Fjordkysten regional- og geopark

Page 1

2

Fjordkysten regional- og geopark

Så langt vest det er mogleg å kome i Noreg ligg det fire små, men livskraftige kommunar: Solund, Fjaler, Askvoll og Hyllestad. Dei samarbeider om å både ta vare på og å utvikle sine samfunn på lokalbefolkninga sine premissar.

Ved å etablere Fjordkysten regional- og geopark har forståinga for kor viktig samspelet mellom landskap og kultur i regionen auka. Det har også medvitet om korleis desse verdiane vert utfordra av endra ressursbruk, samt lokale og globale klimaendringar.

Det er viktig at vi kan skape ei framtid på ein berekraftig måte. Vi ønskjer å bruke dei naturressursane vi har. Det vi ser, er at gjennom dette prosjektet (Levande landskap) tek Fjordkystparken vare på nedarva kunnskap og formidlar den vidare. Det skaper gode møteplassar. Fjordkystparken bygger identitet og eigarskap både til lokalsamfunnet og til regionen, ikkje minst til naturen.»

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund

3

Kva er ein Regionalpark?

Ein regionalpark er definert slik:

«En dynamisk, langsiktig og forpliktende samarbeidsplattform for lokalsamfunn, myndigheter og næringsliv med en interesse for å ivareta og videreutvikle natur- og kulturverdier i et definert landskaps- og identitetsområde.»

(Norske Parker)

Føremålet er å skape samarbeid mellom aktørar på ulike nivå, på tvers av ideelle og kommersielle interesser. Arbeidet vert bygd på ivaretaking av regionen sitt landskap, kulturarv og identitet. Lokal forankring og forpliktande samarbeid gjev verdiskaping og utviklingskraft. Dugnadsinnsats og sosial verdiskaping vert utløyst gjennom langsiktige partnarskap , samhandling og medverknad. Slik vert berekraftige produkt og opplevingar skapt på lokalbefolkninga sine eigne premiss.

Kva er ein Geopark?

Ein Unesco global geopark er definert slik:

«Sammenhengende geografiske områder hvor steder og landskap av internasjonal geologisk betydning forvaltes på en bærekraftig måte. I en UNESCO global geopark fremheves den geologiske arven som en del av jordas natur og kulturarv, til å øke bevisstheten og forståelsen for viktige tema, som å bruke jordens ressurser på en bærekraftig måte, håndtere effektene av klimaendringer eller redusere effekten av naturkatastrofer.»

Ein geopark har geolgi som hovudtema og vil knyte formidling og verdiskaping opp mot den geologiske arven i området.

4
5
Uttrykket «samsetak» betyr å løfte saman og samtidig. Eit godt bilete på korleis ein jobbar i Fjordkystparken. Foto David Zadig.
6
Mellom bakkar og berg ut ved havet. Foto: David Zadig.

Nedanfrå og opp

I motsetning til nasjonalparkane er regional- og geoparkane organisert etter eit «nedanfrå og opp»-prinsipp, der innbyggarane vert involvert i utviklingsarbeid og ivaretaking. Fjordkysten regionalog geopark er organisert som eit medlemsstyrt lag og har over 60 medlemmar og partnarar som femnar om både kommunar, verksemder, frivillige lag og privatpersonar. Det er ein demokratisk organisasjon der partnarane utgjer grunnmuren og har stor innverknad på parken sine fokusområde og aktivitetar. Alle medlemmane har stemmerett på årsmøtet.

Typisk for folk i desse grisgrendte strøka lengst vest er at dei framleis driv med mangesysleriet. Det er fleksible og tolmodige menneske som veit at det krev eige initiativ og godt samarbeid for å få ting til. Desse eigenskapane, saman med dei spektakulære naturkvalitetane i regionen, passar veldig godt til det konseptet som både regional- og geoparkar representerer; – ei plattform for samarbeid på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og ein meir heilskapleg måte og tenke og arbeide på.

Både lokalt næringsliv og kommunane var tidleg på bana og støtta idéen om å etablere ein park i regionen. Og sidan har dei vore trufast med på å bygge opp og drive fram parken som ein samarbeidsplattform.

Parken sitt verkeområde er basert på dei kvalitetane som kjenneteiknar området, og i denne regionen er kystkulturen, geologien, vikingsoga, industrihistoria, forteljekunsten og det gamle kulturlandskapet som peikar seg ut. Parken er bygd vidare på element frå andre tidlegare satsingar i regionen, mellom anna det regionale Kystarven-prosjektet.

Å ta vare på kystlandskapet har vore sentralt i parkarbeidet. Etableringa av Hardbakke Villsaulag, som er eigd og drive av innbyggarane, er eit godt døme på korleis parken jobbar.

7
Roar Moe på Litle Færøy formidlar handlingsbåten kunnskap om kystkultur for amerikanske studentar frå Prescott college. Foto: David Zadig.

Etablering av parken

I 2012 oppretta regjeringa eit verdiskapingsprogram som skulle stimulere til etablering av regionalparkar i unike norske landskapsområde. Lokale eldsjeler ytst i Sognefjorden greip då sjansen. Dei såg at ein slik samarbeidsmodell som regionalparkar representerer, samsvarar veldig godt med måten folk i dette området jobba på frå før, og at det kunne bli eit verktøy til å løyse mange av dei distriktsutfordringane som utkantkommunane har.

Styresmaktene gav midlar til å starte opp eit prosjekt som hadde til hovudmål «å etablere ein natur- og kulturpark i Solund». Prosjektet hadde i tillegg tre delmål:

1) å utvide parken til også å verte ein regionalpark som femnar om dei omliggande kommunane

2) å etablere eit friluftsråd på kysten av Sogn og Fjordane

3) å lage modellar for moderne villsaudrift

Alle måla i prosjektet vart nådd.

I januar 2017 vart «Sognefjorden Kystpark» skipa som ein regionalpark som omfatta dei fire kommunane Solund, Fjaler, Askvoll og Hyllestad. I mai same året vart parken godkjent av Norske Parker som den sjette regionalparken i Noreg.

Parallelt har Kvernsteinparken i Hyllestad lenge arbeidd med prosjektet «Geologien som verdiskapar», der målet mellom anna har vore å etablere ein geopark i vår region. Kommunane våre har nemleg ei unik geologisk historie som ein ønsker å formidle til innbyggarane og besøkande.

Dei siste åra har desse initiativa funne saman i ei felles satsing, og etter eit omfattande samansmeltingsprosjekt, fusjonerte geologiprosjektet med Kystparken i desember 2020. Parken endra då namnet til Fjordkysten regional- og geopark. I desember 2021 vart Fjordkysten regional- og geopark godkjend som norsk geopark, og vart såleis Noreg sin første kombinerte regional- og geopark. Neste mål er å verte ein UNESCO Global Geopark.

Fjordane Friluftsråd

FjordKysten friluftsråd vart skipa i 2017 av Askvoll, Florø og Solund. I dag er både Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn medlemskommunar. Rådet har skifta namn til «Fjordane Friluftsråd».

Friluftsrådet er ein svært viktig partnar for parken, der ein har eit godt samarbeid om ulike miljøtiltak og prosjekt. Friluftsrådet legg til rette for at alle skal få moglegheit til eit friluftsliv som fremjar helse-, trivsel og miljøvenleg aktivitet i lokalmiljøet og regionen. Strandrydding har heilt frå starten av vore ein sentral aktivitet.

www.fjordanefr.no

8
Areal og innbyggjarar HAFS – pr 1. januar 2022 Innbyggjarar Areal (km²) Solund 764 228 km² Hyllestad 1 274 259 km² Askvoll 2 953 326 km² Fjaler 2 840 417 km² Sum dei 4 kommunane: 7 831 1230 km²

GEOLOGI AV INTERNASJONAL

BETYDNING KAN GI UNESCO-STATUS

Fjordkysten regional- og geopark har geologi av internasjonal betydning. I landskapet finn ein mange spor etter ei eldgammal geologisk fjellkjede; Kaledonidane. Den kaledonske fjellkjeda som stod her for om lag 400 millionar år sidan hadde samanliknbar storleik som Himalaya, både i høgdemeter og i utstrekking. Innanfor Fjordkystparken sine relativt korte geografiske avstandar er det mogleg å observere både korleis denne urfjellkjeda vart danna og sidan brutt ned. Det seiast at dette er verdas beste stad å studere ein fjellkjede sin vekst og fall.

Den eineståande geologien er ei av grunnane til at Fjordkystparken søkjer status som Unesco Global geopark. For å verte godkjent må ein i tillegg til å vise ein viktig del av Europa si geologi og kunne demonstrere korleis dei geologiske føresetnadene har påverka biologisk mangfald, landbruk, busetting, industriutvikling, samferdsel og kultur i området.

European Geoparks Network og UNESCO må godkjenne områda for at vi skal få status som ein Europeisk Geopark. Ein godkjenning fører til at parken samtidig vert ein del av UNESCO’s «Global Network of Geoparks» .

9
Padling ved «Lågøystolane» – Solund sitt lokale Stonehenge. Foto: Magnus R. Furset. Brurastakken i Askvoll, «Noregs vakraste fold» har tiltrekt seg geologar frå heile verda opp igjennom tidene. Foto: Per Storemyr. Geologane studerer ivrig snitt av konglomerat. Foto: Trude Søilen.

Levande landskap

Ein av dei viktige ressursane i vår region er utmarka, som i tusenvis av år har vore nytta til beiting og produksjon av kjøt og ull.

For om lag 5.000 år sidan byrja steinaldermenneska å rydde norskekysten for skog. Ved hjelp av øks, eld og beitedyr skapte dei det landskapet vi i dag kjenner som kystlynghei. Avskoginga og forminga av Europa sitt eldste kulturlandskap strakk seg i eit belte like frå Portugal i sør til Lofoten i nord. Kystlyngheia er opne landskap, dominert av dvergbusker og då særleg røsslyng (Calluna vulgaris).

Tidlegare utgjorde kystlyngheiene om lag 2 % av landarealet i Noreg og på byrjinga av 1900-talet strakk dei seg òg eit stykke innover langs fjordane. Årsaka til at denne naturtypen berre finst langs kysten er det milde klimaet, som gjer det mogleg å ha beitedyr ute heile året.

Totalt sett har meir enn 80 % av lyngheiene i Europa gått tapt sidan byrjinga av 1800-tallet. Kystlyngheia er no karakterisert som sterkt truga (EN) og er oppført på «Norsk Rødliste» for truga planteartar.

Dei viktigaste årsakene til dette er gjengroing, tilplanting og spreiing av skog, mellom anna sitkagran (Picea sitchensis). Nedbygging dyrking, gjødsling og anriking i jordsmonnet av nitrogen frå luft og nedbør endrar landskapet. For at lyngheia skal bestå må den nyttast, med brenning og beiting. Noreg har dei nordlegaste lyngheiene i verda og har difor eit spesielt forvaltningsansvar for desse.

I Fjordkystparken tek ein no vare på dei nedarva tradisjonane med å nytte utmarka, blant anna ved å auke kompetansen om dei gamle driftsmåtane og korleis ein haldar kystlyngheia i hevd. Hardbakke villsaulag er eit godt døme på korleis ein kan involvere og engasjere lokalbefolkninga til å ta vare på landskapet sitt.

Artsmangfold

Sjølv om artane i kulturlandskapet i dag er avhengige av menneskeleg skjøtsel, har desse i hundretusenvis av år utvikla seg på dei naturlege steppene som tidlegare fanst i Europa. Desse områda blei haldne opne av brann, vindfall eller store flokkar med ville beitedyr. I takt med at menneska dyrka opp steppene og utrydda dei store beitedyra, flytta soppane, plantane og insekta inn i kulturlandskapet. Om vi ikkje opprettheld kulturlandskapet, misser vi ei mengd med artar som kan ha stor verdi for mennesker, dyr og kretsløp.

Kystlyngheia er viktig for fleire raudlista artar, blant anna den sjeldne purpurlyngen som berre veks heilt ute ved kysten der det er mildt nok klima til at den kan overvintre. Foto: Trude Søilen.

Lyngbrenning er ein 5000 år gamal tradisjon som er opphavet til det opne kystlandskapet ein finn i parken. Foto: Pascale Baudonnel.

10

Villsauen skaper verdiar

og levande landskap

Gammalnorsk sau, òg kalla villsau, er heilt tilpassa eit liv i kystlyngheia. Sauen produserer kjøt og ull av dei beiteplantane som veks her, på same tid som han skjøttar og held landskapet ope.

Denne vesle og hardføre sauerasen er genetisk sett den same som for tusen år sidan, tilpassa dei natur- og klimamessige tilhøva heilt ute ved kysten. Sauen er ekspert på å gjere seg maksimal nytte av dei ressursane som finst der.

Ved å ta vare på kystlyngheia tek vi òg vare på artsmangfaldet. Brenning og beiting aukar det biologiske mangfaldet, og er viktig for fuglar og insekt.

Visste du at Norsk Villsau er Noregs

fjerde godkjente presidium i Slow food?

Presidia er små prosjekt der produsentar går saman med Slow Food for å fastsette retningsliner for kvalitet og ekte vare, og for å fremja bruken av produkta, ikkje minst lokalt. Presidia har ein framtredende status i «Smakens ark»: som omfattar produkt med særleg regional og historisk tilknyting, samt ein handverksprega produksjon.

regional-

og geopark

representerte Noreg sitt bidrag i Europarådets landskapspris 2020/2021

Fjordkysten regional- og geopark vart valt ut som den norske kandidaten til Europarådets landskapspris i 20202021 for sitt strategiske og kontinuerlege arbeid med å fremje kystlandskapet og verdiane knytt til det. Fjordkysten regional- og geopark spring ut av det som tidligare var skapt i lokalsamfunna på lokale initiativ i samspel med næringsliv og enkeltkommunane. Parken vart etablert som ein felles samarbeids- plattform for Solund, Fjaler, Askvoll og Hyllestad, samt ulike organisasjoner og privat- personer. Regjeringa skriv av Fjordkystparken vart valt ut fordi den er eit godt døme på bevisst og målretta jobbing over fleire år, med landskapet som utgangspunkt og felles ramme. Dette er godt integrert i kommunane sitt arbeid, og måten dei jobbar på gjennom park-modellen har stor overføringsverdi til andre stader.

Trude J. Søilen,

leiar i Fjordkysten regionalog geopark tok i mot diplomet frå Maguelonne Déjeant-Pons (Europarådet) saman med Gunn Åmdal Mongstad, styreleiar i Norske Parker. Foto: Kjell Mongstad.

Ein delegasjon frå Fjordkystparken og frå Norske Parker dro til Italia i april 2022 for å representere Noreg og delta på prisutdelinga.

11
Den truga kystlyngheien vert skjøtta av beiting og brenning. Foto: Pascal Baudonell.
Fjordkysten
dagleg

Hardbakke Villsaulag

Mange av dei som bur i dette særeigne og opne kystområdet i dag er ikkje klar over at det er eit menneskeskapt kulturlandskap, forma av våre forfedre som kultiverte området med eld og sauehald. Menneska som lever i dette landskapet er knytt til det og ønskjer å ta vare på det, men manglar ofte kunnskap og kompetanse om korleis ein skal få dette til. Den gamle driftstradisjonen knytt til lyngbrenning og utegangarsau, som tidlegare vart overført frå hand til hand mellom generasjonar, er nesten heilt borte. Berre nokre få lokale bønder og grunneigarar driv framleis med denne ekstensive måten å drive på. Solund var tidleg ute med å etablere villsaulag på øyane for å ta vare på landskapet, og desse er framleis i drift.

Hardbakke Villsaulag er eit sentrumsnært villsaulag som er eigd og driven av lokalbefolkninga sjølv, i samarbeid med Solund kommune, skulen og barnehagen. Gjennom handlingsboren kunnskap lærer innbyggjarane korleis dei i praksis kan produsere sin egen mat like utanfor stovedøra, på same måte som generasjonar før dei har gjort, og samtidig ta vare på det særeigne landskapet.

Villsaulaget er organisert som eit samvirkelag der lokalbefolkninga kjøper og eig så mange partar som dei ønskjer. Laget har i dag selt 150 partar til rundt 100 medlemer. Desse er fordelt mellom lokale næringsaktørar, private i alle alderssjikt, kommunar, skule, barnehage, helse- og omsorg, mfl.

Alle partseigarane vert invitert med på oppgåver knytt til villsaudrifta gjennom året; – mellom anna rydding av landskap, brenning, sanking, fôring, merking, medisinering, ruing, slakting og foredling. Sauene går i utmarka heilt inntil kommunesenteret på Hardbakke. Dei er tame og likar å få kos og mat av både born og vaksne som oppsøkjer dei.

12
Sauane i det lokale villsaulaget er veldig tamme. Foto: Stig Steinsund.

Moderne gjerdeteknologi – Nofence

Dyra er ikkje inngjerda, men går med gjerdet rundt halsen i ein klave som vert driven av solcellebatteri. Dette er heilt ny og revolusjonerande teknologi. Villsaulaget har vore pilot på uttesting av «Nofence for sau». Den nye gjerdeteknologien gjer at sauene kan beite i område som tidlegare var utilgjengelege og uaktuelle å gjerde inn.

Nofence er verda si første virtuelle gjerdeløysing, spesielt tilpassa dyr på beite. Med fokus på berekraftsperspektivet har Nofence utvikla ein teknologi som gjer det lett å ha kontroll på dyra, samtidig som dyrevelferda vert godt ivaretatt. Klavane er utstyrt med solceller og sender signal til ein app der eigaren kan følgje med på alle rørslene til dyra.

Frode Kalgraff er ein lokalmatprodusent som veit å foredle sine produkt på tradisjonsrikt vis. Han er og villsaulaget si fagperson når julehøgtida står for døra, og villsauen skal på bordet etter alle kunstens reglar.

13
Foto: Trude Søilen.

Det biologiske mangfaldet i

kystlyngheia

Kystlynghei er ikkje blant dei mest artsrike naturtypane, men den er viktig for artane som har tilpassa seg dette landskapet. For nokre planteartar som hovudsakleg er å finna på Vestlandet, er dette det viktigaste habitatet. Einskilde insekt er heilt avhengig av denne naturtypen for å kunna overleve i Noreg.

Purpurlyng (Erica cinerea) er ein sjeldan art som stort sett er å finna i kystlyngheia. Andre artar som har kystlynghei som sitt viktigaste habitat er Vestlandsvikke (Vicia orobus), Lyngøyentrøst (Euphrasia micrantha), Fagerperikum (Hypericum pulchrum), Heiblåfjær (Polygala serpyllifolia) og Kystmyrklegg (Pedicularis sylvatica).

Fugleartane Bergirisk (Carduelis flavirostris) og den sterkt truga Svartstrupen (Saxicola torquata) er avhengig av kystlynghei for å kunne ha tilhald i Noreg. Vanleg Sanglerke er ein annan art som er avhengig av Kystlynghei. Den har hatt ein kraftig tilbakegang, noko som mellom anna skuldast intensivert jordbruk og gjengroing.

Sjølv om artane i kulturlandskapet i dag er avhengige av menneskeleg skjøtsel, har desse i hundretusenvis av år utvikla seg på dei naturlege steppene som tidlegare fanst i Europa. Desse områda blei haldne opne av brann, vindfall eller store flokkar med ville beitedyr. I takt med at menneska dyrka opp steppene og utrydda dei store beitedyra, flytta soppane, plantane og insekta inn i kulturlandskapet. Om vi ikkje opprettheld kulturlandskapet, misser vi ei mengd med artar som kan ha stor verdi for oss menneske som vi ikkje er klar over i dag – og som har sin eigenverdi.

14
Elevar på sauesanking ytterst ved Sognefjorden, Solund. Foto: Trude Søilen. Tekst: Sabima.

EPISENTER

SOM FORMIDLINGSARENA

Vi er no i ferd med å etablere besøkssenter i kvar kommune i parken. Desse sentera vert kalla episenter og dei skal formidle kva parken er i sin heilskap og kva ein kan oppleve i parken. På sikt er det ynskje om å etablere fleire episenter i kvar kommune.

Kvart episenter er knytt opp mot partnarar i parken, som skal vere med å ta ansvar for drift og formidling til besøkande og fastbuande. Konseptet byggjer på at både partnaren som vertskap og parken som formidlingsaktør får fordelar av samarbeidet.

Episentera skal innehalde innandørs og/eller utandørs utstillingar med interaktiv formidling, der det vert tilrettelagd for opplevingar og læring gjennom aktiv bruk av sansane.

Medverknad, læring og handlingsboren kunnskap er stikkord. Parken er medlem av Interpret Europe og har som mål å utdanne partnarar og vertskap i parken til å bli Certified interpretative guides (CIG).

Alle besøksentra kjem til å ha ulike hovudtema knytt opp mot sin stad, samstundes kjem det til å vere ein gjennomgåande raud tråd felles for alle episentera.

I Solund er episenteret på Hardbakke. Dette er tredelt mellom den store sjøbua i hamna, Solund leilighetshotell og Solund Senter. Partnarar er mellom anna Norsk Kystkulturakademi AS, Vidar Hop Skyssbåtar, Solund Eigedom og Solund kommune. Hovudtema her er levande landskap og kystkultur.

I Hyllestad er episenteret knytt til Kvernsteinsparken der musea i Sogn og Fjordane og Norsk Kvernsteinssenter er partnar. Hovudtema her er vikinghistorie og kvernstein.

I Fjaler er episenteret på den gamle pikeskolen på Steia i Dale og det er Jakob Sande-selskapet som er partnar. Hovudtema her er forteljekunst og kultur.

15
I Askvoll er episenteret i Stongfjorden med Sunnfjord Geo Center som partnar. Hovudtema her er geologi og industrihistorie.

Solund kommune

er den vestlegaste kommunen i Noreg. Med sine 1.700 øyer, holmar og skjer heilt vest i havgapet der Sognefjorden munner ut i Nordsjøen er Solund eit populært reisemål for alle som leitar etter autentisk kystkultur og spanande naturopplevingar. Det er lett å bli kjent med lokalbefolkninga som gjerne deler sine tips med tilreisande. Her bør ein ikkje gå glipp av sjansen til å bli med på Øyhoppinga med den lokale postbåten; – den lokale passasjerruta. Eller ta turen på ein fyrsafari til Utvær – Norges vestlegaste punkt.

I vikingtida var Utvær samlingspunkt for eit skipsbesøk av eit slikt format at knapt nokon på norskekysten hadde sett maken. Kong Harald Hardråde at han hadde rett til herredømme over England, og i 1066 kalla han ut leidangen og ville dra vestover. Snorre Sturlason fortel at flåten talde over 200 langskip utanom matskuter og småskip! Som kjent gjekk ikkje slaget ved Stamford Bridge heilt slik som kongen hadde tenkt seg.

Øyane i Solund er eit eldorado for kystfriluftsliv. Kajakkpadling og vandring er populære aktivitetar i eit område med eit heilt særeigent landskap og geologi, der konglomerat og mektige flyttblokker frå Istida står som skulpturar mot horisonten. I dette landskapet vil du kunna møta den spesielle villsauen og oppleve kystlyngheia. Solund sine verksemder er i stor grad bygd opp rundt maritime næringar og det er om lag 800 innbyggjarar i kommunen som gjerne kallar seg «Øyriket Solund».

Hyllestad kommune

er kjend for sin omfattande produksjon av kvernstein, ein produksjon som truleg har føregått i meir enn tusen år.

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit spanande visningssenter for denne sjeldne historia. Det er utvikla ein modell for involvering av skulebarn i formidlinga av geologien og kvernsteinproduksjonen; – som har blitt kjent som Hyllestadmodellen. Her må ein ikkje gå glipp av ein fantastisk demonstrasjon av den eldgamle tradisjonen med kalksteinbrenning.

Skipsindustri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen, som har ca. 1.300 innbyggarar.

Den spektakulære Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er truleg eit av dei mest fotograferte fjella i vår region.

For dei som likar friluftsliv har Hyllestad mykje å by på. Landskapet i Hyllestad er kupert og variert, med mange fjellnutar opp i 500–700 meters høgde. Risnesnipa mellom Åfjorden og Lifjorden er den høgste (777 moh). Den er en del av Lihesten, som er eit fjellmassiv med bratte stup på dei fleste kantar.

16
Kystlandskapet i Solund, ikkje utan grunn kjent som «Øyriket Solund». Foto: David Zadig. Barn i Kvernsteinsparken lærar kunsten å hogge kvernstein. Foto: Espen Mills.

Askvoll kommune

ligg på nordsida av Dalsfjorden og har ei rik vikinghistorie. I Rivedal står statuen av Ingolf Arnarson som grunnla den første busetjinga på Island i år 874.

Frå kommunesenteret Askvoll ser ein rett vest til Atløy som er nemnt mange gonger i Snorre-sagaen. Kommunen husar også det som i dag er Noregs vestlegaste fiskerisamfunn, Bulandet og Værlandet, som fortsatt er i drift; – eit ynda besøksmål for både øyhopping, sykling og fotturar. Her reiser det kjente landemerket Alden (481 m.o.h.) seg rett opp frå havet. Alden er eit av dei mest markante landemerka på kysten, på folkemunne kalla «Den Norske hest», og er eit særdeles populært turmål. Eit anna landemerke er det geologiske fenomenet «Brurastakken», eit fjell som visualiserer området sin geologiske arv på ein framifrå måte.

Kommunen har ca. 3.000 innbyggarar og har ei rik industrihistorie å vise fram, i tillegg til all aktivitet innan landbruk og fiske.

Det er fleire spanande sider for kommunen knytt til det å vera medlem i Fjordkystparken. Den kan skape ein felles identitet i dette området, som vi har vore på leit etter i lengre tid.

Ole André Klausen, ordførar i Askvoll

Fjaler kommune

ligg på sørsida av den vakre Dalsfjorden, og strekk seg frå høge dalføre og like ut til kysten. Kommunen har ei lang industri- og skulehistorie.

I nyare tid har kommunen utmerka seg med eit innovativt miljø innan IT. Folketalet er ca. 2.800 i denne kommunen.

Her finn ein regionen sin einaste vidaregåande skule, samt United World College som er eit internasjonalt gymnas med 200 elevar frå heile verda.

Fjaler er også kjent for å vere fødestaden til den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906 – 1967). Jakob Sande-senteret i Dale er både besøkssenter og nasjonalt senter for forteljekunst. Kommunen har eit rikt kulturliv, Nordisk Kunstnarsenter er lokalisert her, og kommunen har og ein eigen og populær Teaterfestival.

Kystkulturmiljøet rundt Jensbua kystkultursenter og kopien av den gamle tradisjonsbåten «Bakkejekta» er ein del av det du må oppleve om du reiser til Fjaler.

17
Kunsten å ramme inn eit landskap – landskapskunst på Bulandet, Askvoll. Foto: David Zadig. Levande kystkultur, Jensbua i Fjaler. Foto: Ove Losnegård.

Ein levande kystkultur for framtida

Felles for alle kommunane i Fjordkystparken er at kystkulturen er sterkt framtredande. Mange av partnarane i parken har tilknyting til fiskeri, skyssbåtverksemd, reiseliv og bygningsvern og dei evnar å samarbeide godt. Denne levande og autentiske kystkulturen er med på å gje tilreisande til regionen ekte og minneverdige opplevingar.

Skippartaket

I 2018 gjekk fem av medlemsverksemdene som driv med snekkeri, båt- og bygningsvern saman om ein årleg dugnad for å redde eit kystkulturminne. Dei ville gjere noko med at desse kulturskattane så lett vert gløymt og gjerne stemoderleg handsama og ønskte å sette fokus på kva verdi slike gamle bygningar og fartøy har for samfunnet og kystkulturen.

Verksemdene inngjekk ein partnarskapsavtale med parken om å samarbeide og dele erfaringar for å auka kompetansen og medvitet på dette fagfeltet. Fjordkystparken er ein pådrivar og koordinator for tiltaket.

Partnarane i «Skippertaket» er :

Nedre Jølster bilelag er mellom Noreg sine fremste på restaurering av gamle hus og freda bygningar, og får m.a. oppdrag frå Riksantikvaren å restaurere stavkyrkjer og andre kulturminne. Dei held kurs i vestlandsk byggeskikk og restaurering, og har dei siste ti åra vore instruktør for Arkitekt og Design Høyskolen i Oslo (AHO), med praktiske kurs i fullskalabygging med tradisjonskonstruksjonar.

Jensbua Kystkultursenter er eit bygningsvern- og kystkultursenter som gir råd og hjelp til restaurering av bygningar og båtar. Dei arrangerer kurs og samlingar om tradisjonshandverk og andre relevante tema. Jensbua har ein fast dugnadsgjeng som samlast kvar måndag for å halde ved like bygningar og båtar ved den autentiske og godt bevarte sjøbua i Fjaler.

Norsk Kystkulturakademi AS vart skipa i 2011 og har base i Solund. Kystkulturakademiet driv med bygningsvern og har ei snikkaravdeling med fire tilsette og ein lærling. Formidling og undervisning står sentralt. Dei underviser mellom anna Bergen Arkitekthøgskule i vestnorsk byggeskikk når dei kjem på sitt årlege feltkurs til Solund. I tillegg satsar dei på guiding og opplevingar og arrangerer årlege friluftskular og kurs i ulike fag knytt til kystfriluftsliv. I tillegg tilbyr dei konsulenttenester. Kystkulturakademiet var ein av initiativtakarane til parken og villsaulaget, og hadde prosjekteigar- og leiaransvar i etableringsfasane.

Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar har spesialisert seg på bygningsvern og tradisjonell båtbygging, og har om lag 30-års erfaring frå planlegging og ut-

18
Ein gong i året møtes partnare i parken til ein dugnad for å redde kystkulturminne. Foto: Trude Søilen.

føring av restaurering på gamle hus og andre kulturminne. Han har verkstad på «Jensbua», og tek oppdrag i heile regionen. Han utførar m.a. innreiingsarbeid i tre, og lagar tilstandsrapportar og planar for folk som ynskjer å setje i stand gamle bygningar eller båtar. Ove underviser òg om gamle byggjeteknikkar som t.d. grindbygg.

Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordande kjempar for at verdifulle kulturminne og kulturmiljø skal bli teke vare på for ettertida. Mange trur sikkert at kulturminne må vere svært gamle for å kategorisert som verdifulle. Slik er det ikkje. Fortidsminneforeningen tek hand om kulturminne frå alle tidsepokar, men har ein spesiell kjærleik for historiske bygg og bygningsmiljø. Dei er eigar av den staselege Lillingstonheimen, som mellom anna tilbyr overnatting i herskapelege omgivnadar.

Andre medlemer i Fjordkystparken

Fjordkystparken har ein del einskildpersonar som medlemar, mange med ei levande interesse for kystkultur og landskap. Det er også fleire partnarar som driv med gardsbruk, gjerne med gamalnorsk sau som går ute heile året. I tillegg til å beite kystlyngheia, produserer og sel gardsbruka kjøt, skinn, garn og horn. Partnarar innan gardsbruk er «Sørværet Villsau» i Værlandet, «Kystlandbruket» på Leknessund, Tangenes gard og Nils Chr. Bjørgo i Sandvik. Frode Kalgraff er ein lokalmatprodusent som veit å foredle produkt frå villsauen på tradisjonsrikt vis. Han er og villsaulaget si fagperson når julehøgtida står for døra, og villsauen skal på bordet etter alle kunstens reglar. «Leonards Forlaavelse», ein høgkvalitet småskala spisestad og gardsutsal ved Dalsfjorden tilbyr også lokalmat.

Fiskeri har alltid vore ein berebjelke i våre kystsamfunn. «Barstein AS» på Gåsvær og «Lending Rederi» frå Ytre Sula representerer den moderne fiskarbonden som skapar store verdiar for regionen i dag. «Vidar Hop Skyssbåter» og «Sulejet AS» er lokale skyssbåtaktørar i øyane. «Lillingstonheimen», «Værlandet Havhotell», «Solund leilighetshotell» og «Sognhostel» er og partnarar som tilbyr overnatting i parken.

Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule ligg i Fjaler kommune, og er den einaste vidaregåande skulen i parken sitt område. Det er i dag rundt 210 elevar og 45 tilsette ved skulen. Skulen tilbyr studiespesialiserande, bygg- og anleggsteknikk, helseog oppvekstfag, helsefagarbeidar, teknikk og industriell produksjon, industriteknologi og påbygging til generell studiekompetanse. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Skulen sin visjonen er «Vilje til visdom og vennskap»

19

UNITED WORLD COLLEGE RED CROSS NORDIC

vart opna av H.M. Dronning Sonja i 1995 og er ein utdanningsinstitusjon på vidaregåande nivå som tilbyr eit intensivt, toårig program for om lag 200 studentar frå meir enn 90 land.

UWC-rørsla arbeider for å bruke utdanninga som ei kraft for å sameine folk, nasjonar og kulturar for fred og ei berekraftig utvikling. Utdanninga på «UWC Røde Kors Nordisk» legg her spesielt vekt på humanitært arbeid, miljøvern og nordisk kultur. UWC er som eit vindauge ut mot verda og ønskjer å vere ein partnar som kan bidra til utvikling i det spanande skjeringsfeltet mellom det internasjonale og det lokale.

BERGEN ARKITEKTHØGSKOLE

Bergen Arkitekthøgskole (BAS) bygger på vestnorsk verna byggekultur som har utvikla seg i ein kontekst av eit særeige klima og landskap. Under studietida skal studentane oppleve og engasjere seg i dei ulike landskapsromma og busetnadsmønster i innlandet og langs kysten. Dette gjennom ei blanding av analyser, oppteikningar og praktisk arbeid med å byggje eller restaurere gamle naust og andre gamle bygningar.

