Sandeid er ein Møkkaplass_1 2016

Page 1

Sandeid er ein

MØKKAPLASS - og Vil vekst i Ølen

Vindafjordbonden inviterer til familiedagen Vil vekst i Ølen, mens unge bønder satsar friskt i Sandeid.

:

E T T E D Å S LES OG Endre e Stopl t liv t i m onde som b

Hans Ilstad

- alltid til tjeneste

a Camill og Harald lt er hei ege naturl

Ta heil e familie n med på VIL VEKST i Ølen, lørdag 24. sep tember

MØKKABLAD nr 1. 2016

Eit framifrå magasin frå Vindafjordbonden 1 MØKKABLAD


Vindafjordbonden

Det er viktig for alle, både enkeltpersonar og grupper/lag/firma, å bli verdsatt. Føla seg viktige. Dette er bra for rekruteringa, kor effektive me er og for mykje anna. Derfor Vindafjordbonden AS.

DETTE GJER VINDAFJORDBONDEN AS

>>

Vil vekst i Ølen lørdag 24. september

ARBEIDER OPP MOT POLITISKE ORGAN

Me vil oppfordr a alle til å ta turen til Vil vekst i Ølen. Vindaf jordbonden flyttar garden sin til Sjoargata i Ølen, og der blir mykje å oppleva. Alt frå dyr, la ndbruksmaskinar, leik ar og sal av lokalmat. Set av dagen og bli deltidsb onde for nokre tima r.

Presentera våre tankar, idear og meiningar til ulike stortingsrepresentantar, kommunestyret, Rogaland Bondelag, større bedrifter og mange andre.

>>

AUKA STATUS OG OMDØMME

>>

FORBETRINGSTAVLA

>>

GARDSKILT

>>

PROFILERING

Bondesamlingar, leverandørsamtalar, ulike gruppe-møter, innlegg på facebook og tilsvarande har belyst både storleiken og kor viktig Vindafjordbonden er. Mange har fått eit anna syn og blitt motiverte. Utallige omtalar i media har også bidratt.

LANDBRUKET I VINDAFJORD Det er drift på 420 gardsbruk som gir ca 700 årsverk. Jordbruksarealet pr. bruk er 196 dekar.

Forbetringstavla som gjer at den enkelte gard blir meir lettdreven og gir betre oversikt, motivasjon og økonomi.

VINDAFJORD ER LANDETS 4 STØRSTE HUSDYRKOMMUNE MED:

Me må visa igjen som andre bedrifter.

· 3 200 mjølkekyr

Eigen kleskolleksjon med Vindafjordbonden si profilering, og ulike klistremerke som skal visa fram mange «stolte» Vindafjordbønder.

DETTE VAR NOKO AV DET VINDAFJORDBONDEN AS DRIV MED

· 7 800 andre storfe · 16 900 sauer

· 1 000 avlsgriser

· 50 000 slaktegris/år

Eg håpar du kosar deg med magasinet og ynskjer alle velkommen til Vil vekst i Ølen 24. september.

>>

MØKKABLAD 2

HELSING

Andreas Lundegård, styreformann i Vindafjordbonden AS

Forvaltar totalt eit areal på 620 000 dekar, med ei av Norges mest produktive hjortestammer. Vindafjord har eit produktivt skogsareal på 250 000 dekar og avvirkar mellom 10 000 og 20 000 m3 pr. år. Brutto verdiskaping i landbruket i Vindafjord er om lag 400 mill., og Vindafjordlandbruket er hjørnesteinsbedrifta i Vindafjord med 14% av alle sysselsette.

gn desi t h ks . - te elseth Abelset Ide ne Ab . t R : E . G R rank ord og ARLE Frank F V S g N j AS, nd o SINA ndaf MAGA skalle il Økla r i Vi a r g d a E n Vinn Svein ssta den AS n : : Hu FOTO BUSJON fjordbo I a R d T n S Vi DI VAR: UTGI


