1 minute read

Smitte og smular

Redaktøren har ordet

Inger Johanne Rein SÅ HAR DET GÅTT EITT ÅR sidan vi stengte ned. Folk er leie, demotiverte, redde og utolmodige om kvarandre. Mange stader i landet har lærarstanden i månadsvis jobba under hyppige skifte i gult og raudt nivå, overgitte over at ingen ser ut til å forstå at gult knapt er vern mot noko som helst, at raudt er gult, og at friminutta er grøne same kor hardt ein prøver å rope éin meter. Muterte virus har no gitt eit såpass stort smitterykk at sjølv dei mest tolmodige og dugnadsvillige har byrja murre.

Men all redsle for smitte i skulen har blitt møtt med same liturgien: Born smittar ikkje, lærarar blir ikkje meir smitta enn andre og – den siste absurde påstanden frå ekspertane; at smitten går ned jo meir vi opnar skulane, for då får borna dekt det sosiale behovet sitt.

Heilt legitime spørsmål om kvifor lærarar og lektorar ikkje får betalt for overtid forårsaka av pandemien vert møtt av anten etisk forargelse: Kva, skal dokker gå før gamle og sjuke? Eller kauking av typen: Men ærleg talt, lærarar: Er ikkje dette ein dugnad då? Hæ, hæ?! Slutt å syte for no er det vinterferie, påskeferie etc.. Dette siste kom frå ein kommunepolitikar i Trøndelag som like godt vraka arbeidstidsavtalen i skulen i same slengen: Jeg har sagt det tidligere og, men jeg sier det igjen. Innfør stempling til lærerne, så får vi se hvilken timelønn dere ligger på, så kan det hende det blir slutt på alt gnålet deres.

Dette siste er nok musikk i øyrene til KS, som enn så lenge nektar å gå med på ein mellombels særavtale om arbeidstid – sjølv etter eitt år med meir eller mindre unntakstilstand og ulønna ekstraarbeid. Det same KS som i fjorårets lønnsoppgjer berre gjekk med på smular i lønnsauke til lærarstanden. No skal vi straks inn i eit nytt lønnsoppgjer, og til hausten er det forhandlingar om arbeidstid. Og midt i det heile sit pedokratiet i smitteverna bedrifter og planlegg det siste nye som skal inn eller ut av skulen.

This article is from: