya frå Florø. – Spesielt stikker «Hasting» frå 1961 seg ut, som det eldste fartøyet i materialet vårt. Skipet vart sletta til Angola i 2023, og seglar for tida under angolsk flagg. På salstidspunktet var Hasting 61 år gammalt, seier Ingeborg Sævik Heltne.

Overfiske og rovfiske

KRITISK: Ingeborg Sævik Heltne er rådgjevar i Støttekomiteen for Vest-Sahara. Ho er kritisk til at gamle norske fiskefartøy blir selt til Afrika og er i bruk i område utanfor det okkuperte Vest-Sahara.

Foto: Sjur Gausemel Stølen

Ho er rådgjevar i Støttekomiteen for Vest-Sahara, og har vore med på å lage rapporten. Ho fortel dei fire andre fiskebåtane frå Florø også er interessante. – Dei har alle blitt hyppig observerte i omstridde farvatn langs kysten av Vest-Afrika, inkludert i farvatn utanfor Vest-Sahara, Afrikas siste koloni. Vest-Sahara er under okkupasjon av Marokko, og norske myndigheiter rår ifrå all næringslivsaktivitet i territoriet, seier ho. Florø er saman med Bergen, Haugesund og Ålesund dei plassane i Norge som har flagga ut flest fiskefartøy til fiske utanfor den vestafrikanske kysten. At utrangerte norske fiskefartøy ender opp på kysten av Vest Afrika meiner rapportforfattarane er problematisk av fleire årsaker. Mellom anna er dette eit område der overfiske og rovfiske er utbreidd. Dei peikar på at enkelte av statane der dei utflagga norske skipa har blitt registrert har fått raudt kort av EU som ein følge av svak fiskeriforvalting. Det er dessutan problematisk at det blir eksportert norske fartøy til okkuperte Vest-Sahara, der minst åtte av båtane dei har kartlagt har drive fiske dei siste ti åra på lisensar gitt av okkupasjonsmakta Marokko. I strid med det norske styresmakter tilrår.

Nye namn

BÅTÅR FRÅ FLORØ: Dette er bevegelser frå dei

ein gong Florø-registrerte båtane, utanfor kysten av okkuperte Vest-Sahara.

Hasting opererer lenger sør langs den afrikanske vestkysten, utanfor Angola og Namibia. Dei fire andre Florø-fartøya, Hargo, Sulehav, Buefjord 1 og Hovden Senior er observert i farvatnet utanfor Vest-Sahara. Hasting seljar framleis under sitt gamle namn, og er observert i Angola i mai og juni år. Dei andre fire båtane har fått nye namn etter at dei fekk nye eigarar. Her er den in-

formasjonen Ingeborg Heltne har om dei fem skipa. Sjå faktaboks

Sulehav Via Sjøhistorie finn vi at båten som tidlegare hadde namnet Sulehav blei bygd for Solund-selskapet Lending reiarlag, og var i deira eige fram til den blei selt til El Amar A/S i Belize og skifta namn til Sea Pearl. Sjøhistorie fortel at den blei selt vidare til ukjend eigar i Mauritania i 2020. Då fekk den namnet Afco 3. Hargo har tidlegare hatt namna Mogutt, Myrebuen, Polarvind og Atløybuen. Den blei overført til Atløyfisk AS i 2009, skifta namn til Harjo då P/R Oma ANS overtok den i 2011. I 2012 blei den selt vidare til ein ukjend eigar i Mauritania og skifta namn til Akchar. Buefjord 1 tilhøyrde P/R Buefjord DA på Bulandet frå den blei bygd i 1998 til den blei selt vidare til ukjend eigar i Kamerun i 2014. Den skifta då namn til Handsome Brothers. Hovden senior fekk Florø som heimstad då den blei kjøpt av Vesterhav AS i 2014, men allereie året etter blei den selt vidare til Mades Trade SA i Komorene og skifta namn til Ridaga.

Kva med Måløy? Vi spør Ingeborg Heltne om det også er båtar frå Måløy som er selt ut av landet. – Det er det - ein båt! Det er Argos Helena, som vart selt ut frå Måløy i 2015. Den bytta namn til Antarctic Discovery ved sal og er no søkbar under det namnet. Båten vart bygd i 1995 og var dermed 20 år ved sal. Det er dog blant dei båtane som har tilbrakt mindre tid langs kysten av Afrika, svarar Heltne. Vi tek ein kjapp sjekk på Marine Traffic, og finn at Antarctic Discovery i dag har australsk flagg, og i skrivande stund ligg ved land i hamnebyen Nelson i den tasmanske bukta i New Zealand.

Årlege forskingstokt Der dei andre lokale båtane i rapporten blei selt ut av landet for fleire år sidan, blei Hasting selt i 2023. Det var reiarlaget Frøybas i Kalvåg som eigde båten, dei kjøpte den i 2018. No er den altså heimehøyrande i Angola. Eit land Norge tidlegare har hatt eit nært samarbeid med om utvikling av ei fiskerinæring. Men dette er no for ein stor del avslutta, fortel Bjørnar Dahl Hotvedt som er Norges ambassadør i Angola. – Norge hadde for nokre år sidan ein del fiskerisamarbeid med Angola, stort sett gjennom Havforskningsinstituttet (HI), men dette er

i det store og heile fasa ut. Det einaste som i dag står att er samarbeidet gjennom det norske havforskingsskipet Dr. Fridtjof Nansen, som er drifta av havforskingsinstituttet. Dei gjennomfører årlege forskingstokt utanfor kysten av SørAfrika, Namibia og Angola. Hotvedt fortel at sjølv om mykje av samarbeidet er avslutta er det framleis en god del norsk klippfisk av torsk og sei som finn vegen til Angola, ein arv frå tida då landet var portugisisk koloni.

Har få andre moglegheiter Forfattarene av rapporten er bekymra for overfiske og rovfiske i

Fakta IMO

Noverande eller sist Norsk namn Sletta kjende namn ved sletting år

Noverande eller sist Tidlegare sist kjende flagg heimstad Byggeår

Alder ved Alder i sal 2023

Brutto tonnasje

9218636 8802399 8953083 8650277 8505410

Afco 3 (tidlegare Sea Pearl) Akchar Hansome Brothers Hasting Ridaga

Belize Mauritania Kamerun Angola Komorene

15 24 16 61 30

333 263 234 132 226

Sulehav Hargo Buefjord 1 Hasting Hovden senior

2014 2012 2014 2023 2015

Florø Florø Florø Florø Florø

1999 1988 1998 1962 1985

24 35 25 61 38


Hav av moglegheiter 2023

11

r i omstridde farvatn i Afrika

I Kalvåg: Her ligg Hasting ved kai i Kalvåg etter at Frøybas henta den til vårt område. No er båten i Afrika. Foto: AlfHakon Harlem

afrikanske farvatn. Hotvedt fortel at det er ei bekymring som går igjen også i lokale meda i Angola, både utført av angolske og andre lands fartøy. Men det er lite handfaste data å vise til. Landet har tiltrådt Københavnerklæringa som Norge har vore ein ivirig forkjempar for, det er ein internasjonal erklæring mot fiskerikriminalitet. Dei har også slutta seg til FAOs hamnestatsavtale mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. – Angolas fiskeristyresmakter har ikkje på langt nær same ressursar eller kapasitet som i Norge. Det er mangel på mellom anna forskningsfartøu og fartøy for inspeksjon og kontroll. Men det blir gjennomført bestandsestimeringar for nøkkelartar og det blir sett årlege kvotar. Det er også fredningsprosessar for visse artar. Som i ein del andre land er det også mykje usemd mellom den kystnære småskalaflåten og den havgåande flåten om omfang på fangst, kvoter og fiskereiskap, fortel ambassadøren. – Er det grunn til å være kritisk til at norske reiarlag sel sine gamle fiskebåtar til Angola?

– EIn ting er i alle høve sikkert. Angolas fiskeflåte, om det er småskala eller havgåande flåte, er ikkje modernisert i særleg grad. Det er heller ingen nasjonal produksjon av fiskebåtar utover dei aller enklaste farkostane for kystnære fiskarar. Det er eit ønske, både blant styresmakter og fiskerinæringa, om å oppgradere flåten. Men ein hindring for dette er at næringa ikkje genererer nok overskot til at nasjonale reiarar kan skaffe seg moderne fartøy. I tillegg ser det ut til å være lita interesse hos investorar til å gå inn i fiskeribransjen. Med det utgangspunktet har reiarane få andre moglegheiter enn å gå etter brukte og eldre båter som må importerast frå andre land.

Ingen peikefinger – Rapporten er ikkje meint som ein peikefinger mot enkelt-reiaralag eller individuelle sal, men den avdekker ein systematisk og problematisk trend som vi meiner det er viktig å kaste lys på. Likevel har nokon salk potensielt større konsekvensar enn andre, spesielt når det gjeld større fiskefartøy og båtar

AMBASSADØREN I ANGOLA:

Bjørnar Dahl Hotvedt er ambassadør i Angola, og jobbar mellom anna med å hjelpe norske bedrifter med å få plass i den lokale marknaden. Foto: Sandefjord Blad

som har bedrive fiske i okkuperte farvatn, seier Ingeborg Sævik Heltne. Når det gjeld Hasting frå 1962 spør ho om eksportøren har gjort seg nokre tankar rundt skipet sin livssyklus, og kor lenge det er forsvarleg for båtar å ferdast på havet. Men Hasting var oppgradert og i god stand då den blei selt til Angola. – Det er ein gammal båt, men den er blitt oppgradert gjennom åra, så

no er det vel berre kjølen som er original. Den passar svært godt til det fisket vi har planar om, sild, makrell, brisling og sei, sa skipper og medeigar i båten, Eivind Olav Larsen, til Fjordenes Tidende då han og broren Ronny Larsen kjøpte Hasting tilbake i 2018.

Arne Hjorth Johansen


12

Hav av moglegheiter 2023

For Ådne måtte det bli fisk

Ådne Martin Larsen er glad i fisk og er ein praktikar. Han synest han har hamna på rett hylle.

No har 21-åringen tre år bak seg i Mowi - først som lærling på anlegget på Flåtegrunnen i Skorpefjorden, der det blir produsert matfisk, deretter på RAS-anlegget på Haukå. Etter at lærlingetida var overstått fekk han fast jobb som røktar der.

Har blitt ti fleire på eitt år – Når du går akvakultur-linja skal du innom både matfisk og settefisk i lærlingtida. Så då anlegget blei lagt i brakk på Flåtegrunnen, blei eg plassert her, og eg trivst. Her er varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer. Då eg fekk tilbod om fast jobb her, kunne eg ikkje seie nei. Dei byggjer og satsar stort her, seier han med eit nikk mot vindauget. Og det viser svære kranar og mange oransjekledde bygningsarbeiderar utanfor vindauget at det gjer. I det heile har det skjedd mykje på Haukå sidan Ådne Martin starta for to år sidan. Den gongen

Vi har spisskompetanse på fiskeri og havbruk Vi kjenner bransjen godt og har eit stort, lokalt fagmiljø som er klare til å hjelpe deg. I lag finn vi løysingar som passar for bedrifta di. Avtal eit møte med ein av våre rådgjevarar ved å scanne QR koden nedanfor, eller kontakt oss på tlf 57 82 97 00.

Steinar Ryland

Roger Svarstad

ssf.no/bedrift

Julie Vårdal Heggøy

Fast tilsett: Ådne Martin Larsen er 21 år og har fått fast tilsetting ved Mowi Haukå ett var dei 11 tilsette, no er dei 21. Og endå skal det tilsetjast fleire. – Kva gjorde at du valde denne retninga? – Far min har jobba på Cargill sidan eg var liten. Eg har alltid vore med og fiska, og så har eg ein bestefar frå Kalvåg, der dei hadde fiskemottak. Eg spurde også ut bror min, som var på brønnbåt, om korleis det var i oppdrettsnæringa. Så då eg skulle søke på vidaregåande, tenkte eg at at naturbruk passa meg

fint. Det er ei fin næring!

Gode pengar Og det er det ikkje berre Ådne Martin som meiner, elevplassane på akvakultur blir raskt fylte opp i våre dagar. Han fortel at talet på studieplassar blei auka opp medan han gjekk på skulen i Måløy. – Kvifor trur du at denne utdanninga har blitt så populær? – Eg trur nok folk ser moglegheita til å tene gode pengar innfor opp-


Hav av moglegheiter 2023

Godt arbeidsmiljø: Ådne skryt av miljøet på arbeidsstaden sin. Her er han saman med lærling Stine Solvang frå Deknepollen (t.v.), som går TAF akva ved Måløy vidaregåande skule, og biolog Ingrid Oline Tveranger. – Men eg kan seie Stabben fyr. Skal ein fiske, er det ein grei plass å vere. Og Rognaldsvågen, kan du også skrive.

– Perfekt med praktisk yrke

ter at han hadde siste delen av læretida si der. drett og fiskeri. I tillegg er det gode jobbmoglegheiter, og du produserer jo mat til folk. Sjølv jobbar han på RAS 2 og 3, der det blir produsert fisk frå yngel før den blir henta av brønnbåt. Den kjem når fisken har blitt 200 gram og skal setjast ut i merder i sjøen. Her deltek han i den daglege drifta. – Då passar eg på at fisken blir fôra, fyller på fôr - generelt at fisken trivst og har eit godt vassmiljø, noko som er veldig viktig. For når

Begge Foto: Liv Standal

fisken har hatt bra, er den også bra når den kjem på tallerkenen din, smiler han. – Et du mykje laks sjølv? – Ja, eg er ganske glad i fisk og sjømat! 1. oktober opna hummarfisket og Ådne er aktiv også der. – Vi fiskar ikkje mengder, men slik at vi har til å kose oss med i familien, også krabbe. Dei gode fiskeplassane sine har han sjølvsagt ikkje lyst å avsløre.

