1 minute read

Kvar går tariffpolitikken til Lektorlaget?

Lønnsutvikling for lektorar, arbeidstid, karrierevegar i klasserommet og årsrammer – no kan du vere med på å avgjere kva Norsk Lektorlag skal jobbe for i desse spørsmåla – og fleire andre.

NORSK LEKTORLAG har allereie gjennomført ein stor revisjon av det utdanningspolitiske programmet sitt: Kunnskap bygger kompetanse vart vedteke på landsmøtet i 2019. No er turen komen til dei andre styringsdokumenta til Norsk Lektorlag, og no skal det gjerast ein revisjon av tariffpolitisk program.

Det tariffpolitiske programmet, eller det lønnspolitiske programmet som det heitte før, har ikkje vore revidert på fleire år. No har ein programkomité på sju personar vurdert behovet for å vidareutvikle, omstrukturere og oppdatere dokumentet som styrer tariffpolitikken i organisasjonen. Forslaget frå komiteen vert no sendt ut til alle medlemmene for å forankre prosessen ute i organisasjonen. Forslaget til nytt tariffpolitisk dokument skal opp til debatt på fylkesårsmøta ut over våren.

No er håpet at forslaget vekkjer engasjement, og at det kjem mange innspel til eitt av dei mest sentrale styringsdokumenta til Norsk Lektorlag. Etter tilbakemeldingar og forslag frå organisasjonen, vil programkomiteen utforme eit revidert forslag til handsaming i sentralstyret. Forslag til tariffpolitisk program for Norsk Lektorlag blir lagt fram for landsmøtet, som tek endeleg avgjerd om innhaldet. Programkomiteen: Henning Wold Alexandra Aga Schioldborg Helle Christin Nyhuus Knut Arild Knutsen David Løvbræk Ørjan Arve Sunde Silje Moen

Sekretariatstøtte: Tonje Leborg Bjørgulv Vinje Borgundvaag

9. mars hadde programkomiteen eit siste møte før dei gjorde klart eit utkast til tariffpolitisk dokument som no skal ut på høyring.

This article is from: