PRO Aktiv – Teknologi- og industrifag

Page 1

Teknologi- og industrifag


Valde det kjekkaste faga

– industrimekanikar og produksjonsteknikk På Cargill Florø møter vi to jenter som har valt eit arbeidsområde som tradisjonelt er prega av mannlege medarbeidarar. Monica Langedal, som leiar vedlikehaldsavdelinga på fiskefôrfabrikken, fortel at det er eit mål å auke kvinneandelen. Vi ser det igjen på arbeidsmiljøet når vi får fleire jenter på ein såpass mannsdominert arbeidsplass, og sjølvsagt gjer jentene ein like god jobb som gutane. same skule. Monica skyt inn at dei to jentene gjorde godt inntrykk og viste interesse for faget. Vi har for tida totalt 8 lærlingar, og det er viktig at kandidatane viser interesse og nysgjerrigheit for faget – og ønskjer å lære meir.

Produserer og overvakar Sara er 2. års lærling i produksjonsteknikk og har hovudfokus på å produsere og overvake pelletsproduksjonen. Vi startar, stoppar og køyrer maskinene frå PC-ar i kontrollrommet, men vi sit ikkje framfor skjermen heile dagen. Vi må ut og ta prøvar av fôret, og om nødvendig så må vi justere samansettinga. Elles er det ein god del førebyggande vedlikehald, som smørjing, sjekk og vask.

Alt må virke Linea er 1. årslærling som industrimekanikar, og er i ein fase der

Lærlingane Linea Bortne Haveland (18) frå Eikefjord og Sara Gjerland Høyesen (19) frå Solund og er

Det gøyaste med å jobbe her er å få utfordringar og å kjenne på meistringsfølelsen når ein får det til. PRO Aktiv

lærlingar i faga produksjonsteknikk og industrimekanikar. Begge gjekk på linja TIP på Flora VGS, og begge var leie av teoretiske fag då dei gjekk ut av ungdomsskulen. Eg valde berre det som såg kjekkast ut, smiler Linea. Ingen av dei viste kva dei ville, men begge viste at dei ikkje ville velje tradisjonelle «jentefag».

Interesse for faget Både Sara og Linea hadde utplassering på Cargill Florø på vidaregåande. Ja, det var faktisk her vi blei kjente – sjølv om vi gjekk på 2

www.pro.sf.no


Det kjekkaste er sjølvsagt når produksjonen går bra – og så at eg har veldig kjekke kollegar her.

ho skal gjere seg kjent med maskinene og fabrikken. Det er veldig mykje å sette seg inn i på ein så stor fabrikk. Eg får vite kvar morgon kven eg skal jobbe i lag med, og får vere med på både reparasjonar og vedlikehald. Det er eit stort ansvar å halde landets største fiskefôrfabrikk i drift. Difor er arbeidet veldig variert, og eg får kjenne på at jobben min er viktig.

Eg gløymer klokka når eg jobbar som industrimekanikar Eg har aldri hatt interesse av å skru i oppveksten, smiler Johannes Holvik (19), som er 2. års lærling i industrimekanikarfaget. No stortrivast han på Steinvik Fiskefarm sin base Seljeset. Her er det han og fagansvarleg Tore Haugen som styrer skuta. Johannes er i full aktivitet med å skru på ein båt som har motortrøbbel. Det er ikkje så mange som jobbar her, men verkstaden er stor og arbeidet er variert. På ungdomskulen viste eg ikkje kva eg ville, men så valde eg utplassering på TIP. Det var veldig annleis enn eg hadde tenkt – og veldig mykje gøy å gjere på. Læreplassen her hos Steinvik er fantastisk bra, skryt Johannes. Her er aldri ein kjedeleg dag, og eg får vere med på alt mogleg. Eg har alltid likt å køyre båt, og no får eg gjere det i jobben, smiler han fornøgd.

Oppdragsgjevaren er alle lokalitetane til Steinvik Fiskefarm, noko som betyr arbeid med båtar, motorar, vedlikehald, sveising, fôrmodular på sjøen, pussing og maling, presse hydraulikkslangar, dreie delar og ikkje minst å følgje båtane og modulane på serviceopphald på Westcon og Brødrene Aa. Det gir god praksis på andre typar verkstad, smiler Johannes fornøgd.

Breitt spekter av jobbar

Båtservice

Johannes og Tore fortel om ein arbeidsplass med ein veldig variasjon i arbeidsoppgåver.

Elles lastar han gjerne opp ein båt med verktøy, reservedelar og olje – og tar service ut på

PRO Aktiv

3

oppdrettsanlegga. Det er viktig at lærlingane får sleppe til og prøve seg. Utfordringar er avgjerande for at folk trivast, presiserer Tore. Det kjekkaste her er å få jobbe med motorar og å sveise, ja då kan eg fort gjort å gløyme klokka, repliserer Johannes. Dei to mekanikarane viser fram ein Polarcirkel-båt som trengte oppgradering etter mange år på sjøen. Her er det blitt delvis styrehus og nye og komfortable seter. Eit godt stykke arbeid – frå teikning til ferdig resultat – som begge med rette kan vere stolte av.

www.pro.sf.no


Alle skal ha det gøy på jobb Hos Lerum er dei opptatt av rekruttering til bedrifta, og det er ein viktig strategi å ha lærlingar i ulike fag. Slik sikrar saft-, jus- og syltefabrikken på Kaupanger seg ny kompetanse, samtidig som dei får ein god miks av seniorar og yngre medarbeidarar. Det er positivt for både kompetanseutvikling og arbeidsmiljøet.

Frå Colombia til Sogn og logistikk Juan David Rivas Diaz (23) kom frå Colombia til Norge i 2018, for å ta utdanning. Han starta i Bergen med språkopplæring – først engelsk så norsk. Etter 3 år i Bergen med språkopplæring og TIP på vidaregåande, gjekk turen til Sogndal og eit år med faget transport og logistikk.

Kult med truck Juan har nyleg starta som lærling i logistikkfaget hos Lerum, og stortrivast med å køyre truck. Det er mykje som skal lærast, men her startar dei med opplæring i lasting. Dei fleste synes det er trongt og skummelt å flytte på pallar med saft og sylteglas. Juan synest det var kult frå første dag.

Utviklande med lærling Fagansvarleg Bent Sjøthun fortel at det er mykje dei skal gå i gjennom i læretida. Det er viktig å lære seg datasystemet, slik at

PRO Aktiv

ein held orden vareflyten. Alt må dokumenterast, og det krevst god struktur. Logistikkfaget er ein viktig del av fabrikken, og eg synes det er god læring for oss som er fagansvarlege å ha lærlingar. Det utfordrar oss og er utviklande for alle.

4

www.pro.sf.no


Frå Hønefoss til Sogn og industrimekanikk Erling Skurdal Bjerktveit (18) vekependlar mellom Hønefoss og Sogn, for å få ei spennande og variert læretid som industrimekanikar på Lerum. Eg likar fysisk arbeid, og så må det helst vere litt variert – og det kunne eg ikkje få på austsida av fjella. Erling gjekk TI på Hønefoss, men fekk utplassering på Lerum, sidan faren jobba der. Eg er vaksen opp på gard og har alltid vore interessert i maskiner.

Her blir alle sett og alle helsar på alle – vi har det gøy på jobb Vi held på mange måtar hjula i gang på fabrikken, seier Arne Venes – som er fagansvarleg for lærlingen. Det er viktig med jamleg service på maskinene, og ting må reparerast, slik at det blir ein god miks av planlagde og akutte jobbar. I tillegg har vi større prosjekt som ombygging, riving og utbytting av maskiner. Vi har rikeleg å gjere på slår dei to fast.

PRO Aktiv

Løysingsorientert

Alle blir sett

Kulturen her på Lerum er å vere løysingsorientert, presiserer Arne. Det er ikkje alltid vi har det vi treng, men ting kan som regel fiksast på ulike vis, og vi får det til. Det er ein god meistringsfølelse når vi har fiksa eit problem. Då blir alle rundt oss glade og vi ser at arbeidet vi gjer betyr mykje for andre.

Det beste med å vere på Lerum er ein variert kvardag og at vi har det gøy på jobb, smiler Erling. Når ein går i gangane i fabrikken, møter ein på blide folk som nikkar, seier hei og sender deg eit smil uansett. Her blir alle sett, og inkludert.

5

www.pro.sf.no


Aldri ein kjedeleg dag som industrimekanikar Eg likar å jobbe i industrien og så likar eg variert arbeid, fortel Mathias Eimhjellen Christensen, som er 1. års lærling som industrimekanikar hos West Industri Service (WIS) – lengst aust på Fjord Base. Her får eg prøve meg på alt mogleg innanfor faget, og ingen dagar er like, smiler ein fornøgd lærling. Med eit fagbrev i lomma meiner Mathias at han er garantert jobb framover. Når alt blir automatisert så trengs det fagfolk som kan ta seg av produksjon, reparasjonar og vedlikehald. Fagansvarleg hos WIS, Erlend Øren, fortel at dei har eit auka behov for fagfolk, og at lærlingane er viktige i rekrutteringsarbeidet.

meir jobbing ute hos kundar. WIS servar bedriftene på basen, og jobbar naturleg nok med rør- og stålkonstruksjonar. Vedlikehald av subsea-utstyr er ein viktig del av jobben, i tillegg til ein god del arbeid for havbruksnæringa.

Mange ulike oppgåver Etterkvart kan det bli ein del reising i jobben om ein ønskjer det, fortel Erlend. Vi har ein god del arbeid på Ågotnes, og elles ute hos lokale kundar. Mathias fortel at mykje av grunnen til at han søkte som lærling hos akkurat WIS, var at dei hadde eit godt rykte om variert arbeid, og så synes eg det med subseautstyr høyrdest tøft ut. Det er spennande teknologi, og fasinerande at det skal fungere langt nede på sjøbotnen.

Interesse for faget

Startar på verkstaden Mathias er så fersk i faget at han førebels jobbar på verkstaden, for å lære seg dei grunnleggande oppgåvene der, som t.d. å dreie, sveise og bore. Seinare blir det

PRO Aktiv

Vi ser at ungdommar som kjem hit har ulike føresetnader, fortel Erlend. At Mathias var interessert i å skru på moped, bil og båt var ein god referanse for å få læreplass. Når ungdommane har eigen moped, så veit vi at dei må kunne skifte plugg, smiler fagansvarleg.

6

Ungdommen vil i Nordsjøen Det er mange som startar her med eit ønskje om ei karriere i Nordsjøen, og vi har litt oppdrag på riggar for andre basar. Då får lærlingane litt følelsen av korleis det er å jobbe og bu på ein «stålholme». Det passar ikkje for alle. Interessa for Nordsjøen gjer at vi for tida har bra tilgang på lærekandidatar i industrimekanikarfaget, men dette går i bølgedalar.

www.pro.sf.no


Med glødande interesse for faget – industriell overflatebehandling Alexander Nødseth (34) er snart klar for å ta sitt andre fagbrev. Frå før er han forskalingssnekker, og i løpet av eit par månader skal fagbrev i «industriell overflatebehandling» vere på plass. Han har vore tilsett i Parker Wellbore dei siste 3 åra, og mykje av grunnen til at han starta der var nettopp tilbodet om å ta fagbrev. Saman med fagansvarleg Frode Dypevik fortel han om eit svært spennande fag. Det er veldig givande for oss som bedrift å få inn lærlingar, fortel Frode, som sjølv jobbar med å ta fagbrev i same faget som Alexander. Det er eit veldig omfattande fag, og vi er veldig glade for at dette no blir presentert som eit av teknologi og industrifaga. Til saman er dei 29 tilsette i Parker Wellbore på basen i Florø, og 8 av desse er såkalla spesialarbeidarar, dvs. at dei jobbar med overflatebehandling.

«Alle» tar fagbrev Så og seie alle som jobbar med industriell overflatebehandling i

PRO Aktiv

bedrifta er no på veg til å få fagbrev. Den kunnskapen vi tileignar oss gjer oss endå meir interesserte i faget – og vi blir stolte over kor viktig denne jobben er, fortel dei to. Jobben går ut på å klargjere rør for bruk i Nordsjøen. Hos oss betyr det inspeksjon og nøyaktig arbeid for å sikre trygge og tette rør til offshorenæringa.

Premium connection offshore Vi overflatebehandlar med zink og mangansyre. Zinken hindrar rustdanning og manganen sørger for antifriksjon i tillegg til rustbehandling. Målet med arbeidet er «premium connection», det vil seie olje og gasstett gjengar. Desse røra blir brukte til dei mest vanlege borestrengane til å pumpe opp gass og olje frå felta. Det er samanføyingane av røra som er det kritiske punktet. Det er viktig at samanføyinga glir lett utan å rive i metallet, og samtidig hindre at rusten slepp til. Arbeidet vårt krev nøyaktigheit og presisjon i

7

tillegg til god kunnskap. Nøyaktig temperatur og luftfuktigheit, og eit godt handelag er avgjerande.

Dokumentasjon og ny kunnskap Kvar morgon startar dei dagen med å ta prøvar og sjekke at zinkog manganbadet har god kvalitet, og eventuelt reingjere og tilføre nye ingrediensar og justere tem-

www.pro.sf.no


peratur. Det er ikkje berre å duppe eit rør ned i kara med kjemikaliar og tru at alt er i orden. Det som er avgjerande er lufttemperatur, reingjering og tørketid – og så må alt vi gjer dokumenterast. Ja, det er ein del dataarbeid, smiler Frode – og der er ungdommane som kjem inn i faget mykje kjappare enn vi som har vore her ei stund. Ungdommane har med seg ny kunnskap og nye innfallsvinklar, og det lærer vi alle av. Dessutan er det godt for arbeidsmiljøet at vi er ein god miks av eldre og yngre.

Kursing og godt miljø inspirerer Frode og Alexander fortel om kurstilbod med dyktige foredragshaldarar som har løfta dei, og gitt dei ny forståing for faget. Det er utruleg spennande å høyre på folk som kan faget og som er gode på formidling. Det inspirerer oss til å gjere ein endå betre jobb. Alexander legg vekt på kombinasjonen av spennande fag og godt arbeidsmiljø. Eg gir Parker Well-

bore 10 av 10 poeng for godt miljø, tilrettelagt læring og god informasjon. Det er avgjerande for at eg trivast.

Kan klatre vidare Både Frode og Alexander legg vekt på at faget er eit godt springbrett for dei som vil klatre på karrierestigen i offshorebransjen. Praktisk arbeid er alltid nyttig å

ha i botnen, presiserer dei. For mange er det eit mål å komme ut på plattform, og då er fagbrevet og bakgrunn frå prefabrikkering av rør eit godt grunnlag. Med ekstra kursing er dette også ein god byggestein for å bli inspektør. Vi håpar sjølvsagt at ikkje alle vil klatre vidare, avsluttar to karar som stortrivast i jobben.

Teknologi- og industrifag 1. år

2. år

3. år

Vg1 – Vidaregåande trinn 1

Vg2

Vg3, 4 – opplæring i bedrift

Industriteknologi

CNC-maskineringsfaget x Industriell matproduksjon Industriell overflatebehandling Industrimekanikerfaget Industrimontørfaget Industrirørleggerfaget Industrisnekkerfaget x Motormekanikarfaget Platearbeiderfaget Produksjonsteknikkfaget Sveisefaget

Kjemiprosess- og laboratoriefag

Kjemiprosessfaget Laboratoriefaget

Transport og logistikk

Logistikkfaget

A til Å • atilaa.no

Teknologi og industrifag

4. år


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.