Skulen har tverrfagleg samarbeid med fag som meteorologi, landskapsøkologi og byggehistorie. Dette er eit viktig element som ligg i kjerna av utdanninga. Skulen er samarbeidspartnar med parken i forskingsprosjektet «å vøla eit landskap» – kvar haust kjem førsteårs- studentane til Solund på feltkurts og bur i telt i ein heil månad for å bli kjende med landskapet og den lokale byggehistoria.

NORSK KVERNSTEINSENTER

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum midt i eit av dei største kvernsteinsbrota i Nord-Europa frå vikingtida og middelalderen. Museet viser ei anna side av historia som kanskje ikkje er like kjend: Vikingane som dyktige handtverkarar og handelsmenn. Steinen var gullet i Hyllestad. Steinhoggarar jobba i over hundre steinbrot, og hogde kvernstein etter kvernstein for så å verte frakta over heile Noreg, til Danmark, Sverige, Tyskland og øyane i Atlanteren. Kvernsteinsproduksjonen var heilt grunnleggande i Hyllestad på denne tida; utan kvernstein var det ingen mat.

20
Foto: Arne Osland. Foto: Ove Losnegård Foto: Espen Mills.

JAKOB SANDE – SENTER FOR FORTELJEKUNST

I tillegg til å vere senter for forteljekunst i Vestlandet er Jakob Sande-senteret i Dale også eit besøkssenter med aktivitetar som omvising, kafé- og kulturarrangement. «Jakob Sande – senter for forteljekunst» skal forske i og formidle Jakob Sande si dikting, nynorsk språk og kultur, og det skal vere ein stad som får fram mangfald av forteljingar og nye røyster.

Heimen til senteret er «Klokkargarden», men senteret vil stå bak aktivitetar i heile regionen i samspel med ulike organisasjonar og miljø, mellom anna med Fjordkysten regional- og geopark. Senteret har nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Målgruppa er barn og unge (i barnehage, skule, fritid), studentar, lærarar, forfattarar, særlege talent og folk frå alle miljø med ulik kulturell og fagleg bakgrunn.

LITLE FÆRØYNA KYSTKULTURLAG

Nordmenn som ikkje har fått med seg Roar Moe på Litle Færøyna har ikkje følgt godt nok med i timen. Du finn ein nærare presentasjon i NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dette er ein stad som er gjenskapt for at oppveksande generasjon skal kunne oppleve eit lite stykke Noreg og eit kystliv slik det framstod før motorisert ferdsel gjorde sitt inntog langs kysten. Dette er ein restaurert husmannsplass på ei øy med eitt hus og éin fast innbyggjar, som lidenskapleg ynskjer å formidle eit stykke norsk kystkultur på sitt beste. Både staden og denne personen kan du sjølv møte om du vel å ta Postbåten (øyhoppinga) i Solund.

SUNNFJORD GEO CENTER

Sunnfjord Geo Center (SGC) har sitt hovudsete i Stongfjorden og er eit konsulentselskap innan geofarevurdering og formidling innan geologi. SGC er eit senter av kunnskap om korleis fjell, lausmassar, vatn og snø har oppførd seg og vil oppføre seg i framtida. I eit globalt klima som endrar seg er dei budd på stadig nye faglege utfordringar.

SGC har ein visjon om at alle kan oppnå å leve i eit trygt miljø og på lag med naturen. Det daglege arbeidet er å bidra til denne tryggleiken gjennom kunnskap og erfaring. Geologane og geoteknikarane i Sunnfjord Geo Center er høgt utdanna og dedikerte, med ei jordnær, men profesjonell tilnærming til oppdraga.

21
Foto: Sunnfjord Geo Center. Foto: Jakob Sandesenter for forteljekunst.

TEATERFESTIVALEN I FJALER

Kvart år i september går den populære teaterfestivalen i Fjaler av stabelen. Festivalen har eit nasjonalt nedslagsfelt og er kjent for å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Naturen og landskapet speler ei viktig rolle i programmeringa, der ein legg vekt på å skape ei unik ramme rundt kvart enkelt prosjekt. På Teaterfestivalen i Fjaler vil du oppleve engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, i tillegg til konsertar, debattar, foredrag og gode møter.

VISIT FJORDKYSTEN OG SUNNFJORD

Visit FjordKysten og Sunnfjord er destinasjonsselskapet med ansvar for reisemålsutvikling og marknadsføring av regionen. Dei arbeider for å utvikle berekraftige natur- og kulturopplevingar i lokalsamfunna heile året. Dette skjer i tett samarbeid med medlemer som leverer opplevingar, transport, mat og overnatting. «FjordKysten og Sunnfjord» er derfor ein svært sentral og viktig partnar som parken samarbeider tett med. Deira daglege leiar er mellom anna representert i parken sitt styre. Aktørar som er medlem i både parken og destinasjonselskapet får rabatt på kontingenten hos Visit FjordKysten og Sunnfjord.

GULATINGET

Gulatinget- møtestad for lov og rett: Gulatinget er eit av dei eldste regionale tinga frå vikingtida. Her møttest alle frie våpenføre menn frå heile vestkysten i direkte forhandlingar med konge og kyrkjemakt. Dei vedtok lover, dømde i saker, og diskuterte politikk. Tinget gav oss Gulatingsloven, som er den eldste bevarte lovsamlinga i Norden. I dag står Tusenårsstaden til minne om Gulatinget i flotte omgjevnadar 4 kilometer utanfor Eivindvik i Gulen kommune.

22
Foto: David Zadig. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

LOSNASPELET

Fanst det riddarar i Noreg? Var det ikkje berre på Frankrike og Englands grøne enger mellom veldige gamle eiketre at dei edle menn kjempa til hest, væpna med rustning og lanse, om fagre møyars gunst? Kanskje det er vanskeleg å sjå for seg, men gjekk føre seg riddarturneringar på forblåsne svaberg i Solund. Losnaspelet tek utgangspunkt i historiske hendingar på slutten av 13-hundretalet. Hendingane er bygd opp rundt Herr Eindride Erlendsson og ætta han høyrde til – Losnaætta. Han var riddar og riksråd, fehirde og styresmann på Akershus og Tunsberghus. For dronning Margrete var han ein stor støttespelar. I 1397 var han var med på kongekroninga i Kalmar . I Sogespelet «Herr Eindride til Losna» av Rolf Losnegård er den sentrale delen i Losnaspelet som setjast opp. Dette skjer annakvar sommar på Losna.

FJORDANE FRILUFTSRÅD

Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon starta opp i 2017. Det er seks medlemskommunar i friluftsrådet; Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn. Hovudkontoret ligg på Hardbakke Brygge i Solund. Fjordane Friluftsråd arbeider hovudsakeleg med planlegging, gjennomføring, organisering og førebyggande arbeid opp imot marin forsøpling. Vil også samarbeide med offentlege og private aktørar, for å bidra med tilrettelegging for lågterskel friluftsliv.

SUNNFJORD UTVIKLING

Sunnfjord Utvikling AS sitt føremål er å bidra til utvikling i Sunnfjord kommune, mellom anna ved å hjelpe nye etablerarar, og leggje til rette for at eksisterande næringsliv kan utvikle seg vidare og eventuelt skape ny aktivitet. Sunnfjord Utvikling har som mål å vere ein tilretteleggjar med god oversikt over kva som skjer i heile område på tvers av kommunegrensene. Selskapet er eigd av Sunnfjord kommune samt næringslivet i området.

23
Foto:
www.losnaspelet.no. Foto: Dagmara Wojtanowicz. Foto: sunnfjordutvikling.no.

NOKRE OPPLEVINGAR

I FJORDKYSTPARKEN

ØYHOPPING MED POSTBÅTEN

Bli med på den lokale postruta til Solund, Bulandet og Værlandet, ein tur i dei vestlegaste øyane i Noreg. Her kjem du tett på den unike naturen og kvardagen til menneska som bur i havgapet. Solund kommune har over 1700 øyar, holmar og skjer. Den lokale postbåten tilbyr ein guida tur blant desse øyane kor det er sannsynleg å oppleve havørn, sel og kanskje ein oter som er vanlege i dette området. Båten tar eit stopp ved den historiske handelsstaden Gåsvær, ei lita øy langt ute på havet. Anne Marie – ein lokal bonde, politikar og tursitvert, tek imot reisande med kaffi, pannekaker og historier, før dei reiser vidare til Bulandet i Askvoll kommune.

BESØK KVERNSTEINSPARKEN

Bestill ei omvising i det gamle steinbrotlandskapet og opplev ei litt anna historie om viking- og middelalderverda, prega av dyktige handtverkarar, handelsmenn og tolmodige kvinner som heldt den roterande kverna i gang. I tillegg til omsyning vil alle bli inviterte til å prøve den roterande handkverna, lære om mattradisjonar for tusen år sidan og bake brød over bålet.

ALT LYS PÅ SOLUND (ALPS)

Lysfestivalen er lokalisert til Solund og har etablert seg som eit fast og populært arrangement i slutten av november. Skule og barnehage deltek med sine verk og installasjonar, og det årlege tema for festivalen nyttast som utgangspunkt i undervisning. Festivalen skal være ein arena for kunst og oppleving.

BLI MED BAKKEJEKTA PÅ SKUMRINGSTUR I DALSFJORDEN

Bakkejekta er ein kopi av Norges eldste bevarte trebåt, frå omlag 1750. Om sommaren kan du bli med på skumringstur på den vakre Dalsfjorden. Båten er bygd med hogde bord og er rigga slik vikingskipa var for tusen år sida. Bakkejekta er den einaste som er igjen av dei hundrevis av jekter som har vore i Sunnfjord, og truleg den eldste båten i landet utanom vikingskipa.

24
Bakkejekta på tur langs Dalsfjorden. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Frå Lysfestivalen «Alt lys på Solund». Foto: Gry Buer.

OMVISING PÅ TUSENÅRSSTADEN GULATINGET

Bli med på guidet vandring i vikingenes fotspor! Tusenårsstaden er open for publikum heile året, og tilbyr guida omvisning og lunch for grupper etter avtale. Omvisningane på Tusenårsstaden Gulatinget gjev ei innføring i historia knytt til Gulatinget, Gulatingslova og Leidangen, samt kunstverka til kunstnaren Bård Breivik.

FJELLTUR OG VANDRING

Nyt utsikta over eit mylder av øyar, høge fjell og langstrakte fjordar. Her finn du eit variert vandretilbod, frå spektakulære toppturar som Lihesten, Alden, Blegja og Pollatinden, til fotturar i lett terreng. Det er og dagsturhyttar i alle kommunane med merka stiar som gjer det enkelt å finne fram.

GUIDA PADLETUR

Få ein smak av saltet og den autentiske kystkulturen i den vestlegaste delen av Noreg og det magiske området der den mektige Sognefjorden munnar ut og møter den røffe Nordsjøen.

Ein kajakktur er den beste måten å utforske landskapet i Solund på, der ein følger spora til tusenvis av fiskarkvinner og –menn som alltid har nytta sjøen som hovudveg. Guidane frå Sognefjord Active stiller med alt utstyr. Det er ikkje nødvendig med førehandserfaring. I løpet av denne turen vil du lære om lokal historie, geologi og dyreliv, og få sjå nokre typiske døme på den rike kystkulturen i området. Sognefjord Active har og kajakk-kurs og utleige.

SYKLE PÅ VÆRLANDET OG BULANDET

Tek du ferga frå Askvoll, kjem du til Værlandet fergekai. Mellom Værlandet og

Bulandet ligg ein perlerad av bruer over dei tronge sunda med storslått utsikt over øyer og hav. Sykkel er det perfekte framkomstmiddelet for å dra på oppdagingsferd i dette mangfaldige landskapet. Bulandet vert kalla Nordens Venezia, med etter sigande 366 små øyer, holmar og skjær, tronge sund og idylliske viker. Ettersom øyane er bundne saman med bruer, kan du sykle den knappe mila frå Værlandet til Bulandet på ca ein time, med mogelegheiter for spanande avstikkarar. Vegen vart tildelt «Vakre veiers pris 2006».

25
Padling ved Norges vestlegaste punkt, Utvær fyr i Solund. Foto: Magnus R. Furset/Kayak The Fjords/ Fjord Norge.

TYPISK PARKARBEID

• Dugnad på Losna – Hausten 2021 besøkte vi partnaren vår Losnaspelet på Losna. Her fekk vi omsyning i nokre kvernsteinsbrot som ikkje har vore registrert av fylkeskommunen. Parken søkte og fekk midlar til å involvere skuleelevar i ein dugnad for å avdekke og registrere funnet, slik at det kunne synast fram for publikum under Losnaspelet i 2022.

• Samarbeid mellom Dale vidaregåande skule og lokale verksemder.

• Regionen vår har mykje kompetanse på gamle bygningar og tradisjonshandverk, og nokon av partnarane som driv med bygningsvern ynskjer å etablere eit bygningssenter i Fjaler (Jensbua/Dale). Dei har saman med Fjordkystparken teke initiativ til eit samarbeid med Dale Vidaregåande skule for å etablere eit tilbod til studentane om bygningsvern og restaurering som tema på tømrarlina. Det er satt opp bygningsverndagar mellom anna på Lillingstonheimen, der deltakarane får lære ulike handverksteknikkar.

• Erasmus+ program for tverrsektorielt samarbeid

Det er oppretta samarbeid med ein venskapspark i Frankrike om tradisjonshandverk, og Fjordkystparken har fått midlar til å delta i eit Erasmus+ program for å byggje kompetanse og nettverk innan tradisjonshandverk, materialbruk og bygningsvern. Ein gruppe med deltakarar frå Dale Vidaregåande skule, Fjaler Kommune og dei ulike bygningsvernaktørane i parken skal på studietur til Parc naturel régional de Brière i Frankrike. Planen er å etablere eit utvekslingstilbod mellom skular i dei to parkane. Her ligg det mange moglegheiter for brei verdiskaping.

• Guidekurs i interpretasjon. I samarbeid med paraplyorganisasjonen for parkane; Norske parker og Interpret Europe vil vi halde guidekurs, og mellom anna vere vertskap for Europas første interpretkurs for geo-guiding. Formidlingsmetoden vi nyttar i parken heiter interpretasjon. Med denne metoden vil du kunne:

· Auke medvitet kring formidling og betre dine ferdigheiter som guide eller formidlingsplanlegger.

· Aktivt nytte tema knytt til natur- og kulturfenomen og setje dei besøkande i direkte kontakt med sitt nærområde.

· Skape engasjement hos gjestene og relatere opplevinga til deira eigen kunnskap, erfaring og verdiar.

• Fjordkystparken rundt – i 2021 vart det skreddarsydd ein «test-parktur» for ei gruppe turistar som reiste frå partnar til partnar i heile parkområdet. Desse hadde ingen tilknyting til området frå før, men var ute etter naturopplevingar, lokal kultur, lokalmat og hadde lyst å møte lokalbefolkninga.

Rundturen starta på sykkel og i kajakk i Solund, og deltakarane fekk mellom anna vere med på villsausafari med «Hardbakke Villsaulag». Etter eit par dagar vart dei sende på øyhopping med Postbåten til Bulandet og Værlandet, der nye opplevingar venta på sykkelen. Så drog dei vidare med ferga til Askvoll for lunsj og litt handling før dei heldt fram til Fjaler og Jakob Sande-senteret. Dei overnatta på «Lillingstonheimen» og vart varta opp med fantastisk mat på «Leonards Forlaavelse». På UWC leigde dei kajakkar og padla på ei av verdas vakreste fjordarmar, før dei fortsette til Hyllestad på den gamle postvegen til Kvernsteinsenteret.

Vi fekk strålande tilbakemeldingar på dette konseptet og trur dette har eit stort potensiale. Dersom du har lyst å vere ein del av ein slik opplevingspakke, er det berre å ta kontakt!

26
På Leonards Forlaavelse fekk dei servert lokal mat og gode smaker. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

KVIFOR BLI MEDLEM

ELLER PARTNAR?

• Du vil bli med i eit nettverk av forskjellege typar aktørar, og kanskje er nokre av desse din framtidige samarbeidspartnar? Parken hjelper partnarane å kome i kontakt med dei rette instansane og inviterer til dialog mellom ulike nivå på tvers av ideelle og kommersielle interesser. Parken planlegg å opne fleire forum, mellom anna eit landbruksfora der bønder kan samlast og dele kunnskap, etablere ulike samarbeid og vere ein rådgivande instans til parken. Andre planlagde forum er havbruksforum, friluftslivforum og kulturforum.

• Partnarane er grunnmuren i parken. Vi gjev gratis merksemd på heimesida vår og elles på sosiale media om det er arrangement eller andre ting ein ynskjer vi skal vere med å marknadsføre.

• Parken vil kunne bidra til å setje i gong ulike prosjekt basert på lokale initiativ og søke prosjektmidlar, kople saman ulike aktørar og elles bidra til å mobilisere og forankre.

• Du vil kunne få eit kvalitetsstempel på di verksemd og vere med på å bygge opp merkevara knytt til regionen vår. Vi skal søke om å få UNESCO-status i 2024, og dersom vi vert godkjend som ein UNESCO global geopark, vil vi få bruke verda sitt fremste kvalitetsstempel for destinasjonsmål.

• Parken vil trekke fleire besøkande til regionen. Er du ei næringsverksemd som er avhengig av sal vil du kunne nyte godt av at parken promoterar området og sender besøkande til deg. Vi vil sette regionen på kartet og marknadsføre kvalitetane våre. Forsking viser at den europeiske turisten har park høgt oppe på ønskelista i ferien sin, og at dei skil lite mellom nasjonalparkar og regional/geoparkar når dei vel reisemål.

• Vi set regionen på det internasjonale park-kartet.

• Du vil vere med på å skape meirverdi i lokalsamfunnet.

• Medlemsfordel: Dersom du er medlem i både Fjordkysten regional- og geopark og Visit FjordKysten og Sunnfjord får du rabatt på kontingenten.

PARTNARPARTNARAR

PR. 1. 1. 2023

KOMMUNAR:

Askvoll kommune

Fjaler Kommune

Hyllestad kommune

Solund kommune

Visit Fjordkysten og Sunnfjord AS

Fjordane Friluftsråd

Sunnfjord Utvikling AS

Sunnfjord Geo Center AS

SKULER/ MUSEER /FORMIDLING:

Dale Vidaregåande skule

UWC Red Cross Nordic

Bergen Arkitekthøgskole BAS

Jakob Sande senteret

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gulatinget

Litle Færøyna Kystkulturlag

TEATER, FESTIVAL OG SPEL:

Teaterfestivalen i Fjaler

Losnaspelet

ALPS – Solund lyskunstfestival

OVERNATTING:

Værlandet Havhotell AS

Sognhostel AS

Bauge og Bahus AS

Solund Eiendom AS

SKYSSBÅTREDERIER:

Sulejet as

Vidar Hop Skyssbåter AS

Fiskebåtrederier:

Barstein AS

Lending rederi AS

FISKEBÅTREDERIER:

Barstein AS

Lending rederi AS

SNEKKERI OG BYGNINGSVERN:

Nedre Jølster Bilelag AS

Norsk Kystkulturakademi AS

Jensbua Kystkultursenter

Ove Losnegård Snikkar & Båtbyggjar

Lillingstonheimen /Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordane

Vener av Nilsbua

GÅRDSBRUK:

Kystlandbruket.no Kalle Helgesen

Tangenes Gård

Hardbakke Villsaulag SA

Lending Gard AS

Nils Chr. Bjørgo

VELFORENINGER:

Førdefjorden Vel

Holmedal Vel

Stongfjorden Vel

Atløy Vel

ANDRE:

Solund Sendebrettlaug

MAT/FOREDLING:

Undertun Laaveri

Leonards forlaavelse

Frode Kalgraf

Solund Kreativ AS

I tillegg er det ca 20

privatpersonar som er medlem.

27

Dette er et kinderegg! Vi skjøtter og tar vare på landskapet, samtidig som det blir produsert bærekraftig mat på marginale utmarksressurser. Initiativet skaper på samme tid en møteplass og pedagogisk arena for kunnskapsoverføring. I tillegg kommer aspektene med folkehelse og integrering. Medvirkning og eierskap til våre gamle tradisjoner bygger identitet og stolthet. Og det betyr jo at her er det faktisk flere kinderegg!»

KONTAKT

Trude J. Søilen, Dagleg leiar i FjordKysten regional- og geopark

E-post: post@fjordkystparken.no • Tlf.: +47 481 05 774

Trude J. Søilen, Dagleg leiar i FjordKysten regional- og geopark
A til Å www.atilaa.no
-
Foto: David Zadig.
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.