HAVmagasinet

Page 1

HAVmagasinet

1 A til Å Grafisk Design og Media 2024
Siste nytt og viktig innsikt om næringslivet rundt havgapet i Florø.

Unik industriby

Det er noko veldig unikt med denne vesle industribyen i havgapet. I Florø finst det nemleg fleire store bedrifter som ikkje berre er marknadsleiande innan sitt felt, men også pionerar i det grøne skiftet og innovative i sitt fag. Fleire av dei store tungvektarane opererer innan dei havbaserte næringane. Samtidig har vi ein underskog av mindre leverandørar, som spelar ei viktig rolle for at næringslivet i Florø går godt for tida.

Vi må alle ta eit krafttak for havet og arbeidsplassane i kystbyen.

Flora Industri- og Næringsforening skal vere ein møteplass for utveksling av erfaringar og nye idear. Samtidig må vi legge vekt på å heie kvarandre fram. Alle bedriftene – både små og store – er avhengige av kvarandre og brikker i eit felles puslespel.

Gjer kvarandre gode

Det er avgjerande at vi løftar fram den kompetansen vi har i Florø, og den viktige innsatsen bedriftene gjer

Bjørn Hollevik Styreleiar

både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Snakk varmt om nabobedrifta og gi dei ein klapp på skuldra. Har du fleire dyktige kandidatar i søknadsbunken som ikkje passar inn hos deg? Tips ei bedrift i lokalmiljøet for å få vedkommande hit, eller snakk saman for å finne ein jobb til partnaren som blir med på flyttelasset.

Relasjon til havet

Byen Florø starta opp med blikket vendt mot havet, og dei rikdommane som kom frå det store blå. Den dag i dag hentar vi framleis rikdommen frå havet. Anten du er elektrikar, båtbyggar, servitør eller sit på eit kontor på basen eller midt i byen – så har jobben din ein relasjon til havet.

Kraft i alle former

Vi går inn i framtida med blikket retta mot havet og det havet gir oss. I Flora Industri- og Næringsforening har vi sterkt fokus på kraft, og då tenkjer vi ikkje berre på elektrisk kraft. Det er ei sterk kraft i det å stå saman, og gjere kvarandre gode. Akkurat no er det grøne skifte med grøn kraft dagsaktuelt. Vi treng meir kraft, og ikkje minst så treng vi meir arbeidskraft.

Flora Industri- og Næringsforening består av:

A til Å Grafisk Design og Media • Accountor Førde • Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn, Avd. Florø • Advokatfirma

og

DKFB

Fiskeoppdrett

2 HAVmagasinet
Equinor
Ewos • Fanevik
Fjord1 • Florø Hamn
• Florø Næringsbygg Florø
• Grønsberg bygg • GS Maskin • Helgås
Tollefsen • Allbygg Florø • Arbeids-
Velferdsetaten • Auto 8-8 Forum • Avinor Florø Lufthamn • BB ServiceSystem SF
Byggservice
Consto • Deloitte
• E. Karstensen
• Ecit Services •
Energy •
Bygg
Ferstad Installasjon
Fjord Base Holding • Fjord Staff Management •
KF
Rør
Fokus Elektro
Folkeuniversitetet
Global Florø
Grind
bygg og taksering

Frå Florø til verda

Her i Florø lever vi ved og av havet. Kystbyen vart etablert nettopp på grunn av havet og dei rike fiskeria. Folk kom hit for å nytte ressursane som havet gav, for å skape arbeidsplassar og å bygge eit samfunn. Dette samfunnet lever og er høgst oppegåande den dag i dag. Framleis er det havet som gir oss ei enorm verdiskaping, trygge arbeidsplassar og gjer Florø til ein god plass å bu.

Havnæringane er ein sentral del av økonomien og kulturen i Florø. Det er ein imponerande aktivitet knytt til desse næringane, som gir store ringverknader i lokalsamfunnet. Men også internasjonalt med Florøbedrifter som opererer i Senegal, Kina og Australia.

Vi har samla dei gode historiene om det gode næringslivet i Florø – basert på ressursane frå og på havet – for å vise verda kva Florø har å by på.

HAVmagasinet

A til Å i samarbeid med Flora Industri- og Næringsforening

Redaksjon: Anita Øygard, Charlotte Lindén-Nybø, Maria Benæs Hunvik og Malvin Horne. havmagasinet.no

3 A til Å Grafisk Design og Media
• Kinn
• Multi
• NCC
• Neptun
• Niprox
Nor
• PP
• Ramco
• Victoria
• Walcon
• Quality
Hipphipp Flora • I O S Tubular Management • IVest Consult • Jon Strømsnes
K. Jansen
Regnskap
Kruse
Kvartalet Florø • LPJ Trading Linja • Localhost
Marø Havbruk
Maritime
Norge
Energy Norge
Technology •
Tekstil Norblikk
Norwell
Novaform
Origod
Petroleum Services
Florø
PWC
Norway
Ramsdal Maskin
Salt Arkitekter • SAR
Slakteriet
Solvens
Sparebanken Sogn & Fjordane
Sparebanken Vest
Trygve Ullaland
Vestnes Ocean
Hotell Florø
Maritime
Westcon Yard Florø
Hotell Florø
Foto: Egil Aardal.

Riggar seg for framtida

Vi er glade for at neste generasjon ynskjer å jobbe med det same som oss og det er kjekt å ha dei med i drifta, smiler Nils Tore Karstensen i E. Karstensen Fiskeoppdrett. Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk er einig, men vil samtidig få fram at det også er eit stort ansvar dei etter kvart skal overlevere til neste generasjon. Begge selskapa har vore innovative og er opptatt av å ta i bruk nye teknologiar. Samtidig legg dei sterk vekt på god fiskevelferd.

Vi lever etter mottoet:

«HAR LAKSEN DET BRA, HAR VI DET BRA!»

Ny generasjon – nytt utstyr

I år skal selskapa bygge om 2 av lokalitetane med ny flåte og fleire ringar. Då vil vi ha 4 lokalitetar med moderne utstyr. Anlegga våre ligg vêrhardt til, så det er viktig med solid utstyr. Når ekteparet Trond og Elin Tveit Sveen og brørne Nils Tore og Geir Karstensen trappar ned, så har neste generasjon eit veldig bra utgangspunkt.

Må forstå fisken

Kunnskap om fisken er eit viktig fokusområde. For å lukkast med god fiskevelferd, må vi forstå fisken. Kva er det beste fiskefôret? Kvifor får fisken sår når den er vaksinert mot same sjukdom? Korleis halde lusetalet lavt utan å handtere fisken? Vi deltar i forsking og ønsker alltid å lære meir, seier Elin – og er klar på at dei har eit stort ansvar.

Satsar på god fiskevelferd

Selskapa investerer tungt i forebyggande tiltak, for god fiskevelferd og lusekontroll. Vi har i mange år hatt stor suksess med bruk av laserteknologi mot lakselus. I fleire

generasjonar med fisk har vi sloppe heilt unna avlusing. Dette meiner vi er svært positivt.

Tar utfordringane på alvor

Dei to erfarne oppdrettarane legg ikkje skjul på at sår på vinteren kan vere ei utfordring. Vi følgjer godt med og har tett kontakt med fagmiljøa som kan hjelpe oss. Vi gjer det vi kan med til dømes god ernæring og robust smolt, og tilfører fisken probiotiske bakteriar som styrkar immunforsvaret. Summen av fleire tiltak skal betre velferda til fisken vår.

Saman er vi sterkare

Dei to selskapa var i 1996 dei første i Norge som starta med formell samdrift, der ein samarbeider tett. Dette har vore viktig for oss, og gitt oss tryggheit i gode og vanskelege tider. Det har vore utfordringar med fleire nedtrekk i løyva i vårt område, og auka skattetrykk. Likevel ønsker vi å bidra til auka verdiskaping og positiv aktivitet i våre lokalsamfunn.

4 HAVmagasinet
marohavbruk.no karstensen.no
Familiane Karstensen og Sveen samarbeider på tvers av generasjonar. F.v. Harald Johan Karstensen, Nils Tore Karstensen, Silje Sveen, Trond Sveen, Kristoffer Karstensen, Elin Tveit Sveen, Geir Karstensen og Gjert Erik Karstensen.

På oppdrag frå Florø til Afrika

Det har skjedd store endringar her hos Stadt Sjøtransport så langt i 2024, og fleire nyheiter er undervegs, smiler dagleg leiar Martin Olsen fornøgd. – Den største endringa er at vi har eit auka internasjonalt fokus i tillegg til fokus på lokale marknader. Tidlegare har vi stort sett levert tenester til næringslivet på Vestlandet, men no har vi i tillegg landa ei større langtidskontrakt på kysten av Vest-Afrika.

Firmaet som er styrt frå Kolkaia i Florø sentrum har 4 slepebåtar og rundt 35 mann i arbeid, og driv stort sett med hamnebuksering, slepeoppdrag, assistanse og nødtenester. Dei er det einaste lokale slepebåtselskapet i Florø, og har gode lokale kundar frå Sognefjorden i sør til Aukra i nord – og resten av landet ved behov.

Fokus på miljø og forbetringar

Taubåtane våre er drivne av dieselmotorar, men vi har fokus på å spare miljøet gjennom interne retningslinjer og program for å redusere utslepp av CO2 og NOX. Vi ser og på alternative drivstoff, og har bidratt i eit felles prosjekt med Hub for Ocean, der vi undersøkte moglegheitene knytt til hydrogen. Akkurat no jobbar vi med å få på plass eit landstraumanlegg på vår eigen base, slik at båtane kan bruke elektrisk energi ved kai.

Nye oppdrag i Vest-Afrika

Frå januar i år har «T/B Stadt Kinn» med mannskap skifta beite. Den køyrer på fast oppdrag for eit stort oljeselskap i Senegal og Mauritania. For oss er dette veldig spennande, og eit bevis på at vi kan konkurrere i ein større marknad. Det betyr og at vi har ein båt mindre i Florø, og at vi må sende mannskap sørover. Vi har nyleg mista ei kontrakt i Bremanger, så dette er eit godt bevis på at «når ei dør lukkar seg blir ei ny opna», smiler ein optimistisk sjef.

Lokalt forankra

Samtidig som vi løftar blikket mot utlandet så er vi eit lokalt forankra taubåtselskap, og vi har rikeleg med arbeid lokalt, fortel ein fornøgd leiar. Vi er det einaste taubåtselskapet som køyrer på fast kontrakt for Fjord Base. Der hjelper vi større skip med hamnebuksering og fortøying. Vi har månadlege oppdrag med rørbåtar som skal til og frå basen, i tillegg til meir sporadiske jobbar som dukkar opp etter behov

Fleksible og tilgjengeleg.

Oppdrettsnæringa er viktig i Kinn, og vi er ein viktig assistent når til dømes store merdar skal transporterast. Vi er fleksible og tar på oss jobbar med alt frå å assistere skip og oljeplattformer til slep av vindmølledeler og akutte bergingsaksjonar. Båtar og mannskap er utrusta for å hjelpe fartøy i nød, og vi rykker ut på kort varsel. For oss er det eit viktig ansvar å hjelpe til og hindre havari, miljøulykker og andre hendingar.

5 A til Å Grafisk Design og Media
tugs.no
«Stadt Kinn» og «Stadt Florø» ute på oppdrag. Foto: Stadt Sjøtransport.

Knutepunkt vest

Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt Vestlandskysten saman med verda. Florø er eit naturleg bindeledd mellom sjøen, vegen og lufta, og eit knutepunkt for sjøtransport mellom Ålesund og Bergen. – Vi har satt kursen for vegen framover, seier hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og driftsleiar Ørjan Storesund.

– Primæroppgåva vår er å sikre eit godt hamnetilbod. Vårt område strekk seg frå Hyllestad i sør, til den sørlege delen av Kinn. Tryggleik er ein avgjerande faktor. Er det manglar på kaier eller farar i farvatnet er det vår oppgåve å løyse dette. Det kan vere alt frå å ha jamleg vedlikehald på kaier til å reise ut på sjøen når vi får meldingar om potensielle farar i farvatnet. Det dei fleste kanskje ikkje veit er at vi handsamar søknadar om flytebrygger, kablar og liknande i hamneområdet vårt.

– Ein gong fekk vi rapport om ei trekrone i sjøen og hasta av garde i båten vår Ytterøyane. Då vi byrja å heise trekrona, viste det seg at det var eit 15 meter høgt tre som hadde satt seg fast i botn. Det var litt av ein jobb, men vi fekk det til, seier Ørjan Storesund.

I drift heile døgnet

For å sikre ei trygg og smidig drift har dei ei ansvarleg hamnevakt som sørger for all kommunikasjon mellom sjø og land. Hamnevakta er på 24 timar i døgnet, og hjelper til der det skulle vere behov.

– Vi har mange fartøy som er innom dei seks kaiområda vi driftar i løpet av ein dag. Nokon ligg til kai over ein lengre periode, medan andre er innom ein kort

tur for å losse eller laste varer. Då er det viktig å ha god kommunikasjon internt og med aktørane som brukar lokalitetane våre for å ha ei smidig drift, seier Linda.

– Hamna skal sørge for at all ferdsel på kaiene og i våre farvatn er trygge. Ved uvêr og snøfall kan det bli svært travelt for hamnevakta. Heldigvis er dei tilsette ein fleksibel og triveleg gjeng som stiller opp og hjelper til når det trengs.

Ei hjelpande hand i Florø hamn

At Florø hamn strekker seg langt for å hjelpe til er det fleire som kan bekrefte. I løpet av eit år har hamna rundt 7000 anløp. Nokre av fartøya som legg til kai er faste travarar i hamnebassenget, som til dømes brønnbåten «Ro Server» frå Rostein. Skipet fraktar fisk frå oppdrettsanlegga og inn til Slakteriet.

6 HAVmagasinet
florohamn.no

Det er trivelege folk du treff i hamna, som tek oss godt imot og hjelper oss med det dei kan. Dei strekkjer seg så langt dei kan for å ordne plass til oss, sjølv når det er trangt om plassane.

Magne Egil Sleire, «Ro Server»

Ny og spennande tid

Verda er i endring, og med dette endrar Florø hamn seg. Stabben fyr, eit av dei mest særprega fyra i landet, har vore eit kjenneteikn i logoen i lang tid. No når dei fornyar seg med ny logo, er fyret framleis med. Den skal representere både bølgjene i havet og den dynamiske drifta til Florø hamn.

– Det skjer mykje viktig utviklingsarbeid som posisjonerer Florø i front nasjonalt og internasjonalt på fornybarfeltet. Vi skal vere ei drivkraft i utviklinga av kystregionen og bidrar aktivt til å forsterke dette framtidsretta arbeidet. Hamnehuset er det første næringsbygget i gamle Sogn og Fjordane som vart BREEAMsertifisert, som er Norge si fremste miljøsertifisering for bygg. No er bygget fullt med havbaserte bedrifter.

– Vi har tilbydd kundane våre tilkopling til landstraumanlegg sidan medio juni 2021 og det første året leverte vi 1,5 GWh straum til fartøya. No legg vi til rette for at det også vert lading for hurtigbåtane som skal gå i Florø-bassenget. Vi følger utviklinga i bransjen, og skal vere tidleg ute å legge til rette for at kundane våre kan få nytte framtidsretta teknologi.

Liten organisasjon som gjer mykje Florø hamn er ein liten organisasjon, med 6 tilsette, drift 24/7, og store prosjekt i arbeid.

– Ein kan dra samanlikningar mellom Florø hamn og eit isfjell. 90% av eit isfjell er usynleg frå havoverflata og slik er det litt med oss også. Det er mange aktørar og anløp som skal koordinerast der vêr og vind er ein faktor. Samarbeid internt og mellom aktørane er viktig for at vi skal ivareta alle så godt som mogleg. Dialogen med leigetakarar, kunder og privatpersonar er grunnleggande for at vi skal utvikle oss i takt med samfunnet. På denne måten kan vi tilpasse oss og tilby eit godt hamnetilbod, avsluttar hamnesjefen.

7 A til Å Grafisk Design og Media
Saman med SFE har dei stifta selskapet Skipskraft, og leverer landstraum til fartøy som ligg til kai i Florø. Foto: Florø hamn. «Ro Server» legg til ved kai E på Fugleskjærkaia. Foto: Florø hamn.

Ei allsidig bedrift

Walcon er ei allsidig bedrift som jobbar med alt frå bygging og utrusting av skip, havbruk, fiskefôrfabrikkar og bygg – til å levere sløkkesystem i byggebransjen. Dagleg leiar Bjørn Tore Løkkebø fortel at dei har rundt 170 fagfolk i jobb, langs heile Norge frå Finnmark i nord til Oslo i sør, i tillegg til nokre oppdrag i utlandet. Basen vår er i Florø.

Røransvar hos Brødrene Aa

Walcon har oppdrag hos Brødrene Aa verfta, der vi leverer komplett entreprisar innan rørsystem. Dette oppdraget har vi hatt sidan januar 2014, og det inneber at vi handterer alt av rørarbeid, innkjøp, teknisk arbeid og bemanning. Det har vore ei utruleg spennande reise, fortel produksjonsleiar André Fimland Lothe. – Sidan samarbeidet starta har vi i gjennomsnitt hatt mellom 10 og 20 mann fast på verftet i Hyen. Vi tilpassar oss raske endringar, og gjennom desse 10 åra har båtane gått frå dieselmotorar til hybridmotorar, og no er det først og fremst batteri som gjeld.

Kabellegger i Romania

For tida har Walcon oppdrag på eit kabelleggerfartøy som Vard Søvik bygger for Italienske Prysmian Group. Båten, med det velklingande namnet «Monna Lisa», er utvikla for avanserte operasjonar ned til 2000 meters djupne. Prosjektleiar Ronny Magnussen fortel at dei no har 10 mann i Romania for å førebu arbeidet med montering av «karusellane» på skipet. – Når skroget kjem til Norge og Vard Søvik skal vi auke opp til rundt 80 mann totalt, på rør og mekanisk installasjon.

Sikrar store bygg med sløkkeanlegg Dei siste åra har Florøbedrifta hatt mykje folk i arbeid i og rundt Oslo, der dei mellom anna har levert komplette høgtrykks vanntåkeanlegg. Dette er ein

svært effektiv metode for kveling og nedkjøling av brann. – Vi har levert alt av materiell, installasjon og i gangkøyring av anlegga på nye Tøyenbadet, fortel Bjørn Tore. – Det same gjeld Kommunegården i Bærum og fleire datasenter rundt Oslo.

Havbruk frå Kinn til Adamselv – Havbruksnæringa er blitt ei viktig kundegruppe for oss, og her jobbar vi med alt frå mindre reperasjonar til installasjon av store prosessanlegg, smiler Bjørn Tore fornøgd. – Vi har tett samarbeid med Simona Stadpipe på Stadtlandet som har spesialisert seg på havbruk og PE-rør. Vi har vore med å bygge opp mange anlegg langs kysten vår i dette samarbeidet. Akkurat no er vi i gang med Norges største landbaserte oppdrett av ørret på Rjukan. Det neste på agendaen er å bygge nytt smoltanlegg for Grieg Seafood i Adamselv, omtrent så langt nord ein kan komme i landet.

Vi treng meir folk

Vi er heldige som har rikeleg med arbeid, og vi er alltid på utkikk etter kvalifisert arbeidskraft, avsluttar gjengen i Walcon. – Vi tilbyr variert arbeid, der ein får oppleve stadig nye prosjekt – på ulike stader i landet – og av og til i utlandet.

8 HAVmagasinet
walcon.no
Oddvar Aarberg, Gosia Bigus, Malgorzata Slomka, Ronny Magnussen og Bjørn Tore Løkkebø. André Fimland Lothe mangler på biletet.

Evoy – ein global aktør

Evoy er først ute og marknadsleiar på elektriske motorsystem for båtar som vil køyre i høg fart. No har dei selt elektriske motorsystem til 20 land. – Vi bygger morgondagens teknologi, i dag.

Vi designar, utviklar og konstruerer plug-and-play elektriske motorsystem for båtar i størrelsen 20-50 fot. Evoy tilbyr både innanbords-, og utanbordsmotor, som spenner frå 120 til 400 hestekrefter. Kvart system blir levert med kablar og batteripakke, klar for installasjon i ein ny båt eller ettermontering i ein eksisterande båt. Motorsystema leverast óg med vår eigenutvikla programvare for fjernvedlikehald, pluss ein egen app som hjelper deg med lading, turplanlegging og meir.

– Først trudde vi at vi skulle bygge elektriske båtar, men vi ombestemte oss, seier Leif Stavøstrand, gründer og administrerande direktør i Evoy. – Kvifor vere båtbyggar nummer 5.001 når ein kan levere elektriske motorsystem til 5.000 båtbyggarar?

Levert til 20 land

Evoy blei grunnlagt i 2018 og har hovudkontoret sitt her i Florø. Vi sette vår første prototype på vatnet i 2019. I 2021 fekk kundane dei første nøkkelferdige elektriske motorsystema i båtane sine. I dag har Evoy eit team på 50 internasjonale tilsette og eit globalt nettverk av båtbyggarar som installerer Evoy sine elektriske motorsystem. Det gjer at vi har selt motorar til kundar i 20 ulike land – mellom anna Japan og Australia.

Nyt stillheita på sjøen

Fleire kommersielle aktørar og folk med eigen fritidsbåt ønskjer å gå over til elektrisk drift. For berre nokre få år sidan var dette ein nyheit, no er det ein del av framtida vår. Vi kan peike på mange fordelar med å velje elektrisk. Det er freistande for mange å reise med nullutslepp og utan forureining av havet.

Men det har også praktiske fordeler som at det fjernar drivstoffkostnadar og reduserer behovet for motorvedlikehald. For både kommersielle og fritidskundar har elektrisk båtliv ein sterk appell, fordi det er stille – du kan fordjupe deg i naturen eller nyte ein samtale med passasjerar utan å rope over støyen frå ein tradisjonell motor.

Reisa har nettopp begynt!

9 A til Å Grafisk Design og Media
Dei tilsette i Evoy skal revolusjonere fritidsbåtbransjen. Foto: Evoy.
evoy.no

Ocean Electronics har levert maritim elektronikk på brua til fiskebåten M/S Støttfjord. John Sigurd Solberg er dagleg leiar og har videreutvikla selskapet i over 30 år. Foto: Ocean Electronics og Anita Øygard.

Eit århundre med historie

Med røter heilt tilbake til starten av 1900-talet har den tradisjonsrike Florø-bedrifta spesialisert seg på maritim elektronikk. Sidan den gong har Ocean Electronics utvikla seg til å bli eit av dei største selskapa innan maritim elektronikk i landet.

Historia byrja i 1912 då Ludvig Solberg opna si eiga forretning i Florø. Sidan den gong har dei vore omstillingsdyktige og følgt endringane i bransjen. Sidan 1925 har dei levert radioutstyr, noko dei i dag har reindyrka til maritim sektor. Dagleg leiar John Sigurd Solberg tok over i 1990, og er fjerde generasjon i familiebedrifta.

I 2018 slo dei seg saman med Måløy Radioforretning og bytta namn til Ocean Electronics. Nyleg fusjonerte dei med Westronics i Bergen for å sikre breiare og spissare kompetanse, og har vakse til å bli eit av dei største selskapa innan maritim elektronikk i Norge. Bedrifta har vakse til 25 tilsette og ei omsetning på 100 millionar.

Vi er der kunden er – Nesten alle kundane våre har ei tilknyting til Vestlandet og Norge. Vi har kontraktar med reiarar, fiskeflåtar og verft langs den norske kysten. Ein del av fartøya seglar over heile verda, og det er langt å reise til Norge for service. Derfor koordinerer vi serviceoppdrag der kunden er. Til no har vi reist ut til alle kontinent og levert service på fartøy.

– I tillegg er vi importør for ein del merker, blant anna eit gyrokompass frå Japan som vi leverer både i

Norge og andre land. Mange båtar blir bygd i andre land, som Korea, Kina og Japan, der dei er utstyrt med merker vi representerer. Då kan dei kontakte oss, så kjem vi og utfører service. Kompetanse og service er avgjerande for kundane våre. Etter samanslåingane har vi fått betre kapasitet, og er meir fleksible.

Gode folk er viktigast

Oppskrifta for å halde det gåande, og vekse i ein tøff marknad, er enkelt i følge han sjølv. – Det er menneska som utgjer bedrifta. Vi har ei fagsterk bemanning som består av teknikarar, ingeniørar og saksbehandlarar med mange års erfaring i faget. Vi legg vekt på å vere fleksible og dukkar opp der det trengs når det trengs. Å knytte til seg kompetanse er noko vi jobbar med heile tida, og sørger for å halde oss fagleg oppdatert. Sjølv om vi jobbar med kompetanseheving treng vi fleire hender for å hjelpe kundane våre. No søker vi etter fleire teknikarar, servicepersonell og lærlingar innan maritim elektronikk.

10 HAVmagasinet
oceanelectronics.no

Vestnes Ocean innreier skip verda rundt. Her frå Salmar si havmerd «Ocean Farm 1». Foto: Vestnes. Innfelt er den norske fiskebåten «Ecofive» frå Ulstein. Illustrasjon: Ulstein Design Solution/Bluewild.

Innreiar prisvinnande skip

Dei reiser overalt, frå Singapore til Tasmania og Polen. Med hovudkontor på Evja har Vestnes Ocean reist verda rundt for å innreie skip. Den norske fiskebåten «Ecofive» blei kåra til «Ship of the Year» under Nor-Shipping 2023. – Vi skal gjere ei totalinnreiing på båten, seier dagleg leiar Jonny Bjørnset.

– Då båten kom til Westcon i oktober var det eit tomt skal. Vi skal gjere ei totalinnreiing, som betyr at vi utfører heile jobben frå å isolere skroget til det er ein fullt innreia båt med nøkkelen klar i døra. Det er ein stor og viktig jobb for oss. Prosjektet skal vere ferdig i juni, og då har mellom 15 og 20 tilsette stått på i ein periode over åtte månadar for å komme i mål.

Verdas største cruiseskip

Det er ikkje første gongen Vestnes jobbar med skip i ein eigen særklasse. I porteføljen til Vestnes Ocean kan du finne fleire skip frå luksuriøse cruiseselskap som Royal Caribbean Cruise Lines, Celebrity og Ritz Carlton.

– Vi har gjort store jobbar med å innreie cruiseskip i Frankrike. Den største jobben var for Royal Caribbean sin «Wonder of the Seas», som er over 360 meter langt og kan huse nærare 7000 gjestar. Vi begynte på jobben i 2021, og har levert og montert innreiing som golvsystem, veggar, tak og møblar på 4000 kvadratmeter. Kvaliteten på arbeidet vårt fekk A1, den høgaste scoren ein kan få, og det er vi skikkeleg stolte over. No er vi i gang med å innreie det femte cruiseskipet for Celebrity, og jobben skal vere ferdig i slutten av 2025.

Lokalt og internasjonalt

Det er over 60 år sidan familiebedrifta starta si verksemd, og dei har no vakse til å bli ei bedrift med internasjonale røter. Dei har mellom anna fast base i Norge, Polen, India og Frankrike.

– Vi gjer jobben der kunden er, anten det er eit cruiseskip i Frankrike eller ein fiskefarm i Kina. Sjølv om vi er store internasjonalt, leverer vi óg i lokalmiljøet. Vestnes innreier nybygg som kjem frå Brødrene Aa, og heime i Florø innreier vi kontor, med alt frå glasveggar til kontorstolar. Her har vi eigne møbeldesign, Willy og Keys, og har på trappene eit nytt design som skal lanserast på Nor-Fishing i august. Det blir veldig spennande.

– Med ein ordrereserve ut 2026 ser vi lyst på framtida. Det er sjølvsagt veldig stas, men det ligg høge forventningar på oss. Vi må berre fortsette å levere topp kvalitet på det vi gjer, avsluttar Bjørnset.

11 A til Å Grafisk Design og Media
vestnesnorway.com

Ny industriell aktivitet og ringverknadar ved nye etableringar

«Regjeringens visjon er at Norge skal være et foregangsland i utviklingen av en grønn, sirkulær økonomi som reduserer den samlede miljø- og klimabelastningen og skaper nye arbeidsplasser i hele landet. Ressurser må brukes og ombrukes mer effektivt i giftfrie kretsløp og erstatte uttak av, og produksjon med nye ressurser». Dette seier Regjeringa i sin handlingsplan som kom 14. mars 2024.

Ei raskare omstilling til ein meir sirkulær økonomi vil bidra til å redusere Norge sitt globale klima- og miljøfotavtrykk. Vestlandet er i ferd med å omforme den maritime industrien gjennom miljøvennlege løysingar. Ved å stimulere til utsleppsfri produksjon av både hydrogen og ammoniakk og å nytte restråstoffet ved denne produksjonen så markerer Vestlandet seg som eit globalt knutepunkt for grøn næringsutvikling. Norge har ressursar og kompetanse for å produsere klimanøytrale løysingar som reduserer utsleppa våre. Den maritime næringa står mellom anna for omlag 50 % av Norge sine nasjonale utslepp. Så overgangen til nye løysingar i den maritime næringa er svært viktig for å nå nasjonale klimamål.

Som nasjonal klynge har Ocean Hyway Cluster gjennom år bygd opp eit nettverk av bedrifter frå heile denne næringa. Vår styrke ligg ikkje berre i vår eigen kompetanse, men og i vår evne til å fasilitere samarbeid og partnarskap, noko som er svært avgjerande i realiseringa av dei framtidige hydrogenbaserte verdikjedane. Som eit nasjonalt knutepunkt legg vi til rette for synergiar og moglegheiter gjennom samarbeid, slik at våre medlemmar kan realisere sine ambisiøse satsingar og bidra til ein berekraftig vekst. Dette gir ringverknader både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Ringverknader av ny industriell aktivitet

I etableringa av ny industriell aktivitet basert på grøn industriutvikling registrerer vi store ringverknadar for den framtidige samfunnsutviklinga. Aktørar som Fortescue er eit godt døme på dette. Etablering av ammoniakkfabrikken på Holmaneset i Bremanger kommune vil gje leverandørmoglegheiter både lokalt og regionalt. Etableringa styrkar Norge sin posisjon i det grøne skiftet med mål om å bli ein verdsleiande maritim nasjon innan 2030 i henhold til regjeringa sitt vegkart for Grønt industriløft.

I tillegg til ammoniakkfabrikken vil ein produsere store mengder biprodukt, som oksygen og varme. Dette gjev ytterlegare grunnlag for etablering av ny næringsverksemd innan mellom anna; metallurgi, kjemisk industri, avløpsrensing, medisinsk bruk, romfart, fiskeoppdrett, brenselproduksjon, laserteknologi og forsking og utvikling. Nye verdikjeder vil kunne etablere seg både lokalt og regionalt i samband med denne etableringa. Fortescue samarbeidar med partnarar både i Norge og Europa for at grøn energi produsert på Holmaneset skal bidra til ein grøn, sirkulær økonomi som reduserer dei samla miljø- og klimabelastningane.

12 HAVmagasinet
oceanhywaycluster.no fortescue.no
Ocean Hyway Cluster jobber tett med industrien for å utnytte dei kommersielle moglegheitene innan hydrogen- og ammoniakkløysingar i maritim industri. Foto: Ocean Hyway Cluster/Fortescue.

Landbasert oppdrett av torsk, laks og berggylt

Ved hjelp av kunnskap og erfaring bygger vi en solid lokal utvikling av en unik torskestamme – Havlandet stammen. havland.no

Vi har spisskompetanse på fiskeri og havbruk

Vi kjenner bransjen godt og har eit stort, lokalt fagmiljø som er klare til å hjelpe deg. I lag finn vi løysingar som passar for bedrifta di.

Les meir og avtal eit møte med ein av rådgjevarane våre ved å trykke på knappen nedanfor eller kontakt oss på

tlf 57 82 97 00.

Les meir og avtal møte

Steinar

Ryland Roger Svarstad

13 A til Å Grafisk Design og Media

Sikra arbeid til 2040

Det er høg aktivitet hos Westcon Florø for tida. Med ei stor kontrakt på vedlikehald av fregattar og bygging av ny tørrdokk, vil Westcon vekse i tida som kjem. – Det er ei heilt unik kontrakt vi har sikra oss, seier prosjektleiar Gunbjørg Nygård Melkiorsen.

Kongsberg Gruppen er tildelt ei strategisk rammeavtale på driftsstøtte, vedlikehald og levetidsforlenging på Sjøforsvaret sine fregattar i Nansen-klassen. Rammeavtala er verdt 17 milliardar, og Westcon Yard Florø får ein del av kaka.

17-års kontrakt

– Vi skal utføre dokking og skipsteknisk vedlikehald og ombyggingar på fregattar i Florø. Det er ei stor og viktig kontrakt for oss, som sikrar tryggleik for verftet og dei tilsette. Arbeidet skal gå fortløpande i 17 år framover, og så langsiktige kontraktar er sjeldan vare i verftsbransjen. Vi skjøna tidleg at å jobbe med Forsvaret på desse rammeavtalene gjer ein ikkje aleine. Derfor har vi eit strategisk samarbeid mellom Westcon Yards, Coast Center Base på Ågotnes, Wilnor Governmental Services og Wilhelmsen Ship Management.

10 av 10 poeng

– Florø utmerka seg i anbodsprosessen. Vi leverte godt på alle krav, og det som er spesielt kjekt er at vi fekk 10 av 10 poeng på punktet som går på kvalitet. At vi har ei tørrdokk med overbygg er også ein stor fordel i dette prosjektet. Vedlikehaldet av fregattane vil skje inne i dokka og på nordre kai. Det første fartøyet er førespegla vedlikehald på i januar 2025. Fram til då er det mykje førebuing og planlegging som skal på plass.

Ringverknadar for lokalmiljøet

– Kontrakta er viktig for oss, men den er vel så viktig for lokalmiljøet. Forsvaret er opptatt av lokal verdiskaping,

og rammeavtalen vil skape ringverknadar for bedrifter i Florø. Vi har ein del lokale underleverandørar som vi allereie brukar, og det vil drype arbeid på fleire bedrifter i Florø. I tillegg vil det bety fleire besøkande som treng kost og losji, og auka handel i butikkane. Det vil merkast lokalt.

Fleire bein å stå på

Fregattprosjektet er ikkje det einaste som har auka aktivitet hos verftet i Florø. Terje Totland har lang fartstid i bedrifta med heile 34 år. No er han leiar for skip, reperasjon og service, og planlegg alt vedlikehaldsarbeid på verftet.

– Det er høgt trykk hos oss og variasjon i kva som kjem inn. Vi har alt frå offshorefartøy, lastebåtar, ferjer, og tradisjon tru har vi riggar eller «juletre» som det heiter her i Florø. No er det stor pågang på dokka og kaiene, som gjer at vi har stort fokus på å jobbe straumlinjeforma for å best mogleg nytte ressursane vi har.

– Den auka aktiviteten kombinert med forsvarskontrakta gjer at vi no investerer i ei ny tørrdokk, på vestsida av den eksisterande dokka. Den skal bli 140 meter lang og 30 meter brei. Investeringa gjer at vi kan auke kapasiteten vår ytterlegare, og bli meir fleksible ovanfor kundane.

14 HAVmagasinet
Det vert stor aktivitet i dokka til Westcon dei neste 17 åra. Foto: Westcon.
westcon.no

Fulle ordrebøker og nye, store kontraktar gjer at vi over tid vil trenge opp mot 100 fleire tilsette.

Skal koordinere underleverandørar Med arbeid sikra dei neste 17 åra og auka aktivitet i alle avdelingane treng dei fleire folk. Westcon Florø har tilsett fleire allereie og blant dei nye tilskota finn vi florøværingen Håvard Vedvik. Han er planleggar på fregattprosjektet.

– Eg har ein master i maskiningeniør, og starta hos Westcon på nyåret. Det er ei spennande stilling, og då eg fekk tilbodet måtte eg berre seie ja.

Til no har eg brukt tida godt på innkøyring. Sidan eg skal planlegge og koordinere fleire avdelingar har eg hittil brukt tida på å besøke dei ulike avdelingane hos oss for å bli meir kjent med dei, før eg tar fatt på fregattplanlegging på fulltid.

– Eg skal planlegge vedlikehald av fregattane som kjem inn. Jobben min er å samle alle trådane, straumlinjeforme arbeidet og finne alle samtidigheiter slik at det ikkje blir krasj. Det er mange underleverandørar som skal inn og gjere ein jobb, og dei må koordinerast. Fartøya har ikkje plass til mange i breidda i gangane, så her må ein ha god orden i sysakene.

– No er vi ein del nytilsette i Westcon og det kjem endå fleire. Vi skal snart ha teambuilding med prosjektgruppa, først litt svetting og deretter ein hyggeleg middag. Det er ein kjekk gjeng med kollegaer her på verftet og vi blir godt kjent på felleslunsjar på tvers av avdelingar, toppturar og lønningspils.

Aukar bemanninga

Westcon Yards Florø er no 190 fast tilsette, og den auka aktiviteten krev fleire ressursar. No skal dei over tid rekruttere mellom 50 og 100 tilsette.

– Fulle ordrebøker og nye store kontraktar gjer at vi treng endå fleire folk. Ein del vil sjølvsagt vere industripersonell, men vi treng òg ressursar som stab- og støttefunksjon. Vi har store team innan blant anna IT, økonomi, innkjøp, og vakthold – her er det stillingar som kan passe alle.

15 A til Å Grafisk Design og Media
Framover skal Westcon auke bemanninga med både industripersonell og stab- og støttefunksjon. Foto: Westcon. Dei tilsette er klare for å levere på spennande prosjekt. Frå venstre: Terje Totland, Håvard Vedvik og Gunbjørg Nygård Melkiorsen.

Med verden som arbeidsplass

Det er mange detaljar som skal koordinerast, dokumenterast og følgjast opp når 25 000 tonn eller 60 millionar måltid med laks og ørret skal formidlast frå Florø til forbrukarar i Europa og Asia. Salsselskapet Bravo Seafood har knekt koden.

I sjøbua ytst på Horne Brygge sin kaikant finn vi ein gjeng med glade fiskehandlarar. Svein Helge Bruheim, Håkon Åsvang og Tore Svarstad etablerte Bravo i 2008, og har sidan då utvikla selskapet til å selje laks og ørret til nesten 50 land. 2023 var eit spesielt år då dei passerte 2 milliardar i omsetnad.

Vi er tilgjengelege

Dagleg leiar Karl Petter Myklebust meiner at nøkkelen til suksess ligg i engasjerte og flinke medarbeidarar. – Kjerneverdiane våre er ikkje tomme ord, men noko vi lever opp til kvar einaste dag. Vi skal vere tilgjengelege og engasjerte, og vi skal ha god kompetanse på det vi driv med.

– Vi samarbeidar med familieeigde oppdrettselskap langs heile den norske kysten. Totalt er det 25 selskap som samarbeidar med oss for å få fisken ut i verda. I 2023 selde vi 25.000 tonn laks og ørret, og det meste

er ferskt. Den ferske fisken har ei kort haldbarheit, og derfor dårleg tid til å rekke fram til sluttmarknaden og kunden i tide. Det er mange detaljar som skal følgast opp og dokumenterast frå fisken er pakka til den er levert hos kunden, og vi er med heile vegen. Kundane og leverandørane våre legg merke til dette. Vi er tilgjengelege heilt til fisken er levert, uansett tid på døgnet.

Beherskar fleire språk – Med verden som arbeidsområde er det viktig å forstå kunden sin marknad. Ein stor del av fisken som Bravo sel går til Asia, og er eit viktig satsingsområde for oss. Derfor har vi styrka oss med folk med forskjellig kultur og språkforståing. På distriktskontoret i Oslo har vi tre dyktige fagpersonar på flyteamet vårt, leia av Qiao Chen frå Kina. Til saman beherskar dei 6 ulike språk.

Store mål

Trass ein beskjeden stab på elleve tilsette, satsar dei for å vere på topp i sin bransje.

– Vi skal vere det mest kostnadseffektive salsselskapet for laks og ørret. Det må vi vere for å kunne tilby konkurransedyktige vilkår til oppdrettarane og kundane vi samarbeider med.

16 HAVmagasinet
bravoseafood.no
Frå Florø formidlar Bravo Seafood laks og ørret til verden. Foto: Bravo Seafood.

Vi kobler mennesker og teknologi

VI TILBYR

∙ Utendørs areal

∙ Innendørs areal

∙ Kundetilpasset bygg

∙ Logistikktjenester

∙ Varehustjenester

∙ Verksted

∙ Overflatebehandling

17 A til Å Grafisk Design og Media

Vil revolusjonere frakt på sjøen

Gründer Svein Arild Vatsø er tidlegare skipper, og har farta mykje langs kysten. Ein dag segla han forbi heimstaden Bremanger, og såg på alt godset som stod igjen på kaia. ”Her seglar vi med ledig kapasitet og kunne tatt godset til vareeigaren med oss, om vi berre hadde visst om kvarandre”, tenkte han. Slik oppstod ideen om KeelSpot.

Eit seglande fartøy har 30-40 % ledig kapasitet i Norge og Europa. KeelSpot er ein matchmaking plattform mellom reiarar, speditørar og vareeigarar. Befraktarane legg ut førespurnad for frakt av gods frå A til B. Reiarane og speditørane kan melde interesse og gi eit tilbod.

– Her har vi allereie konkrete eksempel der ein vareeigar ønskte frakt frå Måløy til Frankrike, og fekk redusert fraktkostnad med 30 prosent ved å bruke ein reiar som utnytta ledig kapasitet på vegen, seier Vatsø. No har KeelSpot vore i drift i 5 månadar, og hittil er det over 200 registrerte selskap og 1500 fartøy i databasen. Til sommaren er dei ferdig med piloteringsfasen, og Belgia, Nederland, Frankrike og England står for tur.

– Det er stor interesse frå reiarar, speditørar og vareeigarar på å bruke KeelSpot, og kvar dag får vi inn nye aktørar som vil nytte seg av plattforma.

Frå Batalden til verda

«M/S Fanøyvåg» frå Batalden utanfor Florø er kanskje den mest kjende fiskebåten i verda. Korleis gjekk det til?

– I 2017 var vi på fiske på Haltenbanken, og eit av Havforskningsinstituttet sine fartøy segla forbi oss og knipsa bildet. Bildet blei lagt ut som stock-bilde på nett, og deretter har det gått sin gang, seier skipper, reiar og dagleg leiar Geir Henning Seljeseth.

Eit av eksempla er Fiskemannen sine skreikaker som ein får kjøpt i den vanlege daglegvarebutikken. På pakningen er «M/S Fanøyvåg» avbilda. Men det stoppar ikkje der. I tillegg har fiskebåten blitt avbilda på framsida av Aftenposten og på nettsidene til Innovasjon Norge for å nemne nokre.

– Eg har mista teljinga på kor mange plassar biletet av Fanøyvåg er i bruk. Båten har blitt avbilda på BBC og nyleg blei eg fortalt av ein bekjent at han hadde sett båten avbilda på t-skjorter og kapsar i Australia.

18 HAVmagasinet

Kvalitet i alle ledd

I over 30 år har hjørnesteinsbedrifta Slakteriet sløgd fisk og sendt den ut i verda frå Florø. Med lokalt eigarskap, er konsernet bygd på solide verdiar og ein indre motivasjon om å skape trygge og gode arbeidsplassar. I løpet av ein vanleg arbeidsdag kan Slakteriet sløye opp til 50.000 fisk. Slikt blir det verdiskaping av.

– 50.000 fisk tilsvarar 56 fisk i minuttet, seier produksjonssjef Aslak Hustveit. På dei mest travle dagane kan vi sende 11 lastebilar med ferdigsløgd fisk i kassar. Når vi sender fisk frå oss kan den same fisken bli servert på ein tallerken i Singapore 2 dagar etterpå.

Strenge krav

– Vi pakkar og eksporterer fisk og då må fiskehelsa vere på plass. Dei 38 landa vi eksporterer til har eigne krav vi må følge i tillegg til norsk standard frå til dømes Mattilsynet. På skulen vil karakteren ”A” vere meir enn 98% rett, men når ein snakkar om matproduksjon er 2% eller 2 promille for stor feilmargin.

«Produced by SF-222»

Kassane som blir sendt frå Slakteriet i Florø er stempla med «Produced by SF-222» på sida.

– Dette er vårt produksjonsnummer, og ute i verda blir det sett på som eit kvalitetsmerke. Det viser at jobben vi gjer, saman med gode oppdrettarar, er anerkjent i verda og det synest vi er skikkeleg stas.

Gi folk ein sjanse – Slakteriet er ei stor bedrift med 163 tilsette, og 106 av desse er knytt til produksjonen i Florø. Den innsatsen dei tilsette legg ned og får til kvar einaste dag, er vi skikkeleg stolte over. Dei er vår viktigaste ressurs i bedrifta, og fortener applaus kvar einaste dag, seier HR-sjef Cicilie Færestrand.

Vi kjenner på at vi har eit samfunnsansvar, og ønsker å gi folk ein sjanse. Her er alle velkommen – kva kompetanse du har er ikkje det viktigaste, så lenge du har gode haldningar og eit ønske om å bidra i botn. Vi skal gi deg den opplæringa du treng.

Eit springbrett

– Å jobbe i Slakteriet er eit springbrett med mange karrieremoglegheiter. Ein kan starte på golvet og jobbe seg oppover karrierestigen internt eller bruke oss som ein plass å starte. Vi heiar på alle.

19 A til Å Grafisk Design og Media
slakteriet-as.no
På Slakteriet sløyer dei rundt 1 fisk i sekundet.

Kombinerar innovasjon og skipsfart

Dei er eit verdsleiande ferjeselskap med røter som går 170 år tilbake i tid. På Fjord1 sitt kontor i Florø sit det menneske som kvar dag kombinerar innovasjon og skipsfart for å sikre kritisk infrastruktur på kysten.

I dei nyleg oppussa lokala til Fjord1 møter du folk i gangane på veg inn i eit møte. Ein liten gjeng sit i ei sofagruppe midt i ein ivrig diskusjon. Det er ei summing av gode samtalar. Her jobbar automasjonsingeniørar, IT-teknikarar og økonomar på tvers for å utvikle framtidas transportfartøy, seier HR-leiar Øyvind Østrem.

Menneska er kjerna i drifta vår Utan dei tilsette hadde vi ikkje fått til den innovasjonen og nyskapinga som vi har oppnådd i dag. Vi har ei topp moderne fartøysflåte, der over halvparten er fornya og elektrifisert. Det siste nybrotsarbeidet er på autonome ferjer, som skal segle sambandet Lavik – Oppedal frå 2026. Til dette treng ein folk med variert bakgrunn.

Lærling/kadett i Fjord1

Du kan vere trygg på at du får den beste kompetansen og springbrettet for vidare karriereløp i Fjord1. For å lære meir om dette kan du scanne QR-koden.

Vil bryte med gamle tankar HR-avdelinga har ei viktig rolle i å vere kulturberar og premissgjevar i selskapet. Dei rekrutterer til både sjø og land, gir støtte til leiarar, i tillegg til å jobbe med kompetanse og personaloppfølging. Ein del av jobben er å reise rundt på karrieremesser og fortelje om moglegheitene i Fjord1. Mange blir overraska over variasjonen.

– Tanken om at du må vere maskinist eller matros for å jobbe i eit ferjeselskap er fortsatt levande hos mange, men er langt frå sanninga. Vi har tilsette med bakgrunn frå fysioterapi, læraryrket og prosjektleiing, som dagleg utviklar selskapet.

Mange vegar til jobb i Fjord1

– Vi ønsker å gi dei kommande generasjonane god kunnskap og forutsetningar i arbeidslivet. Årleg får lærlingar, kadettar og traineear tilbod om kontrakt hos oss, med moglegheit for fast jobb etterpå. Ikkje alle har eit tradisjonelt skuleløp og i samarbeid med NAV legg vi til rette for dei som ønsker å jobbe. Om du vil vere ein del av eit verdsleiande selskap som driv med innovasjon er dette plassen for deg.

20 HAVmagasinet
Den smilande gjengen på HR har ei viktig rolle i å vere kulturberar og premissgjevar i selskapet.
fjord1.no
F.v. Malin Steinset, Camilla Nordal, Rebecca Liset, Øyvind Østrem og Heidi Felle.

Visste du at Fjord1 ...

• ... har rekordmange lærlingar? Dei har over 90 lærlingar i året!

• ... har 16,2 millionar reisande i året?

• ... er dei første i verda som skal utvikle og drifte autonome ferjer?

Vi skal vere best

Petter Meisfjordskar vaks opp på sjøen og har saltvatn i blodet. Faren er maskinist, og jobba delar av si karriere i Fjord1.

Når det var sommarferie farta familien på sjøen, og forma Petter sitt karriereval.

– Tidlegare jobba eg på Westcon, på den tida dei hadde ombygging av ferjene til Fjord1. Det ga meg eit godt innblikk i Fjord1 og teknologien ferjene er utstyrt med.

– Sidan november 2023 har eg jobba som teknisk inspektør i driftsavdelinga til Fjord1. Driftsavdelinga er på mange måtar hjartet i Fjord1. Her har eg ansvar for ei definert fartøysportefølje. Eg sørger for at båtane er i god stand, og planlegg framtidige verkstadopphold med service og reperasjon. Ferjene er bygde opp forskjellig, og ein teknisk inspektør kan operere fleire typar ferjer som gass, batteri og autonomi – som vi no er først på.

– Det som er så kjekt er at Fjord1 er ein stor arbeidsplass med folk som har variert bakgrunn. Sidan vi er så forskjellige har vi ulike innfallsvinklar og kan finne gode løysingar saman. Fjord1 har klare mål om å vere best.

Her skal eg jobbe

Trine Pedersen Espeseth skulle aldri flytte utanfor ring 3, heilt til ho møtte ein mann med skjegg frå Askrova. No bur ho på øya og er innkjøpsrådgjevar i Fjord1.

– Sidan eg flytta til Askrova har eg hatt auga retta mot Fjord1. Dei er ein stor aktør og det verka som ein spennande arbeidsplass. I det eg starta å søke etter jobb, la Fjord1 ut tre ledige stillingar, og eg søkte på alle. Brikkene falt på plass, og eg fekk tilbod om stilling som innkjøpsrådgjevar. No har eg jobba her i eit år.

– Eg har jobba med sal i over 16 år. No sit eg på andre sida av bordet som innkjøpsrådgjevar, så eg snur litt om på metodane. Her legg eg til rette for innkjøp i Fjord1 og leitar etter aktuelle leverandørar på alt frå motordelar og dieselolje til kaffikoppar og sveler. Med så stor variasjon i produkt, lærer eg noko nytt kvar einaste dag.

– Eg har mange kjekke kollegaer som på sin måte bidrar til eit livleg arbeidsmiljø. Vi har eit levande miljø med sosiale aktivitetar som folk kan bli med på. Sidan vi har så stor variasjon i folk og arbeidsoppgåver, er det mykje fagkunnskap og kompetanse som vi kan dele mellom oss. Eg er komen for å bli.

Vil du vere med på laget?

