HYLLESTAD

Page 1

Båtutleige

FjordKick: Tlf. 97962230 • www.fjordkick.no

Aktivitetar

FjordKick tilbyr båtturar, fisketurar, sightseeing og toppturar til Lifjellet og Alden. Tlf. 979 62 230 • www.fjordkick.no

Fisking ferskvatn – dei fleste stadar treng ein ikkje fiskekort.

SUP utleige – Tlf. 57 78 89 20, post@hotelsognefjord.no

Bubilcamp

• Sognhostel, ved Salbu, Sørbøvåg • sognhostel.no

• Birkeland Camping ved Aksevatnet.

Viking Footprints

Ein smak av livet vikingtida Hyllestad. Her kan du utforske vikinghagen, lære om planter og gardsliv i vikingtida, prøve historiskehandverksteknikkar, og prøve deg på øksekasting og bogeskyting. Du får lære om den ekte vikinghistoria, og ha det moro med viking-aktivitetar.

Informasjon og booking: tlf. 939 42 454 • www.vikingfootprints.com

Mat og drikke

Hotel Sognefjord har blitt kjend for heimelaga middager, saftige burgarar, pizza og is. Du kan nyte eit avslappande måltid og restauranten og puben med utsikt over Bøfjorden. Om sommaren, kan du kose deg på terrassen ved båthamna.

Kvernsteinen Pub, FjordKick Sørbøvåg • Prestegarden sommarkafé

Hjertebladhagen

Hjertebladhagen er ein vakker visnings- og inspirasjonshage kvar du også finn ein hage- og interiørbutikk med eit heilt unikt vareutvalg. Vil du ha ein timeout frå kvardagen kan du kombinere besøket med overnatting det sjarmerande lille bestemorshuset, Vesterheim, som ligg naturskjønt til ved Åfjorden. Hjertebladhagen er ope heile sommaren: Torsdag: 15.00 – 19.00, Fredag: 12.00 – 16.00, Lørdag: 12.00 – 16.00, Søndag: 12.00 – 16.00. Ellers etter avtale.

Geo løyper

Hyllestad kan vi sjå spor etter kollisjonen mellom to jordplater (kontinent). Ein formidabel, men langsam kollisjon som resulterte ei stor og høg fjellkjede: Den kaledonske fjellkjeda. På geopunkta Hyllestad finn du små fortellingar som kan sporast attende til denne dramatiske historia. Hefte med oversikt over geopunkt finn du i ein eigen postkasse på parkeringsplassen ved SPAR Hyllestad.

Kajakk

Ta deg ein tur mellom holmar og skjer langs kyst og fjord, eller på flotte vatn i kommunen. Padling passar for dei fleste, og du kjem tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplever.

Utleige av kajakk: FjordKick, Sørbøvåg • tlf. 979 62 230 • www.fjordkick.no

Kvernsteinsparken

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er tilgjengeleg. På sommaren kan du bli med på spennande aktivitetar i Kvernsteinsparken:

• Gå tur på vår nye løype gjennom det imponerande steinbrotlandskapet med spennande og morosame stasjonar. Den første delen av løypa er universelt utforma.

• Ta med dei yngste på tur gjennom Trollstien! Klarar du å finne trollet sin skatt?

• Mal korn med handkverna, lag din eiga brøddeig og bak flatbrød over bålet.

• Prøv deg i bogeskyting.

• Lag ditt eige klebersteinssmykke eller figur.

• Kos deg rundt bålet og nyt nybakt kvernsteinsbrød eller ei svele.

Ope 17. juni – 13. august, kvar dag frå kl. 11.00 – 17.00 misf.no/kvernsteinsparken

HYLLESTAD

Kvernhusfossen i Skor

Skor i Hyllestad finst eit av dei finaste vassbruksmiljøa i landet; ein konsentrasjon av fem lafta kvernhus og ei grindbygd vassag. Det fine med vassbruksmiljøet i Skor er at Den Trondhjemske postvei går rett ved kvernhusa. Her er mellom anna ei framifrå steinbru. Vassbruksmiljøet er ein del av eit verna naturmiljø det såkalla Botnavassdraget som har ein allsidig funksjon for fleire artar av vassfugl regionen. Det er særleg viktig som hekke- og trekk lokalitet for ande- og vadefugl. Songsvane har hekka fleire gongar. Andre sjeldsynte artar regionen som er funne hekkande i Skor er m.a. sørleg gulerle og sivsongar.

Nesje fort

Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Det var viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Sognefjorden. Difor starta marinen bygginga av Nesje fort. Formålet med fortet var kanoner som kunne nå utover Sognesjøen. Fortet ligg fint til ved sjøen og ein har full oversikt over innseglinga til Sognefjorden.

Fiske

Viss du likar å fiske har du kome til rett stad. Her kan du fiske frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar, og eit mangfald geologi og plantedekke. Hyllestad er eit eldorado for fiskeentusiastar frå heile verda. Du kan velje om du ønskjer å vere med på ein guida fisketur, eller leige båt og reise på eiga hand.

Foto: FjordKick. A til Å www.atilaa.no Lifjordvegen Myklebustlia Sæsolvegen Hyllestad kyrkje Kvernsteinsparken Myklebust Lihesten Buavika Hyllestadfjorden KART: ELLEN JEPSON Sæsol Kyrkjefjellet Nygård Kleivavatnet 200 m Hyllestadvegen Hyllestadvegen 607 Hyllestad gamle kyrkjegard Prestegarden Spar Hyllestad Geoløype (start) 607 Vassenden Kulturvandring 650 Geoløype Geoløype
Foto: Espen Mills. Foto: Mal Dickson.
fjordkysten.no
Foto: FjordKick.

Kulturvandring

Opplev historiske stadar og spanande historie gjort levande gjennom lydfortellingar. Ved hjelp av mobiltelefonen din lyttar du til fortellingane undervegs i løypa. Bli med på kulturvandring gjennom Hyllestad saman med Martha. Martha vaks opp Hyllestad rett etter andre verdskrig og har budd her mesteparten av livet sitt. Ho viser deg «sitt» Hyllestad og fortel om barndomen sin, om spanande uteleikar, harde slåstkampar mellom gutar og jenter og ein farleg tur opp til Lihesten. Startpunkt for løypa er ved Kvernsteinsparken.

Lihesten

Spektakulære Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er mest sannsynleg ein av dei mest fotograferte fjella i vår region. Fjellet har mange forskjellige stiar som du kan bruke fleire dagar på å utforske. Høgste punktet er Risnesnipa med 777 moh. Stien er krevjande, men utsikta på toppen er verdt alt strevet. Start frå Lifjorden ved Hovland. Merka tursti til Hovlandsstølen på Lihestplatået, 606 moh. Merka tursti med raude vardar videre til Risnesnipa. 5 – 6 timar T/R.

Gygrekjeften, 708 moh, er den karakteristiske spisse og dramatiske «tanna» på Lihesten, toppen lengst øst på Lifjellsmassivet mot kommunesenteret Hyllestad. Her stuper fjellveggen nærast loddrett ned i Åfjorden, medan ei einsleg tann stikk ut over avgrunnen. Gygrekjeften er målet for turløpet Lihestklyvet. Frå startplassen Lekva går det to ruter opp hit, den luftige Nipestien og den meir tilgjengelege stien om 3L-stølane. Ein rundtur opp til populære Gygrekjeften tek ca. 5 – 6 timer T/R.

Overnatting

For informasjon om overnatting Hyllestad, sjå fjordkysten.no

Sykkelturar

Rundtur Leirvik – Lavik – Leirvik

Ein fin rundtur med litt oppoverbakke og utsikt over Sognefjorden frå Hyllestad sentrum eller Leirvik via Lavikdal til Lavik og så langs Sognefjorden tilbake til Leirvik. Ca. 37 km.

Fjord & Panorama

For ein kortare tur kan du sykle frå Leirvik og langs fjorden i retning Heggebø/Lavik.

Vi anbefaler ein tur til utsiktspunktet Skogsvegen Panorama. Grusa tursti frå Heggebøfeltet til utsiktpunkt og grillhytte, ca. 35 minutt gangtid. Skilta mot Sauesnyken.