No skjer det mykje på Ådne sin arbeidsplass. For tida bygger dei eit postsmoltanlegg på land, der dei skal produsere fisken opp til 700 gram før den blir sett ut i sjøen. – Då får den kortare tid i sjøen. Mellom anna får ein då mindre avlusing, som er ein positiv ting. Det nye bygget blir mykje større enn det eksisterande. Syklusen startar i klekkeriet, så går yngelen til startforing, der den blir fora opp til 2-3 gram. Deretter skal den over i RAS 1-anlegget, der den blir dyppvaksinert og veks seg endå litt større. Når den er stor nok der, blir den igjen flytta og sorterert etter stor-

leik over i RAS 2. – Når den er blitt 70 gram vaksinerer vi den mot ulike sjukdommar den kan få i sjøen, og så held vi den til den blir henta med brønnbåt, som leverer den ut til anlegga. Heile denne prosessen tek omkring eitt år. Det verkar rimeleg opplagt at 21-åringen var nøydd å velje ein yrkesveg som handla om fisk i ei eller anna form. – Det måtte bli noko innan fiskeri og havbruk. Slutten av 10. klasse fekk eg ikkje med meg, for då var eg med Breivik jr på ein liten tur. Eg synest det er meir spennande med praktisk arbeid. Eg har aldri vore så glad i skulen, så for meg er det heilt perfekt med eit praktisk yrke, avsluttar han.

Liv Standal

Nordfjord Havn IKS www.nordfjordhavn.no

Sentralt på kysten ligger Måløy. Havnen bærer preg av lange og stolte tradisjoner innenfor fiskeri og havbruksnæring. Måløy er en av norges fremste havner for sjømat.

Vi ønsker et tett samspill med lokalt næringsliv for å utvikle Måløy til en god opplevelse for sjømatnæring, industri og turisme.

SJØMATNÆRING

INDUSTRI

TURISME

– Måløy et hav fullt av muligheter

13


14

Hav av moglegheiter 2023 Rekordår: Fiskebåten «Vestfart» har eit mannskap på ti pluss ein lærling. Båten hadde 49,5 millionar kroner i driftsinntekter og 10,1 millionar kroner i resultat før skatt i 2022. «Vestfart» var ny i 2001 og kjøpt til Bremanger i 2016. FOTO: VESTFART AS

Tre brør vidarefører familiereiar – historia strekker seg 110 år tilb Bremanger-brørne Kenneth (42), Tore (37) og Tommy Torvanger (47) tek sats og vidarefører fiskebåtreiarlaget Vestfart. Dei er fjerde generasjon.

«Vestfart» ■■ Noverande «Vestfart» vart kjøpt

til Bremanger i 2016 frå reiarlaget Ervik og Sævik i Fosnavåg. ■■ Båten har heitt både «Leinebjørn», «Christina 2» og «Inger Hildur» før han vart «Vestfart» etter oppkjøpet i 2016. ■■ Han var ferdig bygd i 2001. Skroget er ifølgje nettstaden Sjøhistorie.no bygd i Russland, medan han er utrusta hjå Larsnes Mek. Verk. Han er 64 meter lang og 13 meter brei. ■■ I ein artikkel i Firdaposten i samband med kjøpet av båten kjem det fram at kjøpesummen var 70–80 millionar kroner.

Det var familiære grunnar til at dei tre Torvanger-brørne tok over Vestfart-reiarlaget, sidan far Jan og onkel Terje tidlegare var eigarar med 50 prosent eigardel kvar. Aktiviteten i selskapet er i alle hovudsak ringnotbåten «Vestfart» med eit mannskap på ti pluss ein lærling. Båten som er heimehøyrande i Bremanger, fiskar etter dei pelagiske artane makrell, lodde og sild. Familiehistoria strekker seg over 100 år tilbake. – Det var oldefaren vår Ulrik og brørne hans Nikolai og Julius som starta reiarlaget, og det har vore fleire medeigarar opp gjennom som har bidrege til å bygge det opp til det er i dag. Og no er vi fjerde generasjon ved roret. Neste år feirar vi 110 år, fortel Kenneth Torvanger. Han er busett i Bergen, men fortel at han reiser heim til Bremanger titt og ofte i samband med drifta. Då set han seg på båten i Bergen og jobbar gjerne om bord til han går av i Smørhamn. – Det er alltid godt å komme heim til Bremanger!

Generasjonsskifte Torvanger-brørne er del av ein ny generasjon i norsk fiskeriindustri. I mange reiarlag kan generasjonsskifte i familieselskap vere krevjande, både på grunn av at store verdiar er involvert, og fordi det krev ein spesiell type kompetanse å drive slik verksemd der arbeidsvilkåra ofte er tøffe langt til havs. Vestfart AS og morselskapet Vestfart Holding AS har kontoradresse Iglandsvika 18. Dei held til i Iglandsvik Næringspark, i det tidlegare fryseriet der det no er pussa

opp moderne kontorlokale. Båten har kaiplass i Smørhamn. Fiskeria «Vestfart» er involvert i er sesongbaserte og det varierer kor mykje dei er på sjøen frå år til år. Dei står på til kvoten er fiska opp. Jan Torvanger er no 70 år og framleis aktiv som nestleiar i styret. Han er den som i det daglege er til stades på kontoret i Iglandsvik. Terje er 67 år og framleis yrkesaktiv som skipper på «Vestfart». Kenneth Torvanger meiner ein av grunnane til at generasjonsskiftet har gått bra, er at dei har fått god hjelp og støtte frå faren og onkelen. – Risikoen ved å ta over var sjølvsagt noko vi tenkte på i samband med generasjonsskiftet. Vi kjøpte ut den andre familiegreina i selskapet. Det er stor risiko knytt til fiskeri på grunn av svingingar du ikkje rår over. Men i dag er vi veldig glade for at vi valde å ta over i 2019. Det handlar mykje om kjensler med å ta over og drive familieselskapet vidare. I tillegg er det ei næring vi har stor tru på.

Utfyller kvarandre – Verksemda har aldri levert så gode resultat som siste to åra. Det har sjølvsagt mykje med andre grunnar å gjere enn at vi driv verksemda godt, mellom anna har rammevilkår slege heldig ut. Men det har i alle fall gjeve oss ein god start og tru på at det skal gå bra. Eldstebror Tommy er den mest kjente av brørne sidan han er konsernsjef i det store sjømatkonsernet Nergård med base i Tromsø der han også er busett. Mange vil hugse han som ei habil målvakt i lokalfotballen, mellom anna for Tornado.

Kenneth er utdanna siviløkonom frå Noregs handelshøgskole (NHH) i Bergen. Han jobba mellom anna som revisor i KPMG og som rekneskapssjef i Grieg Gruppen før han tok på seg ansvaret som dagleg leiar av Vestfart. I Bergen har han kontorplass i eit kontorfellesskap på Bontelabo utanfor Bergenhus festning. Yngstebror Tore har gått den praktiskteoretiske vegen og teke skipsførarutdanning. Han er styrmann på «Vestfart» og det ligg i korta at han tek over som skipper den dagen Terje trappar ned. Også Tore har vore busett i Bergen, men ifølgje bror Kenneth er han og familien i ferd med å flytte tilbake til Bremanger. Dei tre brørne eig ein tredjedel av selskapet kvar.

Stabilt lokalt mannskap Kenneth seier det at brørne har erfaring frå ulike fagområde gjorde at dei valde å ta sjansen. – Ja, det var ein del av vurderinga. Vi har ulik kompetanse som samla sett gjorde at vi meinte vi hadde føresetnader for å klare å drive selskapet på ein god måte. At vi tok over verksemda har også ført oss som brør endå tettare saman. Tidlegare kunne det gå ei stund mellom kvar gong vi pratast. No snakkar vi på telefon med kvarandre så godt som dagleg. Det er ei positiv side med at vi no driv verksemd saman. Kenneth medgjev at han måtte tenkje seg om før han hoppa av ei god yrkeskarriere i næringslivet i Bergen for å gje seg i kast med å drive familieverksemda i Bremanger.


Hav av moglegheiter 2023

Utfyller kvarandre:

Eldstebror Tommy Torvanger er konsernsjef i Nergård i Tromsø. Det at brørne har kompetanse på ulike område gjorde at dei følte seg trygge på satsinga i Vestfart.

Dagleg leiar: Kenneth Torvanger hoppa av ei god karriere i næringslivet i Bergen for å ta over familieverksemda saman med dei to brørne. Han har ikkje angra.

FOTO: VESTFART AS

FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Styrer båten: Styrmann Tore Torvanger (t.v.) og onkel og skipper Terje Torvanger følgjer spent med på fisket frå brua på «Vestfart».

rlaget bake – Men eg trivst veldig godt. Eg må ha eit kontor i Bergen og gå til i kvardagen der det er eit fellesskap. Jobben min handlar om å legge til rette for at alt er på plass når båten går frå kai. Det er smått og stort som må ordnast. Eg har også vore med på nokre turar sjølv for å få innsikt i korleis ting fungerer. Vi har eit veldig stabilt mannskap der dei fleste er lokale frå Bremanger, ein er frå Måløy, og nyleg har vi tilsett ein lærling frå Selje. At dei har stabile tilsette som er flinke i jobben er ein viktig grunn til at verksemda går bra, meiner dei. – Vi har stort sett hatt det same mannskapet i ti år. Vi er opptekne av å gje tilbake til lokalsamfunnet ved at vi brukar lokale leverandørar der det er mogeleg, vi støttar lokale lag og organisasjonar, og ønsker tilsette som bur i området.

Miljøvennleg mat Kenneth Torvanger peikar på miljøperspektivet som viktig for «Vestfart». Utrekningar frå SINTEF Ocean viser at klimaavtrykket for norsk villfanga fisk er lågt, og at pelagisk har lågast klimaavtrykk. Avtrykket på klimaet er mange gongar mindre enn ved produksjon av kjøt, og også vesentleg mindre enn oppdrettslaks, ifølgje statistikken. – Sjølv om båten framleis må gå på diesel, er miljørekneskapen for det vi driv med gunstig om ein reknar utslepp av klimagassar per kilo mat. Fisken vi fiskar er også sunn for helsa til folk. Å fiske med ringnot slik vi gjer, er miljømessig gunstigare enn å fiske med trål. Å drive miljømedvite er noko vi er

FOTO: VESTFART AS

Ditt båthotell! Vi tilbyr et moderne og effektivt kaiområde. Ro ned og gi båten en velfortjent vinterlagring. Vår trygge opplagstjeneste gir deg den freden du trenger. Hos oss handler det om omsorg til din båt, ikke bare oppbevaring.

Kinn Marina, Brandsøysundet 29, 6908 Florø Telefon: 485 06 000 | post@kinnmarina.no | www.kinnmarina.no

opptekne av og som motiverer oss i arbeidet. Fangsten blir meld inn til Norges Sildesalgslag der aktuelle mottaksverksemder på land byr på fangsten gjennom auksjon. Båten møter opp hjå mottaket som tilbyr best pris for leveringen av fangsten.

Vil bygge seg opp og utvikle Ifølgje dagleg leiar Kenneth Torvanger har dei planar om å utvikle selskapet vidare. Både nytt fartøy og kjøp av kvotar er noko dei ser på, utan at noko er konkret. – Det er store investeringar, og ikkje noko vi har umiddelbare planar om. Fokuset no er å drive godt slik vi har gjort, og å bygge oss opp sakte, men sikkert. Vi skulle gjerne hatt fleire driftsdagar på båten og då er kjøp av kvotar det som må til. Men det er vanskeleg å få tak i nye kvotar til forsvarlege prisar. Vi følgjer med. På eit tidspunkt må vi også fornye fartøyet. Det har vore stor utvikling i løpet av dei over 20 åra sidan båten vart bygd, seier Kenneth. Å bygge nytt fartøy er ikkje tema. Det aktuelle er å sjå etter nyare brukt båt. – Med slike store investeringar er det viktig å ha stabile rammevilkår, så vi ventar i spenning på at regjeringa skal klare å lande den mykje omtala kvotemeldinga, seier han. Vestfart AS hadde 49,5 millionar kroner i driftsinntekter og resultat før skatt på 10,1 millionar kroner i 2022.

Jørn-Arne Tomasgard

Moderne løysingar for berekraftig fiske

Verdsleiande produsent av linesystem og fiskereiskap

15


16

Hav av moglegheiter 2023

Dagleg leiar i Sea Technology, Christian Carlson (t.v.) og dagleg leiar i Baug Boats, Vebjørn Oftedal har vore innom Måløy verft for å sjå på Baug Tjueen.

Landa visjonen for ein annleis fritidsbåt på éin time:

– Den var litt vill den pop up-tanken vi sette ut i livet På berre tre år har Baug Boats utvikla, produsert, selt og vidareutvikla Skjergardsjeepen Baug Tjueen. – I tillegg kjem avtale med den globale distributøren Egde og ei ny motoravtale til å hjelpe oss mykje, seier dagleg leiar Vebjørn E. Oftedal.

Denne båten er laga for ein som har hatt båt før, og veit kva han eller ho vil ha, seier Oftedal.

Det heile starta hausten 2020 med eit ønske om å utvikle eit eige produkt i fritidsbåtsegmentet. Under eit møte på éin time gjekk ideen frå å lage ein enkel båt til å designe ein skjergardsjeep i det øvre prissjiktet. Først blei ein fem meter-prototype produsert og testa. – Båten hadde nokre eigenskapar som vi blei litt overraska over og hadde tru på. Deretter starta vi arbeidet med å vidareutvikle prototypen til eit faktisk produkt, seier Oftedal.