ENDRE STOPLE - mitt liv som bonde

Endre kjem frå gard i Sandeid

I 1973 arbeidde han som lærar på framhaldsskulen i Sandeid. Same året gifta han seg med Marta frå Skjold, og dei tok over garden Nedre Austrheim. Foreldra til Marta sleit med helsa, og det er ikkje det rette å slita med når ein skal driva gard. Frå 2000 er det sonen Torleif og hans familie som har overteke gardsdrifta. Sjølv om Endre syntes det var rart å slutta i så ung alder, meiner han fortsatt at det er viktig å sleppa til dei unge når dei vil. Det meiner han at kanskje endå fleire burde gjort. Men det er ofte lettare å sei det enn å gjera det. Endre fekk seg arbeid hos Krakk Transport, og er fortsatt «ringevikar» for utkjøring av kraftfor frå Felleskjøpet.

Var bondelivet verdt å leva Endre?

Dei som tenkjer på å bli bonde bør «sjå seg i speilet», og spørja seg sjølv om interessa er stor og ligg djupt nok, seier han. Det er jobb, livsstil og tek mykje av fritida. Ein bonde er også bedriftsleiar som har ansvar for mykje, og har vakt det meste av døgnet. Men svarer speilbildet ja på dette, blir det eit rikt og godt liv.

Kva er det beste med å vera bonde?

Få arbeida i Guds natur og sjå korleis skaparverket fungerer, svarar Endre. Dyrka ny jord og sjå at det veks har eg alltid likt. Stor stas å slå graset for første gong. Ein bonde er ein forvaltar av det skapte, og det gir mykje glede. Det kan vera einsamt, men du kan engasjera deg i ulike organisasjonar. Fellesskapet er sterkt. Det er ikkje så mange andre i ein lastebil heller, legg Endre til. For born er det svært kjekt å veksa opp på ein gard. Bygga leikehytter, klyva i trær, omgang med dyr, læra å kjenna naturen... Det er av stor verdi. Det seier alle i ettertid. Det var av og til litt sårt å ikkje kunne vera med borna på ulike aktivitetar på ettermiddag/kveldstid. På 70-talet reiste ikkje mange bønder på ferie. Men me tok kvar sommar campingvogna og var borte opptil 14 dagar. Det var ei god investering. Ein kan sjå at Endre meiner det.

Eg har aldri trega på at eg vart bonde

Men det er krevande i dag. Ein bonde skal i dag vera god på mange område og fagfelt. Alt må gå på skinner og ein må vera god på produksjon. Alle bonusar er viktige. Eg er også glad for at garden var stor nok til å vera heiltidsbonde, og har hatt eit meiningsfylt yrke med lange dagar. I dag likar Endre å rydda skogen for vindfall og anna, og har saman med ein nabo kjøpt eit lite sagbruk. Der kosar me oss, seier Endre.

GARDEN NEDRE AUSTRHEIM

Akkurat det trur me Endre og Marta har vore flinke til heile tida. Og kanskje ligg svaret nettopp der? Å verkeleg kjenna etter og bry seg om alt som er i skaparverket? For det er ikkje lite, og er verdt å få med seg. Takk til Endre, Marta og andre som byggjer opp og overlet gardar mange har glede og nytte av.

3 MØKKABLAD


NG GJER AT AGJE D MØD,KK EINKARAGNELA EIRE, FL E NG OG MA FRÅ SANDEI DA. DESSE OGSÅ I FRAMTI VIL STÅ STERKT VINDAFJORDBONDEN

RSEN GEIR OLAV LA

ODDBJØRN ØVERLAND IAN KRIST JOHN KKESTAD året STA is i

gr lakte t 900 s t vfore t 1 ka alt gro ndre e a Selg et)til (gras r. bønde om ing s ils N still Full ggar hos et rørle imsen. eal s Torgr Spreiear r o e f Lit nsing begre ging. utbyg

MØKKABLAD 4

20 melkekyr – 140.000 liter melkekvote Kombinert produksjon av gris. Smågris og slaktegris 20 purker og 450 slaktegris 35 vinterfora sau

