JØLSTER

Page 1

Fjellturar og brevandring

Jølstravatnet er omkransa av nydelege fjelltoppar og dermed eit godt utgangspunkt for fjellturar. Breen har forma dalar og slipt fjella. Det er fleire fjellturar å velje mellom, noko som betyr at du vil finne ein tur som passar ditt nivå. Om du syntes bre er spennande så er det ein veldig fin tur inn til Haugabreen der du får ein fin utsikt til breen. Ønskjer du å gå på breen kan du få ein guida tur. Har du lyst på ein roleg tur etter ein lang dag kan du ta ein tur opp til dagsturhytta. Dette er ein tur som passar alle, og du får ei veldig fin utsikt over Jølstravatnet. Om du jaktar på ei Instagram venleg utsikt så er Grovanipa rette fjellet å gå på. På toppen her ser du ut over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet.

Anbefalte turar:

• Lundeskaret

• Tindefjellet

• Olahansen

• Kleivafjellet

• Orkja

• Hamnanova

• Grovanipa

Ferskvassfiske i Jølstravatnet

Jølstravatnet er kjent som eit av dei beste aurevatna Europa og den vidgjetne Jølsterauren kan du fiske her. Kombinasjonen av tilsig kaldt vatn frå Jostedalsbreen, eit rikt næringsgrunnlag og eit 30 km langt vatn med største djupne på 200 m gjev tilhøve for Jølsterauren. Fisket i vatnet er godt regulert og kvaliteten på fisken er svært god.

Årleg blir det fiska 15 tonn med Jølsteraure. starten av juni kvart år vert fiskekonkurransen og folkefesten Jølsteraurefest arrangert med heile Jølstravatnet som arena.

På Jølvassbu camping og Lunde Turiststasjon kan du kjøpe fiskekort, fiskeutstyr og leige båt. Dei er sjølv ivrige fiskarar og delar gjerne av gode erfaringar.

Jølvassbu camping: jolvassbu.no – Lunde Turiststasjon: lunde@turiststasjon.no

Fiskekort får du kjøpt for dei ulike områda på inatur.no

Topptur

Du finn ei rekke randoneefjell rundt Jølstravatnet. Eit av desse finn du innover i Ålhusdalen, like inn frå tettstaden Ålhus ved det blanke Jølstravatnet. Frå Fjellstøylen kan du starte oppturen til Gotdalsnipa på 1249 m.o.h.. Du startar på omtrent 250 m.o.h, og får nesten tusen høgdemeter med prima topptur-terreng. Frå toppen er den beste nedkøyringa nordvendt mens du ser opp på Grønlifjellet, som tilfeldigvis og er eit utmerka toppturfjell, eit godt mål for deg som søker ein lengre og råare tur.

Ein anna Jølsterklassikar like ved er eit kjent motiv frå kunstmalar Nikolai Astrup, som har foreviga «Isdronninga» fjellformasjonen Blåfjellet, Egga og Nipa. Parker ved Helgheim kyrkje og legg spora nesten frå vannkanten av Jølstravatnet opp i lia og gled deg til cruisinga ned att. Her kan du samle fleire toppar på ein dagstur.

JØLSTER

• Bolsetnipa

• Grovabreen

• Bjørga

• Tortnegrøeggja

• Bjørsetstøylen

• Dagsturhytta Fjellro

Tur med Breogfjell på Haugabreen krev ingen forkunnskapar. Daglege turar frå 18. juni til 31. august. Booking seinast 19.00 dagen før. Kontakt Breogfjell på post@breogfjell.no om du ønsker privat guide. Mer informasjon om turen finn du her: breogfjell.no/tur/haugabreen

Aktivitetar

Kvåleskajakk Kajakk, kurs og guding – kvaaleskajakk.online

Jølvassbu camping Utleige: Båt, fiskeutstyr, kajakk, kano – jolvassbu.no

Lunde Turiststasjon Utleige: Båt, kajakk/kano, fiskeutstyr, SUP-brett. Her kan du og prøve utandørs massasjebad, skytesimulator, luftgeværskyting, øksekasting, rodeo-okse, bogeskyting, fiskesimulator, lerdueskyting med laser, blåserøyr, laser-elgbane, offroad buggy og pistolskyting med laser.

lunde@turiststasjon.no

Jølstraholmen camping Utleige: Båt, El-sykkel, sykkel, kajakk, SUP-brett. Om du betalar dagspass kr 60,-, kan du benytte deg av vannsklie, bading naturbasseng, teste ut kajakk og SUP i området, ta zipline, hoppe på trampoliner, spele volleyball, teste ut interaktiv fotballvegg, dansebue og leikeplass på campingen. jolstraholmen.no/aktiviteter

Kajakk

Lurer du og din familie på kva ein skal finne på ferien? Kom til Skei Sunnfjord og padle Astrups rike. Du kan padle på det store Jølstravatnet, eller i idylliske Kjøsnesfjorden, med stupbratte fjell som omkransa vatnet. På Lunde Turiststasjon får du leige kajakk. Om du vil ta introkurs eller grunnkurs for å kunne padle på bølgene blå, eller ha guida tur til Kjøsnesfjorden kan Kvåleskajakk hjelpe deg med dette. Dei vil halde introkurs og grunnkurs for å kunne padle havkajakk i løpet av sommaren og hausten. Booking Kvåleskajakk: kvaaleskajakk.online • Booking Lunde Turiststasjon: lunde@turiststasjon.no

Rafting

Gjennom frodig og vakker natur opplever du ei frisk og utfardrande elv, med store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug magen. Jølster Rafting tar deg med på Rafting i elva Jølstra, som i bransjen er kjent for å ha ei av dei beste raftingstrekningane Nordeuropa. Åpningstider 2023: 10. – 11. juni, 24. – 25. juni, 15. – 16. juli, 12. – 13. august, 26. – 27. august. Dei tar også imot ein del gruppeforespørslar utenom, og utvalde dagar i fellesferien med stor interesse. Booking: post@jolster-rafting.no

Jølster Skisenter

Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 4000 m. Gjestane våre kan velge mellom 4 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekka Uglumheisen og Hauglandsheisen. Som gjest område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for topp og rundturar. I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen. fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor. Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover. Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafé, skiutleige og sanitæranlegg. jolsterskisenter.no

Badstu

Kva passar vel betre etter ein lang fjelltur på eit av Jølsterfjella, enn ei deilig og varm badstu? På Skei finn du Fyrig Sauna, som ligg på brygga på Skei. Her har du fin utsikt over Jølstravatnet omringa av spektakulære fjell, og utsikt over Astrup sitt rike.

På Jølstraholmen finn du badstu som ligg fint til på elvakanten med utsikt over elva Jølstra og rett ved eit lite naturbasseng.

Skei: fyrigsauna.no • Vassenden: jolstraholmen.no/sauna

A til Å www.atilaa.no Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Foto: Reisegutta.
Line
fjordkysten.no
Foto: Vanja Birkelid. Foto:
Hårklau.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

Sanddalsdalen

Vingarden på Jølst

På Vingarden på Jølst handlar alt om kva som er mogleg å få til med alle dei vestlandske råvarene. Vingarden på Jølst er hovudsete for Vestavin, ein ny og nyskapande fruktvinsprodusent. Gründer av Vestavin, Camilla Aasen, kjøpte det nedlagte småbruket i bratte bakkar over Jølstravatnet juli 2021. Sommaren 2023 kan du oppleve ein fruktvingard under oppbygging, med dyrking og produksjon av moderne fruktvin. Her kan du smake noko av det Vestavin jobbar med, og kjøpe med deg både fruktvin og alkoholfrie varer. Opningstider: Torsdag, fredag og laurdag frå 1. juli: Omvisingar med smaking kl 14.00 – 15.30, ope utsal kl 15.30 – 17.00. vestavin.no/vingarden

Mat og drikke

På Jølstramuseet finn du restaurant låven, her blir det servert à la carte meny basert på råvarer som kjøpes av lokale bønder. Signaturretten til Jølstramuseet er Jølstraørret, som dei fisker sjølv og serverer beinfri og pannestekt. Med godt handlag og kjærleik for maten ønskjer dei å gje gjestane ei god matoppleving.

På Thon Hotel Jølster finn du Jølstrastova restaurant. Her har dei à la carte med smakfulle hjemmelagde rettar. ein utvida sommarsesong byttast a la carte menyen ut med ein bugnande buffet.

Skal du ha brunsj med vennegjengen, pizza med familien eller kanskje eit glas vin med ein spesiell? Brunsj og Briller på Skei serverer både kalde og varme rettar og drikker og lar seg helst inspirere av det asiatiske kjøkkenet. Her finn du og god bakst.

Stardalen Hyttegrend har sommarkafe som er open kvar dag frå slutten av juni til begynnelsen av august (søndagar ellers året) om du vil nyte eit godt måltid og ein god kopp kaffi rolege omgivnader bygda under breen.

På Skei Servicenter og kaféen på Spar Jølstraholmen tilbyr dei dagens middag og à la carte. YX Jølstraholmen har pizza, digge signatur burgerar, CFC-fried chicken menyar, milkshake, softis, baguettar og pølser. Åpent 7 dagar veka.

Jølstramuseet

På Jølstramuseet tilbyr vertskapet Heidi og Frode den perfekte kombinasjonen av kunst, bygdemuseum, god atmosfære og kortreist mat. Grunnleggaren av Jølstramuseet, Eivind Fossheim som er Heidi sin bestefar, hadde ei sterk interesse for historie, bruksgjenstadar og byggeskikk frå Jølster. Han ynskte å skape eit bygdemuseum, der gjenstandar og hus frå Jølster skulle samlast og visast fram for etterkommarane. Tunet har tilsaman 13 hus omkransa av ein frodig naturhage. galleriet på låven er det ei mangfaldig salsutstilling. løpet av sesongen blir det arrangert utstillingar med ulike kunstnarar, både lokale og nasjonale. jolstramuseet.no

Astruptunet

Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880 – 1928), som er ein av Norges mest kjende nasjonale kunstnarar. Han skapte nokre ikoniske portrett av bygda si, Nikolai Astrup. Besøker du Astruptunet kan du stå der han sto ved staffeliet, og kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadene. Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar og har løpet av dei siste fem åra hatt lanseringar England, Tyskland, USA og Sverige. misf.no/astruptunet

Eikaasgalleriet

det moderne galleriet ved Jølstravatnet/E39, finn du kunst av den nyskapande Ludvig Eikaas og andre kunstnarar. På Eikaasgalleriet kan du sjå store deler av kunsten Ludvig Eikaas (1920-2010) skapte – som elles er å finne i København, New York, Paris, Firenze og kunstmuseum Noreg. Jølstringen Eikaas vert rekna som ein av etterkrigstida sine mest markante biletkunstnarar. Han var ein pionér innanfor modernismen Noreg frå slutten av 1940-talet. misf.no/eikaasgalleriet

Sykkeltur

Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte sykkeldestinasjonen. Sykle langs sørsida av Jølstravatnet. Denne ruta byr på idyllisk landskap på lite trafikkerte, og flat bilveg. Kombiner sykkelturen med eit stopp på Astruptunet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup, som er ein av Norges mest kjende nasjonale kunstnarar. Vil du ha ein kort og lett tur kan du sykle frå Skei til Sægrov og tilbake igjen. Du startar ved enden av Jølstravatnet, med utsikt mot nær sagt heile Jølstravatnet før du etter ei lita stund syklar inn langs Kjøsnesfjorden der du får sjå dei bratte fjella stupe ned og spegle seg det klare vatnet. Inst i Kjøsnesfjorden ser du også Jostedalsbreen. Deler av turen går på grusveg.

Golf

Sunnfjord Golfklubb inviterer deg til ei spanande oppleving på ei utfordrande 9-holsbane med doble utslag (par 72). Fasilitetane inkluderer driving range, kortholsbane, treningsgreen og bunkerområde. På klubbhuset finn du kaffiautomat, toalett og fasilitetar og ein velutstyrt proshop. Sunnfjord GK vart stifta i 1992 av lokale ildsjeler. Bana i Bjørkelia stod klar sommaren 2001. dag har Sunnfjord Golfklubb mange aktive medlemmer, og ein dyktige instruktørar som arrangerar kurs/opplæring og kan skaffe alt av utstyr (GoosenGolf) gjennom butikken klubbhuset. sunnfjordgk.no

OVERNATTING

For informasjon om overnatting i Jølster, sjå fjordkysten.no

Syskarnipa Kupefjellet Steinegga Berg Stranda Botnen Angedal Tindefjellet Svidal Solheim Strand Hammar Garden Gjesdalen
Langhaugane Kvamsfjellet Vassenden Astruptunet Myklebust Orkja Dvergsdalen Sunde Langeheia Vika Skei Fygla Skrede Fossheim Storefjell Erikstad Skruklefjellet Juklestad Hegrenes Kvammen KART. ELLEN JEPSON Isvatnet Sandal E 39 5690 Helgheim E 39 E 39 5688 Troget Jostedalsbreen Nasjonalpark Byrkjelo 5 Kjøsnes 5690 lhus
Foto: Fotograf Helle.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Sunnfjord Golfklubb. Foto: Thomas Bickhardt. Foto: Falkeblikk.
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.