Venstre tar Kinn framover!

Page 1

Vi treng di stemme for å ta Kinn framover!

Det er viktigare enn nokon gong kven som styrer kommunen din. Vi har realistiske ambisjonar, styringsevne og ser lyst på framtida.

JACOB NØDSETH, ORDFØRARKANDIDAT, 3. KANDIDAT ANNE MARIT SELJESETH OG 2. KANDIDAT EDVARD IVERSEN.

Jacob Nødseth, ordførarkandidat. Advokat, 35 år, 16 års erfaring som folkevald. Edvard Iversen, 2. kandidat. Pensjonist, 74 år, og med lang fartstid frå lokalpolitikken i Vågsøy og Kinn.

Derfor bør du stemme Venstre

Vårt overordna mål er at Kinn kommune skal vere ein moderne kommune der unge vil bu. Hovudproblemet til Kinn er at kommunen vår ikkje er attraktiv nok for unge. Lukkast vi med å snu dette, så bli vi også ein god kommune å bu og leve i for alle.

Kinn kommune treng politikarar som vil arbeide saman for at kommunen skal lukkast. Gode idear må heiast fram, uavhengig av kven som kjem med dei. Kommunen vår er for liten til partipolitisk spel, og treng politikarar som vil og kan. Venstre har brukt tida vår dei siste fire åra på å utvikle Kinn. Vi er positive, men også konstruktivt kritiske når det trengst. I smått og stort har vi stått opp for det vi trur på, og vi har fått til mykje dei siste fire åra. Samstundes er det mykje vi hadde gjort annleis om vi hadde fått bestemme meir.

Stem på oss for å:

Bygge nye Skram skole.

Få på plass Nordfjordbadet.

Redusere skattar og avgifter.

Få ei erfaren, samarbeidsorientert og offensiv politisk leiing i kommunen.

Få fleire grøne lunger i Måløy.

Bygge parkeringshus i Måløy.

Fleire bustadtomter og meir næringsareal.

Fortsette arbeidet med turstiar og nærmiljøtiltak rundt om i kommunen.

Betre vedlikehaldet av bygg og vegar.

Utvikle skular og barnehagar med rom for å følgje opp alle barn og unge best mogleg.

Utvikle kultur og fritidstilbod for alle.

Gjere det enkelt for folk som vil bu i bygd og by, gjennom arealplanar, kollektivtilbod og digital infrastruktur tilpassa morgondagens behov.

Lukkast med overgangen til nullutsleppssamfunnet.

Vi har på ingen måte monopol på smarte løysingar:

Har du gode innspel høyrer vi veldig gjerne frå deg – også etter valet!

På førehand tusen takk.

Kinn
Alle foto: Jacob
Nødseth.
framover! tar

4. Hilmar Eliasson Florø

8. Vivian Norstrand Rognaldsvåg

12. Ida Belinda L. Lillenes Brandsøy

16. Dino Omerovic

Florø

Florø

1. Jacob Nødseth Florø

5. Karoline Korneliussen Skår Florø

9. Nikolai Valvik

Askrova

13. Rune R. Holsen Nygård

Florø

17. Njål H. Eliasson

Florø

21. Trond Kongshaug

Vedvik

25. Jan Henrik Nygård

Florø

29. Elsa Iversen Måløy 20. Asle Skiple 24. Gunhild Marie Bjelland Batalden 28. Kolbjørn Løken Eikefjord Foto: Cecilia Molander.

Fanøy

Florø

Florø

19.

Florø

Barekstad

Florø

27.

6. Malvin Horne Florø 2. Edvard Iversen Raudeberg 10. Olav Steimler Reksta 14. Eskil Smelvær Florø 18. Marit Krogsæter 22. Silje Jansen Nybø Florø 26. Ingebjørg Reksten Reksta 30. Oddvar Isene Florø 7. Torstein Hagen Kvalheim 3. Anne Marit Seljeseth 11. Lasse Seim 15. Cecilie Udberg Helle Rune O. Nilsen 23. Sigmund Solheim Ingvild Nydal Florø 31. Hilde Annie Hagen Deknepollen

også ved fylkestingsvalet!

Kysten treng Jacob som ei tydeleg stemme i fylkestinget i Vestland. Han står på 2. plass på fylkestingslista bak flinke Åsta Årøen som er Venstre sin fylkesordførarkandidat.

Hugs å stemme på Vestland Venstre slik at Jacob kan arbeide for:

Kystvegen Måløy-Florø.

Redusert månadskort for kollektiv til 499 kr.

At våre vidaregåande skular har eit godt tilbod til ungdommen vår.

Innføring av tannlegevakt.

Fleire arbeidsplassar til kysten.

At fylkeskommunen bidreg til grøn omstilling og konkurransekraft i næringslivet og offentlig sektor.

Les meir om programmet, lista og ordførarkandidaten vår her:

Stem Venstre
Telefon Jacob: 480 13 162 • E-post: jacob.nodseth@gmail.com Følg oss på Facebook og Instagram: @kinnvenstre A til Å • atilaa.no -
Foto: Lisa Giil, Ian Cassels.
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.