Florø Rør

Page 1

Foto: Egil Aardal

www.floro-ror.no

Vi feirar 25 år I desse dagar er det 25 år sidan Florø Rør vart etablert av Inge Ellingsund. Med 25 års erfaring, og alle nødvendige godkjenningar er vi ein trygg samarbeidspartnar. Vårt mål er at du skal bli meir enn nøgd etter at Florø Rør har gjort arbeid for deg.

2

4

7

Dette er oss

Løysingar

Rør og veg

Litt om kven vi er

Kva vi har levert?

Om arbeidet i Kinnvegen

1


Dette er

Florø Rør Florø Rør vart etablert i 1989 av Inge Ellingsund. Sidan den tid har firmaet vokse og utvikla seg. Etter 25 år står vi fram som eit topp moderne rørleggarfirma med brei erfaring og kompetanse. I dag er det Robert Ellingsund som er dagleg leiar. Florø Rør har 13 rørleggarar, og av desse er 3 lærlingar. Til saman er vi 17 medarbeidarar i staben. For oss har det heile tida vore viktig å utvikle bedrifta og ta til oss ny kunnskap og å vere oppdatert på verktøy og utstyr.

oss alt frå dei minste servicejobbane til store prosjekt innan industri og VA-anlegg. Rørlageret vårt er stort og effektivt, slik at vi aldri skal gå tomme for delar. Hovudgrossisten vår er Ahlsell, som også er lokalisert i Florø.

Vi utfører alt av VVS-arbeid og installerer varmeanlegg og alternative oppvarmingskjelder - både for einebustader og industri. Dei siste tre åra har vi jobba med meir enn 200 bueiningar.

Med 25 års erfaring, og alle nødvendige godkjenningar er vi ein trygg samarbeidspart. Om du er privat- eller firmakunde, skal du og dine ønskjer bli ivaretatt på best mulig måte. Målet vårt er at kundane skal bli meir enn fornøgde.

Staben har brei kompetanse og vi tar på

2

Robert Ellingsund Dagleg leiar robert@floro-ror.no 97 14 91 19

Therese Vårdal Økonomiansvarleg Ansvarleg for totalrehabilitering / Ansvarleg for tilbod nybygg og kundegjennomgangar therese@floro-ror.no 47 64 34 48

Thomas Thunes Prosjektansvarleg thomas@floro-ror.no 95 73 55 58

Christian Hammerseth Serviceansvarleg Lageransvarleg christian@floro-ror.no 94 88 83 22


heile jobben Er badet ditt gammalt og slitt - kanskje du har hatt skadar og det trengs utbetringar?

1.

Vi kjem heim til deg for å sjå på badet – saman finn vi ut kva du treng og kva som er praktisk mulig. Vi går gjennom kva som må gjerast og kva du kan gjere sjølv.

2.

Ei kort tid etter vil du få eit komplett tilbod frå oss, med forslag til løysingar og tredimensjonale teikningar som viser kor flott badet ditt kan bli. Du får ein pris, som er fast og omfattar snekkar, murar, rørleggar og elektrikar.

3.

Dersom du aksepterer tilbodet, avtaler vi tid for start og ferdigstilling.

4.

Den dagen vi har avtalt at vi er ferdige, ryddar vi ut etter oss og du får ein 10 års garanti på fuktskadar, og vedlikehaldsinformasjon for dine nye produkt. Perspektivskisse frå Florø Rør

Før

Ansvarleg utgjevar: Florø Rør AS - www.floro-ror.no Tekst, grafisk utforming, design og produksjon: A til Å Grafisk Design og Media - www.atilaa.no Foto: Egil Aardal

Vi har t iliter rehab d 60 ba år e siste i de tr ti garan 10 års

3


3D visualisering: Kinn Arkitekter / Eskil Frøyen Nybø

Dronefoto: A til Å

Foto: Ewos

Florø Rør leve løysingar til busta

4

EWOS: Florø Rør og EWOS har følgt kvarandre gjennom 25 år. Florø Rør har gjennom alle år vore EWOS sin hovudleverandør på industrirørlegging og VVS for både små og store prosjekt. EWOS nyt godt av vår allsidige kompetanse på rør og vi leverer jamnleg service og vedlikehold på fôrfabrikken i Gunhildvågen.

SAR: Til det nye industriområdet på Botnastranda har vi hatt eit omfattande arbeid med vatn og avløp utvendig. Innvendig har vi hatt ansvaret for sanitæranlegget, varmeanlegg med radiatorar og luft - vatn varmepumpe. Prosjekteringa av anlegget er utført i samarbeid med iVest Consult.

Horne Brygge: Dette er blitt eit signalbygg i Strandgata, som vi er stolte av å ha i vår portefølje. Her har vi alt av vatn og avløp utvendig i tillegg til innvendig sanitæranlegg og varmeanlegg. Vi har vore med heilt frå starten av og har prosjektert i lag med iVest Consult. Kontora i Horne Brygge ligg rett ved sjøkanten og får oppvarminga si frå sjødjupet utanfor.


erer komplette adhus og industri Kransebakken: Moderne terrassehus på Solheim som inneheld 18 leilegheiter. Vi har prosjektert det i lag med iVest Consult og har levert VA-anlegg på utsida og innvendig sanitæranlegg. Kransebakken har satsa på luft - vatn varmepumper, som vi har levert og montert.

Markegata 46: Dette er boligbyggelaget BOB sitt nybygg med 20 leilegheiter midt i byen. Vi har stått for prosjektering i lag med iVest Consult. Det utvendige VA-anlegget er levert av oss, i tillegg til varmeanlegg med golvvarme, innvendig sanitæranlegg og varmepumpe luft - vatn.

Hamnegata 5 - Florø Apartments: www.leilighetshotellet.no Dette bygget inneheld 29 leilegheiter for langtids- og korttidsleige (leilighetshotellet). Vi har prosjektert dette bygget i tett samarbeid med iVest Consult, og vi har levert VA-anlegget utanfor bygget i tillegg til sprinkleranlegg og dei topp moderne sanitæranlegga.

– frå Vik i Sogn

5


Spyling og filming

Største

rørleggarlageret Sjølv om Christian Hammerseth har full oversikt over lageret og sit i kulissane og dreg i trådane, er han også ute på rørleggaroppdrag. – Ja, eg er rørleggar og tar oppdrag ute når det trengs. I tillegg har eg 24 timars vakter annankvar veke.

Christian Hammerseth er saksbehandlar hos Florø Rør, og har oversikt over alt av mannskap og rørdelar som strøymer inn og ut av bedrifta i Evjegata. – Vi har det største rørleggarlageret i Florø, og systemet vårt er veldig effektivt, fortel Hammerseth. Han sit på kontoret og tar i mot servicejobbane, samtidig som han bestiller inn nye rørdelar og dirigerar kvar dei 11 rørleggarane skal på oppdreg. Kvar morgon får rørleggarane ein bunke med oppdrag - frå saksbehandlaren - slik at dei har full oversikt over kva jobbar som ventar dei. Ei liste med oppdraga og lappane fagarbeidarane får med seg ut på jobb, er omtrent det einaste som skjer på papir. Alt skjer digitalt Når rørleggarane hentar ut delar frå lageret blir det skanna og registrert på kunde, og kjem rett inn på datamaskina til Chris-

6

tian Hammerseth. – Dette gir oss god oversikt og forenklar jobben med å fakturere. Når rørleggarane er ute på oppdrag registrerer dei jobbane og tek bilde, som og blir sendt elektronisk over til maskina mi, fortel Hammarseth. Betre oversikt - betre jobb - Dette systemet er med og kvalitetssikrar arbeidet og varestraumen vår, og gir oss god oversikt. Eg trur vi gjer ein betre jobb, når vi slepp unna ein del papirarbeid og notatar som lett kan forsvinne undervegs. Dessutan sikrar det oss at vi aldri går tom for delar på lageret.

Florø Rør har kvalitetsutstyr for rørspyling og inspeksjon av alle typar rør. Vi har spyleeiningar som kan spyle med både varmt og kaldt vatn. Vi tek og inspeksjon med kamera, og kvalitetsikrar alt arbeid med video og bilde. Vi har lang erfaring frå tette rør i alle størrelsar. Ring oss på 57 75 20 40 eller vakttelefonen 415 52 370 om du har probleme med tette rør og avløp. Vi kan hjelpe deg.

Ta «vannsjekken» Kvar dag opplever 200 familiar å få huset sitt oversvømt av vatn. Vi gjennomfører ein sjekk av bustaden din, for å førebygge lekkasjar og skadar. Du får vite korleis det står til med røropplegg, kranar og koplingar i heile huset. Ta dei nødvendige grepa før det er for seint.

Florø Rør har 24 timars vakttelefon 415 52 370


Foto: A til Å

Rør og veg

Robert Ellingsund og Thor Arne Ullaland samarbeider godt for at utbetringa av Kinnvegen skal gå raskt og effektivt.

som hand i hanske i Kinnvegen - Vi har jobba som hand i hanske, fortel Thor Arne Ullaland om arbeidet med utbetringa av Kinnvegen, mellom sjukehuset og flyplassen. Firmaet Trygve Ullaland har hovudentreprisen og har mange maskiner på gang langs vegen som vi vil gi byen eit stort løft. Florø Rør er underleverandør, og står for alle dei viktige elementa som vi ikkje ser - røra som ligg skjult i vegen. Dei er like viktige som vegen. Langs med den nye Kinnvegen går det kilometervis med rør nede i bakken, som sikrar ny hovudforsyning til Havreneset. - Robert Ellingsund og medarbeidarane hans er på plass og leverer når dei skal, fortel Ullaland som er kjempefornøgd med samarbeidet. Det er mykje som skal klaffe når dei kommunale leidningane for vatn og spillvatn skal bytast ut. I tillegg har Florø Rør levert nytt dreneringssystem for Statens Vegvesen, langs Kinnvegen.

Kunnskap og samarbeid er nøkkelen til VA-suksess - Dette er den største VA-jobben vi har hatt av dette slaget fortel prosjektleiar Ellingsund. Byggetida på 2 ½ år er ei stor påkjenning for bebuarane langs vegen, og dei har vist stor forståing. - Vi har så langt ikkje motteke klagar, fortel Ullaland. Det er store utfordringar med å kople om rørsystemet på same tid som det er i drift. - Stenging av vatn har vi prøvt å legge til

nattetid for at ulempene skal bli minst muleg, og kommunen har utvikla eit godt varslingssystem. I tillegg til solid arbeid er smidigheit og samarbeid nøkkelen til suksess for eit så omfattande prosjekt, meiner dei to leverandørane.

FAKTABOKS: - Heile Kinnvegen skal gravast opp - Det skal byggast fortau på eine sida av fylkesveg 545 Kinnvegen frå Michael Sarsgate til Thor Solbergsveg. - Byggetid 30 månader midt i bymiljø - Fornying av teknisk infrastruktur, (vatn/avløp) er ein del av prosjektet.

7


Foto: Egil Aardal

Dette er oss

• • • • • • • • •

Nybygg Rehabilitering Sanitæranlegg Varmeanlegg Sprinkleranlegg Trykkluftanlegg VA anlegg Servicejobbar (alle typar) Varmepumper

Vakttelefon: 415 52 370 Florø Rør AS Evja Vest - Postboks 464, 6901 Florø Tlf: 57 75 20 40 - Mob: 971 49 119 - Vakt: 415 52 370 - Faks: 57 74 26 34 E-post: post@floro-ror.no - www.floro-ror.no

• • • • • • • •

Industri Sjøledninger Spyling Filming Røyktesting Prosjektering Butikk Lager med rør og deler

A til Å - wwwatilaa.no

Det meste innen rørleggerfaget som:


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.