2 minute read

Ordskifte i Dag og Tid

To tidlegare fagforeiningsleiarar, frå Lektorlaget og Lærarforbundet, har barka saman i eit ordskifte i Dag og Tid.

Faksimile fra dagogtid.no

DET STARTA MED ei lang og grundig sak frå journalist i avisa, Jon Hustad. Han skreiv saka «Lektoren er ikkje det han eingong var».

Hustad om lønnsutviklinga

Med utgangspunkt i verdien av éi krone i 1998 ser Jon Hustad på lønnsutviklinga til lektorane frå 1959 og til i dag. I 1959 tente ein lektor om lag 17 500 i månaden (i 1998-kroner). Lærarane med halvparten så lang utdanning tente 12 500 kroner, litt over gjennomsnittslønna i Noreg som låg på 12 000 kroner.

I 1978 hadde lektorane ei månadslønn på 30 000 (1998-kroner) i gjennomsnitt, rundt 70 prosent meir enn ein gjennomsnittleg norsk lønnsmottakar.

Så kom nedturen og lønnsnedgangen: I 1998 var lektorane komne ned i 23 000 i månadslønn. Først i 2007 tente ein lektor igjen 30 000 kroner – like mykje som ein lektor i 1978. Men då hadde «alle andre» tatt igjen dei tidlegare høgtlønte lektorane. I 2007 tente gjennomsnittsnordmannen berre om lag tusen 1998-kroner mindre enn lektorane i månaden.

Lektorane gjekk altså frå å tene to tredjedelar meir enn nordmenn, til å verte nordmenn flest, berre med mykje meir i studielån. Deretter starta debatten

Helle Christin Nyhuus kommenterte saka om lektorane i innlegget Lønna er ikkje det ho eingong var. Her skriv ho at lektorane har tapt i oppgjer etter oppgjer, og undrar seg over at ikkje fleire føresette reagerer på at nesten kvar femte «lærar» i skulen underviser borna deira utan å vere kvalifiserte til jobben. I neste utgåve av Dag og Tid protesterer KS-sjef Tor Arne Gangsø på det meste i innlegget til Nyhuus. Han meiner Lektorlaget målar med brei pensel når dei seier at «lærarane» er taparar i dette tariffoppgjeret. Han peikar på at dei unge, nyutdanna lærarane «er blant vinnarane i tariffoppgjeret».

Nyhuus svarar KS i eit nytt innlegg. Saman med leiar i Lektorstudentene, Anne Marie Brunborg, skriv ho at utfordringa for KS ikkje berre er å rekruttere dei nyutdanna lærarane og lektorane inn i skulen, men å behalde dei som allereie jobbar der.

Etter sommaren melder fleire seg på i ordskiftet.

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik, tidlegare tillitsvalde og lektorar, skriv at hovudproblemet for lektorane er at dei i årevis har vore politisk upopulære. Dei har for lang utdanning og er for dyre i drift.

Dei liker ikkje at Nyhuus i innlegget sitt skriv at «Norsk Lektorlag vart stifta i 1997 som eit opprør mot nedvurderinga av faglege kunnskapar og ein anti-intellektualisme i skulen og samfunnet». Dei meiner dette er ei forklaring innpakka i glanspapir. «Realiteten er at somme lektorar heldt seg for gode til å vere i organisasjonsfellesskap (Lærarforbundet) med kollegaer med anna utdanning, sjølv om dei delte arbeidsplass. Etter kvart blei dei mange nok til å etablere eit miniforbund. Seinare har Lektorlaget hatt ein viss medlemsvekst.» Folkestad og Ryssevik legg også til følgjande: «Men det er opplagt at organisasjonskløyvinga svekkjer lektorane. Lektorane – gamle og nye – bør difor samle seg og kjempe gjennom Utdanningsforbundet – både når det gjeld lønn og fag.»

Det må nemnast at Folkestad var tidlegare leiar i Lærarforbundet og i Unio, og at Ryssevik arbeidde i Utdanningsforbundet.

Dét sette fyr i tidlegare leiar i Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen. Ho fekk innlegget på neste side publisert i Dag og Tid 15. august.

This article is from: