5 minute read

Boka er fundamentet for leseferdigheiter

– Det er mykje bra med digitale læremiddel, men dei fungerer dårleg til langlesing av tekstar. Når elevane skal lese lange, samanhengande tekstar, bør det vere på papir, ikkje skjerm. Det seier Anne Mangen, som er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger.

AV | Anne Sande

– MANGEÅRIG FORSKING viser at digitale teknologiar ikkje er gode som lesemedium. Vi veit at langlesing er viktig for å utvikle gode leseferdigheiter, men også for å trene konsentrasjon, fokus og uthald i lesing, seier Mangen, som også deltok på to arrangement under Arendalsveka.

Ho forklarar i kva samanhengar skjermen legg dårlegare til rette for leseforståing enn boka. – Når innhaldet krev plass og eit visst omfang, og dersom ein berre skal lese tekst, utan bilete, lenkjer, inga form for interaktivitet, film eller lyd. Boka krev ei anna form for disiplin, der tekst i bok, som det stabile medium boka er, legg betre til rette for at ein kan gjere informasjonen til sin og omforma han til kunnskap.

Anne Mangen har forska på effektar av digitalisering på lesing og skriving. Ho har leia eit fireårige europeisk forskingsprosjekt om korleis digitalisering påverkar måtane vi les på. Forskarane sine konklusjonar og anbefalingar er samla i «Stavanger-deklarasjonen om lesinga si framtid». I samarbeid med psykologar og nevrovitarar har ho gjort ei rekkje eksperiment, der ein samanliknar effekten ulike teknologiske grensesnitt har på kognitive og emosjonelle aspekt ved lesing og skriving.

Viktige ferdigheiter

Forskinga Mangen viser til, fortel at vi les ulikt på skjerm og papir, og at digitale teknologiar ikkje fremmar like godt leseferdigheiter som papirbaserte medium. Leseferdigheiter handlar om å kunne gå i djupna på ein tekst, reflektere og dvele ved innhaldet. Å lese lengre tekstar, som fiksjon, stimulerer kreativitet, evne til førestilling, det å skape sine eigne bilete, forklarar ho.

Lange, samanhengande tekstar gir trening i kritisk tenking og refleksjon. Ein annan kvalitet er at dei opnar for det å kunne dvele og vere til stades over tid, med noko som er kognitivt krevjande, forklarar Mangen. Eleven må då sjølv gje «liv» til teksten, i motsetnad til medieuttrykk som film, der eleven får førestillinga servert visuelt. – Lengre tekstar krev at ein sjølv bearbeider, og i det ligg ekstremt viktige mentale prosessar, som førestillingsevne, seier Mangen.

Og evna til å skape sine eigne bilete ser ut til å vere i endring. Ho viser til ei undersøking blant elevar på ungdomsskulen, der det kom fram i svara at dei ikkje klarte å sjå føre seg det dei nettopp hadde lese om i ei bok, men svara at då måtte dei sjå filmversjonen først. – Slike svar hadde vi ikkje sett for 15–20 år sidan, så det skjer heilt tydeleg noko med viktige verdiar som lesinga gir oss, seier Mangen. Ho relaterer det til at vi i dag omgir oss med mykje meir audiovisuelt materiale, som gjev oss bileta.

Val av læremidlar

Anne Mangen understrekar at ho veit for lite om val av læremiddel i skulen, men har gjennom samtalar med lærarar og skulebibliotekarar eit inntrykk av at digitale løysingar i aukande grad blir valde på skulane, også til undervisning der det digitale ikkje er hensiktsmessig.

Mangen forklarar at bøker vil vere hensiktsmessig i leseintensive fag, der innhaldet blir best kommunisert i tekst, og der eleven tileignar seg stoff best ved å lese ein tekst. – Ikkje alt let seg visualisere eller framstille i kulepunkt, som lengre og meir komplekse tankerekker, eller presentasjon av innhald som krev det formatet som ein tekst gir.

Mangen er oppteken av kva moglegheiter elevar på dei ulike trinna får til å lese, og då særskilt langlesinga, som ho ser er under eit press i dag. Ho viser til at ein har mykje data no som dokumenterer ei tydeleg negativ utvikling når det gjeld boklesing. – Langlesinga er truga. Det er også radikal nedgang i fritidslesinga, særskilt i lesing av bøker, som er den viktigaste faktoren for leseferdigheiter og leseforståing.

Og når er digitale læremiddel best? – Digitale læremiddel er hensiktsmessige når det dreier seg om kortare tekstar, informasjon som ikkje krev mykje plass, ikkje krev vedvarande fokus over tid, og der informasjonen og innhaldet i seg sjølv fordrar dynamiske prosessar, gjev tilgang til historisk materiale og gjer innhaldet levande. At det er oppdatert, er sjølvsagt viktig, seier Mangen.

Anne Mangen synest det er ein farleg tanke dersom skular vel digitale løysingar, til dømes iPad eller Chromebook,

som skal fungere som universalmedium til alle formål, til både lesing og skriving og på tvers av fag og trinn. – Det er veldig uheldig. Ein må tenke meir nyansert om styrkar og svakheiter ved dei ulike media.

Kva råd kan du gje til lærarar om val av læremiddel? – Dei bør sørge for at det blir god nok plass til å lese bøker, både sakprosa og litterære tekster, og ikkje tenkje at lydboka vil vere eit like godt alternativ når dei merkar at fleire elevar slit med å lese. For ein trenar ikkje lesing ved å la elevane høyre på lydbok.

Digitalisering

Dersom læreboka forsvinn til fordel for digitale læremiddel, får ikkje elevane trena nok på uthald i lesing. – Forskinga viser at lesing på papir styrker leseferdigheiter, både på skjerm og på papir, og har større overføringsverdi i fleire kontekstar, understrekar Mangen. Når all lesing er over på skjerm, er det svært viktige delar av lesetreninga som fell vekk, og elevane mistar noko viktig. Spesielt gjeld dette oppover i alder, når ein skal lese lengre tekster.

Ho ser ein tendens til at føredragshaldarar på høgskular og universitet begynner å gje etter på lesekrav, fordi studentane slit med å lese materiale på pensum. – Då tenkjer eg at vi må stoppe opp og tenkje oss litt om. På det nivået handlar det om å vere i stand til å tileigne seg komplekst materiale, og det er eit svært viktig grunnlag for kritisk tenking, refleksjon og førestillingsevne.

Er du uroa over utviklinga? – Eg synest i alle fall det er på høg tid at vi begynner å erkjenne at digital teknologi ikkje er ideell til alle typar lesing, og det har vi visst ei tid. Stavangerdeklarasjonen kom i 2018, og uthald i lesing har kome inn i læreplanen, og då må vi ta omsyn til det. Måten vi best gjer det på, er å gje elevane rikeleg tid til å lese bøker på skulen.

Mangen ser ein samanheng mellom omfattande digitalisering og det at uthald er kome inn på læreplanen. Ho meiner økonomisk investering i digitale læremiddel må målrettast meir mot kva teknologien skal brukast til, og kva slags læring i ulike fag det er snakk om.

Ho legg vekt på at skulebiblioteket også er viktig, og at ressursar til skulebiblioteka må prioriterast. – Skulebibliotekarar er ekstremt viktige i det å legge til rette for motivasjon og i det å finne lesemateriale, litterære tekstar og bøker til fritidslesing. Skulen si rolle i å fremme boklesing er blitt endå viktigare når fritidslesinga har gått ned, seier Anne Mangen.

Vi les ulikt på skjerm og papir, og digitale teknologiar fremmar ikkje like godt leseferdigheiter som papirbaserte medium. Dette viser forskinga til Anne Mangen, professor ved fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora (UiS), Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking.

This article is from: