PRO Vestland Opplæringskontor 25 år

Page 1

i 25 år har vi gjort det enkelt og trygt å vere lærling og lærebedrift 1998 - 2023

UTGJEVAR: PRO Vestland Opplæringskontor.

FORMÅL:

Opplæringskontoret sitt formål er å rekruttere, planleggje, gjennomføre og koordinere fagopplæring.

Opplæringskontoret skal tilrettelegge og bistå med gjennomføringa av generell kompetanseutvikling i medlemsbedriftene innanfor dei områda som er aktuelle. Kontoret skal vere ein møteplass i kompetansespørsmål for medlemsbedriftene.

Opplæringskontoret skal vere koordinator og pådrivar i informasjonsarbeidet ovanfor elevar, lærarar, rådgjevarar og foreldre som er knytt til grunn og vidaregåande skule.

Opplæringskontoret sitt verkeområde er alle fag som kontoret til ei kvar tid har godkjenning i.

Opplæringskontoret skal sørge for å få på plass godkjenning i fag når ei eller fleire av bedriftene har behov for nye fag.

Opplæringskontoret skal vere organisert som ei stifting. Stiftinga er ideell og ikkje ei næringsdrivande stifting. Stiftinga har ikkje til formål å drive med erverv eller å gje økonomisk overskot.

ADRESSE:

Concordbygget

Firdavegen 6, Postboks 492, 6803 Førde Telefon: (+47) 57 83 22 60 www.pro.sf.no

Dagleg leiar / director

Jorunn Eide Kirketeig

jorunn.kirketeig@pro.sf.no

Mob. (+47) 911 44 966

GRAFISK PRODUKSJON:

A til Å Grafisk Design og Media

www.atilaa.no

Jorunn Eide Kirketeig er for mange synonymt med PRO opplæringskontor. Det er kanskje ikkje så rart når det har vore ein viktig del av livet mitt i 25 år – ja det har blitt ein livsstil, smiler den daglege leiaren. Frå den spede starten i 1998, då Jorunn var einaste tilsette, til i dag har det vore jamn vekst. Per dags dato har vi ansvar for over 150 lærlingar, har avtale med 115 bedrifter og vi er 6 tilsette på kontoret.

Industrien treng fagarbeidarar, og vi står heile tida på for at det skal bli fleire av dei. På den måten skal vi vere med å sikre at industrien i vårt område er konkurransedyktige. Målsettinga vår er at kjemi og prosessindustrien skal bli eit kjent og attraktivt fag for barn og unge.

Over tusen fagbrev

Ein viktig faktor for å gjere faget attraktivt er at ein har gode lærebedrifter, som sikrar ungdommane god utdanning og læring. Vi er stolte av å ha losa over tusen lærlingar fram mot fagbrev gjennom 25 år. Målet vårt er at 50 % av lærlingane skal gå ut med resultatet «Mykje godt».

Prosessindustrien attraktiv

Opplæringskontoret er bindeleddet mellom ungdommen og industrien, og målet vårt er at det skal vise igjen på botnlinja til bedriftene at dei har gode fagarbeidarar. Frå starten i 1998 med 3 lærebedrifter til i dag med 115 bedrifter, har det skjedd mykje, slår Jorunn fast. Bedriftene legg ned ein imponerande innsats for gjere seg attraktive for ungdommen. Eit godt døme er Cargill/EWOS-fabrikken i Florø, der ingen ville jobbe pga. lukta. I dag er det førstevalet mellom ungdommane i regionen.

Fleire fag i folden

Jorunn og PRO Vestland opplæringskontor har alltid hatt hovudfokus på prosessindustrien, men etterkvart har dei utvida fagområdet sitt. På grunn av etterspørsel har vi no lærekontraktar både i «sal og administrasjon» og «medieproduksjon». Industriell matproduksjon er og eit fag som er kome på plass dei siste åra. Kontoret som starta med Sogn og Fjordane dekkjer no heile Vestlandet, fortel Jorunn. I tillegg har vi tidlegare – gjennom 10 år – hatt kontraktar i Trøndelag, då dei mangla opplæringskontor i prosessindustrien.

Ei rik reise

Desse 25 åra i ungdommen og bedriftene si teneste har vore ei rik reise for alle partar. Opplæringskontora si rolle er å skaffe bedriftene lærlingar og lærlingane læreplass. Det krev god felles innsats – og det meiner vi å ha lukkast med i lag. Det er ekstra gøy, smiler Jorunn, når vi møter igjen dei første lærlingane som bedriftsleiarar. At dei framleis hugsar oss – og at dei tek kontakt fordi dei no treng lærlingar til si bedrift.

25 år er berre starten

Jorunn trur at opplæringskontora vil spele ei endå viktigare rolle i framtida. Det er og det blir eit skrikande behov etter fagarbeidarar i heile landet. Norsk industri er utruleg viktig for at landet skal gå rundt. Då er jobben vår med å rekruttere og legge til rette for fagleg god opplæring umåteleg viktig. Kanskje blir det ein annan struktur, men uansett er desse 25 åra berre starten på eit viktig arbeid.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 2

1998 - 2023

PRO Vestland opplæringskontor fyller 25 år i år. I løpet av desse 25 åra har vi i lag med medlemsbedriftene våre utdanna over tusen lærlingar og fleire hundre praksiskandidatar. Saman har vi løyst små og store utfordringar med ungdom som treng litt ekstra. Det har rett og slett vore 25 innhaldsrike år med fagopplæring.

Det starta i 1998 med «Opplæringskontoret for prosessindustrien i Sogn og Fjordane». Frå 2000 var namnet «Opplæringskon toret for prosess og mekanisk industri i Sogn og Fjordane», og frå 2020 har det vore «PRO Vestland Opplæringskontor». Forkortinga PRO har vore med heilt frå starten av.

Frå 2021 overtok PRO drifta av «Opplæringskontoret for næringsmiddelfagene i Hordaland og Sogn og Fjordane», forkorta til OKN. Her har vi oppfølging av lærlingane i industriell matproduksjon. Kontoret vart flytta frå Bergen og er no samlokalisert med PRO, og har felles dagleg leiar.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 3

To sveisne sogningar til NM

Sveising er ikkje berre sveising. Det forstår ein når det blir arrangert Norges-, Europa- og verdsmeisterskap i faget. I mai 2014 skal NM i sveisefaget gå av stabelen i Vitec sine lokale i Verdal. Dersom fleire enn 8 lærlingar melder seg på, blir det regionale uttak rundt om i landet før NM. Lærlingane Eivind Molland (20) frå Veitastrond og Terje Kvam Sæterdalen (19) frå Hafslo, som begge er i arbeid hos Luster Mekaniske Industri (LMI) har planar om å delta i konkurransen.

- Eg veit ikkje om eg er flinkare til å sveise enn andre, seier Terje Kvam Sæterdalen, men det blir spennande å sjå korleis ein ligg an. Både Eivind og Terje har gått TIP i Sogndal og er 2. års lærlingar i Luster. - Vi jobbar med prefabrikkering av røyr i rustfrie kvalitetar, fortel Eivind Molland, som håpar at oppgåvene i konkurransen passar med det dei driv på med til dagleg. - Vi lyt nok legge inn nokre ekstra øvingsøkter om vi skal ha sjanse til å hevde oss i konkurranse, smiler to spente sogningar.

Kan hevde seg

Opplæringskonsulent Geir Johme er ikkje fullt så tilbakehalden på dei unge gutane sine kvalifikasjonar. - Det er ikkje kven som helst som blir spurde om å delta på dette, så det er klart at desse

karane har utmerka seg. Eivind og Terje jobbar i ein produksjon som stiller strenge krav til kvalitet, og både vi i PRO, arbeidsgjevaren og ikkje minst kundane i offshorebransjen er svært godt fornøgde med det dei leverer.

Sveisetreningsleir

Korleis dei klarer seg i den store konkurransen, og om dei kan gå vidare til EM og VM, det gjenstår å sjå. Johme lovar at dei skal få komme på «treningsleir», før konkurransen. Uansett er det ei fjør i hatten både for lærlingane og Luster Mekaniske Industri at dei får delta. – Det hadde vore ekstra stas å få med kandidatar til VM i Brasil i 2015, avsluttar opplæringskonsulenten.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 4
«... det hadde vore ekstra stas å få med kandidatar til VM i Brasil i 2015 ...»
Terje Kvam Sæterdalen og Eivind Molland håpar på å bli med på yrkeslandslaget og er spente på korleis dei kan hevde seg i konkurransen med andre sveiselærlingar. Foto: Frank Optun Smedegård
2014

100 % kontrollerte

Det er god reklame for oss dersom lærlingane blir med i yrkes-NM, seier dagleg leiar i Luster Mekaniske Industri Geir Øren. Vi sveiser røyrsystem til den internasjonale subseamarknaden. Det vil sei røyrsystem som skal stå på havbotnen. Her er det ekstremt strenge krav til kvalitet, og alle sveisane blir røntgenfotografert eller ultralydkontrollert før dei er godkjende, fortel han. Alle som jobbar med dette må ha nødvendige sertifikat, og lærlingane våre er sjølvsagt testa ekstra før dei får delta i produksjonen.

Telefon: +47 57 000 100

E-post: post@lmi-as.no

Viktig rekruttering

Fagansvarleg hos LMI Jonny Myklemyr har gjort ein god jobb saman med lærlingane, framhevar Øren. – For oss er lærlingane ein viktig del av det å sikre framtidig kvalifisert arbeidskraft. Eivind Molland og Terje Kvam Sæterdalen var begge utplassert hos Luster Mekaniske Industri medan dei gjekk på vidaregåande. - På den måten fekk vi testa ut kvarandre, og det er sjølvsagt grunnen til at vi sa ja til å ha dei som lærlingar. Dette er veldig flinke og motiverte lærlingar som står på og bidrar til eit godt arbeidsmiljø i bedrifta. Geir Øren kan røpe at han ønskjer å ha begge i stallen etter at lærlingtida er over til våren. Begge har fått tilbod om jobb her.

Next stop Brasil?

Ansvarleg for konkurransane i Norsk Industri, Tone Belsby, fortel at hovud NM i yrkesfag som blir arrangert av WorldskillsNorway i samarbeid med Sør-Trøndelag fylkeskommune skal skje i Trondheim i 28. – 30. oktober. På grunn av stort og plasskrevjande utstyr er sveising og CNC maskinering flytta til andre stader og tider. I veka 19. – 23. mai skal 8 lærlingar konkurrere om NM tittelen i sveisefaget i Verdal. I tillegg skal 14 elevar frå VG2 ha sitt eige NM samtidig på same stad. Konkurransen i CNC maskinering vil gå av stabelen på Kongsberg første veka i november. Desse konkurransane har ein aukande popularitet og Belsby reknar med så mange påmeldingar at kandidatane må kvalifisere seg før NM.

JORUNN EIDE KIRKETEIG

Yrkes-NM vil skape blest og auke statusen til faga, meiner Tone Belsby, som er konkurranseansvarleg i Norsk Industri. Foto: Norsk Industri

Auka status og rekruttering

- Bakgrunnen for at vi arrangerar yrkes-NM er at vi vil auke statusen til faga, og skape blest rundt dei. Å kunne delta i NM i faget sitt gjer det meir spennande, og vi trur det vil bety noko for rekrutteringa. Ei ekstra gulrot er at ungdommane kan gå vidare til Europa og verdsmeisterskap. - Eg reknar med at det er mange - både lærlingar og lærebedrifter - som ønskjer å komme med på Yrkeslandslaget, og representere Noreg i verdsmeisterskapen i Brasil i 2015.

Yrkeskonkurransar er gull verdt

- Tenk om våre elevar og lærlingar i industrifag vart best i verda? Jorunn Eide Kirketeig (bilete) fortel at dei på Worldskill møter konkurrerande land med eit mål for auge. Å vinne! Ho meiner at yrkeskonkurranse er viktig og skjerpande. Det er som regel dei flinkaste som ønskjer å konkurrere, og det må industrien i Sogn og Fjordane ta på alvor.

- Flinke fagfolk avlar flinke fagfolk. Flinke fagfolk vil vere der andre flinke fagfolk er. Gjennom desse yrkeskonkurransane får folk spissa seg og vist kva dei duger til. Ei bedrift med ein NM-, EM- eller VM-lærling vil sjølvsagt trekke til seg endå fleire av dei beste. Gull i yrkes-NM er gull verdt for industrien.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 5

Trappeprodusenten

Agnar Ask er tredje generasjon møbel- og trappemakar. No er fjerde generasjon på veg inn som lærling i den tradisjonsrike Trappeprodusenten i Askvoll. - Vi utfører flest oppdrag i Sogn og Fjordane, men har og kundar i nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal, fortel Ask. Sjølv har han fagbrev som møbelsnikkar, og resten av staben har lang erfaring i bransjen.

Trapper og møblar i alle kulørar - Vi leverar trapper i mange ulike tresortar, og lagar trapper og rekkverk etter mål. Her er ingenting standardisert fortel Ask, som reiser rundt i distriktet for å ta mål og montere trapper og anna innreiing. Her kan ein velje mellom alt frå raudglødande brasiliansk kirsebær til tung og tett wenge trevirke. Når ein heiter Ask må ein sjølvsagt tilby møblar og trapper av tresorten ask, som er seigt og sterkt og eignar seg til møblar, innreiing, parkett, trapper og skaft på reiskapar.

Skreddarsaum i tre Trappeprodusenten lagar rett og slett alt som folk spør etter. Agnar Ask fortel at dei lagar mykje bord og innreiing i hus i tillegg til trapper. - Det spesielle er at vi kan lage ting tilpassa den plassen folk har til rådigheit, og av det treslaget folk ønskjer.

Viktig handverk Vi har stor ordretilgang og det er

viktig å rekruttere inn den yngre garde, slik at dei kan lære seg eit skikkeleg handverk. Sonen Ole-Marius Ask skal etter skuleslutt denne våren starte som lærling i bedrifta han har vakse opp med. Han avsluttar VG2 industriteknologi ved Dale VGS i nabokommunen Fjaler og gler seg til å starte å jobbe med treverk. – Eg veit at dette blir eit variert arbeid, og så er det spen-

PRO deltar i Leonardo Da Vinci programmet, EUs program for fag- og yrkesopplæring, og har sendt ut to lærlinger, samt tatt imot to lærlinger. Samarbeidsland er Tyskland og bedrifta heiter BASF.

nande å møte nye folk når vi leverer og monterer hos kundar. Det er vel eigentleg det beste med jobben, at ein stadig møter nye folk.

PRO sikrar det formelle Begge er glade for å ha PRO opplæringskontoret i ryggen. Det vil sikre oss at vi følgjer dei lære-

planane vi skal og at alt blir gjort formelt rett. Det er kanskje spesielt viktig når ein går inn i ei familiebedrift.

Kunnskapscontaineren – tenning på teknologi - vart lansert i Loen i juni 2008. Traileren har vore utstilt i Oslo på automasjons messa, den har vore på lokale skular i fylket og på utdanningsmesser.

2006 2000

2008

PRO vart etablert. Stiftarane var Hydro Aluminium i Årdal og Høyanger og Elkem i Svelgen. PRO starta med 10 lærlingar i tre bedrifter.

Medlemsavisa PRO-Akiv er etablert og gitt ut i 3 utgåver. Avisa er sendt ut til Norsk Industri sine medlemmar, i dei fylka vi arbeider i. Vidare til alle medlemmsbedriftene i PRO, grunnskular, vg.skular, Fylkeskommunen, Fylkesmannen og andre samarbeidspartar.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 6
1998
2015
OLE-MARIUS ASK satsar på å bli fjerde generasjon trappemakar i Askvoll. Han likar å jobbe med trevirke og set ekstra pris på å stadig møte nye folk i jobben.

TAF berre for dei TØFFASTE?

Teknisk, allmennfaglig utdanning (TAF) er eit fireårig utdanningstilbod som omfattar VG1 teknikk og industriell produksjon, VG2 industriteknologi og lærekontrakt i ei lærebedrift. Det finst tilsvarande TAF utdanning i andre fag, som helse og oppvekst. I løpet av fire år får en TAF-elev både fagbrev og spesiell studiekompetanse med fordjuping i realfag. Den teoretiske opplæringa føregår på skulen, og blir kombinert med praktisk opplæring i ei bedrift. Dei 3 første åra er ein på skulen 3 dagar i veka og på arbeid i bedrift i 2 dagar. Det siste året er ein i bedrift 3 dagar og på skulen 2. TAF elevane har elevstatus dei to første åra og lærlingstatus dei to siste.

TAF er spesielt tiltenkt dei som ønskjer å studere vidare på høgskule eller universitet, for til dømes å bli ingeniør. Med ein kombinasjon av studiekompetanse og fagbrev står desse ungdommane godt rusta for eit vidare studium, men kan og jobbe som fagarbeidar.

Genialt for dei teoretisk sterke Å gå på TAF er krevjande, og ein del lærlingar opplever at dei må slite ekstra mykje for å klare eit slikt tøft løp. Jorunn Eide Kirke-

teig meiner at TAF utdanninga er genial for dei teoretisk sterke elevane. Ho har likevel fått tilbakemeldingar frå bedrifter om ein del frustrerte elevar, som opplever ein svært travel lærling- og elevkvardag. - For å unngå elevar som ikkje klarer dette løpet er det viktig at alle skulane set strenge nok krav til inntak, seier Kirketeig. Det er eit forholdsvis høgt krav til karaktersnitt for å komme inn på TAF, og Kirketeig meiner at det kanskje burde vore endå høgare i realfaga. Det er ikkje slik at ungdommane ikkje tåler å slite litt ekstra, presiserer Kirketeig. - Men det er samtidig viktig at dei kjenner at dei meistrar kvardagen. Dei kombinerar trass alt to utdanningar - som normalt tek 7 år til saman - og gjer det unna på 4 år.

Høgt karaktersnitt

- Det er ikkje alltid slik at det er dei med noko lågare karakterar som det er vanskelegast for, seier Kåre Nordpoll, som er TAF-koordinator ved Måløy VGS. – Gjennomsnittskarakteren frå ungdomsskulen på dei TAF-elevane våre som starta hos oss sist haust var omlag 5. Lågaste samla karakter frå ungdomsskulen av dei som kom inn var 4,3. Spesielt i starten ser vi at det kan vere ei

ØSTERBØ MASKIN

2015

tøff omstilling for elevane å gå frå ungdomsskulen til vidaregåande, og mange får seg ein ”dukkert” då. - Ein del elevar kjem ut av ungdomsskulen med både 5’arar og 6’arar, utan at dei har slite så mykje, seier Nordpoll.Andre elevar har slite hardt for å komme over 4 talet.

