Laks i FLORA og KINN

Page 1

Foto: Jan Arne Holm

SLAKTERIET I FLORØ:

MARØ HAVBRUK:

Har slakta laks i 30 år

Satsar på berekraft og lokalsamfunn

SIDE 8

SIDE 14

SVANØY HAVBRUK:

ENIVEST:

Rogn til avl og konsum

Fiber og fiskevelferd

SIDE 20

SIDE 22

Laksens dag i Florø 3. helga i juni

– eit magasin frå A til Å med fokus på at oppdrettsnæringa betyr mykje for kysten, Florø og Kinn www.laksiflora.no

1


LEIAR

Vi trur på dei som vil skape noko, dei som bygger næringsliv og dei som bygger i lag. Vi trur på kysten! FLORA ER LAKSEHOVUDSTADEN i Sogn og Fjordane, fordi vi har naturgrunnlaget og dei rette folka på rett plass. På mange måtar er silda grunnlaget for laksenæringa. Då silda tok slutt og ting endra seg måtte vi finne nye næringar. Folk på kysten snur seg rundt og skapar nye verdiar. Ved sidan av oljebasen og verftet er fiskeri og havbruk dei viktigaste næringane i kystkommunen. Ewos ruvar bokstaveleg talt som eit fyrtårn i bransjen, med verdas mest avanserte fôrfabrikk. Oppdrettarar, eksportselskap og slakteri skapar store ringverknader. KOMMUNEN HAR I DAG rundt 12 000 innbyggarar. 550 – 600 årsverk er knytt til sjømatnæringa – mest til havbruk – noko som tilsvarar 32 000 årsverk i Oslo. Sjømatnæringa finn vi først og fremst i distrikta, og det betyr svært mykje for mange samfunn – ikkje minst for øyane våre. Samtidig betyr det store verdiar for storsamfunnet. Det er viktig for oss på kysten å framsnakka næringslivet vårt. Difor seier vi at Laks er viktig for kysten, Flora og Kinn. BLÅTT TAKTSKIFTE er namnet på Sjømat

“Alle som er knytte til havbruk er opptekne av lokalsamfunna sine og gir mykje tilbake til samfunnet” Norge sin strategi for å doble sjømatnæringa innan 2030. Næringa jobbar målretta for at veksten skal vere berekraftig ved å løyse utfordringane knytt til lus, rømming, fôr og dyrevelferd. Sjømat er den nest største eksportnæringa her i landet, etter olje og gass, og produserer mat med eit lite CO2-avtrykk. I Florø starta denne eksportnæringa med Skaarfish, og mange flinke fiskeseljarar gjekk i ein god skule der. HAVBRUKSNÆRINGA tenkjer nytt og er oppteken av miljø. Oppdrettarane i Flora elektrifiserer anlegga sine, driv lusekamp utan medisin, samarbeider om store ar-

beidsoppgåver og jamvel ein elektrisk hurtigbåt er under bygging. ALLE SOM ER KNYTTE TIL HAVBRUK er opptekne av lokalsamfunna sine og gir mykje tilbake til samfunnet, gjennom engasjement, direkte pengestøtte og ikkje minst ved å bruke lokale leverandørar og å handle lokalt. Sjå berre på Førdefjorden – her omset oppdrettsselskapa for ein milliard kroner og betaler bedriftsskatt for å halde skular og barnehagar i live, engasjerer seg i kultur og handlar på nærbutikken. ALLE NÆRINGAR HAR PIONERAR, og i Flora har vi mange. Vi vil spesielt nemne ein; nemleg Erling Karstensen frå Batalden, som starta opp i 1971 og ikkje visste kva dette skulle bety for landet og etterkommarane. Han starta med oppdrett fordi han mista ein annan jobb, og han er «oppfinnaren» bak bruken av reinsefisk. Slik er folk på kysten. Vi snur oss rundt og grip neste muligheit. I dag er det tredje generasjon Karstensen som er glødande interessert i fiskevelferd og i å produsere mat på ein miljømessig god måte – i fotspora til bestefaren.

Kos deg med magasinet – lokalt laga i Florø Utgjevar: A til Å Grafisk Design og Media i samarbeid med Havbruksnæringa i Flora www.atilaa.no - Strandgata 17, 6900 Florø - Tlf. 57 75 29 00

Anita Øygard

Malvin Horne

Vi utfører alle typer elektroinstallasjoner BOLIG - NÆRINGSBYGG - INDUSTRI SKIP - HAVBRUK - INTERNKONTROLL

SØNNICO ELEKTRO AS Evja Senter Florø - Tlf. 57 75 14 50 sonnico.flora@sonnico.no - www.sonnico.no 2

LAKS I FLORA


Foto: EWOS

SOLVEIG WILLIS

Laksen den nye silda for Flora Florø er tradisjonelt ein sildeby, bygd opp under det rike sildefisket på Vestlandet på midten av 1800-talet. Framleis blir mykje pelagisk fisk landa her for bearbeiding og eksport, men i dag er det laksen som er blitt den nye silda for Flora og for regionen. Flora er rekna som laksehovudstaden i Sogn og Fjordane, med mykje oppdrett i sjø og på land, men og med mange havbruksaktørar i leverandør og tenesteytande næring. Statistikk og utrekningar syner at Flora kommune har ei verdiskaping frå oppdrett på meir enn 1 milliard kroner pr. år og 550-600 årsverk. Dette ville svart til 32 000 årsverk i Oslo - om ein ser det opp mot tal innbyggarar. Største matprodusenten Visste du at vi i Sogn og Fjordane produserer over 500 millionar laksemåltid kvart år? Laks er eit fantastisk råstoff, som er enkel å lage til, lett tilgjengeleg i butikkane og full av sunne omega 3 feittsyrer. Oppdrettsnæringa i Flora og i Sogn og Fjordane er svært viktige matprodusentar, og den største matprodusenten vi har i fylket og kommunen. Laksens Dag Nest siste helga i juni kvart år, går arrangementet Laksens Dag av stabelen under Himmel og Hav Kystfestival i Florø. www.laksiflora.no

Laksens Dag på laurdagen er eit folkeleg arrangement der heile familien skal kose seg i Strandgata og på kaiane, med konsertar, mykje liv og røre. Her får ein treffe laksenæringa og smake på deira produkt. Fredagen er det lakseseminar med interessante foredrag for dei som ønskjer å oppdatere seg på det siste om næringa. Laksens Dag er eit arrangement som er sponsa av oppdrettarar og leverandørar - ikkje berre frå heile fylket - men og frå heile landet. Solveig Willis Solveig Willis, frå Florø, jobbar i Pixelwerk AS, ein av mange leverandørar til havbruksnæringa nasjonalt. Solveig har vore leiar for Laksens Dag-arrangementet dei siste 5 åra, og vore med i arrangementskomiteen sidan Laksens Dag starta opp i 2011. Solveig starta si oppdrettskarriere på Svanøy på slutten av 80 talet, som røktar / praktikant på Svanøy Havbruk, og har jobba i næringa sidan. 3


Tank Design Tromsø • Foto: Tommy Andresen • © Norges sjømatråd

Hvis du liker sushi, kan denne retten fort bli en ny favoritt. Det beste med poke er smaken – en perfekt kombinasjon av fisk, ris og friske grønnsaker. Finn oppskriften på 3iuka.no og smak selv! 4

LAKS I FLORA


DELOITTE

Havbruk i Kinn Havbruksnæringa speler ei sentral rolle i næringslivet i Kinn kommune. Kinn kan skilte med eit breitt spekter av lokale, nasjonale og internasjonale aktørar i heile næringskjeda, frå produksjon av rogn til marknad. I tilknyting til havbruksnæringa er det òg ei rekke leverandørbedrifter. Dette samspele av verksemder gir eit rikt næringsliv med svært mangfaldig kompetansebehov. Vi i Deloitte er opptekne av å bidra positivt i utviklinga av næringa. I vår kvardag er vi så privilegerte å få arbeide med mange av havbruksverksemdene i kommunen vår. Slik får vi eit unikt innblikk i deira utfordringar og moglegheiter for kvar verksemd åleine, men og på tvers i næringa. Med stort mangfald av bedrifter i og rundt næringa innan same arbeidsregion, er Kinn i ein særskilt situasjon. På Måløy vidaregåande skule har vi akvakulturlinja med eiga opplæringskonsesjon, som sikrar fagarbeidarar innan havbruk. Frå Fanøya i vest, til Barlindbotten i aust finn vi anlegg for produksjon av rognkjeks, berggylte, torsk, laks og ørret. Anlegga er både på land og i sjø, og kvar og ein sort krev spesialkompetanse for å sikre optimal trivsel og vekst. Midt i Florø har vi bedrifter som foredlar og eksporterer fisk og som produserer råvarer til næringa, tilsvarande i Måløy. Rundt denne næringa har ein ei rekkje teneste- og utstyrsleverandørar. På Svanøy foredlar dei den lokalproduserte fisken til eit produkt i verdsklasse. Lista over aktørar i og rundt denne næringa er lang. Dette mangfaldet av bedrifter i havbruksnæringa bidreg positivt til Kinn i form av arbeidsplassar, kompetanse og inntekter. Næringa tilset menneske innan ei rekkje fagfelt som teknologi, it, røkting, skipføring, elektro, rør, mekanikk, økonomi, leiing, jus, biologi, regulatoriske forhold, sal og marknad. Slik er næringa med på å gjere Kinn til

Hans Jørgen Kirkeeide Partner | Audit & Assurance | Deloitte AS

ein attraktiv stad å bu og arbeide for menneske med ulik bakgrunn. Ved å gjere dette betre kjent kan Kinn bidra til å tiltrekkje seg innbyggjarar og leggje til rette for vekst og nye arbeidsplasser innan næringa. Dei fleste bedriftene i havbruksnæringa i Kinn er lokalt eigde. Lokal eigarskap tryggjar lokale arbeidsplassar, lokale investeringar og sikrar at beslutningar blir fatta lokalt. Samstundes er det krevjande for våre lokale bedrifter å rekruttere same kompetanse på alle postar som deira globale konkurrentar. Næringa har sett potensiale i samhandling på tvers av tradisjonelle konstellasjonar. Ved å sjå sine konkurrentar, leverandørar, kundar og lokale premissgivarar som potensielle samarbeidspartnarar har ein opna opp for nye moglegheiter. Verksemda Salmon Group har tatt ei leiande rolle for auka samarbeid og kompetansedeling innan næringa. Eit anna eksempel på samarbeid på tvers av næringa er Godfisken. I Godfisken har fleire lokale oppdrettarar gått saman om å investere i ny teknologi for behandling av lakselus og nå nylig investert i eigen bløggebåt som skal driftast lokalt. Vi ser at ein med felles investeringar i ny teknologi kan redusere risiko og kapitalbyrde for den enkelte aktøren. Ved å bidra til etablering av møteplassar og vere ein aktiv bidragsytar og deltakar i felles aktivitetar i næringa, som for eksempel Laksens dag, kan Kinn bidra til auka sam-

Maria Blom Senior | Audit & Assurance | Deloitte AS

handling og styrking av havbruksnæringa i Kinn. Havbruksnæringa er ei stor og viktig næring i Kinn, næringa er attraktiv med høg verdiskaping og stort mangfald av arbeidsplassar for både kvinner og menn. At næringa er attraktiv betyr at våre lokale aktørar og Kinn konkurrerer med aktørar og andre kommunar om den same kompetansen og ønsker å gjere dei same investeringane for å skape produksjonsveksten som marknaden etterspør. Vi har ovanfor peika på to område der Kinn aktivt kan bidra til de utfordringane som havbruksnæringa står ovanfor. Vi har stor tro på aktørane i havbruksnæringa og Kinn kommune.

JERNVARE - VERKTØY - MASKINER - VERKSTED

Spør Malvin & Co ALT TIL PROFESJONELLE OG PRIVATE

PROFFPARTNER FLORØ Evjegata, 6900 Florø - Tlf. 57 74 15 40 salg@ppfloro.no - www.proffpartner.no www.laksiflora.no

5


INC GRUPPEN

Vi står klare for havbruksnæringa Vi har gode referansar på å finne løysingar for havbruksnæringa, enten det gjeld vedlikehald av fiskebåtar eller utstyr som brukast i samband med fiskeri og oppdrett. Norsk Contracting Partner (NCP) er ein korrosjonsentreprenør som utfører alle typar korrosjonstekniske oppgåver frå sandblåsing til sprøytemaling. Selskapet har nettopp avslutta eit omfattende arbeid med innvendig arbeid på Ramford Vanguard for PGS. Vidare har NCP fått i oppdrag av Marine Harvest å male 6 betong-kar innvendig. Til dette treng dei malingssystem som er godkjend for næringsmidlar. Elektro, rør og mekanisk vedlikehald NBN Elektro er alltid tilgjengeleg via vaktnummeret 57 75 28 00. NBN elektro har erfaring med prosjektering og utføring av alle typar elektriske installasjonar. I tillegg leverer og utfører dei service på varmepumper og ventilasjon. WIS VVS er eit av dei nyaste selskapa i INC Gruppen. Dei er etablert på Fjord Base og leverer komplette kvalitetstenester innen sanitær-, vatn- og avløpsanlegg. I tillegg har selskapet kvalifisert personell for sveising, rørlegging og montering i PE-plast.

miljøprøver. Prøvene kjem frå blant anna fôrproduksjon, slakteri, oppdrettarar og fiskemottak. I vår flytter dei inn i nye, større lokaler som gir meir kapasitet og dagleg leiar Quynh Le ønsker nye kundar velkommen. Landbasert oppdrett av laks Havlandet Marin Yngel (HMY) har arbeida med oppdrett på land sidan 2002. Gjennom 17 år med oppdrett av torsk og seinare berggylte, har selskapet opparbeida seg solid kompetanse. Med denne erfaringa skal vi no sette i gang med landbasert oppdrett av laks slik at vi også i framtida vil ha fokus på fisk. Det nye selskapet Havlandet RAS pilot skal bygge eit pilotanlegg for landbasert oppdrett av laks i lukka anlegg. I piloten skal vi ta opp 200 tonn med laks til 5 kilo kvart år. Laksen kan dermed gå direkte til slakteriet utan eit mellomstopp på havet der dei blir utsett for lus og andre farar. Anlegget skal baserast på siste tilgjengelege RAS-tekno-

logi, og vil ha sterkt fokus på miljø og fiskehelse. Innovasjon Norge, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane er med som finansielle støttespelarar. Framtidas arbeidsplass Om vi lykkast er neste steg å bygge eit fullskala landbasert oppdrettsanlegg for 10.000 tonn matfisk med laks. Prosjektet vil vere med å sikre at INC Gruppen blir ein relevant arbeidsplass også i framtida.

West Industri Service (WIS) leverer røyrlegging, sveising og mekanisk vedlikehald. Som spesialistar på stål- og aluminiumskonstruksjonar står dei klare til å hjelpe deg med alle utfordringar. Dei kan også levere pumper, ventilar, hydraulikk-slangar, røyr og koplingar. WIS held til på Botnastranda med tilkomst til ei 60 meter lang kai. Der har dei kontor og verkstad med to avdelingar; ein for arbeid med rustfritt stål, og ein for karbonstål. Dei ønsker fiskeriflåten velkommen til kai. Kjemiske analyser Havlandet Forskningslaboratorium (HFL) utfører kjemiske analyser på ferdig fiskefôr, legemiddel og råvarer som inngår i fiskefôr, samt laks og ørret. Det blir også utført fysiske analyser på fiskefôr og råvarer. Dei mikrobiologiske analysane utførast på fôr, råvarer, fisk, næringsmidlar, vatn og 6

De ansatte ved Havlandet Forskningslaboratorium er klare for å bidra med kjemiske og fysiske analyser. LAKS I FLORA


Gjengen ved Havlandet Marin Yngel har drive med oppdrett i 17 år, og har mykje god kompetanse! Foto Karen Nilsen

Vi ønsker også å bygge ein hydrogenfabrikk som kan vere med å møte det grøne skiftet. Varme og oksygen er avfallsstoffa i hydrogenproduksjon, men det er også innsatsfaktorar i landbasert oppdrett. Dermed kan varme og oksygen som frigjerast ved produksjon av hydrogen, overførast til oppdrettsanlegget. Vi planlegg også å produsere biogass av avfallet som vi får frå fiskane. Hydrogen som blir produsert kan eksempelvis brukast til å drifte ein hydrogenbåt mellom Florø og Måløy. Den kan med tida også nyttast til basetransport via truck og vogntog. Dermed sikrar vi at vi held på tittelen som Norges grønaste forsyningsbase. ***

Fra venstre: Arne Jan Kleiven (WIS), Trond Book og Kristian Hovland (NBN Elektro) og Bjørn Inge Igland (WIS VVS) står klare til å møte deg på kaia. Foto: Beate Grønnevik

Framtidsplanane til INC Gruppen inneheld oppdrett på land, og selskapet Havlandet RAS Pilot går snart i gang med oppdrett av laks. Illustrasjon: NagellD www.laksiflora.no

Botnaneset, 6900 Florø Telefon sentralbord 57 75 18 00 resepsjon@incgruppen.no www.incgruppen.no 7


SLAKTERIET AS

Har slakta laks i 30 år Slakteriet i Florø lever i beste velgåande etter 30 år – på trass av mørke spådommar. 6. mars 2019 var jubileumsdagen, og det var stort, fortel dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen. Det er mange som har vore med nesten heilt frå starten av – og det er takka vere flinke tilsette at vi framleis er her i dag. Tidlegare var det mange små slakteri rundt om i distrikta, men dette tok slutt for 15 – 20 år sidan. Det var omtrent på den tida Slakteriet vart redda av dei tilsette. Då det i 2005 såg ut til å bli slutt på slakting i Florø fekk Ole Eilertsen med seg dei tilsette og overtok bedrifta. Det vart dømt nord og ned, og då er det ekstra stas å kunne feire 30 års-jubileum. I 2006 blei Slakteriet i Brekke oppkjøpt og vart ein del av oss. Rivande utvikling Etter eigarskifte i 2005 har det stort sett gått oppover for Slakteriet. Vi har klart OK resultat, slik at vi ha hatt rom for utvikle oss og følge med på utviklinga. Det er store krav til oss som skal produsere trygg mat, og fokuset på fiskevelferd, hygiene og kvalitet er mykje større enn tidlegare. Det er framleis eit handverk vi balar med, men samtidig har teknologien og effektiviteten endra seg mykje. Kristin fortel at då slakteriet starta i

1989 tok dei unna 20 tonn laks per dag. I dag - 30 år etter klarer dei 16-17 tonn per time – med færre personar i arbeid. JA bedrift Vi er ei servicebedrift og vil gjerne hjelpe alle med ei god slakteplan. I utgangspunktet seier vi ja til alle, og så finn vi ei løysing etterkvart. Leverandørane våre er langsiktige og tru mot oss, og vi er opptatt av å vere fleksible og strekkjer oss langt – og ønskjer sjølvsagt at flest mogleg av oppdrettarane skal slakte fisken sin lokalt. Det er eit stort havbruksmiljø i Flora, og vi samarbeider godt med både oppdrettarar og eksportørar. Om nokre har spesielle krav, som til dømes slakting av stor stamfisk eller produksjon av kavaiar, så snur vi oss rundt og ordnar det, smiler slakterisjefen. Leiar- og gründerkompetanse Kristin Bergstøl Hansen kom til Florø som

nyutdanna kjemikar våren 1996, og starta karriera si med ein sommarjobb på fôrfabrikken Ewos. Etterkvart vart ho laboratoriumsjef der. I 2004 var ho ein av gründerane bak Havlandet Forskningslaboratorium (HFL). Ho meiner at gründer- og leiarerfaringa er noko av den viktigaste kompetansen ho har med seg derifrå, i tillegg til arbeidet med kvalitetskontroll. På HFL jobba vi tett med både oppdrettsnæringa og Slakteriet, og hausten 2014 gjekk ho frå leiarstillinga i HFL til Slakteriet. Slaktekompetanse Det er heilt andre krav til slaktekompetanse i dag enn for 20 år sidan, og vi brukar store ressursar på dokumentasjon overfor Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Kvalitetsstandardar og kundekrav. Kristin fortel at ho er spent på korleis det blir med dei nye bløggebåtane som er på veg inn på marknaden. Vi oppfordrar oppdrettarane til å ta oss med på råd, slik at vi saman kjem fram til gode løysingar. Det er alltid spennande

Kristin Bergstøl Hansen er dagleg leiar på Slakteriet AS, og har bakgrunn som gründer og leiar frå Havlandet Forskningslaboratorium (HFL). Det er viktig å halde det enkelt, og halde seg til saka når ein jobbar med kvalitetskontroll, smiler ein fornøgd sjef som er stolt over bedrifta som har slakta laks i Florø i 30 år. 8

Hamregt. 1, 6900 Florø Telefon 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no

LAKS I FLORA


med nye metodar, og det aller viktigaste er at ein har folk med kompetanse til å ta seg av fisken. Auka folketal Den daglege leiaren legg vekt på at dei tilsette er den viktigaste ressursen til Slakteriet, og at dei gjer ein kjempejobb. Mange har vore her 20 – 30 år og fleire har etablert seg i laksebyen på grunn av Slakteriet. Når det er ekstra stort arbeidspress må vi dra veksel på vikarar, fortel ho. Fleire av dei

Geir Rindheim er fabrikksjef og har vore tilsett her frå dag ein. Han er å sjå overalt på fabrikken, og har vore viktig for utviklinga av Slakteriet gjennom 30 år. www.laksiflora.no

som jobbar her er i utgangspunktet utlendingar, og vi meiner å ha tilført Florø mykje med våre medarbeidarar. Når tilsette tek med seg familiane sine og flyttar hit har det ringverknader både for skule, barnehage og folketal – og det trengs. 3 x 30 år Av dei som har jobba aller lengst i bedrifta vil Kristin dra fram dei tre som har vore med frå dag ein. Sofie Standal jobbar i slakteproduksjonen, Geir Rindheim er dagens

Sofie Standal har jobba med laks på Slakteriet sidan oppstarten i 1989. Med 30 års erfaring og mange endringar undervegs har ho opparbeidd seg ein unik kompetanse og vore ei stabil arbeidskraft.

fabrikksjef og Ove Agledal har jobba med logistikk i 30 år. Dei har lagt ned ein imponerande innsats og har opparbeidd seg viktig kompetanse. Ting har endra seg undervegs, og dei tilsette har heile tida vist evne og vilje til å tilpasse seg nye krav og nye tider.

Ove Agledal har køyrt truck og jobba med fisken som blir transportert ut frå Slakteriet i 30 år. Som leiar av logistikkavdelinga blir det mykje papirarbeid, og han har opplevd store endringar på den tekniske sida med mellom anna bruk av robotar under pakking.

9


STEINVIK FISKEFARM

Pioner i oppdrettsbransjen Steinvik-gruppa driv matfiskproduksjon av laks og aure på 7 lokalitetar i Flora og Askvoll. I tillegg produserer dei settefisk og rognkjeks i Flora og Bremanger. Lokaliteten ved basen på Steinvik er ein visningskonsesjon, knytt til Visningssenteret på land. Vi vil vere ein viktig distriktsutbyggar, og er medeigar i fleire ulike selskap, fortel gründer og dagleg leiar Alex Vassbotten. Familien Vassbotten er ein av pionerane i oppdrettsbransjen, og har etter mange års hardt arbeid og store investeringar opparbeidd ein stor arbeidsplass med totalt 45 tilsette. Der det trengs samarbeider vi med dei andre lokale oppdrettarane, seier Alex og viser mellom anna til selskapet Godfisken AS og Salmon Group. Steinvik er og

aktiv medeigar i båt- og flåteprodusenten Havsterk, salsselskapet Seaborn og dykkarselskapet Aqua Dykk. Open fiskefarm Familien Steinvik er opptatt av lokalsamfunnet dei er ein del av, og er ein viktig støttespelar for lag og organisasjonar. Kvar

vår arrangerer dei open dag på Visningsanlegget sitt, der folk strøymer til og får ein unik sjanse til å møte oppdrettsnæringa på nært hald. Dei tek i mot skuleklassar og andre som er interesserte resten av året også – men den opne dagen er blitt spesielt populær, der folk mellom anna får køyre båt, ete laks og prøve fiskelukka.

STEINVIK RENSEFISK

Robust rognkjeks i Svelgen Kvar rognkjeks er ikkje større enn 45–50 gram, men dei gjer ein stor jobb med å reinse oppdrettsfisken for lus. Kjartan Sverre Wiik - som er driftsleiar på Steinvik sitt landanlegg i Breivika i Svelgen - fortel at dei i 2018 produserte 3, 1 millionar av den vesle luseetande fisken. Dei tilsette har lang fartstid frå havbruksnæringa, og har kunnskap og erfaring som må til for å få fram den optimale lusereinsaren. Det er like krevjande å få fram gode og robuste luseetarar som matfisk, fortel Wiik. Frisk og topptrena fisk For oss som produserer reinsefisk er det viktigaste å utvikle ein frisk fisk som tåler det miljøet den skal jobbe i. Vi har svært høg overleving på fisken – frå startfôring til utsett - og det har sin bakgrunn i at oppvekstmiljøet er godt tilpassa dei ulike utviklingsstadia til fisken. Fôret må vere av svært god kvalitet og ikkje minst er det viktig å halde seg til eit strengt vaksineringsprogram, presiserer Kjartan Sverre Wiik. Stor utskifting av vatn og «trening» med rette straumforhold i kara er og avgjerande faktorar for at Steinvik Rensefisk har lukkast. Stor auke i nytt anlegg Med den nye utbygginga som er på gang vil vi produsere endå meir rognkjeks, og dra nytte av samarbeidet med det nye smoltan10

Rognkjeks

Breivika Svelgen: legget som kjem i same bygget. Konsesjonen på rognkjeks er på 10 millionar fisk – og er blitt ein meir og meir viktig del av drifta til Steinvik. Når nybygget er klart vil rognkjeksproduksjonen starte i den nye delen medan påveksten vil føregå i eksisterande anlegg.

• • • • •

Tal tilsette: 12 Konsesjon smolt: 4,5 millionar smolt. Konsesjon rognkjeks: 10 millionar individ. Driftsleiar rensefisk: Kjartan Sverre Wiik Driftsleiar smolt: Reidar Haugen LAKS I FLORA


UTBYGGING SVELGEN

Laks og rognkjeks under same tak No er vi endeleg i gang med første betongstøypinga, fortel Bjarte Steinhovden, som er teknisk leiar hos Steinvik Fiskefarm og prosjektleiar for den pågåande utbygginga i Svelgen. Det er eit unikt bygg som er under arbeid, med produksjon av rognkjeks og laksesmolt under same tak. Budsjettet for første byggesteg er på rundt 300 millionar, og har eit svært høgt fokus på miljø. I følge framdriftsplanen skal bygget stå ferdig rundt årsskiftet 2020/21, og første rogninnlegg er berekna til våren 2021. Det er Artec Aqua som har hovudentreprisen og Florø Entreprenør står for betongarbeidet, medan Entreprenørservice Førde tar seg av grunnarbeidet. Den totale grunnflata er på heile 5500 m2, fordelt på to plan. Laks i lukka avdeling Det skal byggast 3 lukka avdelingar for laksesmolten; ei karavdeling med kar som er 5 meter i diameter, ei avdeling med kar som er 10 meter i diameter og den største avdelinga med kar på 20 meter i diameter. Med 6 meters djupne i den største avdelingen er det alvorlege mengder med vatn som må til. Steinhovden fortel at dei skal bruke den beste tilgjengelege teknologien som finnast på gjenbruk, og vil oppnå ein gjenbruksgrad på 60 %. Med energi frå Elkem, ferskvatn frå Risevatnet og sjøvatn frå Nordgulefjorden skal dette bli eit prosjekt der miljø og fiskevelferd står i fokus.

land, for å lettare kunne handtere fisken og utsette luseproblematikken. Tida i sjøen blir kortare og smolten vil vere meir robust og motstandsdyktig når den blir sett ut. Unglaksen på 10 gram skal fraktast frå Barlindbotnen til Svelgen, der den skal vekse seg til såkalla postsmolt. Vanleg smolt er rundt 150 gram når den blir sett ut i sjøen, postsmolten er opp mot 400 gram når den skal settast på Steinvik sine lokalitetar i sjøen. Fisken vil bli frakta med bil til Svelgen, medan reisa til sjøanlegga skjer per båt. Klargjer for byggesteg 2 På sikt er planen å komme i gang med eit byggesteg 2, der postsmolten skal bli opp mot 1 kilo før den blir sett ut.

Byggesteg 1 er eit gjennomstrøymingsanlegg, og alt blir tilrettelagt for neste byggesteg. Vi må ta det litt gradvis og vil starte å prosjektere fase 2 når byggesteg 1 nærmar seg slutten. Det er vassressursane og teknologien som er avgjerande for å lukkast – og her må vi vinne oss litt erfaringar undervegs, seier den tekniske leiaren, som gler seg over at dei er i gang etter lang tids planlegging.

6940 Eikefjord Tlf: 57 75 25 90 post@steinvik.no

Frå Barlindbotnen til Svelgen Målet er at laksen skal gå lengst muleg på www.laksiflora.no

11


FLORA INDUSTRI OG NÆRINGSFORENING

Havbruksnæringa i Flora

– ei viktig næring og ein del av kystkulturen! Går vi tilbake i historia til tida fram til tidleg på 80-talet var fangst av villaks i kilenøter eller i lakseverp ved innløpet til fjordane våre eit vanleg syn, og ei viktig tilleggsnæring for dei som hadde rett til eit lakseverp eller eit landfeste for kilenot. Også fiske med drivgarn etter laks var tidlegare ein lovleg fiskemetode. Dette var også ein viktig del av kystkulturen. Den harde beskatninga på villaksen gjorde at fisket måtte reduserast og er i dag redusert ned til ca. 250 tonn i heile Norge

Gustav Johan Nydal, styreleiar i Flora Industri og Næringsforening

I dag er alt dette difor nesten historie, og havbruksnæringa har teke over som laksenæring på kysten og blitt ein del av kystkulturen. Oppdrettsmærar langs kysten er no eit heilt vanleg syn.

I Flora har vi nesten ei komplett næringsklynge innan havbruk. Vi har smoltanlegg, oppdrettsanlegg, fôrfabrikk, lakseslakteri, vidareforedling, sal og eksportselskap, laboratorie, samt mange leverandørar som leverer tenester til næringa. Havbruksnæringa har blitt svært viktig for Flora samfunnet: • Selskapa i denne næringa skaper verdiar i form av eksportinntekter. • Oppdrettsnæringa har mange underleverandørar i kommunen • Det er mange arbeidsplassar i dei ulike selskapa • Kommunen får skatteinntekter • Selskapa driv aktivt med forsking og utvikling • Selskapa bidrar til levande bygdesamfunn i distrikta • Selskapa er villige til å investere i kommunen

fleire nye arbeidsplassar . Vi er pådrivarar til at det blir laga ein komplett kystsoneplan og utvikla marine grunnkart som gjev næringa vekstgrunnlag. Det må jobbast aktivt med å få Flora kommune over i «grøn sone» slik at ein kan få løyve til å auke produksjonsvolumet på oppdrettsfisk her. Vi er difor pådrivarar til at det vert jobba vidare med havbruksprosjektet i Aksello slik at ein kan bidra til at miljøet i Flora kan vere i fremste rekke når det gjeld forsking og utvikling på nye driftsformer, berekraftige produksjonsmetodar, bekjemping av lakselus og sjukdom på fisk. Med helsing Flora Industri og Næringsforening Gustav Johan Nydal Styreleiar

Havbruksnæringa i kommunen har framleis eit stort utviklingspotensiale og i Flora Industri og Næringsforeining har vi stort fokus på å bidra til at det blir lagt til rette for at næringa skal få utvikle seg vidare og skape

Florø Brannvernservice As Service - Salg og vedlikehold

Vi er et sertifisert brannteknisk firma som har spesialisert seg på salg av motorslokkesystem og brannverslingssystem til arbeidsbåter innen fiske og fangst og oppdrettsnæringen.

For pris og produktinfo kontakt oss på tlf 48 30 52 05 eller mail: floro@brannvernservice.com

www.brannvernservice.com 12

LAKS I FLORA


frå Kinn kan mette byen Paris med fiskemiddag i 1 år ...

176.000 tonn fisk

FOTO: SYNØVE DREYER

Berre 7.300 tonn

Bedriftene i den nye store fiskerikommunen Kinn eksporterer over 176.000 tonn laks, aure og kvitfisk til heile verda. Til samanlikning veg Eiffeltårnet «berre» 7.300 tonn. Eksportselskapa i Florø og Måløy er store innan denne marknaden. Då er ikkje eksport av 195.000*) tonn sild og makrell tatt med.

Kinn kommune – eit mangfald av kystnæringar

www.laksiflora.no

*)Tal frå 13 2016


MARØ HAVBRUK

Slik satsar Marø Havbruk

på berekraftig produksjon og levande lokalsamfunn Elin Tveit Sveen og mannen Trond Sveen har vore engasjert i fiskeoppdrett på Svanøy sidan slutten på 70-talet. Det starta med Svanøy Stiftelse, og då det vart delt ut ein del konsesjonar i 1986 søkte vi og fekk tilslag, fortel Elin. Marø Havbruk er i dag heileigd av Elin og Trond i lag med dei to døtrene Gro og Silje. Smått er godt, meiner familien som har satsa stort i eit lite lokalsamfunn. Det har vore ei svingande næring, og utover 90-talet var det mange som sleit, minnest gründerane på Svanøy. Vi hadde ein lokal bank som hadde trua på oss, og sjølve hadde vi klokketru på å drive som ein liten aktør. Det viktigaste for meg er at vi klarer å produsere sunn og berekraftig mat og er med og opprettheld Svanøy-samfunnet, presiserer Elin. Grøn energi Vi har eit klart mål om å drive meir berekraftig, og har investert i bruk av landstraum og batteripakkar, til fordel for forureinande og støyande dieselaggregat. Marø Havbruk og E. Karstensen var dei første i Norge som produserte laks med batteri. På anlegget Grunnsøya ved Hovden fekk dei våren 2018 installert ein batteripakke. Her sparer vi miljøet for store mengder utslepp, samtidig er støyen betydeleg redusert for dei som jobbar og bur nær anlegget. Det neste som er under bygging er ein elektrisk hurtiggåande båt – den første i norsk oppdrett - som Evoy skal teste ut. Naturens lusereinsar På Marø Havbruk er dei opptatt av fiskevelferd og satsar på førebyggande lusearbeid for å heile tida ha så lågt lusenivå at ein slepp å sette i gang store avlusingsoperasjonar. I tillegg til luselaser brukar dei lokal reinsefisk frå Eirik Svardal. - Han er ein dyktig fiskar, og vi set ekstra pris på at han er opptatt av velferda til leppefisken, fortel Elin. Vi har brukt leppefisk i 25 år – og Eirik gjer ein utruleg viktig jobb. Ikkje berre fangar han leppefisken i sjøen, men i tillegg så fiskar han leppefisken opp igjen av anlegga før vi slaktar ut oppdrettsfisken. Ein må yte sjølv For oss er Svanøy og lokalsamfunnet viktig, og vi ønskjer å bidra til at samfunnet rundt oss skal vere levande og ein kjekk plass 14

Marø Havbruk går for grøn energi, og har saman med E. Karstensen bytta ut dieselaggregat med batteri på lokalitet på Gangsøya ved Hovden. Den første elektriske hurtiggåande oppdrettsbåten er under bygging for dei to miljøbevisste oppdrettselskapa.

å bu og besøke. Eg har vakse opp med mottoet; «Skal ein få til noko, må ein gjere noko sjølv», smiler Elin. Mora Borghild Tveit, som har vore ein viktig bidragsytar i familien si satsing har alltid vore opptatt av at ein må yte, og ikkje berre krevje. Vi er ikkje så mange fastbuande på Svanøya, men vi har nokre viktige verdiar å ta vare på. Marø Havbruk er i lag med Svanøy Havbruk ein viktig bidragsytar til Svanøy Hovedgård. Kulturlåven som har sett dagens lys dei siste åra står Elin sitt hjarte ekstra nært. Vi heldt Vamp konsert på låven for 2 år sidan og dette er ein gammal draum som har gått i oppfylling.

Lokal mat og lokale opplevingar Den nyaste lokale satsinga er at vi har gått inn på eigarsida i Svanøy Segl Inn, som driv butikken, kroa og gjestehamna på Svanøy. Dette er eit fellesprosjekt på øya, som skal vere med å sikre fastbuande og tilreisande eit levande lokalsamfunn. Det viktigaste dotterselskapet vårt er Svanøy Røykeri, som leverer lokalmat over heile Vestlandet. Vi har bygt opp røykeriet gradvis, sidan vi overtok eigarskapen i 2005 – og er i dag svært fornøgde med å ha skapt 4 arbeidsplassar. Det er dottera Gro som står for den daglege drifta. Bygget til Svanøy Røykeri er eit landemerke på øya, og fungerer og som ein del av reiselivssatsinga lokalt. Her pasLAKS I FLORA


Marø Havbruk er ei familiebedrift, eigd av Trond og Elin Tveit Sveen, saman med døtrene Gro og Silje. Gro (i midten) står for den daglege drifta av Svanøy Røykeri, som leverer røykelaks på heile Vestlandet.

sar det fint å ha omvising, fortelje om øya og dele ut smaksprøvar. Samarbeid gir rasjonell drift Sjølv om eigarane av Marø Havbruk har klippetru på å vere ein liten aktør i ei stor næring, ser dei absolutt fordelen med å samarbeide for å få ut stordriftsfordelane på enkelte område. Vi har eit godt og fruktbart samarbeid med familiebedrifta E. Karstensen Fiskeoppdrett som har sin base på Fanøy. Det har aldri vore aktuelt å fusjonere, men vi eig all fisken i lag og deler på inntektene og utgiftene. Her kan vi samarbeide om dei store arbeidsoppgåvene, og drive lokalitetane rasjonelt med felles teknologi og tilsette. Medeigar i mange selskap Marø Havbruk har gått inn i ulike selskap for å sikre seg stordriftsfordelane der det trengs. Salmon Group sikrar oss gode innkjøpsavtalar og god internkontroll, medan Seaborn sikrar oss avsetnad på fisken. Vi er og medeigarar i Slakteriet, som slaktar fisken vår. Godfisken er eit forholdsvis nytt samarbeidsprosjekt, som sørger for effektiv lusebekjemping dei gongane vi må avluse fisken - og det sikrar oss gode brønnbåttenester. For oss er det å produsere sunn og berekraftig mat viktig samtidig som vi skal delta aktivt for å oppretthalde og vidareutvikle lokalsamfunna våre. Vi meiner det fungerer godt for både oss og samfunwww.laksiflora.no

net at det skjer hos små og mellomstore produsentar – som samarbeider når det trengs. Det er ikkje alt vi kan klare aleine, avsluttar ein optimistisk oppdrettar – som er vaksen opp med tanken om at ein må yte noko sjølv for at ting skal skje.

6914 Svanøybukt Telefon: 57 74 87 41

Marø Havbruk: • 3 lokaliteter i Flora kommune • Etablert i 1986 – familiebedrift • Produserer ca. 2500 tonn laks på 2 konsesjonar • Omsetnad på 116 mill i 2018 • Samdrift med E. Karstensen Fiskeoppdrett (2 konsesjonar) • Til saman 10 tilsette og 1 lærling

Svanøy Røykeri er det viktigaste dotterselskapet til Marø Havbruk. Her har ein etablert 4 arbeidsplassar på Svanøy, og eit moderne bygg som blir brukt til produksjon og i reiselivssamanheng med tanke på omvising, informasjon og smaksprøvar. 15


E. KARSTENSEN FISKEOPPDRETT

Karstensen slepp ungdommen til Hos E. Karstensen Fiskeoppdrett er 3. generasjon fiskeoppdrettarar på full fart inn drifta. Harald Johan (24) og Kristoffer (21) går i fotspora til besteforeldra og fedrane sine. Harald Johan har gått nokre rundar, før han fann ut at det eigentleg var havbruk som passa for han. Søskenbarnet Kristoffer derimot, tok strake vegen som TAF-elev i aquakultur, og har aldri vore i tvil om kva retning han skulle velje. No er begge strålande fornøgde med å jobbe i familiebedrifta. Vi er ulike og tar gjerne på oss litt ulike arbeidsoppgåver, men vi er begge på rett hylle, fortel dei to ungdommane. Fedrane synes det er stor stas at ungdommane er engasjerte i livsverket.

3 generasjonar Bestefaren til Kristoffer og Harald Johan – Erling Karstensen – var ein av dei store pionerane og innovatørane då han starta med oppdrett på Fanøy så tidleg som i 1971. Etterkvart var det kona Borghild og dei tre sønene Ståle, Geir og Nils Tore som tok over ansvaret. I dag er det Geir (far til Harald Johan) og Nils Tore (far til Kristoffer) som står for drifta. Målet er at vi kan trappe litt ned, medan ungdommen gradvis tek over, smiler dei to brørne. Det er viktig å sleppe dei til – når dei sjølve vil.

det skal bli til mat. Harald Johan og Kristoffer er reflektert og ser føre seg ei lang framtid i oppdrettsnæringa, og reknar med at dei på sikt kjem inn på eigarsida i bedrifta, som bestefaren starta for snart 50 år sidan. Dei to søskenbarne er først og fremst opptatt av dei same tinga som bestefaren, nemlig at fisken har det bra, at ein driv miljøvennleg og effektiv lusekamp og å jobbe hardt for å produsere sunn og god mat. Harald Johan og Kristoffer har ein annan kvardag enn bestefaren, men er like glødande interesserte i faget og fisken – og ikkje minst miljøet.

I bestefaren sine fotspor Det er dyr vi jobbar med, så vi må alltid passe på at dei har det bra – og så må vi tenke på at

3. GENERASJON E. KARSTENSEN

Harald Johan likar variert praktisk arbeid Foreldra mine budde på ein fôrflåte rett før eg blei fødd, så eg har vel fått dette arbeidet inn med morsmelka, smiler Harald Johan Zakariassen Karstensen (24). Likevel meiner han at han burde vore meir med på arbeidet under oppveksten. Då hadde eg kanskje sloppe å brukt så lang tid på å finne ut kva eg ville bli. Eg var innom både mekanikar- og elektrolinja før eg bestemte meg for å gå naturbruk og deretter på akvalinja i Måløy. Eg er glad for at eg etter nokre rundar enda opp med fagbrev i akvakultur. Eg trivast godt med å jobbe ute – og arbeidet er utruleg variert. Det kan vere alt frå å fôre til å skifte nøter, levere fisk eller lusebehandling. I det siste har eg for eksempel tørka på tare, som fungerer som skjul for leppefisken. Harald Johan synes det er tøft å tenke på at det var bestefaren Erling som var den første som starta med leppefisk mot lakselus. Han skulle eg gjerne møtt, seier han. Passar til ulikt arbeid Eg jobbar først og fremst på lokaliteten Langeråa, her ved Fanøy – men alle jobbar i lag på alle lokalitetane etter behov. Harald Jo-

han føretrekker å drive med praktisk arbeid. Eg var skulelei allereie på barneskulen, smiler han - så papirarbeidet kan andre få ta seg av. Han har fått moglegheita til å drive med meir administrativt arbeid, men seier at den sjansen har han gitt vidare til søskenbarnet Kristoffer. Det er greitt at vi likar forskjellige ting.

tenke meg å jobbe i eit kjempestort firma, seier Harald Johan - som reknar med at han på sikt skal inn på eigarsida. Det er viktig at det er arbeidsplassar ute i distrikta, men det viktigaste er at vi produserer mat av god kvalitet. God fiskevelferd gir som regel god kvalitet, avsluttar 24 åringen.

Viktige arbeidsplassar Den unge fiskerøktaren fortel at han har busett seg på Fanøya med sambuar og to små. Eg har vakse opp her og trivast veldig godt. Familiebedrifta som besteforeldra la grunnlaget for er ein viktig arbeidsplass – og det trengs på små plassar. Eg kunne aldri

Fanøy, 6917 Batalden Telefon 915 45 487 post@karstensen.no

Spør oss om TRÅDLAUST NETTVERK

Vi gir deg ei enklare IT-drift

Indata er lokalisert sentralt i Florø, og leverer tenester og løysingar innan informasjonsteknologi. Vår forretningside er å levere gode og framtidsretta løysingar, og vi skal vere ein føretrekt leverandør. INDUSTRIDATA AS � Evjegata 10, 6900 Florø - Tlf: 57 75 87 00 - www.indata.no 16

LAKS I FLORA


Det er Nils Tore og Geir Karsten som styrer butikken ved E. Karstensen Fiskeoppdrett, men neste generasjon er like engasjerte i fisken og faget – og er på full fart inn i næringa. Alle generasjonar i familien Karstensen har tidleg lært seg at hardt arbeid må til skal ein få noko til. Frå venstre Nils Tore og sonen Kristoffer, Harald Johan og faren Geir. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar.

Kristoffer likar å ta ansvar Kristoffer Skorpen Karstensen (21) har nesten vakse opp i laksemerdane og fôrsiloane, fortel han med eit smil. Han er 3. generasjon lakseoppdrettar, og jobbar truleg meir enn dei fleste jamaldringane. Å starte som lokalitetsleiar og ha ansvaret for 400 000 laks er ikkje alle 20 åringar forunnt. Eg har vore med på anlegget frå eg var liten, og det var heilt naturleg å ta akvakulturutdanninga i Måløy. Han har lagt bak seg 4 år som TAF-elev, der han har kombinert akvautdanning, studiekompetanse og læretid. Eg har fagbrev og har muligheit til å ta høgare utdanning, men førebels er det heilt uaktuelt, smiler ungguten. Sjef før fagbrev Eg likar jobben min veldig godt. At eg har fått så stort ansvar gjer det ekstra kjekt og spennande. Før Kristoffer var heilt ferdig med utdanning og fagbrev vart han nemlig lokalitetsleiar på den nyaste lokalitet Grunnsøya ved Hovden. Lokaliteten starta opp i 2018, eit par månader før fagbrevet var i boks. Det var litt skummelt i starten innrømmer han, men det har gått veldig bra. Mykje arbeid Det er ikkje noko latmannsliv Kristoffer har

gitt seg ut på, og han må i båt kvar einaste dag uansett vêr og vind. Grunnsøya er den mest vêrharde lokaliteten vi har, og samtidig den som fisken trivast best i - så då får vi som steller dei tåle det. I tillegg til å sjå til at fisken har det bra, og å fôre den er det mykje papir- og rapporteringsarbeid å vere lokalitetsleiar. Han likar godt kombinasjonen av administrasjon og praktisk arbeid. Eg har vakse opp med mykje arbeid, og må stå på anten det er 17. mai eller julaftan. Ferie får eg ta den tida merdane er tomme, flirer han. Best på mat Kristoffer er tydeleg engasjert i faget sitt og fortel at det aller kjekkaste med å vere oppdrettar er å vite at ein produserer miljøvennleg og berekraftig mat. Vi er best på matproduksjon, slår han fast og argumenterer engasjert med at oppdrettsfisken er den som gir minst CO2 fotavtrykk, som utnyttar fôret mest effektivt og er lite arealkrevjan-

de. Vi nyttar dessutan havressursen, som er alt for lite brukt. Berre 2-3% av matproduksjonen kjem frå havet, så her er det mykje å hente. Best på miljø Lokaliteten Grunnsøyna, som Kristoffer har ansvaret for er dessutan av dei mest miljøvennlege, fortel han. Vi er heilt avhengige av å ha straum på anlegga 24/7, og det naturlege valet har tidlegare vore dieselaggregat. Det både bråkar og forureinar, så vi gjekk heller for ein stor batteripakke. No går aggregatet 3 timar i døgnet for å lade batteria, dei resterande 21 timane er basert på miljøvennleg og lydlaus batteridrift. Det sparar miljøet for 118 tonn CO2 i året, i tillegg til støyen, fortel ein engasjert ungdom, med stort fokus på miljø. No veit vi at dette er den beste lokaliteten vi har, så på sikt vil vi truleg legge pengar i å få den heil-elektrifisert med kabel frå land. Frequency.no

Akvakultur  Matros  Motormann  Fiske og fangst

Tenker du fiskeri- eller havbruk utdanning? Læreplass fikser vi for deg! OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG Post: Postboks 89 - 6707 Raudeberg | Besøk: Maritim Park - 6710 Raudeberg Tlf.: 57 85 22 32 | Mob.: 959 86 700 | post@okfh.no | www.okfh.no www.laksiflora.no

17


MOWI FLÅTEGRUNNEN

MOWI satsar på kompetanseheving På eit av dei mest vêrharde oppdrettsanlegga i kommunen er det Ingebjørg Reksten som styrer skuta. Langt vest i Skorpefjorden – mellom Skorpa og Reksta – med storhavet inn frå vest, ligg MOWI Flåtegrunnen. Dette er den største oppdrettslokaliteten i kommunen, og den einaste i MOWI sitt eige. - Vi er eigd av eit stort konsern, men kjenner oss som ein stor familie, smiler driftsleiaren. MOWI Flåtegrunnen er eit av dei mest vêrutsette lokalitetane til MOWI, der den ligg langt vest i Skorpefjorden – med storhavet inn frå vest.

Lakseoppdrettet starta i si tid ved landbasen, og var eigd lokalt. Etter 35 år, med ulike eigarar undervegs, sysselset anlegget i dag 8 personar - i tillegg til ein del lokale ungdommar som tar ekstravakter. Drifta blir styrt frå landanlegget på nordsida av Reksta, og fleire av dei tilsette bur på øya. Somme av dei har vore med heilt frå starten i 1984. Satsar på utdanning Driftsleiar Ingebjørg Reksten har ikkje så lang fartstid i bransjen, men fortel at ho har med seg ei god blanding av godt erfarne medarbeidarar og nyutdanna fagarbeidarar. Alle tilsette hos MOWI får tilbod om å ta fagbrev i aquakultur, og i tillegg er vi fleire frå Flåtegrunnen og Gulestø som held på med eit årsstudium i Havbruksdrift ved Universitetet Nord. Ingebjørg er glad for at dei har ein eigar som satsar på fagleg utvikling av dei tilsette. Samarbeid mot nord MOWI arrangerer felles samlingar, som gir god fagleg påfyll og ikkje minst utveksling av erfaringar. Flåtegrunnen høyrer til Sogn og Sunnfjord-regionen, medan Gulestø høyrer til Nordfjord og Sunnmøre, men for vår del er det MOWI Gulestø som er den viktigaste samarbeidsparten lokalt. Vi utvekslar arbeidskraft når det er større operasjonar som skal gjennomførast. Det er kort veg og lett å samarbeide om felles utfordringar. Attraktiv arbeidsplass Sjølv om det ikkje er så mange kvinnelege leiarar innan havbruk, fortel Ingebjørg at kvinnene er på full fart inn i næringa – på alle nivå. Eg trivast godt med å jobbe på mannsdominerte arbeidsplassar, fortel driftsleiaren, som starta som røktar på anlegget i 2015. Det er veldig kjekt å sjå at 18

det generelt er stor interesse for næringa. Vi blir stadig kontakta av folk som ønskjer seg jobb eller praksisplass. Den siste lærlingen vår har fått fast jobb her, så vi er snart klare for ny lærling. MOWI har ein felles

sentral inntaksportal, som vi viser folk til. På Flåtegrunnen er det ein stabil arbeidsstokk, og det er ekstra kjekt at vi sysselset mange lokalt.

Sentrale men lokale På både Gulestø og Flåtegrunnen er dei opptatt av å bruke lokale leverandørar. Sjølv om MOWI på mange område er sjølvberga, både med tanke på slakteri og fôr, så er det mange andre ting som må til. Vi nyttar til dømes lokalbutikken når vi skal handle inn varer, lokale handverkarar når det passar slik og lokale leverandørar av reinsefisk. I tillegg støttar MOWI opp om tiltak og arrangement i nærområde. Vi har mellom anna stilt med båtar ved strandrydding og hjelper til når folk treng hjelp av ein liten krane-

båt eller transport. Lokalmiljøet er viktig for oss, sjølv om vi er ein del av eit stort konsern.

Flåtegrunnen og Gulestø: •

• •

Konsesjon MTB (maksimalt tillatt biomasse) 5460 tonn på begge anlegga 8 tilsette + ekstrahjelp på Flåtegrunnen 7 tilsette + TAF-elev på Gulestø

På MOWI Gulestø er dei 7 tilsette og ein TAF-elev. Til saman har dei 100 års driftstid i havbruksnæringa. Her representert ved frå venstre Åge Sundsøy, Bjørnar Aga Larsen, Trond Lyngbø og Roy Atle Igland. I tillegg jobbar Ove Nybø, Øyvind Buch, Hans Christian Tveito og Idun Ånneland her. LAKS I FLORA


MOWI HAUKÅ

Frå fiskeskit til grøne enger På MOWI sitt settefiskanlegg i Haukåa produserar dei rund 3,2 millionar smolt på rundt 200 gram per år. Eit biprodukt av denne produksjonen er dei grøne bøane som omkransar anlegget ved Nordalsfjorden. Driftsleiar Paul Henning Haugom viser fram korleis fiskeskit blir samla og tørka og endar opp som gjødsel for bøndene.

No blir dette ein ressurs, seier driftsleiar ved Marine Harvest avdeling Haukå Paul Henning Haugom, som tørkar avfallet og lagar jordforbetringsmiddel.

Krav om oppsamling Vi har krav om å samle opp 70 % av avfallstoffet frå produksjonen av settefisk, og det gjer vi ved hjelp av eit slags samleband som skiten festar seg på og som drar den med seg opp i ei samlekvern. Det blaute slam-

met går via eit par filter til eit eige tørkehus, og kjem til slutt ut som eit brunt luktfritt jordforbetringsmiddel. Gjødselfabrikk Vi er totalt 12 tilsette her på anlegget, og omtrent ei stilling går med til arbeidet med behandling av fiskeskiten. Vi produserer 20 til 25 tonn tørka slam per år, så dette er som ein liten fabrikk. Pulveret er godkjent av Mattilsynet og vi ser at det har gått frå å vere eit problem til å vere ein ressurs. Bønder som hentar stoffet her fortel om god gjødseleffekt.

MOWI GULESTØL

Folk og fisk med høg trivsel Driftsleiar Bjørnar Aga Larsen, som styrer MOWI Gulestø, fortel om eit anlegg med høg trivsel for både folk og fisk. Dei er 7 tilsette med lang erfaring frå bransjen i tillegg til ein TAF-elev som har læretida si her. Laksen som veks opp i Frøysjøen – i innløpet til Gulefjordane - har og høg trivsel med forholdsvis lite lusetrykk. Ungane våre All lusebehandlinga vi driv er såkalla «Non-medical», det vil seie at vi brukar termisk behandling, ferskvatn og ikkje minst reinsefisk. Av reinsefisk brukar vi rognkjeks og labrus, som er oppdretta berggylt. Det er www.laksiflora.no

meir stell med reinsefisk enn kva folk anar, fortel Bjørnar. Dei skal ha skjul som må reinhaldast og det er like mykje krav til helsekontroll på dei som på laksen vi produserer. Fiskevelferd står i høgsete på anlegget, og røktarane fortel med eit smil at dei steller fiskane som om dei skulle vere eigne ungar. Oksygenering På kaianlegget nokre hundre meter frå fôrflåten står ein gasstank, som er ein del av eit forskingsprosjekt i lag med gassprodusenten Linde og Plany som leverer luseskjørt. Oksygenering av oppdrettsanlegg har vist seg å føre til betre miljø i merdane og større

tilvekst på fisken. Driftsleiaren fortel at det er spennande å prøve nye ting, og at dei så langt har sett god effekt av oksygen i kombinasjon med luseskjørt. Indisiane tilseier ein auka vekst på 6 – 8 %, men det endelege resultatet får vi når dagens generasjon med laks blir slakta.

Flåtegrunnen Gulestø - Haukå www.mowi.com 19


SVANØY HAVBRUK

Annleisoppdrettarane produserer

rogn til avl og konsum Det som er spesielt med oss er rett og slett at vi er litt annleis enn dei andre oppdrettarane i distriktet her, fortel produksjonssjef Frode Sandvik. Svanøy Havbruk er ein av få oppdrettarar i Norge som berre produserer regnbogeaure, og den einaste i Flora. I tillegg er dei stamfiskprodusent og held på med eit nyskapande FoU prosjekt (Forskning og Utvikling), der dei leverer kaviar til den Japanske marknaden. Svanøy Havbruk har og ein litt anna eigarstruktur enn dei fleste familieeigde oppdrettselskapa i kommunen. Linda Helgås, som er kvalitetsleiar fortel at dei er eigd av fleire lokale selskap. Florø Fisketransport er største aksjonæren, så følgjer Skanor, Bruhøgda Invest v/Ove Inge Vågen, Skaar Norway og Ola Sveen. Svanøy Havbruk har sitt utspring frå Svanøy Stiftelse, og har hatt ulike eigarar fram til Ove Inge Vågen og Ola Sveen overtok i lag med lokale investorar i 2005. Sikrar framtidige genar Konsesjonane våre med stamfisk og FOU-konsesjonen med produksjon av kaviar, føreset at vi driv annleis enn dei andre oppdrettarane i distriktet. Frode Sandvik fortel at dei er sikringsstasjon for Aqua Gen, som er eit avlsselskap som utviklar og leverer rogn og genetisk avlsmateriale til heile verda. Som sikringsstasjon må vi ha stamfisken i beredskap ekstra lenge, i tilfelle noko skulle gå gale og AquaGen treng meir. I tillegg blir det stryke rogn til produksjon av ny fisk.

Svanøy Havbruk produserer stamfisk av regnbueørret og har fisken ekstra lenge fordi dei er sikringsstasjon for AquaGen. Dei leverer ørretrogn til produsentar i heile Norge i tillegg til utlandet. Driftsleiar Monica Kalberg med eit flott eksemplar av Svanøy-ørret. Foto Ola Sveen.

Kaviar frå Svanøy til Japan I FoU-prosjektet vårt søker vi å finne det optimale tidspunktet der vi framleis kan nytte fiskekjøtet og samtidig ta ut rogna til kaviar. Difor har vi - som den einaste i Norge - starta med kaviarproduksjon av regnbogeaure. Med FoU-konsesjonen vår har vi muligheit til å prøve og feile litt og lære oss korleis utnytte absolutt heile fisken – gjennom heile livsløpet. Ikkje minst er det viktig å lære seg kva marknaden etterspør. Skaar

Svanøy Havbruk er lokalisert på Svanøy og er øyas største arbeidsplass med heile 15 tilsette: Foto O. Sveen. 20

6914 Svanøybukt Telefon: 57 74 87 47 www.svanoyhavbruk.no LAKS I FLORA


Kenji Fukushima er spesialistar på ørretrogn og kjem til Florø kvar haust for å ta seg av rogna frå Svanøy Havbruk. Slakteriet i Florø har laga ei ekstra linje for denne produksjonen, og stiller med personell som er trena til dette arbeidet. Her blir topp kvalitet av Sujiko rogn pakka for den kresne japanske marknaden. Foto: Ola Sveen.

som sel fisken vår, og har mange kundar i Japan, er ein viktig samarbeidspart. Danmark er stor leverandør av konsumrogn frå aure til Japan, men vi er dei første i Norge fortel Linda. Japansk spesialkompetanse til Florø Rogn er ikkje berre rogn, forklarar Linda som saman med Ove Inge og Skaar har vore på studietur til Japan, og sett på nært hald kva som er attraktivt i marknaden. Sujiko er eit spesielt produkt som er særs ettertrakta i Nord-Japan. Då må ein ta ut rogna frå fisken før den er moden og slepper rognsekken. Det betyr at det må gjerast rundt oktober - november månad, og på

den tida er også fiskekjøtkvaliteten framleis på topp. På bakgrunn av dette har Slakteriet i Florø laga ei eiga linje for Svanøy Havbruk. I den korte hektiske perioden dette kan skje kjem det Japanske teknikarar til Florø, som pakkar rogna i spesialtilpassa plastdunkar. Dette er eit krevjande arbeid med spesielle maskiner og kompetanse for vasking, sortering, behandling og pakking. Når rogna er meir moden er det dei store rognkorna, som er attraktive til pynt og garnityr til sushi. Dette heiter Ikura i Japan, og er den mest vanlege forma for konsumrogn. Ønskjer meir aureproduksjon i Norge Vi klarer per i dag ikkje å levere nok av

FoU konsesjon: • FoU konsesjon på 780 tonn MTB for 4 år • Mål å utvikle metode for produksjon av ørretrogn av høg kvalitet til konsum, og samtidig oppretthalde høg kvalitet på fiskekjøttet. • Klare å produsere tilstrekkeleg mengde god råvare som gir grunnlag for lønnsam og regulær eksport av ørretrogn til konsum. • Gjennomførast i samarbeid med matforskingsinstituttet Nofima, rådgjevingsselskapet Reksund og Skaar Norway.

www.laksiflora.no

denne eksklusive kaviaren, og ser eit stort potensiale for oss her. Det blir stilt strenge krav til kvalitet på fisken og rogna, og auren skorar betre på farge og kvalitet enn laksen gjer. Matforskingsinstituttet Nofima og rådgjevingsselskapet Reksund er gode samarbeidspartar i dette arbeidet. Når vi likevel må halde fisk ekstra lenge på grunn av vårt arbeid med stamfisk, ser vi på kaviarproduksjon som ein vinn-vinn situasjon. Det er positivt å kunne bruke heile fisken. Den fisken som ikkje skal brukast vidare i produksjon av aure-egg, kan nyttast til kaviar. Visjonen med FoU-prosjektet er å bidra til å utnytte meir av fisken til konsum, og sikre vekst i norsk aureproduksjon på sikt.

Svanøy Havbruk er opptatt av lokalsamfunnet: • Aureprodusent • Matfisk og stamfisk på 3 lokalitetar • FoU prosjekt konsumrogn • 15 arbeidsplassar, største arbeidsgjevar på Svanøy • Sel fisken gjennom Skaar Norway (aksjonær) • Slaktar på Slakteriet AS • Medeigar i Svanøy Segl Inn • Bidragsytar Svanøy Hovedgård 21


ENIVEST

Fiber og fiskevelferd Med fiber heilt fram til merdkanten kan oppdrettarane nytte seg av all den teknologien som er tilgjengeleg, og som dei er avhengige av. Vi ser at det er viktig at vi kjem tidleg på bana i planleggingsfasen, slår Randi Solheimsnes fast. Ho er salssjef for bedriftsmarknaden i Enivest og på kundebesøk vest i havet. For oppdrettsnæringa som styrer mykje av fiskestellet sitt digitalt, er det avgjerande å ha eit stabilt og godt nett, og då er fiber den raskaste og sikraste løysinga. For å klare dette har Enivest gått i samarbeid med Indata – som har lang erfaring med å levere nett til havbruksnæringa på øyane i Florø. Teknologisamarbeid Med Enivest og Indata sin teknologi, kunnskap og erfaring har vi fått eit nett som fungerer veldig bra, seier Nils Tore Karstensen. Oppdrettselskapa E. Karstensen og Marø Havbruk har eit dataanlegg der vi følger med og fôrar 3 ulike lokalitetar via ein skjerm – og dette må fungere optimalt til ei kvar tid. Indata har tidlegare levert ein kjempepakke til oss, med trådlaus antenne som har gjort det mogleg å drive eit rasjonelt samarbeid. No trengte systemet ei oppgradering – og det har vi fått til, takka vere godt samarbeid mellom Enivest og Indata.

Fiber er framtida Eivind Gulestøl og Indata er nøkkelen i dette samarbeidet, framhevar salssjefen i Enivest. Dei er teknisk veldig dyktige og klarer å få systema til å snakke saman. No er det installert fiber der det er mogleg – og Indata har klart å binde i hop alle anlegga, slik at det er ei saumlaus linje av fiber og antenne. Dermed kan alle anlegga fôrast frå ein plass, og dei har oversikt over biomasse, vekst og luseteljing via eit og same kamera. Røktarane kan flytte rundt og styre alle anlegga der dei er. Dette handlar om sikkerheit og fiskevelferd, og er avgjerande for drifta vår, seier Nils Tore Karstensen. Kjenner kvar krinkelkrok Det viktigaste er at kundane får rask hjelp, seier Gulestøl – og det klarer vi fordi både vi og Enivest har god teknisk kunnskap – og ikkje minst på grunn av god lokalkunnskap. Etterkvart kjenner vi kvar einaste krinkelkrok

rundt Florø. Nils Tore Karstensen frå E. Karstensen og Marø Havbruk veit nesten ikkje kva godt han skal seie om dei to utbyggarane. Kamerasystemet vårt er krevjande, og vi må vere trygge på at det fungerer. Det heile kokar ned til flinke folk med god lokalkunnskap, som ikkje minst klarer å samarbeide – og er veldig serviceinnstilte. På lag med kunden Som leverandør av fiber, er vi stolte av å vere ein del av kunden sitt team - som i dette tilfelle sikrar god fiskehelse. Med andre alternativ enn fiber kjem det alltid avgrensingar, seier Randi Solheimsnes. Vi likar at kunden forventar mykje av oss, og det er med på å gjere arbeidsdagane våre i Enivest positivt krevjande. Denne saka for E. Karstensen

3 gode grunnar for å bygge fiber for havbruket: • • •

Rasjonell drift, der fleire lokalitetar blir knytt saman Kontroll på biomasse, vekst og luseteljing via stabilt nett Lokalkunnskap og samarbeid er avgjerande for å løyse oppgåvene i utkantane

Vi bygger fiber der det er mogleg, fortel salssjef Randi Solheimsnes. For ho og Enivest er kundebesøk og lokalkunnskap avgjerande for å kunne tilby kundane det dei har bruk for. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar. 22

LAKS I FLORA


Kunnskap, samarbeid og lokalkunnskap er avgjerande for drifta vår, seier Nils Tore Karstensen, som representerer oppdrettsselskapa E. Karstensen og Marø Havbruk. Han er strålande fornøgd med samarbeidet med Randi Solheimsnes frå Enivest og Eivind Gulestøl frå Indata. Kvardagen for oss og fiskane våre er avhengige av eit stabilt nett. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar.

“Med Enivest og Indata sin teknologi, kunnskap og erfaring har vi fått eit nett som fungerer veldig bra” og Marø Havbruk er eit godt døme på at bedriftsrådgjevar i Enivest - Daniel Notø – har gjort ein grundig og god jobb. Enivest ønskjer å bli tatt med på råd tidleg i prosessen, slik at vi kan finne dei optimale løysingane i lag med kunden, og andre samarbeidspartar. Vi legg vekt på å bruke lokale leverandørar som til dømes entreprenørar og dataselskap og lovar høg oppetid og stabilt nett, avsluttar Randi Solheimsnes.

Her har vi full kontroll på fisken og fôringa via eit kamera, forklarar Nils Tore Karsten til Randi Solheimsnes som er salssjef hos Enivest. I bakgrunnen røktar Ann Helen Hovden hos E. Karstensen og Marø Havbruk. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar. www.laksiflora.no

enivest.no 23


VI HEIAR PÅ HAVBRUKSNÆRINGA I LAKSEBYEN Sparebanken Sogn og Fjordane • Industri Data • Deloitte • Walcon • Fiskeridirektoratet Havbrukspartner • Aqua Dykk • Ewos/Cargill • Sparebanken Vest • Kjellsea • Westcon Proff Partner • Florø Bil og Havneservice • Norwell • MMR Ocean Blue • Stadt Sjøtransport Eurospar • Ocean Electronics • Origod • Frøy • A til Å • Flora Hamn • Fishguard Progresso • BB Servicesystem • Aqua Seapro • Fjordpipe • Godfisken • Solvens

Bildet er tatt under Laksens Dag i 2018 24

LAKS I FLORA


Frontmarine • Sjøtjenester Florø • Høgskulen på Vestlandet • Måløy vidaregåande skule Bravo Seafood • Enivest • Svanøy Havbruk • Mowi • E. Karstensen Fiskeoppdrett Marø Havbruk • Kinn kommune • Florø Brannvernservice • Flora Industri og Næringsforening Steinvik Fiskefarm • Slakteriet • INC Gruppen • Norges Sjømatråd Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk • Sønnico Florø

Foto: Romvesen / A til Å - www. atilaa.no www.laksiflora.no

25


BRAVO SEAFOOD

Effektiv og uavhe Heilt på bryggekanten på Florevika finn ein fiskehandlar Bravo Seafood. Dei kjøper fisken av ulike oppdrettarar som dei samarbeider med, lokalisert langs heile Norskekysten. Laksen sel dei til kundar i mange land i Europa og i Asia. Bravo Seafood har som mål å vere det mest kostnadseffektive salsselskapet for laks og ørret i landet – og det lukkast vi med fortel dagleg leiar Karl Petter Myklebust.

Når 7 tilsette effektivt klarer å handtere 20.000-25.000 tonn med fersk laks og ørret, og har ein omsetnad på over 1 milliard NOK, har vi grunn til å vere stolte. Karl Petter meiner at mykje kan forklarast med at dei er eit stabil innkøyrd team, der alle dei tilsette er medeigarar i selskapet. Dei har også tette og langsiktige relasjonar til både kundar og leverandørar som er ein viktig del av samspelet for å lukkast. Mange av samarbeidspartane våre set pris på at vi er eit uavhengig selskap. Det er knallhard konkurranse i eksportørleddet, Då er det ekstra gledeleg med sterk positiv utvikling på volum i dei første månadane i 2019. Langsiktig samarbeid gir god match Samarbeidet vårt med oppdrettarane frå Finnmark i nord til Rogaland i sør gjer at vi heile året kan tilby dei kvalitetane kundane ønskjer. Vi som jobbar her kjenner næringa godt, og vi gjer det vi kan for å matche til26

bodet frå leverandørane med krava frå dei ulike kundane våre. God flyt av fisk Ein viktig del av jobben til Bravo Seafood er knytt til logistikk og dokumentasjon. Med ferske matvarer i lasta, lange avstandar og korte fristar er det viktig at kontakten mellom leverandør og transportør er tett og god. Fisken skal gjerne innom både trailer og fly, og ut til eit uttal destinasjonar både i Europa og Asia. Som i alt anna arbeid vi driv med er gode kontaktar, planlegging og presis levering avgjerande. Spesialfelt Asia Asia er eit viktig satsingsområde for Bravo, og fleire gonger for veka sender dei norsk fersk laks til andre sida av jordkloden. Asia teamet hos Bravo tar ansvar for at fisk med rett kvalitet og storleik kjem fram til avtala tid og stad - så raskt som mulig etter

“Norsk laks blir rekna som sunn og trendy i Asia, men det er viktig å finne den rette fisken som matchar den enkelte kunde sine krav” slakting og pakking. Den asiatiske marknaden er krevjande, og den store raude norske laksen er attraktiv. Norsk laks blir rekna som sunn og trendy i Asia, men det er viktig å finne den rette fisken som matchar den enkelte kunde sine krav. Ei viktig brikke for Asia suksessen er Qiao Chen som er marknadsdirektør for sal til Asia. Ho er kinesisk, kjenner kulturen og kommuniserer på fleire språk. LAKS I FLORA


engig NORSK LAKS på kinesisk – uttales «nuo wei san wen yu»

At Qiao Chen er ein del av Bravo Seafood er avgjerande for at dei har lukkast i den Asiatiske marknaden. Ho kjenner både språket og kulturen, og har gitt Bravo gode samarbeidspartar på den andre sida av jordkloden.

www.laksiflora.no

27


Ta marin og maritim utdanning i nye Kinn kommune I nye Kinn kommune er det gode mogelegheiter for å utdanne deg inn mot arbeid på og i havet. I Måløy kan du på vidaregåande skule utdanne deg innan marine og maritime utdanningar på desse linjene: •

VG1 Naturbruk

18 elevplassar

VG2 Fiske og Fangst

6 elevplassar

VG2 Akvakultur

10 elevplassar

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

24 elevplassar

VG2 Maritime fag (matros/motormann)

24 elevplassar

YSK Akva (4-årig) 16 elevplassar

I tillegg brukar Restaurant og matfag å utdanne fleire elevar som ønskjer å satse på læreplass innan den maritime sektoren som kokkar.

Innan utdanninga fiske og fangst nyttar vi opplæringsfartøyet Skulebas aktivt i opplæringa og skulen har eigen fiskekvote.

Innan Akvakulturutdanninga har skulen eit breitt samarbeid med oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane. Dette sikrar at elevane får tidsmessig praksisopplæring på lokalitetar rundt om i heile fylket. Skulen har eigen oppdrettskonsesjon som vert drifta av MOWI (tidl. Marine Harvest).

Når du er ferdig utdanna med eit fagbrev innan Akvakultur eller Fiske og fangst er ein attraktiv innan mange ulike delar av fiskeri- og oppdrettsnæringa. Vidare driv skulen og kurs- og etterutdanningstilbod for tilsette i næringa. I Florø kan du fortsette utdanninga di innan Havteknologi.

I Måløy har ein også eit 4-årig utdanningsløp, YSK Akvakultur, der elevane får spesiell studiekompetanse og fagbrev innan Akvafagområdet.

www.maloy.vgs.no 28

Magnus Thingnesgt. 6900 Florø Tlf. 469 36 023 www.hvl.no LAKS I FLORA


Foto: Monica Kalberg

UTDANNING I NYE KINN KOMMUNE

Utdanning for framtida 70% av jordas overflate er dekt av hav. Med ei gjennomsnittleg havdjupne på 3000 meter utgjer havet ein enorm ressurs. Det er her vi i framtida skal hente ut mykje av det vi treng av mat, mineralar og energi. Regjeringa har som mål å seksdoble uttaket av ressursar frå havet fram mot 2050. Havbruk, mineralutvinning på havbotn, vindkraft til havs og miljøovervaking er område som kjem til å vekse sterkt i åra som kjem. I nye Kinn kommune er det gode mogelegheiter for å utdanne deg inn mot arbeid på og i havet. I Måløy kan du på vidaregåande skule utdanne deg inn mot Fiske og Fangst eller Akvakultur. Når du er ferdig utdanna vil du sitte med eit fagbrev som gjer deg attraktiv innan mange ulike delar av fiskeriog oppdrettsnæringa. Om du vil, kan du bygge på med ei fagskuleutdanning, og ta eit toårig løp på Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Måløy. Her kan du velje om du vil gå mot ei utdanning innan maskinoffiser (maskinist) eller dekksoffiser (styrmann). Fagskulen i Sogn og Fjordane arbeider no i tillegg med ei utdanning innan akvakultur. www.laksiflora.no

I Florø kan du bygge endå meir på utdanninga di, ved å ta ei bachelorgrad innan Havteknologi. På denne ingeniørlinja kan du velje om du vil gå mot tradisjonell petroleumsbasert undervassteknologi, eller om du vil rette deg inn mot havbruksbransjen. Oljeeventyret er på langt nær over, og subsealøysingar er den føretrekte utbyggingsløysinga på norsk sokkel no, og inn i framtida. Havbruksbransjen går godt, og blir stadig meir teknisk krevjande. Ikkje minst når ein etter kvart får avanserte RAS-teknologianlegg. (RAS = Recirculating Aquaculture Systems). Gjennom ei utdanning i Florø, vil du kunne vere med på

utviklinga av oppdrettsbransjen, både hos leverandørindustrien og ute på anlegga. Tilgang til energi vil vere særs viktig i tiåra som kjem, og då helst form av fornybar energi. Fornybar maritim energi vil høgst truleg spele ei viktig rolle. Vindmøller til havs, bølgjekraft og tidevasskraft er alle fornybare energikjelder som ein vil sjå meir av. Hydrogen som energiberarar, bl.a. for å legge til rette for bruk innan skipsfart, vil kunne bli svært viktig for å nå måla om redusert CO2-utslepp. Med kompetanse innan havteknologi, vil du kunne vere med på utviklinga! Det er i havet det vil skje i framtida! 29


Som vår kunde

er du unik, la oss være med på

ditt lag Rådgjeving Rekruttering Innkjøp PR-kommunikasjon Prosjektleiing

“Det er bedre å være en stor fisk i en passe liten bolle, enn å være en liten fisk i et digert akvarium”

VÅR KOMPETANSE PÅ DITT LAG

Kontor Bremanger: Tlf: 57 79 11 11 Hauge, 6727 Bremanger

HAVBRUKSPARTNER AS Telefon: 902 88 064 E-post: oyvind@havbrukspartner.no Kontoradresse: Thormøhlens Gate 55, 5006 Bergen Postadresse: Grimstadvegen 115, 5252 Søreidgrend

FLORØ

www.solvens.no

Ole Musken / Norwegian Seafood Council

Besøk gjerne havbrukspartner.no eller facebooksida vår @havbrukspartner

A til Å - www.atilaa.no

Kontor Florø: Tlf: 57 75 14 40 Evja - Pb. 574, 6903 Florø

Sjøtjenester Florø Vi driver med tjenester både over og under vann

FRONT MARINE er en uavhengig leverandør av laks, ørret og torsk fra Norge.

A COMPANY CERTIFIED BY THE STANDARDS GLOBAL G.A.P

30

A til Å - www.atilaa.no

Strandgata 15 | 6900 Florø Telefon +47 966 29 996 | E-post: info@frontmarine.no www.frontmarine.no

VÅRE TJENESTER • boring • inspeksjoner • fortøyninger • bygging/reparasjon av kaier • frakting

A til Å - www.atilaa.no

Sjøtjenester Florø AS Fjordgata 13 6900 Florø Tlf. 976 75 889 evleirvi@online.no

LAKS I FLORA


GODFISKEN

Selskapet Godfisken AS og etterkvart den nye båten M/S Godfisken er eit resultat av at havbruksnæringa i fylket samarbeider når det trengs. Selskapet vart etablert som ein direkte følgje av samtalar under Aqua Nor messa i Trondheim i 2015. 12 oppdrettarar frå Sunnmøre i nord til Sogn i sør stifta selskapet for å samarbeide om felles utfordringar. Det starta med lusebehandling og målsettinga var klar. Ein skulle samarbeide om ein brønnbåt med kapasitet på minst 500 tonn lastekapasitet og to flyttbare thermolicere. Ein satsa på å kombinere avlusing med sortering og uttak av slakt. Leppefisken skulle ut før behandling, og lusa skulle destruerast. Målet var skånsam behandling av fisken. Samarbeid Rostein Hausten 2015 var Godfisken AS ein realitet og ein inngjekk samarbeid med Rostein reiarlaget, som administrerar logistikken og fakturerer brukarane. Ein investerte i to thermolicerar som vart montert på Ro

M/S Godfisken ved kai hos Steinvik Fiskefarm. Foto: Frequency Florø / Roger Anzjøn.

Server våren 2016. Ro Server skal prioritere eigarane i Godfisken, men kan ta andre oppdrag ved ledig kapasitet. Effektivt og forutsigbart Dette lusesamarbeidet har vore ein stor suksess, og at avstanden mellom eigarane er så kort har gitt stor effektivitet og god beredskap. Reiarlaget har dessutan god kompetanse og erfaring med oppdrett, og eigarane blir flinkare til å dele kunnskap og erfaring. Bløggebåten Godfisken Våren 2019 var bløggebåten Godfisken ein realitet for dei samarbeidande oppdretta-

rane. Båten som ser ut som ein «mini-supplybåt» skal brukast som bløggebåt for eigarane. Den er bygd som eit ankerhandlingsfartøy og vil også nyttast ved fortøying og notskifte. Det er reiarlaget Sjøprodukt som skal drifte båten, og den er klar for oppdrag frå sommaren 2019. Betre fiskevelferd – mindre stress Bløggebåten vil gjere slaktinga meir effektiv, og både oppdrettarane og Mattilsynet er einige om at det er betre at fisken blir transportert etter avliving (bløgging) enn før. Med bruk av bløggebåt unngår ein fleire operasjonar med lasting og lossing, og dermed færre påkjenningar for fisken. Fartøyet vil ivareta fiskevelferd, smittesikring, hygiene, miljø og kvalitet på ein optimal måte. Sjøprodukt og Godfisken vil sysselsette 10 personar som går to skift om bord.

M/S Godfisken som er eigd av Godfisken AS vart døypt på «Open dag» på Steinvik Fiskefarm 11. mai 2019. Alle dei 12 eigarane var samla til dåpsfest i Florø. Foto: Frequency Florø / Roger Anzjøn.

GODFISKEN Godfisken AS Steinvik, 6940 Eikefjord www.laksiflora.no

31


Fjordpipe Rør

havbruk vvs bygg

A til Å - www.atilaa.no

Fjordpipe har sidan starten i 1986 basert seg på prefabrikkering og montering av komplette rørsystem til skips- og landbasert industri, i hovudsak på Vestlandet.

Industri • Maritimt • Offshore VVS-sprinkler • Havbruk Fjordpipe AS - 6940 Eikefjord Tlf. 57 74 90 55 - E: post@fjordpipe.no - www.fjordpipe.no 32

LAKS I FLORA


AQUA SEAPRO

Aqua Seapro fiksar alt Det er ingenting som er umulig, er slagordet til Hallvard og André Espeseth i firmaet Aqua Seapro. Dei er lokalisert på Askrova, men bistår oppdrettarar frå Stadt til Bergen. Med den praktiske katamaranbåten Solkongen tar dei på seg alle slags oppdrag frå slep til notvask og inspeksjon. Far og son Espeseth er heile tida på farten og kan vise til ei mangslungen portefølje av oppdrag. Det heile starta med satsing på blåskjel i 2000. Då dette viste seg å ikkje vere liv laga snudde karane frå Askrova seg rundt – og har sidan drive med service for oppdrettsnæringa. I tillegg blir båten brukt ved septiktømming på øyane i Flora, og tek på seg ulike transportoppdrag for bedrifter og folk flest. Vask og film André kan fortelje at dei gjer mykje meir enn berre å frakte og heise. Mellom anna så har dei spesialutstyr for å spyle oppdrettsnøtene i sjøen. Med ein Yanmar notvaskar frå Østerbø Maskin klarer vi å vaske nøtene på ein skånsam måte, på same tid som vi tar www.laksiflora.no

oss av inspeksjon og filmar eller fotograferer nøtene. Vi har ROV undervasskamera og leverer frå oss både film og 3D bilde av merdane og sjøbotnen. Både oppdrettarar, entreprenørar og utbyggarar brukar oss til kartlegging av sjøbotnen. Transportoppdrag for dei veglause Når oppdrettarane skal skifte nøtene, eller når desse skal hevast i samband med flytting av fisk eller lusebehandling er Espeseth-karane på pletten. Båten vår Solkongen er veldig fleksibel, og i desse dagar er ei påbygging av båten klar på teiknebrettet. Så etterkvart kan vi ta på oss større og meir omfattande oppdrag. Dagens båt har kapasitet på 10 m3 med betong og blir mykjebrukt til frakting av materiale ved husbyg-

ging i øyane. I tillegg tar vi på oss oppdrag som slep av merdar, lektarar og båtar. Det er berre å spørje oss, seier Halvar, det meste kan løysast.

6919 Tansøy Telefon 958 83 030 post@aquaseapro.no www.aquaseapro.no Frå august blir vi å finne på Horne Brygge. Snakk med Trine Pedersen, mobil 920 94 956 33


bbservicesystem.no

BB ServiceSystem – kvalitet siden 1987

A til Å - www.atilaa.no I Foto: Photoevent

FISKEHELSTETJENSTER – MILJØTJENESTER – RÅDGIVING – BRØNNBÅTKONTROLL

A til Å - www.atilaa.no

Et helthetlig perspektiv på havbruksproduksjon, fiskehelse og miljø

Jan Arne Holm: 975 65 504 | Thomas Kloster-Jensen: 916 99 711 Synnøve Åhjem: 473 34 568 | www.fishguard.no BERGEN – FLORØ – SMØLA – LEKNES – HARSTAD – REYKJAVIK 34

LAKS I FLORA


ALDEN HAMNEOMRÅDE

Det digitale havrommet Prosjektet med marine grunnkart sikrar farvatnet og hjelper oppdrettarane, og første steg på vegen med å kartlegge sjøbotnen var ferdigstilt våren 2018. Då var Selje, Vågsøy, Bremanger og delar av Flora kartlagt. Elisabeth Aune som er prosjektleiar for Fylkeskommunen fortel at med det nye prosjektet som skal vere ferdig i 2022 vil havbotnen i heile Flora og kysten av fylket vere kartlagt. Bakgrunnen for kartlegginga er fylket si strategiske plan for kysten. Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) har på oppdrag frå fylkeskommunen og mellom anna Flora kommune utarbeidd marine grunnkart over sjøbotnen. Det vil seie at dei har kartlagt botnsediment og laga temakart for ankringsforhold, hellingsgrad, gravbarheit og botnfellingsområde og gitt oss kart over det vi ikkje ser. Digitalt verktøy Dette er viktige digitale verktøy hamnevesenet, andre offentlege instansar og ikkje minst for havbruksnæringa, meiner hamnesjef Linda Mortensen Midtbø. Når prosjektet er ferdigstilt vil vi vere det einaste fylket som har heile sjøarealet dekka av slike kart. Anders Espeset som er kommunen sin representant i styringsgruppa fortel om stor interesse frå næringsaktørane, som også er delaktig i finansieringa.

www.laksiflora.no

• •

• Finansiering marine grunnkart DEL 2: Totalkostnad på ca. 12 millionar NOK: • NGU 50 % • Fylkeskommunen 42 % • Resten dekka av kommunane og næringsaktørane • Alden hamneområde dekker bidraget til kommunane som deltek i prosjektet Medlemskommunar i Alden hamneområde: • Askvoll • Fjaler • Flora • Førde • Gaular • Hyllestad • Naustdal Marine grunnkart gir: • Betre kunnskapsgrunnlag for fiskeri, fiskeoppdrett og forvalting av marine artar • Basis for kartlegging av biologisk mangfald, naturtypar og miljøtilstand i botnsedimentet.

• • • •

Oversikt over botnforhold og ressursar, t.d. skjelsand og grusførekomstar. Oversikt over skred og skredfare på havbotnen. Kunnskap knytt til installasjonar og utbygging på sjøbotnen og i strandsona. Kunnskap om sjøbotnen i samband med deponi av forureina masse / gruveavfall. Bakgrunnskunnskap og grunnlagsdata ved naturkatastrofar og skipsforlis. Grunnlagsdata for målretta havforskning. Her finn du karta: mareano.no ngu.no fylkesatlas.no

A HAMN OR K FL

F

Delfinansiert av Alden Hamneområde Flora kommune er med i Alden hamneområde, som tek inn anløpsavgift av alle

båtar som kjem inn i farvatnet, uansett kva kai dei legg til, fortel hamnesjefen. Denne avgifta er øyremerka til å gjere farvatna i medlemskommunane trygge og tilgjengelege. Pengane kan faktisk ikkje brukast til noko anna. Det er desse midlane som finansierer kommunen sin del av utviklinga av dei marine grunnkarta. Av andre ting dei har finansiert er utdjuping ved Værlandet, sjømerking av Førdefjorden og utdjuping av leia i Flora.

w

w

Enklare å vurdere lokalitetar Karta er utarbeidde av NGU, og er basert på svært detaljerte djupnemålingar. Karta er fritt tilgjengelege på internett, og kan studerast på nettsidene til mareano.no, ngu. no og fylkesatlas.no – og brukast i eigne karttenester eller lastast ned for vidare analyse. For havbruksnæringa vil denne digitale dokumentasjonen bety sparte ressursar og tid, og det vil gjere det lettare å finne eignelege lokalitetar og ankringsplassar før ein set i gang med større søknadsprosessar.

Dei marine grunnkarta vil gjere jobben med å finne eignelege lokaliteterar for havbruk enklare og tryggare, meiner prosjektleiar for marine grunnkart i fylket Elisabeth Aune, hamnesjef i Flora Linda Mortensen Midtbø og Anders Espeset som har hatt prosjektansvar i Flora kommune. Foto: Kristin Leirvåg

o w.f lorohamn.n

Fugleskjærskaia, 6900 Florø Telefon 57 75 67 40 hamn@flora.kommune.no

35


A til Å - www.atilaa.no I Foto: Vidsyn Media

Vi utfører reparasjon, vedlikehold og modifisering av skip og rigg, så vel som nybygging av offshore- og spesialfartøy. Vi har en dyktig og erfaren arbeidsstokk som dekker alle disipliner. Våre store haller og utmerket beliggenhet på kysten av Sogn og Fjordane med god kapasitet, inkluderer vårt målområde også bygging av subsea og offshore stålkonstruksjoner. Vi bestreber oss på å levere tjenester av høy kvalitet innenfor avtalt tid og budsjett.

Salmon, trout and cod Our mission is to be a preferred supplier of high quality and cost effective salmonproducts, by seeking and selecting partnerships with the most reliable farmers. This will ensure highest standards of customer satisfaction, and long lasting relationships based on ethics and values

A til Å - www.atilaa.no

WESTCON I FLORØ er et veletablert verft med lang historie

Westcon Florø er sertifisert ihht NS-EN ISO 9001:2008 og NS-EN ISO 3834-2. I tillegg til dette er vi sertifisert i Achilles og StartBANK. Phone: +47 90265555 - www.kjellsea.no Westcon Yards AS, Florø Ole Aaserudgate 7, 6900 Florø firmapost@westcon.no Telefon: +47 57 74 68 00

WESTCON.NO

A company certified by the standards Global G.A.P

Fisken først

I Frøy jobber vi på fiskens premisser. God fiskevelferd er bærekraftig og lønnsomt. Med fisken i fokus, utvikler vi i felleskap morgendagens blå næring.

NCS AS NCD AS NCE AS

FRØY REDERI AS FRØY AKVARESSURS AS FRØY AKVASERVICE AS

Maritim Kompetanse Servicebåter Dykking ROV Kabellegging Sjøentreprenør

FRØY VEST AS FRØY VEST REDERI AS

SEADIVE AS

froygruppen.no Frøy Vest AS - Adresse: Evja Industriområde, 6718 Deknepollen. Tlf: 57 85 00 00. post@froyvest.no 36

LAKS I FLORA


www.origod.no

ORIGOD – den fleksible samarbeidspartneren i Førde og Florø

Døgnbemanna vakttelefon 940 15 823 918 08 644

Mekanisk avdeling

Kurs i Førde og Florø

Produksjonsavdelinga vår kan tilby eit bredt spekter av mekaniske varer og tenester. I mekanisk avdeling er det godt kvalifiserte medarbeidarar, og vi har en moderne maskinpark og lang erfaring innanfor aluminium, rustfritt og syrefast. Vi har moderne lokale og ein god og moderne maskinpark med konvensjonelle og CNC-styrte maskiner. Avdelinga utfører produksjon innan alle materialtypar, som vanlig stål, rustfritt stål og aluminium.

Vi har stor portefølje med kurs. Vi leverer kurs til næringslivet, dette har vi lang og god erfaring med. Sentral plassering i Førde og Florø med moderne kurs og øvingslokalar. Vi har alt nødvendig og godkjent utstyr. Det er sertifiserte kursleiarar for gjennomføring av kursa. Alle våre kurs har enkel lunsj inkludert i prisen. Origod er godkjent som opplæringsvirksomhet av Norsk Sertifisering AS

FØRDE Tlf. 57 83 36 00 Besøksadresse: Øyrane 2 A til Å - www.atilaa.no I

www.laksiflora.no

Foto: Photoevent

Eigedomsvedlikehald i Førde og Florø Vi har lang erfaring med all slags vedlikehald av eigedom – og gjer jobbar både for det offentlege, næringslivet og for private. Har du ein jobb du vil ha utført – så snakk med oss. • Renovasjon • Eigedomsvedlikehald • Kosting, spyling og fasadevask • Grøntvedlikehald • Transport / flytting

FLORØ Tlf. 57 75 21 40 Besøksadresse: Industrivegen 37


«Målet vårt i Ocean Electronics er å følgje kundane gjennom eit fartøy si levetid – uavhengig av fartsområde»

OCEAN ELECTRONICS

Installasjon, service og driftsvedlikehald Sigurd Solberg AS og Måløy Radioforretning slo seg saman frå 1. januar 2018. Med rundt 18 tilsette vil vi vere mellom dei større selskapa i landet innan maritim elektronikk. Samanslåinga gjer oss meir fleksible og tilgjengelege. Dette blir ein vinn – vinn situasjon for oss og kundane. Marknaden vi jobbar i, er syklisk og det svingar med arbeidstilgang i periodar. Når fiskebåtane er inne til lands for levering og mannskapsskifte er det viktig at vi kan stille på kort varsel – der dei er. Livslang service Målet vårt i Ocean Electronics er å følgje kundane gjennom eit fartøy si levetid – uavhengig av fartsområde. Med fagfolk både i Florø og Måløy blir det enklare å yte god service til båtane der dei er. Det gir oss og moglegheita til å spisse kompetansen vår innanfor eit større spekter av maritim elektronikk – og i tillegg satsar vi på import av nisjeprodukt. 38

Nye oppgåver Viktige satsingsområde for Ocean Electronics er installasjon på nybygg, ombygging, driftsvedlikehald og service. Samtidig vil vi satse på nye marknader som sikkerheitssystem for hamner, oppdrettsanlegg og andre marine næringar. Rask utvikling Det er to godt vaksne spesialistar på maritim elektronikk som no blir til ei bedrift. Birger Silden i Måløy og John Sigurd Solberg i Florø har stor tru på framtida, og at dette er ei løysing som vil vere positiv for kundane.

Ocean Electronics leverer alt av elektronikk til fartøy • • • • • • • •

Navigasjon og styring Maritim Radio / GMDSS Fiskeleitingsutstyr Satellitt TV / antenneutstyr Bruløysingar Satelittkommunikasjon V-Sat Alarmsystem / overvaking Teknisk tegning / dokumentasjon

LAKS I FLORA


Ocean Electronics, her representert ved f.v. Martin Solberg, Helge André Solibakke, Birger Silden, John Sigurd Solberg og Maxim Grachev legg vekt på at Ocean Elctronics vil vere ein god samarbeidspart for kundane.

Revolusjonerande utvikling

- krev fagkunnskap og fleksibilitet Det har skjedd ei formidabel utvikling i fiskeria dei siste åra, og mykje av det har skjedd på elektronikksida. Dei tilsette hos Ocean Electronics må heile tida halde seg oppdaterte på utviklinga, og med dobbel stab satsar vi på å bli endå betre og meir tilgjengelege. Vi har ei fagsterk bemanning som består av ingeniørar, teknikarar og saksbehandlarar, med mange års erfaring i faget. Vi legg vekt på å vere mobile og møter opp der det trengs – når det trengs. Vi er sjølvsagt opptatt av å halde oss fagleg oppdaterte. Etter samanslåinga har vi fått betre kapasitet, og er meir fleksible på service- og installasjonssida. Kompetanse og service er avgjerande for kundane våre.

www.laksiflora.no

39


HAVNEBUKSERING - SLEPEOPPDRAG ASSISTANSE - BERGING

A til Å - www.atilaa.no

Vi har som mål å skape den beste lokale handleopplevelsen for deg!

Steinar Svardal 936 30605 • Butikk 57 74 15 12 / 57 74 41 17 E-post: eurospar.krokane@spar.no

Duty 24/7: +47 99542444 Office: +47 57 74 49 50 www.tugs.no

Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter (MMR Ocean Blue) skal styrke næringslivet i regionen gjennom å formidle, utvikle og gjennomføre FoU-prosjekt og bygge næringsrelevant FoUinfrastruktur. MMR Ocean Blue utvikles i tett samarbeid mellom den marine næringen og det akademiske miljøet innen marin sektor. Vi har ambisjoner om at MMR Ocean Blue i løpet av en tiårsperiode vil bygges opp til et forskningssenter med ca. 35 ansatte.

MMR OCEAN BLUE er et samarbeid mellom marine bedrifter, Biovitenskaplig fakultet (BIOVIT) på Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) og Måløy vidaregåande skule. Det er også åpent for samarbeid med andre utdanningsinstitusjoner.

Vestlandets sitt marine ressurssenter

MMR OCEAN BLUE er et praktisk eksempel på hvordan næringsliv og akademia kan jobbe sammen. Initiativet til denne etableringa kom fra næringslivet, som er store brukere av FoU tjenester. I dag må disse kjøpes utenfor vår region, og det er et sterkt ønske i det lokale næringslivet om å kunne kjøpe denne type tjenester lokalt. Dette krever imidlertid at vi bygger et forskningssenter som er av høy kvalitet i internasjonal målestokk.

Vi blir på Laksens Dag

Les mer om Måløy Marine Ressurssenter her: www.mmroceanblue.com

mmroceanblue.com 40

LAKS I FLORA


NORWELL

Meir samarbeid og gode relasjonar Vi i Norwell er til for oppdrettarane - og er deira salsorgan. Så enkelt er det, seier Ingrid Kassen, som leiar bedrifta som har selt laks sidan 1996. Samarbeid er eit viktig stikkord for drifta vår, og vi er opptatt av å bygge gode nettverk både mot oppdrettarane som vi kjøper fisken av og mot kundane ute i verda. I 2019 reknar Norwell med å selje 30.000 tonn fisk, og vi satsar på framtida ved å styrke salsteamet vårt med 2 nye medarbeidarar Vi jobbar kontinuerlig med å nå fram til nye kundar og nye marknader, og no er vi klare for å handtere eit større volum. Med verdiane ærleg, raus og kompetent i botnen har vi heilt sidan starten jobba for å auke verdiskapinga for oppdrettarane. Alle dei tilsette – som no tel 15 personar – har lidenskap for næringa og er fagleg dyktige. Vi må alltid vere tilgjengelege og vi må vere tett på både oppdrettar og kunde. Det er avgjerande for å lukkast i ein konkurransesituasjon som stadig blir hardare.

“Relasjonsbygging og god kjemi er viktig i vår marknad, det har vi lagt vekt på heile vegen” Samhandling i heile verdikjeda Relasjonsbygging og god kjemi er viktig i www.laksiflora.no

vår marknad, det har vi lagt vekt på heile vegen. Det er oppdrettarane og slakteria vi sel til kundane våre ute i den store verda, og det er ein stor styrke at vi har oppdrettarar på eigarsida og at vi er medeigarar i slakteri. Kundane våre – som er både røykeri, sushirestaurantar og store matvarekjedar - kjenner oss og veit at vi leverer jamn kvalitet og eit stabilt volum. Bindeledd mellom produksjon og marknad Det vi og kundane våre set aller mest pris på er å få besøke oppdrettarane. Dei utanlandske kundane våre er overraska over at forholda i Norge faktisk er like bra som reklamebilda viser. Mange av eigarane våre er familieigde sjølvstendige oppdrettarar som har halde på sidan tidleg på 80-talet. Dei har opparbeidd seg viktig kunnskap og erfaring, om produksjon av fisk i reine norske fjordar. Samtidig legg vi vekt på å utveksle kunnskapen vår om kva krav kundane har. Vi er heldige som får vere eit bindeledd mellom produksjon og marknad. Samarbeid og effektivitet Florø – og etterkvart Kinn – er ein ideell stad å vere plassert i lakselandskapet, mei-

ner sjefen på Norwell. Det er kort veg mellom oppdrettarar, slakteri, flyplass og fôrfabrikk. Potensialet er stort for endå meir samarbeid enn det vi ser i dag. Vi er fornøgde med dagens drift, men vi ønskjer å utvide samarbeidet, og vil gjerne ha fleire oppdrettarar med på laget. Det er viktig for oss å ha fiskeoppdrettarane med på eigarsida, og samtidig er det viktig at vi kan samarbeide om felles utfordringar. Samarbeid og effektivitet heng tett saman.

Norwell: • 70% eigd av oppdrettarar • 30% eigd av dei tilsette • Omsetnad på 1,7 milliardar

Fugleskjærgata 8, 6905 Florø Telefon 57 75 20 00 post@norwell.no 41


Shutterstock

I LETT BRIS OG FULL STORM HAV Vi har vore ein viktig støttespelar for fiskeri- og havbruksnæringa så lenge vestlendingane har sett mot havet. Det skal vi fortsetje med. Som bedriftskunde hjå oss får du eit eige team som består av dyktige rådgjevarar med spisskompetanse innafor ulike fagområde. Har du ein god idé eller eit prosjekt du ynskjer å diskutere, ta kontakt med Kjetil Søvik på kjetil.sovik@spv.no eller tlf.: 957 51 268.

42

LAKS I FLORA


BÆREKRAFTIG LAKS STARTER MED BÆREKRAFTIG FÔR! HEALTHY SEAFOOD FOR FUTURE GENERATIONS

WWW.EWOS.NO www.laksiflora.no

43


Florø Bil & Havneservice BENSIN • MARINE GASSOLJE • FARGA DIESEL FYRINGSOLJE • SMØREMIDLER • KJEMIPRODUKT

Foto: Romvesen / A til Å

BUNKRING STØRRE FARTØY

BUNKRING MINDRE BÅTER

BUNKRING Florø Bil & Havneservice

Florø Bil & Havneservice er et bilverksted for person- og lastebil. Vi leverer drivstoff og smøreoljer til offshore, marine, industri og private.

Strandavegen 19, 6905 Florø Tlf. 57 74 05 30 www.fbh.as 44

LAKS I FLORA

A til Å - www.atilaa.no

Til større fartøy fra Fugleskjærskaia. Mindre båter fra egen flytebrygge.


ØYVIND KRÅKÅS, HAVBRUKSPARTNER

Ei næring i stadig utvikling Dei fleste har fått med seg at havbruksnæringa har hatt ein sterk vekst gjennom 90- og 2000-talet, men det kan vere vanskelegare å halde seg oppdatert på kva som påverkar utviklinga i næringa. Veksten har aldri hatt form av eit frislepp, men ei moderat tildeling av ny kapasitet og ei stadig effektivisering av produksjonen. Kan ein ha kome til eit vendepunkt no? Konsesjonsordninga har vore ein effektiv stoppar for at næringa har kunne vekse som den ynskjer, og at nye aktørar kan kome inn. Dette har ofte vorte oppfatta som ein hemsko for aktørane, men det har og fungert som ein garanti mot overproduksjon. Tradisjonelt var det nettopp frykta for overproduksjon som var motivet for å dempe veksten, men i dag er det miljøomsyn som held attende tildelinga av nytt produksjonsvolum. Produksjonsvolumet er regulert gjennom maksimalt tillaten biomasse (MTB) ståande i sjøen til ei kvar tid. Det er opp til bedriftene å utnytte dette vindauget best mogleg.

“Landbasert fiskeoppdrett blir av mange lyfta fram som framtida” Og utnyttinga av produksjonskapasiteten har blitt stadig betre, heilt fram til dei næraste åra. Betre fôr, vaksiner, målretta avl, kameraovervaking og automatisert fôring er mellom endringane som har sett havbrukarane i stand til å vere meir produktive, saman med ein stadig aukande kunnskap om laksen som husdyr. Effektive vaksiner mot utbreidde sjukdomar har berga bransjen gjennom tøffe år. Med hjelp av desse fekk ein avgrensa dødelegheita og redusert antibiotikabruken til eit minimum. Risikoen gjekk ned, dyrevelferda vart betre. Næringa vart sunnare. Større tap og utflating av produksjonen Dei siste åra har denne utviklinga dessverre hatt tilbakeslag. Ein er ikkje i nærleiken av katastrofetapa på 80- og 90-talet, men tapa av fisk undervegs i produksjonen er for høge. Kvifor? Meiningane er mange. Tøffare og hyppigare handsaming av fisken (lusebehandlingar), mindre effektive vaksiner, dårlegare fôr og dårlegare smolt er mellom årsakene som vert peika på. www.laksiflora.no

Dei siste åra har ein sett ei utflating av produksjonen på landsbasis. Har vi nådd ein historisk topp? Mange ting tilseier at vi framleis vil kunne produsere meir laks i Noreg, verdas desidert største lakseprodusent. Utfordringane er biologiske, regulatoriske og økonomiske. Land eller sjø, eller land og sjø? Landbasert fiskeoppdrett blir av mange lyfta fram som framtida. Som den merksame lesar vil vite, er dette også ein del av fortida og notida. Laksen byrjar sitt liv i ferskvatn, for oppdrettslaksen sin del i kar på land. Smoltproduksjonen skjer på land (og nokre få stader i nøter i ferskvatn). I dag snakkar ein og om postsmoltproduksjon. Dette er fisk som får overgangen til saltvatn i lukka anlegg. Å produsere større fisk på land, vil kunne gje kortare produksjonstid i opne sjøanlegg. Dette avlastar sjøarealet, og mange meiner det og gir ein meir levedyktig fisk i sjøfasen. Viss dette er rett, vil ein kunne minke dødelegheita, og produsere meir fisk utan å ta i bruk meir sjøareal eller ha meir biomasse ståande i nøter i sjø. Samstundes er det ein diskusjon om kor mykje produksjon som er ynskjeleg på land, kontra å produsere i flytande variantar av lukka anlegg. Desse vil krevje mindre grunnarbeid og inngrep på land, men sjølvsagt vere meir eksponerte mot vèr og vind. Pr. i dag er det regulatoriske hinder mot ei storstilt investering i lukka sjøanlegg. Desse må kjøpe konsesjon på lik linje som opne anlegg, medan landanlegg kan få tildelt konsesjon utan andre kostnader enn søknadsprosessen. Dette har mykje å seie for reknestykket over kva det vil koste å produsere fisken.

Taper Noreg sitt hegemoni? Det vanskelegaste å spå om er framtida. Ny kunnskap og ny teknologi kan velte om på dei sanningane vi i dag forvaltar etter. Ein kraftig driver for utviklinga er konkurranse. Dei gode prisane på fersk laks har fått mange til å utvikle eigne konsept for produksjon, over heile verda. Kina produserer eigen laks, i USA byggjer norske gründerar landbaserte anlegg. Likeins i Dubai. I Sør-Afrika, Israel og Polen byggjer ein opp lakseproduksjon. Mange snakkar om premissar sette av biologi, teknologi og geografi. Færre snakkar om marknaden, der mange av spørsmåla til sjuande og sist vil få sitt svar. Vil den globale auka i produksjon senke prisane på kort sikt, eller vil etterspørselen vekse nok til å ta unna? Stenginga av den russiske marknaden synte at laksen kan finne nye vegar fort. Vil dei store marknadane begynne å selektere på nye ting, som produksjonsmetode eller ulike miljøkrav? Nokre meiner at vi vil sjå ein meir oppdelt marknadssituasjon for laks framover, der «norsk laks» ikkje er eit varemerke på same måten som i dag. Det vi veit, er at norsk lakseproduksjon frå 1960-talet og fram til i dag har gjennomgått enorme endringar, og styrka seg økonomisk, teknologisk og i si globale betydning. Spørsmåla næringa og styresmaktene må stille seg er korleis ein skal vekse, og kvifor ein skal vekse. Ein vil bli nøydd til å levere på mål som samfunnet set for produksjonen. Og på same tid: i diskusjonen om større volum, må ein ikkje gløyme krava til produktet. Det er produktet som til sjuande og sist skal bli kjøpt av menneske ein eller annan plass i verda.

Grimstadvegen 115, 5252 Søreidgrend Telefon 902 88 064 oyvind@havbrukspartner.no 45


walcon.no

walcon – et fyrtårn på kysten

Fagarbeid er styrken vår

Livet i havet – vårt felles ansvar

mekanikere rørleggere sveisere stålutrustning hydraulikk

Hugs rett fast merking av reiskap for rar fritidsfiska

Telefon 917 20 347 P.b. 1067, Ole Aaserudsgata 7 6909 FLORØ

Besøksadresse: Gate 1, nr. 180, Måløy Postadresse: Postboks 185 Sentrum, N-5804 Bergen, Norway Telefon sentralbord: 55 23 80 00 - www.fiskeridir.no

A til Å - www.atilaa.no

A til Å - www.atilaa.no

• • • • •

www.fiskeridir.no

Lurer du på hva som skjer i fremtiden? Fiskeri og havbruk Deloittes nasjonale satsing på fiskeri og havbruk har ressurspersoner langs Vestlandet fra Haugesund til Trondheim. Deloitte kan tilby spisskompetanse eller tverrfaglige team av personer med erfaring og bakgrunn fra sjømatssektoren, og som ellers jobber innen våre fagavdelinger for jus, rådgivning, transaksjonsstøtte, og revisjon. Deloitte leverer revisjon, advokattjenester, finansiell rådgivning, risikoanalyser og konsulenttjenester. www.deloitte.no Hans Jørgen Kirkeeide Florø Tlf: 958 19 044 hkirkeeide@deloitte.no

46

Rune Norstrand Olsen Florø Tlf: 952 48 004 ruolsen@deloitte.no

Anders M. Gjendemsjø Bergen Tlf. 95 70 60 20 agjendemsjo@deloitte.no

© 2018 Deloitte AS

LAKS I FLORA


www.laksiflora.no

47


Fiskehandlar Svein Bruheim og bankmann for havbruk Roger Svarstad er einige om at gjensidig tillit og ein sporty lokalbank som torer å satse er grunnlaget for suksess.

Vi treng ein sporty bank Når ei ny bedrift skal etablere seg er fasen med oppstart og dei første par åra dei mest kritiske, seier Roger Svarstad som er bankmann for fiskeri- og havbruksnæringane i Sparebanken Sogn og Fjordane. Bravo Seafood såg dagens lys i 2008, etter initiativ frå Svein Bruheim, og då var det naturleg å vende seg til den lokale banken. Det som ofte møter oss med nyetableringar er budsjett som dessverre ikkje alltid er lik den realiteten som møter ein dei første driftsåra. Med Bravo Seafood var det annleis. Dei hadde lagt ned eit grundig arbeid med forretningsplan, var samansett av dyktige eigarar og drivarar, og leverte positive tal frå starten av. Samla gode krefter Svein Bruheim minnast den første fasen med etablering og oppstart som ei svært spennande tid. Han hadde ein draum om starte opp eit eksportselskap, og fekk i første omgang to partnarar med lang erfaring med på laget. På denne tida var oppdrettstorsken i skotet, og vi var svært fornøgde med å få INC med på eigarsida, og som potensiell råvareleverandør. Å ha ein solid og risikovillig bank i ryggen var avgjerande for å kunne satse. Tillit og atter tillit Det er ei kapitalkrevjande næring, med store verdiar i omløp der fallhøgda

kan vere stor, er dei to einige om. Kreditthandteringa må vere i førarsetet, og kredittforsikring er avgjerande for å overleve. Det må gjerast eit grundig arbeid, utan kjappe snarvegar, seier bankmannen. Dei første åra skal einetablere tillit hos både leverandørar og kundar, og då er det godt å ha ein bank som stolar på at ein har kontroll. Sparebanken Sogn og Fjordane er opptatt av det lokale næringslivet, og vårt forhold til kundane baserer seg mykje på tillit, smiler Svarstad. Verdien i selskapet er trass alt først og fremst personane som jobbar der. Utfordringar og felles fokus Gründeren meiner på si side at den tette dialogen med banken undervegs og det gode teamet til Bravo har vore avgjerande for å lukkast. Alle tilsette er medeigarar i selskapet, og har dermed eit felles fokus på inntening. Vi er samansett av ulike personar som utfyller kvarandre, med ulik kompetanse

Magasinet Laks i Flora: © A til Å Grafisk Design og Media - www.atilaa.no

og bakgrunn. Eg meiner det er sunt at vi kan utfordre kvarandre og av og til ta ein diskusjon om vegvala våre – det er slik vi kjem oss framover. Vi har også hatt våre diskusjonar med banken om rammevilkåra, men vi har alltid klart å bli einige om ei fornuftig løysing. Som fiskehandlarar har vi det nok litt i blodet at vi skal diskutere marginane. Sporty bank Svingande lakseprisar og ekstra volum har til tider gitt ekstra likviditetsbehov. Då har det vore godt å ha ein fleksibel og sporty lokalbank å springe til. I starten hadde Bravo stadig behov for auka rammer, og då dei kjøpte ut dei eksterne aksjonærane stilte banken opp. Etterkvart er vi blitt meir sjølvgåande, seier Svein Bruheim - men vi har heile tida ein visjon om vekst, og vi må heile tida minne oss sjølve på at vi jobbar med store tal, store verdiar og små marginar.

Les meir om Laks i Flora på www.laksiflora.no og www.laksikinn.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.