Hotel Union Geiranger program 2016

Page 1

PROGRAM 2016 vinter • vår • sommar • haust


Velkomen til Union i 2016 Det er tid for gode stunder For late dagar, avkopling og vakre utsikter. For gode møte og lange samtalar. For venskap, smakfulle måltid, energi og latter. For gamle vinar, ny romantikk og årgangskjærleik. Når du endeleg kan setje av tid til deg sjølv, din kjære eller gode kollegaer, då er Union der for å oppfylle nett din draum. Vi vonar du vil reise herifrå full av inntrykk og ny energi! Beste helsing Familien Mjelva og personalet


GRØNT HOTELL På Hotel Union Geiranger bur du på eit hotell som tek ansvar for miljøet. Hotel Union Geiranger er sertifisert som miljøfyrtårn av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Sertifikatet er eit prov på at verksemda oppfyller strenge miljøkrav, mellom anna til tilrettelegging, estetikk, arbeidsmiljø, innkjøp, energibruk, transport, avfall og utslepp. Vi er svært nøgde med den avanserte miljøstasjonen vår, der vi mellom anna komposterer alt matavfallet frå hotellet. Hotel Union er også med i Grønt Punkt Norge og partnar i samarbeidsrørsla Grøn fjord 2020.


– – – –

BARNEBASSENG BARNEBUFFÉ BARNEDISKO BARNEKLUBB

MED DEI FIRE B-ANE gjer vi det lett for små og store å hyggje seg under heile opphaldet. Union Bad har herlege fasilitetar for familien, med heile 34° i vatnet, både i barnebassenget og utebassenget. Symjebassenget har 32°. Restaurant Fjorden tilbyr freistande barnebuffé, med populære retter for dei yngste. På barnedisko har vi det gøy med full musikk, dans, leik og latter! Union Barneklubb har mange kjekke barneaktivitetar. Bli med på Union Barneklubb i vinterferien, påskeferien og haustferien! Gle deg til nye vener og mykje moro!

Familieopphald Skap dei gode minna – for deg og familien


UNIONSOPPHALD MIDT VEKE* frå kr 1110,Per person i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. SENIORPAKKE MIDT VEKE* Per person i dobbeltrom eller enkeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

frå kr 1010,-

HELGEOPPHALD VINTER/VÅR frå kr 2750,(jan–mai 2016) HELGEOPPHALD HAUST frå kr 3350,(aug–nov 2016) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Sjå temahelgar for program.

FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad og ulike aktivitetar for vinterferien.

frå kr 2690,-

SOMMARKAMPANJE* Per person i dobbeltrom, inkludert frukost og inngang Union Bad.

frå kr 940,-

SOMMARPAKKE* frå kr 1465,Per person i dobbeltrom, inkludert frukost, middag, inngang Union Bad og 1 valfri aktivitet. (spa, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk) Prisane gjeld overnatting i standard rom per døgn eller per helg. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no


Vinter HELGEOPPHALD (januar–mars 2016) frå kr 2750,Per person i standard dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Fredag–laurdag: kr 1130,- per person Laurdag–søndag: kr 1620,- per person Sjå hotelunion.no for program.


VELKOMEN INN I VARMEN Den unike bad- og spaavdelinga ved Hotel Union har heile 1500 m² med varierte og velgjerande tilbod. Her kan du tulle deg inn i badekåpa, krype under pleddet og kople av frå kvardagen nokre gode timar. Om du vil, kan du helse morgonen velkomen med ein lun spafrukost i peisestova, medan tankane får fred og blikket kviler på fjella og fjorden. Store panoramavindauge slepper inn det vakre lyset og gir deg utsikt til naturen utanfor. Om kvelden kan du nyte roa og blåtimen frå det varme utebadet. I badeavdelinga finn du innandørs symjebasseng, sauna med fjordutsikt og utandørs velværebasseng, i tillegg til eiga barneavdeling. Spaavdelinga har eige saunaområde med japansk varmebad, dampbad, hamam, sauna med saunarituale, hydrawalk, fotbad, opplevingsdusjar og isfontene. I relaxavdelinga blir det servert mat og drikke. Vi tilbyr også mange ulike spabehandlingar og kombinasjonspakkar. Les meir på hotelunion.no


SHOWHELG MED GUSTAV NILSEN 22.–24. JANUAR Velkomen til showhelg med god mat, latter og tid til å slappe av i Union Spa. Laurdag kan du oppleve Gustav Nilsen. Gle deg til herleg humor, musikalske parodiar og treffsikre imitasjonar! Tjuvstart jentehelga og få med deg nattspa! SPESIALPRIS TORSDAG 28.–SØNDAG 31. JANUAR 3-døgnstilbod frå kr 3750,Per person i standard dobbeltrom, inkludert halvpensjon tre døgn, inngang Union Bad & Spa, nattspa torsdag og temaaktivitetar for jentehelga. JENTEHELGA 29.–31. JANUAR Vi inviterer til ei herleg jentehelg med mange inspirerande aktivitetar. Bloggar og treningsfrue Camilla Aastorp Andersen held foredrag og treningstimar. Mentaltrenar Live Landmark gir deg ein kickstart på korleis du kan meistre stress og få ein betre kvardag. Babor held kurs i makeup og gir deg individuell rettleiing i hudpleie. Det blir også pilates, vinsmaking og moteshow. VINTERHELG MED AMERIKANSK VRI 5.–7. FEBRUAR Denne helga er Unionsbufféen inspirert av spreke amerikanske smakar. Vi håpar du tek deg tid til å kople av og hygge deg med gode vener, god mat, bad og spa. UNIONSHELG 12.–14. FEBRUAR Vi inviterer til hyggeleg vinterhelg med Unionsbuffé, avkopling og godt samvære. Ta familien med i Union Bad, eller unn deg nokre gode timar i Union Spa.

VINTERFERIE 22.–26. FEBRUAR Velkomen til ein ferie for heile familien. Opplev ”den blå timen” – ei magisk naturoppleving, der vi byr på lett utemat og kanskje ein spennande rattkjelketur. Klovnen Knut underheld torsdag, fredag og laurdag med tre ulike show: ”Velkommen til bords Rufus Roff”, ”VirrrVarrr” og ”Apestreker”. Vil du gå på ski, har vi flotte turmoglegheiter rundt hotellet. Spør oss om snøtilhøva i fjellet. Her er kort veg til gode skiløyper og flotte alpinanlegg. FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad og ulike aktivitetar.

frå kr 2690,-

FAMILIEPAKKE 3-DØGNSTILBOD Spesialtilbod for to vaksne og to barn, ved minimum 3 overnattingar.

frå kr 7500,-

SENIORPAKKE MIDT VEKE frå kr 1010,Per person, per døgn i dobbeltrom eller enkeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. Barn gratis. (Ekstraseng frå kr 315,- per døgn) Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn eller per helg.

SMAK AV ITALIA 4.–6. MARS Velkomen til italiensk aften på laurdag. Vi fyller Unionsbufféen med italienske retter og hjelper deg å velje gode italienske vinar frå vår eigen vinkjellar. Nyt også den gode stunda i Union Spa.


PALMEHELGA / PÅSKEFERIE Velkomen til triveleg familieferie på Union. Dei yngste kan gle seg til nytt trylleshow og magisk moro med ”Robin”. Søndagsskulen kjem med kjekke påskeaktivitetar. Det blir bingo, Unionsbuffé med påskelam og god tid til friske turar og herleg avkopling. PALMEHELG FRAM TIL SK JÆRTORSDAG FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

frå kr 2690,-

FAMILIEPAKKE 3-DØGNSTILBOD Spesialtilbod for to vaksne og to barn, ved minimum 3 overnattingar.

frå kr 7500,-

UNIONSOPPHALD MIDT VEKE Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og Union Bad

frå kr 1110,-

SENIORPAKKE MIDT VEKE Per person, per døgn i dobbeltrom eller enkeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

frå kr 1010,-

SK JÆRTORSDAG–PÅSKEDAG Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad og ulike påskeaktivitetar.

frå kr 1365,-

Barn gratis. (Ekstraseng frå kr 315,- per døgn) Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn eller per helg.




Vår og sommar HELGEOPPHALD (april–mai 2016) frå kr 2750,Per person i standard dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Fredag–laurdag: kr 1130,- per person Laurdag–søndag: kr 1620,- per person SOMMARPRISAR (juni–august 2016) Sommarkampanje frå kr 940,Per person i dobbeltrom, inkludert frukost og inngang Union Bad. Sommarpakke frå kr 1465,Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert frukost, middag, Union Bad og 1 valfri aktivitet (spa, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk) Sjå hotelunion.no for program.


VERDSARVOMRÅDET Geiranger tilhøyrer Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, som vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 2005. Fjordlandskapet er storslått, vilt og vakkert, og på hotellet har du naturen rundt deg heile tida. Du kan finne att inspirasjonen frå Geiranger i alle tilboda våre, i alt frå maten vi serverer til interiøret, aktivitetane og dei unike tilboda i Union Bad & Spa. Ta deg god tid til å nyte og oppleve det unike landskapet og den gode stunda medan du er her. Vi vonar du vil reise herifrå full av inntrykk og ny energi.


UNIONSHELG 22.–24. APRIL Velkomen til ei vårhelg der det mellom anna står scrapping på programmet. Du møter andre scrappeglade, får ny inspirasjon og gode idéar. OPPLEV VÅREN 29. APRIL–1. MAI Velkomen til 1. maihelga. Ferja byrjar å gå igjen, og naturen stiller med perfekte kulissar for ein guida fottur med fjordgardsbesøk. Fossebruset fyller lufta, og snøsmeltinga i fjellet gjer Storfossen og fossevandringa til ei fantastisk oppleving! Etter turen blir det prøvesmaking og føredrag med nystarta Geiranger Bryggeri. PINSE OG 17. MAI 13.–17. MAI Nyt ei ekstra lang pinsehelg på Hotel Union. Bu med oss til tysdag og få med deg nasjonaldagsfeiringa i verdsravbygda Geiranger. Lad batteria i Union Bad & Spa og nyt den storslegne naturen. Vel mellom mange flotte turstiar og joggeløyper. Spør oss om tilhøva i fjellet, eller be om tips til dagsturar med bil eller båt.

SOMMARFERIE I sommar tilbyr vi overnatting for deg som vil bu godt, nyte livet og oppleve sommarstemninga i verdsarvområdet. Vi oppmodar deg om å ta naturen i bruk. Om du nyttar deg av sommarpakken vår, kan du sove og ete godt på hotellet og delta på ein av dei utvalde sommaraktivitetane våre: spa, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk. SOMMARPAKKE* Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert frukost, middag, Union Bad og 1 valfri aktivitet (spa, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk)

frå kr 1465,-

LUNSJ OG BADING Ta ein dagstur til Geiranger og nyt feriestemninga på Hotel Union. SOMMARKAMPANJE* Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert frukost og inngang Union Bad. * Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no

frå kr 940,-



Haust HELGEOPPHALD (september–november 2016) frå kr 3350,Per person i standard dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Fredag–laurdag: 1375,- per person Laurdag–søndag: kr 1975,- per person Sjå hotelunion.no for program.


GARDSMATBUFFÉ 30. SEPTEMBER–2. OK TOBER Nyt ei lun hausthelg på Union, med god mat, avkopling og eit besøk i Union Bad & Spa. Vi får besøk av lokale matprodusentar og råvareleverandørar, og kjøkenet byr på smaksopplevingar basert på våre aller beste råvarer. Opplev dei vakre haustfargane i verdsarvnaturen. Ta ein fottur til Storseterfossen eller ein av fjordgardane. HAUSTFERIE Velkomen til ein hyggjeleg haustferie, med mange kjekke familieaktivitetar. Vi får besøk av ”Robin” som underheld med trylleshow, dans og magisk moro. Kos deg i Union Bad & Spa og vel mellom mange gode behandlingar. SØNDAG–FREDAG FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad, og ulike aktivitetar for haustferien. Sjå detaljert program på hotelunion.no

frå kr 2690,-

UNIONSOPPHALD MIDT VEKE frå kr 1110,Per person, per døgn i dobbeltrom inkludert middag, frukost og Union Bad SENIOR MIDT VEKE frå kr 1010,Per person, per døgn i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

FREDAG–SØNDAG frå kr 3350,HELGEOPPHALD Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Barn gratis. (Ekstraseng frå kr 315,- per døgn) Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn eller per helg.

