Hardangerfjordmagasinet nr 1 2021

Page 1

15 ÅR

FRÅ SKJERGARD I SUNNHORDLAND - TIL FRUKTHAGAR I HARDANGER

HARDANGERFJORD MAGASINET

INFORMASJONSBLAD INFORMASJONSBLAD

NR.NR. 1 JUNI 2020 1 - 2021

15. ÅRGANG 16. ÅRGANG

Her ser du nokre kjenningar som ofte vitjar oss!

God påske!

Korleis er det med deg, - kjem du i sommar?

: TO FO

RE

G

IN JER

GS

N KO

R TO

FO TO :

JAN

NE

RU

GL

AN

D

ET

FLEIRE KONKURRANSAR MED STORE PREMIAR

: TO FO

V ØY

IND

F TO

T

PÅSKEQUIZ

FOTO: AGNETE BRUN

NOREGS ELDSTE MANN - 106 ÅR

FOTO: JØRGEN GOMNÆS / DET KONGELIGE HOFF.

: TO FO

Hardangerfjorden er heilt konge frå hav til fossar, fjell og fonn!

GR

EG

H OR

OH

EN

BE

IS AT GR G

RG


FOTO: ERLEND HELLINGSRUD, ROSENDAL NATUR

DISTRIBUSJON: SVEIO / BØMLO / STORD / ULLENSVANG / ETNE / KVINNHERAD / VINDAFJORD / KVAM / EIDFJORD / ULVIK TURISTKONTOR / FERJER / SNØGGBÅTAR / BÅTHAMNER / BENSINSTASJONAR / OVERNATTINGGSTADAR I REGIONEN / FLY


1426 meter over havet kan du sjå Hardangerfjorden utover heilt til Bømlo mot havet. Snur du deg ser du fjorden vidare inn mot Hardanger. Snur du deg mot aust kan du sjå dei mektige Bjørndalstindane og Folgefonna. Melderskin - ein velsigna stad

Hardangerfjorden SPONSAR DET GODE LIV!

Nokon gonger har lagnaden krevjande utfordringar på lur til oss. Pandemien som i desse dagar råkar verda, utfordrar oss på mange felt. Sjølv om ingen slepp heilt unna, er det god grunn til å tru at naturen rundt Hardangerfjorden bidrar sterkt til at vi som bur her, har dei beste korta på hand også no. Vi er rett og slett sponsa, slik at vi langt på veg kan leva det gode liv, sjølv i pandemien si tid. Men eg meiner vi må stilla krav til oss sjølve om vi skal lukkast på heimebane med det gode liv. Eg har ein kamerat som driv eit firma som heiter Vinnarskalle! Om firmaet sitt skriv han: Vinnarskalle skal, med basis i strategi, konsept og kommunikasjon; - motivera, rådgi og trena sine kundar til å setja seg og oppnå sine høgaste mål. Ein Vinnarskalle ventar ikkje på betre tider, men skapar betre tider! Det fekk meg til å tenkja: Korleis bli ein vinnarskalle når du har passert 74? Då har du kanskje ikkje tid til å venta til dei kjem, dei betre tidene. Då må du kanskje skapa dei sjølv, slik ein ekte vinnarskalle gjer. Når du er 74, begynne det å bli ei stund sidan du var konfirmant, men treng det å leggja noko dempar på kreativitet, på livslyst eller arbeidslyst? Sjølvsagt ikkje, ingen viktige kvalitetar har noko absolutt siste dag stempel. Eg er veldig glad for å bu i eit samfunn der vi har gode ordningar for dei som etter ein

lang karriere i arbeidslivet treng å ha eit godt og roleg liv som pensjonist. At vi har gode ordningar for dei som ikkje har trekt vinnarloddet til den beste helsa. Men det må vera rom for at vi som både kan og vil, får styra på, helst til vi stuper frå scenekanten. Det finnest ingen grunn til å avskilta oss, fordi om nokon meiner vi har gått ut på best før dato. Mange har no fått augo opp for at mykje er like bra, lenge etter den datoen. Korleis bli ein vinnarskalle etter du har runda 74 år? Då må du truleg trivast, den beste trivselen er og driva på med noko du likar. For meg, gjerne 74 timar i veka. Bruk gjerne minst ein time til trening, helst kvar dag. Ei investering i eiga helse som gir heilt eventyrleg avkasting. Trening er i min kvardag ikkje ein salderingspost, trening er eit prioritert innslag i arbeidsdagen. For meg er det viktig å vera målmedviten på å flytta alle datoar for kor lenge du er haldbar, så langt fram i tid som råd. Då blir det heilt sjølvsagt å ta eige ansvar for ting du sjølv kan påverka. På den måten kan eg styra på og produsera eit nytt magasin til påske, laga ein ny nettportal, slik at enno fleire kan lesa om det gode liv rundt Hardangerfjorden. Til påske tar eg sjansen på å debutera som forfattar etter å ha fylt 74, det gjev absolutt ein dose skrekkblanda fryd. Kjennest som eit privilegium å vera motivert til "å setja seg og oppnå sine høgaste mål." No får det vera nok sjølvskryt, vonar eg når fram med poenget.

Du finn omtale av begge bøkene mine på andre sider i dette magasinet. Om du set deg og oppnår mål, blir du ein vinnarskalle. Du skal ikkje frelse verda, du skal bli ein vinnarskalle i din eigen kvardag. Det er viktigast, i alle høve når det er ei god stund sidan du var konfirmant. Sett deg mål, finn strategien og konseptet for at du skal nå dine mål, då blir du ein vinnarskalle i ditt eige liv, bruk det som din motivasjon. Berre du veit kva som er viktig for deg, og kva mål du vil setja deg, mål som du også er motivert for å nå. Vi skal ikkje til Mount Everest. Klarar du ein knebøy i dag, men set deg eit mål om å klara minst ti til pinsti, då er du ein vinnarskalle. Om du til pinsti berre klarar fem, men fortset å strekkja deg mot målet, er du framleis ein vinnarskalle. Alle treng eit mål å strekkja seg etter, eit innhald i livet, ikkje minst i ei tid med pandemi. Hardangerfjorden er råma vår, sponsoren vår, ein fjord som bind regionen vår saman, og til dei grader fortener sitt eige magasin. Hardangerfjorden sponsar vårt gode liv, men ikkje gløym at du sjølv har eit eige ansvar for å gi livet ditt det beste innhald. Lukke til! Sigurd

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

3


4

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

FOTO: VISIT HARDANGERFJORD

s s o r e l g i v Å -kor


INNHALD PÅSKEQUIZ

6

LUNDENESET VIDEREGÅANDE SKULE 9 DIGITAL PLATTFORM

11

BONDEKOMPANIET

12

KART

14

HELSE I HARDANGER

19

VIDAR EIDE - LANDETS ELDSTE MANN HARDANGER MILJØSENTER

20

26

SLAB

27

NÆRT VILLE DYR

28

74-ÅRING UTE MED TO NYE BØKER 32 GJØA RESTAURANT OG MOTELL 34 ROSENDAL HAMN

38

GRISEN SIN LAGNAD

40

ORD FOR PÅSKEN

45

HARDANGER INTERNASJONALE SIDERFEST 48 TASTE HARDANGER

49

KNUDSEN DØRFABRIKK 50 SJUSETE SKISENTER

52

PÅSKEKONKURRANSEN

54

KVINNER PÅ RANDEN

55

SVAR PÅSKEQUIZ 57 VATNET SIN VERDI

58

NORWATER

60

EIDE FJORDBRUK

62

ELEKTRISK KRAFTFORSYNING ENERGI TEKNIKK

64

65

SKL - 75 ÅRING MED TRU PÅ FRAMTIDA 66 BKK

68

VESTLANDS ENERGI

72

STATKRAFT

74

HAUGALAND KRAFT I SUNNHORDLAND 78 ODDA ENERGI

80

SIGURD PÅ EIN TYSDAG 82

ANSVARLEG UTGJEVAR: PRINFO MEDIA ANSVARLEG REDAKTØR: SIGURD VIKØREN DESIGN: VINNARSKALLE / POPPCORN DESIGN BILETE FRAMSIDE: SOPHIE HYSING-DAHL DØSVIK OPPLAG: 50.000 KJEM UT: 2 GONGER PR. ÅR KONTAKT: SKEISHAGEN 5, 5470 ROSENDAL, T: 982 98 301, E-POST: SIGURD@VIKORENMEDIA.NO HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

5


PÅSKE Q U IZ

YMSE BLANDING 1.

For kva tysk fotballklubb spelte Kjetil Rekdal frå 1997 til 2000?

14. For kva britisk fotballklubb var Ole Gunnar Solskjær manager i 2014?

2.

I kva dal ligg Gol, Hemsedal og Ål?

15. Kva politisk parti kan vi seie er Høgre sitt søsterpartiet i Sverige?

3. Kva gjenstand på 3,6 gram som i all hovudsak var laga av kobbar, blei trekt tilbake i Noreg i 2012? 4. Kva er ein Fender Stratocaster? 5. Kva heiter det når stillinga er 40-40 i tennis? 6. I kva land fant den fredelege fløyelsrevolusjonen stad i 1989? 7.

Kva by er den mest folkerike på den sørlege halvkule?

8. I kva hav renn Nilen ut? 9. Kva fire store rovdyrartar har vi i Noreg? 10. Kva romersk keisar blei spelt av Joaquin Phoenix i filmen Gladiator? 11. Kva kallar vi mat som fylgjer jødisk tradisjon? 12. Kva kjent nordmann er fødd på Ådalsbruk i Løten i 1863? 13. Kva er det tyske selskapet "Ravensburger" kjent for å lage?

16. Kva ost, laga av sauemjølk, er ein av hovudingrediensane i ein gresk salat? 17. Kva heite NRK P2 sitt daglege nyheitsmagasin som også blir sendt på TV? 18. Kva bilmerke har blant anna modellen Panda? 19. Kven representerte Noreg i den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest i 1979 med låta "Oliver"? 20. Kven vann Noreg sin einaste gull- medalje i langrenn i OL i Squaw Valley i 1960? 21. Kva heite reformprogrammet som Franklin D. Roosevelt gjennomførte i USA på 1930-talet? 22. Kva forfattar frå Haugesund, som sidan 2011 har budd i kunstnar- bustaden Grotten, er den mest spelte norske dramatikaren etter Ibsen? 23. Kva namn hadde Senterpartiet fram til 1959? 24. På kva fjell skal Moses ha mottatt dei ti bod? 25. I kva by har du landa i, dersom du er på Atatürk internasjonale flyplass? 26. Kva stjernebilete har det latinske namnet "Ursa major"? 27. Kva kallenamn blir nokre gangar nytta om Gjøvik?

6

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

28. Kven var den eldste og den yngste i Noregs landslagstropp til fotball-VM i USA i 1994? 29. Kva kjent bygning finn du på adressa 1600 Pennsylvania Avenue? 30. Kva kallar vi det prestisjefylte lokaloppgjeret mellom Glasgowfotballaga Rangers og Celtic? 31. Kva politikar ga i 2014 ut memoar- boka "Hard Choices"? 32. kva to årstal har det blitt gjennomført folkerøysting om norsk EU/ EF-medlemskap? 33. Kva forfattar sa at han kunne motstå alt, utanom freistingar? 34. Kva 298km langt sykkelritt, som Alexander Kristoff vann i 2014, har kallenamnet "vårklassikaren"? 35. I kva spelserie utspeler handlinga seg blant anna i Liberty City, Vice City og San Andreas? 36. I kva teikneserie kan vi møte kaptein Haddock? 37. Kva langrennsløpar låg fire veker på VG-lista i 1967 med songen "Engerdalsvalsen"? 38. Kva stor hai med giftig kjøt er den haiarten som vi finn lengst nord? 39. Kva fartøy med to skrog har namn frå tamil for «samanbundne stokkar»? 40. I kva månad markerer vi farsdagen i Noreg?


41. Kva heiter verdstreet i norrøn mytologi? 42. Kva heiter festningen i Drøbaksundet som er kjent for å ha senka den tyske kryssaren «Blücher» den 9. april 1940? 43. Kva teolog og politikar var rektor ved universitet i Oslo frå 1985 til 1992? 44. Kva namn brukar vi om slyngande og klatrande planter som er svært vanleg i tropiske regnskogsområder? 45. I kva ordklasse kan vi plassere ord som på, mellom, over og under? 46. Kva er det vitskaplege ordet for hukommelsestap? 47. Kva kallar vi læra om sopp? 48. To av dansane i sportsdans, standarddans, er valsar. Kva heiter dei to? 49. Kva filosof frå Königsberg, snakka om "det kategoriske imperativ"? 50. I kva TV-serie møter vi Ted, Marshall, Lily, Barney og Robin?

Lukke til Svar på quiz'en finn du på side 57

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

7


FRÅ LUNDENESET ER DET KORT AVSTAND TIL SKOG OG FJELL (FOTO: LUNDENESET)

DANIELS B. ZAURINS FRÅ ÅLVIK ER RUSS 2021. HAN SET PRIS PÅ MANGE NYE VENER ETTER SNART TRE ÅR PÅ LUNDENESET (FOTO: HELGE J. STAUTLAND).

HILDE TOMASSEN SKARTVEIT HAR MANGE GODE MINNE FRÅ TIDA SOM ELEV PÅ LUNDENESET. I DAG STUDERER HO I BERGEN (FOTO: PRIVAT)

LUNDENESET VGS. LIGG NATURSKJØNT TIL VED ØLSFJORDEN I VINDAFJORD. (FOTO: FREDRIK B. SUNNHORDVIK). 8

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


– HØGDEPUNKTET PÅ LUNDENESET VAR INTERNATLIVET Hilde Tomassen Skartveit (22) frå Odda og Daniels B. Zaurins (18) frå Ålvik angrar ikkje på at dei valde alternativt då dei skulle begynna på vidaregåande. – Eg høyrde om Lundeneset gjennom vener eg hadde møtt på leir. Me var fleire som bestemte oss for å søka, og det trakk opp at det var ein kristen, vidaregåande skule, seier Hilde Tomassen Skartveit, som var avgangselev våren 2017. Heilt nord i Rogaland, så tett opp i Vestland fylke som du kjem, ligg den privateigde vidaregåande skulen Lundeneset. På denne skulen går det ungdommar frå heile landet, for skulen har nemleg dei fleste av elevane buande på internat. Lundeneset tilbyr programområda studiespesialisering, og yrkesfaga IT og medieproduksjon og sal, service og reiseliv. Sjølv om nokre ønskjer læretid etter to år med yrkesfag, er det mange som held fram i VG3 påbygg på Lundeneset. – Det var eitt av søskena mine som tipsa meg om skulen. Det var den internatskulen som låg nærast heime, og eg bestemte meg for å søka. I tillegg hadde eg ein kamerat frå Tørvikbygd som gjekk året over meg, seier Daniels B. Zaurins. HEIMEFRÅ, MEN ALDRI ÅLEINE Å flytta på internat kan skildrast som ein mellomting mellom det å flytta heimefrå, og det å flytta på hybel. På Lundeneset bur du saman med mange andre, på anten einerom eller dobbeltrom. For dei fleste betyr det altså at du er heimefrå, men ikkje åleine – ei setning som også har festa seg som Lundeneset sitt motto. Elevane får frukost, lunsj, middag og kvelds. På skuleområdet er det fleire internatbygningar. Det siste internatet stod ferdig etter totalrenovering no i 2021. På alle internata er det eigne kjøken og små stover. – Noko som kjenneteiknar Lundeneset er det gode miljøet. Internatlivet er kjekt, og det skjer mykje sosialt, seier Daniels, som går studiespesialisering og er avgangselev dette skuleåret. Han skildrar internatlivet som litt meir bedageleg enn å bu på hybel: – Det er nok litt meir chill med internat. Me kjem til

dekka bord og slepp å tenkja på matlaging sjølv, seier Daniels og dreg på smilebandet. Hilde opplevde det spennande og kjekt å gjera noko annleis då ho skulle velja vidaregåande: – Eg treivst veldig godt på Lundeneset. Eg gjekk studiespesialisering, for det var viktig for meg med tanke på vidare studium. Undervisninga var kjekk og variert, men høgdepunktet var internatlivet, fortel Hilde, som i dag bur og studerer i Bergen. Ho legg til at det var godt å vita at det berre var ein god time heim til Odda. – Hadde skulen lege lenger unna, hadde eg nok ikkje søkt. Det var viktig og godt for meg å ha moglegheit til å reisa heim i helgene. Også Daniels er oppteken av at Lundeneset ikkje låg altfor langt heimefrå, sjølv om han nok må berekna litt meir tid når han vil heim til familien sin. VARIERT FRITID Lundeneset ligg idyllisk til ved Ølsfjorden i Vindafjord. Her er sjøen og fjella rett utanfor ytterdøra. Dette gir gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar heile året. I vinterhalvåret ligg skiløypene 20 minutt unna. Den privateigde internatskulen kan også skilta med eit mangfaldig fritidstilbod. Mykje av dette sørger elevane sjølv for. Det kan til dømes dreia seg om talentkveldar, sosiale happeningar, turneringar eller turar. I tillegg har skulen to aktive fotballag: Eit gutelag (G19) og eit jentelag (J19).

Begge laga deltar i seriespel i Rogaland fotballkrins. Sidan skulen har ein kristen profil, har også elevane høve til å delta i bibelgrupper og møte på fritida. – Men du treng ikkje vera kristen for å vera elev på Lundeneset. Skulen har elevar med forskjellig tru, opplyser fritidsleiar Håvard Brekkå. – Mange elevar vel å delta på det kristne tilbodet utanom skuledagen, men dette er frivillig, understrekar han. Han legg til at ei kristen forståing av verkelegheita og kva eit menneske er, er noko som er sentralt for Lundeneset. – Samtidig er det viktig for oss at alle elevar blir inkludert og respektert, same kva tru ein måtte ha, seier Brekkå. Daniels visste tidleg at det var internatskule han ville gå på. I løpet av åra har han vore aktiv med på både bibelgrupper og møte. FRAMLEIS GOD KONTAKT I dag, snart fire år etter at ho var russ, ser Hilde tilbake på tre år med godt miljø, og alt det kjekke dei fann på i lag: – Eg har framleis god kontakt med fleire av dei eg gjekk saman med. Eg vil påstå at ein blir betre vener når ein bur på internat saman. Ein lever jo på ein måte livet saman i tre år, både på godt og vondt, seier ho. Også Daniels veit å verdsetja mange nye menneske i livet sitt: – Eg har blitt kjend med mange og fått mange nye vener i løpet av snart tre år på skulen, avsluttar han.

LUNDENESET

• Kristen privatskule med internat i Vindafjord kommune • Ligg i Ølensvåg, ca 1 t og 15 min frå Odda, 40 minutt frå Haugesund • Eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) • Tilbyr studiespesialisering, IT og medieproduksjon, service, sal og reiseliv, og påbygging. • Følgjer offentlege læreplanar og eksamensordningar • Ca. 190 elevar og 50 tilsette • Les meir og søk skuleplass her: www.lvs.no/soke HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

9


10

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


HARDANGERFJORD MAGASINET

Banner

Transelate

HARDANGERFJORD MAGASINET

ARTIKLAR

ANNONSERE

Søk

OM OSS

KONTAKT OSS

Artikkel kjem her Ingress på artikkel kjem her.

Tittel til artikkel

Tittel til artikkel

Tittel til artikkel

Hucermai ortiondacem vis imissin atiqui facena, comnicaucit, confecris poricat vervide publia musqui pernia restesc esilibut vivis, diis

Em. Ivissimorum iam ne facta, it pat videm nos me non teri sessimuncum remque di prae ia pesunum us etis porte etem, nos, cien vivicae

Utebemente egerristilin tem qua re, per ubliam clermiu ium die tiliist publis rendiis sentere conte prei sidesimus. Supplisse furet vehe

SE FLEIRE ARTIKLAR

Kommuner

Hardangerfjordmagasinet har 50.000 magasin på papir. Då er det truleg 150.000 LOGO LOGO som kikkar i magasinet. LOGO Vi har tenkt at langt fleire, gjerne alle, burde få høyra om våre flotte bedrifter KONTAKT OSS HARDANGERFJORD Adresse kommer her og interessante næringsliv, om Telefon: den00 00 00 00 E-post: post@domene.no Personvern og informasjonskapsler unike naturen og kulturen du finn rundt Hardangerfjorden. MAGASINET

Difor lanserar vi til påske også ein digital portal som i praksis har potensial til å mangedobla talet på leserar. På våre digitale flater vil alle få tilgang på info om det gode livet rundt verdas mest sjarmerande fjord. I tillegg vil det og gje oss sjansen til å vera oftare i kontakt med dei lesarane vi har. Kanskje nytt stoff kvar veke.

For at du skal bli kjend med websida vår og sjå korleis vi tenkjer, vil vi svært gjerne ha LOGO attendemeldingar frå deg med innspel om korleis sida kan bli bra. For SOSIALE å gjera MEDIER det meir interessant for deg har vi laga ein konkurranse, med ein flott hagesofa frå Bohus i premie. Det du må gjera er å finna tal i papirmagasinet som er gøymde i magasinet (sjå nedfor korleis tala ser ut.) Summen av tala er fyrste ledd i eit tal som er viktig i desse tider. Andre delen av talet finn du på nettsida. Svaret sender du til sigurd@vikorenmedia.no før 17. mai. Då kan den knallfine sofaen bli din. Verdi kr. 11.999,Hardangerfjordmagasinet truleg den aller beste arenaen! Tala du skal leita etter ser slik ut: 14

hardangerfjordmagasinet.no

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

11


12

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Kunde: Bondekompaniet Kvinherrad_B Dato: 11.11.2020


p ø j k s e l l e F Nytt d a r e h n n i bygg i Kv

lleskjøpet pril opnar Fe a 7. g a sd n , o e Kvinnherad. Rett etter påsk ye lokasjon i n n si r e d g A Rogaland

Her skal BondeKompaniet i Kvinnherad ha sin nye butikk og lager. Med eit bygg på rundt 1600 m2, og ei tomt på omlag 5500 m2, vil vi vera rusta til å møta både profesjonelle og private kundar på ein best mogeleg måte, seier dagleg leiar Stein Olav Ølvestveit. Her vert eit stort og oversikteleg butikklokale, verkstad, varmt og kaldt lager. Stor parkeringsplass og lagring under tak på to sider av bygget. Dei tilsette i Kvinnherad gler seg til å visa fram nybygget til både gamle og nye kundar.

FK-butikken skiftar namn til Bonde Kompaniet I mars vil 21 FK-Butikker i Rogaland, Agder og sørlige del av Vestland skifta namn til BondeKompaniet. Nettbutikken vil og skifta namn til BondeKompaniet. Hovedårsaka til namneskiftet er at Felleskjøpet Rogaland Agder sine butikkar blir forveksla med Felleskjøpet Agri sine butikkar. Felleskjøpet Rogaland Agder brukar i dag namnet FK-Butikken, mens Felleskjøpet Agri bruker kun navnet Felleskjøpet på sine butikkar. Nå skiftar FK-Butikken namn til BondeKompaniet for å unngå misforståelsar og dårlege kundeopplevingar.

frå generasjonar av skapande og hardt arbeidande bønder. Dette ligg i vår ryggmarg, samtidig som vi føl med i tida når det kjem til produktmiks og ny teknologi. Vår butikk har kvalitetsprodukt innan hus, hage, landbruk og kjæledyr, seier Stein Olav Ølvestveit. Opningen av den nye butikker med nytt namn er 7. mars. Du er hjarteleg velkomen! Helsing Stein Olav Ølvestveit

– Det er en tid for alt, og i vår digitale tidsalder der meir og meir vert handla på nett så opplever vi ofte mistyding i høve til butikkar og namn. Vi må byggje ein tydelegere identitet og har difor bestemt oss for å skifte namn på nettbutikk og våre 21 butikkar til BondeKompaniet, seier maskindirektør Einar Bent Jensen i Felleskjøpet Rogaland Agder. BondeKompaniet er bonden sin eigen butikk, eigd av bønder i Rogaland og Agder. På same tid er dette ein butikk for alle. Butikken har eit breitt utval av produkt til alle med prosjekt i eller nær naturen. – BondeKompaniet fortel kva vi er - eit kompani bygde på verdfull kunnskap

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

13


260 000

270 000

290 000

2 300 000

3

5°30'0"E 310 000

4

5

320 000

330 000

Nasjonale turistveger Jernbane Ferje Fjordcruise Turisthytte

B

7

8

Til Sognefjord

6°30'0"E 360 000

350 000

National Scenic Routes Railway Car ferry Fjord cruise Tourist cabin

1205

1327

1461

60°30'0"N 6 710 000 6 720 000

Torfinnsheim Høgabu

Alexander Grieg

1193

Vending 978

231

1350

Kiellandbu Breidablik 1320

1241

60°20'0"N 6 700 000

1260 987

673

1233 686 842

6 690 000

341

1299 1046 976

F 60°10'0"N 6 680 000

1572

1410

665

G

6 670 000

1395

673

H

600

60°0'0"N 6 660 000

Mosdalsb

1454 Holmaskjerbu

243

Fonnabu

1339

Kvann

752

1520

737

1426

6 650 000

I

Sauabrehytta

59°50'0"N 6 640 000

749

1200

724

1302

6 630 000

156

1152

1248

Stord Lufthamn Sørstokken

K

Simlebu

1602

Sandvasshytta 1435 474

Blomstølen 1299

59°40'0"N 6 620 000

L

370 000

1131

D

J

9

1114

C

E

6

6°0'0"E 340 000

Volahytta

60°40'0"N 6 730 000

A

1

5°0'0"E 280 000

937 432

Storavassbu Løkjelsvatnhytta

M 59°30'0"N 6 600 000 6 610 000

1538

Olabu + Olalihytta 1187

N

1105

Kvilldal

O

1423 716

260 000

270 000 5°0'0"E

280 000

290 000

1

300 000 5°30'0"E

Til Stavanger

310 000

2

320 000

3

4

330 000 6°0'0"E

5

340 000

Til Stavanger

350 000

6

360 000 6°30'0"E

7

Strandd

370 000

8


7°0'0"E 390 000

380 000

11

12 Flå

13

400 000

410 000

1703

ms ba

14

7°30'0"E 420 000

15

16

430 000

8°0'0"E

440 000

17

18

450 000

19

20

8°30'0"E 470 000

460 000

480 000

490 000

Kongshelleren

na

1699

1731

Storestølen fjellstugu

1636 1470

1710

A

1802

1708

6 730 000 60°40'0"N

10

Til Oslo

Geiterygghytta Raggsteindalen

1599

Finsehytta 1731

1849

Rembesdalsseter

C 6 710 000 60°30'0"N

1740

1620

Hakkesetstølen

Hardangerbrua 1485

Tuva

Fagerheim

1358

Kjeldebu

Halne Fjellstove

1648

1383

Dyranut Fjellstove

1530

Vivelid fjellstova

E

Åan

Heinseter

Bjoreidalshytta

Hedlo

Solheimstulen

1414

Stigstuv

Trondsbu

Rauhelleren

Hadlaskard Torehytten 1690

Tyssevassbu

1407

1474

Lågaros

bu Litlos

G

Mårbu

Sandhaug

6 670 000 60°10'0"N

Besso

Lufsjå

1446 1480

ntjørnsbu

Stordalsbu 1674

Kalhovd turisthytte

6 650 000 60°0'0"N

Mogen Hellevassbu

62

Middalsbu

1639

1721

6 640 000 Gaustatoppen turisthytte

Haukeliseter

1658

6 610 000 6 620 000 59°40'0"N

1313 1392

1291

Sloaroshytta

1367

1300

1449 1604

ddalen

9

0

1537

5

Kilometer 10

15

N

20

Tjørnbrotbu

Krossvatn

380 000

390 000 7°0'0"E

10

Kartgrunnlag: Statens Kartverk - Forhandler 609008 Layout: Asplan Viak as, p.nr 617855-01

1367 1381

1507

400 000

11

12

M

Til Oslo

410 000

Til Kristiansand

7°30'0"E

13

420 000

430 000

14

15

440 000 8°0'0"E

16

450 000

460 000

17

18

470 000 8°30'0"E

480 000

19

6 600 000 59°30'0"N

Bleskestadmoen

3

K

L Holmavatn

1574

I

J

Helberghytta

1547

1561

H 6 660 000

1681

F

6 680 000

Stavali

D

6 700 000

Krækkjahytta

6 690 000 60°20'0"N

1

B

6 720 000

1477

6 630 000 59°50'0"N

9

490 000

20

O


Fredheim & Vasstun

Gjer hagen din vårklar saman med oss...

Hageland Fredheim - Træsvegen 68, 5470 Rosendal - Tlf 53 48 12 20 Hageland Vasstun - 5750 Odda - Tlf 53 64 19 41

OPNINGSTIDER SJÅ VÅRE FACEBOOKSIDER OG PÅ HAGELAND.NO 16

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


- Kvalitet for generasjonar Det å byggje noko gjev meining. HIBA Hus står for kvalitet som varer i generasjonar, om du vel ferdighus, -hytte, -garasje eller vi teiknar noko unikt saman. Du tar valet om det blir funkishus, hytte med hems eller garasje med loft – vi syt for at bygget blir slik du har tenkt. Kva vil du byggje?

Vi byggjer huset slik du vil ha det Likar du moderne eller tradisjonell stil? Vi har arkitektteikna ferdighus som vi tilpassar slik du vil ha huset. Våre arkitektar teiknar gjerne eit hus som er heilt unikt for deg.

SNAKK MED OSS OM HUSDRAUMEN DIN!

Teigen Bygg & Trelast AS, 5460 Husnes Tlf. 53 47 59 10 info@teigen.byggern.no

Opningstider: Månd.-fred.: 07.00–18.00 Laurdag: 09.00–15.00

Iver A. Blokkum, Lars Trygve Tveit & Thomas Viken står klare til å hjelpa deg med din husdraum! Kontakt oss: Iver, tlf. 53 47 59 11 Lars, tlf. 53 47 59 17 Thomas, tlf. 53 47 59 18

– DU KAN STOLA PÅ FAGFOLK HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

17


Helse i Hardanger er eit tverrfagleg helseelbod l menneske med uuordringar knyy l tungpust, nakke og rygg, angst og depresjon eller diabetes type 2. Me nyyar kjente behandlingsmetodar som er dokumentert effekkve - i eit nyy format. Programma er intensive, varierte og virksame. Planlagd opning våren 2020! Følg oss på nee og i sosiale media: helseihardanger Helse i Hardanger www.helseihardanger.no

18

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


HELSE I HARDANGER ER I GANG! I nært samarbeid med Helse Bergen, Kvam og Voss Herad saman med lokale og nasjonale bruker-organisasjoner er Helse i Hardanger i gang med å utvikla nye konsept for behandling av vår tids største helseutfordringer: Diabetes type 2, Covid-19, ryggplager og angst/ depresjon. Tungpust (kols) starta hausten 20.

- I åra som kjem vil vi sjå ein auke i kroniske lidingar i kombinasjon med færre som er yrkesaktive. Dagens måte å yte hjelp på vil rett og slett ikkje være bærekraftig, sier dagleg leiar Janiche Buanes Heltne. Det vil være heilt naudsynt å tenkje nytt. HiH vart opphavleg initiert av brukargrupper, eldsjeler og fagpersonar i regionen, og til no er HiH organisert som eit prosjekt der Helse Bergen leiar den fagleg tunge styringsgruppa. Samarbeidsavtaler med Universitetet i Bergen og med Høyskolen i Vestland er også på plass. Men kva kan dette bety for deg med ein av desse helseplagene? - Det er fantastisk å sjå korleis vår måte og nærma seg utfordringane på, samstundes som vi tenkjer nytt, med ein gong gjev meining både for brukerar og samarbeidspartnerar. No har fagfolka snudd seg rundt og også etablert eit tilbod til dei som har langvarige plager etter Covid-19 infeksjon. All aktivitet er ramma inn av forsking, og viser tiltaka seg å være nyttige og kostnadseffektive er tanken at dei skal bli ein del av ordinære helsetenester, fortel Heltne. Tiltaka er inspirert av dei gode erfaringane med eit 4-dagers konsentrert handsamingskonsept for personar med tvangslidingar. - For personar som er ramma av kroniske lidingar, til dømes korsryggsmerter, er kvardagslivet gjennomsyra av helseplagene, og pasientane må halda seg til symptom som både kan bli verre eller betre, avhengig av korleis dei sjølve handterer problema, seier kiropraktor og lækjar Øystein Theodor Ødegaard-Olsen som er leiar for fagsøyla for pasientar med ryggplager.

- Sjølv om pasientane på eit generelt nivå veit kva dei skal gjera – til dømes auka fysisk aktivitet, trene, ete sunnare, ta medisinar i tråd med det som er skrive ut til dei - kan det vera krevjande å bruke informasjonen på ein slik måte at dei oppnår endringane dei jaktar på, supplerer diabeteslækjar Eirik Søfteland. - For å unngå at symptoma vert verre kan det henda at ein køyrer seg fast i aktivitetsmønster som i seg sjølv bidrar til fastlåsing, og nokon gangar til forverring av plagane. Ikkje minst er dette tilfellet når den første indikasjonen på betring faktisk kan være at symptoma vert verre, noko som er tilfellet ved auka fysisk aktivitet og trening. - I ein slik situasjon er det gull verd å få jobbe fokusert med å utfordre mulighetsrom og tålegrenser med tanke på nyttige aktiviteter der fagfolk er tett på for å kunne gi vegleiing, seier lungefysioterapeut Bente Frisk. Det typiske er også at den som slit med kroniske helseutfordringer har bruk for spisskompetanse frå ei rekke med ulike fagfolk. Den konsentrerte handsaminga vert gitt av eit tverrfagleg team som består av lækjarar, fysioterapeutar, klinisk ernæringsfysiologar, idrettspedagog, kiropraktor, farmasøytar, psykologar/ psykiater og sjukepleiar. Treninga er skreddersydd, samstundes som den vert gitt til grupper med inntil 10 personar der brukarane får jobbe side ved side med andre som går gjennom same type endringsprosjekt. Etterpå vert pasienten fylgd i eit år ved hjelp av ein spesialdesigna mobilapplikasjon. Hovuddelane av handsaminga finn då stad i deltakarane sin eigen kvardag, med støtte frå HiH. - Vi har samla ein heilt utruleg gjeng med dyktige fagfolk som alle jobbar saman ut frå same endringskonsept, fortel Heltne.

Er du i målgruppa? Les meir på www.helseihardanger.no – her finn du informasjon om korleis du kan koma til oss. Helse i Hardanger-konseptet • Setje i gang handsaminga når personen er klar for endring. • Fokusere på åtferdsmønster som er med på å vedlikehalda problema, og hjelpa personen til å aktivt identifisera situasjonar der dei kan velja å bryte slike mønster (“mikro-val”). • Være tett på personar medan dei trenar på å bryte slike mønster. Dette kan til dømes vera sjølve måten dei gjennomfører fysisk trening på, for å “ikkje gjera problema verre”, måten ein går, sit, et, tar medisinar, søv/ døgnrytme, deltar i sosiale aktivitetar eller tar vare på andre. • Bruke lange sesjonar for å sikre at personen i løpet av den konsentrerte handsaminga kan få erfaring med et breidt utval av situasjonar som byr på slike "mikro-val". • Gi deltakarane muligheter til å jobbe side ved side med andre som går gjennom tilsvarende endringsprosjekt. • Klargjere personer for å ta ansvar for å integrere endringane i ordinært kvardagsliv. • Aktivt bruk av eige utvikla digitalt oppfølgingsverktøy. HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

19


106 år i same huset!

10 AV VILHELM GRAVDAL

LANDETS ELDSTE MANN Vidar Eide i Tørvikbygd fylte 3. juli 2020 den høge alderen 106 år. Sjølv om det framleis er i underkant av 10 kvinner som er eldre enn han, er han no landets eldste mann. Det vart han då den siste mannen som var fødd tidlegare på året i 1914, Alf Oscar Olsen frå Stavanger, døydde 14. mars 2020. - Det er heilt utruleg, seier rekordhaldaren sjølv som framleis bur heime i huset sitt på Eide i Tørvikbygd. Huset som er frå 1887, har vorte forandra på fleire gonger, men i dette huset vart han fødd, og her har han budd sidan, berre avbrote av eit halvt-årig småbrukarkurs i ungdommen! Å bu i same hus i 106 år er ein rekord som ikkje blir god for andre å slå. Sjølv om det er registrert eit par personar fødde i Kvam som har blitt eldre enn Vidar Eide, er han også den som har blitt eldst i Kvam herad etter at han sjølv vart fødd. Men truleg går rekorden mykje lenger tilbake. - Du får koma inn og setja deg i sofaen seier Vidar. Å prata har eg no god tid til.

20

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

FOTO: VILHELM GRAVDAL

Han har budd


VIDAR EIDE ER FRAMLEIS AKTIV I VERKSTADEN SIN. HER BRUKAR HAN SOM 100-ÅRING BANDSAGA HAN SJØLV LAGA SOM 18-19-ÅRING. (FOTO: ØYVINN BRUCE)

Fyrste verdskrigen Det byrjar å minka på dei som kan fortelja om hendingane under 2. verdskrig, men Vidar er fødd før 1. verdskrig. Han fortel sjølv: - Eg vart døypt den dagen 1. verdskrig braut ut. Då vart det panikk. Måndagen etterpå vart kalla Galne-måndagen. Folk hamstra som galne. Bankkasserar Ugletveit i Strandebarm sparebank kom denne dagen og skulle henta farbror min som skulle vera dreng hos han. Og på kvar butikk dei drog forbi var dei innom og kjøpte mjøl. Folk spurde han om kva han ville gjera når alle dei andre hadde svolte ihel og han var att åleine, humrar 106-åringen. - Det vart ikkje slik panikk då 2. verdskrig braut ut. Då var det allereie bestemt rasjonering. Men i 1914 var det ingen som tenkte på at det skulle verta krig. Eg hugsar at rasjoneringskorta låg i skuffa her i mange år. Det var rasjoneringa som var det verste for oss nordmenn under 1. verdskrigen. - Under 1. verdskrigen vart bøndene pålagde å dyrka korn og poteter, husmennene og. Eg hugsar endå ein husmann her på Eide som vart pålagd å dyrka eit halvt mål korn. Han vart så fornærma fordi han trudde han hadde dyrka eit halvt mål korn, men då kontrollørane kom, fann dei ut at det var altfor lite. Eit mål skulle vera eit visst tal alner i kvar retning, og han hadde då rekna at halvparten av dette talet vart eit halvt mål. Far måtte teikna det opp til han før han forstod at han hadde berre dyrka eit fjerdedels mål.

- Dei hadde eit mobilt treskjeverk som dei reiste rundt med og treskte kornet. Det var truleg innkjøpt under fyrste verdskrigen. Under 2. verdskrigen vart det kjøpt inn eit nytt. Men eg hugsar og at nokon brukte tusten, to trepinnar som dei slo kornet ut av akset med. Det var her på Vollen, eit lite småbruk. Dei hadde korn og eg såg dei treskte med tust. Så eg har faktisk sett at det har vore gjort; det var då eg var ein liten gutunge. - Men det var strengt med pålegget om korndyrking og potetdyrking og slikt. Og når treskjeverket gjekk rundt, passa kontrollørane nøye på. Og eg hugsar far fortalde at her på Eide konkurrerte far og Per Eide om kven som hadde dyrka mest korn. Og så viste det seg eit år under krigen at far hadde litt meir korn enn Per Eide. Skal eg, skal eg, sa Per Eide, og så gjekk han og drog fram ein sekk til med korn som han hadde gøymt unna i høylageret. - Men eg hadde no ein sekk i høylageret eg og, humra far min, minnest Vidar. - Sjølv var eg no berre ein liten gut under fyrste verdskrigen. Men eg hugsar at besten min som var poststyrar og handelsmann i Skutevik, fekk ein heil del brosjyrar med bilete frå krigen, og dei sende han ut til meg. Det var vel bilete og slikt som var sendt ut som propaganda antakeleg. Heldigvis så forstod eg ikkje så mykje av det då.

Hugsar både Spanskesykja og Koronapandemien Vidar Eide er ein av dei ytterst få i landet som har levd både under Spanskesykja og Korona-pandemien. Me spør han: Hugsar du noko frå Spanskesykja? - Ja, eg hugsar naboguten her oppe, han Ola Eide, han var vel rundt 20 år, han døydde i Spanskesykja. Han var kadett i Horten og vart smitta der. Han kom heim i kiste. Me høyrde om at det var ein inni Kvam einkvan plass og, som kom heim i kiste. Dei inne i Kvam hadde opna kista, dei ville sjå liket. Men dei fekk Spanskesykja heile familien. Her oppe tok dei ikkje kista heim eingong, dei gravla han utan å opna kista, og det gjekk godt. - Litt sjuke vart dei no overalt, meir eller mindre. Eg hugsar far vart no send heim til Kolltveit, dei låg i Spanskesykja heile huset. Han måtte ut og hjelpa dei, men det vart ikkje noko dødsfall der då. Det var nok uvanleg mykje dødsfall det året, men det hugsar ikkje eg så mykje meir om. Og Korona-pandemien har han fått merka blant anna ved at det ikkje vart noko feiring på låven av 106-årsdagen hans i år. - Men dei fleste i familien har no vore innom likevel, legg han til. Skulegang Skulegongen fekk Vidar i det gamle skulehuset i Tørvikbygd. - Gjekk du meir på skulen etter at du var ferdig med grunnskulen her i Tørvikbygd? - Nei, eg hadde eit småbrukarkurs på

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

21


stor framgang å få traktor på garden. Den fyrste traktoren var ein Fergusson Gråtass. Den var bensindriven. Men eg fann no snart ut at bensinen var for dyr, så då kjøpte eg ein ny Massey Fergusson i 1960. Og den går enno, fortel han. Han brukar han ikkje lenger sjølv, det vart det brått slutt på det då han braut lårhalsen. Han var då i slutten av 90-åra. - Men du har ikkje hatt bil og bil-sertifikat? - Nei det har eg ikkje, seier 106-åringen. Nei, du veit, bil og ferie har eg aldri hatt. Tørvikbygd bondelag – jordbrukskurs - Og så var du engasjert i bondelaget her i Tørvikbygd? - Ja, eg prøvde no å få i gang noko. Me hadde jordbrukskurs og ei stund. - Kor lenge varde dei? - Nei, det var berre ei vekes tid. Folk frå Landbruksselskapet, frå Stend og forskjellige stader hadde ei rettleiing. Men det var utruleg kor mange som møtte fram då, særleg i starten. KAKA VIDAR EIDE FEKK FRÅ NOREGS BONDELAG PÅ 105-ÅRSDAGEN. (FOTO: VILHELM GRAVDAL)

Halsnøy i 1934. Det varde eit halvt år. Der hadde eg ein voldsomt flink faglærar, Nikolai Svoen, særleg var han flink med grønsaker. Men elles kunne nok sikkert den skulen vore betre. - Og det var det du fekk av skulegang? - Ja, bortsett frå eit par månaders framhaldsskule lokalt her i bygda og ein tilsvarande "sløydskule". Då kom det lærarar til bygda og heldt skule ulike stader med nokre års mellomrom. - Men du var vel gjerne i det militære? - Nei det var eg ikkje. Eg vart ikkje godteken der. Eg var vel liten og utmagra etter at eg hadde arbeidd hardt heime på garden. - Du må eta rjomegraut, sa dei med meg. Dermed vart eg innrullert i Sivilforsvaret, men eg vart aldri innkalla. Og det passa meg i grunnen godt. Nydyrking og dei harde 30-åra - Eg gjekk for fullt inn i arbeidet på garden, då, fortel Vidar vidare, med nydyrking og slikt. Her vart eg med far min på båtbygging. Og så bygde eg no båtar sjølv og, etter ei stund. - Og så opplevde du dei såkalla harde 30-åra? - Ja, det gjorde eg. Men me byrja no faktisk å arbeida oss litt opp me då. Syskena mine og eg var vortne vaksne, så me slapp å leiga folk. Det vart tid for jorddyrking. Før gjekk me jo og slo på alt smågraset, og hadde kyrne oppi fjellet på sommaren. Det fyrste eg slutta med, det var å slå smågras og logga på lauvkjerv og slikt. Eg sa at no 22

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

skal me heller bruka den tida på å dyrka opp jord og å dyrka noko opp til kulturbeite. Og det var sikkert lurt. Det vart ei slags gradvis overtaking av garden som han dreiv saman med faren ei stund. - Eg minnest dei hadde berre fem båsar i gamlefloren, sidan utvida dei til seks. Etterpå vart det å stappa inn til dess det ikkje gjekk lenger, og då måtte dei byggja ny flor. Nybygget vart sett opp ved sida av den gamle, slik at dei slapp avbrekk i produksjonen. I nybygget vart det 12 båsar. Og så hadde me kalvar i gamlefloren ei stund. Sidan tok me heile den gamle løa og til flor. Og slik vart det bygd ut litt om litt. - No er det også vorte trongt att i floren. Og i tillegg har dei kravet om lausdrift hengjande over seg. Det er veldig uheldig. Det øydelegg mange gardar. Når ein ser på bygda her, så er det mest slutt, berre ein to-tre stykke til utanom garden her produserer mjølk. Eg er bekymra for det korleis jordbruket vert øydelagt her i distriktet, og elles i landet no. Eg trur det kjem til å hemna seg ein gong, det der; ja det trur eg. Traktor i 1954 - Den fyrste som fekk traktor her i bygda, det var Jakob Drage, mimrar Vidar. Eg kjøpte den fyrste traktoren i 1954. Før den tid vart garden driven med hest. Det var

- Men var det du som starta opp bondelaget her, eller var det eit lag her frå før? - Det var no eit gammalt landmandslag som vart drive ei stund. Det hadde visst vorte til rundt hundreårsskiftet, og det ser ut for at dei hadde drive ganske godt. Dei hadde hatt feavlslag og veraringar og hadde utstillingar. Så då har det tydelgvis vore ei blomstringstid. Sidan dovna det av. - Så var det ein, Jon Kjosås var det visst han heitte, som ivra for at ein skulle få i gang bondelag. Då melde eg meg inn. Ein mann til melde seg inn i bondelaget og me gjekk i gang med å få skipa bondelaget på nytt igjen. Men etter ei stund vart det no heller slapt, det og. Eg kunne ikkje ofra så mykje tid på det. Vidar Eide har lenge vore eldste medlemen i Noregs bondelag og er utnemnd til æresmedlem i Tørvikbygd bondelag etter å ha fungert som leiar i fleire tiår lokalt i Tørvikbygd. - Men eg har no ikkje så mykje å skryta av det arbeidet mitt der, seier Vidar smålåten. Eg skulle nok ha gjort mykje meir, men eg makta det ikkje. Panel frå sjølvplanta skog - I Ungdomslaget arbeidde eg mykje for å få i gang skogplanting. Ungdomslaget dreiv på og bestilte på planter til folk i bygda. Og me hadde plantedagar sjølve. Då kom det opp ein god del med granskog. Me rekna med at dette skulle verta ei god hjelp for desse småbruka. Men no kjem dei med store skogsmaskiner og høgg ned og eksporterer til Tyskland. Og tredjeparten går til entrepenørane, seier


BÅTBYGGJAREN BYGDE TO TREBÅTAR ETTER FYLTE 100 ÅR. (FOTO: ØYVINN BRUCE)

dei, og så er det ein 80-90-100 år til neste gong dei får hausta. Så eg har byrja å lura på om eg gjorde rett då eg fekk skogplantinga i gang. - Eg planta no til det me kunne her på garden. No kan ein dyrka det opp til dyrkajord att. Men den skogen eg planta, hjelpte mykje til her, slik som nede på låven. Der er heile panelinga frå skog eg planta sjølv. Når ein feller tømmeret sjølv, skjer det sjølv og foredlar det sjølv, så vert no pengane verande på garden. Engasjert i meieriet Vidar Eide var i mange år med i meieri-styret, fyrst i meieriet i Tørvikbygd. Då han slutta kom dei visst fram til at han hadde vore med i 22 år til saman, fortel han. Meieriet i Tørvikbygd var der som Handelslaget er no. Seinare gjekk det over til å vera Vikøy og Norheimsund meieri, og så han var med på å leggja dei ned og. Det vart mykje plunder då dei skulle over til Norheimsund. Blant anna ville nokre heller til Strandebarm. Og det vart ein fæla sjau då dei ville inn i Bergens-meieriet. Det vart no rettsaker og forskjellig då. Så det er vel best å ikkje gå inn på det, ler han. Men noko av det han er mest glad for å ha vore med på, var å få både Norheimsundbøndene og Øystese-bøndene med på å få i gang Hardanger Meieri i Øystese.

Båtbygging - Har bygd to båtar etter fyllte 100 år Som nemnt tidlegare lærde Vidar Eide tidleg å byggja båtar. Det var båtbygginga som berga garden den fyrste tida, meiner Vidar. Han har ei mengd noteringar om det som er nokså eineståande. HellandHansen, som har skrive ei stor bok om båtbygginga i området, var og fekk kopiert ein heil masse av det. - Far min noterte svært mykje. Etter at han vart gift i 1912, har han ført opp kvar einaste båt med pris, kven som har kjøpt dei, og kva spikar og all slags materiale han hadde brukt, aldeles nøyaktig. Eg trur det var eitt år han førde opp 24 båtar på eitt år. Eg har vel knapt bygd så mange båtar på 100 år. Det vart no slik at det var garden som tok mest av mi arbeidstid. - Men det vart ikkje mykje pengar av båtbygginga, hevdar Vidar. Far fortalde at han hadde vore med far sin og rodd ein båt over fjorden og seld han. Dei hadde fått 19 kroner for han. Han hadde vel vore i beit for pengar og måtte selja han billeg for å skaffa seg nokre kroner. Det var ofte vanskeleg om pengar. - Eg såg no i nokre papir eg fann etter besten. Der fann eg blant anna ein blankett over obligasjonslån frå banken. Han var ikkje utfylt, men besten hadde skrive på han: "Slike har jeg måttet bruke mange

DENNE SCOOTEREN KJØPTE HAN SEG FLEIRE ÅR ETTER AT HAN FYLTE 100. (FOTO: VILHELM GRAVDAL)

ganger, men heldigvis, alt betalt". Det fortel litt, kommenterer Vidar. - Men stemmer det som eg har høyrt at du har bygd to båtar etter at du fylte 100 år? - Ja, det stemmer nok, stadfestar den gamle båtbyggjaren. Framleis i arbeid – lagar skoskeier - Men no har du vel slutta å byggja båtar? - Ja, no er det ikkje mykje eg kan gjera. Det er å laga skoskeier eg driv med no. Men det er helsebot for meg, det, å ha dette å arbeida med. Og skoskeiene er blitt litt av eit kjennemerke etter at han slutta med å byggja båtar. Dei er spreidde utover i heile kommunen og vidare utover. Han fortel at han truleg har laga over 1000 skoskeier. Han formar lange skoskeier fint til i tre og til slutt brukar han svijarn og formar ulike vakre mønster på skoskeiene. - Dei kan du ta med deg, seier Vidar og retter meg to skoskeier. - Eg har gjort dei ferdige i dag. Intervjuaren må berre måpa og takkar så hjarteleg for dei flotte skoskeiene, reine klenodia. Dei er signerte med det som var tømmermerket til bestefaren, VE og så årstalet 2020. Han forklarer at besten hans merkte tømmerstokkane sine med det merket. HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

23


- Eg gav og ein heil del skoskeier til museet i Tørvikbygd. Dei skulle selja ut. Elles er det no så mange som har fått. Borna mine får no stundom med seg heile fang med skoskeier til å dela ut.

- Trur du mjølkedrikkinga har hatt noko å seia for at du har oppnådd så høg alder, då? - Ja, det trur eg, kjem det kontant og overtydande. Eg trur absolutt det.

Vidar må fyrst skjera til materialen, så høvla dei. Han skjer gjerne opp ein 20 stykke på ein gong, og så går det fleire dagar til å hevla ut og skjera dei til igjen og svi på mønster.

Gjennmsnittsalder på over 100. Vidar har opplevd eit veldig omskifte på nær sagt alle område i samfunnet. Men eitt område trekkjer han fram.

Dotter hans hadde hatt med seg nokre skoskeier og delt ut, blant anna til ei frå Danmark. Så fekk han helsing frå Danmark, fortel han. Ho takka så mykje for skojernet ho hadde fått, og ser humoren i det danske ordet for skoskei. - Eg kunne sikkert ha tent litt pengar på dei, men det vert best når eg gir dei vekk. Det er no godt å ha noko å gje vekk. Ingen har drukke like mykje mjølk Ved sida av TV-en har han montert eit trø-apparat til trening for føtene. Eg spør: - Trenar du mykje for å halda deg i form? - Ja, eg lyt no prøva å mykja meg opp kvar dag. Eg har vore mykje stiv no desse dagane. Eg ligg no og arbeider med føtene både dag og natt. Det som plagar meg mest no er dei stive lårmusklane. Men det er no godt å verta gammal no, i forhold til kva det var før i tida, legg han til. - Korleis gjer du det med matstellet no? - Ja, brødmaten steller eg no med sjølv. Svigerdottera Sigrun kokar graut til meg og kjem opp med til kveldsmat. Og middag får eg nede hos Jakob. Så det går no bra det. Eg har ein god familie, dei passar godt på meg. - Kva et og drikk du til dagleg? - Det går mykje i brød og mjølk. Det er vel neppe nokon i landet som har drukke så mykje mjølk som eg har gjort i mine dagar. - Så du har drukke mjølk heile livet, og ikkje kaffi? - Ja, heile livet. Og ikkje kaffi. Og ikkje har eg røykt heller. - Og det er ikkje lettmjølk du drikk? - Nei. Eg får henne direkte frå tanken. Og så tek eg litt kulturmjølk av og til, og stundom litt eplesaft.

- Det var mange born og unge som døydde tidlegare. Eg har sett tilbake i mi eiga slekt, og då trur eg at borna mine er fyrste generasjonen der alle har levd opp og nådd fram til vaksen alder. Elles har det vore barnedød eller at ungdommar har døydd. Eldste bror min døydde berre nokre dagar gammal, og yngste syster mi vart berre 11 år - Men er det andre i slekta som har vorte mykje gamle? - Ja, syster mi, Anna, ho vart no 100 og den andre syster mi Sigrid, vart vel 95. Dei tre søskena spøkte med at dei ville konkurrera om å bli eldst. No har det vist seg kven som vann den konkurransen. Men likevel, ein gjennomsnittsalder på dei tre søskena som voks opp på over 100 år, er slett ikkje vanleg. Det viser seg og at ein tremening til far til Vidar, Randolf Hapnes (1905-2007) og kona Marie Hapnes (19042008) i si tid utgjorde landets eldste ektepar. Dei var begge over 102 år før Randolf døydde etter over 75 års ekteskap.

Køyrer scooter Vidar Eide har som nemnt aldri køyrd bil, men då han var omkring 102 år, fekk han seg scooter. Den er til god hjelp for å koma seg mellom husa her når føret og veret er godt, fortel han. Og han syntest ikkje han kunne venta på at det offentlege skulle gje han eit slikt framkomstmiddel, så han kjøpte like godt ein scooter sjølv. Det blir og sagt at det fyrste han gjorde etter at han fekk han var å laga til eit feste for krykkene, slik at han også fekk dei med seg. Eg bed om å få ta bilete av han ute på tunet framfor huset han har budd i så lenge. Då tek han krykkene fatt, går ut og set krykkene i krykkehaldaren, og tek plass i setet på scooteren. Han ryggar ut med stø hand, og køyrer rundt på nedsida av huset. Og farten er upåklageleg. Underteikna må springa for å halda følgje med han, men greier det likevel ikkje. Eg får teke bileta, og 106-åringen køyrer oppatt og parkerer scooteren med stor presisjon tett inntil husveggen. Ikkje til å undrast over at denne karen framleis kan vera å sjå ute i trafikken langs hovudvegen!

Biblioteket På veg ut passerer me forbi det nye biblioteket til Vidar. Det har sonen Jakob og barnebarnet Britt laga til han sist vinter. Vidar synest det var greitt å få samla bøkene på ein stad og ikkje ha dei plasserte i hyller overalt rundt omkring. Leselysta og den boklege interessa har han etter mora, fortel han. Og morbroren var ingen ringare enn bygdebokskrivaren Olav Kolltveit, som skreiv bygdebøker for store delar av Hardanger. Og Vidar er sjølv og skrivefør. Blant anna har han skrive dikt. Men no tykkjer han ikkje handskrifta hans duger lenger.

106-ÅRING PÅ SCOOTER. (FOTO: VILHELM GRAVDAL)

HARDANGERFJORD MAGASINET

24

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


Da e nett slik da e… - kjøkenet er det viktigaste rommet for folk rundt Hardangerfjorden

ER DETTE DITT NYE KJØKKEN? Her ser du modellen Lyngen (sort farge) og modellen Lista (tyri)

KJÆRLEIKEN TIL MAT OG GODE RÅVARER PREGAR HARDANGER

Kan nokon seie at dei serverar mat som er oppvaksen i og rundt Hardangerfjorden er mykje gjort. Gjestene treng ikkje ein gong smaka på maten, dei veit at det blir ei oppleving for kropp og sjel. Eit kjøken skal vera med å inspirera, ha dei rette kvitevarene, god benkeplass og vera tilrettelagt for «det gode liv» . Hos Knapphus Kjøkkensenter i Odda finn du slike kjøken og får dei løysingane du er tent med.

Utstilt på Knapphus: Knapphus kjøkken og Strai kjøkken Knapphus - 52 76 70 70

knapphus-kjokkensenter.no

Utstilt på Karmøy (Bygnes): Sigdal og Strai kjøkken Karmøy - 52 84 51 33

Vinnarskalle.no

Me ser fram til teikna og fortelja, så kontakt oss jo før jo heller.

Utstilt i Odda: Strai kjøkken Odda - 488 91 180

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

25


HARDANGER MILJØSENTER

Vi utfører miljømålingar, kjemiske og mikrobiologiske analyser, i tillegg til Konsulenttenester for industri, offentleg verksemd og private kundar over heile Noreg. Analysetenester vert utført ved vårt akkrediterte laboratorium i Odda. Akkrediterte miljømålingar vert gjennomført ute hos kundane. Hardanger Miljøsenter AS vart starta i 1990, etter initiativ fra Odda kommune, under namnet KOM-senteret (Kompetanse Odda Miljø). Målet var å skape arbeidsplassar i Odda/ Indre Hardanger relatert til miljøanalyser og kompetansetenester innan miljøområdet. Engelskmannen Alex Stewart, som eig eit stort internasjonalt nett av laboratorier/ surveytjenester, gjekk i 1994 inn som med-

eigar (40%). særleg ut frå hans interesse innan survey-marknaden (kontroll av handelsvarer). I 2020 var Alex Stewart International (ASI) sin eigarandel i firmaet 61 %, medan den resterande delen av firmaet er eigd av fleire tilsette/styremedlemmar i selskapet. Bedrift flytta i 2016 inn i nye kontor og laboratorie-lokaler på Eitrheim i Odda. I 2019 var det 12 tilsettette og det vart utført 12 årsverk.

Grunna plasseringa i nærleiken til industribedriftene i Odda, har tenester knytt til industribedrifter vore en viktig del av omsetninga for bedrifta. Dette gjeld både analysetenester og prøvetaking. Hardanger Miljøsenter AS ynskjer å være en totalleverandør (konsulenttenester, prøvetaking og analyser) av miljøtenester for industribedrifter. Som ein fylgje av samanslåing mellom Hardanger Miljøsenter og det lokale næringsmiddellaboratoriet i 2001 så utfører bedrifta og analyse av drikkevatn. Hardanger Miljøsenter har lenge vore deleigar i mat og miljølaboratoriet Slab AS, som held til på Stord. I november 2020 vart dei andre aksjonærane kjøpt ut og Slab vart heileigd av Hardanger Miljøsenter.

Vil du bli betre kjent med våre tenester og kva vi kan tilby, ta turen inn på: https://hm-as.no 26

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


SLab EIT KVALITETSLABORATORIUM FOR VATN, MILJØ,

AKVAKULTUR OG NÆRINGSMIDDEL SLab AS har røter heilt attende til 1980, og var i utgangspunktet Næringsmiddeltilsynet sitt laboratorium på Stord. Då det kom krav om at slike laboratorier skulle være uavhengige, førte det til at SLab AS vart oppretta 01.01.2004. Bedrifta held i dag til i nyoppført laboratorie i andre etasje i Meatjønnsvegen 32 på Heiane.

SLab er akkreditert for analyser innan mikrobiologi og kjemi, etter ISO-Standard 17025:2017. Vi har hovudsakelig arbeidsoppgåver som er knytt til vatn, akvakultur, næringsmiddel og industri. Men med hjelp og godt samarbeid med andre laboratorium i Norge kan vi tilby det meste av analyser, seier Malin Brady som er laboratorieingeniør. Vi er loyale mot lokale kundar og føl dei opp betre enn du kan rekna med frå dei store laboratorium i sentrale delar av landet. Vi bryr oss om kundane våre og har personleg og nær kontakt med kundane våre, gjennom personleg sakshandsaming. Vi vil at kundane våre skal lukkast, difor sikrar vi produktet ditt gjennom våre analyser. Når vi har sjekka innhaldet i produktet ditt kan vi avgjera haldningsdato og du er sikker på at produktet ditt er bra. Du kan føla deg trygg. Noko som er viktig for heile samfunnet Trygt miljø – trygg mat – trygt vatn – trygt samfunn. Dette er heilt grunnleggjande for eit godt liv, og eit mantra for oss, seier dagleg leiar, dr. Justa Sirvaityte.

Vår visjon Er at det ikkje er naudsynt å være det største laboratoriet i landet, men å ha dei mest nøgde kundane. Vi ynskjer å ha nær kontakt med kundane slik at vi kan fylgja opp på best mogleg måte – vi vil at våre kundar skal lukkast med sine mål. Vi har bygd selskapet opp slik at vi dekker den trongen for analyse som finnes i lokalmiljøet rundt oss. Sunnhordland er eit av dei viktigaste akvakulturområda i landet, og det er difor naturleg at vi har bygd opp ein ekspertise rundt dette fagområdet. Kvalitet Integritet Kompetanse Vi er til for deg og dine kunder Vi ser etter forbedringspotensiale Det tette samarbeidet mellom SLab og Hardanger Miljøsenter har pågått i 10 år… I dag har HMS investert i SLab for å styrke selskapets posisjon i regionen, og som en konsekvens sørge for at de beste tjenestene leveres til bedrifter og samfunnet i regionen.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

27


28

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


Det er veldig viktig for meg at augo til dyra er med på bileta på eit eller anna vis. Det er kanskje en klisjé, men auga er sjela sin spegel. Det er her du ser dyret sin personlegdom på eit djupare nivå.

NÆRT VILLE DYR

Eg føler det er lettare å kommunisera med nokon når du kan sjå dei inn i augo. Det gjer det lettare å få ei kjensle av kven dei er og deira "state of mind." Om nokon er sinna ser du det i augo, er dei lei seg eller glad vert det tydeleg i augo. På eit av bileta skjuler skuggen augo på ein alfahann gorilla, men augo er fortsatt essensielle. På eit anna bilete er det ein gorilla som har lukka augo og det gir eit inntrykk av sjelefred. Augo skapar med andre ord eit uttrykk også når dei ikkje er der. Men augo spelar på lag med kroppsspråket, som også er viktig for bileta mine. Når du tar bilete kjem du veldig nær farlige, ville dyr.

KARL KRISTIAN JAHNSEN HUS Har du spørsmål eller ynskjer å kjøpa bilete, ta kontakt med Karl Kristian. E-POST: Contact@Karl-KristianJahnsenHus.com INSTAGRAM: Tales_by_Nature HEIMESIDE: karl-kristianjahnsenhus.com

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

29


HEIMESIDE: karl-kristianjahnsenhus.com

30

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

31


74-ÅRING

Stig Nilsson skreiv på vegne av Kolofon forlag om redaktøren Sigurd Vikøren.

GIR LIKSÅ GODT UT TO BØKER NÅR HAN FØRST GJER DET Skal det vere, så skal det vere, tenkjer visst fotballprofilen og naturforkjemparen Sigurd Vikøren (74), og slår til med to bøker fram mot påske.

REN S I G U R D V I KØ

S IG U R

D V IK Ø RE

N

BLODARE

ER TJUKK ENN VATN!

MITT L

HATTEB

IV PÅ L

ERGVA

Folgefo n

SSDRA

Nasjon al "Blod er tjukkare ennn vatn" kan bestilles på kolofon.no eller i en bokhandel nær deg.

32

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

AG M E

D

GET

na

park


REDAKTØR: HARDANGERFJORD-MAGASINET ER NO 15 ÅR GAMALT, OG FRÅ HEIMEKONTORET SITT I ROSENDAL SENDER REDAKTØR SIGURD VIKØREN (74) UT FLEIRE UTGÅVER I ÅRET, KVAR AV DEI TIL 50.000 HUSSTANDAR. (FOTO: KOLOFON FORLAG AS.)

Resultatet vart Folgefonna nasjonalpark, og vern av fleire vassdrag i eit viktig naturområde. – Meiner du at du var så galen at du dreiv og lenka deg fast, slik dei gjorde i Alta og andre stader? I vakre Rosendal, på heile Haugalandet, i delar av Hardanger og traktene der omkring, er han kjend for litt av kvart, ikkje minst for eit heilt liv som fotballgalen, men også som rebell - protesterande framfor politiet for å bidra til å skaffe Noreg ein nasjonalpark. ROMAN FOR FØRSTE GONG Påske og krim høyrer jo saman, og Sigurd Vikøren har tenkt å blande seg i selskapet med sin aller første roman. "Blod er tjukkare enn vatn" heiter boka, som kjem ut på Kolofon Forlag fredag 19. mars.

– Eg kjende godt til mange av dei som lenka seg fast rundt omkring i Noreg, men vi gjorde aldri det. Det var like vel alvorleg nok. Vi fekk politiet til å stansa utbyggjarane sine maskiner, ved å protestera. Det er godt å tenkje tilbake på at vi vann fram den gongen, og å ha vore med på å hindre øydelegging av eit vakkert stykke Noreg. No er det berga, på vegne av generasjonar som kjem, seier han.

– Eg veit ikkje heilt. Det var så mykje anna eg måtte få gjort unna, seier Sigurd Vikøren. Og han kan vise til litt av ei arbeidsøkt:

Sigurd Vikøren si første bok dreier seg då også om 40 år i kamp for naturen han var så gled i. Når påska i 2021 kjem, kan den som vil lese faktaboka om jobben han og gode hjelparar har gjort gjennom 40 år. Dei ville ikkje gje seg, og no er kulturlandskapet til Noregs einaste baroni freda, inkludert livsnervane som høyrer til: elvane og fossane, i eit spektakulært område mot Folgefonna.

Snart 50 år som drivar og eigar av Prinfo Media, leverandør av mange slag trykksaker og artiklar, og ikkje minst som redaktør og utgjevar av Kvinnheradmagasinet, som seinare vart til Hardangerfjord-magasinet. Sistnemnde har Vikøren i 15 år sendt ut til folk i heile regionen han bur i, med eit opplag på 50.000 eksemplar. No skal snart ein digital kanal òg lanserast, for å auke tilgangen til magasininnhaldet enda meir.

BLADFYK OG LIVSVAL Romanen "Blod er tjukkare enn vatn" gjer Sigurd Vikøren meir spent enn han elles er. – Eg er då ikkje nokon forfattar i slik forstand som dette, og spaninga ligg sjølvsagt i om nokon vil lesa ein roman frå ein slik ein som meg, som kanskje ikkje heilt veit korleis slikt skal skrivast, seier han, lun og blygsam, men òg både lattermild og uvanleg omgjengeleg å vere saman med.

Vikøren er også velkjend i regionen for sitt fotballengasjement. Han har vore både spelar, trenar og administrator gjennom så godt som heile livet.

– Du tør like vel vere framfus nok til å tenkje "stort" når det gjeld di framtid som skjønnlitterær forfattar?

– Kvifor gjekk det 74 år før du fekk ferdig det første skjønnlitterære verket ditt?

SKAFFA NASJONALPARK Saman med ein heil gjeng entusiastar måtte han sloss i 40 år, i første rekkje mot politikarar og utbyggjarar, som leiar i Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget.

– Jo … eg har faktisk tenkt at dette skal bli en trilogi til slutt, og eg må vedkjenne meg at eg allereie går rundt og kladdar litt på oppfølgjaren. Førebels berre i tankane … Er det berre 37 som kjøper boka, så får eg heller skrive om noko anna.

-Om du skulle avsløra litt av essensen i boka, kva ville du då seie om det? – Når du går gjennom livet, blir jo ofte spørsmålet kva det er som har kraft nok i seg til at du endrar dine etiske normer, oppfatningar som du var heilt sikker på du ikkje kom til å gjere nok med. For meg har det vore interessant å filosofere over kva lagnad som skal til for at du tør å endre på noko av det du før var heilt sikker på, seier den 74 år gamle bokdebutanten. HAR KONTROLL SJØLV – Kvifor Kolofon, Noregs største forlag for dei som vil gje ut boka si sjølve? – Eg har jo halde på med mi eiga media-verksemd i snart 50 år, og eg likar å ha kontroll over det eg gjer. Gir du ut bøker på Kolofon, får du òg alle inntektene av salet. Og eg er særs nøgd med valet. Forlaget er profesjonelt, folka der er flinke til å følgje opp forfattarane sine, og for pengane det kostar å gje ut boka får du mykje god og verdifull bistand frå mange gode hjelparar, meiner Sigurd Vikøren. KORLEIS DU FÅR KJØPT BOKA? I ein lokal bokhandel nær deg, eller du kan gå inn på Kolofon.no. Når du kjem inn der, så kan du klikke på fana som heiter bokhandel. Der kan du søkja opp Sigurd Vikøren, då vert du rettleia gjennom prosessen, og boka vert sendt heim til deg fraktfritt. Når du les magasinet så er det eit bokbad med forfattaren lagt ut på Youtube. Går du inn på facebooksida til Sigurd Vikøren, eller på Bokbadet til Sigurd, så finn du ein link du berre kan trykkja på Boka "Mitt liv med Hattebergvassdraget, Folgefonna Nasjonalpark". Får du i ein bokhandel nær deg. Alternativt kan du tinga den hos: sigurd@vikorenmedia.no God lesnad. Sigurd

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

33


Skilt_2000x1200mm.indd 1

09.03.2021 13:09

RESTAURANT MED MARITIMT PREG OPNAR I ROSENDAL DENNE VÅREN! 150 år etter at JøraKnuten bygde Gjøa, den kjente skuta som Roald Amundsen brukte gjennom nordvest-passasjen, opnar ein ny sjømat-restaurant med same namnet, berre ein langpasning unna fjæra der Gjøa vart bygd i 1872. Det er to tungvekterar innan sjømat som investerer i sjømat-restauranten Gjøa. Restauranten vert ein solid ny tilvekst til Rosendal sitt maritime miljø, plassert rett over vegen frå småbåthamna og sentrale kai-anlegg i bygda. Eva og Åge Sørensen, ho har meir enn 30 år med erfaring for kaviarmerket Tofterøy på Sotra. Åge har sidan 1978 har vore fast inventar på fisketorget i Bergen. Mange har sakna ein restaurant med sjømat i Rosendal. Gjøa blir ein sjømat-restaurant som har nye variantar som sushi på menyen. Sushi, ei ny smaksoppleving frå havet, ein spennande smak som nok blir ein hit for ganen til kvinnheringar og gjester frå fjern og nær. Restauranten kjem og til å tilby landmat. I Noreg sin største hjortekommune vil det vera på sin plass etter kvart og ha hjort på menyen.

Gjøa vil også tilby mykje av det du finn på menyen som hentemat. Vi vil prøva å ha ope heile året, seier Åge. Vi vil arrangera emnekveldar med foredrag om mat og drikke som vi serverar. Vi vil og ha visekveldar med kjente og ukjente artistar. Midt i lokalet vil du finna ein "Strandebarmar" Ein båt som Harald Oma på Snilstveitøy har bygd til oss, ein båt vi skal bruka til kaldtbord, når vi har arrangement som båten vil passa til. Restauranten kan leigast til ulike arrangement for opp til 75 personar. Motelldelen har 8 stk. dobbelrom. Velkomen til sjømat og delikatesser i vakre Rosendal! Åge og Eva

www.gjoa-rosendal.no

34

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


VELKOMEN TIL ROSENDAL

Besøksadresse: Skålagato 37, 5470 Rosendal Tlf: 53 48 11 05, rosendal.sport@sport1.no www.sport1.no/finnbutikk/Rosendal Sport Besøk oss på Facebook: Rosendal Sport AS

BOKLANSERING

4

MED SIGNERING

av forfattarane onsdag før skjærtorsdag frå kl. 12. "Kvil i fred" er tredje og siste bandet om kyrkjegardane i Kvinnherad. Boka inneheld 14 kapittel om historiske gravstader som ikkje lenger er synlege. SIGURD VIKØREN

Krimroman "Blod er tjukkare enn vatn!" og "Mitt liv på lag med Hattebergvassdraget" Forfattarane: Morten Nygård og Sigurd Vikøren signerer bøker på Rosendal Bokhandel onsdagen før skjærtorsdag, frå kl. 12 – Er det regn, finn du oss på Eurospar.

Kvil i fred

Små og store soger

frå kyrkjeg ardane

MORTEN NYGÅ

i Kvinnhe rad

RD

Kvil i fred

«Kvil i fred» er tredje og siste band i serien og store soger som presenterer frå kyrkjegarda små ne i Kvinnherad . Denne boka omha ndlar kyrkjegarda men som like ne som ikkje fullt utgjer ein lenger er synleg viktig og svært e, historia vår. Det spennande del er også fleire av kapittel om gravp dokumentert e, og som mogle lassar som ikkje g berre er segn. er kyrkjene på Halsn På innhaldslist øy kloster, kyrkja a står kapell på Mel, på Skåla, Gaut kapellet i Gudd Jonsson sitt al, dei moglege og kapella i Sunnd kyrkje ne al, på Seim, i Omvikdalen og Markjelke, kolera på gravplassane på Seim, i Omvikdalen og i Høylandsby gd, den mogle koleragravplassen ge på Eidsvikøy, samt sogene om gravplassen i fjellet ved Jamta «Den katolske land og kyrkja» i Omsh agen. Boka tek for seg ein del histor iske fakta om bygdene, kyrkje ne og kyrkjegarda viktigaste er å ne, men det fortelja om nokon av dei som ligg gravlagde der. Her kan du bli litt meir kjend med folk som levde uvanl ege liv, folk som døydde i traged iar, folk som sette folk som levde spor etter seg, nøysame liv, og folk som ofra for landet sin alt fridom.

MORTEN NYGÅ

Kvil i fred RD

Små og store soger

frå kyrkj egard ane

i Kvinnh erad

3

REN S I G U R D V I KØ

BLODARE

ER TJUKK ENN VATN!

SI GU RD

MITT L

HATTEB

IV PÅ L

ERGVA

VI KØ RE

AG M E

N

D

FolgefoSSDRAGET Nasjon nna alpark

MORTEN NYGÅRD

Band 3

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

35


Velkomen opp til oss i 2. etg

Varehuset Gåver & Interiør

HOS OSS FINN DU MYKJE FINT TIL KVARDAG OG FEST www.tilbords.no

- Tilbords - Gåver & Interiør - Leiker - Kosmetikk - Medisinutsal

Du finn oss i 2. etg på Varehuset Rosendal Bruk trappa eller ta heisen opp til oss

- Midt i Skålagata - god parkering - Kort veg frå båthamna og bubilparkeringa - Velkomen til hyggeleg handel 36

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


MIDT I ROSENDAL SENTRUM - VED SJØEN

Vi har straum - dusj - WC - tømmestasjon - boss - internett. Kontakt Rosendal Bubilparkering telefon 53 48 46 66 / rosendal bubilparkering

60 BÅTPLASSAR - 60 GJESTEPLASSER

64

MIDT I ROSENDAL SENTRUM - VED SJØEN

Vi har straum - dusj - WC - tømmestasjon - boss - internett. Kontakt Rosendal Bubilparkering telefon 53 48 46 66 / rosendal bubilparkering

S TO R D

OSLO

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

37


ROSENDAL HAMN

mellom favorittane til å bli mest populær på vestlandet Ei kåring utført av Båtsans har Rosendal Hamn inne mellom dei 10 mest populære i vest. FOTO: BJARNE ØYMYR

Styreleiar i Rosendal Hamn, Jan Ove Mælen synest det er veldig kjekt at hamna er populær. Han fortel at dei nok er godt kjent mellom brukarane. Fleirtalet av dei kjem frå området mellom Rogaland og opp til nord-vestlandet, og mange av dei har vore her ofte. Vi får mange gode attendemeldingar, seier Jan Ove. I år skal vi ta i bruk eit nytt betalingssystem som heiter Go marina, ein app der du ordnar med betaling, straum, dusj, vaskemaskin, heile servicetilbodet.

38

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Ei ordning vi har god tru på. I fjor investerte vi i hamnevertar som ytte gjestene våre god service på mange felt. Dette var noko som hausta stor fagnad, så den suksessen vil vi gjenta i år, seier styreformannen. Rosendal Hamn driftar også drivstoffanlegget ved hamna, der du får kjøpt bensin og diesel. I tillegg samarbeidar hamna med BKK med tanke på landstraum til båtar som etter kvart vil etterspørja meir straum. Ein av grunnane til at hamna er svært populært, trur Jan Ove, er at butikkar, galleri, steinparken og baroniet er innanfor gå-avstand.

Dessutan er det ingen tvil om at tilbodet om alle typar turar frå rusletur med barnevogna langs elva til fjellklatring er populært. Mange legg båten i Rosendal Hamn og reiser til Bergen på jobb med snøggbåten, medan resten av familien brukar båten som hytte, sluttar ein blid styreformann, som gler seg over at Rosendal Hamn er ein suksess.


FOTO: ERLEND HELLINGSRUD, ROSENDAL NATUR

Myrdalsvatnet

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

39


40

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


Grisen sin lagnad! Grisen var fødd om sommaren og tiltenkt eit liv som skulle vara eit lite halvår. Då skulle grisen enda sine dagar til glede for våre smaksløkar på veg til å metta våre magar. AV SIGURD VIKØREN

For oss små-gutar la dette eit solid grunnlag for mange kjekke og sterke opplevingar. Det heile starta når sommaren var på hell og dei små grisene var blitt store nok til å flytta heimanfrå og bu for seg sjølv. Hugsar ikkje heilt sikkert akkurat datoen, men det var i ei spennande tid. Vi skulle begynna i ny klasse på skulen, opp eit hakk. Plommene var klare for "slang" etter kvart som vi kunne gøyma oss i det aukande haustmørket. Det var om lag på denne tida vi fekk ny gris. Ein, eller to små grynterar var på plass i bingen, og skulle veksa seg store og feite, slik at vinteren sine ete-gilde var sikra. Gjennom eit utal med gode rettar, heilt fram til at spekekjøtet var klart samstundes med at gauken melde frå om at han var attende. Truleg hadde husets herre då allereie vore å prøvesmakt ei stund. Men offisiell opning av spekeskinka var då nygrøne bjørkelier lydde av gauken sin kjente song, kokko – kokko. I tida fram mot slutten for grisen, fekk vi vera med på ein spennande del av grisen sin framvekst. På menyen til grisen hadde hausten eit breitt utval av nedfallsfrukt. Vi rodde å henta tang som vi kokte, hugsar eg var fasinert av at tonga under koking vart grøn. Elles på menyen stod matavfall saman med litt mjølk og mjøl. Etter at potetene var tekne opp vart dei eit viktig innslag i kosten. Små grisa-poteter, akkurat same typen som du no får på

dei finaste restaurantar, servert med skal, akkurat slik grisen fekk dei. Saman med eit lite stykke av grisen sjølv kostar grisa-potetene på slike stader om lag 900 kroner for to. Kanskje å tilby kombinasjonen gris og poteter er framtida? Elles åt grisen stort sett alt. Var ofte snakk om at det grisen ikkje åt, det kunne vi gje til han far! Eller kanskje det var omvendt? Plutselig var vi komne så langt mot jul, at det var nett før tida begynte å gå gruelig seint. Då kom dagen, då slaktaren var venta, og det halve året som grisen var tiltenkt, gjekk mot slutten. No var grisen(e) blitt store, dei hadde på det meste vakse mest ein kilo om dagen. Då D-dagen var komen dukka slaktaren opp. Det var ei storhending, ein tradisjon. Etter vanleg mønster forsvann bessen og slaktaren inn til grisen, etter at dei hadde teke løedøra av hengslene, så sette dei tau på grisen og fekk han oppå døra som dei hadde lagt ned. Grisen hylte og skreik, som om det gjaldt livet, heilt til det small. Då vart det brått heilt stille. Medan grisen sparka og spente, vart han boren bort til kjellardøra på gardshuset, der sjølve handlingane (ritualet) skulle gå føre seg. Fyrst måtte grisen stikkast, og blodet rørast i, slik at det ikkje levra seg. Blodet var råstoff til blodpølse, og det fyrste frå grisen vi fekk smaka var blodpannekaker som besto steikte på direkten.

Deretter var det å ta ut innvollar og mykje av innmaten vart og brukt til mat. Finka, leverpostei m.m. Så skulle grisen skrubbast fri for bust, før parteringa begynte. Til dette måtte vi ha mykje varmt vatn. Det rauk av både grisen og vatnet. Pisseblåsa (urinblæra) vart blese opp, og overlaten til gutta-boys, slik at vi kunne spela fotball. Det var her min fyrste kjærleik til fotballen tok form. Scena som utspann seg kvart år har brent seg fast på netthinna og den årlege storhendinga gjorde nok inntrykk på ein liten gut. Eg trudde i alle høve aldri at maten kom frå butikken. Etterpå når den harde arbeidsøkta var ferdig så var det tid for eit godt måltid, og det heile skulle velsignast med ein liten under vesten. Sikkert vel fortent. Kanskje dei vaksne gjorde litt slik lokalavisa skreiv: -Slo håret laust! Eg hugsar særleg ein episode då slaktaren skulle gå heim. Han var høveleg takka for godt utført arbeid og var komen eit stykke ned i vegen då besto kom ut og ropa på han, "-du har gløymt huo di!" Då snudde slaktaren seg og ropte attende "-skit i huo, eg går heim på labb." Det hadde nok vore ei hyggeleg stund etter at matlageret var sikra. Sigurd

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

41


Vår maskinpark gjer det mogleg for oss å utføre både små og store oppdrag.

• GRUNN OG BETONG • OPPMÅLING OG RØYR

Tlf: 92 88 90 88 - 5464 Dimmelsvik

– ikkje sal ingen kostnad - enklare kan ein vel ikkje utrykkja ein fordel som berre er din? Kontakt oss når du skal selja eller kjøpa bustad! Tlf. 915 02070 Mail: stord@em1sr.no

Bente Faksnes

Eiendomsmegler MNEF t: 926 33 943 e: bente.faksnes@em1sr.no

42

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Marita Pedersen

Eiendomsmegler MNEF t: 476 31 695 e: marita.pedersen@em1sr.no

Eiendomsmegler MNEF t: 918 444 59

Rebecca Victoria Riddell t: 469 09 349 e: rebecca.riddell@em1sr.no


Dei som Dei som har har kjøpt kjøptTungesvik Tungesvik Dei som har kjøpt Tungesvik Hytto veit å nyta dagane Hytto veit å nyta dagane...... Hytto veit å nyta dagane ...

Deihar som harTungesvik kjøpt Tungesvik Dei som kjøpt Hytto veit ådagane nyta dagane ... Hytto veit å nyta ...

Våre eigne hyttefelt/tomter: • Langedalen/Solfonn og Hordadalen/Røldal Hyttefelt/Tomter: • Molnes og Sandvik (Etne kommune) Våre eigne Våre eigne hyttefelt/tomter: • Lengdedalen / hyttefelt/tomter: Seljestad Hyttefelt/Tomter:

Vinnarskalle.no

Har du eiga tomt? Me har heile tida ferdige hytter til salgs. • Valldal (Røldal) i ulike områder. Har du eiga tomt? Me deler gjerne våre erfaringar og teiknar forslag. Me har Enkelttomter også ienkelttomter i ulike områder. Me deler gjerne erfaringar og teiknar forslag. Me har også enkelttomter ulike områder. Me deler gjerne vårevåre erfaringar og teiknar forslag. Me har heile tida ferdige hytter til salgs.

tidahar ferdige tilferdige salgs. Me heilehytter tida hytter til salgs. i ulike områder. deler gjernedagar våre erfaringar ÅMeha gode er og teiknar forslag.Me har heileEnkelttomter Me har heile tida ferdige hytter til salgs. noko alle dagar ønskjer seg dagar er Å haergode Å ha gode Å ha gode dagar erønskjer seg noko alle noko alle ønskjer seg Etter 40 gode år på «hytto» veit me litt om livet der. Å ha gode dagar er noko alle ønskjer seg Tungesvik Hytto me40produsert og levert tilme over Etter gode «hytto» veit litt om livet der. Etter 40 gode år påhar «hytto» veit meår littpå om livet der. noko alle ønskjer seg Tungesvik Hytto har me produsert og levert til over 1.500 glade eigerar «slekter». Tungesvik Hytto har meog produsert og levert til over

Vinnarskalle.no Vinnarskalle.no

Ænes (Kvinnherad)

Vinnarskalle.no

Har du eiga tomt?

/ Seljestad og Hordadalen/Røldal • Korlevoll • Langedalen/Solfonn og Hordadalen/Røldal Lengdedalen / Seljestad Langedalen/Solfonn • • Espenes (Sveio) Håradalen / Røldal Korlevoll•/ Seljestad • Molnes og Sandvik (Etne kommune) Molnes og Sandvik (Etne kommune) • •• Valldal Håradalen /Valldalen Røldal / Røldal • (Røldal) Ænes (Kvinnherad) ••/ Røldal Ænes (Kvinnherad) Valldalen Molnes / Skånevik • Espenes (Sveio) Enkelttomter i ulike områder. Molnes •/•Skånevik Espenes Espenes /(Sveio) Sveio Espenes / Sveio • Valldal (Røldal)

Vinnarskalle.no

• • • • Me deler gjerne våre erfaringar og teiknar forslag. • du eiga tomt? • Har du eiga Har tomt?

Etter 40 gode år på «hytto» veit me litt om livet der. 1.500 glade eigerar og «slekter». 1.500 glade eigerar og Etter 40 gode år har på «slekter». «hytto» veit meog littlevert om livet der. Tungesvik Hytto me produsert til over Kontakt oss i dag Tungesvik Hytto har og me«slekter». produsert 1.500 glade oss i dag og levert til over Kontakt oss ieigerar dag Kontakt og få gode yttedagar du også. 1.500 «slekter». ogog få du gode yttedagar du også. og få glade gode heigerar yttedagar også.

Kontakt 53 7715 15oss 40i dag 53 77 15 40 53 77 40 Kontakt oss i dag og få gode hyttedagar du også. tungesvikhytto.no tungesvikhytto.no tungesvikhytto.no og yttedagar du også. 53 få 77gode 15 40 53 77 15 40

tungesvikhytto.no

Tungesvik Hytto er produsert og levert av Tungesvik Bygg - Skånevik

Tungesvik er produsert levert av Tungesvik Bygg - Skånevik Tungesvik Hytto er produsert og levertHytto av Tungesvik Byggog - Skånevik

Tungesvik Hytto er produsert og levert av Tungesvik Bygg - Skånevik HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Tungesvik Hytto er produsert og levert av Tungesvik Bygg - Skånevik

I

43


Jeremia 29, 11: "For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier HERREN, fredstankar og ikkje ulukkestankar. Eg vil gje dykk framtid og von."

44

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


KYRKJELYDSSEKRETÆR OG KLOKKAR ODDBJØR HEIMARK

Ord for påsken

For ein del år sidan tok eg turen til gravplassen der nokre i famelien er gravlagt før eg reiste heim til mor mi. Då eg kom heim møtte eg ein av ungdomane i slekta og kommentaren hans var "Å, Søren, eg ville ha vore med". Vedkomande er mest alltid omgitt av musikk og tilkopla diverse duppedittar på øyra. Neste dag tok me turen begge to. Han sette seg på benken rett innom porten og eg merka at no vart eg ganske irritert. Heldigvis unngjekk eg å seie noko, men undra meg over kvifor han eigentleg skulle vera med. Sjølv hadde eg jo vore der dagen før. Eg tok meg heldigvis god tid og gjekk til nokre andre kjente graver før eg kom tilbake til benken. Då var kommentaren hans: "Her er det alltid godt å vera. Har du merka kor stilt det er på ein gravplass."

No livnar det i lundar No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror. Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong. Då me med vigsla tunge, med kjærleik heil og klår, alt utan best og sprunge skal lova Herren vår!

Den kommentaren har eg hugsa på fleire gonger det siste året. Ikkje på ein gravplass, men elles i samfunnet. Kor stilt det har vore. Eit år har gått med nedstenging. Eit år har gått med at alt vert bra. Eit år har gått der mykje har vore annleis. Men me har klart det. Styresmaktene har gjort så godt dei har kunna. Unge og eldre har høyrt etter når noko er stengt ned eller opna litt opp etter kvart som smitten har kome og gått i bygdene våre. Ein ny vår står for døra. Dagane vert lengre og temperaturen stig. Snøklokker og krokus kjem fram så fort snøen forsvinn. Dette er noko som gjentek seg kvart einaste vår. "nytt liv av daude gror" skriv Blix. Eg har sett det med eigne auge, og i år etter dette annleis året. Mykje har vore annleis. Mykje vil vera annleis ei tid framover, men at våren kjem med lysare dagar, naturen vaknar til liv og at me skal feira påske i små eller større grupper er sikkert. Framleis treng me å ta oss tid til å vera stille innimellom. Reflektera over livet og visa takksemd over kva me har og kor heldig me er som får bu her me bur.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

45


Se mer på bohus.no

VERONICA Nr. 239564 TOMAR grå NÅ 3.499,- (før 4.999,-) Nr. 23 NÅ 559,- (før 799,-)

-30%

Se mer på bohus.no

PÅ UTETEPPE SUNFLOWER, TOMAR OG VERONICA

VERONICA NÅ 1.679,- (før 2.399,-) Nr. 239564 TOMAR grå NÅ 3.499,- (før 4.999,-) Nr. 239557 SUNFLOWER uteteppe 160x230 NÅ 559,- (før 799,-) Nr. 231416 SCBYHB SPISEBORD

SCBYHB SPISEBORD

13.999

13.999

SCBYHB sert stål, svart, 225x100, H 73 cm

SCBYHB ben i aluminium svart 13.999,- N

Nr. 216366

-40%

SCBYHB SPISEBORD SIGNATURE COLLECTION GARDEN 3­seter sofa i tett flett 226x86, H 66 cm 12.499,- Nr. 216549 Modulstol i tett flett 62x86, H 66 cm 3.999,- Nr. 216543 Sofabord sett av 3 stk. med

13.999

alu.ramme og bordplate i spray stone glass 90x90, H 45 cm/82x43, H 42 cm 4.999,- Nr. 216565

SCBYHB SPISEBORD

PÅ SIGNATUR 13.999 COLLECTION SLEEPING

SIGNATURE COLLECTION GARDEN 3­seter sofa i tett flett 226x86, H 66 cm 12.499,- Nr. 216549 Modulstol i tett flett 62x86, H 66 cm 3.999,- Nr. 216543 Sofabord sett av 3 stk. med alu.ramme og bordplate i spray stone glass 90x90, H 45 cm/82x43, H 42 cm 4.999,- Nr. 216565

SCBYHB

OVERMADRASSER

SIGNATURE COLLECTION GARDEN 3­seter sofa i tett flett 226x86, H 66 cm 12.499,- Nr. 216549 Modulstol i tett flett 62x86, H 66 cm 3.999,- Nr. 216543 Sofabord sett av 3 stk. med SCBYHB alu.ramme og bordplate i spray stone glass 90x90, H 45 cm/82x43, H 42 cm 4.999,- Nr. 216565

nyhet SIGNATURE COLLECTION GARDEN 3­seter sofa i tett flett 226x86, H 66 cm 12.499,- Nr. 216549ben Modulstol i tett flettsvart 62x86, H 66 cmNr. 3.999,Nr. 216543 Sofabord sett av 3 stk. med i aluminium 13.999,240231 Nr. 216366 SIGNATURE COLLECTION GARDEN 3­seter sofa i tett flog ettbordplate 226x86,i spray H 66stone cm 12.499,Nr.H 216549 Modulstol tett flett 62x86, H 66 cm 3.999,- Nr. 216543 Sofabord sett av 3 stk. med alu.ramme glass 90x90, 45 cm/82x43, H 42 cm i4.999,Nr. 216565

sert stål, svart, 225x100, H 73 cm

alu.ramme og bordplate i spray stone glass 90x90, H 45 cm/82x43, H 42 cm 4.999,- Nr. 216565

-40%

nyhet

-30% nyhet

Halvor Bakke har designet en nyhet SIGNATUR COLLECTION SLEEPINGpeiser 30 SPAR ny kolleksjon og lykter for Halvor Bakke har designet en nyhet PÅ SIGNATUR utendørs bruk, med inspirasjon fra PÅ SKYLINE SERIEN Bakkefor har designet en ny kolleksjon peiserHalvor og lykter COLLECTION SLEEPING FRA sine reiser til vakre Cape Town. I BLÅ KOKS SIGNATURE COLLECTION GARDEN 3­seter sofa i tett flkolleksjon ett 226x86,peiser H 66 cm Nr. 216549 Modulstol i tett flett 62x86, H 66 cm 3.999,- Nr. 216543 Sofabord sett av 3ELLER stk. med nyinspirasjon og 12.499,lykter for OVERMADRASSER utendørs bruk, med fra Halvor Bakke harHmed designet en Nr.fra216565 alu.ramme og bordplate i spray stone glass 90x90, H 45 cm/82x43, 42 cm 4.999,utendørs bruk, inspirasjon Disse produktene har ame­ sineTenderfl reiser til vakre Cape Town. ny sine kolleksjon lykter for SIGNATURE COLLECTION SLEEPING 30 SKYLINE telykt/vaser i blå eller k reiser tilpeiser vakreog Cape Town. TENDERFLAME lykter og peiser designet av Halvor Bakke, MgO skifer og stål svart MOSSEL BAY 90 peis Ø 40, teknologi, og er utendørs bruk, med inspirasjon Nr. 190844 / 145689 15 cm 8 cm 75x200flott cm design NÅ 1.139 (førbåde 1.899,-) Nr. 229791 90x200 cm NÅ 1.289 229798 120x200 cm NÅ (før H 56 cm 4.999,PLETTENBERGfra 180(før peis 2.149,-) Ø 50, H 41 Nr. cm 5.999,SIGNAL HILL fakkel med1.619 spyd Ø 12, H 142.699,-) cm, spyd Disse produktene har Tenderfl ame­ Disse produktene har Tenderfl ame­ Nr. 229799 cm (før 819,-) Nr. 190 sine reiser til 699,vakre Cape Town. miljø­ ogBakke allergivennlige. 130 cm PAARL bordlykt Ø 16, H 15 cm 999,TENDERFLAME lykter og peiser designet avdesignet Halvorav Bakke, og stål svart MOSSEL 90peis peis Halvor harteknologi, designetflott en design TENDERFLAME lykter og peiser HalvorMgO Bakke,skifer MgO skifer og stål svart MOSSELBAY BAY20 90 ØØ 40,40, og er flbåde teknologi, ott design og er både H 56 cm 4.999,- PLETTENBERG 180 H peis 50,5.999,H 41 cm 5.999,SIGNAL fakkel medspyd spydØ Ø 12, 12, HH1414cm, spyd H 56 cm 4.999,- PLETTENBERG 180 peis Ø 50, 41Øcm SIGNAL HILLHILL fakkel med cm, spyd SIGNATURny COLLECTION produktene har Tenderfl kolleksjonSPAR peiser ogog lykter forDisse miljø­ og allergivennlige. 130 cm 699,- PAARL 16, H 15 cm 999,miljø­ allergivennlige. 130ame­ cm 699,- PAARL bordlykt Ø 16,bordlykt H 15 cmØ 999,SLEEPING 30 TENDERFLAME lykter og peiser designet av Halvor Bakke, MgO skifer og stål svart MOSSEL BAY 90 peis Ø 40,

1139

FRA

760

utendørs bruk, 760med inspirasjon fra 1139 sine reiser til vakre Cape Town. bohus.no BOHUS ODDA Disse produktene har Tenderflame­

teknologi, flott design og er både miljø­ og allergivennlige.

nyhet

H 56 cm 4.999,- PLETTENBERG 180 peis Ø 50, H 41 cm 5.999,- SIGNAL HILL fakkel med spyd Ø 12, H 14 cm, spyd 130 cm 699,- PAARL bordlykt Ø 16, H 15 cm 999,-

13

Hjølloveien 1, 5750 Odda • T: 53 69 59 00 • 10-18 (10-15)

SIGNATURE COLLECTION SLEEPING 30 SKYLINE telykt/vaser i blå eller koks 7 cm (før 358,-) Nr. 190844 / 145689 15 cm 8 cm 75x200 cm NÅ 1.139 (før 1.899,-) Nr. 229791 90x200 cm NÅ 1.289 (før 2.149,-) Nr. 229798 120x200 cm NÅ 1.619 (før 2.699,-) (før 552,-) Nr. 190842 / 145686 TENDERFLAME lykter og peiser designet av Halvor Bakke, MgO skifer og stål svart MOSSEL BAY 90 peis Ø 40, Nr. 229799 20 cm (før 819,-) Nr. 190843 / 145683

46

I

teknologi, flott design og er både HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021 en Halvor har designet miljø­Bakke og allergivennlige. ny kolleksjon peiser og lykter for

H 56 cm 4.999,- PLETTENBERG 180 peis Ø 50, H 41 cm 5.999,- SIGNAL HILL fakkel med spyd Ø 12, H 14 cm, spyd 130 cm 699,- PAARL bordlykt Ø 16, H 15 cm 999,-

13

13 13


Se mer på bohus.no

VERONICA Nr. 239564 TOMAR grå NÅ 3.499,- (før 4.999,-) Nr. 2 NÅ 559,- (før 799,-)

-30%

Se mer på bohus.no

PÅ UTETEPPE SUNFLOWER, TOMAR OG VERONICA

QUEEN hagesett bestående av 2 regulerbare stoler og et bord, grå kunstrotting og lys beige puter Mål stol 79x66, H 103 cm, bord 49x49, H 40 cm 7.999,- Nr. 216412 VERONICA NÅ 1.679,- (før 2.399,-) Nr. 239564 TOMAR grå NÅ 3.499,- (før 4.999,-) Nr. 239557 SUNFLOWER uteteppe 160x230 NÅ 559,- (før 799,-) Nr. 231416

SCBYHB SPISEBORD

13.999

SCBYHB SPISEBORD

13.999

SCBYHB BOLZANO sofasett 311 (u/bord) i mørk grå aluminium og mørk grå puter Mål sofa: 200x74, H 65 cm, stol

sert stål, svart, 225x100, 73 cmSofabord 130x65, H 45 cm 1.999,- Nr. 237677 74x74, H 65 cm 12.499,Nr.H237681

-40%

SCBYHB SPISEBORD

13.999

SCBYHB SPISEBORD

PÅ SIGNATUR 13.999 COLLECTION SLEEPING

SQUARE utepeis i fi berleire svart 55x55, H 38,5 cm 1.799,- Nr. 237700 42x27, H 83 cm 1.999,- Nr. 237701

SCBYHB sert stål, svart, 225x100, H 73 cm

SIGNATUR COLLECTION SLEEPING 30

FRA

1139

SCBYHB ben i aluminium svart 13.999,- N

Nr. 216366

OVERMADRASSER

SCBYHB ben i aluminium svart 13.999,- Nr. 240231

Nr. 216366

SPAR

760

-40% PÅ SIGNATUR COLLECTION SLEEPING OVERMADRASSER

-30% PÅ SKYLINE SERIEN I BLÅ ELLER KOKS

SIGNATURE COLLECTION SLEEPING 30 SKYLINE telykt/vaser i blå eller k SIGNATURE modul stol i børstet kunstfl / 145689 15 cm Nr. 190844 8 cm 75x200 cm NÅ 1.139 (før 1.899,-) Nr. 229791 90x200 cm NÅ 1.289 (før 2.149,-) Nr. 229798 120x200 cmCOLLECTION NÅ 1.619 GARDEN (før 2.699,-) ett 62x86, H 66 cm 3.999,- Nr. 216543 Sofabord sett20 avcm 2 stk. MARIEL sofasett 311 m/spisbord med alu. ramme, mørk grå kunstfl ett og lys grå puter Mål 3seter sofa Nr. 229799 (før 819,-) Nr. 190 185x75, H 85 cm, spisebord 145x85, H 69 cm, sofastol 75x75, H 85 cm 12.999,- Nr. 243888 H 80 cm 4.299,- Nr. 243920 SPAR

SIGNATUR COLLECTION Putekasse 66x130, SLEEPING 30

FRA

1139 760 bohus.no

med alu.ramme og bordplate i spray stone glass Ø 100, H 45 cm/Ø 80, H 42 cm 4.999,- Nr. 216580

SKYLINE telykt/vaser i blå(10-15) eller koks 7 cm BOHUS ODDA Hjølloveien 1, 5750 Odda • T: 53 69 59 00 • 10-18

SIGNATURE COLLECTION SLEEPING 30 8 cm 75x200 cm NÅ 1.139 (før 1.899,-) Nr. 229791 90x200 cm NÅ 1.289 (før 2.149,-) Nr. 229798 120x200 cm NÅ 1.619 (før 2.699,-) Nr. 229799

(før 358,-) Nr. 190844 / 145689 15 cm (før 552,-) Nr. 190842 / 145686 20 cm (før 819,-) Nr. 190843 / 145683

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

47


Dette er den optimale tida å vitja Hardanger. Frå gamalt av var det og til "vaoren" at sideren var klar for prøvesmaking. Festen hadde ein liten sped start i 2019, men vert arrangert for fyrste gang i fullskal no i 2021. Festen startar onsdag 5. mai med to fagdagar for bransjen. 7. – 8. mai vert det publikumsdagar. Siderfesten vert arrangert ute på sidergardane i Sørfjorden, og i lokala til det nedlagde Odda Smelteverk, i fabrikkhallen Lindehuset og i Sentralbadet Litteraturhuset. Smelteverkstomta er ein spennande stad som står i ein herleg kontrast til fruktgardane. Ein million liter sider Norsk sider opplever ein solid opptur for tida langt ut over lande- grensene. I november 2019 vart norske siderprodusentar heidra med ni internasjonale medaljer under den internasjonale siderkonkurransen i San Sebastian. Målet for siderbøndene i Hardanger er å etablera Hardanger som ei merkevare på linje med Champagne.

Velkomen til Hardanger Internasjonale Siderfest!

Det er nok slett ikkje tilfeldig at denne etterlengta festen kjem i mai, då Hardanger er på sitt aller finaste. Fjella med kvite toppar speglar seg i den blanke fjorden. Bakkane er blitt grøne og fruktblomen funklar som sølv på bunaden.

Innan 2025 er målet å produsera 1 million liter sider i Hardanger. Målet med Hardanger Internasjonale Siderfest er å spreie kunnskap og auka kjennskapen til sider frå Hardanger, slik at sideren vert enno meir synleg, fortel Ingerid Wembstad frå Matarena som er prosjektleiar for festivalen.

FOTO: STORE NAA

FOTO: ØISTEIN HARA

FOTO: GUNN GRAVDAL ELTON

Vi har allerede Siderfestivalen i Hardanger, som vert arrangert i Øystese kvar haust, Sidersleppet i Ulvik som arrangeres kvar vår og vi har Norsk siderfestival i Bergen om hausten. Vi har tenkt at vi skal byggja opp ein fest som skal vara i generasjonar. Vi har store vyer, og steinane vi no set på plass skal vara lenge, seier Olav Bleie frå feststyret, som fortel om fest og planar saman med styreleiar Øyvind Stueland og nestleiar Kjetil Raaen Widding. Som ynskjer alle velkomne til Odda og Sørfjorden for gilde opplevingar. Smaka på sider, god mat, lokal kultur og spennande musikk.

PROGRAM 5. - 8. MAI 2021 FOTO: HARDANGERGUTANE

5. - 6. mai: Fagdagar for Horeca-bransjen og siderprodusentar

siderfest.no 48

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

7. - 8. mai: Publikumsdagar Fredag 7. mai: Sidersafari til sidergardane ved fjorden Fredag 7. mai: 4 retters middag i Tyssedal Kraftstasjon kl. 19. 30 - 24.00 Laurdag 8. mai: Den store siderfesten i Lindehuset og Sentralbadet Litteraturhuset i Odda


SIDERKLYNGJA PRESENTERAR

Møt dei som foredlar dråpane heime på gardane, sjå heimesida og møt folk bak godsaker frå Hardanger.

Velkomen til Taste Hardanger! Taste Hardanger er eit prosjekt fremja av Siderklynga Hardanger. Me har samla informasjon om produsentar, aktivitetar og opplevingar knytt til frukt og sider. Taste Hardanger er ein informasjons- og bookingkanal for sider- og fruktopplevingar i Hardanger. Gjennom dei siste åra har talet på siderprodusentar og vidareforedlarar av epler skote fart. Fleire har oppdaga det store mangfaldet og den høge kvaliteten på sidaren. Taste Hardanger er den perfekte

Vi må spela kvarandre gode, slik at folk gjerne blir her ei veke, og gjerne kjem att. I fjor opplevde vi at nordmenn var fantastisk kjekke turistar å få på besøk. Dei visste alt mykje omsider og det var givande å fortelja meir, seier Olav Bleie.

stad for å bli oppdatert på kva som skjer i siderverda i Hardanger. Du vil snart sjå at du ikkje treng å reisa til vingardar på kontinentet. I Hardanger får du servert eit reiselivsprodukt i verdsklasse. Taste Hardanger gjeld heile Hardanger, med Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. Vi vil byggja heilskapen, merkevara Hardanger. I tillegg vil vi gjerne utvikla ein god link mot Rosendal og Sunnhordland, seier Kjetil Raaen Widding, dagleg leiar av siderklynga i Hardanger.

Sidersafari i Sørfjorden Frå 10. mai til ut august kan du dra på sidersafari, eit heilt unikt fjordcruise på Sørfjorden med besøk på sidergardar. Velkomen til å smake på Hardanger!

FOTO: SVERRE HJØRNEVIK FOTO: ØYSTEIN GRUTLE HAARA

FOTO: ØYSTEIN GRUTLE HAARA

FOTO: UTNE HOTEL

FOTO: ØYSTEIN GRUTLE HAARA

tastehardanger.com

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

49


Ei dør er ikkje berre ei plate med hengsler og lås på. Dører skal tilfredsstilla haugevis med krav. Det er krav om branntryggleik, lydreduksjon, røyktettleik, rømming, automatisk opning, automatisk lukking, samt utsjånad/design. Nokre dører skal vera høge, andre breie. Nokon skal vera spesielle og andre heilt vanlege. Uansett, så er det stor skilnad på ei skikkelg dør – og ei simpel "pappdør."

Midt i Skånevik, litt trekt attende, litt oppe i bygda ligg Knudsen Dørfabrikk. Ikkje sikkert du har observert fabrikken om du berre hastar på land frå ferja. Sidan 1946 har Knudsen Dørfabrikk produsert dører til private hus og til kontorbygg. Det var Ragnar Knudsen, bestefar til dagleg leiar i dag, som starta fabrikken. Frå 1988 til 2007 var det Eivind, son til Ragnar som leia bedrifta. Roar Knudsen har vore leiar sidan 2007, og er i dag leiar for ei bedrift i solid framgong. Når fabrikken i desse dagar rundar 75 år, ser framtida for dei neste 75 ljos ut. Sjølv om vi står midt i ein pandemi, så vonar eg at vi skal få til noko gøy i løpet av året, seier Roar. Den joviale leiaren har både ambisjonar og er visjonær om framtida. Han er oppteken av å byggja ei berekraftig verksemd og rekruttera flinke folk til å vera med på å utvikla bedrifta. Vi sel veldig bra, seier Roar. Vi tilsette nett fyrste dama i produksjonen sidan 80-talet. 50

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Vi har og ein nytilsett mann. Snart skal den tredje nye få jobb hos oss. Vi ynskjer å vera ei bedrift for begge kjønn. Har litt svulstige mål om å nå FN sine berkraftsmål når det gjeld likestilling. Vi har 17 tilsette i dag, tre er kvinner. Så vi har ein veg å gå men vi er målretta mot kvar vi vil. Vi oppmodar begge kjønn om å søkja på jobb hos oss, men kvoterer ikkje. Vi tilset alltid den vi trur mest på. Knudsen Dørfabrikk har investert i ny monteringsavdeling i fabrikken, eit anlegg som er i ferd med å bli installert i desse dagar. Anlegget skal vera i produksjon i løpet av april. I arbeidet med å rigga oss for framtida er investeringa gjort for å auka kapasiteten, samt for å fjerna alle tunge løft for dei tilsette. Fabrikken har nyleg også investert i oppgradering av lakkanlegget, for å betra kapasitet og kvalitet – og leggja til rette for den beste HMS for våre tilsette, som i dag kjem frå Skånevik og Etne, samt Utåker og Husnes i Kvinnherad Kommune.

Knudsen Dørfabrikk produserer og sel dører på to heilt ulike frontar. Salet til privat sektor føregår mykje over ulike sosiale flater, der private finn våre tilbod på dører utan lister, som passar perfekt i moderne bustader. Når det gjeld yrkesbygg så skjer marknadsføring og sal på heilt andre vilkår. Her driv vi med oppsøkjande verksemd mot interessante firma. Slik finn vi gjennom dialog svaret på om vi kan ha eit rikt samarbeidspotensiale. Heilt ulike typar kundar – og ulik produksjon, noko som gjer det heile meir interessant. I tillegg så gjev det oss to bein å stå på. Vi ynskjer å vera ein god leverandør, som er flink på det vi tilbyr. I tillegg er vi svært obs på å rydda opp etter oss om noko går feil. Med tanke på framtida ser vi mot utvikling som vil gjera oss betre og interessante for folk vi etterspør. Vi meinar trivsel er viktig, å ha eit omdøme som er bra, eit godt rykte vil vera attraktivt for dei folka vi etterspør. Difor planlegg vi no ny kantine og nye fellesrom.


4

Vi planlegg 8 – 10 år fram i tid, med utvikling av produkt, system, økonomisk vekst og investeringar. Knudsen Dørfabrikk ynskjer å tilsetja ambisiøse folk i tråd med dette. Vi jobbar heile tida med utfordringar og forbetringar. Noko som vi vurderer er nøkkel til suksess. Vi jobbar aldri ei heil veke med "berre" å produsera.

Knudsen Dørfabrikk har nyleg gjennomført eit prosjekt som var delfinansiert av Inovasjon Norge. Dette handla om innføring av LEAN som arbeidsverktøy i heile bedrifta. SINTEF bidrog med kompetanse, og engasjementet var stort. Vi har fått enno betre orden og struktur, og arbeidar no på ein annan måte enn før. Vi ynskjer å gi dei tilsette meir makt i arbeidet med å få til forbetringar. Vi har i dag tre ulike team i sving med å utøva større inflytelse på framtida sine prosessar. I eit anna prosjekt som er delfinansiert

av Inovasjon Norge ser vi på utvikling av smartare innedørar. Vi skal jobba med dette over eit par år, og det inneheld mange aspekt. Ein del av dette vil vera å presentera dørane i 3D-modellar, slik at byggherre/entreprenør kan sjå produktet før bygging. Knudsen Dørfabrikk ser på ei spennande framtid, der vi saman med våre tilsette ynskjer å utvikla oss på alle områder. Det skal vera interessant og kjekt å jobba hos oss, seier dagleg leiar Roar Knudsen.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

51


Sjusete Skisenter er plassert på på 310 moh. mellom dei to bygdene Norheimsund og Øystese.

• • • •

Sjusete Skisenter er ein langrennsarena med komplett skiskytaranlegg med 22 blinkar. Lypenettet har både ljosløyper, treningsløyper og turløyper. Lysløypa har sløyver på 1 km, 1,8 km, 3 km og 5 km. Turløypene er: Allkleiv på 6,1 km, Kjosåsløypa på 4,9 km og Nystølsløypa på 7,6 km.

Sjusete Skisenter er heimearena for klubben Kvam Langrenn og Skiskytter klubb (Kvam LSK). Anlegget vert I tillegg flittig nytta av både bygdafolk og andre frå regionen. Både Sjusete Skisenter og Kvam LSK er frivillige lag og organisasjonar. Inntektskjeldene er sal av løype- og parkeringskort (Dagsparkering 100 kr og sesongkort 1000 kr). Sponsorinntekter er den andre store inntektskjelda. -Me er svært takksame for all økonomsisk støtte frå våre sponsorar, seier Jan Tore Tveit. Utan desse viktige samarbeidspartnerane på laget, hadde me ikkje kunna utvikla Sjusete til det området er blitt i dag. Skihytta var det første bygget som vart sett opp, den stod ferdig rundt år 2000. Etter skihytta er det kome mange bygg på Sjusete. Grindabygg på stadion, fleire bygg og tribune på skiskytararenaen, garasje for

Sjusete Skisenter er leiar Jan Tore Tveit og 3 styremedlemer, Eivind Dyrøy, Lars Hogne Berge og Sjurd Eknes.

52

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

trakkemaskin og anna utstyr. I 2019/2020 sesongen var nytt minirenseanlegg innstallert og nye vassklosett både i Skihytta og på skiskytararenaen kunne opnast. Dette var eit stort løft for heile anlegget. Dugnadsviljen på Sjusete er veldig god. Men utan Geir Børve, Sigve Mo og Leif Mo hadde nok ikkje skiskytararenaen stått fram slik den gjer i dag. Dei har stått på både seint og tidlig heilt frå starten til anlegget I dag står ferdig som eit av dei flottaste I Hordaland Skikrets. Til årets sesong var ei splitter ny trakkemaskin på plass, dette er ei invistering på rundt 2.5 mill. Utan gode sponsorar hadde heller ikkje denne investeringa vore mogleg. Ei spesiell takk til Sparebanken Vest, Lingalaks og Botnen Etreprenør som løyvde ekstra midlar til maskina og såleis sikra seg permanent reklameplass på det nye gliset, seier Jan Tore. Me vil fortsetja utvikling av anlegget på Sjusete inn i framtida. Hovudfokus dei neste åra vert utvikling og vedlikehald av løypenett, komplett skilting av løyper med lengder og høgdeprofilar, vedlikehald av skihytte og bygningar elles. Me ynskjer å få til sommaraktivitetar som gjer anlegget meir populært sommarstid. Sykkelløyper, hinder/klatreløyper er døme på

Kvam LSK er leiar Frode Måkestad, Silje Laupsa Mo, Elisabet Aarekol, Sara Marie Klyve. Felles kasserer Tore Dolvik.

aktivitetar som er aktuelt å utvikla framover. Sesongen 2020/2021 har vore svært god med flotte stabile forhold som brått tok slutt då me fekk regn og mange plussgrader. Håpet er at vinteren kjem attende med litt påfyll av snø, slik at me får fine forhold til påske. Ein vanleg skisesong på Sjusete går frå rundt juletider til etter påske, men me har også hatt gode skiforhold frå midten av oktober, sjølv om dette kanskje er unntaket. Dei to siste sesongane på Sjusete har også våre påvirka av Corona. Sjølve anlegget og løypenett har vore ope heile tida, men renn, trening og skileiksaktivitetar har vore negativt påvirka. Det er ein fare for at pandemien vil påvirka rekrutering og interesse framover, men me vil gjera så godt me kan for å auka aktiviteten att når tilhøva tilseier det, seier ein positive og optimistisk leiar for skisenteret på Sjusete. Ein oase for skiglede, som kvemmingane har god grunn til å vera stolte over.


ww

w.t e

cn

o.n

o

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

53


PÅSKE KONKURRANSEN OVERNATTING FOR TO I SUITE PÅ EIT AV HOTELLA TIL SCANDIC I BERGEN!

Billettar til "Kvinner på randen".

I Hardangerfjordmagasinet prøver vi etter beste evne å laga små kosestunder for lesarane våre. Vi vonar at du i dette magasinet finn mykje interessant, og masse kjekk lesnad å kosa deg med. Litt påskekonkurranse må vi ha. Vår gode samarbeidspartnar i Bergen stiller med suite og show til underhaldning. Ei oppleving du seint vil gløyma, seier vi. Tidlegare vinnarar har fortalt at dei hadde gledd seg masse og hadde store forventingar, likevel vart helga i Bergen enno betre. Det likar vi å høyra, og legg alt vi kan i potten for at du som vinn skal få ei oppleving litt utanom det vanlege.

Lukke til, kos deg! Vi ynskjer deg God påske og ein vakker vår. Helsing redaksjonen

54

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Vi har gøymt nokre søte små påskekyllingar i magasinet. Skal du vera med i jakta på kosehelg i Bergen, må du finna alle dei små søte. I svaret må du ha rett tal på kyllingar, og kva sidetal du fann dei på. Svaret ditt må vi ha innan 17. mai og du må senda svaret på e-post til sigurd@vikorenmedia.no.


Kvinner på randen!

Den som ventar på noko godt, venter ikkje forgjeves, heiter i eit gamalt ordtak. Når "kvinner på randen" no er på veg attende for full musikk, er dette ordtaket den fyrste tanken som slår meg.

Dersom eg hevdar at dette har eg tenkt på kvar dag i dei 15 åra som har gått sidan sist vi var saman med kvinnene, er det kanskje å dra strikken litt langt. Likevel er eg ikkje eit sekund i tvil om at dette er godt nytt for svært mange av lesarane våre. Dette vil mange gleda seg til, for kven hugsar ikkje dei sveisne bergens-damene sine spillopper. Til hausten blir det røyndom , 2. september er det premiere på nytt show og så heldt vi det gåande ut heile hausten, seier Kjersti Berge. Ho er heime hos meg, på teams då må vita slik tida er om dagen, for å snakka om at kvinnene på randen, igjen har funne saman, funne melodien og kjemien. Koronaen har gitt oss mange utfordringar, ikkje minst i kulturlivet. Det var krise for Ole Bull Scene i Bergen og kvinnene vart

samde om at dei ville stilla opp for å gjera ein innsats for denne kulturinstitusjonen, og hadde såleis sommaren 2020 fire konsertar. Det gjekk ikkje lang tid før vi kjente at den gamle kjemien låg på lur og vi merka snart at dette var kjekt. Det gamle samspelet som bygger på kjemi og at vi forstår kvarandre, dukka opp og gjorde dette til ei svært god oppleving for oss alle tre. For å gjera ein lang historie kort, så avlyste eller sette vi på vent alle planane og jobbane vi hadde, for å gjera dette showet saman til hausten. Vi har jubileum, det er 25 år sidan vi begynte, og det er 15 år sidan vi gjekk kvar vår veg. Då har vi opptrett saman i 10 år. Fortenar litt fest dette til hausten, saman med vårt kjære publikum!

Til det nye showet har vi grove fram gamalt stoff heilt frå starten i 1996, på den Stundesløse. Det blir innslag i god gamal kvinner på randen stil, men og nytt materiell. Du er hjarteleg velkomen, seier Kjersti, som kjenner godt området rundt Hardangerfjorden. Gift med ein frå Sveio midt i leio. Saman går dei kvar sommar på fjellturar i Rosendal. Sjølv stammar dama frå Strandebarm. Vi gler oss enormt, og vonar fru Fortuna og alle andre gode krefter bidrar, slik at vi kan samla folk til gledesstunder på Ole Bull Scene. Vi vonar å sjå mange av lesarane til Hardangerfjordmagasinet i Bergen til hausten.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

55


OPPLEV KURT NILSENES SISTE JULETURNÉ MARIT VOLDSÆTER

ELISABETH MOBERG

 KJERSTI BERGE

25-ÅRS JUBILEUMSSHOW

GRIEGHALLEN 18. – 22. DESEMBER

OLE BULL SCENE 2. SEPTEMBER – 13. NOVEMBER

GRIEGHALLEN 25. SEPTEMBER

SHOW & HOTELL FRA KR 1300*

* PR PERSON I DOBBELTROM FOR 1 NATT INKL. FROKOST OG BILLETT PREMIERE 15. SEPTEMBER – FORUM SCENE

BESTILL FULL PAKKE TIL HØSTEN! De beste billettene og hotellovernatting i Bergen 56

I

Firmatur eller julebord? showpakker.no/bedriftspakke HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020


QUIZ SVAR PÅ QUIZ'EN

1. Hertha Berlin 2. Hallingdal 3. 50-øringen 4. Ein el-gitar 5. Deuce 6. Tsjekkoslovakia 7. Sao Paulo 8. Middelhavet 9. Ulv, bjørn, jerv og gaupe 10. Commodus 11. Kosher 12. Edvard Munch 13. Puslespel 14. Cardiff City 15. Moderaterna 16. Fetaost 17. Dagsnytt atten 18. Fiat 19. Anita Skorgan 20. Håkon Brusveen 21. "New deal" 22. Jon Fosse 23. Bondepartiet 24. Sinai 25. Istanbul 26. Store bjørn

27. "Den hvite by ved Mjøsa" 28. Ola By Rise eldst (33 år) – Sigurd Rushfeldt yngst (21 år) 29. Det kvite hus 30. "Old firm" 31. Hillary Clinton 32. 1972 og 1994 33. Oscar Wilde 34. Milano-Sanremo 35. Grand Theft Auto (GTA) 36. Tintin 37. Gjermund Eggen 38. Håkjerring 39. Katamaran 40. November 41. Yggdrasil 42. Oscarsborg 43. Inge Lønning 44. Lianer 45. Preposisjonar 46. Amnesia 47. Mykologi 48. Engelsk vals og wienervals 49. Immanuel Kant 50. How i Met Your Mother

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

57


FOTO: VISIT HARDANGERFJORD

58

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


Vatn

di!

v n i s e r te

Korleis skal vi verdsetja vatn, synleggjera vatnet sin verdi? Korleis skal eg skriva innleiing til presentasjon av verksemder som brukar vatn som ein viktig del i å skapa sine produkt.

Produkt som er grunnlaget for næringa, jobbar, økonomi? Kva hadde vi vore utan vatn? Svaret er truleg at vi ikkje hadde vore. Vi tenkjer kanskje lett på vatnet som plagsamt. Det regnar for mykje, flaumen plagar oss, springflo og katastrofer med sunami. Slike hendingar kan vi langt på veg læra oss å takle. Det blir langt større utfordringar dersom vi plutselig skulle stå utan vatn. Det er eigentleg heilt utenkeleg. Vatn er kjelda til liv i dei fleste variantar.

I Norge brukar vi omlag 250 liter kvar person i eit døgn. Det delar seg omlag slik: 10 liter til mat og drikke, 70 liter til personleg hygiene, 40 liter til oppvask og 30 liter til vasking av klær, 40 liter til WC og 10 liter til diverse. Kanskje den beste innleiinga om vatnet sin verdi er heilt enkel. Tenk sjølv kva vatnet betyr for deg. Kva prosessar der vatn er ein viktig del? Mange er flinke med vatn, møt nokre av dei som skapar verdiar!

Det kjende bandet VAMP syng: Jeg vil være det rolige regn Som faller når min elskede har glemt sin paraply Jeg vil være den heldige dråpen Som renner langs hennes nese Jeg vil være den skålen med vann Hun samler i sine hender Jeg vil tromme mot ruten i rommet Hvor hun skal sove i kveld Jeg vil være det rolige regn Som ingen er redd å gå ut i Jeg vil tenne trærnes kroner Og lage dammer til lekne barn Jeg vil være det rolig regn Som får min elskede til å sove Så vil jeg ståpå skrå gjennom drømmen Som en søyle av stigende sol

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

59


FERSKVATN TIL HEILE VERDA FRÅ KVINNHERAD Det verkar opplagt at ferskvatn vil bli ein meir og meir etterpurt ressurs framover. Ein betydeleg befolkningsauke på verdsbasis siste tiåra, i kombinasjon med ein reduksjon i tilgang på reint ferskvatn globalt, underbygger dette. 97% av alt vatn på jorda er saltvatn og det vil tilsynelatande vera naturleg å sjå på dette for å dekka behovet for ferskvatn. Dette finn ein kjapt med ein liten kikk på Wikipedia. I Høylandsbygd, på den vakre øya Halsnøy i Kvinnerad kommune, har ein lange maritime tradisjonar med skipsbygging og rederi-virksomhet, samt ulike tenester- og produkt for maritim- og offshore næring. Eide familien har stått svært sentralt i dette og etablerte blant anna i 1995 selskapet Eide Marine Tech, som ein leverandør av ymse utstyr til denne næringa. Sidan 2013 har ein primært satsa på Norwater omvendt osmose anlegg (system for å omdanna sjøvatn til ferskvatn) og endra då og firmanavn til Norwater AS. Omvendt osmose er ein viden kjent teknologi som såg dagens lys rundt 1950. Enkelt framstilt blir sjøvatnet med trykk på rundt 65 bar ført frå pumpe inn i membranar (finfiltrering). Kombinasjonen av trykk og filtreringsgrad gjer at salt-molekyla i sjøvatnet ikkje kjem gjennom i denne prosessen. Vatnet som kjem gjennom må i neste omgang tilsetjast mineraler for å kunna nyttast som drikkevatn.

60

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Norwater har og merka det auka behovet for ferskvatn. I starten leverte ein mindre anlegg med kapasitet til å produsera mellom 5-100 m3 pr døger. Markedet var skip og oljeplattformar og vatnet som vart produsert vart i hovudsak nytta som drikkevatn. Andre formål kan til dømes vera reingjering av tankar om bord eller reingjering av dekk for å motverka korrosjon. Seinare år har anlegga blitt veldig mykje større, der det største Norwater har levert er på heile 16,800 m3/døger. Det er i hovudsak brønnbåtar som etterspør større anlegg til sjøs. Her brukar ein store mengder ferskvatn for å bekjempa lakselus og gjellesjukdom hos laks. Dette har bidrege sterkt til at Norwater har vakse. Sidan 2013 er omsetnaden tredobla med ei akseptabel lønsemd. Antal ansatte har naturleg auka og er nær dobla over same periode. Framover ser Norwater nye og spanande marked innan ulike prosessar tilknytt landbasert oppdrett (RAS anlegg, smolt

anlegg, etc). Om ein ligg ved sjø og har begrensa tilgang på ferskvatn, så kan omvendt osmose vera eit strålande alternativ for å løysa dette behovet. Vidare vil det vera områder i verden der ferskvatn er ein knapp ressurs. Tilgong på sjøvatn og elektrisitet vil gjera det mogeleg å produsera ferskvatn med eit osmoseanlegg. Gjerne frå Kvinnherad i Norge. Med ambisjon om vidare vekst vil Norwater i framtida trenga påfyll av ressursar og kompetanse. Mest interessant kompetanse i så måte vil vera knytt til automasjon, prosessteknologi, kjemikalier og akvakultur. Norwater hadde 25 års jubileum i 2020 og selskapet passerte 100 millionar i omsetnad for fyrste gong i 2019.


norwater.no

ARKIVFOTO: JONN KARL SÆTRE

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

61


62

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


Eide Fjordbruk sin logo og firmanamn har dukka opp i mange samanhengar og i aukande grad, difor ville vi gjerne finna ut av kven dette er og kva dei tenkjer om laks og fjord, om matproduksjon og i det heile. FOTO: ANDERS BERLAND

FISK – FOLK – FJORD – FRAMTID skriv Eide Fjordbruk om på si heimeside FISK I tre generasjonar har me i Eide produsert kvalitetsmat i vestnorske fjordar. Me er sikre på at fisk som har det bra, er fisk som også smakar godt. FOLK Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk. FJORD Me ser det som vår oppgåve å bidra til langsiktig og berekraftig utvikling av lokalmiljøet, både for folk, fisk og natur. FRAMTID Naturen, hardtarbeidande menneske og teknologisk innovasjon har brakt oss dit me er i dag. Og, det er dette som skal ta oss inn i framtida.

Sondre Eide er tredje generasjon fiskeoppdrettar, og dagleg leiar som har klare meiningar om mykje kring matproduksjon av fisk, lukka anlegg, om å spela på lag med villfisken og gode synergieffektar med lokale aktørar inn i framtida. Han er dagleg leiar i eit selskap som er på veg til å få på plass det spektakulære visingssenteret Salmon Eye i fjorden utanfor Snilstveitøy og Rosendal. Eide Fjordbruk samarbeidar med Kvinnherad kommune og BKK om ladestasjon for landstraum til maritim sektor. I tillegg er Eide Fjordbruk ein av dei som etablerer Ænes Inkubator, saman med to andre lokale aktørar, Tombre Fiskeanlegg og Lingalaks. Hardangerfjorden har stort potensiale med gode naturgjevne forhold for oppdrett av laks, og Eide Fjordbruk vart i 2020 sertifisert som verdas fyrste karbonnøytrale lakseoppdrettar. Laksen er svært energieffektiv, seier Sondre og presiserer at produksjon av oppdrettslaks gir lågare CO2-utslepp enn det aller meste av annan kjøttproduksjon. Størsteparten av CO2-utsleppa knytt til produksjon av oppdrettslaks er relatert til verdikjeda i fôrproduksjonen. På dette området må ein jobbe for å senke miljøavtrykket enda meir. Matproduksjon i sjø må i framtida vera integrert og berekraftig. I framtida må vi spela på lag og sjå etter synergieffektar. Eg er sikker på at til dømes slam frå smoltproduksjonen på Ænes i framtida vil vere god gjødsel for landbruket. I delar av verda er det også svært intensiv landbruksdrift og mange stader er matjorda i ferd med å verte utarma. Kanskje kan slam frå matproduksjon i sjø i framtida bli ein viktig ressurs for å ivareta viktig matjord på land. I havbruk har vi til no produsert i opne merdar. Vi har no søkt om lokalitetar for to nye lukka anlegg i Hardangerfjorden.

Lukka anlegg flytande i sjø trur vi vil vere ein viktig del av framtidas produksjon i fjordane og langs kysten. Å flytta produksjonen av matfisk på land til landbaserte anlegg vil vere mykje meir kostbart enn lukka anlegg i sjø. Matfiskproduksjon på land krev eit høgare energiforbruk og vil vere omfattande naturinngep i strandsona. Eit lukka anlegg på sjø er tross alt eit reversibelt tiltak som ein kan ryddast vekk utan å setje varige spor. I lukka anlegg flytande på sjø kan vi også dra fordel av dei naturgitte positive forholda vi har, ikkje minst gjeld dette i Hardangerfjorden. Fisk som må ha ferskvatn, som smoltproduksjon, kan vera på land, det er vel naturleg. Men å bandleggja store areal i strandsona for produksjon av matfisk på land er heilt urealistisk, seier Sondre Eide, meir enn middels engasjert. Det er ingen logikk i å ha desse oppdrettsanlegga på land her i Norge. Slike anlegg er kanskje meir logisk i andre delar av verda der laksen ikkje har så gode naturgitte forhold som her i Norge. Oppdrettsbransjen må samarbeida med villfiskinteressene og villaksen. Villaksen er sjølve dokumentasjonen på at laks frå nærmiljøet vårt og kysten vår er rett fisk på rett plass. Dersom vi gjer dette på ein rett og berekraftig måte, vil det tena oss alle. Eg ser på utvikling av synergiar for framtida, det er berre våre eigen tanke som set grenser for kva som kan utviklast. Mat frå Hardanger, laks frå Hardangerfjorden. Det høyrest ut som ein framtidsretta El-bil frå Mercedes, avsluttar Sondre. Framtida treng mat, framtida treng laks, og at vi finn gode løysingar på samarbeid i lokalmiljøet. HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

63


ELEKTRISK KRAFTFORSYNING

Magne Heimvik er oppvaksen i Matre, hit flytta han då han var 6 år. Etter gjennomført utdanning på NTH i Trondheim, gjekk turen til Oslo i 1981. Her var Magne Heimvik fire år i konsulentbransjen og Oslo Lysverker, til familien flytta til Stord i 1985. Magne Heimvik har hatt ulike stillingar i SKL innan nett, produksjon og administrasjon. Han var adm. direktør i heile 20 år, frå desember 1997 til og med 2017, då han gjekk av med pensjon.

EIGENSKAP Nokre stikkord: • Elektrisk kraft er noko vi tar for gitt. Det er kanskje den viktigaste infrastrukturen vi har. • Har du tenkt over kva unik eigenskap elektrisk kraft har? Den er til stades i den augneblinken du treng den – og i den mengda du treng. • Elektrisk kraft må brukast i den augneblinken den vert produsert (med mindre ein brukar den til å lada batteri).

Som pensjonist prøver Magne Heimvik å halda seg aktiv. Han er for tida styreleiar i BKK Nett og Fossberg Kraft. Han er sjølvsagt vel kvalifisert til å gi oss ei innføring i korleis straumen sin veg frå fossen til stikkontakten er:

AKTØRAR Innan kraftforsyninga er i det tre aktørar – produksjon, overføring og omsetning. PRODUKSJON • I dag står over 1600 vasskraftverk for 90 prosent av den samla norske kraftproduksjonen på 153 TWh. • Vindkraftverk står i all hovudsak for den resterande produksjonen. • Eit særtrekk for den norske vasskrafta er moglegheita til å lagra energi. Norge har halvparten av Europas magasinkapasitet og over 75 prosent av den norske produksjonskapasiteten er regulerbar. • Vasskraft er ein evigvarande fornybar ressurs, og ved sidan av vind den mest miljøvennlege. • Utbygging av vasskraft krev inngrep i naturen og av den grunn har det vore og vil vera diskusjonar rundt utbyggingar. • Statkraft er klart den største norske aktøren og den største vasskraftprodusenten i Europa. • Omlag 90 prosent av norsk vasskraft er offentleg eigd av staten, fylkeskommunar og kommunar. OVERFØRING • Det er tre ulike nettnivå – transmisjonsnettet, regionalnettet og distribusjonsnettet. • Transmisjon og distribusjon av elektrisk kraft er eit naturleg monopol. • Transmisjonsnettet bind saman store produsentar og forbrukarar i eit landsdekkande system, samt samband til 64

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

utlandet. Spenningsnivået er normalt på 300 kV til 420 kV. Statnett er eigar. Regionalnettet bind ofte saman transmisjonsnettet og distribusjonsnettet. Spenningsnivået er 33 kV til 132 kV. Dette nettet er i all hovudsak eigd av regionale kraftselskap. Distribusjonsnettet sørger for distribusjon til mindre sluttbrukarar. Spenningsnivået er opp til 22 kV og er eigd av lokale eller regionale kraftselskap.

OMSETNING • I Norge har vi marknadsbasert omsetning av kraft. • Dette skjer via ein kraftbørs – NordPool. • Norge er ein del av ein felles europeisk kraftmarknad. • Norge har for tida eit kraftoverskot. • Produsentane sel normalt produksjonen sin til NordPool. Ein del større forbrukarar(industri) kjøper direkte frå kraftprodusenten. • Omsetningsselskapa kjøper kraft frå NordPool og sel den vidare til forbrukarane. UTVIKLINGSTREKK PRODUKSJON • Det er avgrensa moglegheiter for meir norsk vasskraftutbygging. Det vil i all hovudsak vera opprusting og utviding av eksisterande anlegg og ny småkraftproduksjon. • Vindkraft på land er kontroversielt og det vil neppe bli noko stor utbygging i tida framover. • Det vert no satsa på havvind. Her er

det stort potensiale, men er relativt kostbart. Kan heller ikkje sjå bort frå konfliktar med fiskerinæringa. Det vert arbeidd med å få fram hydrogenbasert produksjon. Eg trur dette vil gi resultat.

OVERFØRING • Overføringskapasitet er i dag allereie eit problem fleire stader i landet. Dette vil bli ytterlegare forsterka etterkvart som elektrifiseringa aukar. • Det vil bli behov for nytt nett, spesielt transmisjonsnett. • Nettkostnadene vil auka. • Det vil bli utfordrande å byggja nytt nett grunna inngrep i naturen. • Det vil bli satsa meir på teknologi for styring av forbruket i nettet – dette for å redusera nybygging og styra lokal produksjon. OMSETNING • Norge vil innan få år ha eit kraftunderskot. • Vi blir meir avhengig av import. • Meir import og meir uregulert produksjon (Vind, sol,..) vil gi større prisvariasjonar, og gjennomgåande høgare prisar? • Det vil bli nye omsetningsløysingar – vil omsetningselskapa bli overflødige? • Vi vil få meir lokale løyningar med solceller, batteribank, m.v.


Totalleverandør av utstyr og tenester til utbygging og drift av småkraftverk.

Energi Teknikk tilbyr komplette kraftverk med eigenproduserte turbinar og kontrollsystem. Selskapet har også eiga serviceavdeling for oppgradering og vedlikehald av småkraftverk. Energi Teknikk har 24 timars vakttelefon-ordning, inkludert fjerndiagnose på kontrollsystem. Selskapet er godkjent som leverandør til energi-bransjen gjennom kvalifikasjonssystemet Sellicha. Det skjer mykje hos Energi Teknikk om dagen. No godt etablert i Fonnafjord Næringspark, konstaterer dagleg leiar Arild Klette Steinsvik at interessa er stor mellom mange for å delta og spela ei rolle i det grøne skiftet. Difor opplever vi god tilgang på kapital til å finansiera prosjekt, seier Steinsvik Energi Teknikk er langt nede i verdikjeda, som den som produserer og leverer utstyr til dei som skal laga straumen og distribuera den ut på linjenettet, slik at du og eg får han i stikkontakten vår.

Energi Teknikk har no drive i 23 år, etablert i 2008, og bedrifta har hatt jamn vekst og bygd kompetanse over tid. Resultatet av dette vart i 2019 toppa med at vi var eit av fem selskap i Kvinnherad på Gaselle-lista. I 2020 passerte vi 200 millionar i omsetning og har såleis etter kvart ei betydeleg verdiskaping i regionen vår. I tillegg til våre eigne 24 tilsette, brukar vi og fleire lokale underleverandører, både entreprenør, elektrofirma, transport og maskinering. Nokre element er vi ikkje konkurransedyktige på i Noreg, difor har vi ein stor fabrikk i Serbia som lagar turbinar og andre stålkomponentar for oss. I tillegg får vi utført ein del maskinering i Tsjekkia. I Energi Teknikk har vi prosjektering, konstruksjon og prosjektleiing og passar på at alt blir rett koordinert. Sjølv om nokre komponentar kjem frå utlandet brukar vi så mange lokale leverandørar vi kan. Dei leverer det beste og er med å held oppe Energi Teknikk sitt gode omdømme hos dei som kjøper våre tenester. Noko vi er heilt avhengig av. Sidan vi i førre månad

signerte vår turbin nr. 200 gler vi oss mykje over at dette har vi lukkast med. Energi Teknikk er noko heilt anna i dag enn for 10 år sidan, for ikkje å snakka om for 20 år sidan. I dag blir det stilt store krav til oss som leverandør. Kvalitet i produkta, feilfri gjennomføring og relevant dokumentasjon er avgjerande faktorar for å lukkast. Då kan vi håpe på å vera langt framme i køen hos dei som kjøper våre tenester neste gang dei skal handla. Vi synest det er stor stas når lokale aktørar som SKL brukar oss. Vi har to prosjekt for dei i desse dagar. Vi skal og gi tilbod til BKK på ei rehabilitering av ein kraftstasjon frå 50-talet. Fornying av gamle kraftverk er ein marknad som vert spennande for oss i åra som kjem. Hos Energi Teknikk trur vi at ungdom i framtida vil finna spennande jobbar innan fleire ulike fag hos oss, inn i ei stadig grønare framtid, sluttar Steinsvik, som ser svært positivt på framtida.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

65


FOTO: TOM HAGA

FOTO: TOM HAGA

BORING OG SPRENGING ER NAUDSYNT FOR Å FÅ VATNET FRAM TIL KRAFTSTASJONEN (LØKJELSVATN KRAFTVERK)

66

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020

FOTO: SKL

FOTO: TOM HAGA

FOTO: JAN RABBEN

VATN – I FAST OG FLYTANDE FORM ER "DRIVSTOFFET" I KRAFTPRODUKSJONEN TIL SKL HISTORIA TIL SKL ER GODT DOKUMENTERT GJENNOM FLEIRE BØKER OM ANLEGGSDRIFT OG UTBYGGING. TEK DU TUREN TIL OPSTVEIT I MATRE KAN DU SJÅ VISNINGSSENTERET TIL SKL. DETTE MONUMENTET OVER VASSKRAFTUTBYGGINGA ER OPE FOR ALLE. DET KOSTAR INGENTING Å STOPPA DER, OG DET ER ALLTID OPE. TA TUREN!


– 75 åring med tru på framtida Året er 1946. Forsøket på å få til eit regionalt selskap som skal byggja ut vasskraftressursane i Blådalsvassdraget lukkast. Frå Bømlo i vest til Austevoll og Fusa i nord, frå Kvinnherad i aust og til Skånevik i sør: Kommunar og lokale samvirkelag dannar Sunnhordland Kraftlag. Endeleg skal Sunnhordland fullelektrifiserast – som ein av dei siste regionane i landet. Dette skapar optimisme og grunnlag for industrivekst, velstandsutvikling og sikrar ei god folketalsutvikling. Industriutviklinga på Stord og Bømlo, etableringa av Sør Norge Aluminium i Kvinnherad, utviklinga av små og mellomstore verksemder – alt dette hadde sitt utspring i tilgangen på elektrisitet. Sikker og rimeleg straumforsyning.

Rein energi – vårt sterkaste kort Energien frå vasskrafta er rein og evigvarande. Krinslaupet til vatnet gjer at me kvar dag – heile året – får tilgang på elektrisitet. Drift og vedlikehald av kraftstasjonar er kjerneområdet til SKL. Det er eit stort ansvar som selskapet tek på største alvor. Men visste du at selskapet stadig utviklar meir vasskraft? Dei siste 20 åra har SKL dobla vasskraftproduksjonen i sine anlegg! Gjennom heile 75-års perioden har selskapet hatt kontinuerleg utbygging. Og framleis er ikkje idébanken tom. Nei, slett ikkje. I jubileumsåret har selskapet 4 småkraftprosjekt under bygging, og ikkje minst; den store opprustinga av vasskraftanlegga i Etnefjella. Løkjelsvatn kraftverk skal nytta vatnet i Etnevassdraget på ein betre måte. Prislappen på meir enn 500 millionar kroner er selskapet viss på er ei god investering. Onarheim kraftverk i Kvinnherad har SKL fått løyve til å byggja, og selskapet ser i desse dagar på den beste – og mest miljøvennlege måten å byggja kraftverket på. Skatteomlegginga har gjort det mogleg å sjå på planane for eit nytt stort kraftverk i Blådalsvassdraget med nye augo. Kanskje er ikkje vasskrafteventyret i denne delen av Folgefonnhalvøya over på lengje endå. Samla produserer SKL om lag 3.000 GWh straum i året. Det er straum nok til 150.000 husstandar eller om lag det Bergen by brukar. SKL er mellom dei 10 største vasskraftprodusentane i landet.

Samstundes må me erkjenna at vasskraftressursane er avgrensa, og me vil til slutt nå eit punkt der me ikkje kan byggja ut meir, utan at det får for store konsekvensar for natur og miljø, seier administrerande direktør i SKL, John Martin Mjånes. Nye energikjelder – nye energiberarar Som vital 75 åring – er det heilt naturleg for SKL å sjå på alternative måtar å produsera fornybar og rein energi. Saman med største eigar, Haugaland Kraft og shippingsleskapet Knutsen Group har dei danna Deep Wind Offshore (DWO). Å nytta krafta frå vinden som bles til havs er ein stor ressurs. Ute av syne, og til lite sjenanse på andre måtar, trur selskapet at det er til havs me skal temja vindkreftene. Dette skal skje gjennom solid utgreiing – der ein finn dei mest miljøvennlege måtar å byggja på, innan økonomiske og berekraftige rammer. Også innan lagring og transport av energi er SKL engasjert. Visste du at å produsera hydrogen frå vasskraft gjennom elektrolyse er ein måte å lagra energi på? I jubileumsåret er SKL i samarbeid med Kvinnheradfirmaet Liquiline i ferd med å levera løysingar både på produksjon av hydrogen, og korleis ein kan nytta denne gassen til framdrift av skip som går langs norskekysten. Framtida er lys og elektrisk konkluderer leiaren for SKL.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

67


VESTLANDETS STØRSTE FORNYBAR SELSKAP BKK driv i fornybarnæringa og er ein viktig del av løysinga når samfunnet skal redusera klimautsleppa. I lag med våre samarbeidspartar og styresmaktene jobbar vi mot målet om eit fullelektrisk Noreg.

68

For å lukkast med dette driv vi mellom anna med vasskraftproduksjon, energiomsetnad og infrastruktur til straum og fiber. I tillegg har vi aktivitetar innan fjernvarme, energimåling, entreprenørtenester, internett og telekom-løysingar.

vi kan bu, jobba, gå på skule eller trening, dyrka morellar i Hardanger og kosa oss i julegater med ljos. Til saman har vi nær ein kvart million nettkundar, og så mange som sju av ti store bedrifter brukar våre telekom-løysingar.

Ryggrad i energisystemet vårt Våre omlag 1300 medarbeidarar utviklar, byggjer og held i gang den samfunnsmotoren vi kallar infrastruktur – sjølve ryggrada i energisystemet vårt. Det som gjer at

Viktig rolle i det grøne skiftet BKK utvikler og stimulerer løysinger for ulike sektorer når det gjeld å erstatte fossil energi med fornybare energiløysingar. Til dømes byggjer vi no Europas største

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

landstraumanlegg for cruisenæringa, og vi investerer i oppstartsselskap som kan bidra til det grøne skiftet. Vasskrafta er avgjerande for eit fullelektrisk samfunn. Så mykje som halvparten av den europeiske lagringskapasiteten av fornybar energi er i Noreg. BKK aleine har ein lagringskapasitet som tilsvarer 250 millionar store Tesla-batteri, og vi skal bli størst i Noreg på elektrifisering.


BKK NETT Etter fusjonen mellom BKK og Etne Elag, Tysnes Kraftlag og Kvinnherad Energi har BKK Nett overtatt nettdelen i selskapa og alle er organisert som eineigen autonom region i BKK Nett.

Det å bli ein del av eit større selskap har gitt tilgang på fleire resursar og betyr at vi kan gjer større investeringar i eigen regi, seier Hermann Skromme som er regionsleiar i BKK nett SØ. I Etne har BKK Nett til dømes bygd ny linje på Nordstranda. Ei linje som var prosjektert i 1980, men ikkje bygd ut før i 2019 -2022. BKK nett driftar og byggjer ut distribusjonsnettet til sluttkundar. Totalt er det 13.000 straumkundar i region Sør-Aust, og vi drifter 750 nettstasjonar, 630 km med høgspentnett og 1270 km med lågspentnett, seier Skromme. Av føremonar denne fusjonen har gitt, er mellom anna at større ressursar er tilgjengeleg både til drift og vedlikehald i delar av området. For kundane har nettleiga gått ned med mellom 1000 og 6000 kr per år. Samstundes har vi fått auka beredskap, særleg på nordsida av Kvinnherad. Det er høg aktivitet for tida med elektrifisering av ferjesamband i tillegg til anna utbygging og vedlikehald.

HERMANN SKROMME

Ladinga er ferdig installert for ferja på Utåker og Matre. Ein er i sluttfasen med installasjonen på Gjermundshamn, Årsnes og Våge på Tysnes. BKK Nett er eit selskap i vekst. Vi skal tilsetja 7-9 nye medarbeiderar framover i Kvinnherad med satsing på AUS og linjebygging, seier ein optimistisk Hermann Skromme til slutt.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

69


BKK BREIBAND BKK Breiband AS har fiberoptisk kabelnett i heile Tysnes kommune og i store deler av Etne kommune (tidlegare Etne Elektrisitetslag sitt omåde). Etter 2020-utbygginga i Frette og Kyrping har selskapet fiber i alle grender og tettstader i området, og kan tilby lynraskt internett til alle fastbuande. Våren 2021 er 2400 husvære, 300 hytter og 80 bedrifter registrerte som kundar.

Breibandsinnhaldet er frå det nasjonale produkthuset Altibox som er bygd opp gjennom samarbeid mellom eigarar av lokale fibernett. INGRID H HAALAND

-Vi har levert internett, tv og telefoni frå Altibox sidan 2006 og blir stadig imponert over den raske produktutviklinga for desse tenestene, seier Ingrid Helen Haaland, som er dagleg leiar i BKK Breiband. -No kan vi levere internett inntil 1000Mbit sek til dei aller fleste kundane våre. Dei fem tilsette i Etne og Tysnes har kontakt med kundar kvar dag, og kundane set pris på den gode kommunikasjonen med lokalkontora.

70

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

-Vi er alltid oppdaterte på kva som føregår i fibernettet og er raske til å omprioritera arbeid for å hjelpa kundane våre, fortel avdelingsleiar i Etne, Torstein Kristiansen. Badetassen for temperaturmåling vil bli plassert ut av BKK Breiband ca. til påske https://badetassen.no/. Dette er ein del av Altibox si satsing på smart sensornettverk, sjå gjerne meir om dette her, https://www.altibox.no/iot/ -Det er også snart tid for den årlege turkonkurransen vår, SommarTrimTysnes som varer frå mai til ut august, melder Haaland. Denne finn du i mobil-appen Trimpoeng.


STEINAR IVERSEN

BKK ELEKTRIFISERING I perioden etter fusjon mellom Kvinnherad Energi og BKK vart det sett ut 3 hurtigladestasjonar i Kvinnherad. Desse stasjonane kan klare å lade med inntil 150kW og fleire bilar kan lade samtidig. Alle desse er planlagt og installert av BKK Elektrifisering, avd hurtiglading, seier Steinar Iversen, prosjektutviklar grøn teknologi

Selskapet er lokalisert i Bergen, Oslo, Førde, Hyllestad og Kvinnherad. I Kvinnherad jobbar ein med mange spennande prosjekt som vil vera positive bidragsytarar både lokalt og nasjonalt. Fleire utanlandske aktørar ser også på produktløysingane til BKK elektrifisering, så vi er med på mange ulike grøne prosjekt både til lands og havs i innland og utland. Mellom saker BKK Elektrifisering har jobba med fyrste året i Kvinnherad, er ladestasjonar for bil. Vi har nemnt hurtigladestasjonar som ein viktig del av elektrifisering. Selskapet har jobba mykje med det som vert kalla Ladeplass, som tilbyr elbil ladeløysingar til burettslag, sameige, og næringsbygg. Dette er smarte laderar slik at fleire personar kan lade samtidig og få utnytta straumen best mogeleg. Frå 1. april 2021 startar ei ny tidsrekning der BKK og Hafslund Eco startar eit nytt selskap somheiter Ladeklar. Det blir frå same dato og namnet på det som fram til no er kalla Ladeplass. Namneendring og namn på selskapet fortel kva dei skal ha fokus på.

Den fyrste etablerte Ladeplass i Kvinnherad var ved Mauranger Kro og Vertshus som tilbyr dette til sine kundar og forbipasserande. Mauranger Kro og Vertshus melde si interesse for Ladeplass via digital flate. Saman med H2 Elektro gjorde BKK Elektrifisering ei synfaring kor ein fann den beste løysing for Mauranger Kro og Vertshus. Så vart denne installert og er dimensjonert slik at ein kan utvida når dei ser at behovet for slike tenester vert større enn i dag. Plug, eit dotterselskap av BKK Elektrifisering har ein intensjonsavtale med Eide Fjordbruk for å sjå om det er mogeleg å etablere lade og landsstraum løysingar i hamna i Rosendal til båt(ar) til Eide Fjordbruks storsatsing visingssenteret Salmon Eye utanfor Rosendal. Salmon Eye er eit spennande prosjekt og kunne få levere eit lade-/ landsstraums anlegg i hamna i Rosendal hadde vore flott, seier Steinar Iversen. Kvinnherad kommune har søkt om midlar til landsstraumløysingar for yachts, båtar på opptil 100+ meter. Slike løysingar har

Plug/BKK god kunnskap om og vil kunne bidra. Plug har god erfaring med land straum i fleire hamner i Noreg allereie, med Bergen som den største til no. Vi har og kome med innspel til kommunen om Grøn næringspark på Husnes og kommunen sin cruise-strategi. I BKK Elektrifisering opplever vi at næringslivet er positive og nytenkjande. Vi ynskjer gjerna å bidra til grøne og smarte løysingar. I den samanheng jobbar vi spesifikt med lading for elbil/ buss, lading/landsstraumløysing innan maritim sektor. Vi ser på mogleg utsleppsfrie byggeplassar, termiske løysingar, solseller og varmegjenvinning i heile regionen, seier Steinar Iversen med ei klart entusiastisk trykk. Heilt på tampen seier Steinar at ein har starta ein prosess for å tilsetja fleire personar, for framtida har BKK stor tru på også i Kvinnherad.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

71


VESTLANDSENERGI ER EIN STRAUMLEVERANDØR MED LOKAL FORANKRING

KENNETH INGVALDSEN

Vestlandsenergi AS driv med kraftsal til privat- og bedriftskundar i heile Sør-Noreg med hovudfokus på ekte spotpris.

72

I

Vestlandsenergi har fokus på å støtta lokale lag og organisasjonar med straumproduktet Straumven – som gjev eit bidrag til lokale lag og organisasjonar frå Vestlandsenergi ut frå kor mykje straum kundane brukar.

Vestlandsenergi satsar på innovasjon og har no lansert EcoMonitor. Det er ein liten boks som du koplar til straummålaren. Då kan du laste ned ein app til mobilen, og sjekka i sanntid ditt forbruk,tidlegare forbruk og kva straumen kostar.

Vestlandsenergi eig 1/3 del av selskapet Lokalkrafta AS. Lokalkrafta AS er eit digitalt marknadsføringsselskap.

Nye spennande løysingar for styring er under utvikling.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021


FOTO: VISIT HARDANGERFJORD

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

73


Noreg har spesielt gode naturgitte føresetnader for vasskraft. Eit landareal med ei gjennomsnittleg høgde på 400 meter over havet og stadvis svært mykje nedbør gjer landet vårt svært godt eigna for vasskraft. På Vestlandet ligg fjella høgt og terrenget er bratt, noko som legg til rette for stor fallhøgde og effektiv utnytting av vassfallet. Fleire av Noreg sine største vasskraftanlegg ligg difor naturleg nok på Vestlandet. Det gjeld og mange av Statkraft sine vasskraftanlegg.

TEKST: VIDAR RIBER

125 år med historie Statkraft har meir enn 170 heileigde vasskraftverk fordelt over store delar av Noreg frå nord til sør. Dei største kraftverka finn vi på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal. Ulla Førre anlegget, som produserer vasskraft m.a. frå fleirårsmagasinet Blåsjø, er det største i Noreg og NordEuropa med ein årsproduksjon på 4,5 TWh, som svarer til om lag halvparten av Oslo sitt årsforbruk. Statkraft kraftverksgruppe Hardanger som har anlegg i 5 Hardangerkommuner produserer i eit gjennomsnittleg år ca. 7 TWh. Ikkje overraskande utgjer nettopp vasskrafta Statkraft si ryggrad. Eventyret starta for 125 år sidan då staten gjorde sitt fyrste oppkjøp av fossefallet Paulenfossen i Agder i 1895. I dag produserer Statkraft fornybar energi i Noreg både frå vass- og vindkraft.

74

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Den unike vasskrafta Vasskraft er heilt spesiell fordi vi kan magasinera vatnet og gjera produksjonen regulerbar i motsetnad til annan fornybar energi som vind og sol. Med vasskrafta kan vi produsera når vi vil og treng det mest. Det er ein unik eigenskap vasskrafta er åleine om. Krafta er både fornybar og kan regulerast etter etterspurnaden i marknaden. I Noreg jobbar Statkraft kontinuerlig med å ruste opp og utvide vasskraftanlegga for at dei skal vare i nye 50 år og auka produksjonen. Ofte vert det gjort ei utviding i samband med ei opprusting, til dømes ved at det vert etablert ein ny kraftstasjon i en vassveg mellom to vassmagasin. Storlia kraftverk i Eidfjord er eit slikt prosjekt som utnyttar eit allereie utbygd kraftanlegg på ein smart og miljøvennleg god måte.

Nye investeringar er 100% fornybar Statkraft er i dag Noreg sin største kraftprodusent og dessutan størst i Europa på fornybar energi. Selskapet sin visjon er å bli verdsleiande på fornybar energi. Statkraft nyttar posisjonen som Europas største produsent av fornybar kraft til å understreke sitt engasjement for ei grøn framtid. 100 prosent av selskapet sine investeringar gjekk til vekst innanfor fornybar energi, og selskapet tok ei leiande rolle i det grøne skiftet. Statkraft Energi AS – Kraftverksgruppe Hardanger Saman med kraftstasjonane i Tyssedal, Ålvik og Eidfjord er Folgefonn kraftverk ein del av kraftverksgruppe Hardanger, den største kraftverksgruppa i Statkraft. Kraftverka vert fjernstyrt i frå ein driftssentral som ligg i Sauda. Den installerte effekten på dei 21 aggregata i Folgefonn,


2

Eidfjord, Tyssedal og Bjølvo er ca. 2100 MW. Den årlege middelproduksjonen -7000 GWh, noko som utgjer ca 7% av samla kraftproduksjon i Noreg Folgefonn kraftverk Folgefonn kraftverk ligg på vestsida av Folgefonnhalvøya i Kvinnherad kommune. Dei to kraftstasjonane - Jukla og Mauranger nyttar elvar, bekker og vatn på vestsida av fonna frå Bondhusbreen i sør til Storelvi i Herand i nord. Eit komplisert takrennesystem og eit inntak 170 meter under isen på Bondhusbreen 900 m over havet, er med på å gjera Folgefonna til produsent av 1.350 GWh. I eit normalår produserer Jukla og Mauranger kraftstasjonar nok straum til 65.000 husstandar. Fallrettane i Folgefonn overtok Statskraftverka omkring 1970 etter makeskifte med Skiensfjorden kommunale kraftselskap

(SKK). I byte fekk SKK ein del av rettane i Sira-Kvina og Flom-vassdraget som sidan vart verna av Stortinget. Etter avtale blei SKK medeigar i Folgefonn med ein eigardel på 15%. Samfunna Før Statskraftverka byrja kraftutbygginga i området i 1968, var jordbruk og fiske dei viktigaste levevegane for folk i grendene inst i Maurangerfjorden. Dei små bygdesamfunna i Sundal, Austre-pollen, Nordrepollen og Gjetingsdalen hadde til saman omlag 200 innbyggjarar og var utan vegsamband med omverda. I 1969 gav Stortinget konsesjon for kraftutbygging, men arbeidet med den 25,6 km lange vegen frå Ænes til Nordrepollen hadde Statkraft starta opp med året før. Alt i 1970 hadde Mauranger med unnatak av Gjetingsdalen, fått vegutløysing.

DAM SVARTEDALEN UNDER REHABILITERING 2019. OTO: ANDERS SKAARER

Dam Svartedalen under rehabilitering 2019..Foto: Anders Skaarer

Anleggsarbeidet Anleggsarbeidet starta tidleg på sommaren 1968 med diverse rigging, oppsetting av bustader, brakker og messer i tillegg til vegbygginga. Så snart Stortinget hadde sagt ja til Folgefonnutbygginga, blei det fart i anleggsarbeidet i fjellet. På det meste i 1972 var 750 personar i arbeid i eit av dei mest utilgjengelege fjellområda i Noreg.

Dam Svartedalen høsten 2020 Foto: Anders Skaarer

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020

I

75


Dam Svartedalen under rehabilitering 2019..Foto: Anders Skaarer

DAM SVARTEDALEN HØSTEN 2020 FOTO: ANDERS SKAARER

Dam Svartedalen høsten 2020 Foto: Anders Skaarer tre delen av vatnet mens Då anleggsarbeidet vart avslutta i 1974, var det bygd 50 km veg, 50 km vasstunnellar, 6 større fyllingsdammar og 2 kraftstasjonar. Etter 6 hektiske år med anleggsdrift, fall bygdesamfunna i Maurangerfjorden til ro. Folketalet stabiliserte seg på nivået før kraftutbygginga, og om lag 20 personar fekk arbeid på kraftverket i byrjinga og var eiga kraftverksgruppe. I 2001 vart Kraftverksgruppa utvida med Statkraft sitt anlegg i Tyssedal til ei større gruppe. I 2005 vart kraftverksgruppene Folgefonn og Eidfjord slegne saman til kraftverksgruppe Hardanger, med ein total arbeidsstyrke på nær 50 personar, 5 – 6 av desse har sin faste oppmøteplass i Austrepollen i Mauranger.

Dammar og magasin Mauranger og Jukla kraftstasjonar har ikkje berre eit komplisert tilløpssystem, men og mange til dels sterkt regulerte magasin. I Kvanngrøvatnet er skilnaden mellom høgaste og lågaste regulerte vas�stand berre 32 meter. Men for dei andre seks magasina er regulerings-høgda mellom 70 og 110 meter. Jukla-vatnet som er hovudmagasinet for Jukla kraftstasjon, har den mest omfattande reguleringa. Lågaste regulerte vasstand er her 950 m.o.h. i aus-

76

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

magasinet ligg på kote 1060 når det er fullt. Magasina blir bundne saman av eit 50 km langt tunnelsystem frå Bondhus-inntaket i sør til Kvanngrøvatnet i nord. Mauranger kraftstasjon 5. mars 1974 kom kraft frå aggregat 1 i Mauranger kraftstasjon på nettet for første gong. Til saman produserer dei to aggregata som ligg inni fjellet i Austrepollen 1250 GWh årleg. Den installerte effekten er 125 MW i kvar generator. Fallhøgda frå Mysevatnet til dei to vertikalt stilte Peltonturbinane er maksimalt 838,5 meter. Ein spesialitet i Mauranger er at den vanlege kuleventilen er erstatta av rettløps stengeventilar framfor kvar av dei seks dysene. Dette var med å gjera det utsprengde volumet mindre, kraftstasjonshallen er liten samanlikna til dømes med Kvilldal og Sima. Maskinsalen er 42,8 meter lang, 16,8 meter brei og 14,55 meter høg. Jukla pumpekraftverk Den modifiserte Francisturbinen i Jukla kraftstasjon verkar som pumpe når han blir sett i revers. I sommarhalvåret kan denne turbinen pumpe store vassmengder

frå tilsigsområda i sør opp i Juklavatnet. Vinterstid blir vatnet foredla til elektrisk kraft gjennom begge kraftstasjonane. Som generator kan aggregatet i Jukla maksimalt yta 40 MW. I eit normalår bruker ein 50 GWh til pumping og 100 GWh til energiproduksjon. Jukla pumpekraftverk var det første i verda med 2 turtal som turbin og pumpe. Seinare er anlegga i Mauranger utvida med Markjelke pumpestasjon (2009) som pumpar vatn i frå Markjelkevatnet og inn på tunellsystemet mellom Jukla og Svartedalsvatnet. Anlegga i Mauranger har i snart 60 år produsert rein og miljøvenleg energi til landet. For å kunne levere energi når det trengs så må utstyr og maskinar vedlikehaldast, til dagleg vert dette utført av personalet som er lokalisert i Austrepollen. Elles er det inni mellom naudsynt med større og meir kostbare rehabiliteringar for å sikre at generatorane i Mauranger også i framtida skal kunne produsere rein og miljøvenleg energi frå fjella kring Folgefonna, når samfunnet treng det.


FOTO: VISIT HARDANGERFJORD

bukken.no Illustrasjon: Marijke Strømmen Foto: Tonje Noréa Gauden

Saman skapar me lokal aktivitet

Kva er viktig for deg når du vel straumleverandør? I tillegg til å væra konkurransedyktig på pris og gode på kundeservice er me opptatt av å gje tilbake til lokalsamfunnet. Handle lokalt - velg oss!

Bestill din straum på www.kvam-kraftverk.no HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

77


HAUGALAND KRAFT

I SUNNHORDLAND I 2016 tok Haugaland Kraft Nett over det regionale nettet frå SKL nett. Overtakinga var ein del av ei stor omorganisering mellom partane. Haugaland Kraft vart frå dette tidspunktet eit reindyrka kunde- og infrastrukturselskap, medan SKL vart eit reindyrka produksjonsselskap. MAGNE GUNNAR BRATLAND DIREKTØR, HAUGALAND KRAFT NETT

Haugaland Kraft AS er i dag største eigar i SKL med ein eigardel på rett under 60 %. Haugaland Kraft og Haugaland Kraft Nett er slik sterkt til stades i Sunnhordland med både kraftproduksjon og nettverksemd. HAUGALAND KRAFT KONSERN Konsernet Haugaland Kraft har hovudkontor i Haugesund med avdelingar på Fitjar, Sand, Sauda, Stord, Ølen/ Skånevik og Halsnøy. Konsernet Haugaland Kraft har eit morselskap og tre heileigde dotterselskap, Haugaland Kraft Nett AS, Haugaland Kraft Fiber AS, Haugaland Kraft Energi AS. I tillegg er selskapet majoritetseigar i Sunnhordland Kraftlag AS og Afiber AS.

78

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

Konsernet er eigd av kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Sveio, Utsira, Suldal saman med selskapa Finnås Kraftlag SA, SØK AS, Fitjar Kraftlag SA. Konsernet har om lag 460 tilsette. 90.000 NETTKUNDAR I 12 KOMMUNAR - Haugaland Kraft Nett AS eig og driv eit omfattande regional- og distribusjonsnett. - Haugaland Kraft Nett AS sitt forsyningsområde omfattar tolv kommunar på Haugalandet, Sunnhordland og Ryfylke. Dette er eit omfattande og variert område på over 5000 kvadratkilometer med om lag 150.000 innbyggjerar. Totalt gir dette i underkant

av 90.000 nettkundar som vi ynskjer å tilby så god leveringstryggleik som råd. Målet er å ha ei oppetid i nettet vårt på 99,99 % av tida, seier direktør i Haugaland Kraft Nett, Magne Gunnar Bratland. - Forsyningsområdet vårt dekkjer tolv kommunar: Fitjar, Stord, Sveio, Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Tysvær, Bokn, Utsira, Sauda, delar av Etne, delar av Kvinnherad og Suldal. - Utanom dette driv Haugaland Kraft Nett det overordna straumnettet (regionalnettet) i kommunane: Austevoll, Tysnes, deler av Bjørnefjorden, deler av Ullensvang, Kvinnherad og Bømlo, seier Bratland.


VIKTIGE PROSJEKT I OMRÅDET USKEDALEN PROSJEKTET Omfattande rehabilitering av Uskedalen transformatorstasjon vart fullført hausten 2018. Dette var eit vellukka prosjekt på alle måtar. Ei modernisering som styrkjer forsyningstryggleiken i denne delen av Kvinnherad kommune.

NY LINJE MELLOM MAURANGER OG JONDAL HK nett overtok linja mellom Mauranger og Jondal frå Statnett i 2018. Det var då klart at vi måtte byggja ny linje for å auka overføringskapasiteten på linja slik at nye produksjonsanlegg i dåverande Jondal kommune kunne realiserast. Prosjektet inkluderer og ny hovudtransformator i Mauranger. Sjølve linja vart fullført i fjor, medan det framleis står att noko arbeid knytt til

kabling av Statkraft sitt anlegg i Jukla kraftverk og ved Eidesfossen i Jondal. Linja går i eit krevjande terreng som har gitt oss store utfordringar. Men vi har likevel klart å byggja linja innanfor skissert tidsramme og utan alvorlege skadar på personell eller miljø. Det fyrste spennet frå Mauranger er spektakulært med ein stiging på over 800 meter frå mast nummer ein til mast nummer to.

MILJØPROSJEKT ÅKRAFJORDEN Inst i Åkrafjorden var det totalt fire fjordspenn, i tillegg var der ein del høgspentmaster i alle endepunkta. Dette vart demontert og fjerna sommaren 2020. Nettet vart erstatta av kabelanlegg i vegskulder på dagens E 134 ved Langfoss og langs den gamle vegen mellom Eljarvik og Fjæra.

Dermed er store delar av landskapet attendeført til slik det var opphavleg, samstundes som vi har fått ei ny og framtidsretta straumforsyning.

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

79


DET GRØNE SKIFTET! Straum er eit av dei viktigaste elementa i skiftet og er med for elektrifisering av Noreg. Vi er på mange måtar godt i gang med utfordringane. Dette å finna økonomiske og miljøvennlege smarte løysingar. Bak eit ynskje om å bli grønare har vi i Noreg vore eit føregangsland når det gjeld bruk av el-bil og bygging av naudsynt infrastruktur for at bilane skal fungera. Det heilt sikkert har tenkt mindre på er kva utfordringar nettet vårt får gjennom auka straumbruk. Særleg om våre vanar med å bruka straumen når det passar oss skal halda fram. Då får vi ei utfordring me å byggja eit robust nok nett. Om det er slik at toppen av straumforbruket er lokalisert innan ein time eller to, så må vi investera i eit dyrare nett enn vi treng dei andre over 20 timane av døgeret. Kan vi flata ut forbruket vårt, så kan vi kanskje gjera nettleiga billegare? Eit godt døme kan vera fjellbygda Røldal. Jamt og stabilt forbruk gjennom veka. På fredags kvelden kjem alle hyttefolka. Samstundes skal dei varma opp hytta, laga mat og lada bilen. Då går forbruket høgt ein periode. Noko som set store krav til nettet.

Ullensvang kommune 100 % Energiselskapet Odda AS

100 % Odda Energi Nett AS

100 % Odda Kraft AS

Vi er van med at straumen er der, når vi slår på brytaren. Det vil han nok vera i framtida og, men det kan snart bli ein langt høgare nettleie. Dersom vi ikkje evnar å spreia forbruket vårt meir over døgnet. Alt no og enno meir i nær framtid vil det vera mange ulike tekniske dupedittar, teknisk smarte tekniske anretningar som

80

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

styrer straumforbruket for deg. Så kan du sitja i skitrekket å kontrollera straumuttaket i notid på ein liten app. Men for at framtida skal bli elektrisk og leveransen trygg så må vi ha robuste nett som kan takla toppane. Då blir det både lurt og lønsamt å spreie forbruket sitt. Det er eit kvalitetsstempel at vi aldri går rundt og engstar oss for at straumen blir vekke. Nettselskapa har stort sett ein plan B om noko skulle skje, så kan vi ta inn straum frå ein annan kant. Denne oppgåva jobbar vi i Odda Energi Nett med kontinuerleg. Odda Energi har ein historie som går over 100 år attende i tid. Dei største kundane våre er den kraftkrevjande Industrien i Ullensvang kommune. Her fordelar vi straumen frå sentralnettet via vårt regional- og distribusjonsnett. Vi har og ansvar for at straumen som blir produsert i vår region har nett og kjem vidare inn på vårt nett og vidare ut til straumbrukaren. I Odda Kraft AS sel vi straumen som er i nettet. Saman med to andre selskap har vi etablert Lokalkrafta, der vi sel straum under merkevareplattforma om å handla lokalt og stø lokale arbeidsplassar. Gjennom Energiselskapet Odda AS blir det levert leiing og administrative tenester for alle i konsernet Odda Energi.


FOTO: VISIT HARDANGERFJORD

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

81


SIGURD PÅ EIN TYSDAG!

HALD FINGRANE AV FATET! Ikkje rør dei verna vassdraga! Programkomiteen i Høgre vil ha kraftutbygging i vassdrag som er varig verna mot kraftutbygging. Forslaget er: "å tillate skånsom kraftutbygging i vernede vassdrag hvis det ikke forringer verneverdiene." Det blir som å føreslå å dyrka poteter i staden for roser i den verna baronihagen, dersom det ikkje "forringer" verneverdiane!

mange verneverdige områder, berre dei tok lite nok om gongen. Inngrep som vart omtalt som bit for bit utbygging.

Eit godt mantra er å investera der du får mest att! Kvifor gjeld ikkje den tankegangen når vi snakkar om klimapolitikk?

Kven er det som skal vurdera kva som "forringer" verne-verdiane?

Det var politisk semje om at slik forvalting skulle det bli slutt på.

Historia fortel heilt krystallklart at dette er ei meiningslaus formulering i eit heilt håplaust forslag, som ingen kan ha tillit til. Det ligg ein rå eim av bukk og havresekk over dette forslaget.

No vil Høgre restarta prosessar som det var brei semje om å gå vekk frå, på grunn av store konfliktar.

Ein tvilsam luring, ein byting med namnet "Fake news" har dukka opp og er truleg i ferd med å etablera seg. Ikkje alltid like enkel å kjenna att, fordi han har så mange ulike andlet. "Fake news" er uansett ein art vi slett ikkje ynskjer i vår fauna.

Det var akkurat slik politikk eit stort fleirtal på Stortinget var samde om å skrota. Difor brukte våre folkevalde to stortingsmeldingar og ein stortingsproposisjon til å få betre orden på vår vassdragspolitikk.

Oppfattar Høgre vassdragsnatur som eit gratisgode dei kostnadsfritt berre kan forsyne seg av?

Det var semje i politiske miljø om å skaffa seg oversikt på kva vassdrag som kunne nyttast til kraftutbygging og kva vassdrag som grunna konflikt med andre interesser fekk varig vern mot kraftutbygging. Det var ulike ynskjer og meiningar om bruk av vår vassdragsnatur som førte til konflikt og aksjonar som Mardøla og Alta. Mange følte seg overkøyrde av sterke utbyggingsinteresser, som fekk byggja ut

82

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020

Kvifor?

Ein grøn fiksjon om at berre vi produserer meir vasskraft, så er kloden og framtida berga. Trua på at du kan få eit grønare og betre liv gjennom å utarma det biologiske mangfaldet, er truleg langt meir naivt enn å tru på julenissen. Alt heng saman med alt, også i rennande vatn. Det er sjølvsagt gode grunnar til at viktige internasjonale organ i desse dagar stiller spørsmål kring kor grøn og bærekraftig vasskraft i realiteten er?

Dersom endring av klimaet verkeleg er den store emosjonelle frykta, ville vi ikkje då investert der avkastinga for klimaet er størst og best? Kva er då grunnen til at "ansvarlege politikarar" likevel vel heilt andre løysingar? Det må vera lov å spørja, kvifor er det så vanskeleg å kalla ein spade for ein spade? Kanskje det finnest gode grunnar til å røysta Høgre? Forslaget om kraftutbygging i verna vassdrag, er i alle høve ein svært god grunn til å ikkje gjere det. Eit velmeint råd: - Hald fingrane langt vekke frå dei verna vassdraga!


FOTO: JAN RABBEN


Med lidenskap for bil siden 1983 - Salg av nye og brukte biler

VÅR VISJON: "Å være det mest foretrukne bilforhandleren i vårt distrikt!

LARS MARTIN FEET BILKLARGJØRER

HELGE SAGHAUG KUNDERÅDGIVER

CHRISTOS SANDVIK DELE- OG GARANTIANSVARLIG, KUNDERÅDGIVER

VEGARD G. JEGTEBERG DAGLIG LEDER, BILSELGER

CHRISTIN GJERDE TEKNISK LEDER VERKSTED

KRZYSZTOF KUZNIK MEKANIKER

ALEKSANDER BJELLAND MEKANIKER, KAROSSERIARBEIDER

DIN LOKALE BILFORRETNING I KVINNHERAD Vi er forhandler for kvalitetsmerkene KIA og Subaru. Vi selger også brukte biler i god stand. Spør oss gjerne om våre beste råd og anbefalinger for dine behov! S. Rødsten Bilforretning AS holder til i Herøysundet, mellom Husnes og Rosendal. I over 30 år har bilforretningen drevet i bransjen og representert Subaru i distriktet. Våre dyktige bilselgere og mekanikere står klare til å hjelpe deg med alt innen bil. Vi er autoriserte for elektriske kjøretøy.

Besøk vår hjemmeside: WWW.SRBIL.NO

Følg oss på Facebook og Instagram

AUTORISERT BILVERKSTED I tillegg til å selge bil, kan vi tilby følgende tjenester ved vårt bilverksted: - Dekkskift og dekkhotell - Oljeskift - Bildeler - EU-kontroll - Service - Bilpleie - Ruteskift - AC-service - Skade og karrosseri

Kontakt oss for en hyggelig bilprat eller bestill time ved vårt bilverksted. Vi ser fram til å høre fra deg! Solheimsvegen 4, 5462 Herøysundet 53 48 64 11, post@srbil.no, www.srbil.no

KIA


Articles inside

HAUGALAND KRAFT I SUNNHORDLAND

3min
pages 78-79

ODDA ENERGI

2min
pages 80-81

STATKRAFT

6min
pages 74-77

VESTLANDS ENERGI

1min
pages 72-73

SKL - 75 ÅRING MED TRU PÅ FRAMTIDA

3min
pages 66-67

BKK

6min
pages 68-71

ELEKTRISK KRAFTFORSYNING

3min
page 64

ENERGI TEKNIKK

2min
page 65

NORWATER

2min
pages 60-61

VATNET SIN VERDI

1min
pages 58-59

EIDE FJORDBRUK

3min
pages 62-63

SVAR PÅSKEQUIZ

1min
page 57

SJUSETE SKISENTER

3min
pages 52-53

KVINNER PÅ RANDEN

2min
pages 55-56

KNUDSEN DØRFABRIKK

4min
pages 50-51

TASTE HARDANGER

1min
page 49

HARDANGER INTERNASJONALE SIDERFEST

2min
page 48

ORD FOR PÅSKEN

10min
pages 45-47

GRISEN SIN LAGNAD

7min
pages 40-44

BONDEKOMPANIET

1min
pages 12-13

SLAB

2min
page 27

NÆRT VILLE DYR

6min
pages 28-33

LUNDENESET VIDEREGÅANDE SKULE

5min
pages 9-10

VIDAR EIDE - LANDETS ELDSTE MANN

18min
pages 20-25

HELSE I HARDANGER

3min
page 19

ROSENDAL HAMN

1min
pages 38-39

HARDANGER MILJØSENTER

1min
page 26
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.