Hotel Union Geiranger program 2015

Page 1

PROGRAM 2015 vinter • vår • sommar • haust



VELKOMEN TIL UNION I 2015 Det er tid for gode stunder. For late dagar, avkopling og vakre utsikter. For gode møte og lange samtalar. For venskap, smakfulle måltid, energi og latter. For gamle vinar, ny romantikk og årgangskjærleik. Når du endeleg kan setje av tid til deg sjølv, din kjære eller gode kollegaer, då er Union der for å oppfylle nett din draum. Her kan du tulle deg inn i badekåpa og gle deg over varme opplevingar i Union Bad & Spa. Utandørs kan du nyte verdsarvnaturen: det blå vinterlyset, fossebruset om våren, den frodige sommaren og fargespelet om hausten. Innandørs kjenner du varmen og atmosfæren, unner deg ei spabehandling, lærer om franske vinar eller hudpleie. Kjøkenet sørgjer for spennande, lokal mat og vin frå vår eigen vinkjellar. Vi dekkjer eit romantisk bord for to, pyntar for den store feiringa eller førebur venekveld i intime restaurant Julie eller koselege Mollaløa. Vi vonar du vil reise herifrå full av inntrykk og ny energi! Beste helsing Familien Mjelva og Personalet

GRØNT HOTELL På Hotel Union Geiranger bur du på eit hotell som tek ansvar for miljøet. I år vil miljøsatsinga vår vere synleg for deg på fleire måtar. I mars er du velkomen til ei ekstra grøn hotellhelg. Denne helga vert det mellom anna høve til å teste den nyaste Tesla Dual Drive firhjulstrekk frå Tesla Motors. Dei yngste gjestene kan gjennom året vere med på nye og grøne ferieaktivitetar i Union Barneklubb. Hotel Union Geiranger er sertifisert som miljøfyrtårn av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Sertifikatet er eit prov på at verksemda oppfyller strenge miljøkrav, mellom anna til tilrettelegging, estetikk, arbeidsmiljø, innkjøp, energibruk, transport, avfall og utslepp. Vi er svært nøgde med den avanserte miljøstasjonen vår, der vi mellom anna komposterer alt matavfallet frå hotellet. Hotel Union er også med i Grønt Punkt Norge og partnar i samarbeidsrørsla Grøn fjord 2020.


FAMILIEOPPHALD PÅ UNION Skap dei gode minna – for deg og familien. BARNEBASSENG – BARNEBUFFÉ – BARNEDISKO – BARNEKLUBB Med dei fire B-ane gjer vi det lett for små og store å hyggje seg under heile opphaldet. Union Bad har herlege fasilitetar for familien, med heile 34° i vatnet, både i barnebassenget og utebassenget. Symjebassenget har 32°. Restaurant Fjorden tilbyr freistande barnebuffé, med populære retter for dei yngste. På barnedisko har vi det gøy med full musikk, dans, leik og latter! Union barneklubb set ekstra fokus på miljøet i 2015. Bli med på Union barneklubb i vinterferien, påskeferien og haustferien! Gle deg til nye vener og mykje moro! AK TIVITE T OG AVKOPLING Fasilitetane på hotellet lokkar til både aktivitet og kvile, og naturen rundt hotellet er fantastisk. Nyt det gode måltidet, roa og dei frydefulle augneblinkane saman med dine nære og kjære. Hotel Union har eiga skytebane, biljard og bordtennisbord. Leikeromet finn du like ved Kafe Løsta og Union Spa. UNION SPA – EI STUND AV LUKKE I spaavdelinga kan du nyte litt velfortent tid for deg sjølv. Medan resten av familien er oppteken med andre aktivitetar, er du tett på fjella og fjorden, med store vindauge mot verdsarvnaturen og spaopplevingar inspirert av det reine, friske og storslegne. Ta på deg badekåpa og nyt den gode stunda!

UNIONSOPPHALD MIDT VEKE* frå kr 1050,Per person i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. SENIORPAKKE MIDT VEKE* Per person i dobbeltrom eller enkeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

frå kr 895,-

HELGEOPPHALD VINTER/VÅR frå kr 2590,(jan–mai 2015) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Sjå temahelgar for program.

HELGEOPPHALD HAUST frå kr 3150,(aug–nov 2015) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Sjå temahelgar for program.

FJORDPASS* Per person i dobbeltrom, inkludert frukost og inngang Union Bad.

frå kr 875,-

SOMMARPAKKE frå kr 1415,Per person i dobbeltrom, inkludert frukost, middag, inngang Union Bad og 1 valfri aktivitet. (spa, nordic walking, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk) Prisane gjeld overnatting i standard rom per døgn eller per helg. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no






VINTERFERIE Velkomen til ein ferie for heile familien. Opplev “den blå timen” - ei magisk naturoppleving, der vi byr på lett utemat og kanskje ein spennande rattkjelketur. Vi får også besøk av ”Robin” som underheld med trylleshow, dans og magisk moro. I vinterferien har vi gode tilbod i Union Spa. Prøv også Nordic Walking – ei effektiv og sosial treningsform, som passar alle fysiske nivå. Vi har broddar og truger. Kort veg til gode skiløyper og flotte alpinanlegg.

PÅSKEFERIE Hotel Union er ypparleg som utgangspunkt for både fotturar, toppturar og skiturar i preparerte løyper. Hotellet ligg berre litt over ein time frå Strandafjellet. Det blir påskebingo på fredag og Unionsbuffé med påskelam på laurdag. Dei yngste kan gle seg til trylleshow, dans og magisk moro med ”Robin”. Søndagsskulen kjem også til Union, med aktivitetar og forteljarstund.

FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) frå kr 2500,Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad og ulike aktivitetar for vinterferien.

PALMEHELG FRAM TIL SK JÆRTORSDAG FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

SENIORPAKKE MIDT VEKE Per person, per døgn i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

UNIONSOPPHALD MIDT VEKE frå kr 965,Per person, per døgn i dobbeltrom inkludert middag, frukost og Union Bad

frå kr 895,-

Barn gratis. (Ekstraseng frå kr 305,- per døgn)

PALMEHELG MED BESØK AV OMER BHAT TI Denne helga kan du møte dansaren og hiphop-artisten Omer Bhatti i Geiranger. Nyt god mat, herleg spa og forfriskande turopplevingar. Det blir også tilbod om vinsmaking og Nordic Walking.

SENIORPAKKE MIDT VEKE Per person, per døgn i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. SK JÆRTORSDAG–PÅSKEDAG Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad og ulike påskeaktivitetar. Barn gratis. (Ekstraseng frå kr 305,- per døgn) Sjå detaljert program på hotelunion.no

frå kr 2500,-

frå kr 895,-

frå kr 1295,-



SOMMARFERIE Bu godt og rimeleg hjå oss i sommarferien. Nyt fasilitetane på hotellet; eit godt måltid på terrassen, ein symjetur i bassenget, fjordutsikta og den internasjonale stemninga. Ta verdsarvnaturen i bruk. Kva med eit fjordcruise, besøk på fjellgardane eller kajakkpadling på fjorden? Om du nyttar deg av sommarkampanjen vår, kan du sove og ete godt på hotellet og delta på ein av dei utvalde sommaraktivitetane våre. SOMMARPAKKE® Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert frukost, middag, Union Bad og 1 valfri aktivitet (spa, nordic walking, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk)

frå kr 1415,-

LUNSJ OG BADING Ta ein dagstur til Geiranger og nyt feriestemninga på Hotel Union. OVERNAT TING MED FJORDPASS® Fjordpass gir rabatt på overnatting over heile Noreg. Passet kan kjøpast på hotellet. Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert frukost og inngang Union Bad. frå kr 875,* Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no

HAUSTFERIE Velkomen til ein hyggjeleg haustferie, med mange kjekke familieaktivitetar. Opplev “den blå timen” – ei magisk naturoppleving med lett utemat for store og små. Kople av innandørs. Her er luftige salongar og skjerma sitjegrupper, perfekte for gode samtalar eller ei god bok. Kos deg i Union Bad & Spa, og vel mellom mange gode behandlingar. SØNDAG–FREDAG FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad, og ulike aktivitetar for haustferien. Sjå detaljert program på hotelunion.no

frå kr 2500,-

UNIONSOPPHALD MIDT VEKE frå kr 965,Per person, per døgn i dobbeltrom inkludert middag, frukost og Union Bad SENIOR MIDT VEKE Per person, per døgn i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

frå kr 895,-

FREDAG–SØNDAG HELGEOPPHALD frå kr 3150,Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Barn gratis. (Ekstraseng frå kr 305,- per døgn) Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn eller per helg.


TEMAHELGAR HELGEOPPHALD VINTER/VÅR (jan–mai 2015) Per person i standard dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar.

frå kr 2590,-

SJØMAT OG SUSHI 16.–18. JANUAR Denne helga vil kjøkenet boltre seg med herlege råvarer frå havet. Laurdag inviterer vi til bognande Unionsbuffé, med fokus på sjømat og sushi. Union Bad & Spa ynskjer deg velkomen til velfortent kvile, vatn og varme.

Fredag–laurdag: kr 1050,- per person Laurdag–søndag: kr 1540,- per person HELGEOPPHALD HAUST (aug–nov 2015) Per person i standard dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Fredag–laurdag: kr 1275,- per person Laurdag–søndag: kr 1875,- per person Sjå hotelunion.no for program til temahelgane.

JANUAR SHOWHELG 09.–11. JANUAR Vi startar det nye året med god mat, humor og god tid til å slappe av i Union Spa. Laurdag får vi besøk av Kjell ”Kjellen” Bigset.

frå kr 3150,-

VINTERHEG 23.–25. JANUAR Velkomen til ei lun vinterhelg i Geiranger. Nyt vinterlyset, kos deg med Unionbuffé og godt selskap. I Union Bad & Spa ventar den gode stunda. JENTEHELGA 30. JANUAR–1. FEBRUAR Kari Jaquesson, heile Noregs trimmotivator, kjem til Geiranger! På ein enkel og uhøgtidleg måte, og under mottoet “Litt gjør mye”, vil du få friska opp kva som er dei beste grunnane til å velge ein aktiv kvardag. Kari deler også sine beste kosthaldstips med deg. Følgjande aktivitetar er også inkludert: pilates, hudpleiekurs med Babor, Nordic Walking og moteshow med Platou Sport og Dales Man + Woman. Velkomen til ei helg med velfortent fokus på livsstil, kosthald og velvære!


FEBRUAR ITALIENSK AFTEN 6.–8. FEBRUAR Laurdag fyller vi Unionsbufféen med italienske retter, og hjelper deg å velje gode italienske vinar frå vår eigen vinkjellar. Nyt også den gode stunda i Union Bad & Spa.

VINTERFERIE 13.–22. FEBRUAR

Sjå hotelunion.no for vinterferieprogram, eller sjå eige avsnitt i programmet.

VINTERHELG MED TEX-MEX 27. FEBRUAR–1. MARS Ta med gode vener til ei hyggeleg helg i Geiranger. Vi anbefalar ein frisk tur i det vakre vinterlyset – anten til fots eller på ski, før du roar ned i Union Bad & Spa. Vi fyller Unionsbufféen med spreke og smakfulle Tex-Mex-retter. MARS KOKKELANDSLAGE T 13.–15. MARS Vi får gjestekokk Morten Rathe på besøk. Morten er kjend frå mellom anna Gastronomisk Institutt og Det norske kokkelandslaget. Unionsbuffé med gjestekokkens vri. GRØN HELG 20.–22. MARS Test den nyaste Tesla Dual Drive firhjulstrekk frå Tesla Motors. Unionsbuffé med gardsmat. PALMEHELG MED OMER BHAT TI 27.–29. MARS Denne helga gler vi oss til eit spennande møte med den kjende artisten Omer Bhatti. Ei opplevingsrik helg for heile familien!

APRIL PÅSKA 27. MARS–6. APRIL Sjå hotelunion.no for påskeprogram, eller sjå eige avsnitt i programmet.

MAI MØT VÅREN I GEIRANGER 1.–3. MAI Velkomen til 1. maihelg på Union! Ferja byrjar å gå igjen, og naturen stiller med perfekte kulissar, grønkledde bakkar og kvite toppar over djupblå fjord. Fossebruset fyller lufta, og snøsmeltinga i fjellet gjer Storfossen og fossevandringa til ei fantastisk oppleving! VÅRHELG 8.–10. MAI Vi inviterer til hyggeleg vårhelg, der vi mellom anna tilbyr guida fottur til ein av dei vakre fjordgardane langs Geirangerfjorden. KR.HIMMELFARTSHELG 14.–17. MAI Nyt nokre vakre maidagar på Hotel Union. Bu med oss frå torsdag til laurdag, eller bli til søndag og få med deg 17. maifeiringa i verdsarvbygda Geiranger. PINSE 22.–25. MAI Legg pinseturen til vakre Geiranger. Lad batteria i Union Bad & Spa, eller nyt den storslegne naturen. Vel mellom mange flotte turstiar og joggeløyper. Spør oss om tilhøva i fjellet, eller be om tips til dagsturar med bil eller båt. JUNI–JULI–AUGUST Sjå hotelunion.no for sommarferietilbod, eller sjå eige avsnitt i programmet.


SEPTEMBER–OK TOBER HAVE TS FESTBORD 11.–13. SEPTEMBER Denne helga serverer vi retter frå havets spiskammers. På bufféen finn du alt frå tradisjonelle fiskeretter og skaldyr til nye smakskobinasjonar og moderne sushi. Vin frå vår eigen vinkjellar høyrer med. Ta deg også tid til å nyte nokre gode timar i Union Bad & Spa. GARDSMATHELG 25.–27. SEPTEMBER Vi får besøk av lokale matprodusentar og råvareleverandørar, og kjøkenet byr på smaksopplevingar basert på våre aller beste råvarer. Nyt ei lun hausthelg på Union, med god mat, Nordic Walking og eit besøk i Union Bad & Spa. Opplev dei vakre haustfargane i verdsarvnaturen. Ta ein fottur til Storseterfossen eller ein av fjordgardane.

JULEBORD 13. NOVEMBER–20. DESEMBER Del gode opplevingar med vener og kollegaer. Blåtimen ved bassenget, peiselden, roa og naturen. Det tradisjonsrike julebordet bognar av smakfull og heimelaga mat. Sjå hotelunion.no for meir informasjon, eller sjå eige avsnitt i programmet.

OPPLEV GEIRANGER

Fossevandring Den nye kultur- og naturstien går frå Fjordsenteret, forbi Hotel Union og heilt ned til sentrum i Geiranger. Du kjem tett på elva, det gamle kraftverket og den flotte Storfossen. Ei unik natur- og kulturoppleving med gode informasjonstavler og mange flotte fotopunkt.

OK TOBER HAUSTFERIE 4.–11. OK TOBER Sjå hotelunion.no for haustferieprogram, eller sjå eige avsnitt i programmet.

ASIATISK AFTEN 9.–11. OK TOBER Velkomen til ei spennande temahelg, med retter frå Asia på Unionsbufféen laurdag kveld. Sjå hotelunion.no for haustferieprogram, eller sjå eige avsnitt i programmet.

NOVEMBER–DESEMBER FØRJULSHELG MED VILT 30. OK TOBER–1. NOVEMBER Ta ein pause frå kvardagen og unn deg ei lun førjulshelg på Union. Vi har varm julemat på Unionsbufféen laurdag, i tilegg til varm og kald viltmat. Nyt naturen og den blå timen. Innandørs kjenner du roa senke seg, og du kan nyte spa, god mat og godt samvere.

MILJØNY T T

Ladepark for el-bilar Verdsarvbygda Geiranger tek nye og viktige steg mot eit grønare miljø i 2015. Ved Norsk Fjordsenter, like ved Hotel Union, vert det etablert ein stor ladepark for el-bilar, med heile 40 nye ladepunkt.





K JØP GÅVEKORT PÅ 1-2-3. Scann QR-koden for å bestille. Vi sender gåvekortet på e-post med det same. Du kan også bestille frå www.hotelunion.no


JULEBORD 13. NOVEMBER–20. DESEMBER TRADISJONEN: Julebord på Hotel Union Geiranger har vorte tradisjon for svært mange. Vi fyrer i peisen, tenner lys og ynskjer deg velkomen til eit julepynta hotell. MATEN: Sjølve julebordet får stå i sentrum i julebordstida. Vi nyttar mange av dei gode, velprøvde oppskriftene, men komponerer også nye rettar av dei aller beste råvarene. Smak på spesialitetar frå nabogardane, pinnekjøt, lutefisk og vår eigen heimerøykte laks. Her er alt du kan tenkje deg av vilt og sjømat, og kaldtbordet fyller vi med lammerull, gås, salatar, sild og mykje meir. Konditoren byr på herlege kaker, dessertar, terter og julegodter. JULEHUSET: Julehuset i Mollaløa gjer vi om til gourmetbutikk, med eit smakfullt utval av heimelaga matgåver. Lun stemning, smaksprøver og gode historier. KOSEN: Desse helgane har vi fokus på innekos, og ei god stund i Union Bad & Spa vil gje deg velfortent avkopling og kvile. Opplev Geirangernaturen i førjulstida. Vi tilbyr tur med stavar kvar julebordshelg. JULEBORDSHELG Per person i standard dobbeltrom, inkludert middag fredag, julebord laurdag, 2 frukostar, inngang Union Bad og ev. julebordsaktivitetar. Sjå julebordsprogram på hotelunion.no

frå kr 3490,-


TEAMBYGGING

Nytt aktivitetstilbod Prøv ut vår nye gruppeaktivitet Team Geiranger neste gong du skal samle teamet ditt på Union. Team Geiranger gir deltakarane spennande utfordringar, som berre kan løysast med godt humør og samarbeid. Kontakt oss for meir informasjon.


KONFERANSE PÅ UNION Den gode møteopplevinga.

frå kr 1550,-

** Inkl. nonsmat

På Hotel Union er alle møtedeltakarane samla på ein stad, og omgivnadene inspirerer til glede og fellesskap. Etter ein lang møtedag koplar ein gjerne av i spaavdelinga eller ruslar ein tur i den vakre Geirangernaturen. Smakfull mat og spennande aktivitetar høyrer også med. Konferanseavdelinga vår har lyse og luftige møtesalar, gode utstillingslokale og store fellesareal. Her er også mindre møterom og skjerma salongar – perfekte for den gode samtalen. Vi har businessenter, eigen konferansevert, og vi ordnar alt du treng av teknisk tilrettelegging. NONSMAT Den tradisjonsrike sunnmørske nonsmaten vår har fått svært god mottaking. Dette er eit godt lite ettermiddagsmåltid med m.a. heimebaka brød, nykokt kaffi, heimelaga syltety og litt søtmat. KONFERANSEPAKKE ØKONOMI* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, lett servering dag 1 og 2, gratis parkering. 01. januar–31. mars 01. april–31. oktober 01. november–20. desember

KONFERANSEPAKKE UNION* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering.

frå kr 1395,frå kr 1450,frå kr 1395,-

KONFERANSEPAKKE AK TIV* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering, 1 valfri aktivitet (Nordic Walking, spa, vinsmaking, kønnjøl og neip eller guida fottur. Kan variere med sesong).

frå kr 1690,-

** Inkl. nonsmat

KONFERANSEPAKKE BUSINESS frå kr 1890,Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk og VIP-oppsett. KONFERANSEPAKKE GOURME T frå kr 2890,Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon med gourmet mat- og vinoppleving i Mollaløa, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk og VIP-oppsett. Prisane gjeld per person i standard enkeltrom per døgn, midtveke. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no **Gjeld januar – mars



FIRMATUR & JUBILEUM

FAMILIESELSKAP

Planlegg firmaet ei viktig markering i 2015? Skal du arrangere firmatur, kickoff, båtdåp, eller jubileum? Fortel oss kva som er føremålet med arrangementet ditt, så kan vi setje saman ein pakke som passar perfekt for akkurat di gruppe. Konferanseavdelinga vår har gode lokale og alt du treng av teknisk tilrettelegging. Våre planleggarar kjem gjerne med framlegg til aktivitetar og felles opplevingar. JULEBORD Per person i dobbeltrom, inkludert middag fredag, julebord laurdag, 2 frukostar, inngang Union Bad og ev. julebordsaktivitetar. Sjå julebordsprogram på hotelunion.no

HOTEL UNION PÅ 3 VAKRE MINUT T. Scann QR-koden for å sjå filmen.

frå kr 3490,-

Runde dagar, dåp eller konfirmasjon. Dei store dagane blir minnerike når du legg feiringa til oss. Her finn du fasilitetar og omgjevnader som innbyr til trivsel, hyggje og høgtid. Vi skreddarsyr arrangementet ditt slik du ynskjer det, dekkjer for intime selskap eller store feiringar. Vi gjer ekstra stas på jubilanten, spanderer oppgradert rom og pyntar bordet med blomar og lys. I Geiranger vil du finne aktivitetstilbod som passar alle. Eit opphald i Union Bad & Spa vil gjere opplevinga endå større - for både små og store gjester.

BRYLLAUP

Til kyrkja i blankpolert veteranbil - med vind i sløret og bankande hjarte. Strålande smil på kyrkjetrappa og vakker utsikt over Geirangerfjorden. Fotografering ved Knuten eller Flydalsjuvet, medan gjestene nyt ein aperitiff i hotellhagen. Stilfull oppdekking på Hotel Union. Bryllaupsmeny og bryllaupskake frå dyktige kokkar og konditorar. Musikk og dans i nattklubben eller i eige festlokale. Samle nære og kjære i Mollaløa kvelden før bryllaupet med spekemat og rjomegraut eller skaldyrsmeny. Lad opp til den store dagen med herleg stell, draumespa og brudepynting. Nyt kjærleiken i brudesuiten, og få frukosten servert på rommet. Kva er dykkar draum? Vi veit at det er summen av dei små detaljane som skapar dei store opplevingane. Vi har hovmeistrar som hjelper dykk - frå planlegging til gjennomføring. Minna vil vare livet ut.

Ta kontakt med salsavdelinga vår på 70268300 eller geiranger@hotelunion.no for eit godt tilbod.

Vi tek atterhald om endringar i programmet og trykkfeil.


hotelunion.no Hotel Union, 6216 Geiranger, Norway telefon +47 70 26 83 00 faks +47 70 26 83 50 geiranger@hotelunion.no facebook.com/hotelunion

Foto: Anne Hagen, Mona Gundersen, Geir Magne SĂŚtre, Frank Stenersen, Rune Hagen, Terje Rakke/Nordic Life, Damian Heinisch. Tekst: Akka Tekst. Design: anne@hagendesign.no

VELKOMEN!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.