Båten som skil både seg og deg ut Vegen var kort frå idé til det nye selskapet blei etablert og det same var vegen frå diskusjon til teiknebrett, og frå teiknebrett til produksjon. Det gjekk berre åtte månadar mellom idé og produkt. – Dette er ein styrke. Men den var litt vill den pop up-tanken som vi sette ut i livet, smiler Christan Carlson, dagleg leiar i Sea Technology som eig Baug Boats. – For meg har det mest spennande vore sjølve designprosessen. Det å finne fram til noko som ser tiltalande ut, som fungerer godt og avdekke ein plass til dette produktet i marknaden samtidig som at det skil seg ut. Det har også vore utfordrande, seier Oftedal. Carlson rosar Oftedal: – Han er «far» til denne båten. Han har funne fram heile produktet, stått på frå idé til teiknebrett og vidare til produksjon. Han er dagleg leiar i selskapet og gjer ein fabelaktig jobb med å vidareutvikle produktet.

– Det har alltid vore båt Oftedal og Carlson i ein Baug Tjueen på Måløy verft.

Både Oftedal og Carlson er levande opptatt av båt og båtliv.

– Det var ikkje tvil om at produktet i utgangspunktet skulle vere ein båt. Det var naturleg med tanke på miljøet og grupperinga med Måløy verft, seier Oftedal som er utdanna skipsingeniør frå University of Southampton i England. Han har alltid vore glad i sjøen og båtar. Det same har Carlson. – Eg har vore glad i båtar frå eg var ung, frå alle båtturane familien var på. Det har alltid vore sjø og båt. Heile vegen, smiler han.

Har ein annleis marknad Med eit norsk båtmerke, som også er produsert i Norge og har eit høgare kostnadsnivå enn i Aust- og Sør-Europa, har dei måtte finne si nisje i marknaden. – Denne båten er laga for ein som har hatt båt før, og veit kva han eller ho vil ha. Det er nok ein båt som sel på design og opplevd kvalitetsfølelse meir enn tanken om å ta med seg heile slekta på tur. Båten er designa for tøffe og røffe forhold – akkurat som kysten vi har rundt oss, forklarer Oftedal. – Finst det nok slike kundar? – For vår del er det nok. Vi er eit såpass lite merke per no at vi ikkje har behov for å produsere 100 båtar i året. Det held med 20, seier Carlson. – Målsettinga siste året var å selje mellom 15 til 20 båtar. Korleis har det gått? – Fem båtar er produserte. To båtar er selde og to båtar er nesten selde, seier Oftedal. – Vi tippar at vi har produsert åtte båtar ved utgangen av året. I 2024 vil det realistiske vere å selje mellom 10 og 20 båtar, legg Carlson til. Ein av grunnane til at dei ikkje nådde årets ambisiøse mål er at båtmarknaden tok ein 180 graders hei-

lomvending på lanseringstidspunktet for deira båtmodell. – Heile båtmarknaden er ganske død. Men det er ikkje ei bekymring for oss for vi veit at produktet er bra. Vi har is i magen. Marknaden kjem tilbake, seier Carlson.

Større nettverk og ny motoravtale Selskapet jobbar no med å få båten ut til eit større nettverk av forhandlarar og med å få distribusjonskanalane opp å gå. – Vi har knytt oss til distributøren Egde med dyktige folk som kan det å selje båt. Det har allereie vore til stor hjelp med å få båten ut til eit større nettverk av forhandlarar, både nasjonalt og internasjonalt seier Oftedal. Edge har også vore pådrivarar til val av motor til båten. – Vi kjem til å utruste båtane med Mercury-motorar frå no av. Det vil gjere at vi i endå større grad kan få styrke merkevara Baug Boats, og inngå samarbeid som bidrar til at merkevara kan vekse, seier Oftedal. Ved å bytte motormerke treffer dei også marknaden betre, meiner dei. – Det blir eit litt tøffare, racerbåtaktig produkt. I tillegg fører Mercury-avtalen med seg eit sterkt distribusjonsnettverk i Norge, seier Carlson. Men Baug Boats har endå ei nyheit: Dei har nemleg jobba med å utvikle ein ny versjon av båten. – Båten vil få ei ekstra sittegruppe framme i baugen som også kan bli til solseng. Men det blir som eit tilval, seier Oftedal.

Kjellrun Åsebø


Hav av moglegheiter 2023

Plassering

Kystvegen Måløy – Florø, også kalla 45-minuttsregionen, vil skape vekst på kysten av nordlege del av Vestland fylke.

KALVÅG - midt i skipsleia!

Ledig næringsareal tilrettelagt for hav- og fiskerinæringa, knytt opp mot kommunale kaier og infrastruktur. Plassering

Kalvåg er eit fiskevær på øya Frøya i Bremanger kommune i

Vestland. Kalvåg ligg ytst i havgapet og er innafor ein 45-mi-

nuttsregion (45minuttsregionen.no). Kystvegen Måløy – Florø vil knyte saman kommunane Bremanger, Kinn og Sunnfjord til ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion med om lag 50

000 menneske. 45-minuttsregionen gir maksimalt 45 minutt reisetid mellom dei ulike sentra i regionen. Kalvåg - opplevelser i havgapet

Kalvåg er eit viktig fiskevær med fiskeomsetnad og -foredling.

Du finn eit stort mangfald av turløyper og ramsalta opplevelser

Trondheim

høgt og lavt i havgapet – Hornelen, Vingen, Ålfotbreen, Grotle og Vetvika. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du Knutholmen. Her er det rorbuer, rom eller leilegheiter, restaurant, pub, dansegolv og møterom.

Ålesund

Kalvåg Bergen

Kalvåg er eit fiskevær på øya Frøya i Bremanger kommune i Vestland. Kalvåg ligg ytst i havgapet og er eit viktig fiskevær med fiskemottak, foredling, eksport, service, handel osv. Ta kontakt med www.bremangerhamn.no

17


18

Hav av moglegheiter 2023

Anlegget vart lagt ned i 2018:

No er det full fart med FOU – Spissinga og satsinga på aure opna for ny drift i 2021. No er vi fem tilsette og riggar vi oss for å køyre fleire kontrollerte forsøk med regnbogeaure.

Det fortel FOU og stamfiskansvarleg i Svanøy Havbruk, Solveig Willis.

Svanøy Stiftelse Det gamle og dels improviserte settefisk- og rognproduksjonsanlegget i Marøysundet var sentralt i Svanøy Stiftelse sine velmaktsdagar for 40- 50 år sidan, i ei storheitstid då dei i samarbeid med det nasjonale avlssystemet flaug enorme mengder augerogn av laks og aure til kundane med sjøfly. Då nedturane i havbruksnæringa kom utover frå 1990-talet, vart både sjøanlegg og landanlegg først selde til Domstein og Fjord Seafood, før dagens lokale eigargruppe tok over i 2005. I 2018 vart drifta i Marøysundet-anlegget skrinlagt. Det vart då rekna som utdatert og klar for historias skrapdunge. At dette vesle anlegget vart starta opp att i 2021, er stikk i strid med dei økonomiske tyngdelovene.

Masterkompetanse

Marøysundet: Svanøy Havbruk sin havbruksstasjon i Marøysundet på Svanøy.

Svanøy Havbruk ■■ Svanøy Havbruk

er vidareføringa av oppdrettsverksemda til Svanøy Stiftelse. Selskapet har lokale eigarar og skaper grunnlag for kring 30 arbeidsplassar. ■■ I 2018 la selskapet ned settefiskanlegget i Marøysundet, som vart vurdert til å vere for lite og ikkje konkurransedyktig i næringa. ■■ Selskapet driv sju konsesjonar i sjø. Matfisk (1), stamfisk (2) og FOU (4) ■■ Svanøy Havbruk er største aksjonær i Sande Settefisk i Gloppen, som produserer postsmolt av aure. ■■ Landanlegget, Havbruksstasjonen i Marøysundet driv med settefisk, stamfisk/ produksjon av aurerogn og forsøksverksemd. ■■ Anlegget vart teke i bruk att i 2021, som stasjon for utvikling av regnbogeaure, ein art som har vore underprioritert med forskingsmidlar i mange år. ■■ For å akseptere restart av ferskvatnkonsesjonen, kravde NVE rehabilitering av den ustabile demningen i Sagvatnet. Arbeidet vart ferdig i august 2023. Investeringskostnad ligg på kring 8 millionar, der Kinn kommune betalte 2,5 mill. kroner, sidan Sagvatnet er drikkevasskjelde for Svanøya. ■■ Svanøy Havbruk er ei av 43 bedrifter som er medlem/ aksjonær i Salmon Group, eit nettverk for små og mellomstore oppdrettarar. Stamfiskkonsesjonane er knytt til utviklinga av AquaGen sin aurestamme. ■■ Nofima i Tromsø er ein viktig samarbeidspartnar i utprøvingsarbeidet innan FOU

– Vi har brukt tida frå 2021 til gradvise utbetringar og vidareutvikling av anlegget for å tilpasse det til gjennomføring av forskings- og forsøksoppdrag. Aktørar som Nofima har behov for anlegg som kan gjennomføre forsøk for dei. Vi har no sikra oss solid fagkompetanse med to masterutdanna innan fiskehelse; forsøksleiar Monica Kalberg og fiskehelseansvarleg Synnøve Åhjem, fortel Willis. Svanøy Havbruk har nettopp fått restaurert og modernisert demningen i Sagvatnet i samarbeid med Kinn kommune, sidan vatnet også er øyas drikkevasskjelde. Vi var til stades under markeringa av vel utført arbeid. Direkte etterkommar av haugianarane på øya, Ole Svanøe, drog dei historiske linjene heilt tilbake til då vassfallet vart brukt til kverning av korn på 1600-talet og seinare til etablering av sagbruk på slutten av 1800-talet. Familien hans donerte hovudgarden til Svanøy Stiftelse i 1972, noko som la startgrunnlaget for dagens kring 35 arbeidsplassar i havbruksnæringa på Svanøy. Då reknar vi med naboanlegget Marø Havbruk og Svanøy Røykeri. På grunn av nedtappinga av Sagvatnet for å bygge ny demning, har mengda fisk i anlegget vore nedskalert ein periode. Men no er flaskehalsen eliminert og ein kan sette kurs mot neste utviklingssteg.

Ambisiøs utviklingsplan – Litt ironisk er det at det ikkje har kome nedbør på to månader etter at den nye demningen vart tett. Men no kan vi uansett sjå framover igjen og sluttføre monteringa av nytt vassinntak i sjøen og ein reinsestasjon for oppsamling og tørking av avfall og slam frå anlegget. Vi har lagt opp til ei trinnvis endring og oppbygging av havbruksstasjonen fram til 2028. Planane våre inneber også å bygge på og forlenge produksjonshallen med ei utvida forsøksavdeling og nytt vassinntak frå Sagvatnet. Til saman kan dette kreve investeringar på opp

HAVBRUKSSTASJONEN I MARØYSUNDET: Frå venstre driftsoperatør Marius N. Fløde, prosjekt og utviklingsleiar Solveig Willis, driftsteknikar Wojtek Oleksinski, fiskehelseansvarleg Synnøve Åhjem, driftsoperatør Hubert Oleksinski, lærling Miriam Svortevik og forsøksleiar Monica Kalberg. Driftsleiar Per Heimseth og driftsoperatør Grethe Agledal var Foto: Arve Olav Solbakken bortreist på ferie då bildet blei teke. mot 100 millionar samla sett. Regnbogeauren utgjer berre fem prosent av eksportverdien for laks, men denne robuste oppdrettsarten står sterkt i Vestland fylke, som har 70 prosent av produksjonen. Forsøka med regnbogeaure på Svanøy går gjennom heile livsløpet til fisken. Sidan Svanøy Havbruk har fire FOU-konsesjonar i sjø, kan forsøksgruppene følgjast heilt fram til utslakting.

Hjarteutvikling I 2022 starta eit FOU-prosjekt, «Robust ørret», i samarbeid med Nofima. Målet er å dyrke fram ein fisk med auka hjartestyrke, for å sikre at den toler stressituasjonar i oppdrett betre. I avlsarbeidet har ein i 20 generasjonar valt ut individ med rask vekst, noko som har ført til eit misforhold mellom kroppsstorleik og hjartestyrke. Det er for lite kunnskap i næringa om kva som er dei rette produksjonsprotokollane for aure. Oppdrett av aure har i stor grad følgt same oppskrift som for laksen. Resultatet er at ein for stor del av regnbogeauren får hjartesvikt ved høgt stressnivå. Hjartet har ikkje vakse og utvikla seg i takt med ein raskt veksande kropp. Det er lagt opp til ein miljøvennleg utprøvingsstrategi for auka fiskevelferd og redusert dødelegheit og svinn.

Rogn til konsum – Vi skal teste ut effekten av å halde både rogn og settefisk av aure på ulike temperaturar. Regnbogeaure er ein vårgytar og legg egga i elva på stigande temperaturar, mens laksen er haustgytar og legg egg på fallande temperaturar. Høgare temperatur på rogn- og settefiskstadiet er venta å påverke utvikling av eit meir robust hjarte, forklarer Willis. Det andre utviklingsområdet er få auke i verdiskaping av regnbogeaure, ved å utvikle ein kjønnsmo-

BALTVAKS: Denne vaksineringsgjengen er spesialistar på stikkvaksinering og gjer ein betre jobb enn maskinene kan gjere. den hofisk som held matfisk-kvalitet på kjøtet på same tid som ein nyttar rogn til kaviarproduksjon. – Vi har i samarbeid med Nofima dokumentert at dette er mogleg å få til. Det betyr betre utnytting av ressursane og dobbelt utbytte av kvar fisk. Mindre matsvinn betyr også auka berekraft, understrekar Willis. Utfordringa ligg i at produksjonen krev minst to år i sjø, noko som inneber utfordringar med lakselus, risiko for sjukdom og andre driftsutfordringar. – For at oppdrettarar skal kunne satse på denne kombinerte produksjonsforma, er det derfor nødvendig å korte ned tida i sjø for rognproduserande aure. Del to av FOUprosjektet har derfor som hovudmål å få lønsam produksjon av både konsumrogn og fiskekjøtt etter berre eitt år i sjø. Dette skal også gi ny kunnskap om korleis ein kan styre aure ved hjelp av ulike lys- og temperaturregimer i tidleg livsfase.

Arve Solbakken


Hav av moglegheiter 2023

TRIVSEL:

MIriam Svortevik (18) likar seg godt saman med arbeidskollegane i Svanøy Havbruk.

Miriam (18) har ein draum om å bli marinbiolog

Miriam Svortevik har vakse opp på Nyttingneset, i Solheimsfjorden, ikkje langt frå verken Florø eller Svanøy. – Eg har alltid likt å halde på med aktivitetar i og ved sjøen. Derfor valde eg å gå VG1 og VG2 akvakultur i Måløy. Der likte eg meg godt, særleg siste året då eg budde på hybel i sjølve Måløy. Eg var på utplassering på anlegg hos Svanøy Havbruk og derfor ønskte eg å ta fagbrev her. Ho bur hos onkelen sin i Havreneset i Florø og pendlar til og frå Svanøy. Kvifor valde du fagbrev i staden for påbygg?

– Ved å ta fagbrev kjem du deg fortare ut i næringa, men eg har ein plan om utdanne meg vidare til marinbiolog seinare. Eg har sett på eit studium i Australia som ser veldig bra ut. Miriam trur det vil vere lærerikt å vere på eit anlegg som er under utvikling og oppbygging. Ho har sitt eige nettverk av folk ho har gått i klasse med, men også jamnaldringar som jobbar på anlegg på Svanøy. Får du kritiske kommentarar frå folk fordi du jobbar i havbruksnæringa? – Nei, det har eg ikkje opplevd. Eg har vore medlem i Natur og Ungdom og er interessert i å ta vare på naturen. Det blir spanande å sjå korleis det går med rettssaka mot gruveavfall i Førdefjorden.

Arve Olav F. Solbakken

Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt regionen vår til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø. Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, containerfarty, supplybåtar, fiskefarty, brønnbåtar og fraktebåtar som syner byen sine maritime tradisjonar.

www.florohamn.no

Miriam Svortevik trivst godt som lærling på Svanøy og har ein draum om å utdanne seg vidare til marinbiolog i Australia.

Knutepunkt Florø

Florø si rolle som eit viktig knutepunkt vert i tillegg ivareteke av flyplassen, rett i nærleiken. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen; · Direktefly til og frå Oslo og Bergen · Hurtigrute · Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn. · Regelmessige avgangar. Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@kinn.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 ORØ HAMN FL

w

ww no .florohamn.

Fremtiden ligger i havet – rett under overflaten Mowi er et av verdens største sjømatselskaper og verdens største produsent av atlantisk laks. Vår ambisjon er å produsere næringsrik og velsmakende sjømat av ypperste kvalitet til våre kunder og konsumenter. Vi dekker en femtedel av den globale etterspørselen etter atlantisk oppdrettslaks, og drivkraften vår er kontinuerlig innovasjon og viljen til å produsere laks på en stadig mer bærekraftig måte. For å fortsette å lede den blå revolusjonen trenger vi ambisiøse og engasjerte ansatte med en lidenskap for vår næring. Vi er på jakt etter dyktige personer innen akvakultur, biologi, fiskehelse, næringsmiddelfag, teknologi, økonomi og ledelse. Join the Blue Revolution www.mowi.no/mennesker

19


20

Hav av moglegheiter 2023

Toppsjef: Robert Ervik (29) styrer eit konsern med åtte linefartøy, 20 dotterselskap og 350 tilsette.

Robert (29) leiar landets størst Robert Ervik (29) starta som toppsjef i Ervik Havfiske AS for to år sidan. Eit av grepa han har tatt for å ha fullt fokus på jobben er å byte ut heile garderoben.

1. oktober 2021 hadde Robert Ervik sin første arbeidsdag som administrerande direktør i Ervik Havfiske AS, det desidert største linebåtreiarlaget i Norge. Robert er ærleg på at det er mykje å halde styr på, og nettopp derfor er rutinar og kommunikasjon ekstra viktig for den unge direktøren. – Det første eg gjorde då eg starta var å lage ein halvårsplan og bygge eit leiarteam. For min del var det spesielt viktig å ha ei solid leiargruppe rundt meg. Robert gjorde også andre grep for å halde fullt fokus på jobben.

Flytta ut og bytta garderobe

Ervik Havfiske ■■ Eit konsern med 20

dotterselskap med brei og variert aktivitet. ■■ Selskapet har ein flåte på åtte linefartøy og nærare 350 tilsette på havet og på land. ■■ I 2022 omsette Ervik Havfiske AS for 639 millionar kroner.

Det første var å flytte frå Stadlandet til Deknepollen. Far, og den eine grunnleggaren av Ervik Havfiske, Stig Ervik, seier at han forstår at sonen valde å flytte ut av barndomsheimen. – Eg synest det er heilt greitt at ein ikkje sit opp på kvarandre, for det er lett for at det kan bli diskutert jobb på ettermiddag og kveld. Skal

vi prate jobb no, må vi ta ein telefon, seier Stig. – Det er viktig å skilje jobb og fritid, og då må ein ha gode rutinar. Og det er viktig å halde på familiefreden, seier Robert. Eit anna grep han gjorde for å kunne ha fullt fokus på jobb når han var på jobb var å forenkle garderoben. – No går eg berre med kvite skjorter. Det første du tenker på om dagen er jo kva kle du skal ha på deg. Eg prøver å få ned talet på avgjersler før du er på jobb, og heller bruke energien på å ta avgjersler der. Derfor har eg skifta ut heile klesskapet mitt, med alle dei fargerike skjortene mine, og går no berre med kvite skjorter. I Deknepollen bur han for seg sjølv saman med hunden sin Lexi, som er kalla opp etter den første bilen Robert hadde. Ein av dei mange rutinane til Robert er å gå tur med Lexi. – Det er når eg går tur med Lexi, at eg får dei beste ideane, seier den kreative direktøren.

Mange av ideane handlar om korleis Ervik Havfiske AS og alle dotterselskapa skal utvikle seg digitalt.

Digitalisering og fokus – Det som har vore viktig er at vi skal vere så digitale som mogleg. Om folk jobbar på Måløy Terminalen eller Ervik Havfiske sitt kontor, så skal dei føle at dei er på same plassen. Dei treng berre ta med seg ein berbar pc. Robert er open om at han har dysleksi, noko som gjer at han har utfordringar med lesing og skriving. I staden for at det skal vere eit hinder, finn han heller andre måtar å jobbe på, og penn og papir er bytta ut med digitale arbeidsverktøy, system og rutinar. – Rutinar og kommunikasjon er det eg har fokus på. Og at ting skal vere enkelt. Ta med seg ark inn i eit møterom har eg ikkje gjort på fleire år, seier han og peikar på iPaden som er med han overalt der han går. Robert brukar også digitale teik-


Hav av moglegheiter 2023

Lego: Robert brukar Lego-klossar når han skal Foto: Håvar Fagerli planlegge framtidige prosjekt.

Samarbeid: Far Stig Ervik og son Robert Ervik innrømmer at dei har sine diskusjonar, men at samarbeidet har gått fint etter at Robert starta som adm. Foto: Håvar Fagerli dir. i Ervik Havfiske AS i 2021.

Siger: Kjell Magne Ervik og Stig Ervik feira med sigar då dei i 1987 starta det som i dag er Ervik Havfiske Holding Foto: privat AS.

Opp og fram: Robert Ervik ser opp og fram, men er glad for at han har med seg gode og erfarne medhjelparar Foto: Håvar Fagerli i selskapet.

Spennande: – Det mest spennande med jobben er at ingen dagar er like. Vi er innom så mykje forskjellig, seier Foto: Håvar Fagerli Robert Ervik.

KRok: – Linekroken og Ervik-namnet er heilt sentralt i marknadsføringa av alle selskapa våre, seier Robert Ervik.

Foto: Håvar Fagerli

te linebåtreiarlag på sin måte neverktøy og lego for å planlegge framtidige prosjekt. Det visuelle er viktig, og det tek han også med seg når han skal marknadsføre selskapet.

Takras Robert er yngste sonen til Stig Ervik, som saman med Kjell Magne Ervik, starta det som i dag er Ervik Havfiske AS i 1987. Dei to reiarane var 27 og 24 år gamle då dei kjøpte sin første linebåt 18. desember i 1987. – Det er Stig og Kjell Magne som har bygd opp dette selskapet. Dei har bygd det stein på stein, og så kjem eg no og får heile takraset over meg, smiler Robert Ervik. Robert er klar på at han må leie selskapet på sin måte for å drive det vidare. – Eg er heilt avhengig av å ha dyktige folk rundt meg. For å få tak i dei dyktigaste folka er det viktig at kommunikasjon og rutinar er på plass. Få det beste ut av kvar enkelt person er viktig for meg. Han overtok som administreran-

de direktør etter Geir Solvåg som hadde vore i stillinga sidan reiarlaget vart stifta i 1994. – Heldigvis har vi med oss Geir vidare som seniorrådgjevar, seier Robert.

Erfaring Kontoret sitt har han i enden av det moderne administrasjonsbygget til Ervik gruppa. På det eine nabokontoret sit far og adm.dir. i moderselskapet Ervik Holding AS, Stig Ervik. På den andre nabokontoret sit tidlegare adm.dir. i Ervik Havfiske AS, og no seniorrådgjevar Geir Solvåg. 29-åringen innrømmer at det både er fordelar og ulemper med å vere omringa av dei som har styrt skuta før han. – Mange av dei som jobbar her har vore her i mange år, og dei er vane med at det er Stig og Geir som har tatt avgjerslene. No må dei omstille seg til at det er eg som bestemmer. Det kan vere litt vanskeleg i og med at det er eit familieselskap, og då er ein jo vane med at ein har sju-

ande far i huset som er der, smiler Robert. Han er likevel snar med å legge til at han er veldig glad for at han framleis har dei to seniorane i nærleiken. – Dei to har ekstremt mykje kunnskap. Så lenge eg har dei å lene meg litt på, så får eg konsentrere meg om å bygge laget. No har eg halde på i to år, og eg håpar at folk har sett litt endring i selskapet til no. – Har du blitt møtt med respekt? – Ja, det vil eg seie. Eg starta her då eg var 23, og vart dagleg leiar då eg var 28. Eg forstår at det er naturleg for dei som har vore her lenge at dei held seg til han som har bygd opp dette her. Og om du vil ha respekt, må du i alle fall vise at du fortener det. Eg trur og håpar at eg har fått organisasjonen til å bli med på det.

– Ingen dag er lik Det mest utfordrande i jobben er å skape resultat samtidig som ein skal skape vekst, meiner Robert.

– No er kvotane spesielt dyre, og båtane er dyre. Og om ein skal skape vekst må ein investere mykje. Vi har brukt over 300 millionar i rein eigenkapital på snøkrabben i løpet av eitt og eit halvt år. Og samtidig skal ein halde hjula i gang. Robert legg til at det også er mykje å halde styr på med å ha så mange selskap under seg. – Du må halde fokus på det du gjer. Du må vere fleksibel. Til dømes når ein jobbar med eit prosjekt og blir distrahert må ein ha teknikkar til å ta opp igjen tråden. Derfor er rutinar og kalenderen så viktig for meg. Men han ser også fordelar med å leie ein så stor organisasjon. – Det mest spennande med jobben er at ingen dagar er like. Vi er innom så mykje forskjellig. Og ikkje minst er det kjekt at vi er med på å kunne gje noko tilbake til lokalsamfunnet.

Håvar Fagerli

21


22

Hav av moglegheiter 2023

SENTRAL: Siri Stavang er sentral når Hub for Ocean no inviterer til møte om korleis fiskeslam kan bli ein ressurs i framtida.

Foto: Dag Frøyen

Blått avfall kan bli grøn gjødsel Kvart år ender mange tusen tonn med nitrogen og fosfor i sjøen i form av fiskeslam. No vil Hub for Ocean ta ei leiarrolle i arbeidet for å gjere fiskeslam til ein ressurs i framtida.

Dei som driv med fiskeoppdrett på land er pålagt å samle opp fiskeslam før avløpsvatnet går i fjorden. For oppdrettsanlegga som er i sjøen er det ingen slike krav. Her vil det nok kome strengare krav til reinsing i framtida, og kanskje kan fiskeslammet bli ein viktig ressurs i framtida? No inviterer Hub for Ocean aktuelle aktørar til eit møte om for å sjå på løysingar for korleis fiskeslam kan nyttast som ein ressurs. – Fiskeslammet er rikt på nitrogen og fosfor, og fosfor er i ferd med å bli ei mangelvare i verda. Noko av det vi vil sjå på er korleis vi kan hente ut fosfor frå fiskeslam. Vi ønskjer også å auke fokus på korleis ein kan utnytte fiskeslam som jordforbetringsmiddel eller i biogassproduksjon i miks med mineralog/eller husdyrgjødsel, seier Siri Stavang.