Innsats viktigare

- Faga er meir krevjande på vidaregåande, og dei som har lært seg til å måtte jobbe for karakte-

rane er faktisk dei som klarer seg best, slår koordinatoren i Måløy fast. Det er tøft å vere TAF elev, og det krev ein stor innsats, seier Kåre Nordpoll. - Dei må kombinere teoretisk krevjande fag med praktisk arbeid, der dei faktisk ikkje har fri i alle skuleferiane ein gong. Han presiserer likevel at dei har svært gode resultat med desse elevane. - Det er takka vere arbeidsvillige elevar, og god oppfølging frå skulen, bedriftene og opplæringskontoret.

Styret og tilsette ved PRO var i Brussel ved Vestnorsk Brusselkontor og fekk lære om korleis EU ser på fagopplæring framover.

I oktober 2016 vert det arrangert NM i yrkesfag i Bergen. PRO deltok med ein industrimekanikarlærling frå Bilfinger Industrial Services avd. Svelgen.

PRO har nå 101 medlemsbedrifter og ca. 102 lærlingar.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 7 2010 2017 2021 2016
PRO arrangerte yrkeskonkurranse for Vg1 og Vg2 elevar i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sommaren 2017 arrangerte PRO teknologileir for ungdommar med robotprogrammering, 3D-teikning, 3D-printing og sveising på timeplanen.
2014
Asbjørn Hesjedal er TAF-lærling hos Østerbø Maskin og ein av dei tøffe. Foto: Østerbø Maskin.

Treng fleire fagfolk til verdas største fag

Prosessfaget er eit av verdas største fag, og vi treng fleire ungdommar som vel denne yrkesretninga, seier Trudi Vågene, som er personalsjef på Elkem Bremanger. Ho skulle ønskje at det var mulig å ta utdanninga her i fylket, og fortel at dei har 10 lærlingar som dei rekrutterer frå Knarvik og Laksevåg VGS i Hordaland.

- Eg veit ikkje kvifor det er så få ungdommar som søkjer seg til dette faget i Sogn og Fjordane. Truleg veit både ungdommane og foreldra for lite om kva for muligheiter det ligg i desse faga. Det er mange og varierte arbeidsplassar, og stor etterspørsel etter fagfolka, både her i fylket og i resten av verda.

Trudi Vågene presiserer at dei som vel denne yrkesvegen får ein unik fagkompetanse, som gir mange muligheiter for framtida. Dei får løn under utdanninga og veldig god oppfølging gjennom PRO systemet.

Kva er ein fagoperatør i prosessfag?

Ein prosessteknikar arbeider med den daglege drifta av anlegg for produksjon og behandling av kjemikaliar, medisinar og gass. Prosessteknikaren må heile tida gjere vurderingar i forhold til den daglege drifta, spesielt med tanke på sikkerheit for menneske, miljø, kvalitet og utstyr. Prosessteknikar går også under titlane fagoperatør i kjemisk prosessindustri eller kjemiprosessoperatør.

Kjemisk teknologi blir brukt innanfor mange bransjar, som for eksempel farmasøytisk industri, petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, næringsmiddelindustri, olje og gass. Sjølv om arbeidet er veldig forskjel-

Etter fagprøva kan dei velje å jobbe som fagoperatør, eller dei kan gå vidare til teknisk fagskule og ingeniørutdanning. - For dei som ønskjer seg eit yrkesfag er dette eit spennande og sikkert val – med mange sikre jobbmuligheiter.

lig, så er oppgåvene knytt til den kjemiske prosessen forholdsvis like. Prosessteknologi blir brukt world wide.

Det blir nytta mykje stort mekanisk utstyr, i tillegg til ei rekkje ulike kjemikaliar, og prosessane skjer ofte i ekstreme temperaturar. Sikkerheit er difor eit viktig tema for ein prosessoperatør. Digital og automatisert teknologi er ein viktig del av arbeidskvardagen, til styring, vedlikehald og administrative oppgåver. Ein viktig eigenskap for fagoperatøren er å vere nøyaktig og kunne følgje faste prosedyrar.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 8
Trudi
- personalsjef Elkem Bremanger og styreleiar i PRO Sogn og Fjordane
2015

Nortura Sogndal

Om du et skiva spekepølse eller anna oppskoren spekemat frå Gilde – anten du er i Oslo eller Hammerfest - så kjem den frå Nortura sitt anlegg i Sogndal. Fabrikksjef Anders Knut Molland fortel at dei har spesialisert seg på foredling av

- Vi får kjøtsorteringane frose inn til anlegget, og så blir det skore ned og foredla med god kunnskap, salt, røyk og tørking i kontrollerte former, fortel Molland. Anlegget har og ei stor pakkeavdeling, med heile 7 pakkelinjer. I tillegg til eigenprodusert spekemat skivar vi opp og pakkar spekeskinke frå Tynset og eldhusrøykt pølse frå Evanger. - Vi pakkar heile 21 variantar av pølse og 5 variantar av spekeskinke i tillegg til eigenprodusert pinnekjøt.

Norges beste pinnekjøt I 2013 vart pinnekjøtet frå Sogndal kåra til Norges beste, i hard konkurranse med små og store produsentar i landet. Molland fortel at det er avgjerande for kvaliteten at dei får pinnekjøtet

ferskt inn til anlegget frå slakteriet i Førde. - På den måten får vi kjøtet i salt dagen etter det er slakta. I år kjem vi til å sette ny rekord med 600 – 650 tonn pinnekjøt. Pinnekjøtproduksjonen startar så vidt i juli, men frå september er det høgsesong og vi aukar staben frå 86 personar til godt over 100.

Avansert teknikk

Fabrikken i Sogndal har etter ei ombygging i 2013 fått ein straumlinjeforma produksjon, og har mykje avansert teknisk utstyr. Mellom anna ein robot som skannar skinkene, skiver dei og kontrollveg, slik at kundane får nøyaktig det dei skal ha. Då er det ekstra viktig med personell med god teknisk innsikt. Her på anleg-

get har vi folk med 45 års erfaring i god miks med nyutdanna teknikarar, fortel teknisk sjef Rune Døsen. Lærling Christian Steinset (20) er siste skot på stammen på avdelinga.

Automasjonslærling frå Årdal Christian, som har gått 3 år på fylkeslinja for elektro og automasjon på Årdal VGS, er glad for at han fekk ta utdanninga i heimbygda. Om eit godt halvår er han ferdig med læretida på 1½ år. – Då eg kom her kunne eg ikkje mykje, smiler han. – Eg har starta på scratch og har lært utruleg mykje. Hovudområdet mitt er pakkeavdelinga, og her er det viktig at alt fungerer. Det er mange maskiner å bli kjent med og arbeidet krev ein god porsjon tålmodigheit og ro - og det har Christian, skryt sjefen hans Rune Døsen. Christian fortel at han kan tenke seg å gå vidare på teknisk fagskule og bli ingeniør på sikt. - Då er du velkommen tilbake, repliserer fabrikksjefen.

PRO sikrar oppfølging

Vi har alltid hatt lærlingar på teknisk avdeling, fortel Døsen –og grunngjev det med at det er beste måten å rekruttere nye fagfolk. Samtidig ser Nortura på det som eit overordna samfunnsansvar å utdanne ungdom. Tidle-

gare har vi tatt oss av lærlingane åleine, men vi har stor tru på at PRO opplæringskontoret vil sikre lærlingane ei betre oppfølging. Det er ein god del krav til teoretisk oppfølging, som vi tidlegare har gjennomført litt etter skippertaksmetoden. For oss er den daglege drifta viktig og då kan oppfølginga bli litt tilfeldig. Med PRO i ryggen er vi sikra ei jamn oppfølging, i tillegg til at lærlingane får vere med i eit sosialt fellesskap og kurs i lag med andre lærlingar.

• Nortura er eit bondeeigd konsern, merkevarene er Gilde og Prior.

• Sogndal er spekematspesialisten til Gilde.

• Straumlinjeforma produksjon (LEAN)

• Alt på ei flate 10.000 m2

• Produksjon 2014:

- 375 millionar i omsetning

- 86 lokale tilsette – over 100 i høgsesongen

- 1400 tonn spekepølse

- 350 tonn pinnekjøtt

- 350 tonn spekemat u/bein

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 9
TEKNISK SJEF RUNE DØSEN OG LÆRLING CHRISTIAN STEINSET med årets første pinnekjøt, som er salta, tørka og pakka i Sogndal. AUTOMASJONSLÆRLING CHRISTIAN STEINSET leitar etter feil i maskina som limer etikettane på pakkane med spekemat. SPEKEPØLSENE TIL GILDE blir produsert og pakka i Sogndal. kjøt som dei får inn frå heile landet. - I tillegg til spekepølser lagar vi store mengder pinnekjøt til norske julemiddagar.
2015
NORTURA SOGNDAL

Salslærling hos CUBUS i Florø

På Amfi i Florø finn du ein av dei største motebutikkane i byen. Cubus Florø har satsa stort dei siste åra og utvida til heile 800 m2 . Bjørn som er tredje generasjon i familien Slettevold som driv klesforretning, er opptatt av at det å jobbe i butikk er eit viktig yrke. Difor har dei for første gong tatt inn lærlingar denne hausten.

SOM EIG CUBUS I FLORØ, meiner det er viktig at lærlingame Amalie Solvang og Malin Skeie får innsikt i heile spekteret med å jobbe i butikk. – Eg hadde aldri tatt inn lærlingar utan PRO opplæringskontoret i ryggen, seier Slettevold.

- Det å jobbe i butikk er eit veldig viktig yrke, presiserer butikksjefen.Dei er ansiktet utad, som vi alle må forholde oss til. Samtidig omfattar arbeidet mykje meir enn det å stå i kassa. Personen du møter i butikken er viktig for deg som skal handle, og det er viktig å rekruttere gode medarbeidarar. Bakgrunnen min for å ta inn lærlingar er først og fremst at ungdommane skal få innsikt og forståing for heilheita i yrket.

Malin Skeie

PRO avgjerande

På spørsmål om kvifor Cubus har valt å knytte seg til PRO opplæringskontoret, er svaret klart. – Med dei på laget er eg sikker på at ting blir gjort skikkeleg og at lærlingane får den oppfølginga dei skal ha. Utan PRO opplæringskontoret i ryggen hadde eg aldri tatt inn lærlingar, slår Bjørn Slettevold fast. - Det starta i grunnen med at Amalie og Malin som var utplasserte her - medan dei gjekk på vidaregåande - kom og spurte om å få lærlingplass, og samtidig tipsa meg om å ta kontakt med PRO opplæringskontoret.

Malin er 22 år og frå Florø. Ho har VG1 og VG2 i Florø på sal, service og sikkerheit. - Eg var utplassert her på Cubus i 1. klasse, men på VG2 var eg utplassert på basen samtidig som eg jobba her på butikken. Frå 2011 til 2013 var Malin lærling i kontorfaget på PRO opplæringskontoret i Førde. - Etter fagbrevet i kontor og administrasjon kom eg tilbake og fekk fast jobb her på butikken, smiler Malin fornøgd. - Eg har ansvaret for barneavdelinga på Cubus, og må sørje for at den alltid er ryddig og påfyllt med varer. – Det viktigaste er at rett vare er på rett plass til rett tid, og at vi held budsjettmåla. – Då eg fekk høyre at Amalie skulle begynne som lærling, spurte eg om det var mulig for meg og – slik at eg kan få fagbrev i salsfaget. Malin tenker at ho kanskje skal starte noko for seg sjølv ein gong, eller få ei meir ansvarsfull stilling. Med to fagbrev opnar det seg fleire moglegheiter. – Men det er travelt og ikkje tid til så mykje anna, fortel den optimistiske lærlingen. Malin skal vere lærling i eit halvt år og skal gjennom den same teorien og oppgåvene som Amalie skal igjennom på sine to år som lærling.

Amalie Solvang

Amalie er 18 år og frå Eikefjord. Ho har VG1 Sal og service på Flora VGS og VG2 på Sal, service og sikkerheit i Sogndal. - Eg har alltid vore interessert i kle og mote og var utplassert her på Cubus medan eg gjekk VG2, fortel Amalie. -Det er veldig variert og kjekt arbeid, så eg er veldig glad for at eg har fått lærlingplass her. Arbeidsdagen min er aldri kjedeleg. Eg er med på alt frå å pakke opp varer, plassere dei i butikken, hjelpe kundar, lage kampanjar og prise varer.

AMALIE SOLVANG (18) trivast godt med kle og mote, og fekk Cubus i Florø til å ta inn lærlingar for første gong.

• Starta av Ingulf Sr. Slettevold som klesbutikken Stjernekjøp i 1968.

• Del av kleskjeden Ø frå 1975.

• Gjekk inn i Cubus-kjeden i 1979.

• Flytta til Amfi-senter i 1994.

• Stor utbygging i 2014, og kåra til Norges finaste Cubus-butikk.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 10
BJØRN SLETTEVOLD MALIN SKEIE (22) har ansvaret for barneavdelinga på Cubus og er gang med sitt andre fagbrev. CUBUS STJERNEKJØP
2015

Kick-off sveiser folk saman

- Målet med ei slik samling er å skape miljø og trivsel for lærlingane. Ei fin blanding av leik og moro, og fagleg stoff som går inn på den generelle læreplanen, seier den daglege leiaren i PRO.

Lærlingane hadde eit tett program heile den 2. november. Kick-offen fann stad i Førde, og blandinga var sett saman av politi og vegvesen, motivator Egil Søby og Jølster Rafting. Den sistnemnde hadde aktivitetar som teambuilding i parken i Førde. Bileta syner lærlingar i tett kontakt for å løyse kompliserte oppgåver. Dagen vart avslutta med middag i Førdehuset, etterfølgt av konsert med Dum Dum Boys.

Som eitt ledd i å skape trivsel under læretida og for å tilbakeføre deler av tilskotet pr lærling, bruker PRO ein god del ressursar på å tilrettelegge aktivitetar for lærlingane.

- Dette er ikkje eit krav, men ein del av det totale biletet med det å være lærling i PRO. Vi har i løpet av året ei rekke arrangement der vi tilbyr lærlingane våre å treffast for å gjere noko sosialt sammen. Nokre gonger reint for moro som å reise på konsert, medan andre gonger kombinerer vi med fagleg påfyll, seier Jorunn Kirketeig, dagleg leiar i PRO.

PRO-lærlingar skal ha det godt

Vi har som mål at det skal vere godt å vere lærling i PRO, og at alle skal føle at dei tilhøyrer det nettverket som PRO representerer. Som lærling i PRO kan du bli oppmoda om å delta på messer og vere med på skular for å informere om dei ulike faga. Du vil då bli oppfatta som representant for PRO og det blir stilt krav til deg som representant. På nettsida til PRO kan du sjå dei ulike PRO-aktivitetane. PRO tek i mot innspel for nye og artige så vel som faglege tiltak som kan vere med på å auke trivselen som lærling.

Sosialt og fagleg påfyll frå PRO

TRIVSEL - NETTVERK - LÆRING

lingen sjølv må stå for transport til og frå Hemsedal. Overnattinga er i store, flotte hytter rett ved skibakken. For PRO er det viktig at lærlingane trivast og at dei merkar at dei er en del av eit godt nettverk.

Kurs og sertifikat

PRO lærlingane startar læretida si med ulike kurs som truck, kran, lift og varme-arbeid alt etter behov i følgje læreplanen. Etter oppkøyring får lærlingane truck- og kransertifikat. Hovudfokuset på desse kurs er tryggleik og HMS. Det blir nye kursrundar for lærlingane hausten 2015.

Skihelg i Hemsedal

20.–22. mars 2015 er det på nytt klart for ei frisk og fartsfull skihelg i Hemsedal. Den årlege skihelga er svært populær og ein fin måte å bli kjent med andre lærlingar i Sogn og Fjordane. PRO dekkjer opphald, skipass og fellesmåltid, medan lær-

Lærling kickoff

Etter suksessen frå tidlegare år blir det ny lærlingsamling torsdag 7. mai 2015 for alle PRO lærlingar. Her vil vi ha fokuset både fagleg og sosialt. Diverse aktivitetar for lærlingane, fokus på HMS og spannande føredragshaldarar som Marco Elsafadi. Meir info kjem.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25
www.pro.sf.no 11
ÅR
2014 2013

Tine Meieriet Byrkjelo

Eit av landets største meieri, målt etter innmålt mjølkemengde, ligg midt i jordbruksbygda Byrkjelo. Området har ei lang meieri-historie å vise til, men dagens topp moderne anlegg vart opna i 2003. Meierisjef i Tine Meieriet Byrkjelo, Thorkild Heieren, fortel at dei forsyner heile Sogn og Fjordane med konsummjølk i tillegg til at dei produserar halvparten av Noregs favorittost - Norvegia. Kvar tredje brunost i landet er også laga på Byrkjelo, og her er eit stort pakkeri. Tine er dermed ein vesentleg arbeidsplass i distriktet, og inntak av lærlingar er ein viktig måte å rekruttere nye fagfolk på.

- Det er 135 tilsette på anlegget på Byrkjelo, og inkluderar ein rådgjevarar og tankbilsjåførar er vi 180 tilsette, fortel kontor- og personalleiar Unni Verlo. 2014 var eit rekordår der meieriet som er bygt for 100 millionar liter tok i mot 131 millionar liter mjølk. Ut av den mjølkemengda vart det mellom anna over 11 millionar kilobitar med kvitost og i overkant av 8 millionar liter drikkemjølk.

Stor produsent

- Tine Meieriet Byrkjelo er eit såkalla reguleringsanlegg, noko som betyr at vi til tider tek i mot mjølk frå andre regionar, fortel meierisjef Heieren. - Vi får inn 102 millionar liter mjølk frå Sogn og Fjordane og tar toppane frå andre distrikt i landet, som ligg nærast oss. Meieria i Verdal og på Jæren tek mysekonsentrat i retur frå Byrkjelo. Det blir til myseproteinpulver som er eit populært kosttilskot for dei som byggjer musklar. Tine og mjølkebøndene er avhengige av kvarandre, og vi er glade for satsinga som skjer innanfor jordbruket, seier Heieren. – Det har gitt oss ein stabil tilgong på råstoff dei siste åra.

Krevjande drift

- I Sogn og Fjordane har vi 2 meieri, på Byrkjelo og i Vik. Det vil seie eit av dei største og eit av dei minste meieria i landet, fortel Audny Strøm Bergset, som er forbetrings- og kvalitetsleiar på Byrkjelo. - Vi set HMS og kvalitet i høgsetet, og alt må fungere godt med slike volum. 3 skift tek unna mjølka, som kjem frå heile fylket i tillegg til ein del utanfrå. Den tekniske avdelinga som har ansvaret for vedlikehaldet på anlegget er like viktig som pakkeriavdelinga. Her heng alt i hop. Vi jobbar med ferskvare og alt må behandlast raskt om noko går gale.

PRO sikrar kvaliteten i opplæringa - Vi har hatt lærlingar her i mange år,

INDUSTRIMEKANIKAR LÆRLING MALIN SKINLO får ein allsidig praksis på vedlikehaldsavdelinga ved Tine Meiereit Byrkjelo. Vedlikehaldssjef Bård Bolstad satsar på lærlingar for å rekruttere dyktige fagfolk.

fortel vedlikehaldssjef Baard Bolstad, men det er først no vi har valt å bli med i PRO. Vi har tru på at det skal gjere oss endå betre som lærebedrift. Personalleiar Unni Verlo meiner at dei med PRO i ryggen vil få ein betre struktur rundt lærlingarbeidet, og sikre ein endå betre kvalitet i arbeidet. Dessutan trur vi at dei kan tilføre lærlingane våre mykje, både i form av sosiale samlingar og kurs.

Vil jobbe her

Lærling Malin Skinlo (21), som nærast har vokse opp på Tine sitt anlegg er full av lovord over arbeidsplassen. Ho har gått på TIP i Sogndal og er no lærling i industrimekanikarfaget i heimbygda.Målet har heile tida vore å få jobb her, smiler lærlingen, som har begge foreldra på same arbeidsplass.

Sjølv har ho jobba her i eit halvt år tidlegare, hatt sommarjobb her og vore utplassert på meieriet medan ho gjekk på vidaregåande. Så både ho og bedrifta viste kva dei gjekk til då ho starta som lærling for snart eit år sidan. På teknisk avdeling er ho einaste jenta, men det betyr ikkje så mykje for den spreke lærlingen.

Sprek lærling i sprek bedrift Malin er aktiv på idrettsfronten og set pris på at Tine er opptatt av at folk held seg i form. - Malin og familien dreg opp nivået på bedriftsidrettslaget, og det er viktig når vi stiller på Breimstafetten og Holmenkollstafetten, smiler ein fornøgd meierisjef. Ho får også skryt for å vere ein lærling som er løysingsorientert og som tek initiativ når noko skal gjerast. Malin Skinlo fortel at ho får vere med på mykje variert arbeid, og meiner at meieriet må vere ein ideell plass for lærlingar. - Her lærer eg meir enn berre mitt eige fag, fordi vi på vedlikehaldsavdelinga samarbei-

der tett med folk i andre fag som til dømes elektro og automasjon.

Treng dyktige fagfolk. Vedlikehaldssjef Baard Bolstad, fortel at dei jobbar med eit avansert teknisk anlegg som heile tida er under endring. Vi jobbar med kontinuerlige forbetringar, spesielt med tanke på å spare energi, å ta ned driftskostnadane og å minske utslepp. Produktkvaliteten er det viktigaste, og sjølv om vi no ligg på landstoppen kan det fort svinge. Vi blir ekstra sårbare når det er så få meieri, og såpass langt til næraste anlegg. Difor er det ekstra viktig å ha kompetente medarbeidarar. - På vedlikehaldsavdelinga er vi 20 personar, og det å ta inn lærlingar som vi lærer opp er ein viktig strategi i rekrutteringa av dyktige fagfolk. Vi er ein populær lærlingplass og alle som har tatt fagbrev her på anlegget har fått jobb her etterpå.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 12 2015

MED MILJØ I FOKUS

PRO tek berekraftansvar

Miljøfyrtårn

PRO Vestland opplæringskontor er i innspurten i prosessen med å bli miljøfyrtårnsertifisert. Det skal hjelpe oss til å vere i stand til å møte nye utfordringar i eit arbeidsliv i rask endring. Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere miljøinnsatsen og vise samfunnsansvar.

Berekraft

FN sine berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål, og skal fungere som ein felles global retning for land, næringsliv og samfunn.

PRO Vestland opplæringskontor har ekstra fokus på desse berekraftsmåla:

VÅRE MEDLEMSBEDRIFTER

A til Å Grafisk Design og Media AS

Bastal

BB Gruppen servicesystem

Bilfinger Industrial Services avd. Høyanger

Bjarne Espe Trevarefabrikk

Bruland Bygg

Båtbygg AS

Cargill Florø

Chatlet Sport 1 Førde

Coop Nordvest SA

Domus Manufaktur, Førde

Døskeland Marine

Elkem avd. Bremanger

Europris Førde

Farsund Bygg

Ferske smakar

FINIO

Fjordpipe AS

Fleten dekor

FMC Technologies avd. Florø

Fresvik Produkt AS

Førde Mekaniske Industri AS

Gardsbrenneriet AS

Gas Tech AS

Gasta Design og kommunikasjon

Global Florø AS

Halliburton avd. Florø

Havyard Ship Technology AS

H-Vinduet Bauge

I O S Tubular Management

Infocare Intin

IT-Kom

Joker Viksdalen

Klausen Industrier Svelgen

KMI Kleive Mekaniske & Industriservice

Kontorgiganten AS - Kontorspar

Lerum AS

LH Mekk

Luster Mekaniske Industri AS

Maritime Montering AS

Neisa Norway AS

Nesseplast

Nordik Rutil as

Norgesmøllene AS

Nor Tekstil avd. Jobbpartner Førde

Nor Tekstil avd. Jobbpartner Florø

Nortronik

Nortura avd. Sogndal

Nortura Førde

Nyrstar

Obs Bygg Førde

Ornes Båtbyggeri

Pelagia avd. Kalvåg

Pro Opplæringskontoret

Rema 1000 Evja

Rocketfarm

Rørlegger R. Nigardsøy

Safeclean

Saga Fjordbase AS

Solheim Diesel AS

Solund Båtbyggeri AS

Solund Verft AS

Sparebanken Sogn Og Fjordane

Staro Tech AS

Stjernekjøp Snorre, Cubus avd. Florø Sunnfjord Industri AS Swire Oilfield Services AS

T. Frivik Taubanedrift AS

Teekay Petrojarl Production

Tess Møre avd. Florø

Tine Avd. Vik

Tine SA avd. Byrkjelo

Trappeprodusenten AS

Vik Ørsta AS

Walcon Maritime

Wergeland Holding AS

West Industri Service AS

Westmek AS avd. Stadlandet

Yndestad Mekaniske AS

Østerbø Maskin AS

Balder Brygg AS

Balholm AS

Elkjøp Fjordane AS (avd. Førde og Florø)

ELON Sogndal AS

Felleskjøpet Agri AS avd. Førde

Helle Fabrikker AS

Linn Bad AS

Maxim Gandrudbakken AS

Mekk Florø/ Bra Greier AS

Naustdal Dampbakeri AS

Normal Norge AS

Oceaneering Asset Integrity avd. Florø ONSHORE TECHNOLOGIES AS Park Kiosken AS

Petal

Power Sunnfjord

Ramco Norway

Rema 1000 AMFI Florø

Soldalen Besøksgård

Spar Handelshuset

Spar Sande

Sport Outlet Førde

Steinvik Fiskefarm AS

Sunnfjord kommune

Telenorbutikken Førde

TESS Nord AS

Total Repairs AS

Vik Fengsel

ViKi Florø

Wergeland AS

Wergeland Safeport AS

Ægir Bryggeri AS

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 13

Tenning på teknologi er ein mobil verkstad

- Blir brukt til å skape lyst blant barn og unge til å lære meir om industri og teknologi. - Blir brukt i dei vidaregåande skulane til å lære og øve på CNC, automasjon og kjemi prosess.

Tenning på teknologi (årsm. 2012)

Traileren er blitt brukt til rekruttering og kurs til eigne lærlingar i kjemiprosess, automasjon og CNC. Traileren «Tenning på teknologi» er eit godt verktøy i rekrutteringsarbeidet til Teknikk og Industriell produksjon. «Tenning på teknologi» skal til ei kvar tid vere utstyrt med oppdatert utstyr, som lærlingane kan nytte til å forsterke si opplæring i kjemiprosess, automasjon og CNC. Prosjektet knytt til å utvikle læringspakkar vert avslutta i 2013.

Framtids PRO

Kan PRO Opplæringskontoret vere med på å løyse fleire oppgåver enn dei kontoret har i dag? spør dagleg leiar Jorunn Kirketeig til venstre og styreleiar Bente Nesse til høgre.

Bedriftene ser sjølv best kva behov dei har og vil ha i framtida. Forventingane endrar seg i takt med utviklinga i kvar enkelt verksemd, innafor bransjane og i samfunnet generelt. - Vi ynskjer å vere i førekant av desse endringane, seie styreleiar Bente Nesse. Eit opplæringskontor vert eigd av bedriftene og skal i høve lova samordne inntak og opplæring av lærlingar og lærekandidatar. Men PRO ynskjer å bidra til meir enn det lova seier.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 14
2015

Teknologileir med futt og fart

Mange unge håpefulle deltar på handball-, fotball- eller friluftslivsleir i løpet av sommarferien.

- Kanskje det ikkje passar for alle? undrar Bengt Edvardsen og Espen Kirketeig. Sjølv er dei ingeniørstudentar, og vil bruke delar av sommarferien til å engasjere ungdom i tekniske fag. Vi satsar på praktiske aktivitetar ala «ikkje gjer dette heime» og mykje moro. På landets første teknologileir skal ungdommane få oppleve korleis industrien fungerar, forsikrar dei to.

Det skal gå ein raud tråd gjennom all aktiviteten, som skal vare i ei veke. Her skal ungdommane jobbe seg gjennom heile prosessen med plan, teikningar, produksjon og test. Målet er at det skal ende opp med ein liten bil som går på

gass. Testen til slutt blir naturleg nok ein konkurranse, der fart og køyrelengde tel mest.