HAVE TS FESTBORD 14.–16. OK TOBER Denne siste helga i haustferien serverer vi retter frå havets spiskammers. På bufféen finn du alt frå tradisjonelle fiskeretter og skaldyr til nye smakskombinasjonar og moderne sushi. Vin frå vår eigen vinkjellar høyrer med. Ta deg også tid til å nyte nokre gode timar i Union Bad & Spa. FØRJULSHELG MED VILT 4.–6. NOVEMBER Nyt ei lun førjulshelg før julestria set inn for alvor. Vi byr på smakebitar frå årets viltsesong og tjuvstartar på den varme julematen. La roa senke seg og nyt den gode stunda!




Julebord på Union Tradisjon på beste vis TRADISJONEN: Julebord på Hotel Union Geiranger har vorte tradisjon for svært mange. Vi fyrer i peisen, tenner lys og ynskjer deg velkomen til eit julepynta hotell. MATEN: Sjølve julebordet får stå i sentrum i julebordstida. Vi nyttar mange av dei gode, velprøvde oppskriftene som har følgt hotellet gjennom generasjonar, men vi komponerer også nye rettar av dei aller beste råvarene. La deg forføre av den gode julestemninga, duftene og smakane. Her er alt du kan tenkje deg av julemat, varme og kalde retter, sjømat, vilt, salatar, brød, terter, kaker og dessertar. Vi hjelper deg med gode vinanbefalingar til julematen frå vår eigen vinkjellar. JULEGÅVENE: Vi kan anbefale fleire trivelege juleutsal i Geirangerbygda. Kanskje finn du årets julegåver på Norsk Fjordsenter, Geiranger Sjokolade, Vinjenaustet eller Moods of Norway. Det vert også høve til å kjøpe med seg velgjerande spa-produkt frå Union Spa i tillegg til eit smakfullt utval av Hotel Union sine heimelaga matgåver. Gåvekort kjøper du på 1-2-3 via hotelunion.no


JULEBORDSHELG (18. november–18. desember 2016) frå kr 3750,Per person i standard dobbeltrom, inkludert middag fredag, julebord laurdag, 2 frukostar, inngang Union Bad og ev. julebordsaktivitetar. Sjå julebordsprogram på hotelunion.no

K JØP GÅVEKORT PÅ 1-2-3. Scann QR-koden for å bestille. Vi sender gåvekortet på e-post med det same. Du kan også bestille frå hotelunion.no


På Hotel Union er alle møtedeltakarane samla på ein stad, og omgivnadene inspirerer til glede og fellesskap. Etter ein lang møtedag koplar ein gjerne av i spaavdelinga eller ruslar ein tur i den vakre Geirangernaturen. Smakfull mat og spennande aktivitetar høyrer også med. Konferanseavdelinga vår har lyse og luftige møtesalar, gode utstillingslokale og store fellesareal. Her er også mindre møterom og skjerma salongar – perfekte for den gode samtalen. Vi har businessenter, eigen konferansevert, og vi ordnar alt du treng av teknisk tilrettelegging. NONSMAT Den tradisjonsrike sunnmørske nonsmaten vår har fått svært god mottaking. Dette er eit godt lite ettermiddagsmåltid med m.a. heimebaka brød, nykokt kaffi, heimelaga syltety og litt søtmat.

Konferanse Den gode møteopplevinga


KONFERANSEPAKKE ØKONOMI* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, kaffi tilgjengeleg, lett servering dag 1 og 2, gratis parkering. 22. januar–31. mars 01. april–31. oktober 01. november–18. desember KONFERANSEPAKKE UNION* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering.

frå kr 1465,frå kr 1510,frå kr 1465,frå kr 1565,-

Inkl. nonsmat **

KONFERANSEPAKKE AK TIV* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering, 1 valfri aktivitet (spa, vinsmaking, kønnjøl og neip eller guida fottur. Kan variere med sesong).

frå kr 1705,-

Inkl. nonsmat **

KONFERANSEPAKKE BUSINESS Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon, møterom dag 1 og 2, VIP-oppsett.

frå kr 1905,-

KONFERANSEPAKKE GOURME T frå kr 3500,Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon med gourmet mat- og vinoppleving i Mollaløa, møterom dag 1 og 2, VIP-oppsett. Prisane gjeld per person i standard enkeltrom per døgn, midtveke. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no **Gjeld januar–mars


Bryllaup Til kyrkja i blankpolert veteranbil - med vind i sløret og bankande hjarte. Strålande smil på kyrkjetrappa og vakker utsikt over Geirangerfjorden. Fotografering ved Knuten eller Flydalsjuvet, medan gjestene nyt ein aperitiff i hotellhagen. Stilfull oppdekking på Hotel Union. Bryllaupsmeny og bryllaupskake frå dyktige kokkar og konditorar. Musikk og dans i nattklubben eller i eige festlokale. Samle nære og kjære i Mollaløa kvelden før bryllaupet med spekemat og rjomegraut eller skaldyrsmeny. Lad opp til den store dagen med herleg stell, draumespa og brudepynting. Nyt kjærleiken i brudesuiten, og få frukosten servert på rommet. Kva er dykkar draum? Vi veit at det er summen av dei små detaljane som skapar dei store opplevingane. Vi har hovmeistrar som hjelper dykk - frå planlegging til gjennomføring. Minna vil vare livet ut.


Firmatur & jubileum Planlegg firmaet ei viktig markering i 2016? Skal du arrangere firmatur, kickoff, båtdåp, eller jubileum? Fortel oss kva som er føremålet med arrangementet ditt så kan vi setje saman ein pakke som passar perfekt for akkurat di gruppe. Konferanseavdelinga vår har gode lokale og alt du treng av teknisk tilrettelegging. Våre planleggarar kjem gjerne med framlegg til aktivitetar og felles opplevingar.

Familieselskap Runde dagar, dåp eller konfirmasjon. Dei store dagane blir minnerike når du legg feiringa til oss. Her finn du fasilitetar og omgjevnader som innbyr til trivsel, hyggje og høgtid. Vi skreddarsyr arrangementet ditt slik du ynskjer det, dekkjer for intime selskap eller store feiringar. Vi gjer ekstra stas på jubilanten, spanderer oppgradert rom og pyntar bordet med blomar og lys. I Geiranger vil du finne aktivitetstilbod som passar alle. Eit opphald i Union Bad & Spa vil gjere opplevinga endå større - for både små og store gjester.

Selskap Augeblikka skapar historie


Frå gjesteboka UNION SPA, ÅH! Dette var ei fantastisk oppleving! Union Spa, åh! Eg har ikkje ord som kan forklare kor avslappande det var. Å reise tilbake til Geiranger utan spa ville vere som mat utan dessert. Helsing M. & L. TAKK FOR OPPLEVINGA! Eg har alltid drøymt om å komme til Geiranger. Dette var fantastisk! Buick 1932 med 8-ar, fjell og rotur, spa, fantastisk mat, og ikkje minst ein gjestfridom som saknar sidestykke. Tusen takk for opplevinga! Eg kjem gjerne igjen! Helsing S. UNIK ATMOSFÆRE Tusen takk for fantastisk service og massasje. Omgivnadene er så smakfulle og atmosfæra heilt unik. Vi har ikkje slappa så godt av på lenge! Vi kjem tilbake! Helsing Å. & I.


FASILITETAR • 197 rom • av desse 17 suitar (2 spa-suitar, 2 deluxe-suitar og 13 juniorsuitar) • á la carte-restaurant • buffé-restaurant • bar og nattklubb • kafé • romslege salongar • gratis trådlaust nett • fibertilknyting • kongressavdeling (400) • bankett • bad & spa • fitness-rom • barnebasseng • aktivitetar for barn • veteranbilmuseum • hage • varierte aktivitetstilbod ute og inne • UNESCO Verdsarvområde • Ladestasjon for elbilar. 3 ladepunkt

!

Følg med på Facebook og hotelunion.no for fleire gode tilbod og kampanjar. Vi tek atterhald om endringar i programmet og trykkfeil.


hotelunion.no Hotel Union, 6216 Geiranger, Norway telefon +47 70 26 83 00 faks +47 70 26 83 50 geiranger@hotelunion.no facebook.com/hotelunion

Foto: Mona Gundersen, Geir Magne SĂŚtre, Frank Stenersen, Rune Hagen, Terje Rakke/Nordic Life, Damian Heinisch. Tekst: Akka Tekst. Design: anne@hagendesign.no

VELKOMEN!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.