Symbiose Fjordane GRØN PROFIL: Solveig Willis, FOU og stamfiskansvarleg i Svanøy Havbruk, fortel at dei ønskjer å ha ein grøn profil. Dessutan er fiskeslammet ein interessant ressurs. Foto: Arve Olav F. Solbakken

Stavang er senior næringsutviklar i Hub for Ocean. Ho fortel at dei ser føre seg at dei kan ha ei rolle å spele i å skape ein sirkulærøkonomi knytt til nettopp bruk av fiskeslam. I møtet som skal vere den 24. oktober inviterer dei FoU-aktørar frå alle ledd i verdikjeda for handtering av fiskeslam til ein felles yngle-

plass for å avklare forskingsbehov i næringslivet. – Møtet har sitt utspring i vårt program, Symbiose Fjordane. Det er eit Hub for Ocean-program som i samarbeid med privat og offentleg sektor, FoU og verkemiddelapparatet skal damme partnarskap og nettverk for å utvikle sirkulære verdikjeder for handtering av organisk restråstoff i regionen. Målet er å gjere det enkelt for verksemder å etablere og ta del sirkulærøkonomiske prosjekt. Dei startar ikkje heilt på scratch. Fleire aktørar er allereie i gang med å sjå på løysingar. – Svanøy Havbruk skal bygge eit anlegg for handtering av avfall. BUE Salmon på Bulandet har eit stort fokus på sirkulær verdikjede og fiskeslam som ressurs. Dette blir det også jobba med på Mowi på Haukå og på Havlandet. Dette er noko som har eit aukande fokus ute blant oppdrettarane, slår Stavang fast.

Stor investering Solveig Willis er FoU- og stamfiskansvarleg på Svanøy Havbruk. fortel at arbeidet med ein slamreinsestasjon er i ferd med å starte opp i desse dagar. Går alt etter planen vil det vere klart for testkøyring i fe-

bruar eller mars neste år. Investeringa er på til saman fire millionar kroner. – Dette gjer vi både fordi vi ønskjer å ha ein grøn profil, men også fordi det er ein interessant ressurs. På postsmoltanlegget vårt på Sandane har vi eit reinseanlegg der vi bruker fiskeslammet til å produsere vår eiga energi i form av biogass. På Svanøy blir fiskeslammet i første omgang berre brukt til jordforbetring, men vi har vore i dialog med både ein bonde og hjortesenteret om eit samarbeid. Så på sikt kan det godt hende det blir biogassproduksjon der også, forklarar Willis. Eit framtidig biogassanlegg på Svanøy kan skape meir aktivitet på øya i framtida, og Siri Stavang og Hub for Ocean trur at det kan bli både auka aktivitet og fleire arbeidsplassar knytt til ein sirkulær økonomi på dette området i framtida. – Med Symbiose Fjordane ligg det eit stort potensial for å skape økonomisk vekst, nye forretningsmodellar, innovasjonar, nye arbeidsplassar og ikkje minst gje grunnlag for eit nytt grønt næringsliv på Vestlandet., avsluttar ho.

Arne Hjorth Johansen


23

·

Hav av moglegheiter 2023

UNITED WE TOW

HARBOUR TOWAGE OCEAN TOWAGE ASSISTANCE SALVAGE

PART OF RR GROUP

www.tugs.no · +47 995 42 444 · post@tugs.no


24

Hav av moglegheiter 2023

God lønn og kort utdanning lokkar unge til sjøs, men er det jobb til alle? Dei unge vil på sjøen, men utdanningane for fiske og fangst har langt fleire søkarar enn plassar, også ved Måløy vidaregåande skule. Eit spørsmål er om det vil bli oppretta fleire klassar, eitt anna er om det er behov for alle som vil bli fiskarar.

Sjølv etter at Vestland fylkeskommune auka opptaket for inneverande skuleår frå 12 til 15 elevar, stod det 20 elevar igjen på venteliste med Fiske og fangst på Måløy vidaregåande skule som førsteval. Ei stor auke frå i fjor då det stod sju igjen på venteliste. Interessa aukar med andre ord enormt, og rifta om skuleplassane har blitt så stor at karakterkrava også aukar kraftig. Utdanninga er kort og utsiktene til god løn allereie i læretida bidrar nok også til å trekke unge til fiskaryrket. Men er der nok lærlingplassar, og er det behov for alle som vil bli fiskarar i framtida?

Stor pågang: Patrick Hjelle (framme) og Simen Vedvik er to av femten elevar på Fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule i skuleåret 2023/2024. I tillegg til dei 15 som kom inn stod det igjen 20 på venteliste.

Øystein Sandøy har mange tiår bak seg som både fiskar, styrmann og reiar på banklinebåten Sjøvær.

– Motiverte og dyktige fiskarar får alltid jobb Han er ikkje redd for at ungdom som vel fiskarutdanning skal gå arbeidsledige. – Motiverte og dyktige ungdommar som gjer ein god jobb får alltid hyre. Mange trur at moderne fiskebåtar er så avanserte at det nesten ikkje trengst folk om bord, men faktum er at det er meir folk på ein moderne linebåt med autoline i dag enn det var då eg starta som fiskar i 1973. Det er eit større kvantum som

Foto: Gjert Myrestrand

skal handterast, og fisken skal frysast raskt og takast i vare på ein heilt annan måte enn før. Om bord Sjøvær har dei eit mannskap på 15 når dei driv linefiske. – Med to skift er det 30 personar som er sysselsett på båten. Han meiner jungeltelegrafen framleis fungerer godt i reiarlaga og fiskerinæringa generelt. – Generelt veit vi kva fiskarar som er tilgjengelege, kva båt dei har vore med tidlegare, og kva dei er gode for. Dei som har eit godt rykte blir raskt etterspurde. Og så må ein ikkje gløyme at det er mange fiskarar som går ut i pensjon og som må erstattast. Eg trur det blir nok av

Studiestad Måløy ein del av landets største fagskule. Fagskulen i Sogn og Fjordane og Fagskolen Hordaland er samanslått til Fagskulen Vestland, med studiestadar frå Stord i sør til Måløy i nord. Studiestad Måløy tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning og kurs innan maritime og marine retningar. Vi har to-årig utdanning til maskinoffiser eller dekksoffiser (120 studiepoeng kvar). På nyåret startar vi opp to-årig deltidsutdanning på 60 studiepoeng, Leiing i havbruksoperasjonar.

Vil du vite mer? Scann for å sjå studietilbodet til Fagskulen

fagskulen.no Ta kontakt med oss på telefon 415 30 690


Hav av moglegheiter 2023

Kunnskap: Nye Skulebas gir elevane kunnskap om moderne fiskeri. Foto: Gjert Myrestrand

Hyre: – Motiverte og dyktige ungdommar som gjer ein god jobb får alltid hyre, seier Øystein Sandøy.

Foto Erling Wåge

Høgt karakterkrav: – Eg har vore bekymra for det i fleire år. Karakterkrava har blitt så høge at dei som kanskje ikkje er så skuleflinke blir skubba ut, seier Geir Magne Røys, styreleiar i Vest-Norges Fiskesalslag.

jobbar i åra som kjem. Geir Magne Røys er styreleiar i Vest-Norges Fiskesalslag, og har også mange år bak seg som fiskar og fiskebåtreiar.

Høge opptakskrav Han synest det er flott at fiskaryrket har fått fornya popularitet og status hos ungdommen. Samtidig ser han at læreplassar kan bli ei utfordring. – Dette er noko vi tenker på, og er litt bekymra for, no som vi ser at så mange skal ut og finne seg ein båt å ta læretida på. Men eg håper vi skal kunne tilby læreplassar til både fiskeri- og havbrukslærlingar.

Han er også bekymra for om opptakskrava til fiske- og fangstlinja har blitt for høge. – Eg har vore bekymra for det i fleire år. Karakterkrava har blitt så høge at dei som kanskje ikkje er så skuleflinke blir skubba ut. Vi får rett og slett ikkje tak i dei. Løysinga, i alle fall på kort sikt, må vere å opprette fleire elevplassar, slik at vi får inn dei som har motivasjon nok til å vere i denne næringa over tid, seier Røys.

Kan bli utfordrande å finne nok læreplassar Reiarlaget Ervik Havfiske er kanskje lærlingbedrifta framfor nokon.

Fagbrev: Den vanlege vegen til fagbrev som fiskar er to år som lærling på fiskebåt etter fiske- og fangstlinja på vidaregåande skule. Her er klassa ute på tokt med Foto: Gjert Myrestrand Skulebas.

Foto: Kjellrun Åsebø

Dei har tatt ei leiande rolle i å ta imot lærlingar frå fiske- og fangstutdanninga ved Måløy vidaregåande skule, og administrerande direktør Robert Ervik er stolt over at det jamt over er rundt 30 lærlingar på båtane til det store linebåtreiarlaget frå Stadlandet. – Vi har tatt imot cirka ti lærlingar kvart år dei siste åra. Vi vil ha ei jamn rullering år for år med ti ut og ti inn. Det har fungert bra, men vi ser ikkje for oss å kunne auke talet på lærlingar noko særleg ut over ti per år. Det er også fordi kvotane sannsynlegvis går litt ned dei nærmaste to åra. Han er glad for at unge vil på sjø-

en, men trur kanskje ein må senke tempoet noko. – Det er flott at fiske- og fangstlinja har blitt så populær, og eg trur populariteten til fiskaryrket vil halde fram. Men ein må kanskje slakke litt ned på farta dei nærmaste åra. Han lovar at Ervik havfiske skal stå på for lærlingane. – Vi skal sjølvsagt gjere alt vi kan, men eg trur kanskje ikkje det blir like «rett fram» å finne læreplassar på båt som det har vore dei siste åra.

Gjert Myrestrand

Kompetanse og teknologi hand i hand Er du interessert i lærlingeplass?

Vi har fagområda: ▶ Kjemi-/prosess ▶ Produksjonsteknikk ▶ Logistikk ▶ Dataelektroniker ▶ Industrimekaniker ▶ Automatiker

25


26

Hav av moglegheiter 2023

Frå heksebrenning til kvalite I sommar blei det slakta laks frå Ode sitt anlegg på Svartekari ved Davik for første gong. No er det ny fisk i merdane. Vi fekk vere med ut på Bremanger-anlegget for ei lita omvising.

– Namnet kjem av at det skal ha blitt brent ei heks her i gamle dagar. Det er ikkje akkurat så triveleg å tenke på, seier Falk D. Øveraas. Øveraas er samfunns- og myndigheitskontakt i oppdrettsselskapet Ode. Vi har invitert oss sjølv på besøk på anlegget deira på Svartekari utanfor Davik, og Falk har teke turen frå Ålesund for å vise oss rundt og fortelje om kva dei held på med. Vi er på arbeidsbåten «Frøydis», på veg ut til merdane, og det er faktisk rett så triveleg. Historia til Ode på Davik er langt lysare enn segna om Svarte-Kari frå Davikneset som vart brend som heks for å ha drive med trolldom og hekseri. – Det var i juni i 2021 at det først kom fisk i anlegget her. I sommar slakta vi for første gong, og så langt som eg kjenner til, var dette den største slaktinga av oppdrettstorsk som har vore her i landet, forklarar Øveraas.

Bremanger har skjønt det

SJEF: Falk D. Øveraas er

samfunns- og myndigheitskontakt i Ode.

HEIME IGJEN: Håvard Flætre har teke med seg sambuar og flytta heim til Davik.

IKKJE LENGER LANDKRABBE: Ole Elde frå

Ålfoten er bra nøgd med å kome seg ut på sjøen. Ode er ein fin arbeidsplass, meiner han.

Ode blei starta opp i 2019 av gründerane Ola Kvalheim og Tor Olav Seim. Status i 2023 er at dei har fire anlegg i drift. I tillegg er det to anlegg som er godkjende og skal startast opp. Anlegget ved Davik er det einaste i Vestland, men dei ser føre seg at det skal bli fleire. På Svartekari har dei søkt om løyve til å utvide kapasiteten, og dei har også søknadar inne om to anlegg til, på kvar side av Nordfjorden. Om det fell på plass, vil dei bli drifta frå Davik. Verksemda vil då trenge vesentleg fleire tilsette enn dei sju-åtte personane som er tilsett der i dag. – De held til i Ålesund. Kva er årsaka til at de valde å etablere dykk akkurat her i Davik? – Det er fordi det var tilgjengeleg og ferdig regulert areal her. Bremanger kommune er veldig næringsvenlege. Her har lokalpolitikarane skjønt at ein må ha folk i arbeidsklede som går på jobb for å skape verdiar. Om det skal vere skule på Davik i framtida må det vere nok unge vaksne som vel å busetje seg her, og i Ode er vi glade for å bidra med arbeidsplassar slik at det er mogleg, svarar Øveraas.

Heim til Davik Med oss på båten er Håvard Flætre (35) og Ole Elde (55). Dei er begge tilsett ved anlegget i Davik. Flætre er frå Davik, medan Elde kjem frå Ålfoten. Når vi besøkjer dei, har Flætre vore i jobben i om lag ei veke. Han har budd i Bergen dei siste åra, men no tek han med seg sambuaren heim til Davik. – Å få jobb i Ode er ein medverkande årsak til det. Utan arbeidsplassar går det jo ikkje, seier han. Flætre har mekanisk bakgrunn og har jobba både i akvakultur og i maritim sektor tidlegare. Då dei bestemde seg for å sjå etter jobbmoglegheiter i heimbygda, dukka jobben opp på Finn.no. Frå heimen i Davik kan han så vidt sjå merdane og anlegget som no er arbeidsplassen hans. Elde har litt lengre veg. Han kjem frå Ålfoten og har vore tilsett i Ode i

OVERSIKT: Frå kontrollrommet har Ole Elde full kontroll på det som skjer under vatnet i m halvtanna år. Men erfaringa med oppdrett av torsk går lenger tilbake enn det.

Eit fantastisk produkt – Eg kan faktisk markere at det er 20 år sidan eg starta å jobbe med torsk i desse dagar. Eg var med på det som skulle bli eit oppdrettseventyr i Svelgen i si tid, men det blei velta av finanskrisa. Eg jobba med torsk fram til 2011, så var eg i ei mekanisk bedrift og vidare heldt eg fram som landkrabbe hos Steinvik rensefisk i 2013. Men no har eg endeleg kome meg ut på sjøen, smiler Elde, medan han legg «Frøydis» inn til ein av dei fem merdane på Svartekari med millimeterpresisjon. Det er tydeleg at han er stolt av arbeidsplassen sin. – Det har vore ei kjempeutvikling sidan eg starta for 20 år sidan. Det er mykje betre fisk i sjøen no enn den gongen. Fisken er avla på eigenskapar og er meir eigna til oppdrett. Det er eit fantastisk produkt vi produserer.

Torsken er attraktiv Det blei rapportert om rekordhøg dødelegheit i norsk lakseoppdrett i 2022. Havforskningsinstituttet skriv i sin rapport «Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2023» at dødelegheita i lakseoppdrettsanlegga ligg på om lag 15 prosent for heile landet. Det svarar til 58 millionar fisk. Det er i vårt produksjonsområde, frå Karmøy i sør til Stadt i Nord, at dødelegheita er høgast. Elde er glad for at han jobbar med torsk, og ikkje laks. – Eg høyrer fleire seie at dei er lei av å jobbe med laks. Dei er lei av

lakselus og høg dødelegheit. Vi har vel ein dødelegheit på 4–5 prosent her i Davik, langt lågare enn for laksen i vårt område. Eg synest torsken er ein kjekk fisk å jobbe med, og det er ein fin arbeidsplass. Eg trivst veldig godt, seier Elde.

Lita næring, stort potensial Ode har vore i ein kraftig vekst sidan dei starta opp. Falk D. Øveraas fortel at då han starta i selskapet for litt over to år sidan var dei om lag 20 tilsette. No er dei 105. Dei har anlegg på Vestlandet, i Møre og Romsdal og i Trøndelag. Dei har eit eige klekkeri, og sin eigen salsorganisasjon. Slik dekker dei heile kjeda, og har full kontroll på fisken frå rogn til den ligg klar på ein kjøkkenbenk ein eller annan plass i verda. – Fisken blir henta med brønnbåt og slakta i Ålesund. Så blir den eksportert med lastebil til fleire ulike land i Europa. Torsken er blant anna populær i både Spania og Frankrike. Fordelen med oppdrettstorsken er stabiliteten. Vi kan levere den same fisken, i den same størrelsen, kvar dag heile året. Det er ikkje så lett å få til med villfisken, seier Øveraas. Med full produksjon kan Ode produsere 25.000 tonn med torsk. Til samanlikning var resultatet av lofotfisket i 2022 på snautt 37.000 tonn. Samtidig blir det produsert om lag 1,7 milliardar tonn med laks og aure i Norge. I den samanhengen er torsk framleis ei ganske lita næring, men med eit stort potensial.

Fôringa styrt frå Ålesund Produksjonen i Davik ligg på 3100


Hav av moglegheiter 2023

etstorsk

merdane.

• Pelagia Måløy Sildoljefabrikk • Pelagia Måløy • Pelagia Måløy Sentrallager • Pelagia Måløy Health • Pelagia Selje • Pelagia Kalvåg

PELAGIA I REGIONEN

• Produserer ca 270 000 tonn fisk • Sysselsetter over 200 personer • Mange gode jobb muligheter

www.pelagia.com

alle Foto: Arne Hjorth Johansen

– Det er ikkje så vérhardt her. Det er litt straum i fjorden, men det ønskjer vi at det skal vere. Det er bra for fiskehelsa og bra for miljøet. Det er ein god lokalitet, lett å drive, og det at den ligg så nært land og busetning gjer det lettare å få tilsett folk. Det er ofte vanskelegare om det ligg langt frå land, forklarar Øveraas.

Totalleverandør av utstyr til garn og snurrevad

Støtte lokalsamfunnet

TORSK: Etter at dei slakta i sommar har dei no ny torsk på plass i merdane på Svartekari. Foto: Arne Hjorth Johansen

tonn og vil meir enn doblast i framtida. Frå kontrollrommet på flåten ved anlegget på Svartekari ser vi på store PC-skjermar at torsken beveger seg rundt i merdane. Dei ventar på lunsj, og ikkje lenge etter at vi har kome inn døra ser vi at noko begynner å skje på skjermane. – Fôringa er styrt frå Ålesund. Slik er det for alle anlegga våre, det er mange fordelar med det. Mellom anna gjer det at fisken blir fôra sjølv om veret er så dårleg at vi ikkje kjem oss ut på anlegget. Det er også eit poeng å bygge opp kompetanse på fôring og frigi tid for dei tilsette på anlegget, forklarar Øveraas. Men anlegget på Svartekari ligg slik til at det er svært sjeldsynt at dei ikkje kjem seg ut for å jobbe. Det ligg dessutan så nær land at det ikkje er noko heft å ta båten inn til Davik i lunsjpausen. Dei har difor personalfasilitetane i leigde lokale på fastlandet.

Anlegget fungerer bra, og dei søkte difor om løyve til å få utvide. Løyvet fekk dei, men det var ikkje heilt utan gnissingar. Både hos Firdaposten og Fjordenes Tidende var det kritiske lesarbrev og debatt rundt saka. Det meiner Øveraas er heilt naturleg, men inntrykket hans er at dei fleste er positive til at Ode har etablert seg i Davik. – Det er viktig for oss å bidra til dei lokalsamfunna der vi er plassert. Vi vil ha lokale tilsette, bruker lokalt næringsliv der det er mogleg, og vi sponsar idrettslag og klasseturar. Då vi søkte om utviding arrangerte vi folkemøte, og var opne om prosessen. Vi opplever at vi har blitt tatt godt i mot på Davik. Det er kanskje påfallande at det er på andre sida av fjorden at ein kan sjå banner langs vegane med nei til oppdrett i fjorden, men på den sida er det nesten ingen anlegg. Her på denne sida, der folk ser konsekvensane og kjenner folk som har arbeidsplassen sin her, er det ingen ting. Eg trur dei aller fleste er glad for at vi har etablert oss i distriktet, avsluttar Øveraas.

Arne Hjorth Johansen

Snurrevad leveres i samarbeid med:

27


28

Hav av moglegheiter 2023

Møt framtidas fiskarar

Det er rekordsøking til fiske og fangst-linja ved Måløy vidaregåande skule. Men kva er det som gjer at ungdom satsar på eit yrkesliv på sjøen? Det spurte vi dei tolv elevane som nyleg var ute på pigghåfiske med nye Skulebas om.

Patrick Halnes Sætren likar å køyre lettsykkel og vere saman med kompisane sine på fritida.

Tuva Moe Salomonsen liker å vere med vennar på fritida.

David Hamre Da Silva spelar fotball og er sosial på fritida.

På fritida likar Espen Oppedal å køyre motorsykkel og båt, men også å fiske, trene og jakte.

Blei motivert av historiene til faren og bestefaren

– Eg har alltid visst at eg ikkje ville jobbe på kontor

– Eg var skulelei og ville komme meg fort i arbeid

Likar tanken på å jobbe turnus

Patrick Halnes Sætren Alder: 17 Frå: Raudeberg

Tuva Moe Salomonsen Alder: 17 Frå: Bremanger

David Hamre Da Silva Alder: 17 år Frå: Selje

Espen Oppedal Alder: 17 Frå: Indre Oppedal i Gulen

Fiskehistoriene til faren og bestefaren gjennom oppveksten var med på å motivere Patrick Halnes Sætren til å velje fiske og fangst etter å ha fullført første året på Naturbruk ved Måløy vidaregåande skule. – Litt av grunnen er nok at eg har høyrt så mange historier frå både pappa og morfaren min om tida dei var på båt. Eg har alltid syntest det har vore spennande å høyre på det dei har fortalt, seier Patrick. Han vil i utgangspunktet bli fiskar, og har mest lyst til å jobbe på dekk. – Om det blir styrhuset seinare veit eg ikkje. Eg vil i så fall ha ein del år på dekk sånn at eg kan få ein del erfaring på sjøen før eg eventuelt tenker på styrhuset, seier 17-åringen. Patrick såg fram til å starte skuleåret med forskingsfiske etter pigghå på Skulebas, men fekk erfare at det å vere mannskap på den aller første fisketuren til ein heilt ny båt kan by på overraskingar. – Turen starta med at vi låg ved Stadyard på Raudeberg nokre dagar fordi egnemaskina ikkje fungerte. Det er vel kanskje normalt når båten er så ny at ting skal testast ut. Elles har det vore litt ting og tang som måtte fiksast på resten av toktet. Etter kvart fekk vi i alle fall fiska mykje pigghå og kom trygt heim etter fire veker.

Tuva Moe Salomonsen har lyst til å bli fiskar og synest yrket verkar spennande og variert. – Eg har alltid likt fysisk arbeid og har visst at eg ikkje vil sitte på eit kontor når eg skal ut i jobb. Eg har alltid vore glad i havet, så eg har tenkt at dette var den rette vegen for meg, seier ho, og legg til: – Det var besten og pappa som inspirerte meg til å bli fiskar. Når ho er klar for arbeidslivet har ho lyst til å jobbe på ein trålar. – Helst Atlantic Viking. Eg har vore ein tur med Atlantic Viking og storkoste meg om bord. Ho synest også at Skulebas har blitt veldig fin, men peikar også på eit par ting på dekk som kunne blitt gjort annleis. – Arbeidsdekket skulle vore meir oppdatert og hatt smartare løysingar.

– Eg valde fiske og fangst fordi det første året på Naturbruk gjorde meg meir interessert i fiskeri. Eg ville sjå om det var noko for meg, seier David Hamre Da Silva. Han blei inspirert av søskenbarnet til mora si til å utdanne seg i fiskarfaget. – Og så har eg ein del vennar som skal på sjøen. Men det som inspirerte meg mest var at eg var lei av skule og heller ville komme meg fort i arbeid, smiler han. Akkurat no har han mest lyst å jobbe på dekk som fiskar. – Eg synest det er kjekt. Eg liker ordningane med turnus, samtidig som at lønna ein får som fiskar er ganske bra for tida. Stort sett er han fornøgd med den nye opplæringsbåten, men ikkje med alt. Skulebas er flott både utvendig og innvendig, men sjølve arbeidsdekket meiner eg kunne vore betre tillaga.

– Eg likar meg på sjøen. Eg har lyst å jobbe turnus der eg kan jobbe i ein periode for så å ha fri litt lenger av gongen slik at eg har tid til andre aktivitetar. Og sjølvsagt er god lønn noko som motiverer. Det er ingen i familien til Espen som har valt fiskaryrket før han. – Eg veit eigentleg ikkje kor eg fekk ideen frå, seier han. Når han etter kvart skal ut i jobb er det særleg ein type båt som fristar. – Eg har mest lyst til å jobbe på ringnotbåt. Eg synest det ser kjekt ut. Som dei andre peikar også Espen på at Skulebas har hatt nokre barnesjukdomar på det første lengre toktet. – Nye Skulebas er ein fantastisk båt, men der er synd noko av utstyret ikkje har fungert som det burde.


Hav av moglegheiter 2023

29

Dennis Herland liker å køyre lett sykkel og å fiske på fritida.

Sander Sund likar å spele fotball på fritida.

Simen Vedvik liker å fiske på fritida også.

Patrick Hjelle liker å vere ute og vere sosial på fritida.

Dennis vil jobbe på not-, line- eller garnbåt

Ser for seg ei framtid på notbåt

For Simen er fiske både hobby og framtidig leveveg

– Eg har alltid hatt lyst å jobbe om bord i ein båt

Dennis Herland Alder: 17 Frå: Askvoll

Sander Sund Alder: 17 Frå: Atløy

Simen Vedvik Alder: 16 Frå: Vedvik

Patrick Hjelle Alder: 17 Frå: Måløy

Dennis Herland valde fiske og fangst fordi det er fiskeri han har lyst til å drive med, fortel han – Eg blei inspirert til å jobbe på sjøen fordi bestefar min har drive med det heile livet. Jobben han har mest lyst på er å vere om bord ein not-, line- eller garnbåt. – Det er desse fiskeria som interesserer meg, seier han. Han synst nye Skulebas er fin på innsida. – Men arbeidsdekket var betre på gamle Skulebas.

– Eg valde fiske og fangst fordi eg trivst veldig godt på sjøen. Eg kjenner fleire som har gått på denne linja tidlegare, og visste at den har bra rykte, seier Sander Sund. Det var ikkje minst faren som påverka Sander til å velje fiskaryrket – ved å gå føre som eit godt eksempel. – Det er pappa som har inspirert meg til å bli fiskar. Han jobbar sjølv som fiskar på ein notbåt. I framtida ser Sander føre seg å jobbe på båt. – Helst ein notbåt, fordi det er det eg har mest erfaring med og trivst best med.

– Det var pappa som inspirerte meg til å bli fiskar, seier Simen Vedvik. Med ein far som har vore fiskar nesten heile yrkeslivet sitt har han nesten vakse opp i ein fiskebåt. – Eg har vore med far min på sjøen sidan eg var liten og har fiska mykje i livet mitt. Det er faktisk fiske eg liker best å drive med på fritida. Når eg er ferdig utdanna har eg lyst til å drive med fiske på notbåt, seier Simen. Han har hatt det fint på det fire veker lange pigghåtoktet. – Skulebas er ein fin båt. Alt funkar ikkje som det skal, men det er framleis ein ganske bra båt.

