10 minute read

Digital fjernundervisning i 25 år

– For elevane våre er det berre ein god ting med digital skule. Kva andre moglegheiter hadde dei hatt til å lære norsk?

TEKST: ANNE SANDE

Globalskolen underviser dette skuleåret 1270 elevar i grunnskulealder i 93 land i dei særnorske faga norsk, samfunnsfag og KRLE. Hovudkontoret er i Volda, men lærarane bur ulike stader i landet.

Elevane ved Globalskolen jobbar med faga på kveldstid og i helger. På dagtid går dei på sine ordinære skular. Foreldra til elevane jobbar ofte nokre år utanriks, i verksemder som til dømes Equinor og Forsvaret eller på ambassadar. Skulen legg elles til rette for at born som er i utlandet ein periode, skal kunne kome tilbake til sin klasse i norsk skule utan å ha gått glipp av viktig utvikling og læring. Andre elevar bur permanent i utlandet med norsk mor eller far og er difor motiverte til å lære norsk språk. Elevane går på skulen minst eitt semester og opptil fleire år. Nokre har gått heile skuleløpet på Globalskolen, parallelt med lokal eller internasjonal skule i landet dei bur i.

All undervisning i Globalskolen, ein og ein halv time i veka, er på skjerm. Grunna tidssoner er lærarar i Noreg og elevar i ulike land logga på til forskjellige tider. Lærarane i Globalskolen brukar ofte video for at elevane skal oppleve ei form for nærleik likevel.

LÆRAR I ASKER

Ei av dei 25 tilsette på Globalskolen er Ingebjørg Lyster, som held til i Heggedal i Asker kommune.

Ho har jobba i Globalskolen i 16 år. Før dette var ho lærar på mellomtrinnet i vanleg norsk skule. Lyster har vore med på bygge opp tilbodet om andrespråkopplæring i Globalskolen. Ho har fagleg ansvar for andrespråkopplæringa på 7. og 8. trinn og er kontaktlærar på 9. og 10. trinn. Til saman har ho 65 elevar.

Jobben til Ingebjørg Lyster går ut på å lage eigne undervisningsopplegg, passe på at elevane leverer, og å gje vurderingar kvar veke. Alt skjer på læringsplattforma Canvas.

– Det som skil Globalskolen veldig frå det vi vanlegvis oppfattar som e-læring med sjølvrettande oppgåver, er den personlege kontakten med læraren, seier Lyster.

TID TIL KREATIVITET

I Globalskolen har lærarane god tid til å lage eigne, kreative undervisningsopplegg. Av og til syng og spelar ho gitar på video til elevane. Dei kan bruke tid på slikt fordi det er noko anna dei slepp å gjere: daglege rutinar i vanleg, norsk skule, som dokumentasjon kring fråvær, orden og åtferd. Globalskolen er ein skule utan åtferdsvanskar. Lyster meiner likevel at erfaring frå ordinær skulekvardag er viktig.

– Eg trur ikkje ein skal vere nettlærar utan å ha solid bakgrunn frå norsk skule. Det å ha vore ute i vanleg skule gjer noko med kven du er blitt som lærar.

– Kva eigenskapar bør ein lærar i Globalskolen ha?

– Kreativitet, sjølvdisiplin, ekstra god kompetanse i norsk, genuin interesse for pedagogikk og nettbasert pedagogikk spesielt, og evne til å sjå og bli glad i eleven. Så er det alltid bra for ein lærar å kunne gje noko ekstra til dei som presterer høgt og treng å strekke seg enda meir, samtidig som ein må ha god tilrettelegging for dei som slit, presiserer ho.

I mange av oppgåvene hennar er det lagt opp til å vise refleksjon, noko som også er ulikt e-læring.

Sjølv likar ho å kommunisere via film, og legg vekt på at tilbakemeldingane til elevane skal kome raskt.

Heimekontoret

På heimekontoret har Lyster to skjermar, videokamera, mikrofon, høgtalar, greenscreen og ein boks med

Lærar Ingebjørg Lyster held til i Heggedal i Asker kommune.

Eg trur ikkje ein skal vere nettlærar utan å ha solid bakgrunn frå norsk skule. Det å ha vore ute i vanleg skule gjer noko med kven du er blitt som lærar.

Elev Candela

Winter Seva (14) bur i Zaragoza i Spania. Ho er elev på niande året i Globalskolen. lydeffektar som ho har programmert inn mellom anna med applaus, musikk og latter.

Ho kan filme seg sjølv med elevane sine oppgåver bak. Når ho lagar videoar til undervisninga, er ho opptatt av å vere litt leiken. Som i introduksjonsvideoen om norske polfararar, der læraren innleiar temaet, godt vinterkledd med vottar og lue.

– Å vere leiken må ikkje forvekslast med å vere barnsleg. Men også vi vaksne kan lære meir når lærestoffet blir brote opp med interaktive oppgåver, seier ho

Elev I Spania

Candela Winter Seva (14) bur i Zaragoza i Spania, med spansk mor og norsk far. Ho har vore elev i ni år og er ferdig på Globalskolen neste år. Candela synest ikkje det er vanskeleg å kombinere to skular. Ho jobbar for det meste med oppgåvene på Globalskolen i helgene. Når ho har eksamenar og mykje arbeid på sin lokale skule, tek ho det opp med læraren på Globalskolen.

– Det går greitt, for eg spør læraren min om eg kan ta leksjonen ein annan dag, fordi eg må studere på den spanske skulen.

Ho brukar halvannan time på lekser og synest det er viktig å rekke å gjere frivillige oppgåver i tillegg til dei obligatoriske.

Når ho jobbar med Globalskolen, har Candela Winter Seva ein støttespelar i faren. Han har alltid snakka norsk med Candela heime, men det er fint at ho lærer norsk grammatikk og å skrive norsk av Globalskolen. Kunnskap om norsk kultur og samfunn er med på å styrke Candela sin norske identitet.

– Eg går på Globalskolen for å lære å skrive norsk. Viss ein begynner når ein er ung, er det ikkje så vanskeleg å lære, meiner ho.

Det å jobbe digitalt likar ho godt, også fordi det skaper variasjon frå oppgåver i den lokale skulen, der ho er van med lærebøker og blyant.

25 Rs Digital Erfaring

Rektor Lilli Brenne Røv fortel at Globalskolen, etter 25 år med heildigital undervisning, har opparbeidd mykje nettbasert kompetanse.

– Under koronapandemien fekk vi tilbakemelding på at vi hadde knekt nokre kodar som andre skular ikkje hadde knekt, i høve det å drive nettundervisning. Når dei samanlikna oss med lokal skule, kom vi sterkare ut, seier Røv.

Ho rosar lærarane for jobben dei gjer med å oppdatere, utvikle og kvalitetssikre lærestoffet kvart år.

– Lærarane er knallgode på det med å by på seg sjølv, relasjon og utvikling. Dei er stolte av jobben sin og det at det går an å lukkast med nettundervisning, understrekar Røv.

ELEVKONTAKTEN

Ingebjørg Lyster bekreftar at ho ikkje «snur bunken», men oppdaterer undervisningsopplegga sine stadig med noko nytt og aktuelt. I oppgåvene legg ho vekt på variasjon, aktivitet og at elevane også får høve til å vere kreative. Korte videoar der elevane les tekstar på norsk, er ein god måte for henne som lærar å få vite kva nivå eleven er på. Alle elevane får tilbakemelding, gjerne gjennom ein kort video der læraren kommenterer lesinga, ei lydmelding eller ein tekst. Lyster meiner video gjerne kan nyttast meir i vanleg skule også.

– Lærarar i framandspråk treng å høyre elevane lese. I staden for at heile klassen høyrer på, kan eleven sitje heime og lese for læraren i ro og fred. Slik kan ein lytte til kvar enkelt elev, for så å gje individuell respons, seier ho som eit eksempel

På ein av elevvideoane er det ei stemme i bakgrunnen som korrigerer norskuttalen. Er det eit problem med for ivrige foreldre?

– Eg trur det er veldig forskjellig. Nokre vil slett ikkje ha hjelp sjølv om foreldra gjerne vil. Andre sit saman med foreldra, og vi ser at dei har det kjempekoseleg, fortel ho og legg til at hjelpsame besteforeldre i Noreg absolutt kan vere ein positiv faktor i læringa.

– Men er det enkelte som kanskje får litt for mykje hjelp, med tanke på vurdering?

