4 minute read

Læraren må bruke pedagogisk skjønn

– Det er læraren det står og fell på uansett, men dess betre kvalitet på alle læremiddel, dess betre grunnlag for å gjere gode val i klasserommet.

AV | Anne Sande

DET SEIER Stine Aarønes Angvik, som underviser i norsk ved Molde videregående skole og er universitetslektor ved Skrivesenteret på NTNU. – Det er fordelar og ulemper med både papirbaserte og digitale læremiddel, og det beste vil vere om læraren brukar dei etter skjønn og let dei utfylle kvarandre i undervisninga. Uansett ser vi at det er den pedagogiske kompetansen til læraren som avgjer kor godt eit læremiddel fungerer i klassen.

Angvik har tru på å kombinere papir og digitalt. Læraren må spørje seg korleis elevane lærer best, kunne «lese» klassen og elevane sine behov. Det at læraren kjenner fordelane med dei ulike læremidla, gjer at hen kan ta val, hente inn og supplere, ut frå kva som kan fungere i klassen og konteksten.

Foto: Esben Krogstad Kamstrup, NTNU Kva er fordelane med å bruke digitale læremiddel?

– Eg trur det beste er både òg, heller enn å velje berre digitalt eller papirbasert. Nytteverdien varierer frå fag til fag. I samfunnskunnskap kan multimodale ressursar med oppdaterte lenkjer, der det digitale er godt utnytta, vere eit bra val. Og i historiefaget kan ein digital arena, med dialog mellom det som var før, og slik det er no, vere veldig bra. Eit slikt digitalt læremiddel kan til dømes ha lenkjer til nyhende som tematiserer gamle, historiske sanningar. Då er dette eit godt alternativ til læreboka, men alt er avhengig av at dei digitale læremidla er oppdaterte og relevante, understrekar Angvik.

Elevane skriv meir

Stine Aarønes Angvik underviser i norsk og har erfart at elevane skriv lenger enn før. – Elevane produserer meir tekst no når dei skriv digitalt, og dei fullfører oftare påbegynte skriveoppgåver. Sjølve skrivinga har nok blitt enklare for mange elevar. Tastaturet fungerer betre enn pennen for fleire, og elevane får gjort unna tekstane sine. Tidlegare såg eg meir av at elevane kunne gå tom for krefter i prosessen fram mot sluttføringa av teksten, seier ho.

Det betyr ikkje at elevane vil ha alt digitalt. Angvik fortel at når eksamen blir heildigital og oppgåveheftet forsvinn, kan ein miste den taktile delen av skriveprosessen, der eleven kan sitje og notere og skissere på arket. Elevane hennar har sagt at dei framleis ønsker oppgåver utdelt på papir, i tillegg til å jobbe med dei på skjerm.

Læraren sitt val

Når det gjeld den papirbaserte læreboka, er det også mange elevar som vil behalde denne. Der Angvik jobbar, prøvde elevane digital lærebok i vg1 og fekk papirutgåve i vg2, som ein del av prosessen mot å velje læreverk i norsk. Dei fekk ikkje sjølve velje for vg3, men dei fekk uttale seg generelt om dei føretrekte papir eller digitalt læreverk. Dei føretrekte papir. – Det tekniske viste seg å vere sårbart, seier Angvik.

Under pandemien erfarte ho at det var fleire elevar som streva med det tekniske. Det digitale vart då ustabilt og skapte usikkerheit. Og det tok tid. For norsklæraren er den papirbaserte læreboka førstevalet, men ho ser mange fordelar med digitale læremiddel både i norsk og andre fag. – Det er fordelar og ulemper med både papirbaserte og digitale læremiddel. Men med læreboka har eg meir kontroll. Vi veit at elevane er mindre uthaldande når dei les no samanlikna med tidlegare. Dette gjeld både på papir og digitalt. Med digitale læremiddel kan det vere freistande å gå mellom fleire faner på skjermen. Å konsentrere seg om éin ting er noko elevane treng å trene på, for å meistre betre og kanskje også å lære betre.

Økonomi og kvalitet

Kva problemstillingar ser du akkurat no kring val av læremiddel i skulen? – Eg har inntrykk av at det for mange kommunar og fylkeskommunar blir

– Det ser ut til at økonomien styrer ein del, medan det er dei pedagogiske omsyna og kvaliteten på læremiddelet som bør vere avgjerande, seier universitetslektor ved Skrivesenteret på NTNU Stine Aarønes Angvik.

eit økonomisk spørsmål, uansett om det gjeld papirbaserte eller digitale læremiddel. Det ser ut til at økonomien styrer ein del, medan det er dei pedagogiske omsyna og kvaliteten på læremiddelet som bør vere avgjerande. Det er òg viktig at det blir gjort eit grundig arbeid i skulen, der lærarane blir involverte i å diskutere kvaliteten på læremiddel, gjerne saman med skuleleiinga, seier ho.

Angvik trur det store utvalet av læremiddel har gjort lærarar meir medvitne om kvalitet. På skulen hennar har det vore ein god prosess, der faglærarane var sterkt involverte i arbeidet med å velje læreverk. – Kva er dei største utfordringane i vidaregåande skule med omsyn til læremiddel?

– Det er veldig forskjell frå fag til fag. I nokre fag ventar ein på papirbaserte læreverk og brukar digitale løysingar i mellomtida. Vi er veldig medvitne om prinsippa som finst i dei nye læreplanane, og tar på alvor det fagspesifikke i val av læreverk.

Angvik trur det er forskjellar frå skule til skule, og at val av læremiddel også handlar om skuleleiing og skulekultur.

Kjelder: Skrivesenteret Udir.no om kvalitet i læremiddel SKRIVESENTERET

– Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking – Målet er å styrke skrivekompetansen hos barn, unge og vaksne. – Senteret er tverrfagleg og arbeider med skriving som grunnleggande ferdigheit i ulike fag og på ulike opplæringsnivå. – Senteret bistår høgskular og universitet for å realisere nasjonale satsingar som fremmar kompetanseutvikling i grunnopplæringa. – Lærarar, skuleleiarar, barnehageog skuleeigarar og pedagogisk personale i barnehagane er dei sentrale målgruppene for verksemda til senteret.

Papirbasert læreverk eller digitale løysingar – eller begge delar?

This article is from: