1 minute read

6. Organisering

Styret

Visit FjordKysten og Sunnfjord skal gjennom kunnskap om lokalt reiseliv og opplevingsnæring (handel, tenesteytande, mat & drikke, kultur og opplevingar mm) sikre god oversikt. Vidare skal destinasjonselskapet etablere nokre spesialistgrupper som er mindre grupper der FjordKysten og Sunnfjord sin fremste ekspertise innan eit spesielt viktig område vert samla. Disse blir eit kompetansesenter / fagleg råd til selskapet. Eksempel på slike spesialistgrupper kan vere innan; Digitalisering, den profesjonelle MICE marknaden (B2B, konferansar, møter, hotell etc.) og innan opplevingssturisme. Det er ønskeleg at flest mogleg næringsaktørar / bedrifter blir aktive i det nye selskapet. Slike grupper er eit av tiltaka for å få til dette.

Dette er nokre av dei lokale reiselivsmiljøa som det nye selskapet vil forholde seg til og jobbar for.

Medlemmer

For at selskapet skal vere operativt effektivt og ivareta medlemsbedrifter og eigarkommunar på ein god måte vert det lagt opp til ein desentralisert driftsmodell for selskapet. Ein desentralisert driftsmodell vil også gi fleksibiltet og attraktivitet og bidra til å kunne rekruttere kvalifisert kompetanse til selskapet.

6.1. Organisasjonsstrategi

• Alle tilsette er engasjerte, samarbeidsfokuserte, får ansvar og tillit og er inspirerte for å få resultat.

• Styrke reisemålet med gode alliansar og auka samarbeid på tvers av regionar

• Vere ein aktiv samarbeidspart for medlemane, Fjord Norge og Visit Norway / Innovasjon Norge.

• God på kommunikasjon internt og eksternt.

• Jobbe i.h.t. oppsette planar.

• 4 tilsette innan utgangen av 2023.

• Fast styresamling og internsamling årleg.

• Fokus på inntektsbringande aktivitet og god prosjektstyring.

• Det skal utarbeidast årlege handlings- og marknadsplanar. Kvart år skal vi utarbeide ein statusrapport på måla i Strategiplanen. Slik vil vi få indikasjonar på om vi arbeider rett og vi kan justere arbeidet slik at vi når måla i planen.

6.2. Kjernekompetanse

• Visit FjordKysten og Sunnfjord skal ha oppdatert marknadskunnskap. Vi skal sikre god marknadskommunikasjon og effektive marknadsføringstiltak.

• Selskapet skal ha god kompetanse på reisemålsutvikling, marknadsføring, sal og innhaldsproduksjon.

6.3. Medlemsstrategi

• Vi skal ha 2 årlege møter; Kick-Off i januar/februar, og haustmøte.

• Det skal vere minst to årlege medlemsmøte lokalt i kvar kommune.

• Visit FjordKysten og Sunnfjord skal utvikle og formidle kravspesifikasjonar og «beste praksis» til medlemane innan relevante tema.

• Vi skal halde medlemane oppdatert gjennom nyhendebrev, facebookgrupper, mail og direkte kontakt. Medlemane forpliktar seg til å halde Visit FjordKysten oppdatert om tilbod, produkt, prisar, sesong, opningstider m.m. på sine produkt, samt å delta på medlemsmøter m.m.

• Vi skal legge til rette for kompetansehevande tiltak for medlemsbedriftene.

• Vi forutset sponsing av presse- og visningsturar.

• Vi skal tilby personleg rådgjeving og konsulent-tenester for medlemsbedrifter etter behov.

• Visit FjordKysten og Sunnfjord skal initiere til samarbeid mellom medlemsbedrifter.