1 minute read

10. Økonomi og budsjett

Samanslåinga gir oss eit godt høve til å framtidsrette selskapet, aktivitetar og organisasjonen. I budsjetteringa har vi lagt til grunn at reiselivet i FjordKysten og Sunnfjord har eit større verdiskapingspotensial enn det som så langt er realisert.

Reiselivsnæringa si samla omsetning i området Visit FjordKysten og Sunnfjord er i eit normalår (2019) forsiktig estimert til 400 mill. kr. Sjølv om pandemien har treft næringa hardt, så har reiselivet i FjordKysten og Sunnfjord klart seg relativt bra, og viser god utvikling ved inngangen til 2022.

Vi planlegg med ein forsiktig vekst (omsetnadsmessig estimat) på vegne av reiselivsbedriftene i nettverket. Selskapet har ved oppstart 80 medlemsbedrifter. Det er ein ambisjon at tal medlemsbedrifter skal aukast til 150 medlemer gjennom aktivt rekrutteringsarbeid.

Ei auka satsing på digitalisering, berekraftige opplevingar, auka attraktivitet til Vestlandet og produktutvikling på nytt innhald vil bidra til å auke topplinje og lønsemda ytterlegere. Vi legg også til grunn ei auka satsing på «nærturisme» som venteleg vil utvide marknadsgrunnlaget samanlikna med dagens situasjon. Budsjettet vil derfor legge opp til ei svak auke i kostnader for å understøtte det vekstpotensialet som næringa har.