Har gjort grisehuset meir automatisk.Har sagt opp jobb «i oljå» for å bli fulltidsbonde frå 1.1.17. Ser fram til å fokusera meir på trivsel både i arbeid og fritid, og flyttar derfor heim.

og 14 melkekyr melkekvote 80.000 liter is gr 2.100 slakte (max kvote) nokre Leverer også t ak oksar til sl r ne 5 villige hø ner 2 ivrige kani

afjos, Bygd ny gris av andre vedlikehald kjøpt ny bygningar og stilling traktor. 50% rge Sag. Be hos XL-Bygg

ANDREAS BAKKEDAL

og 25 melkekyr r 130.000 lite melkekvote lag Slaktar om år 30 oksar pr uer sa 150 spreke 800 griser alle Har fornya er bygningar og e. fulltidsbond

BRYNJYLF HELGEVOLD

28 melkek yr 200.000 li og melkekvote ter 130 ungdyr (oksar) – slakte ca 30 tonn i året 1 katt so m heiter Mandius Bygd om gr til okse. isahuset Fulltidsbo nde.

DRE SON VOLD E G HEL l

ti en Son njulf amifrå Bry ein fr og ng. dre


YNGRE KREFTER

- satsar på landbruket i Sandeid Det gir høg livskvalitet å skrapa vekk skit som ligg under neglene

Mange har dei siste åra snakka om alle gardane som er blitt borte både i Sandeid og andre bygder. Fleire har kjent det på kroppen når ein bonde gir seg eller trappar ned. Alle, frå den lokale butikken til produsentar av traktorar har merka det. Men ikkje alt me har snakka om stemmer. Gardane er der stort sett fortsatt, sjølv om deler av gardane blir drifta av andre. Nå er det eit optimistisk generasjonsskifte i Sandeid. Og det er slett ingen møkkagjeng som nå driv og skal driva gardane. Optimismen og pågangsmotet minner mykje om dei første kalvane som blir slepte på beite om våren. Til og med «kjærestane» til desse karane skal passe seg for ikkje å bli dratt med i høyet... Det var heilt naturleg for meg å overta, seier Oddbjørn Øverland. Eg har lyst og gler meg til å starta for fullt 1.1. Å sei opp jobben «i oljå» var berre slik det måtte vera. Han og resten av gjengen let seg inspirera av kvarandre, og stikk innom dei andre for å sjå kva den andre held på med. Dei byter også på å vera den som drar, og lar seg gjerne «pirra» når nokon er først f.eks. med slåtten.

Er ein flott traktor symbol på god butikk?

Mange har meint det. Men det er ei ulempe å vera for interessert i utstyr. Dei som er det tener mindre penger, legg dei til.

ballar rosa», kan stemninga på låven til Geir Olav Larsen samanliknast med 30-års dagen Oddbjørn feira på eigen låve i sommar. Når hobbybønder diskuterer fargen på ballene i lunsjpausen på ulike arbeidsplasser, er det mange av ulike kjønn som stoppar opp for å bli «mata». Det kan bli mykje utvikling og møkkapreik blant bøndene i Sandeid framover.

Framtida ser lys ut for landbruket i Sandeid

Alle er enige om at det er inspirerande det som nå skjer i landbruket i Sandeid. Mykje folk på bondelagsmøta, handel i butikken, flott naturlandskap og høg verdiskaping på mange plan. Kva som skjer i framtida er jo vanskeleg å spå, og det vil også variera etter kva grunnlag som ligg i den enkelte gard. At det fortsatt kjem til å bli mange møkkadagar i Sandeid er sikkert. Fleire andre bønder kunne ikkje møta til intervju pga kalving og anna, så landbruket i Sandeid står sterkare enn på lenge. Dei påpeikar også at mange bønder i andre bygdar i Vindafjord også investerer og ser framover. Me takkar for oppmøtet og «skitpreiket», og ser fram til å ligga bak mange traktorar i åra framover. Møkka i Sandeid har alltid vore verdifull for mange. Også for turgåerar som kan nyta ulike vegar og stiar. Takk til ein flott og inspirerande møkkagjeng:)

Me tenkjer vårt når det gjeld utstyr, unge bønder og vekst på gardane. Då spørsmålet kjem om «er dine

5 MØKKABLAD


CAMILLA OG HARALD er heilt naturlege

Heilt naturlege

Geiter og sauer

Dexter

Boer geitene er absolutt kjøtgeiter, og har ein spesiell og sterk personlegheit. Dei er svært forskjellige, men sosiale og kontaktsøkande. Snakkar mykje, og går alltid i lag.

Ja meir eller mindre døgnet rundt. Dyr, planter, skog, fiske, lærerinna på Tveit Vidaregåande Skule, dagleg leiar på Velde Maskin, engasjert i ulike landbruksorganisasjonar, eigen matproduksjon... Camilla er frå Nærbø og var mykje på ulike gardar då ho vaks opp. Etterkvart vart det jobb på Tveit, der også Harald var lærar. Etter ei tid med smugkikking vart dei eit par, og for 10 år sidan overtok dei gard på Velde i Blikrabygda. Ein irsk kurase pregar mykje av tida til Camilla og Harald. Desse dyra er noko mindre enn det me er vant med av ei ku her i distriktet. Først og fremst ynskjer dei å produsera kjøt og selja det, men dei sel også dyr som alvsdyr. Dei har fått fram dyr med ein interessant genetikk, noko som gjer at andre også er interessert. Alle dyra har navn som Gyda av Velde, Frigg av Velde osv. Etternamnet kan vera viktig då dette står i stamtavlene vidare i livet. Også som god reklame for garden. Dei deltek også på ulike messer der dei sel kjøtet direkte til brukar. At dei produserer grasfora kjøt er det mange som set pris på. Dei brukar også mykje av kjøtet sjølv. Kjøttdeig, hamburgerar, kotelettar, steik og pulled beef. Noko gir dei også vekk til mor til Harald, så blir dei invitert på middag. Grei ordning det meiner Camilla og Harald.

MØKKABLAD 6

Tre boer-geiter med kje og ein bukk som heter Bongo, er også ein del av familien. Som geiter flest er dei mest glad i det sauer og kyr ikkje et. Det blir «øppna landskap» og flotte kulturbeite av slikt. I starten reagerte Camilla på at geitene vart tynnare, sjølv om dei gjekk på eit godt grasbeite. Ho fekk anbefalingar om å ikkje gi dei så fin mat. Eit hogstfelt med mykje kratt vart løysinga, i byte med eit nytt godt kulturbeite.

På garden er der også to bevaringsverdige sauerasar frå Jæren. Fuglestad Brogete og Blæsete. Camilla meiner dette er dei finaste sauarasane. Sauene har også navn, og får mykje kos og omtanke på garden. Ulla sel dei til ulike kundar.

Kosedyr og melkekvote

Når me kjem i tunet og skal prata med Camilla og Harald blir me møtt av to moskusender. Dei helsar litt på avstand, men vraltar mot oss for å sjekka om me kan tilby noko å eta. Dei fleste av oss kan jo få lyst på noko anna enn brunsneglar. Katten kjem også luskande, og lurer på kven som kjem til gards. Litt lengre nedi hagen held hønene og to hanar til. For nokre år sidan var dei plaga med rev. Ein gong Camilla kom ned såg ho 5 høner og ein hane


ALLTID KJEKT Å HA EIT FAMILIEBILDE ER

DET ER GODT Å VERA SAU . HOS CAMILLA OG HARALD

liggande etter eit revebesøk. Men etter ei stund viste det seg at hanen var i live. Han hadde då spelt død, sikkert i fleire timar, men no vakna han opp. Teaterskulen neste meiner nå me. Melkekvoten leiger dei bort, og ulike bær og sopp blir henta og blir til herrlege rettar. Matproduksjon i praksis.

Stor interesse for dyr, landbruk og natur.

Me legg tidleg i samtalen merke til at her er det eit spesielt personleg engasjement. Dei har ikkje «berre» dyr. Dei tek seg tid til å bli kjent med dyra, og bryr seg. Harald dreg også fram at dei trives svært godt i det stimulerande bondemiljøet i Vats og Vindafjord. Me er store nok til at me kan vera med på ulike diskusjonar, som f.eks. om været, avling, maskinar og liknande. Me bønder ser det ikkje som eit problem at me ikkje fekk brukt opp solkremen dette året, det blir eit litt anna fokus når ein er bonde. Camilla, som også er svært glad i hage og blomar, meiner også at det å vera bonde og «naturleg» gjer at ein legg ekstra godt merke til det som skjer om våren. Alt og alle skal føda eller bløma på den tida. Til og med å hogga tistel i timevis kan Camilla trivast med. Av og til med god hjelp av ei lydbok.

SJØLV DEI FINASTE BLIR FINARE MED ØYREPYNT.

A EIN AV KALVANE FÅR VER MED PÅ TUR.

Harald er ein drivar

Harald er også deleigar i ein sjølgåande finsnittar, og tek opp gras for enkelte bønder på hobbybasis saman med ein gjeng kameratar. Dei trives godt i garasjen når snittaren treng litt vedlikehald, og kallar bedrifta si for Tempo gras. På det årlege julebordet et dei snittar og ser film som Harald har sett saman frå ulike oppdrag. Av andre hobbyar Harald har vil me nevna utstopping av dyr. Han er og ein av leiarane i den lokale speidargruppa, med i lokalt bondelag og Aksjon Vatsvassdrag. Enkelte søndagar tek Camilla og Harald turen opp til ei «koia» som ligg på ein teig ovanfor Eikesdal. Svært enkel men med sjel. Dei har også ei målsetting om å bruka opp ein bensintank i året på dorging i Vatsvatnet, men greier ikkje alltid det.

Måneskinnsbønder

Dei trives svært godt som bønder og i naturen, og om våren og sommaren slår gjerne klokka midnatt før dei er inne. Mykje kjekt som skal gjerast, og mange gode vener som skal få mat og stell. Når tida er inne tuslar også endene inn og legg seg der dei skal. At den eine har fått navnet Veranda, ser det ut som ho taklar heilt fint. Vindafjordbonden takkar Camilla og Harald for at dei ville stilla opp for ein prat, og er sikre på at deira måte å leva på vil inspirera bønder og mange andre til å bli endå meir naturlege.

7 MØKKABLAD


AR EIN GOD BONDE H DYRA RESPSTEADKERTEINHSLOIKS BOND E. HANS IL

NA FÅ. EI LEIKEHYTTE SKAL BOR TET? LOF PÅ DYR MED KANSKJE

MØKKABLAD 8

HAR GODT STELL OVER TID K. JØL TEM ELI I ERT RESULT


HANS ILSTAD

– alltid til teneste Breistein Gard ligg i enden av Ølmedalsvatnet

Garden vart kjøpt på den frie marknaden av besteforeldra til Hans i 1960. Sjølv er han oppvaksen i Sauda, men vart som 9 åring med på flyttelasset då faren og mora overtok garden i 1984. Hans og kona Marit overtok i 2012, og lever i dag herrens glade dagar i nytt hus og 3 born i alderen 0, 3 og 6. Makan til god planlegging skal du leita lenge etter. Hans har om lag 80% stilling hjå Vikedal Mur & Anlegg som kontormedarbeidar. At alle lørdagar stort sett er fullbooka er lett å forstå. Marit er utdanna sivilingeniør og har full jobb som einingsleiar teknisk i Vindafjord Kommune, men er for tida heime i permisjon med minstejenta. Garden har mjølkekvote på snaut 200.000 liter, og er i samdrift med Kjell Hustveit. Totalt er det om lag 70-80 storfe som skal ha sitt daglege stell. Av desse er om lag 20-30 mjølkekyr som gler seg til å forsyna det norske folk med mjølk og mjølkeprodukter kvar dag. Alle oksekalvar blir fora opp til slakt.

Hans er deltidsbonde med faren på slavekontrakt

Å vera deltidsbonde er nok minst ei fulltids stilling omrekna i timar. I tillegg er faren Olav Johan pensjonist og har etter Hans si vurdering inngått slavekontrakt. Mange gardar er nok svært avhengige av slike «slavar», og nokon har rekna ut at slike pensjonerte bønder gjer arbeid for 1,5 milliardar norske kroner.

Rammebetingelsane må vera gode nok

Hans er 3. generasjon og tek det på alvor. Gjer sitt beste for å halda garden vedlike og prøver fornya både seg og garden. Målet med gardsdrifta er ikkje at den nødvendigvis skal bli så mykje større, men at garden blir driven på ein forsvarleg og effektiv måte både økonomisk, agronomisk og ikkje minst med tanke på helsa. For å få ei effektiv og lønnsom drift er det svært viktig at rammebetingelsane er gode nok og forutsigbare.

5 år med elitemjølk

På veggen heng planketten der det står at han har levert elitemjølk samanhengande i 5 år. Trur kanskje Tine har misforstått aldri så lite med det som står på planketten, for slik skribenten ser det er det vel kyrne som har stått bak denne «bragda». At Hans har bidratt er me enige i. Kurasen er NRF (norsk rødt fe). Den er viden kjent for gode jur og god helsa. Det er nok mange som kunne tenkt seg å vera kjent for det same:)

Kyrne til Hans leverer på snitt ca 8.500 liter mjølk pr år. Det er ikkje uvanleg med kyr som mjølkar både 10.000 og 12.000 liter. Til samanlikning leverte ei ku i 1939 ca 2.600 liter, i 1992 ca 6.300 liter og i 2012 ca 7.240 liter. Når Hans og kyrne leverer elitemjølk får dei «bonus» på 30 øre literen. I tillegg nokre øre for kvar tiandedel dei kjem over 4% feitt i mjølka. Hans sine disiplar ligg på mellom 4,5 og 4,7. Noko som resulterer i nokre ekstra kroner i kassen. Kjem dei under 4,0% med feitt i mjølka blir det trekk. Bøndene får ôg trekk eller tillegg for protein-innhaldet i mjølka. Me gratulerer både Hans og «møene» med framifrå arbeid over lang tid. Skal dei produsera endå meir og betre må det ifølgje bonden brukast meir tid på avl og anna som kan forbetra resultata. Hans legg ikkje skjul på at det å ha arbeid utanom garden har sin pris.

Kvifor er du bonde Hans?

Eg likar det, svarer Hans. Du ser resultatet av arbeidet du gjer. Ofte med ein gong, men også over tid. Dette med å vera saman med dyr og i tillegg vera mykje ute er også viktig. Hans ser det heller ikkje som ei ulempe at borna kan få veksa opp på ein gard. Dei som kjem frå gard «virkar» er det mange bedriftsleierar som har sagt og erfart. Hans har også alltid vore engasjert i både bondelag og bygdalag. Likar å prata med folk, og prøver å vera positiv og sjå framover. Sjølv om antal mjølkebønder er meir enn halvert i bygda dei siste ti-åra er det alikevel optimisme. Mange yngre overtek og mange gardar blir vidareutvikla. Vindafjordbonden takkar både Hans, Marit og borna. Nysteikte vaffelkaker med heimalaga plommesyltetøy saman med heile familien gjer inntrykk. God og ekte mat, servert og nytt på garden der alt kjem ifrå, gjer dette til noko litt ekstra. Det er også viktig for Hans at han har inntrykk av at nordmenn vil ha norsk mat. Det gir han drivkraft og motivasjon. Ei nysteikt vaffelkake med «ein kilo smør» og heimelaga plommesyltetøy gir også gode krefter og god stemning. Takk til deg og dine Hans – og lukke til vidare i teneste for bygda, kommunen og det norske folk.

