1 minute read

3. Marknadsposisjonering

FjordKysten og Sunnfjord er underkommuniserte geografiske område i Noreg med stort potensiale. Auka marknadsandelar kan realiserast gjennom auka innsats for kompetanseutvikling, innhaldsutvikling / konseptualisering og marknadsføring.

Vi skal ta ein posisjon i marknaden som den kontrastfylte delen av Vestlandet; urørt og berekraftig – «det neste spanande – der ikkje alle andre drar». Dette tiltrekk mange og mest dei som ønsker aktive opplevingar og som vil bruke tid og penger på ekte opplevingar.

VÅRT VERDIFORSLAG:

Målgruppa sine behov og korleis vi kan tilfredsstille

· Frå hav til bre

Verdiskaping

· Opplevinga av å besøke og ta del i ekte samfunn og livet der

· Ytterpunkt innan korte avstandar Spektakulært fjordlandskap og unike naturog kulturopplevingar som er lett tilgjengelege

· Alt tett innpå – naturen, folket og inntrykka

· Ei oppleving av slik livet kan levast

· Eit romsleg og urørt Vestland

· Spennvidda og komplementariteten er dei fremste eigenskapane: Natur, skjergard, øysamfunn, kulturliv, industrihistorie

· Kopla saman av flotte vegar og fjordar