Leirvik – Kvernsteinsparken / Hyllestad

Vegen frå Leirvik til Hyllestad er ca. 7,5 km. mesteparten i lett kupert terreng men med eit brattare parti omlag midtvegs. Vi kan også anbefale ein avstikker til Birkeland Camping. Her er det mogleg å leige kano/kajakk for ein padletur på Aksevatnet.

Sørbøvåg – Hyllestad

Vegen mellom Hyllestad og Sørbøvåg er ein fin sykkeltur på asfaltert veg, langs vakkert fjordlandskap i lett kupert terreng. Fint å kombinere med ein tur innom Kvernsteinsparken. Ca. 12 km ein veg.

Sykkelutleige

FjordKick, Sørbøvåg • tlf. 979 62 230 • www.fjordkick.no Hotel Sognefjord • tlf. 57 78 89 20 • post@hotelsognefjord.no (elsyklar)

Sognhostel • post@sognhostel.no • sognhostel.no

Turistinformasjon

Det er sommaropen turistinformasjon Kvernsteinsparken 17. juni – 13. august, kvar dag frå kl. 11.00 – 17.00. Tlf. +47 458 71 940. Visitor Point ved FjordKick, Sørbøvåg, Ope 9.00 – 20.00 (18.00).

Porten, på vestsida av Lihesten, er ei idyllisk perle med eit godt ivareteke kulturlandskap og spanande historie, men også eit levande og velholdt gardsbruk. Vertskapet på Porten Gard tilbyr både korte og lenger guida fjellturar frå Porten og opp på Lihesten.

Turstiar

Sørefjordhytta, 260 moh er Hyllestad si dagsturhytte, og eit populært turmål. Hytta ligg like ved stien til Hesjetinden, og ein har nydelig utsikt mot Lihesten og Åfjorden. Parker på Akse. Turen er 1 km og tek om lag 25 minutt.

Hesjetinden, 490 moh

Turen er på knapt 2 km fjellterreng med jamn stigning frå Botnen ved Markhus. Flott utsikt mot Åfjorden og Lihesten.

Rossvikheia, 301 moh

Start ved Aksevatnet / Birkeland. Første delen av turen går langs Den Trondhjemske Postvei, og så bratt opp på tydeleg sti. Siste del på bart fjell.

Torgeirsletta, 523 moh

I Sørbøvågområdet ragar Torgeisletta høgast, 523 meter over havet. Under turen har du heile tida Lifjellmassivet rett i sør. Du kan starte turen frå Ørn ved kapellet.

Skogsvegen Panorama, 225 moh

Grusa tursti frå Heggebøfeltet vest for Leirvik til utsiktspunkt og grillhytte (ca. 35 minutt å gå). Skilta mot Sauesnyken.

Sørbøheia, 360 moh

Med ei fantastisk utsikt over Åfjorden, Skifjorden og Lifjellsmassivet er Sørbøheia ein tur å anbefale. Turen har 6 ulike startpunkt, og opner såleis for ulike ruteval.

Korssund Lammetun Ytre Vårdal Olset Losna Skorpa Grytøyra Åfjorden Sørbøheia Sørbøvåg Vilnes Våge HYLLESTAD Krakhella Risnesøy Risnes Sogneskollen Lifjorden Bø fjorden Nesje Kolgrovheia Bø Handalen Vilnesfjorden 607 Markhusvatnet Hyllestadfjorden Lihesten Aksevatnet Robba 602 Rutle 607 57 57 606 Bjørnestad FJALER 607 SOLUND Leirvik 607 Haugland Fure Værlandet ASKVOLL Atløy 57 Hyllestad Skivenes Rysjedalsvika KART: ELLEN JEPSON 3 km Folkestad Hovlandsvatnet Skifjorden Salbu Risnesnipa Lekva Gygrekjeften Hesjetinden Sørefjordhytta Sauesnyken Laviksåta Stølssteinen Sundbotn Einingsfjellet Bygdeheia Eidevatnet Storakersundet Storakjen Tollesundet Lauveelva Smilden Rønset Katlenova Torgeirsletta Sognefjorden Esplandsvatnet Hellevik Sognesjøen Nautsundet Eide Birkeland Listraumen Rutledal Skor Flekke Åfjorddalen Rossvikheia
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Porten Den Trondhjemske postvei Skogsvegen Panorama Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.