3 minute read

Turistane strøymer til kyrkja

Det blir sommaropne kyrkjer også i år. Turistane strøymer til kyrkjene, og let seg imponere.

Eid kyrkje og Selje kyrkje er dei kyrkjene som vert sommaropne. Kyrkjene i Ervik og Leikanger vert opne etter førespurnad frå grupper.

– Vi har mykje besøk, spesielt i Eid kyrkje med alle cruiseturistane. Vi stengjer berre ned når det er seremoniar som gravferd og vigsel, men det er litt utfordringar. Vi har opplevd at nokre cruiseturistar likevel kjem inn og kikar, og det er litt vanskeleg, fortel kyrkjeverje Synnøve Smørdal Wiik.

• Vi har opplevd at nokre cruiseturistar likevel kjem inn og kikar.

Det er mellom 500-1.000 cruiseturistar som kjem innom Eid kyrkje per cruisebesøk på Nordfjordeid.

Og med nær 80 skip innom bygda utgjer det mange turistar som er innom kyrkjene.

– Vi tel ikkje, men vi har ein jamn trafikk når cruisebåtane er her. Turistane står gjerne i kø for å kome inn, fortel Smørdal Wiik.

Ho skulle ønskje at kyrkja sjølv kunne ha guiding i kyrkjene.

– Andre operatørar kjem med guida grupper i kyrkja. Vi jobbar med å finne løysingar.

– Det er utfordrande med såpass pågang, og skulle ønske vi fekk det i meir ordna former, seier kyrkjeverja.

• Det er utfordrande med såpass pågang, og vi skulle ønskje vi fekk det i meir ordna former.

– Men vi er fornøgd med at vi får halde opne kyrkjene. Det er veldig kjekt, og vi får mykje po- sitive tilbakemeldingar om det. Nokre turistar er opptekne av kunsten i kyrkja, andre vil berre sitte og oppleve roa i kyrkja, fortel ho.

Stad kyrkjelege fellesråd har fått trykt opp brosjyrar på tysk, fransk, engelsk og norsk.

– Allereie er det vekk 1.000 brosjyrar denne sesongen, så det går unna, seier ho.

– Nokre turistar legg også igjen litt pengar, men det blir ikkje store summar. Vi tek ikkje inngangspengar, så å legge igjen pengar er fritt val, seier Smørdal Wiik.

– Skulle turistane betalt for å få inn krev det at vi har tilsette der, fortel ho.

Rikt dekorert Sidan mellomalderen har det vore kyrkje på Nordfjordeid.

Eid kyrkje slik den står i dag vart sett opp i 1849. Den har plass til 750, og er den største kyrkja i Nordfjord.

Den er kjent for sin rike dekor i «drakestil». dette vart gjort av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik, og for få år sidan vart dei flotte takmåleria restaurerte.

Selje kyrkje er ei langkyrkje i tre som har Seljesanden som næraste nabo. Kyrkja har 500 sitjeplassar, og er frå 1866.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

2023

Lær song, dans og teater! Bli med 24.–29. juli

Likar du å synge, danse og spele teater? Bli med på sommarskulen vår!

Kurset i dans er for dei som er ekstra interesserte og glade i å danse. Her blir det fokusert mest på dans og danseteknikk.

Kurset i musikkteater vil fokusere både på song, dans og teater. Anten du er glad i alle desse aktivitetane, eller likar best ein av dei, kjem du til å ha det veldig kjekt med alle dei flinke instruktørane

Innimellom song, dans og teater vert det sjølvsagt tid til leik og moro på begge kursa. Tilbodet er gratis og ope for alle som er fødde frå 2007 – 2013.

Årets instruktørar er: Sunniva Honningsvåg, Martha Standal Pavelich, Runa Bergem, Håkon Bøen, Asbjørn Hagen, Eline Jacobsen Lillestøl, Ingrid Tykhelle Kayser og Thea Bjørhovde Mavroupoulou.

Snøsystera

Ein familieopera av Magnus Johansson og Anna Berg, basert på den kjende barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde med illustrasjonar av Lisa Aisato

Regissør: Linda Mallik

I hovudrollene: Conny Thimander, Kine Sandtrø, Trond Gudevold, Mari Askvik og Violetta Peschanskaya

Noregspremiere: Fredag 1. desember

Velkomen til familieopera!

Ein utvandrarmusikal med libretto av Øystein Wiik og musikk av Gisle Kverndokk

Øvrige framsyningar: 2. og 3. desember

Stad: Operahuset Nordfjord

Snøsystera er produsert av Operaverkstan/Malmö Opera, urpremiere 3. desember 2022.

Urpremiere på utvandrarmusikalen

Soga om Sol

Når operaen i 2023 skal feire eit kvart århundre med distriktsopera i Nordfjord, er det med eit tingingsverk frå musikal-duoen Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, for mange kjende frå Jorden rundt på 80 dager i 2021.

Soga om Sol er ein vaskeekte utvandrarmusikal, der det meste er oppdikta og noko er inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.

Regi og musikalsk leiing: Michael Pavelich

Libretto: Øystein Wiik

Musikk: Gisle Kverndokk

Scenografi/rekvisittar: Anndi Bergset

Kostymedesign: Heidi Kverndokk

Lysdesign: Ovar Holmen

Koreografi: Gard Bjørnson

Maske: Hege Ramstad

I hovudrollene:

Eirik Risholm Velle, Ingrid Tykhelle Kayser og Kim Helge Strømmen

Urpremiere: Onsdag 4. oktober

Øvrige framsyningar: 6., 7., 8., 11., 13., 14. og 15. oktober

Stad: Operahuset Nordfjord

Påmelding og billettar: operanordfjord.no