9 MØKKABLAD


VÅRE

SAMARBEIDSPARTNERAR

Her er nokre av dei som verkeleg bryr seg og bidrar til det gode landbruket Vindafjord har i dag. Vindafjordbonden treng slike «vener» for å gjera ulike tiltak, som dette magasinet, arrangementet Vil vekst m.m. Takk til dei som bidrar.

MØKKABLAD1010 MØKKABLAD


MEDLEMMER I VINDAFJORDBONDEN Det er desse medlemmene som er grunnlaget for at Vindafjordbonden AS eksisterer og kan gjera dei ulike tiltaka ein gjer..

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32.

Andreas Eikeland Asbjørn Alendal Andreas Lundegård Alf Egil Vaula Arild Eide Bård Arne Lunde Borghild og Jakob Eskeland Eivind Vik Elisabeth og Steinar Nesheim Endre Krakk Frode Grindheim Geir Tofte Geir Olav Larsen Gunvor Bakke Gudmund K. Håkull Harald Eikanger Hege og Jostein Sørhus Herlof Sigurd Lærdal Harald Olav Stuhaug Heidi og Eivind Lien Harald Hetland Henrik Nerheim Harald og Camilla Velde Hans Ilstad Inga Steinsland Jostein Halvorsen Johannes Hustveit Jan Byrkja Jørund Velde Johannes Vestbø Jørn Apeland Kjell Thomas Kirketeig

33. 34. 35. 36. 37. 38. 39. 40. 41. 42. 43. 44. 45. 46. 47. 48. 49. 50. 51. 52. 53. 54. 55. 56. 57. 58. 59. 60. 61. 62. 63. 64.

Kari og Jan Idar Haugen Kjartan Kalstveit Kjetil Skartland Karl Larsen Lars Henry Dagsland Lars A. Lien Leif Bjarne Olsen Magnar Helgevold Magnus Frøyland Magnar Fjeldheim Marit Rimestad Norleif Fjeldheim Osmund Birkeland Ole Johan Vierdal Oddvar Kjærland Per Arnvid Landa Roald Haraldseide Rune Ersland Roy Erik Hetland Stein Øyvind Aase Svein Sigurd Haraldseide Severin Fatland Terje Kambe Trond Haugland Tjerand Selland Torleif Stople Trond Skogen Trygve Meland Vidar Viland Wenche Torstveit Øyvind Haakull Åsvald Imsland

Vindafjordbonden takkar alle bønder som stiller opp som medlemmer. Dei betaler ei årleg serviceavgift på kr 500,- + mva. for ulike tjenester og tiltak. Dei er avgjerande i dette arbeidet. KAN DU TENKJA DET Å VERA MED? Me trenge fleire bønder med på laget, og ynskjer du å vera med så send e-post til andreas@vindafjordbonden.no Alle bønder veit at til fleire me er, til tyngre løft kan me ta.

11 MØKKABLAD


VINDAFJORDBONDE

N INVITERER TIL

VIL VEKST 24. SEPTEMBER KL. 11.00 - 15.00 Sjoargato - Ølen

INNG

frå fy ONG K R. lte 18 år

75,-

HER KAN DU OPPLEVA:

• Levande dyr • Camilla og kalven • Fjoslukt • Salg av lokale matvarer • Grisapreik • Aktivitetar for store og små • Gammalt og nytt utstyr • Traktorpulling kl. 13.00 Arrangør:

Kven er sterkast av bøndene i Etne og Vindafjord?

Ein u v og tr anleg ive dag leg fo heile r fam ilien Sjoa :-) rg

SAUAKÅRING:

Stor kåring av sau for bønder i Vindafjord. Kom å sjå!

ata er ar vil bli st e rang eme ngt ntet .

und

Du kan betala inngongsbillett og i kiosken med mCash

5582 ØLENSVÅG

Kvalitet og tradisjon sidan 1951

MØKKABLAD 12

Betongelement – Ferdigbetong Røyr og kummar

Sal og service til eit moderne landbruk

Vinnarskall.no

- mat til alle anledninger -


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.