2 minute read

Inviterer til matfest

Etter tre år pause er det igjen klart for Eid Gatematfestival på Nordfjordeid til sommaren. 15. juli er det duka for stor matglede.

«Alle» minnast den populære gatematfestivalen. Då kokte det av liv og røre i Eidsgata.

– Etter tre år pause er det verkeleg på tide med ein ny “Eid Gatematfestival”, innrømmer Leon, og legg til: – Det vert fleire kokkar enn tidlegare.

• Det vert fleire kokkar enn tidlegare.

Aske og Minibakeriet vil igjen invitere kokkevennar, matentusiastar, lokale mat -og drikkeprodusentar og ikkje minst alle matglade.

Mykje folk

– Vi har alltid hatt matfest helga før Malakoff, fordi det er så mange som er heime då, i tillegg til at vêret pleier å vere bra på den tida. Håper det blir like mange besøkande i år som tidlegare år, seier Leon.

– Det blir same opplegg som tidlegare år, men sjølvsagt mykje nytt og nokon overraskingar, fortel Leon, som finpussar på programmet. I skrivande stund er det ikkje heilt avklart kor mange kokkar som vil stå i Eidsgata og lage mat, men det blir ikkje færre enn tidlegare.

Fyller Eidsgata

Gatematfestivalen har vorte arrangert tre gongar tidlegare, medan koronapandemien sette ein brå slutt på den.

• No skal vi igjen fylle Eidsgata med alt som har med mat å gjere.

– No skal vi igjen fylle Eidsgata med alt som har med mat

– Om det er nokon som vil ha stand, så er det berre å ta kontakt, så vil vi finne plass til dei. Elles vil butikkane trekke ut i gata, for vi reknar med at det vert vêrmessig finare enn i fjor, og at vi må vatne blomstrane våre litt oftare enn kva vi måtte i fjor, seier Gjerdevik.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

TUSENVIS: Tusenvis stod i matkø: Ein reknar med at mellom 3.000 og 4.000 møtte opp i Eidsgata til den tredje gatematfestivalen for tre år sidan. Til tider var det trengsel og vanskeleg å kome seg gjennom å gjere. Det blir mange spennande rettar frå dyktige kokkar, og alle får beskjed om å lage små porsjonar så ein kan smake på mykje ulikt. Men det er vel slik at ingen av dei høyrer på oss, så ein kjem til å bli altfor mett, kommenterer Leon.

Tusenvis av gjestar Han lovar også musikk, god stemning og etter tidlegare år å dømme blir det også tusenvis av gjestar og sol.

– Vi gleder oss til å halde ein skikkeleg matfest igjen!, konstaterer Leon Knapskog.

Til tider var det så tett med folk på gatematfestivalen på Nord- fjordeid at det var vanskeleg å passere kvarandre. Allereie før festivalen var opna hadde folk stilt seg i matkø, frå eit stort omland. Dei nesten bokstaveleg «åt seg gjennom» gata. Tidlegare har ein fått alt frå klippfiskbollar, brunostis til ostekaker, tørrfisk, kyllingspyd, kjekjøt, tapas og maiskolbar.

Alt laga som gatemat, og folk har meska seg og vore fornøgde. Då gatematfestivalen vart arrangert for tre år sidan rekna ein med at det var mellom 3.000-4.000 deltakarar som kom til festivalen.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no