SOLUND 2024

Page 1

Sesong: kvar laurdag i perioden 22. juni – 17. august kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær. Kjøp billett på fjordkysten.no

11.00 Avgang frå Hardbakke, Solund

11.50 Ankomst Utvær

14.30 Avreise frå Utvær

15.30 Ankomst Hardbakke

Sesong: kvar fredag perioden 28. juni – 9. august kan du bli med på fyrsafari frå Gulen til Utvær. Kjøp billett på fjordkysten.no

11.00 Avgang med postbåten frå Eivindvik

11.20 Avgang frå Skjerjehamn

11.30 Avgang frå Mjømna

12.15 Ankomst Utvær

14.30 Avreise frå Utvær

15.15 Ankomst Mjømna

15.25 Ankomst Skjerjehamn

15.45 Ankomst Eivindvik

ØYHOPPING MED POSTBÅTEN

Sesong: måndag – fredag perioden 24. juni – 16. august kan du bli med på øyhopping med postbåten. Postbåten har avgrensa antall plassar, og ein må reservere plass seinast dagen før ein reiser. Billettar til postbåten kan du bestille på fjordkysten.no

11.00 Avgang med postbåten «Stjernsund» frå frå hamna i Hardbakke

12.30 Ankomst Gåsvær

13.00 Avreise Gåsvær

13.45 Ankomst Nikøy kai på Bulandet

15.30 Avgang frå Nikøy kai med retur til Solund igjen

17.15 Ankomst Hardbakke

Fjordkysten Regional- og Geopark er Noregs første kombinerte regional og geopark, og har nyleg sendt søknad om å verte ein UNESCO global Geopark. Landskapet i området er heilt unikt geologisk samanheng. Der fjordane no munnar ut eit konglomerat av øyer og holmar stod ein gong verdas største fjellrekke; den Kaledonske fjellkjede.

Opplev autentisk kystkultur, padle i Noregs finaste skjergard, og reis på øyhopping mellom eit mylder av øyer. Meir informasjon på fjordkystparken.no

Øyhopping med den lokale postbåten

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet. Turen startar frå Hardbakke. Her kan du oppleve dei vestlegaste øyane Norge og komme tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyar, holmar og skjer. Postbåten vil ha eit stopp på det idylliske fiskeværet Gåsvær før båten går nordover til Bulandet i Askvoll kommune. Her kan du utforske øyane på eiga hand før båten går retur til Hardbakke. For lokale båtruter med postbåten, sjå fjord1.no

Fyrsafari til Utvær

Du kjem ikkje lenger vest Norge enn Utvær. Staden har både historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Om sommaren kan du bli med på Fyrsafari til Utvær frå Gulen eller Hardbakke. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta 1718 og merke etter sliping av sverd. Framme ved Utvær fyr kan dei som vil gå opp fyret for å nyte den fantastiske utsikta! Kjøp billett til fyrsafari på fjordkysten.no For lokale båtruter til Utvær; sjå vidarhop.no

Villsausafari / Kulturvandring

Bli med ein lokal guide på kombinert kulturvandring og villsausafari. Her får du høyre om det fasinerande livet i øyane før og no, og eventuelt besøke villsauene som lever her. Du får også lære om korleis villsauene har skjøtta landskapet og lyngheiene fleire tusen år. For meir informasjon og booking: post@nkka.no • sognefjordactive.no

SOLUND

Sykkelturar/utleige

Solund er det flotte forhold for sykkelturar. Her kan du sykle på lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Ferje og båt fraktar deg mellom øyane og er ei oppleving seg sjølv. Du kan leige sykler på turistinformasjonen Solund. Tlf. 908 82 860.

Overnatting

For informasjon om overnatting Solund, sjå fjordkysten.no

1 2 3 4 5 6 7 Pollatinden Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Trude Søilen. Foto: Vegard Vike Engum
A til Å www.atilaa.no
Foto: Sara Marie Ytreøy
Fjordkysten Regional- og Geopark
TIL UTVÆR solund.info • fjordkysten.no
FYRSAFARI
2024
Foto: Stig Steinsund.

Valen Øyhoppingmedpostbåt ØyhoppingtilNord-Solund FyrsafaritilUtvær

Kajakk

Solund er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer vakkert urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå kajakken din. Sognefjord Active/Norsk kystkulturakademi tilbyr guida kajakk turar, kurs og utleige av kajakk og utstyr. Book på sognefjordactive.com

Charterturar

Leig deg ein båt og opplev øyriket. Solund sin skjærgard med sine fleire hundre øyer er mannskapet lommekjent og kan gje deg ei flott båtoppleving i dette vakre området. Vidar Hop Skyssbåter AS og Sulejet AS kan skreddersy ei fantastisk oppleving for deg og dine.

Bubilparkering

På Hardbakke ved Solund Grendahus finn du camping for bubilar og telt. Her har du tilgang til straum, vatn, dusj, toalett og septiktømming. Det er ingen booking, og plassen er ubetjent.

Solund Rorbuferie, Nordre Hjønnevåg: Har bubilparkering med tilgang til straum og serviceanlegg med toalett og dusj. Her er avgrensa kapasitet, og du må booke på førehand til Solund Rorbuferie; tlf. 917 92 230. Her er ikkje tilrettelagt for telt.

Jonsokblomen Bygdelag, Hersvik: Her er bubilparkering på tilvist areal, ellers er det ikkje noko anna tilbod. Plassen er ubetjent.

Ytre Solund Bygdehus, Straumen/Kolgrov: Bubilparkeringa er på tilvist areal, ellers er det ikkje noko anna tilbod. Plassen er ubetjent.

TURSTIAR

1. Pollatinden

Pollatinden er det nest høgste fjellet Solund og vert omtale som Dronninga av øyriket. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane Norge. Turen er middels krevjande med bratt stigning på berg. Turen tar ca. 2-3 timar tur/retur.

2. Sognesjøhytta

Solund idrettspark

Her finn du ei oversikt over landingsplass for kajakk: Valen (Hardbakke), Hardbakke hamn, Sognesjøhytta mot nord på austsida, Hersvikbygda i hamna, Lauvika mot Strand, Råkeneset, Litle Færøy ved Kystlednaustet, Steinsund Marinesenter og Sandpøyla nord for Ytrøy. Hardbakke Båtlag har fri landingsplass for kajakk, parkering og utsettingsrampe for båt. Slipp mot betaling.

I utstyrssentralen BUA finn du det du treng. BUA finst over heile landet. Det er ulikt kva utstyr som er dei mange BUA’ene, men alle har bra utstyr å låne ut. Ta turen innom BUA Solund og sjå kva vi har. Om vinteren er det vanleg å finne ski, skøyter og akebrett, sommarsesongen kan du låne sparkesykkel, SUP-brett, tube, telt og meir. Besøk oss på Hardbakke Senter. Mer informasjon finner du på bua.io eller på facebook @buasolund.

Vandre til Sognesjøhytta som ligg sør for Hardbakke. Her kan du nyte eit flott utsyn over Sognesjøhytta, om lag 15 meter over havet. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakke si, få litt varme seg og bla i bøker. Nærme dagsturhytta er ein liten, skjerma våg der kajakker lett kan legge til.

3. Ramnenipa og Ramnenipa rundt

Med sine 232 m.o.h. har Ramnenipa ein fantastisk utsikt over Hardbakke og Solund. Løypa har grøn gradering og passar til både born og vaksen.

Daløy 50 m

Dagsturhytta / Ramnenipa rundt

Matservering

Skafferiet Mat & Drikke

Skafferiet Mat og Drikke ligg ved Solund leilighetshotell på Hardbakke. For informasjon om opningstider og dagens servering, følg med på facebook sida til Skafferiet Mat & Drikke. FB: skafferietmatogdrikke • skafferietmatogdrikke.no

Tintin mat og drikke

Held open kiosk hamna på Hardbakke heile sommaren. FB: tintin mat og drikke

Bakkjetoppen kafé

Gåve, interiør og kafé. Sjå facebook for opningstider, FB: bakkjetoppen

Her får du servert god mat i koselege omgjevnader, med eit lokale innreia lyse, fine fargar. Havkroa ligg flott til ved sjøen og har og uteservering,

Solund Idrettspark

Frisbeegolf

Kombiner fysisk aktivitet, sosiale samspill og friluft. På Solund idrettspark finn du ein flott kunstgrasbane og leikeplass for dei minste. parken finn du draumeparken diskgolfdestinasjon med 22-holsbane + idrettsparken 9-holsbane. Draumeparken gir deg ei diskgolfoppleving litt utanom det vanlege. Du kan kjøpe diskar hos Solund Sendebrettlaug. Tlf: 908 31 711.

Turistinformasjon

Opningstider veke 26 – 31: måndag – fredag 10.00 – 16.30 og laurdag 10.00 – 15.00 Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

Solund har ei rekkje aktivitetsanlegg som ligg på Hardbakke tilknytning til barnehagen og skulen, og ved Solund idrettspark. Her finn du leikeapparat, ballbinge, sandvolleybane, klatrepark, kunstgrasbane, døgnope HC-toalett, gapahuk med bålpanne, klatreløype og diskgolfbane.

På Gjenbrukskaféen på Hardbakke Senter finn du sommarope turistinformasjon.

Den mest brukte vegen er ved fotballbana på Hardbakke. Frå butikken går du opp Storehaugen, gjennom gata før du tar til venstre eit kryss. Gå langs med fotballbane til du finner stien som tar deg heile vegen opp. Turen tar ca. 1 time opp og ned og du kan gå opp eller ned frå sør og nord sida. Det er også mogleg å gå Ramenipa rundt. Følg vegen mot dagsturhytta, til du kjem til stikryss.. Her tar du til venstre, i staden for å følge vegen mot dagsturhytta.

4. Håfjellet Ytre Sula

Med sine 202 moh byr Håfjellet på flott utsikt over øykommunen. Håfjellet er og det høgste fjellet Ytre Sula. Stien går for det meste på fjell slakt stigande terreng nordover mot Litle Håfjellet. Vidare ned skaret øvst Askedalen og i bratt stigning opp opp mot toppen av Håfjellet.

5. Husefjellet

Er ein kort og lett tur med flott utsyn over Nord-Solund. Husefjellet ligg 160 m.o.h. og passar flott for heile familien. Stien følgjer gamlevegen til stiskilje mot Erdalsanden. Vidare går du lett terreng rundt Husefjellet, til oppstiging mot toppen frå sør. Stien er merka med vardar. Parkering nedanfor skulen i Hersvikbygda.

6. Uranipa

Med sine 133 m.o.h. har Uranipa ein 360 graders utsikt som strekkjer seg over fleire kommunar. På ein klar dag ser du blant anna Utvær i vest og Kinnaklova i nord. Turen tar ca. 1 time tur/retur og er kategorisert som grøn løype. Turstien er merka med varder og har både ulendt terreng og berg. Det er ein liten stigning som passar for både store og små.

7. Sperrefjellet Ytre Sula

Ønskjer du ein lett topptur er Sperrefjellet 148 m.o.h. ein flott tur. Stien går hovudsakleg på bert fjell, merka med raude merkesteinar. På toppen vil du ha eit vidt utsyn over Solund. Det er merka sti vidare til Nordsjøløypa mot Ytrøy eller Svartevatnet ved Hjønnevåg.

Krakhella
Hardbakke Daløyvegen Ramnenipa Solund kyrkje
KART: ELLEN JEPSON
606 606 Hardbakke hamn Håneset
Ved Solund
og eit måltid utandørs kan absolutt anbefalast! Havkroa er tilpassa rullestolbrukarar og har alle rettigheiter. FB: Solund Rorbuferie.
Solund Rorbuferie
Havkroa Restaurant
Rorbuferie ligg Havkroa Restaurant.
Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Foto:
Foto: Lillian Herland Foto:
Foto: Magnus R. Furset
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.