Dei kulaste tinga

- Teknologileir har ikkje vore prøvd før, og vi er sjølvsagt spente på

korleis dette blir motteke. Målet vårt er at vi skal lage ein leir, der ungdommane får vere med på dei kulaste tinga, smiler dei to ansvarlege lurt. Dei legg ikkje skjul på at litt futt og smell er ein kjekk del av teknologifaga. - Men vi skal sjølvsagt ha HMS og sikkerheit i høgsetet, er dei snare å legge til. - Og kven har ikkje lyst å prøve 3D printing eller å programmere ein robot? Her skal det bli mykje moro! forsikrar Espen.

Nytt og spennande

- Vi veit at det er mange ungdommar som ikkje er interessert i idrett og som heller ikkje har sommarjobb. At aldersgruppa vi rettar oss inn mot går i 9. klasse og ikkje treng barnepass, er ei utfordring seier Bengt. - Men dei treng noko kjekt å fylle dagane sine med, og det kan vi hjelpe til med. I første omgang vil ingeniørstudentane på oppdrag frå PRO

opplæringskontoret starte med ein leir i Stryn og ein i Førde denne sommaren. Vi har fått på plass samarbeidsavtale med bedrifter og satsar på å få med oss ein del ungdommar. Dette er berre starten på noko nytt og spennande.

Teknologifag og pedagogikk På spørsmål om kva bakgrunn dei har for å jobbe med teknologi og ungdom fortel dei at Bengt har fagbrev som sveisar og Espen har pedagogikk i ryggen. Begge blir ferdige med 1. året på automasjonsingeniørstudiet denne våren. Automasjon og programmering av robotar blir difor ein naturleg del av teknologileiren. Dei legg ikkje skjul på at eit viktig mål med leirane er å rekruttere til eit framtidsretta og spennande fag.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 15 2015
BENGT EDVARDSEN OG ESPEN KIRKETEIG inviterar ungdommar til ein spennande teknologileir i sommar, der dei kulaste ting kan skje. HER SKAL DET BLI MYKJE MORO forsikrar Bengt og Espen.

Thomas Kolseth (21) frå Rugsund har gått nokre rundar med seg sjølv og skuleverket, før han landa på faget industriell møbelproduksjon. I desse dagar er han inne i siste runde på VG2 på Eid vidaregåande skule. – Eg har omsider funne eit fag eg likar godt, fortel Thomas som har prøvd ut mange ulike fag

Thomas er er fersk i trearbeid, men har likt seg veldig godt på linja industriell møbelproduksjon på Eid VGS. Kommoden har han designa og laga sjølv, og no ser han fram til å lære meir som lærling hos trappeprodusenten Hagen i Stryn.

- Eg har gått eit år på TIP, eit år på bilskade, lakk og karosseri, eit år på køyretøy og så har eg hatt eit friår der eg jobba på eit lakseoppdrett heime i Rugsund. Ja, det vart mange, men det er no grei kunnskap å ha med seg, smiler Thomas.

Ville skru og mekke

På spørsmål om han alltid har likt trearbeid, er svaret klart nei. – Eg har alltid likt motorar og å mekke og skru, og trudde det var det eg skulle jobbe med i framtida. Etter ein del

prøving og feiling fann eg ut at det likevel ikkje var det eg ville. Skru og mekke kan eg gjere på fritida, men ikkje som ein jobb, smiler Thomas. Det er uansett ikkje bortksata å kunne det, slår han fast.

Freista av broren

- Grunnen til at eg enda på møbelproduksjon er rett og slett at broren min starta her, det året eg jobba heime. Han likte seg veldig godt, og eg fekk lyst til å søkje meg hit. Her er vi ein liten klasse på

– Eg har lært mykje av å vere dagleg leiar i ungdomsbedrifta Skrue UB, fortel Thomas og viser fram flotte produkta dei har laga på verkstaden i Operahuset. «Dingsen» som han held i handa er den prisbelønte iPadhylla bedrifta har utvikla.

8 elevar, og miljøet er veldig godt. Det er veldig kjekt å jobbe med trearbeid, fortel han og viser fram ein for seg gjort og elegant kvit kommode, han har designa og laga.

Skrue UB

Rundt om i verkstaden, som ligg i det flotte Operahuset Nordfjord, står det mange flotte produkt som dei har laga i klassen si eiga ungdomsbedrift Skrue UB. Sjølv har Thomas vore dagleg leiar i bedrifta, som under fylkes-

messa for ungdomsbedrifter vann førstepremie for beste produkt med ei spesiallaga iPadhylle. Thomas viser ivrig fram flotte treprodukt, som bedrifta har laga og selt lokalt og på messe. Dei har lagt vekt moderne design, fortel Thomas og viser mellom anna fram ei flott aviskorg med plass til kaffikoppen, magnethylle til nøklar og ei hjørnehylle.

Skal lære som lærling Det har vore veldig lærerikt å drive med ungdomsbedrift, og

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 16

eg ser ikkje vekk i frå at eg ein gong vil starte mi eiga bedrift. – Men det får tida vise, no skal eg først gjere meg ferdig med fagbrevet. Under skuleåret på Eid har Thomas vore utplassert hos tre ulike bedrifter i området, og har oppdaga at det er i læretida han skal lære seg faget. På skulen får vi med oss det grunnleggande, det er som lærling i ei bedrift eg verkeleg skal lære, meiner 21 åringen som har fått tilbod om læreplass hos to bedrifter.

Tilbod om to læreplassar Eg trudde det skulle bli vanskeleg å få seg læreplass, og var i utgangspunktet litt negativ. Så tok Pro Opplæringskontoret kontakt og eg fekk tilbod om to læreplassar. Sidan eg hadde god kontakt med folk som jobba hos Hagen i Stryn, takka eg ja til på byrje der.

Kjipt å flytte frå Eid No skal ungdommen frå Rugsund gjere Stryning av seg, med litt blanda kjensler. - Det

blir litt kjipt å flytte frå Eid. Eg har kompisar og broren min her, men det blir sikkert bra smiler han optimistisk. Læreplassen er bra, og eg kjenner litt til folk som jobbar der. Samlingane som PRO opplæringskontoret har for lærlingane meiner Thomas er eit ekstra pluss å ha med seg.

Fokus på fagbrev På spørsmål om framtida er Thomas litt meir usikker. Først og fremst har eg fokus på fagbrevet no, og så vil eg

jobbe nokre år. Kanskje blir det ei vidareutdanning ein gong i framtida. Thomas er ein utadvent kar, og er ikkje heilt framand for tanken om å jobbe med sal og økonomi ein gong i framtida. – Vi får sjå!

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 17
***** 2016

Klipp frå årsmeldingane til PRO

PRO vart stifta 27. februar 1998 som ei stifting som Hydro i Årdal og Høyanger stod bak saman med Elkem i Svelgen. Per Otto Vestheim var første styreleiar. Årsmeldinga opplyser også at Jorunn Eide Kirketeig tok til i stillinga som dagleg leiar 1. juli 1998. I årsmeldinga kan vi lese at PRO teikna lærekontraktar med 76 lærlingar i det første halve driftsåret.

PRO veks og klarar i 2000 å få 35 nye lærekontraktar og deltek mellom anna på internasjonaliseringsseminar i Brussel i lag med Årdal vidaregåande skule. Dessutan sende dei ut to lærlingar i samband med Leonardo prosjektet, til samarbeidslandet Tyskland. Partnarskapsavtaler har PRO jobba aktivt med, og inngått avtale med HSF avdeling for lærarutdanninga. Elles har dei vore aktive på messer i fylket dette året.

Pro har teikna 30 nye lærekontrakter. Det har vore 104 kontraktar knytt til PRO. Det vert jobba med internasjonalisering og det vart gjennomført studietur til Sødra Tofte på Hurum, der lærlingane fekk omsyning og informasjon om sitt fagområde. Det vart arrangert temadag i Høyanger med 56 deltakarar.

PRO overtok TAF-elevar frå Kleven Florø. Tal bedrifter aukar og medlemstalet er no 9. PRO er aktivt med og gjennomfør oppfølgingsmøter og halvårlege vurderingar for kvar lærling.

Å verve nye lærebedrifter er prioritert og PRO er no oppe i 26 nye lærekontraktar. Klausen Mekaniske i Svelgen er ny medlem. Medlemstalet aukar samtidig som statistikken viser at Sogn og Fjordane og Finnmark er dei fylka i landet med størst utfordring med å få ungdom til å velje å ta utdanning. Konklusjon er å tenke langsiktig og vise seg fram som gode lærebedrifter og aktuell framtidig arbeidsplass frå heile landet står det i årsmeldinga.

PRO gjennomført vintersamling for lærlingane i Hemsedal, og trafikk tryggleiksamling i Førde –med fokus på tryggleik i og utanfor jobb. PRO etablerer seg i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, med bakgrunn i førespurnad frå prosessbedrifter. PRO har sendt ut 6 lærlingar og tatt imot 6 lærlingar i samband med Leonardo prosjektet i Norge og Tyskland. PRO har teikna 53 nye lærekontraktar dette året.

Talet på medlemsbedrifter aukar, og PRO er no oppe i 28. Det er to bedrifter i Sør-Trøndelag som er knytt til PRO. Lærlingane i Sør-Trøndelag får same oppfølging som lærlingar i Sogn og Fjordane og Hordaland står det i årsmeldinga frå 2007.

Tenning på teknologi er PRO sin profil framover. PRO har fått god omtale i aviser og tekniske blad, og kan skilte med 139 lærekontraktar dette året.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 18
1998 2005 2000 2007 2001 2003 2004
2008

Frå hausten 2010 sette PRO i verk 15 praksiskandidatar/lærlingar i kjemiprosess fag i samarbeid med Årdal vidaregåande skule. Internasjonalisering er viktig og PRO arrangerte studietur for 21 personar. PRO er aktive og til stades med traileren «Tenning på teknologi» på fylkesmessa i Florø. Traileren var også leigd ut til yrkesmessa i Ålesund. PRO får god omtale av «Tenning på teknologi» står det i årsmeldinga.

I 2011 gjennomførte PRO full kurspakke for alle lærlingar, noko som lærlingane og bedriftene ser svært positivt på. Det har vore gjennomført vintersamling på Oppdal og Hemsedal. PRO har hatt informasjonsmøte med 10 klassar, og delteke på arrangement med 8., 9. og 10. klasse. PRO er aktiv på Facebook.

Pro har teikna 62 nye lærekontraktar. Det har vore 132 lærekontraktar knytt til PRO i 2012. Jorunn seier i årsmeldinga; «å jobbe med ungdom er fantastisk, å jobbe med gode kollegaer gjer arbeidsdagen til ein leik, å jobbe med lærebedrifter er inspirerande og utfordrande nok til å forstå kvifor vi gjer ein viktig jobb. Det finns alltid ei ny lærebedrift og lærling som skal bli fagarbeidar. Verden har bruk for oss.»

Det har vore gjennomført vintersamling i Hemsedal. Teoriundervisning for lærling i elektrofaget og reparasjon tyngre køyretøy. Samarbeid skule og næringsliv TIP VG3 nettverket er etablert. PRO har hatt 170 lærekontraktar.

Yrkeskonkurranse er ein læringsmetode som ser ut til å inkludere alle. Elevar og lærlingar kan delta og utvikle sine teoretiske og praktiske kunnskapar gjennom konkurranse etter same modell som dei vil kjenne att når dei skal opp til fagprøve.

Sommaren 2015 arrangerte PRO teknologileir for ungdom, der dei fekk eit innblikk i den store variasjonen ein møter dersom ein tek utdanning innan industri og teknologi.

55 bedrifter har blitt med i PRO. Medlemstalet aukar står det i årsmeldinga. Styret vil halde fokus på å auke talet læreplassar gjennom å få medlemsbedriftene til å ta inn fleire lærlingar. Samstundes vil dei jobbe vidare med å få synergiar av å bidra til å opprette fleire bransjekontor.

Ein lærling deltok under NM i Yrkesfag på Lillestrøm. Tobias Bueie i industrimekanikarfaget vann gull og skal vidare til VM i Kazan (Russland).

Dette var eit krevjande år. Covid har kravd at vi måtte takle raske omstillingar for å halde på den kvaliteten som vi har som mål. Lærlingane har vore flinke til å tilpasse seg den digitale kvardagen med oppfølging via Teams. Det har vore 169 lærekontraktar dette året.

Vi tok over drifta av «Opplæringskontoret for næringsmiddelfagene i Hordaland og Sogn og Fjordane» (OKN) dette året. Her utdannar ein fagarbeidarar i industriell matproduksjon. Kontoret er samlokalisert med PRO og har felles dagleg leiar.

PRO har gjennomført fleire arrangement m.a. «Jenter og teknologi» saman med Cargill på den nasjonale turneen. Det er teikna 54 nye lærekontraktar dette året.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 19 2017 2012 2020 2013 2015 2022 2016
2021 2014 2010 2011

Utfordrande å bygge fiskebåtar

Sindre Dale (22 år) frå Førde har ingen bakgrunn frå fiskeri eller sjøliv, men å bygge fiskebåtar det likar han. - Eg har alltid likt utfordringar. Det å montere tusenvis av små komponentar på ein forholdsvis liten og trong båt, det har eg likt godt, fortel lærlingen med to fagbrev retta mot nettopp denne industrien.

22-åringen - som har jobba hos Solund Verft og Fjordpipe – etter TIP på Øyrane VGS, har tatt fagbrev som industrimekanikar og industrirørleggar. – Eg har alltid sett føre meg at eg skulle jobbe i industrien, men at det vart eit verft som byggjer fiskebåtar var tilfeldig. Sindre fortel at han fekk læreplassen via PRO opplæringskontoret, og at han har hatt ein god dialog med dei i heile utdanningsløpet.

PRO i ryggen

Det har vore godt å ha PRO i ryggen slik at eg er sikker på at all dokumentasjon som skal til er på plass. Sindre har nytta seg av sjansane til å ta ein del kurs via opplæringskontoret, og tykkjer dei er flinke til å følgje opp lærlingane. - Då eg i fylgje fagplanen trengte opplæring i andre fagområde enn det Solund Verft kunne tilby, vart det ordna gjennom Fjordpipe i Eikefjord, som også er tilslutta PRO.

Smått er godt og allsidig

– Fordelen med å vere på eit etter forholda lite verft og bygge forholdsvis små båtar er at ein får prøve seg på «alt mulig», har

Sindre erfart. - Ein blir ei god potet, smiler han lurt. I Solund fekk eg vere med på heile prosessen, og til og med prøve meg på andre ting enn det som strengt tatt fell innanfor faget mitt. Det trur eg er ein stor fordel i forhold til større verft, der fagfolka er meir spesialiserte og jobbar på sin post i prosessen. I Solund driv dei med mykje meir enn berre bygging av nye båtar, og Sindre kan fortelje at han har vore med på både reperasjonar og vedlikehald av båtar i tillegg til klassing av fartøy.

Nye fiskebåtar til fylket

Sindre Dale har vore med på nybygga Sulebas og Vesterhav, og tykkjer det er spennande å sjå korleis ein fiskebåt er oppbygd. Båtane er kompakte og skal tåle mykje sjø og vêr, så her må det solid arbeid til. Når det i tillegg vart bygt ei heil fabrikklinje om bord i Sulebas, blir båten proppfull av mange små komponentar. – Slikt arbeid likar eg, smiler ein godt nøgd industriarbeidar, som helst vil tilbringe framtida litt nærare Førde. – Om dei ikkje byggjer heile fiskebåtar så nært Førde, så er her ein del leverandørindustri, smiler ungguten

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 20
håpefullt.
«... det har vore godt å ha PRO i ryggen slik at eg er sikker på at all dokumentasjon som skal til er på plass ...»
2016
SINDRE DALE (22) FRÅ FØRDE har ikkje bakgrunn frå fiskeri eller sjøliv, men å bygge fiskebåtar det likar han. Han har fagbrev som industrimekanikar og industrirørleggar og håpar på ei framtid i industrien, der han gjerne er med på å bygge eller å utstyre nye fiskebåtar til heimfylket.

Lærlingane gir julegåve til

barn og unge

Det har blitt ein god juletradisjon at i staden for at kvar lærling får ei gåve til jul frå PRO opplæringskontor Vestland, så gir dei ei pengegåve til eit humanitært formål. Lærlingane er stolte over å få vere med på ei slik ordning. I 2022 gjekk pengegåva på kr 10.000 til Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i Helse Førde.

Pengane vart fordelt mellom dei tre poliklinikkane i Sogndal, Førde og på Nordfjordeid – og skal styrke ventesonene med bøker og anna utstyr som pasientane har glede av i ventetida. For lærlingane har det vore viktig at pengane går til å glede barn og unge som har spesielle behov.

NY LÆRLINGBEDRIFT:

I 2019 valde lærlingane å gje pengegåva til Ungdomspost Psykisk Helsevern i Førde. Då var det bestemt at pengane skulle gå til ein aktivitet for ungdommane i UPH.

Globale Gaupne

Lærlingane Raghad og Sølve overrekte titusen kroner til UPH i 2019.

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS er med på å produsere Paris SaintGerman-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic.

FAKTA OM

AVERY DENNISON NTP AS, GAUPNE

- Gaupne, Luster kommune i Sogn

Allsidig

- Starta opp i 1988 som NTP Gandrudbakken

- Det internasjonale klarte å lokke meg heim att frå Bergen, fortel lustringen Tom Dyrdal, som er økonomi- og personalsjef og fagleg ansvarleg for logistikklærlingen. Han tykkjer det er spennande at ei så global verksemd er lokalisert i vesle Gaupne.

Tobias Bueie, lærling i industrimekanikerfaget hos Bilfinger i Svelgen, deltok på NM i Yrkesfag på Lillestrøm. Han vant gull og gikk videre til VM i Kazan i Russland i august 2019.

- 107 tilsette + 1 lærling i logistikkfaget

Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas, Real Madrid og Manchester United står på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne. Bedrifta er størst i Noreg på produksjon av slike transfermerke (sjå faktaboks). NTP utviklar kjemi og produksjonsplattformar til eit titals fabrikkar rundt om i verda, mellom anna i Kina, India, Tyrkia, Honduras, USA og El Salvador. Den eigenutvikla teknologien for lim- og sleppmiddel er verdsleiande og brukt over heile kloden. Desse råvarene vert produserte i Gaupne.

- Arbeidsspråket er stort sett engelsk, kvar einaste dag har vi video- eller telefonkonfe-

Verksemda i Gaupne satsar tungt på produktutvikling. Nærare ti prosent av dei tilsette jobbar med innovasjon og utvikling, det er også ganske særeige. Dessutan er NTP 90 prosent sjølvhjelpne, med eige teknisk personale, ITfolk, elektrikar, programmerar og økonomar. Dei har til og med tilsett eigen fotograf.

- Produserer transfermerke (Heat Transfer Labels): Logo eller motiv trykt på polyesterfolie med eit limlag til slutt. Ein kan overføre merket til tekstilar ved hjelp av ei varmepresse.

Logistikklærling i globale Gaupne

Logistikklære

Jørgen Grøneng er den første PRO-lærlingen i NTP, men bedrifta vurderer fleire neste år, både innafor produksjonsteknikk, kjemi og prosess, IKT og serigrafi. Jørgen er logistikklærling. Tid er viktig, så god logistikk og god flyt er svært viktig for verksemda.

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS i Gaupne er med på å produsere Paris Saint German-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic. Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas, Real Madrid og Manchester United står på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne. Bedrifta er størst i Noreg på produksjon av slike transfermerke (logo trykt på polyesterfolie med eit limlag til slutt som kan overføres til tekstilar ved hjelp av ei varmepresse). NTP utviklar kjemi og produksjonsplattformar til eit titals fabrikkar rundt om i verda, mellom anna i Kina, India, Tyrkia, Honduras, USA og El Salvador. Den eigenutvikla teknologien for lim- og sleppmiddel er verdsleiande og brukt over heile kloden. Desse råvarene vert produserte i Gaupne. Logistikklærling Jørgen Grøneng er den første PRO-lærlingen i NTP. Tid er viktig, så god logistikk og god flyt er svært viktig for verksemda.

- Eg har vore her berre i to veker, og førebels berre fått eit overblikk og sett kva dei driv med. Det ser ut til å vere eit greitt arbeidsmiljø, seier han. Jørgen er frå Florø, men trivst så godt i Sogn at han har slått seg ned i Luster med sambuar og son.

Litt skeptisk er han til at det vert snakka så mykje engelsk, det er ikkje eit fag han er så glad i.

- Men det vert sikkert betre etter kvart, trøystar han seg med. Øving gjer meister.

Ung stab

NTP er ei ung bedrift, snittalderen er 36 år og det har vore opp i ti ulike nasjonalitetar i fast jobb her. Samstundes jobbar dei over heile verda.

ransar med folk frå alle verdsdelar. Det kjem dessutan mykje besøk til Gaupne, det er det unike, at vi er så globale. Eit par gonger i året har Avery Dennison samlingar i Gaupne, der vi lærer opp nye tilsette frå heile verda. I tillegg er det til ei kvar tid folk herifrå ute på ein av fabrikkane for opplæring og sørvis. Avery Dennison har hovudkontor i Los Angeles, og er representert i over 60 land med omlag 36.000 tilsette.

- Det er ikkje negativt at vi er størst på transfermerke i Noreg heller. NTP er ei solid bedrift med store overskot, dei tilsette her er trygge på jobben sin.

Oskar Andersen dokumenterer dei ulike tekniske prosedyrane med foto og film i manualar utan tekst, for når ein er så internasjonale er det ikkje opplagt at operatørane forstår engelsk. Alle forstår bilete.

Verksemda har utvikla teknologien sin til å bli blant dei leiande i verda som totalleverandør av transfermerke og løysningar for merking av tekstilar.

- Vi har ein arbeidsintensiv produksjon, og det er ikkje råd å komma utom at Noreg er eit land med høge lønskostnadar samanlikna med konkurrentane våre i utlandet. Då må vi vere blant dei fremste i verda på produksjon

Logistikklærling Jørgen Grøneng og Aureja Urbanaviciute inspiserer HD transfers som skal til eit globalt salsmøte i USA.

Andersen

og produktutvikling, understrekar Tom.

Hjørnesteinsverksemda i den vesle sognebygda er eigd av det amerikanske konsernet Avery Dennison, som står på Fortune 500, ei liste over dei 500 største selskapa i USA etter brutto omsetting.

Ved å ta læretida ved NTP vil ein få ein solid plattform for vidare arbeidsliv – både i Gaupne og i utlandet. Eller gjerne ein kombinasjon.

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 21
10
Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 10
Foto: Oskar
WORLD SKILLS 2012 Penneo Dokumentnøkkel: SJVIN-DB7GJ-ANT7U-E21P6-OLEI2-FPEKI 2018

Ta gjerne kontakt med oss!

Jorunn Kirketeig

Dagleg leiar

jorunn.kirketeig@pro.sf.no

Mobil: 911 44 966

Daniel Bjørnsen

Fagkonsulent industri og teknologi daniel.bjornsen@pro.sf.no

Mobil: 930 28 414

Kristen Stæger-Breisnes

Prosjektleiar

kristen.staeger-breisnes@pro.sf.no

Mobil: 945 31 540

Eirik Blom

Fagkonsulent industri og teknologi eirik.blom@pro.sf.no

Mobil: 918 13 180

Rakel Sunde

Fagkonsulent

salsfag og administrasjonssekretær rakel.sunde@pro.sf.no

Mobil: 936 66 589

Ivan Korchagin

Lærling

ivan.korchagin@pro.sf.no

Mobil: 949 70 354

JUBILEUMSMAGASIN PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 22
pro.sf.no

Lærlingar frå BASF i Tyskland 2006

Som ein del arbeidet med internasjonaliserings, fekk vi i oktober besøk av 9 lærlingar frå BASF i Tyskland på utveksling til medlemsbedriftene våre.

Utgangspunktet for besøket er eit samarbeid mellom BASF, PRO sine medlemsbedrifter, Årdal vidaregåande skule i Sogn og Fjordane og Laksevåg vidaregåande skule i Hordaland.

Vertslærlingar Hos våre medlemsbedrifter var ei knippe av våre læringar vertslærlingar for dei tyske ungdommane. Meininga med

utvekslinga er at dei unge lærlingane skal kunne sjå og oppleve norske bedrifter og norsk kultur. Kunnskap og erfaring om ulikheiter mellom land og ulike kulturargir ekstra dimensjonar i udanninga.

Kul-tur

Saman med PRO tok dei norske vertslærlingane med seg dei tyske ungdommane og leiarane deira til Kalvåg i Bremanger. Der fekk dei fiske frå skute og smake på norsk sjømat. Dette vart en svært vellukka tur. For tyske ungdommar frå innlandet vart møte med kyst og hav ei stor oppleving, noko dei vil minnast.

Evaluering av PRO

Sogn og Fjordane fylkeskommunen ved Fagopplæringa har gjennomført sin årlege evaluering av arbeidet i Opplæringskontoret. Evalueringane er gode i år også.

Opplæringskontoret blir målt opp mot statlege føringar og oppgåver som er regulert i lovverket. M.a. skal det være samsvar mellom arbeidsoppgåver og ressursar. Alle lærlingane skal ha personleg oppfølging og krav til lærebedriftene må være innfridde.

Opplæringskontoret har i mange år satsa på tett oppfølging av lærlingane kvar 8.

veke, medan kravet er kvart halvår. PRO er også komme langt i høve til mappevurdering ved bruk av minifagprøver for å dokumentere mål i læreplanen og eigenvurderingar på arbeidet. I PRO er det krav om pedagogisk utdanning for å kunne jobbe med oppfølging av lærling.

Det har også vore viktig for PRO at lærlingane skal trivast, både i læresituasjon og i fritid. Lærlingane får tilbod om sosiale og faglege samlingar. PRO satsar også på kompetanseheving i bedriftene ved instruktørkurs i regi av fylkeskommunen og eigne kurs i regi av kontoret.

Brennheit arbeidsmarknad - kampen om arbeidskrafta

Alt tyder på at dette er situasjonen i 2007. Behovet for arbeidskraft har vore sterk og alt tyder på at det kjem til å auke.

I ein fersk halvårsrapport frå NHO, syner dei til ei undersøking gjort mellom 2000 NHO verksemder. I tillegg til ei sysselsetting på 70.000 personar i 2006 er behovet i 2007 på nye 55.oo0 personar. Andel ledige stillingar var i same undersøking på 6,6 %.

Situasjonen er at behovet for arbeidskraft aukar sterkare enn det er muleg å dekkje.

Arbeid med å rekruttere arbeidskraft blir endå viktigare. Bruk av utanlandsk arbeidskraft vil ikkje kunne dekke dette gapet. Her må verksemdene legge

eit heilt nytt fokus på rekruttering, for kampen om arbeidkrafta kjem til å bli sterk.

Kunnskapscontainaren er eit av fleire tiltak som skal sikre rekruttering frå eigen region. Men prosjektet vil ikkje gi resultat dei første åra. Difor må ein sette i gang tiltak som verkar i dag.

“Mennesket kan gjøre en himmel av helvete og eit helvete av himmelen. Det er vår tankemåte som avgjør.“

PRO 25 ÅR www.pro.sf.no 23
JUBILEUMSMAGASIN
Jorunn Eide Kirketeig dagleg leiar / director jorunn.kirketeig@pro.sf.no Ingen ting å sei på kontakta mellom Opplæringskontoret og lærlingane. Her eit hyggeleg møte mellom dagleg leiar ved PRO, Jorunn Kirketeig og Svein Henry Langåker, læriling ved Hydro Høyanger. Denise, ei av dei tyske lærlinane fekk sløye fisken ho fekk

PÅ JAKT ETTER LÆREPLASS?

Teknologi- og industrifag

F.eks. industrimekanikar, kjemiprosessfag, CNC og produksjonsteknikk

Sal og administrasjonsfag

Sal, service og administrasjonsfag

Medieproduksjonsfag

IT driftsteknikar, IT utviklar, innhaldsprodusent, mediedesignar og medieteknikar

Industriell matproduksjon

Automasjon, industriell matproduksjon, logistikk, produksjonsteknikk og industrimekanikar

Scan meg for å sjå alle dei forskjellige læreplassane

A til Å • www.atilaa.no
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.