PRO Aktiv – Bli lærling!

Page 1

Bli lærling!


Kvifor skal du velje yrkesfag?

Jorunn Kirketeig Dagleg leiar Det er mange grunnar til å velje yrkesfag, men vi anbefaler at du startar med å sjå denne filmen:

Det er spennande og krevjande – og det er så utruleg mykje å velje mellom – og mange som vil ha deg med på sitt lag. Det kan vere greitt å ta ein prat med ein nøytral part, som kan hjelpe med å finne og forstå fakta om val og søking. Pro Vestland opplæringskontor – provestland.no/ kan vere ein god samtalepart for å få innblikk i dei mange ­­mogleg​heitene.

Det er langt frå sikkert at den jobben du drøymer om i dag, er den du vil jobbe med resten av yrkeslivet. Ein kan alltid endre retning undervegs, men det er lurt å fullføre det ein har starta på – om det ikkje opplevast heilt feil. For uansett kva ein har starta på så er det eit godt grunnlag for det du vil fortsette med.

Må ein velgje fag med ein gong, eller kan ein prøve ut ulike fag undervegs? Kva om eg angrar og vil bytte yrkesfag undervegs? Kan eg for eksempel starte på elektro og skifte over til industri­mekanikar? Har du valt yrkesfag, men kjenner at dette ikkje er heilt slik du hadde tenkt – så kan du endre fag undervegs. Men, det er lurt å fullføre slik at du har gjort unna fellesfaga. Då har du eit betre grunnlag for å velgje på nytt. Du kan fullføre med å ta læretida i faget du starta på – eller du kan starte på eit nytt fag samtidig som du er i lære. Fellesfaga får du godkjent og du treng berre ta programfaga til det nye faget ditt.

Læretida blir naturleg nok lengre om du gjer omval, men det betyr ingenting. Du får berre meir tid til å sette deg inn i faget. Du får ein vidare og meir omfattande ­praksis, som er bra for CV-en.

Ikkje stress, du har god tid. Sørg for å bruke den tida du treng for å bli god i det du skal jobbe med. Då blir det kjekt!

Fleire fagbrev Du kan ta fleire fagbrev – for som sagt – når du har fullført felles­­ faga treng du berre eksamen i det programfaget du vil fylle på med. Tenk deg at du vil jobbe i industrien. Der kan du jobbe med produksjon, kjemiprosess, ­produksjonsteknikk eller industriell matproduksjon – det kjem an på om du vil l­age silisium til mobilen, fôret til fisken eller sjokoladen til alle.

Det viktigaste er at uansett kva du startar på så gjer så godt du kan. Har du bestått, så har du eit godt grunnlag for det du vil vidare. Eit anna alternativ er å bli industri­ mekanikar eller automatiker, slik at du er den som sørger for at maskinene fungerer som dei skal. Mange vel å ta to fagbrev, eit i eit produksjonsfag og eit vedlikehaldsfag. Då blir du fagleg sterk og fleksibel for arbeidsgjevaren.

PRO Aktiv

2

www.provestland.no


Korleis få læreplass

Kva rettar og pliktar har du?

Etter to år på skule (tre år for nokre fag) skal du ut i lære. ­Skulen hjelper deg med å få plass som lærling i bedrift. Du vil ha ­utplassering og bli kjent med mange bedrifter undervegs mens du går på skule. Eller kanskje du veit kva som er din draume­ arbeidsplass? Då er det viktig å ta kontakt sjølv, for å få prøve seg akkurat der.

Alle har rett til å fullføre med fagbrev, men du må sjølv legge grunnlaget for å ha den retten. ­­ Du kvalifiserer deg til læreplass ved å bestå alle fag. Dermed er det på skulen du legg g ­ runnlaget for å få den læreplassen du ­ønskjer. Dersom du likevel ikkje får læreplass vil fylkes­kommunen hjelpe deg vidare med eit tredje skuleår eller med å finne læreplass. Det er viktig å hugse at bedriftene skal tene pengar og treng dyktige fagfolk. Gjennom skuletida må du førebu deg på arbeidslivet og i læretida må du bli godt kjent med arbeidslivet.

1. mars er siste frist for å søke læreplass, og det gjer du ved å sende ein søknad til dei b ­ edriftene du ønskjer å vere lærling i. I tillegg må du legge inn søknaden din i VIGO bedrift – som er ein ­portal der opplæringskontora og ­godkjente lærebedrifter ser etter kandidatar dei kan matche med. Det er viktig å stille på alle i­ntervju du får tilbod om – og hugs at avtalen ikkje er i boks før du har fått eit skrifteleg tilbod som du har takka ja til.

Etter fagbrevet står verda open Ved å starte med yrkesfagleg utdanning får du prøvd deg i ­arbeidslivet, og du har ei fullverdig utdanning som fagarbeidar. Dette er eit smart val for veldig mange, og verda står open om du ønskjer å bygge på utdanninga. Eit ekstra

pluss er at du får lønn i lære­ tida og ein praksis som mange ­bedrifter etterspør. Vegen frå fagbrev til vidare ­utdanning er kort, om det er det du ønskjer. Du kan gå på fagskulen, ta Y-vegen på høgskule eller universitet, eller du kan ta påbygg på vidaregåande (studie­ spesialisering) og studere vidare uavhengig av fagbrevet.

Det passar best for dei fleste av oss å bruke både hovud, hender og hjarte når vi skal lære noko. Vel du yrkesfag vel ein ofte noko som ein er interessert i og som hjartet bankar spesielt for.

Fagbrev er inngangsporten for å studere Torbjørn Mjelstad er rektor på Fagskulen Vestland, og legg vekt på at dei famnar om alle ­fagbreva i TIF-faga. Vegen frå fagbrev til ingeniørstudent er kort. Studiane er samlingsbasert slik at det er enkelt å kombinere utdanning med jobb og familie. Det er supert både for studentane sjølve, ­arbeidsplassen og ikkje minst regionen som ikkje misser ungdommen og arbeidskrafta. Vi har rundt 2000 studie­plassar fordelt på 8 lokalitetar, og er ein forholdsvis liten og fleksibel org­anisa­sjon. Fagskulen skal levere kompetanse til næringslivet på Vestlandet og faga våre skal vere forankra i arbeidslivet sine behov.

Vi snur oss rundt Vi er betre enn andre opplærings­ institusjonar til å omstille oss og tilpasse oss dagens berekraftsmål, ­f­ortel ­rektoren stolt. Berekrafts­ rekneskapet er heilt avgjerande for å overleve både som bedrift og arbeidskraft i framtida. Fag­ skulen er liten og lettrodd, og vi kan difor kjapt endre faga våre

PRO Aktiv

eller opprette nye studieplassar etter dagens behov.

Lærer gjennom hendene Vår veg til å bli ingeniør er k ­ ­ortare enn høgskuleutdanning, og mange bedrifter føretrekk fagskuleingeniørane, smiler T ­ orbjørn fornøgd. Det er fordi dei har fagbrev og praksis i botnen. Det har høgare status å vere høgskuleingeniør, men «våre» ­studentar har både erfaring og ei meir ­praktisk utdanning. Studia er basert på at ein samlast 6 ­gongar per år, med vekt på praktisk tilnærming med rett­leiing i til dømes ferdigheitstrening.

3

Den typiske studenten hos oss lærer best gjennom hendene, og hos oss koplar vi saman hender og hovud, og får ut kompetente og attraktive ingeniørar.

www.provestland.no


TINE Meieriet Bergen TINE Meieriet Bergen er lokalisert på Espehaugen ved Flesland. Her produserer dei rundt 160 tilsette konsummjølk og fløyte til norske forbrukarar. Håkon Hagenes (25) er 2. års lærling i industriell matproduksjon, og kan fortelje om ein litt uvanleg veg fram til faget.

Hygiene og mattryggleik Eg følgjer produksjonen frå råvarene, som er mjølk frå bønder på Vestlandet, kjem inn til a ­ nlegget til det ferdige ­produktet­– mjølk i kartong – blir sendt ut til butikkane. Hovud­ fokus i ­industriell matproduksjon er hygiene og reinhald. Vi må ­alltid tenke mat­tryggleik i arbeidet med f­ ­ramstilling av konsummjølk. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit anna viktig felt i moderne industri med avansert produksjonsutstyr.

Det rette faget Håkon fortel om ein spennande jobb, der ingen dagar er like. Sjølv om han har ein brei bakgrunn frå prosessindustrien må han likevel tette eit hol i CV-en for å kunne ta fagbrevet. Sidan eg ikkje starta med matfaget på VGS, så manglar eg ein eksamen – men det reknar eg med at skal gå greitt. Håpet er å kunne fortsette jobben hos Tine, når fagbrevet er i boks. Håkon har funne sitt rette fag. Industriell matproduksjon er som regel ei retning ein vel etter ­restaurant og matfag på VG1, men det er ikkje denne vegen Håkon har valt. Etter VG1 og TIP-faget på Sotra tok han kjemiprosess på Laksevåg VGS, med påfølgande læretid på smelteverket til Eramet i Sauda.

Likar prosessfaget Etter at fagbrevet i kjemi­prosess var på plass, studerte Håkon ­prosessteknikk på Fagskulen Nordnes Bergen. Etter 2 år på fagskulen og ein tur innom h ­ istorie på Universitetet i Bergen søkte han så lærlingplass hos Tine.

PRO Aktiv

Det var ein litt krunglete veg, men eg likar prosessfaget og det har mykje til felles med kjemi­ prosessfaget, smiler Håkon.

Styrer prosessen Som lærling i industriell matproduksjon får Håkon jobbe med å overvake tappe- og pakke­ maskinene på TINE Bergen. Dei fleste prosessane er styrt via datamaskiner. Å starte og avslutte ­prosessar er kritiske punkt i ­arbeidet, og elles tar vi oss av ­enkelt vedlikehald og reingjering.

4

www.provestland.no


Delar med glede Med ein gong du høyrer ordet Kavli, så tenker du kanskje kaviar og støtte til gode formål – og det er ­akkurat slik det er. Kavlifabrikken på Nesttun produserer smøreostar og andre smørbare pålegg, og slagordet er «del med glede». Kavlifondet deler ut heile overskotet frå Kavlikonsernet til gode formål.

Dette gjennomsyrar tankegangen vår, fortel fabrikksjef Linda Kidøy Pedersen og fagansvarleg Roar Rauø. Det er ein del av vårt samfunnsansvar å ta i mot lærlingar i fabrikken, og bidra til at ungdommane får utdanning og arbeid. Samtidig er vi med og formar vår eiga framtidige arbeidskraft.

Trygg arbeidsplass Vi har god dialog med s­ ku­lane og tar alltid i mot elevar som ­ønsk­jer utplassering for å bli kjende med oss. For mange opp­ levast det trygt å komme hit fordi vi ikkje er ein så stor organisa­ sjon. Kavli­fabrikken har rundt 40 tilsette, fordelt på produksjon, ­laboratorium, kvalitet- og teknisk avdeling – så her er det mange ulike fagområde samla på ei forholdsvis lita bedrift. For tida har vi lærlingar i kjemiprosess og produksjonsteknikk, og vi håpar å få nye søkarar til faget industriell matproduksjon.

Årets LEAN-leiar Roar, som er fagansvarleg for lærlingane, legg vekt på at det er eit inkluderande og godt arbeids­ miljø på fabrikken, noko som avspeglar seg i stabil arbeidskraft. Vi jobbar mykje med menneske og kultur, og fabrikksjef Linda vart kåra til årets *LEAN-leiar i 2023. Vi er nok ein litt annleis fabrikk, som er opptatt av å skape enga­ sjement og motivasjon. Tilsette jobbar i tverrfaglege team, og vi oppfordrar alle til å komme med forslag om forbetringar. Resultat er rasjonelt arbeid, og ikkje minst samarbeid og meistringskjensle. *LEAN: Leiararar og medarbeidarar jobbar saman over tid for å auke verdien for kundane, utan å sløse med ressursar, tid eller innsats. Levere verdi med mindre innsats.

PRO Aktiv

Rune Rauø, fagansvarleg for lærlingane og Linda Kidøy Pedersen fabrikk­sjef hos Kavli på Nesttun ønskjer nye lærlingar velkomne i faga kjemiprosess, produksjonsteknikk og industriell matproduksjon. Kavli er meir enn berre ein matfabrikk, fortel dei to.

Heile mennesket Det at vi saman med Q-­Meieriene er ein del av Kavlifondet, meiner vi gjer oss til ein attraktiv læreplass. Vi er opptatt av å sjå og utvikle heile mennesket. ­Lærlingane kjenner seg trygge her, og ­saman med PRO opplærings­kontor sørger vi for at dei kjem ­gjennom programmet som trengs fram til fagbrev. Ein ekstra bonus er utveksling til andre fabrikkar i Norge, Sverige og England. Alle tilsette får

5

dessutan vere med og bestemme kva ein viss sum av overskotet skal gå til. Her spelar deira eigne lokale hjartesaker ei viktig rolle. Dei siste åra har vi mellom anna hatt fokus på u ­ ngdom og psykisk helse, og gode løysingar for klima og miljø. Vi tar gjerne i mot lærlingar i alle fagområda våre, avsluttar Linda og Roar. Vi tar vare på alle – og om ein har ulike utfordringar i kvardagen – så stiller vi opp.

www.provestland.no


Fagbrev er gull Inger Lise Hjertenes Refvik er lærar på ein av barneskulane i Florø, og mor til ungdommar som er midt i løypa for å velje utdanning og jobb. Sonen Sander (19) har alltid vore praktisk anlagt, så det var ikkje uventa at han starta på TIF (Teknologi og industrifag). Mor er glad for at han satsa på ei god fagutdanning, der han samtidig kan bygge på med fleire fag – eller vidare utdanning. Eg trur trenden har snudd litt dei siste åra. Tidlegare var vi foreldre meir opptatt av at ungane våre skulle gå studiespesialisering og ta høgare utdanning. Samfunnet ­etterspør fleire praktiske hender og det er viktig at ungdommane vel ei retning der dei får bruke sine sterke sider og ­interesser. Fagbrev er gull no, både for samfunnet og ungdommane, slår Inger Lise fast.

Blomstrar når ein trivast Sander er lærling hos fiskefôr­ giganten Cargill i faget industri­ mekanikar, og eg ser at han ­blomstrar på ein arena som han likar veldig godt, smiler mor fornøgd. Det er avgjerande for

læring og motivasjon. Sander ­fortel sjølv at han er glad for at han valde dette faget og at han har lært mykje. Det har vore ein ekstra inspirasjon å få vere med på fylkesmeisterskap i yrkesfag, der han gjekk vidare til NM. Det var moro!

med ­yrkesfag er at «alle dører» er opne. Ein kan bygge på med fleire fagbrev, gå vidare på fagskule eller ingeniørutdanning. I tillegg kan ein få jobb nesten kvar som helst – også offshore om ein vil det.

Alle dører opne Sander som snart er ferdig ­utdanna industrimekanikar ser på moglegheitene for å ­skaffe seg eit fagbrev nummer to, i produksjons­teknikk. Dermed blir han meir fleksibel og kan få ein meir variert arbeidskvardag. ­Fagbrev er gull, gjentek Inger Lise, og eg håpar han får det til slik han vil. Det som er så bra

PRO er i særklasse På Kyrkjebø ligg bedrifta SafeClean som er ei leiiande og innovativ bedrift på rensing av prosessutstyr og system. Dei har fast inne lærlingar innan mekaniske fag og produksjonsteknikk. Lærlingar er ei viktig ressurs for bedrifta, seier plassjef Odd Erik Dingsøyr. Vi ser berre fordelar med å vere ei lærlingbedrift. Bedriftene er sjølve med på å påverke og forme framtidas arbeidskraft og ­lærlingar er ein god måte for oss å sikre ­kompetanse og ressursar. For oss er det også ein god måte å rekruttere framtidig arbeidskraft.

Iver etter å lære Ivrige lærlingar som er ­nysgjerrige og spør er óg med på å inspirere fagleiarar og tilsette til å strekke

PRO Aktiv

seg lenger. Det er med å utvikle bedrifta i positiv retning og set nye standardar for arbeidet vårt.

Lærlingane er eit friskt pust som ser og tenker på ein anna måte.

6

Ferskaste vare i fingertuppane På ein del område innan t­ eknologi går utviklinga svært fort. ­Lærlingar har ferskaste vare i finger­tuppane, og gir oss som bedrift mogleg­ heit til å utvikle oss saman med ­lærlingane. Lærlingane er eit friskt pust som ser og tenker på ein anna måte. Dei gir oss ein ny vinkel og kan inspirere andre tilsette til å utvikle seg saman med lærlingane.

www.provestland.no


Kva har mobilar, romrakettar og solceller til felles? Alle inneheld silisium I Svelgen ligg Elkem Bremanger, ein global produsent av silisium og ferro-silisium. Silisium er ein viktig del i fleire av produkta vi brukar kvar dag, slik som mobilen. Elkem er ei stor bedrift i lokal­ samfunnet med over 230 tilsette, og lærlingar innan fleire fagområde. Lærlingar er viktige for oss. Vi får vere med å forme utdanninga til lærlingen, i tillegg til å utvikle fagkompetanse og fagarbeidarar, seier Trudi Vågene som er personal­­sjef på Elkem Bremanger. Ho har ansvar for alle dei tilsette og lærlingane.

Legg til rette for ei lærerik tid

Tonje Grøtte (t.v.) og ­Benedicte M ­ yklebust (t.h) er lærlingar i laboratorie­­­fag hos Elkem. Tonje har allereie eit fagbrev i kjemi­prosess og ønskte å ta eit til.

Elkem er ei kjempespennande bedrift å ha læretida di! Vi har lærlingar innan fleire fagområde. Det er ein stor variasjon i utstyr og prosessar, slik at du best mogleg kan bygge kunnskap og erfaringar. Dette kjem godt med når du er ferdig med læretida. Fleire av våre lærlingar får tilbod om fast jobb.

Det er lett å velje PRO igjen Elkem Bremanger har alltid brukt PRO Vestland til lærlingar. I starten av læretida ordnar PRO oppstartsmøte med lærlingen, bedrifta og opplæringskontoret. Dette er viktig for at lærlingen skal få så lærerik tid som mogleg. Dei er også flinke å tilrettelegge, og opne for tilbakemeldingar for å gjere det betre. I denne tida er det grøne skiftet høgst aktuelt, og det er viktig at PRO jobbar hand i hand med det bedriftene gjer. Derfor er det fint å sjå at PRO tar dette på alvor, og har fått miljøfyrntårn-sertifisering.

Du kjem langt med gode haldningar i botn.

Ein viktig støttespelar PRO Vestland er ein viktig støttespelar for oss og lærlingane. Dei hjelper oss med å lage ein god oppfølgingsplan for lærlingen og følger denne opp undervegs i lærlingtida. Dei er også ein ­kjempegod støttespelar når det er faglege spørsmål, for eksempel om det er nokon som ønskjer å ta fagbrev nummer to. Lærlingane Aurora Norevik Løland og Fabian Bjordal Ullebø tok fagbrev i både mekaniske fag og produksjonsteknikk i løpet av tre år hos SafeClean.

PRO Aktiv

7

www.provestland.no


Frå slam til ressurs Hos Wergeland Sløvåg finn du lærlingane Aleksander Ynnesdal (18) og Tobias Rabben Nilsen (18). Dei er lærlingar innan kjemiprosess, eit fag som styrer og overvakar reinsing av borevatn. Her på Wergeland får vi inn båtar med boreavfall frå Nordsjøen. Vi lastar det av båtane og fraktar det inn til a ­ nlegget, og tar inn vatn frå forbehandlingsprosessane. Dette prosessvatnet har olje og tung-

metaller i seg, og vi sørger for at vatnet blir reinsa skikkeleg. Når prosessvatnet er komen i ­anlegget, passar vi på at maskinene går som dei skal. ­­

Vi har fire rensetrinn i anlegget som vatnet går g ­ jennom for å bli rensa. Det er spennande å sjå k ­ orleis ­kjemikaliane hjelper til med å skilje s­ kiten frå vatnet. Dette er framleis ein ressurs, og blir sendt til bioanlegg. Når vatnet er ferdig reinsa kan vi sleppe det ut igjen, seier Aleksander.

Variert kvardag Å vere kjemiprosess-lærling er spennande og vi har ein variert kvardag. Du kan sitte på laboratoriet og sjå på prøver av vatnet. Vi har skiftordning på Wergeland, der vi går 12 timar på vakt. Vakta startar med vaktskifte, der ­tidlegare vaktansvarleg gir oss ­informasjon om kva som har skjedd og planen framover.

Garantert jobb

Aleksander har sitt første år som lærling hos Wergeland. Det er spennande å sjå korleis ting skjer, og korleis kjemien ­fungerer, seier han.

PRO Aktiv

8

www.provestland.no

A til Å • atilaa.no

Det er stor etterspørsel etter folk med fagbrev innan kjemiprosess, så her er ein garantert jobb etter læretida. Eg har veldig lyst offshore, og kjemiprosess er ein god veg for å komme seg ut i Nord­ sjøen, seier Tobias.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.