Fjord1 er i stadig utvikling og treng fleire tilsette. Om du vil vere ein del av eit verdsleiiande selskap som driv med innovasjon, sjekk ut alle dei spennande stillingane Fjord1 lyser ut.

21 A til Å Grafisk Design og Media

Profesjonelle og frivillige hand i hand

Omtrent midt i hamnebassenget finn du gjengen i Fjordane Friluftsråd. Dei er mest kjende for å plukke plast i fjæra, men arbeidet dei gjer er mykje meir enn det. Hovudfokuset vårt er tilrettelegging for friluftsliv for alle, fortel prosjektleiar Roger Auset. Haldningsendringar, folkehelseperspektivet, friluftsskulane og StikkUt prosjektet er alle viktige faktorar for å få «alle med».

Den blide trønderen er spesielt opptatt av samarbeid på tvers, både av generasjonar og organisasjonar. Målet vårt er å få til store ryddeaksjonar der næringslivet, skulane og dei frivillige organisasjonane samarbeider.

Florø-bedriftene stiller opp Fjordane Friluftsråd har god erfaring med næringslivet i Florø. Dei er villige til å stille opp både med ryddeaksjonar og økonomisk støtte. Det vi mest av alt vil satse på framover er lokale aksjonar der til dømes ei bedrift stiller med folk og utstyr eller eit måltid til ryddelagetog ikkje minst at dei ryddar i lag med ein skuleklasse eller eit lag. Det vil vere motiverande for alle, og alle deltakarane vil få ei god sosial oppleving – samtidig som ein ser at det monnar.

Arbeidsplass i vekst

Roger Auset, som koordinerer prosjekta «Rydd Norge Vestland», «Skuleturne for havet» og «Marin forsøpling og førebyggande arbeid» har arbeidsdagen sin både ute i feltet og inne på kontoret på Horne Brygge. Med seg på kontoret har han i tillegg nytilsett prosjektleiar for «Rydd Sogn og Fjordane» Karoline Kristin Vognild og Jan Erik Hansen som driv StikkUt prosjektet. Kystrenovatørane Eline og Kay Valvik har og basen sin på same stad.

Karoline er ny på laget Karoline Kristin Vognild (27) er siste tilskot på stammen til kontoret i Florø. Eg vart oppfordra til å søke stillinga som prosjektleiar for «Rydd Sogn og Fjordane», og for meg er dette ein spanande jobb, som passar med både utdanning, bakgrunn og interesser. Karoline kjem frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og har samarbeidd med friluftsrådet om ein del prosjekt tidlegare. Ho har dessutan ei solid utdanning i «Miljø og naturressurser» frå NMBU på Ås. Med spesialisering innan forureining og økotoksikologi, er jobben i Florø midt i blinken.

I den nye jobben ser Karoline spesielt fram til å jobbe i eit team der ein legg vekt friluftsliv, og ein god kombinasjon av profesjonelt og frivillig arbeid. For meg blir det mykje planlegging og tilrettelegging for dei frivillige. Med ein overordna jobb, der eg både skal vere ute på feltarbeid, organisere aksjonar og skrive søknader og rapportar for å få inn midlar, reknar eg med å vekse med jobben, smiler prosjektleiaren fornøgd.

22 HAVmagasinet fjordanefr.no
Visjonen til Fjordane Friluftsråd er «tilrettelegging for friluftsliv for alle». Det skal vi oppnå gjennom mellom anna godt samarbeid med næringslivet i Florø, fortel Karoline Kristin Vognild og Roger Auset.

 Vi har fokus på å drive berekraftig og å ta vare på naturen og miljøet rundt oss. For å nå desse måla er vi heilt avhengig av at den tekniske sida fungerer.

Lars Gunnar Hammersland, driftsleiar Eide Fjordbruk

FISK som har det godt – smakar godt

På nordsida av Hundviks orden – mellom Nordordeid og Sandane – ligg Eide Fjordbruk sitt oppdrettsanlegg med økologisk laks. Desse laksane har det betre enn dei fleste, med meir plass, reinare fôr og mindre medisinering – og ein sikker teknologi, forsikrar driftsleiar Lars Gunnar Hammersland.

Fiskevelferd i kombinasjon med god teknologi er avgjerande for at vi kan gjere ein så god jobb som mogleg. Driftsleiaren på Hundvika peikar og viser korleis dei har full oversikt over livet nede i merdane via skjermane på arbeids- og fôrflåten. Arild Helle monterte det radiobaserte Enivest-sambandet til lokaliteten våren 2021, og set pris på at alt fungerer som det skal. Det kan vere friskt her, midt i kryssingspunktet mellom fleire fjordarmar, og dermed utfordrande å få eit stabilt nett.

Optimal nettløysing

Kapasitetsbehovet til oppdrettsnæringa har eksplodert dei siste åra. Sjur Gimmestad i Enivest, som har jobba tett i lag med Eide Fjordbruk for å finne den beste løysinga for i Hundvika, fortel at næringa er eit satsingsområde for dei. Til denne lokaliteten var det uaktuelt å få ut fiber, men vi har fått ei god løysing med ei internettnode og radiolink til fôrflåten.

Godt liv – god smak

Fisk som har det godt, smakar godt – er det enkle og viktige svaret på kvifor vi er avhengig av eit stabilt nett midt ute på fjorden, smiler Lars Gunnar. Vi har fokus på å drive berekraftig og å ta vare på naturen og miljøet rundt oss. For å nå desse måla er vi heilt avhengig av at den tekniske sida fungerer. Her på flåten er vi 3 personar med vanlege arbeidsdagar frå kl. 7 til 15, men vi må ha god kontroll med drifta også når vi ikkje er her. Dessutan driv vi i samdrift med andre lokasjonar – og då er det ekstra viktig med eit nett som gjer at vi kan fjernstyre anlegga saman.

Forskar på fôr

Eide Fjordbruk, som har sitt opphav lenger sør i fylket – i Eikelandsosen – har satsa tungt i Nordfjord dei siste åra. Hundvika er eit av tre anlegg dei er involverte i. Naturen, hardt arbeidande menneske og teknologisk innovasjon har brakt dei dit dei er i dag – og slik skal vi fortsette å jobbe oss inn i framtida, fortel driftsleiaren. Anlegget her på Hundvika er ein FoU-konsesjon, der vi driv med forskingsarbeid på fôret. Målet er å ta heile næringa i ei meir berekraftig og helsefremjande retning.

Berekraft og teknologi hand i hand

Enivest ser det som svært verdifullt å jobbe med eit selskap som tek miljøansvar, seier Gimmestad, og legg vekt på at Enivest kan vere med på å gjere dette arbeidet lettare. 95 % av klimaavtrykket frå norsk laks kjem nettopp frå fôr og fôrråverer, noko som gjer arbeidet til folka her i Hundvika ekstra viktig.

23 A til Å Grafisk Design og Media
enivest.no

Komplett dataløysing til deg

Industridata har sidan 1996 sørga for trygg og enkel IT-drift for bedrifter. Anten du treng nettverk, servarar, skyløysing, kameraovervaking eller møteromsløysingar har Industridata det du treng. Portefølja er brei med små og store kundar innan mange ulike næringar.

Virus i vinden

Med aukande digitalisering er datatryggleik viktig for bedriftene. Virus og andre farar truar stadig, og kan få store økonomiske konsekvensar dersom ein blir råka.

– Virus kan stogge all drift i ei bedrift på ubestemt tid. Menneskelege feil er hovudårsaka til dei fleste dataangrep. Med opplæring lærer dei tilsette å kjenne att og unngå farar. Likevel ser vi at det er nødvendig med ekstra beskyttelse og vi har derfor sikkerheitsløysingar som berre tillèt bruk av godkjente program. Sikkerheitsløysinga overvåkar maskinvaren kontinuerlig slik at ein kan avdekke og blokkere unormal aktivitetet hos brukarar, maskiner og prosessar.

Løftar opplevinga

– Vi har tatt eit stort steg for å tilby ein enda betre oppleving med lanseringa av ein ny kundeportal. Den gir kundane ei samla statusoversikt over alt IT-relatert, slik at dei kan vere trygge på at alt fungerer optimalt til ei kvar tid. Vi forstår viktigheita av å gjere denne prosessen så enkel og tilgjengeleg som mogleg. Portalen er brukar-

vennleg og gjev tilgang til all nødvendig informasjon på ein stad. Slik kan bedrifter få innsikt i unormale aktivitetar eller potensielle truslar

Har bedrifta di backup på alle type data?

– Vi tilbyr ei heilskapeleg løysing for sikkerheitskopiering av både fysiske og virtuelle tenarar, arbeidsstasjonar og Microsoft 365 e-post, OneDrive, Teams og SharePointdata.

Vi er eit tastetrykk unna

– Med lokale i Evjegata er vi tett på kundane i Florø. Vårt fokus er å tilby god kvalitet og service, og våre tilsette har brei erfaring innan ulike bransjar. Kontakt oss gjerne så vi kan diskutere akkurat dine behov og finne løysingar som passar for deg.

24 HAVmagasinet indata.no
Industridata server små og store kundar innan mange ulike næringar. F.v. Knut Morten Ullaland, Jørn Ove Klungreset, Thomas Lund og Eivind Gulestøl.

Servar enkeltpersonar og næringslivet

På Origod har ein alltid levert skreddarsaum, og det skal vi fortsette med, fortel nytilsett dagleg leiar Ola Teigen. Arbeidet til Origod er prega av å vere eit stort samfunnsansvar, anten vi leverer mekanisk arbeid til industrien, køyrer søppel- og flyttebil eller får folk opp og fram til ein meiningsfull arbeidsdag.

Samfunnsoppdraget er ein av dei viktigaste grunnane til at Ola søkte stillinga som dagleg leiar av attføringsbedrifta. Det er ei spennande bedrift der ansvaret for heile samfunnet og enkeltpersonar står i fokus. – Dessutan har eg god erfaring med å jobbe i ein organisasjon som nettopp har vore gjennom ein samanslåingsprosess, smiler eks-ordføraren og siktar til Kinn kommune.

Servar havnæringane

– Eg har enorm respekt for arbeidet som er gjort i Origod. Her er flinke tilsette og Petter Refsnes har leia arbeidet på ein framifrå måte. Sjølv har Ola store ambisjonar når det gjeld å serve industrien. I dag har vi kundar innanfor alle maritime næringar i kystbyen. Vi er ei typisk kystbedrift og frå verkstaden vår leverer vi viktige komponentar og tenester til for eksempel Niprox, Westcon, Evoy og basen for å nemne nokre.

Ei viktig brikke

– Det same gjeld tenester som vedlikehald av eigedom, utkøyring av matter, bossbil og snøbrøyting. Vi er, som

det står på bilane våre, alltid på farten. Vi er ei viktig brikke for mykje av næringslivet i Florø – og vi er stadig på jakt etter nye kundar. Mange av våre tilsette tilhøyrer gruppa som lett kunne stått på utsida av samfunnet. Gjennom Origod opplever desse meistring og at ein er ei viktig brikke i samfunnet.

Skreddarsaum til alle

Ola Teigen fortel at han er audmjuk for den jobben han no skal inn å leie. Saman med styret og dei tilsette skal vi stake ut kursen for framtida.

– Samfunnsoppdraget vårt er å få folk i i arbeid. Samtidig skal vi vere ei viktig brikke for næringslivet og samfunnet rundt oss. Eg vil gå for skreddarsaum på alle nivå – der vi leverer det enkeltpersonane, samfunnet og næringslivet treng.

25 A til Å Grafisk Design og Media
origod.no
Den engasjerte gjengen i Origod er alltid på farten for å serve enkeltpersonar og næringslivet. Foto: Photoevent. Innfelt ny dagleg leiar Ola Teigen.

Veksande elektroaktør

På Evja finn du den familieeigde bedrifta Ferstad Elektro, med Ronny Ferstad i spissen. Nyleg fusjonerte Ferstad Elektro og Vest Elektro IKT, og til saman har det nye selskapet over 80 års erfaring med stor kunnskap innan ulike kompetansefelt. Samanslåinga gjer dei til ein stor elektroaktør i havgapet.

– Dei to selskapa har stort spenn i arbeid og kompetanse. Ferstad Elektro er spissa på industri, næring og oppdrett, medan Vest Elektro har utmerka seg innan bustadblokker og næringsprosjekt. Når vi no slår desse to saman får vi eit stort kompetansefelt, og har blant anna styrka oss på ingeniørarbeid og prosjektering. Dette gjer at vi er meir fleksible og kan ta på oss større prosjekt der vi bygger alt av tavler og styringar sjølve.

Frå store industriprosjekt til private hustandar Det er ein god variasjon i arbeidet til bedrifta. Dei gjer alt elektroarbeid i private hustandar, som lys, smarthus stikkontakter og varmepumper eller jobbar i industrien, anten det er på fiskeoppdrett, smelteverk eller skip. No er Ferstad i gang med ein stor jobb på Westcon i Florø.

Storkontrakt på Westcon – Westcon skal bygge ny dokk, og vi leverer elektroenterprise. Det betyr at vi skal levere alt som har støt i seg – frå lys, stikkontakter og hovudtavle, til svakstraumsarbeid som tele, data og brannalarmar. Jobben vår er allereie i gang, og vi skal vere ferdig til årsskiftet 2024/25. Vest Elektro gjorde den same jobben då den første dokka på verftet vart bygd i 1994, så vi har god kunnskap og erfaring med installasjon på tørrdokk.

Elektrifiserer havnæringa –Vi har jobba mykje med oppdrettsanlegg, og lagar blant anna landstraumløysingar der vi forsyner flåter via sjøkablar som kan vege fleire tonn. Landstraumanlegga forsyner oppdrettsanlegga med rein elektrisitet og fører til store innsparingar i dieselforbruk. Dette bidreg til reduserte utslepp og gir betre arbeidsmiljø for dei som er ute på merdane.

På flyttefot

Selskapet har no base i Ytre Bremanger, Svelgen og Florø. Den store samanslåinga fører til at dei har vekse ut av lokala på Evja, og skal snart flytte inn i nyoppussa lokale i Fjordgata.

– Med så mykje mannskap har vi for liten plass samtidig som vi treng fleire montørar. Dei nye lokala i Fjordgata har eit stort lager- og produksjonsareal, samt at vi kan køyre bilane inn på lageret for å laste opp utstyr til ymse jobbar. Utover dette får vi gode kontorfasilitetar for dei tilsette.

26 HAVmagasinet
Frå hovudtavler til belysningar på bustader – har det spenn i seg hjelper Ferstad Elektro til. Foto: Ferstad Elektro
ferstadelektro.no

Sjøtjenester Florø

Vi driver med tjenester både over og under vann VÅRE TJENESTER

• boring

• inspeksjoner

• fortøyninger

• bygging/reparasjon av kaier

• frakting

A til Å - www.atilaa.no

Sjøtjenester Florø AS Fjordgata 13 6900 Florø Tlf. 976 75 889 evleirvi@online.no

Bilverksted • Oljesenter • Drivstoff

Bunkring større fartøy Bunkring mindre båter

PKK/EU-kontroll, service og reparasjoner av alle bilmerker opptil 7,5t.

Beliggenhet depot: N.Br.,61°36´15”, Ø.L.05°01´05”

Lagringskapasitet: 600 m3

Smøreoljer: Shell og Mobil

Florø Hamn bunkringspunkt: Kai A (55 m) og C (140 m)

Florø Hamn kai: Dybde ved lavvann, pir innside 9 m og pir utside 11 m

Bunkringsbåt: Kan skaffes, inntil 700 m3

Tankbil: 17 m3

Flytebrygge: Dybde ved lavvann: 4 m, lengde 20 m

Drivstoff pumpe for kjøretøy: 98 Bensin - Blank diesel - Farga diesel (EN590)

Sloppvann/spillolje: Mottak etter avtale

Vann: Over kai

Steinvik er eit familieeigd havbrukskonsern i vakre Høydalsfjorden. Steinvik-gruppa driv matfiskproduksjon av laks og aure på 9 lokalitetar i tre kommunar: Kinn, Bremanger og Askvoll. I tillegg til matfisk i sjø produserer vi settefisk, storsmolt og rensefisk og har visningssenter.

www.steinvik.no

Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære. Vi har også mye å lære bort. Prat med oss på telefon 57 75 00 00, kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø eller besøk oss på www.norwell.no

27 A til Å Grafisk Design og Media
Helge Landøy, Landøy Fiskeoppdrett AS
lære
hverandre
Your source of seafood value Vi har mye å
av
Strandavegen 19, 6905 Florø • Tlf. 414 00 010 / 958 15 953 • fbh.as
hverdager kl. 08 – 16.30 A til Å • atilaa.no
Åpent

FLORA INDUSTRI OG NÆRINGSFORENING

– utvikling og vekst for byen lengst vest

INNOVASJON INDUSTRIUTVIKLING

NÆRINGSUTVIKLING

Næringspolitisk påverknad Informasjon / seminar

FIN skal koordinere og fremje medlemmane sine synspunkt på område av felles interesse – og vere ein møtestad for utveksling av erfaringar og nye idear.

Nettverksbygging Sosiale og faglege arrangement

Infrastruktur og kommunikasjon

Tilgang på næringsareal Betre lokale rammevilkår

f lorain.no

28 HAVmagasinet
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.