6 minute read

Litt av ein heildagsprøvedag!

Multimediale tekstar er fine å bruke i engelskfaget. Bilde, lyd, video, alt bidrar til å formidle ein bodskap gjennom ulike uttrykk og aktivere elevens register for interaksjon med teksten. På mi avdeling avgjorde lærarane likevel at på heildagsprøva, då skulle me ikkje bruke lydfil eller lyttetekst og liknande, for det blir fort krøll. Her om dagen var eg vikar som lærar på heildagsprøve i ei ny klasse. Det var ein del å setje seg inn i – blant anna får vi ikkje vaktar i år, slike som kan komme og følgje elevar ut på toalettet eller til ein luftepause. Dermed valde vi å dele opp prøva i tre med pause mellom kvar del. Det vil seie eit sinnrikt opplegg på itslearning der del 1 blir lukka for innlevering ved første pause, del 2 til andre pausen, før vi opnar del 3 i siste økta. Elevane fann seg i denne ordninga. Javel.

LYDFIL OG OVERGANGSKABEL

Så var det ein video om plagiering. Okei! Her var det likevel valt å bruke lydfil. Eg høyrde gjennom den, den var grei, og eg minte meg sjølv om å hugse å ta med overgangskabelen til å kople pc-en til projektor. I min bygning er det framleis kablar som gjeld. Eg tok ein tur innom klasserommet for å sjå etter at det var nok plass og nok pultar. Det var det. I ti-tida kvelden før oppdaga eg at læraren eg vikarierte for, refererte til eit anna rom enn det som var oppgitt, i ein annan bygning. Den er eg kjend i også, heldigvis.

TRÅDLAUST

Og Hdmi

Dagen starta fint med ei stor, fin klasse som var spente på heildagsprøva. Brått hugsa eg meldinga frå IT på itslearning om at det var nye projektorar i bygningen og trådlaus oppkopling. Læraren kom innom for å ønskje elevane lukke til – ho hadde heildagsprøve med ei anna klasse ved sida av. Eg nytta høvet til å be henne vise meg oppkoplinga. Den var lett: Windows-ikonet og K. Der var vi. Alt klart! Litt tid tok det å samle inn alle mobiltelefonar og éi smartklokke, men alt i alt ein god start med litt nervøs uro i klassa. Så spelar me videoen. Det går fint – bildet er sylskarpt. Men lyden, kva var det med lyden? Snakkar dei kinesisk? Nå skjønte vi at det var lyden som hang etter, i tillegg til ein rar klang i dei splitter nye høgtalarane. Så rart i grunnen, kor avhengige vi er av heilskapen for å kunne tyde innhaldet. Andlet og munnar som ser ut som dei snakkar, men utan at orda kjem i rett tid. Eg prøver igjen med ein HDMI-kabel. Den fungerer ikkje på det nye anlegget. Igjen eit forsøk på det trådlause anlegget. Igjen dette ivrig deltakande andletet med snakkemimikk, der lyden dessverre kjem eit sekund etter. Her var det eg bestemte meg for å sende ei SOS-melding til IT-personen vår, samt to personar i administrasjonen. Dei kom raskt med ei kasse med hovudsett til dei elevane som ikkje hadde med seg, slik at dei kunne lytte sjølve til MP4-fila som Marta heldigvis hadde lagt ut i lag med oppgåva! Tobias hjelpte også to som ikkje fekk Ordnett til å verke, og éin elev som hadde ein pc som hadde hengt seg opp. Etter dette går det på ein måte bra.

Men lyden, kva var det med lyden? Snakkar dei kinesisk? Nå skjønte vi at det var lyden som hang etter, i tillegg til ein rar klang i dei splitter nye høgtalarane.

Ladekablar Og Lagring

Elevane har mange spørsmål, og eg klatrar omkring i klasserommet over sekkar, bagar og brusflasker, åler meg under ein jungel av ladekablar, og ser til at alle har funne oppgåva og videofila på itslearning og har forstått kva dei skal gjere. Skal dei skrive i Word? Skal det vere topptekst? Når det nærmar seg innlevering, forstår mange at dei ikkje kan lagre teksten sin i OneDrive. Internett er stengt under prøva. Dette medfører ei rad med konsultasjonar for å vise at dei må lagre teksten på eigen pc, gi den eit fornuftig namn i ein foldar – kva med å kalle den Engelsk? – slik at dei lett kan finne den igjen. Medan vi gjer dette, går fristen for innlevering av del 1 ut. På dette tidspunktet er det ein god del elevar som har begynt å føre inn referansar (éi kjelde), og nokre spør om det er greitt at teksten er litt over 200 ord. Dei som har levert, går utan vidare om og men ut til frukostpause. Det eg då kan gjere, er å hjelpe dei som er igjen, med å lagre og laste opp teksten til oppgåvefoldaren på itslearning og forlenge innleveringsfristen med fem minutt. Så det blir ikkje lange frukostpausen, kan du sei. Nå er vi i hamn med del 1.

MOBILHOTELL OG INNLEVERING

Før eg får sukk for meg, er dei tilbake etter ein kort pause. Her kjem eg til å tenke på at med all denne viraken er det jo veldig positivt å oppleve kor greitt eg har takla denne stresstesten. Noko skal ein jo gje seg sjølv. Eg innleier del 2 med at nå, nå har vi jo litt øving på dette med innle ke med uføresette nye problem – nokre tekniske og, vel, tekniske stort sett. Golvet var feia då eg kom inn etter lunsjpause, og kosten stod der fint klar til bruk igjen i tilfelle nye uhell (det var det). Etter ein kort pep-talk til elevane gjekk vi i gong med del 3. Elevane oppdaga raskt at her mangla noko. I oppgåva var det oppgitt at dei kunne vel je mellom fleire emne, topics. Oppgåva var merkt med A. Det kunne tyde på at det skulle vore ei B- og ei C-oppgåve òg. Dei hadde fått inntrykk av at det skulle vere fleire alternativ å velje mel lom i langsvarsoppgåva. Det hadde eg òg for venta, men bad dei om å begynne på oppgåva medan eg undersøkte dette med læraren deira.

PC/MAC-PROBLEMATIKKEN

Det er overraskande kor sakte det går med e-post når ein treng rask avklåring. Eg kunne ikkje finne Marta sitt telefonnummer, men eg sende ei tekst melding til Solgunn på kontoret. Ho var i møte. Kvar kunne eg finne Marta? Og kunne nokon komme medan eg gjekk for å høyre med henne? Ja, ho sender Lisbeth. Samstundes har ein elev ei pc-oppleving vi alle fryktar på ein heildagsprøve eller eksamen. Word fungerte ikkje, itslearning kom ho ikkje inn på og kunne ikkje lese oppgåva eller begynne å skrive. Mac er vanskeleg for meg å hjelpe til med, og den har ofte problem i skulen, kanskje fordi det er tilpassa til pc for det meste. Eg gir henne papir og blyant til å begynne med, skriv oppgåveteksten ned for henne, slik at ho kan begynne på oppgåva – som kanskje, kanskje ikkje er den som ho vil velje. Eg tenkjer tilbake til den tida då vi skreiv på papir … Eg tar kontakt med Tobias på IT igjen, per e-post, for eg veit at han er online heile tida. Han er raskt oppe i klasserommet, prøver litt med Mac-en, men det vil ikkje fungere. Det slår meg at den sikkert er god, men fordi den arbeider opp mot internett, får den problem med å opne program når vi har prøvemodus med avgrensa tilgang til internett. Eg spør om ho kan få låne ein pc, og det kan ho, men det vil ta litt tid fordi han må installere Office på ei lånemaskin. Eg seier ja takk, begge delar.

Vedlegg I Kranglemodus

Så kjem Lisbeth, og då kan vi hente Marta, som får ei vakt medan ho ordnar opp. Vi finn ut at oppgåveteksten som ho har lagt ut på itslear- på ei e-postmelding på itslearning, for det har dei i det aller minste tilgang til. Bortsett frå den eleven som ikkje har pc. Eg skundar meg å vise henne teksten på min pc. Og oppmodar henne om å begynne å skrive litt på papir. Og tenkjer litt tilbake til ei anna tid – blir rett nostalgisk.

Overtid

Då er det ein velsigna elev som seier at det går an å trykke på dei tre prikkane ved sida av vedlegget og ‘last ned’. Det var flott! Nå går det bra. Nå skjønar eg at den òg er sendt på melding til elevane. Alle har fått oppgåvene og kan begynne på ordentleg. Vi legg til førti minutt til innleveringsfristen. Og så er det å fokusere på innhaldet i oppgåvene. Så er det ein elev litt bak i rommet som ber om hjelp. Han får ikkje opne vedlegget. Å ja, du kan trykke på dei tre prikkane og ‘last ned.’ Då går det fint.

Ikkje mange minuttane etter er det ein elev som leverer inn oppgåva og går. Ho har begynt tidleg på oppgåve A og er ferdig med teksten sin. Det var mange rare hindringar denne dagen, men som Lisbeth sa, det er jo derfor vi øver. Eksamen er jo rett rundt hjørnet …

Mister fellesskolen forståelsen av faglighet, kan fellesskolen miste sin egen verdi.

This article is from: