1 minute read

2. Marknad og segment

2.1 USP FjordKysten og Sunnfjord – reason to go

Kombinasjonen av kontrastfylte natur- og kulturopplevingar i eit romsleg og urørt del av Vestlandet. Møte med vestlendingen, oppleve kulturarven. Fred og ro, god plass, ekte og autentisk, gjestfritt. Eldorado for varierte natur- og kulturopplevingar i pakt med og i respekt for natur og kulturarv.

2.2 Marknad

Visit FjordKysten og Sunnfjord skal rette sin aktivitet mot marked og segment som vil tilføre lønsam og berekraftig trafikk. I vårt marknadsarbeid skal vi rette oss hovudsakleg mot Noreg og våre nære marknader.

2.3 Målgrupper eksternt

Visit FjordKysten og Sunnfjord sine målgrupper eksternt er turoperatørar, transportselskap, bedrifter, media og den individuelle turisten.

2.4 Målgrupper internt

Reiselivsbedrifter, øvrig nærings- og organisasjonsliv, kommunane og lokalsamfunna i regionen. Media regionalt og nasjonalt. Marknadsføring, informasjons- og salsverksemd skal bidra til å skape auka aktivitet, fleire tilreisande til FjordKysten og Sunnfjord og betre lønsemd for våre medlemsbedrifter.

2.5 Segment

Innsatsen skal rettast både mot den norske marknaden og mot internasjonale marknader, og mot prioriterte segment. Dei prioriterte segmenta er: 1. Dei eventyrlystne 2. Dei kunnskapssøkande.

Felles for målgruppene er at dei er velutdanna, bereiste og har over gjennomsnittleg god økonomi. Dei er interesserte i naturopplevingar, aktivitetar, kultur, historie og søker kunnskap og stadar og opplevingar.

2.6 Geografi

Internasjonalt: Heilårsturisme krev at vi finn lønnsame målgrupper både i europeiske marked og oversjøisk. Hovudvekta av innsatsen skal rettast mot marked i Europa med god tilgjengelegheit til Vestlandet. Dei prioriterte marknadsområda for dei kommande fire åra vil vere: Tyskland, Nederland, USA, Storbritannia, Frankrike, Spania, Italia, Danmark, Sverige.

Norge: Vestlandet, Austlandet. Nær- og regionalmarknaden er viktig for heilårsdrift.