– Grunnen til at eg valde fiske og fangst er at eg ville utdanne meg innan fiskeri. Eg ville lære mest mogleg om fiske, seier Patrick Hjelle. Han har alltid har likt seg på båt og har hatt lyst til å jobbe om bord. Kva type båt han vil jobbe på, har han ikkje heilt bestemt seg for enno. – Eg har ein liten tanke om å jobbe på ein ringnot- eller garnbåt. Han synest nye Skulebas er ein fin båt å sjå på og bu om bord i, men eg synst den er litt dumt bygd med tanke på å jobbe om bord på.

Eirik Kvalheim likar å køyre sykkel på fritida.

Johannes Færestrand Haugen liker å vere med vennar på fritida.

Olav Horne likar å drive med jakt og fiske på fritida.

Martine Håvik liker å vere med vennar på fritida.

– Eg har vore på sjøen sidan eg var tre år

Hadde tenkt å gå akvakultur, men ombestemte seg

Likar å fiske – og å tene pengar

– Eg likar fysisk arbeid

Eirik Kvalheim Alder: 17 Frå: Måløy

Johannes Færestrand Haugen Alder: 17 år Frå: Halnes, Måløy

Olav Horne Alder: 17 Frå: Gulen

– Grunnen til at eg valde fiske og fangst var at eg har vore på sjøen sidan eg var tre år gammal, og alltid har likt å fiske når eg har vore ute i båt, seier Eirik Kvalheim. Han medgir også at pengane motiverer. – Det er nok også kombinasjonen av at eg har vore mykje på sjøen og dei gode pengane ein kan tene i dette yrket, seier han. Han har mest lyst til å jobbe på linebåt når han er ferdig med utdanninga. – Det ser kjekkast ut. Det er alltid noko å gjere på om bord «på lina». Han synest nye Skulebas er fin og at det er ein god sjøbåt, men fortel at det på det første lengre toktet har vore litt forskjellig utstyr som ikkje har fungert som det skulle. – Arbeidsdekket skulle ha vore litt betre, synest eg.

– Eg alltid har hatt ei interesse for fiskeri, seier Johannes, og fortel at han allereie har gjort ei endring i faga sine. – Då eg gjekk på Naturbruk første året hadde eg tenkt å fortsetje med Akvakultur, men dei få turane vi hadde med gamle Skulebas gav meg meir perspektiv på korleis det er å vere fiskar. Han har blitt inspirert av både faren og bestefaren som har vore mykje på sjøen. – Dei har vore masse på lina. Derfor ville eg prøve meg litt fram med det. Eg fann fort ut at det er det eg vil satse på framover. Det er også det han vil jobbe med. – Lina høyrest tryggast ut akkurat no, og så langt har eg kost meg skikkeleg på lina. Han ønsker seg ei mast på nye Skulebas. – Ja, det kunne gjort seg med ei mast. Det er mange barnesjukdomar på ein heilt ny båt, og av og til merkelege oppsett, seier han, og fortel at han lengtar litt tilbake til gamle Skulebas.

– Eg valde fiske og fangst fordi eg har likt fisking i mange år. Far min jobba på oppdrettsanlegg i mange år, så eg bestemte meg tidleg for kva retning eg ville gå, seier Olav Horne. Også for Olav er utsikta til god betaling noko som freistar. – I tillegg til at eg likar å drive med fiske, så er jo det at ein kan tene bra med pengar i dette yrket ein viktig faktor. Han synest den nye skulebåten er flott. – Eg synest Skulebas er fin. Det er mykje luksus, men det har også vore ein del feil med utstyret på denne turen.

Martine Håvik Alder: 17 Frå: Sandane – Eg har alltid vore glad i å vere på sjøen, og eg likar fysisk arbeid, seier Martine Håvik, og fortel at ho har vore mykje med onkelen til faren sin ut på sjøen. – Heilt sidan eg var lita har eg vore med han ut i sjarken. Eg har alltid syntest det har vore artig. Kva ho vil gjere etter enda skulegang er ho ikkje heilt sikker på enno. – Eg veit ikkje spesifikt kva eg vil jobbe med, men eg er sikker på at eg vil jobbe på sjøen. Ho synst den nye opplæringsbåten er fin å sjå på. – Eg synest den er fin, men i starten var det mykje som ikkje funka og maskiner som slutta å fungere. Men elles er det bra at båten har justerbare stålplater i dørken som gjer det enklare for oss som ikkje er så høge å finne gode arbeidsstillingar.

Gjert Myrestrand og Svanhild Breidalen Alle foto: Gjert Myrestrand


30

Hav av moglegheiter 2023

UNIKT: – Det

er utruleg lærerikt å jobbe tett på leiinga i Steinvik, seier Viljar Ødelien (t.v.). Her med dagleg leiar og mentor Erlend Vassbotten. Foto: Dag Frøyen

No ser Viljar (24) meir av de Dei fire siste somrane har økonomistudenten Viljar Ødelien hatt sommarjobb på anlegga til Steinvik Fiskefarm. No deltek han på eit traineeprogram i selskapet og har fått ein nytt perspektiv.

Han kom til Steinvik litt gjennom kjøkkendøra. For med både ein far og ei mor som har jobba i bransjen, har Viljar fått en viss interesse for næringa heimanfra. Men det var økonomi han sikta seg inn mot etter videregående. No har han levd studentlivet og budd i Trondheim, Ålesund og til og med i Berlin. Då han var ferdig med bachelorstudiet i økonomi frå NTNU i Trondheim i vår, vart han freista av Seafood Trainee programmet sjømatnæringa samarbeidar om. For Viljar var dette ein moglegheit til å komme heim. Ikkje berre til heimkommunen, men også ei bedrift der han har vore ferievikar dei fire siste somrane. Steinvik konsernet er medlem i NCE Seafood Innovasjon. Dette er ei næringsklynge for sjømatnæringa. Her tek dei inn nyutdanna i trainee-stillingar som ledd i rekrutteringa. Deltakarane i ordninga er kopla til næringsklynga der dei deltek på ein del undervisningsmodular, men gjennom trainee-perioden er dei i hovudsak tilsett ute i bedriftene. Her såg Viljar ei unik mogleg-

heit til å lære bransjen tettare å kjenne.

Nytt perspektiv No har han jobba ein god månad på Steinvik og ser allereie ei ny side av selskapet. – Det er spennande å få sjå korleis alt heng saman på et overordna nivå. Det å ha moglegheita med å jobbe med det som er relevant til utdanninga, men også kunne ta helgevakter og vere med på operasjonar ute på anlegga, liker eg godt. Det gjer til at eg får eit betre og meir heilskapleg perspektiv på det vi driv med, seier han og trekk fram det gode miljøet som eit klart pluss. Steinvik er eit stort konsern med 60 tilsette og har mange ulike lokasjonar. Dei er innovative på teknologi og var mellom anna først i Norge med sentral forstyrring på lokalitetane sine. Men det er også ei familiebedrift og i administrasjonen der Viljar Ødelien jobbar får han vere tett på dei som styrer og legg strategiar for å utvikle selskapet vidare. – Eg er veldig interessert og er i eit

miljø der det er låg terskel til å stille alle moglege spørsmål. Å vere tett på dagleg leiar Erlend Vassbotten og leiar for strategi og finans Hans Jørgen Kirkeeide, og sjefen min Einy er heilt unikt, vedgår han. Einy Helen Akselsen er leiar for rekneskap og HR og er sjefen til Viljar. Ho meiner dei har fått eit kinderegg i den nye traineen. – Ein slik trainee-stilling skal i hovudsak vere i tillegg. Med Viljar så har vi allereie fått ein ressurs og ein person som allereie er ei avlasting for meg, seier ho. No jobbar han med å sette seg inn i arbeidsrutinar i selskapet. Med utgangspunkt i administrasjonen får han innsikt med fleire av dei andre selskapa i Steinvik Gruppa. Arbeidsoppgåvene har gitt ein god innsikt i leverandørane til Steinvik i tillegg til dei ulike samarbeidspartnarane selskapet har. Han jobbar også med berekraft, noko selskapa er opptekne av.

– Ikkje verste plassen å selje inn På spørsmål om han ser føre seg ei framtid i bransjen og i området,


Hav av moglegheiter 2023

Totalleverandør av innovative fartøy til oppdrettsnæringen SERVICE

TRIVAST: Dei fire siste somrane har Viljar Ødelien vore Foto: Privat sommarvikar ute på anlegga.

FEED

LIVE FISH

UTILITY

HARVEST

Kristiansund | Førde | Skottland | Chile | Canada

RESSURS: Einy Helen Akselsen er leiar for rekneskap og HR i Steinvik og sjefen til Viljar. Ho meiner dei har fått eit Foto: Dag Frøyen kinderegg i den nye traineen sin.

Vårt kompetente mannskap

har lang erfaring fra

bransjen, og leverer alltid tjenester av beste kvalitet med stort fokus på hygiene, miljø og sikkerhet.

www.aquaship.no TRIVSEL: – Arbeidsmiljøet er den store bonusen, seier Viljar Ødelien her med sjefen Erlend Vassbotten t.v.. Bygget som før husa Hopen Evangeliesenter er no administrasjonen til Steinvik Fiskefarm. Og vi kan trygt peike på at utsida av bygget ikkje står i stil med innhaldet.

Foto: Dag Frøyen

et store bildet vedgår Ødelien at perspektivet har endra seg i løpet av dei siste åra. – Ja, det vil eg seie. Etter å ha budd borte i 5 år har eg et heilt anna perspektiv på byen og området enn eg hadde etter vidaregåande. Bransjen tilbyr mange moglegheiter og det er definitivt ei næring eg kan sjå for meg å jobbe i. Som trainee i Steinvik får han god innsikt i sjølve produksjonen av laks og aure noko som kjem godt med uansett kor han skulle ende opp. Det vere seg innan produksjon, sal eller som tilsett i eit av leverandørselskapa. Viljar meiner også omlandet til heimbyen Florø er lett å selje inn om ein ønskjer å etablere seg og stifte familie. – Eg kunne godt tenke meg å komme heim med tid og stunder, men eg er nok ikkje heilt der endå. Planen min er å ta ei mastergrad i økonomi anten i Trondheim eller Bergen for å spesialisere meg og få litt meir jobberfaring.

sjeansvar ved å vere med i traineeordninga. – Viljar er jo ein mann vi kjenner frå før, så det var ingen ulempe for oss at nettopp han kom inn som trainee, seier han. Vassbotten er sjølv økonom i tillegg til å vere skulert i havbruk og leiing. Før han tok over Steinvik jobba han også i Lerøy. Han er likevel klar på at dei som skal jobbe i Steinvik ikkje må ha akademiske titlar å vise til. – Utdanning er alltid eit pluss, men det er folka og ikkje den akademiske tittelen som betyr noko for oss. Vi støttar sjølvsagt dei som har ambisjonar og i Viljar sitt tilfelle å ta ein mastergrad, men det viktigaste for oss er å kople til oss dei som er motiverte og lærevillige, slår Vassbotten fast. For det er nok mykje kunnskap i sjømatnæringa ein ikkje kan tileigne seg om ein ikkje er tett på. Slik som Viljar Ødelien kjem til å vere det neste året.

Folka ikkje tittelen

Dag Nesbø Frøyen

Erlend Vassbotten er dagleg leiar for Steinvik Fiskefarm og tek bran-

walcon.no

31


32

Hav av moglegheiter 2023

STOR FRAMGANG: Ved hjelp av kontrollert miljø i landbasert oppdrett og systematisk avl har Havlandet stor framgang med Havlandet-stammen. Her er «jordmor» Henriette Foto: Per Øyvind Helle Helle med eit prakteksemplar.

Har dobla tilveksten på Havlandet-torsken på få år Florø: I 2017 var snittvekta på 18 månaders Havlandet-torsk 2,3 kilo. I 2021 vart snittvekta på like gammal fisk målt til 4,35 kilo.

Dagleg leiar Halvard Hovland i Florø-selskapet Havlandet Marin Yngel (HMY) hadde ei imponerande historie å fortelje til deltakarane på Fiskeri og Havbrukskonferansen på Raudeberg 28. september.

Skryt til Havlandet Der var også adm. direktør Ola Kvalheim i Ode AS, som satsar stort på matfiskproduksjon, marknadsutvikling og sal av oppdretta torsk i Europa. – Framgangen innan avl og biologi er ein av dei viktige hjørnesteinane som gjer at vi no satsar på å bygge opp næringa. Det har vore gjort eit fantastisk arbeid på avlsbiten, takka vere at det var nokre stabeisar i Havlandet som ikkje gav seg når alle andre gjorde det for 15 år sidan, kommenterte han. Som biolog er Halvard Hovland sjeleglad for at han har jobba for

tolmodige og visjonære eigarar i INC-konsernet. – Heldigvis var dei like «tungnemme» som meg. I 2012 rakna næringa fullstendig. Næringsaktørar, myndigheiter og finansfolk konkluderte med at no hadde ein prøvd ut torsk som oppdrettsart. Den fungerte ikkje og ville ikkje komme tilbake. Vi i Havlandet sette oss ned, rekna og vurderte situasjonen og kom til stikk motsett konklusjon. Vi bestemte oss for å halde på stamfisken og utvikle avlsmaterialet vårt, forklarte Hovland.

