Haustprogram Hotel Union Geiranger

Page 1

HAUSTPROGRAM 2014



HAUST PÅ UNION Det er tid for gode stunder. For late dagar, avkopling og vakre utsikter. For gode møte og lange samtalar. For venskap, smakfulle måltid, energi og latter. For gamle vinar, ny romantikk og årgangskjærleik. Når du endeleg kan setje av tid til deg sjølv, din kjære eller gode kollegaer, då er Union der for å oppfylle nett din draum. Her kan du tulle deg inn i badekåpa og gle deg over varme opplevingar i Union Bad & Spa. Utandørs kan du nyte fargespelet og den friske haustlufta. Innandørs kjenner du varmen og atmosfæren, unner deg ei spa-behandling, lærer om franske vinar eller hudpleie. Kjøkenet sørgjer for spennande, lokal mat og vin frå vår eigen vinkjellar. Vi dekkjer eit romantisk bord for to, pyntar for den store feiringa eller førebur venekveld i intime restaurant Julie eller koselege Mollaløa. Vi vonar du vil reise herifrå full av inntrykk og ny energi!

UNIONSOPPHALD MIDT VEKE frå kr 1015,Per person i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. Prisane gjeld overnatting i standard rom per døgn eller per helg. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no

SPAOPPHALD MIDT VEKE* Per person i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad & Spa og 2 stk 25 min spabehandlingar, eller 1 stk. 50 min.

frå kr 1525,-

SENIORPAKKE MIDT VEKE* Per person i dobbeltrom eller enkeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

frå kr 875,-

HELGEOPPHALD HAUST frå kr 2950,(aug–nov 2014) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Sjå temahelgar for program.


FAMILIEOPPHALD PÅ UNION Skap dei gode minna – for deg og familien. Vi ynskjer heile familien velkomen til Hotel Union og eit velfortent avbrekk frå kvardagen. Her er det lett for små og store, unge og eldre å hyggje seg samtidig. Fasilitetane på hotellet lokkar til både aktivitet og kvile, og naturen rundt hotellet er fantastisk. Nyt det gode måltidet, roa og dei frydefulle augneblinkane saman med dine nære og kjære. UNION BAD & SPA Union Bad har herlege fasilitetar for barn og vaksne. Utandørs (34°) og innandørs basseng (32°), eiga barneavdeling (34°), sauna og kvilestolar. I SPA-avdelinga kan du nyte avkopling og massasje. Unn deg den gode stunda med opplevingsdusjar, damp, varme og vatn. Ta deg tid til ei velgjerande behandling. UNION BARNEKLUBB Kom og bli med på klubb i haustferien! Gle deg til nye vener og mykje moro! Dette er barna sin eigen klubb der aktivitetsleiaren tek barna med på ulike aktivitetar inne og ute. Hotel Union har eiga skytebane, biljard- og bordtennisbord og eiga barneavdeling i Union Bad.



HAUSTFERIE Velkomen til ein hyggjeleg haustferie i Geiranger. Kos deg i Union Bad & Spa. Vi har symjebasseng og utandørs terapibasseng, og du kan velje mellom mange gode behandlingar. Bli med på ein flott fottur med guide, eller ta eit kurs i stavgang. Du kan også vere aktiv innandørs. Vi har skytebane, treningsrom, bordtennis og biljard. Og vi har luftige salongar og skjerma sitjegrupper, perfekte for lange samtalar eller ei god bok. For borna har vi leikerom, barnebasseng, Playstation, diskotek og barneklubb. SØNDAG–FREDAG FAMILIEPAKKE (2 vaksne + 2 barn) Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad, og ulike aktivitetar for haustferien. Sjå detaljert program på hotelunion.no UNIONSOPPHALD MIDT VEKE Per person i dobbeltrom inkludert middag, frukost og Union Bad SENIOR MIDT VEKE Per døgn, per person i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad.

frå kr 2250,-

frå kr 1015,-

frå kr 875,-

FREDAG–SØNDAG (HELGEOPPHALD) frå kr 2950,Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Barn gratis. (Ekstraseng frå kr 295,- per døgn) Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn.


TEMAHELGAR HELGEOPPHALD HAUST (aug–nov 2014) Per person i standard dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Fredag–laurdag: kr 1240,- per person Laurdag–søndag: kr 1710,- per person Sjå hotelunion.no for program til temahelgane.

frå kr 2950,-

HAVE TS FESTBORD 26.–28. SEPTEMBER Denne helga serverer vi retter frå havets spiskammers. På bufféen finn du alt frå tradisjonelle fiskeretter og skaldyr til nye smakskombinasjonar og moderne sushi. Vin frå vår eigen vinkjellar høyrer med. Ta deg også tid til å nyte nokre gode timar i Union Bad & Spa. GARDSMATBUFFÉ 3.–5. OK TOBER Vi får besøk av lokale matprodusentar og råvareleverandørar, og kjøkenet byr på smaksopplevingar basert på våre aller beste råvarer. Nyt ei lun hausthelg på Union med god mat, Nordic Walking og eit besøk i Union Bad & Spa. HAUSTHELG 10.–12. OK TOBER Velkomen til ei ny og spennande temahelg, med retter frå Asia på buffeen. HAUSTFERIE VEKE 40 OG 41 29. SEPTEMBER–3. OK TOBER / 6.–10. OK TOBER Sjå hotelunion.no for haustferieprogram, eller sjå eige avsnitt i programmet.

FØRJULSHELG MED VILT 31. OK TOBER–2. NOVEMBER Ta ein pause frå julestria, og unn deg ei velfortent stund i Union Bad og Spa. Nyt naturen og den blå timen, ta ein tur med truger og stavar eller kanskje ein rattkjelketur. Innandørs kjenner du roa senke seg, og du kan nyte god mat og godt samvere. Varm julemat på buffeten laurdag, i tilegg til varm og kald viltmat. Velkomen til ei lun novemberhelg i Geiranger. JULEBORD 14. NOVEMBER–21. DESEMBER Sjå hotelunion.no for haustferieprogram, eller sjå eige avsnitt i programmet.



NYHEIT 2014

Fossevandring Den nye kultur- og naturstien går frå Fjordsenteret, forbi Hotel Union og heilt ned til sentrum i Geiranger. Du kjem tett på elva, det gamle kraftverket og den flotte Storfossen. Ei unik natur- og kulturoppleving med gode informasjonstavler og mange flotte fotopunkt.

NYHEIT 2014

Ladestasjon for el-bilar Hotel Union Geiranger tek ansvar for miljøet og tilbyr lading av el-bilar frå 2014. Dette er den fyrste ladestasjonen i Fjord-Noreg, utanfor byane, og er ein del av miljøsatsinga til hotellet.





KONFERANSE PÅ UNION Den gode møteopplevinga.

frå kr 1495,-

** Inkl. nonsmat

På Union er alle møtedeltakarane samla på ein stad, og omgivnadene inspirerer til glede og fellesskap. Etter ein lang møtedag koplar ein gjerne av i spa-avdelinga eller ruslar ein tur i den vakre Geiranger-naturen. Smakfull mat og spennande aktivitetar høyrer også med. Konferanseavdelinga vår har lyse og luftige møtesalar, gode utstillingslokale og store fellesareal. Her er også mindre møterom og skjerma salongar – perfekte for den gode samtalen. Vi har business-senter, eigen konferansevert, og vi ordnar alt du treng av teknisk tilrettelegging. NONSMAT Den tradisjonsrike sunnmørske nonsmaten vår har fått svært god mottaking. Dette er eit godt lite ettermiddagsmåltid med m.a. heimebaka brød, nykokt kaffi, heimelaga syltety og litt søtmat. KONFERANSEPAKKE ØKONOMI* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering.

KONFERANSEPAKKE UNION Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering.

frå kr 1350,-

KONFERANSEPAKKE AK TIV* Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering, 1 valfri aktivitet (Nordic Walking, spa, vinsmaking, kønnjøl og neip eller guida fottur. Kan variere med sesong).

frå kr 1480,-

KONFERANSEPAKKE BUSINESS Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, frukt og snacks, kaffi, te, mineralvatn, juice, nonsmat og sjokolade frå eige konditori.

frå kr 1720,-

KONFERANSEPAKKE GOURME T frå kr 2720,Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon med gourmet mat- og vinoppleving i Mollaløa, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, frukt og snacks, kaffi, te, mineralvatn, juice, nonsmat og sjokolade frå eige konditori. Prisane gjeld per person i standard enkeltrom per døgn. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no **Gjeld januar – mars


JULEBORD 14. NOVEMBER–21. DESEMBER TRADISJONEN: Julebord på Hotel Union Geiranger har vorte tradisjon for svært mange. Vi fyrer i peisen, tenner lys og ynskjer deg velkomen til eit julepynta hotell. MATEN: Sjølve julebordet får stå i sentrum i julebordstida. Vi nyttar mange av dei gode, velprøvde oppskriftene, men komponerer også nye rettar av dei aller beste råvarene. Smak på spesialitetar frå nabogardane, pinnekjøt, lutefisk og vår eigen heimerøykte laks. Her er alt du kan tenkje deg av vilt og sjømat, og kaldtbordet fyller vi med lammerull, gås, salatar, sild og mykje meir. Konditoren byr på herlege kaker, dessertar, terter og julegodter. JULEHUSET: Julehuset i Mollaløa gjer vi om til gourmetbutikk, med eit smakfullt utval av heimelaga matgåver. Lun stemning, smaksprøver og gode historier. KOSEN: Desse helgane har vi fokus på innekos, og ei god stund i Union Bad & Spa vil gje deg velfortent avkopling og kvile. Opplev Geirangernaturen i førjulstida. Vi tilbyr tur med stavar kvar julebordshelg. JULEBORDSHELG Per person i standard dobbeltrom, inkludert middag fredag, julebord laurdag, 2 frukostar, inngang Union Bad og ev. julebordsaktivitetar. Sjå julebordsprogram på hotelunion.no

frå kr 3350,-

Gåvekort I år kan du både bestille gåvekort og betale på nettet. Det er gjort på 1-2-3, og vi sender gåvekortet på e-post med det same! Gå inn på hotelunion.no




FIRMATUR & JUBILEUM

FAMILIESELSKAP

Planlegg firmaet ei viktig markering i 2014? Skal du arrangere firmatur, kickoff, båtdåp, eller jubileum? Fortel oss kva som er føremålet med arrangementet ditt, så kan vi setje saman ein pakke som passar perfekt for akkurat di gruppe. Konferanseavdelinga vår har gode lokale og alt du treng av teknisk tilrettelegging. Våre planleggarar kjem gjerne med framlegg til aktivitetar og felles opplevingar. JULEBORD Per person i dobbeltrom, inkludert middag fredag, julebord laurdag, 2 frukostar, inngang Union Bad og ev. julebordsaktivitetar. Sjå julebordsprogram på hotelunion.no

HOTEL UNION PÅ 3 VAKRE MINUT T. Scann QR-koden for å sjå filmen. Ta kontakt med salsavdelinga vår på 70268300 eller geiranger@hotelunion.no for eit godt tilbod.

frå kr 3350,-

Runde dagar, dåp eller konfirmasjon. Dei store dagane blir minnerike når du legg feiringa til oss. Her finn du fasilitetar og omgjevnader som innbyr til trivsel, hyggje og høgtid. Vi skreddarsyr arrangementet ditt slik du ynskjer det, dekkjer for intime selskap eller store feiringar. Vi gjer ekstra stas på jubilanten, spanderer oppgradert rom og pyntar bordet med blomar og lys. I Geiranger vil du finne aktivitetstilbod som passar alle. Eit opphald i Union Bad & Spa vil gjere opplevinga endå større - for både små og store gjester.

BRYLLAUP

Til kyrkja i blankpolert veteranbil - med vind i sløret og bankande hjarte. Strålande smil på kyrkjetrappa og vakker utsikt over Geirangerfjorden. Fotografering ved Knuten eller Flydalsjuvet, medan gjestene nyt ein aperitiff i hotellhagen. Stilfull oppdekking på Hotel Union. Bryllaupsmeny og bryllaupskake frå dyktige kokkar og konditorar. Musikk og dans i nattklubben eller i eige festlokale. Samle nære og kjære i Mollaløa kvelden før bryllaupet med spekemat og rjomegraut eller skaldyrsmeny. Lad opp til den store dagen med herleg stell, draumespa og brudepynting. Nyt kjærleiken i brudesuiten, og få frukosten servert på rommet. Kva er dykkar draum? Vi veit at det er summen av dei små detaljane som skapar dei store opplevingane. Vi har hovmeistrar som hjelper dykk - frå planlegging til gjennomføring. Minna vil vare livet ut. BRYLLAUPSPAKKE Inkludert i pakken per person Aperitiff, 3-retters middag, vinpakke, avec, kaffi, dans til husorkester i danserestaurant. (Hotellets val)

frå kr 1250,-


www.hotelunion.no Hotel Union, 6216 Geiranger, Norway telefon +47 70 26 83 00 faks +47 70 26 83 50 geiranger@hotelunion.no facebook.com/hotelunion

Foto: Mona Gundersen, Geir Magne SĂŚtre, Frank Stenersen, Rune Hagen, Terje Rakke/Nordic Life, Damian Heinisch, Jakob Torp Ă…rset. Tekst: Akka Tekst. Design: anne@hagendesign.no

VELKOMEN!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.