For kort horisont Han strekar under at dei har hatt eit utmerkt samarbeid med Innovasjon Norge både før krakket og i seinare tid. – Då eg snakka med Innovasjon Norge i 2014 fekk eg følgande oppmoding. Viss du Halvard ikkje leve-

rer inn søknaden no, så slepp vi å avslå den. Det har vi snakka mykje om i ettertid. Hovland peikar på at dersom vi har ein ambisjon om å bli verdas leiande havbruksnasjon, så bør vi ha minimum eit 20-års perspektiv på FOU-arbeidet med ein ny art. Han kom med følgande hjartesukk: – Sist hoppa vi på torsk som ein ny oppdrettsart på grunn av små kvotar på villfisk og høge prisar. Vi gjorde for mykje for tidleg, vi mista motet og kopla av igjen. Det går ikkje an at marknadsprisar, finansielle kriser og anna elende skal styre utviklingsløpet.

Brei produksjon Fasiten viser at Havlandet valde rett strategi då næringa kollapsa og sit i dag med eit unikt avlsmateriale basert på åtte generasjonars selekterte familiegrupper av torsk. Dei


Hav av moglegheiter 2023

33

KONFERANSE: Halvard Hovland hadde gode tal å vise til på Måløy Vekst Foto: Havlandet sin konferanse på Raudeberg.

Vi kjenner havet FJORD BASE: Havlandet Marin Yngel sitt torskeanlegg vest på Fjord Base.

selstad.no

ORIGOD ORIGOD Produksjonsavdelinga vår kan tilby eit bredt spekter av mekaniske vare ORIGOD . Origod AS har lang erfaring innanfor aluminium, rustfritt Døgnbemanna Døgnbemanna syrefast. Maskinverkstaden vår har ein moderne maskinpark der vi kan Døgnbemanna Døgnbemanna vakttelefon vakttelefon vakttelefon vakttelefon 940 15 823 940 15 823 utføre allsidig bearbeiding. 918 940 15 823 940 15 823 918 08 644 918 08 644 08 644 918 08 644

VEKST TORSK: Denne plansjen viser endring i veksthastigheit fram til 18

månader.

har også med hell testa ut landbasert produksjon av laks med resirkuleringsteknologi (RAS) og produserer også reinsefisken berggylte. – Vi er i dag 40 tilsette, der dei fleste jobbar med torsk. Vi jobbar med avl og yngelproduksjon, vi har ein liten settefiskproduksjon og driv eit intensivt økosystem for plante og dyreplankton som mat til marine larvar Vi har også utvikla eigne stamfiskdiettar sidan desse ikkje finst, verken for berggylte eller torsk. Vi har sannsynlegvis den breiaste produksjonen av alle norske akvakulturselskap og utviklar også eigne mineral- og vitaminmiksar.

Rigga for framtida Havlandet har teke eit sjumilssteg i avlsarbeidet ved at generasjonsintervallet er halvert frå fire til to år. Resultata våre er sjølvsagt eit re-

Skjermdump.

sultat av både arv og miljø. Vi har grave djupt i genetikken, men forstår ikkje fullt ut enno kva vi ser. Vi profesjonaliserer arbeidet med Havlandet-stammen og gjer eit grunnarbeid for å kunne kode genetikken til eigenskapar, forklarte Hovland til ei lydhøyr forsamling på Raudeberg. Dei siste tre åra har Havlandetkonsernet investert kring 250 millionar kroner og bygd eit nytt stamfisk og yngelproduksjonsanlegg heilt vest på Fjord Base. – Vi har i dag ein overkapasitet. Vi kan produsere 50 millionar to grams yngel, som kan gje grunnlag for 100- 150–000 tonn slaktefisk. Kapasiteten er der, biologien er på plass og folka med kompetansen er der. Vi har rigga oss for ei framtid.

• Brennebord Døgnbemanna • Fres vakttelefon • Borverk • 940 Valse 15 823 • 918 Pulver08 lakkeringsanlegg 644

MEKANISK AVDELING •MEKANISK Profi lvalse AVDELING Produksjonsavdelinga vår kan tilby vår kan eit tilby bredteit spekter bredt spekter av mekaniske av mekaniske varer varer •Produksjonsavdelinga Plansliper og bladslipere og tenester. og tenester. Origod AS Origod har lang AS har erfaring lang erfaring innanforinnanfor aluminium, aluminium, rustfritt rustfritt og og syrefast.syrefast. Maskinverkstaden Maskinverkstaden vår har ein vår moderne har ein moderne maskinpark maskinpark der vi kan der vi kan •utføre5allsidig tonns traverskran utføre bearbeiding. allsidig bearbeiding. MASKINPARK MASKINPARK • Brennebord • Brennebord • Sveisemaskiner • Sveisemaskiner TIG/MIG/ TIG/MIG/ • Fres • Fres MAG MAG • Borverk • Borverk • Hydraulisk • Hydraulisk presse presse • Valse • Valse • NC kantpresser • NC kantpresser Pulver lakkeringsanlegg • Profil og • kombisaks Profil og kombisaks • Pulver •lakkeringsanlegg • Profilvalse • Profilvalse • Platesakser • Platesakser • Plansliper • Plansliper og bladslipere og bladslipere • CNC maskineringssenter • CNC maskineringssenter • 5 tonns• traverskran 5 tonns traverskran • CNC dreiesenter • CNC dreiesenter • Dreiebenk • Dreiebenk

, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no

Arve Olav F. solbakken

Postboks 274, Postboks 6902274, Florø6902 • Tlf.Florø 57 75• 21 Tlf.40 57 •75 www.origod.no 21 40 • www.origod.no A til Å - www.atilaa.no A I tilFoto: Å - www.atilaa.no Photoevent I

Foto: Photoevent


34

Hav av moglegheiter 2023

– Størja har blitt ei utfordring for næringa Dei siste åra har fleire havbruksanlegg hatt innbrot, der «tjuvane» veg mellom 200 og 300 kilo. Og problemet med makrellstørja verkar å vere aukande.

Mange gler seg over makrellstjørja sitt comeback i norske farvatn. Kommersielt fiske på den ettertrakta arten er så smått kome i gang, og mange ser også eit potensial for tilrettelagt turistfiske på dei storvaksne størjene som no finst langs kysten vår. Dei som neppe jublar like høgt, er havbruksnæringa. For blank laks og aure er fristande for dei store rovfiskane, og når 300 kilo vekselvarm muskelbunt med maksfart på 75 kilometer i timen gir gass og vil inn i ei laksemerd, viser det seg at dagens utstyr ikkje alltid held mål.

Aukande problem

Dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten

Dei siste åra har fleire oppdrettsanlegg langs kysten, inkludert anlegg i Sogn og Fjordane, fått størje inn i laksemerdene. Det skjer i takt med at størjebestanden aukar: n 4. oktober 2018: Ei størje på 286 kilo bryt seg gjennom nøtene på eit oppdrettsanlegg eigd av K. Strømmen i Bremanger. Fisken blei oppdaga av Fiskeridirektoratet under ein inspeksjon. n 28. august 2019: Ei størje på 233

kilo finn vegen inn i ei merd tilhøyrande Lerøy Midt i Trøndelag, gjennom ei rift i nota som ikkje var oppdaga. Fisken blei oppdaga på eit overvakingskamera og avliva. n 19. august 2023: Ei 2,8 meter lang størje på 330 kilo bryt seg gjennom ei merd hjå Osland Havbruk sitt anlegg i Høyanger. Det blei ifølgje NRK sett full beredskap, og fisken blei til slutt avliva av ein jeger med jaktrifle, etter løyve frå Fiskeridirektoratet. n 28. august 2023: Ei størje blir oppdaga i ei merd på Steinvik Fiskefarm sin lokalitet ved Hovden utanfor Florø. Størja var 2,64 meter lang, vog 268 kilo og blei henta ut av fiskar Runar Nilsen og mannskapet hans, som også driv størjefiske. n 19. september 2023: Ei 300 kilo tung makrellstørje bryt seg inn i ei merd hos Lerøy Sjøtroll i Bjørnafjorden. Innbrotet skal ha forårsaka rømming, melde Kyst.no. Det finst fleire tilfelle enn dei nemnde døma over. Dei siste åra har fiskeprodusentane Mowi, Lerøy, Bremnes Seashore og Lingalaks alle fått besøk avmakrellstørje som

har brote seg inn i merdane deira, på matsøk. Ifølgje tal frå Fiskeridirektoratet blei det registrert totalt 14 innbrot i merder i tidsrommet 2014 til 2020. Etter det finst det ikkje oppdatert statistikk, men enkelttilfella som er omtalt i media tilseier at problemet i alle fall ikkje har blitt mindre dei siste tre åra. Og det er særleg på hausten, i tidsrommet august til oktober, at størjene går laus på havbruksanlegga.

Fisken slutta brått å ete Erlend Vassbotten er dagleg leiar avSteinvik Fiskefarm. I deira tilfelle blei innbrotet oppdaga av fôringsansvarleg på anlegget, måndag 28. august. Fisken i den eine merda slutta å ete og endre åtferd tidleg på morgonen. Då forstod røktarane at noko var gale. Ifølgje kyst.no blei størja til slutt oppdaga med eit undervasskamera. Vassbotten fortel: – Vi fekk senka ned ei sikringsnot som dekte holet i botnen fram til eit dykkarteam kom til anlegget, seier Vassbotten, som legg til at utviklinga er urovekkande og at oppdretta-

Fjord Base Gruppen Norges største forsyningsbase Vi kobler mennesker og teknologi for å bygge fremtidens Fjord Base

www.fjordbase.no • salg@fjordbase.no


Hav av moglegheiter 2023

35

• 98 BENSIN • DIESEL •• 98 •• DIESEL 98 BENSIN BENSIN DIESEL •• FARGA DIESEL (EN590) FARGA DIESEL (EN590) • FARGA DIESEL• (EN590) ••MARINE GASSOLJE FYRINGSOLJE • MARINE MARINE GASSOLJE GASSOLJE •• FYRINGSOLJE FYRINGSOLJE ••SMØREMIDLER • KJEMIPRODUKT • SMØREMIDLER SMØREMIDLER •• KJEMIPRODUKT KJEMIPRODUKT

EI UTFORDRING: Store makrellstørjer utgjer ein stadig større potensiell risiko for norske havbruksverksemder. Her er størja på 286 kilo som sprengde seg inn i ei merd hjå K. Strømmen Lakseoppdrett i 2019.

Foto: Karstein Bakke

rar no må oppdatere risikovurderingane sine. I dette tilfellet førte ikkje innbrotet til registrert fiskerømming. Men at størja sin tilbakekomst må takast omsyn til, og at den aukar risikoen for fiskerømming er opplagt, meiner Fiskeridirektoratet. Dei har no utarbeidd ein vegleiar for korleis ein går fram om ei størje bryt seg

inn i ei not. Råda er mellom anna å forsøke å sikre og tette nota før ein startar arbeidet med å fjerne størja, nettopp for å redusere faren for rømming. Det blir også slått fast at ein må søkje om løyve før størja eventuelt blir avliva.

Svend Arne Vee

Bunkring Bunkring Bunkring større fartøy Bunkring større fartøy større fartøy fartøy større

Bunkring Bunkring Bunkring mindre båter Bunkring mindre båter mindre båter båter mindre

Drivstoff Drivstoffpumpe pumpe Drivstoff pumpe for kjøretøy Drivstoff pumpe for kjøretøy for kjøretøy kjøretøy for

Florø Bil & & Havneservice Havneservice AS Florø AS Florø Bil Bil & & Havneservice Havneservice AS AS Bil Bilverksted · Oljesenter · Drivstoff Bilverksted Drivstoff Bilverksted ··· Oljesenter Oljesenter ··· Drivstoff Drivstoff Bilverksted Oljesenter

EU-kontroll, service og reparasjoner av alle bilmerker. EU-kontroll, service og reparasjoner allebilmerker bilmerker.opptil 7,5t EU-kontroll, service og reparasjoneravav avalle alle bilmerker. EU-kontroll, service og reparasjoner alle bilmerker. PKK/EU-kontroll, service reparasjoner Bunkring fraog flytebrygge og Fugleskjærskaia. Bunkring fra flytebrygge og Fugleskjærskaia. Bunkring fra flytebrygge Fugleskjærskaia. Bunkring flytebryggeogogFugleskjærskaia. Fugleskjærkaia Bunkring fra fra flytebrygge Åpent hverdager kl. 08 – 16.30 hverdager kl. 08 ––16.30 16.30 Åpent hverdager kl. kl.08 08– 16.30 Åpent hverdager

Strandavegen 19, 6905 Florø · Tlf. 57 74 05 30 · www.fbh.as Strandavegen19, 19, 6905 6905 Florø Florø · · Tlf. Tlf. 57 57 74 05 30 ··www.fbh.as www.fbh.as Strandavegen 57 74 74 05 05 30 30 · www.fbh.as Strandavegen 19, 6905 Florø

SKIPSDESIGN, INGENIØR- OG KONSULENTTENESTER

MULTI MARITIME UTVIKLAR: • kostnadseffektive og miljøvenlege forbåtar, brønnbåtar og servicefartøy

A til Å · www.atilaa.no

• miljøvenlege flytande lukka oppdrettsanlegg (FLO) for norske fjordar

www.multi-maritime.no


36

Hav av moglegheiter 2023

På Havlandet produserer vi ikke bare fisk. Vi dyrker en lokal arv Havet og havbruk har alltid vært avgjørende for Florø sin historie. Havlandet produserer torsk og berggylt i landbaserte anlegg på Fjord Base. Vi er opptatt av å bidra til lokal verdiskaping, og skape arbeidsplasser for å utvikle Florø.

Hvor viktig er fisk for Florø?


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.