– Det trur eg heilt sikkert, men eg må vere litt avslappa på kva som er mi oppgåve, som er å legge til rette for læring. Eg kan ikkje bere eleven gjennom Globalskolen og heile tida sørge for at ho eller han lærer. Det er eleven og familien sitt ansvar. Vi passar på at dei leverer jamleg, vurderer og gjer vår del av jobben, men dersom dei vil kome seg lettvint gjennom, er det mogeleg, seier ho.

Ingebjørg Lyster er ikkje like tett på alle sine 65 elevar. Nokre elevar er motiverte og genuint interesserte i å lære, andre er der mest fordi foreldra vil det.

Perspektivet

Elevane i ein «klasse» sit kvar for seg rundt om i verda. I forumoppgåver er det ei viss samhandling mellom elevane ved at dei får sjå kva andre skriv. Dette kan vere både lærerikt og inspirerande. Lyster fortel at ho nettopp har hatt ei oppgåve om norske ordspråk, der elevane også skulle finne ordspråk i det språket dei har på skulen, omsette det til norsk og forklare kva det betyr.

– Slike oppgåver bygger opp rundt kjensla av å vere ein skule for heile verda og ha verdas største klasserom, seier Lyster.

Andre gonger får ho vise fram elevarbeid, og på den måten får elevane nye idear og blir inspirerte av kvarandre.

Ingebjørg Lyster fortel også at undervisninga er oppdatert på universell utforming for elevar med spesielle utfordringar.

– Vi tekstar filmar, vi passar på korleis vi brukar fargar, punktlister med meir, altså alt som har med universell utforming å gjere. Der får vi god hjelp av Canvas, for læringsplattforma gjev oss beskjed dersom noko er feil i høve dette.

RAMMEVERKET

Globalskolen styrer etter ordninga «Kompletterende undervisning i norsk, samfunnsfag og KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk) for elever ved utenlandske eller internasjonale grunnskoler i utlandet».

– Globalskolen sitt mål er å levere den beste nettundervisninga innanfor rammene av forskrifta. Modellen vi har, fungerer godt, men det er nokre føresetnader, som tett samarbeid med foreldre, spesielt for dei yngste elevane som treng ein assistent ved sida av seg. Motivasjon er ein annan føresetnad, seier Lilli Brenne Røv. Rektoren er også opptatt av verdiane som blir formidla i Globalskolen, og kvifor dei er viktige.

– Vekt på demokrati og utvikling av eigne meiningar, sjølvstende, refleksjon og argumentasjon er ikkje like vanleg i ein del andre skulesystem. Norskundervisninga er sjølvsagt viktig, for ein skal ikkje bu lenge i utlandet før språket blir prega og svekt. KRLE er eit viktig fag fordi undervisning i religion i ein del land er lagd utanom skulen, seier Røv.

KRLE OG EIGNE MEININGAR

Eleven i Spania synest KRLE er spennande.

– Eg pleier ikkje å lære om andre religionar på den lokale skulen min. Vi har faget, men lærer berre om vår religion. Eg liker faga vi har i Globalskolen, seier Candela Winter Seva.

Lærar Ingebjørg Lyster fortel at undervisning i KRLE-faget blir sett pris på, men at det også kan kome spørsmål frå foreldre om kvifor elevane skal lære om religionar. Ho forklarer at både samfunnsfag og KRLE styrker språkopplæringa ved at det krev ein annan type norsk enn det språket som blir snakka heime.

– Elevane lærer faglege omgrep og å formulere seg sakleg, så det er veldig utviklande for språket.

Ei anna tilbakemelding frå foreldre er at dei ser verdien i at elevane lærer å uttrykke eigne meiningar. For nokre elevar er det uvant. Å finne og bruke kjelder

Globalskolen AS

• Starta i 1998 som eit forsøk i fem år med 15 elevar.

• I 2023 er det 1270 elevar i 93 land.

• 16 klassar frå 1. til 10. trinn

• Undervisning i norsk, samfunnsfag og KRLE.

• Verdiar: Nær, lærande og kompetent

• Søknadsfristar: 30. august og 30. januar.

Lilli Brenne Røv har vore rektor på Globalskolen i tolv år. Foto: Globalskolen lom anna vekt på leikprega oppgåver. Ein må spisse undervisninga og skape variasjon også innan det digitale, seier Røv.

Det Candela Winter Seva opplever er mest ulikt mellom den spanske lokalskulen og Globalskolen, er at lærarane i Globalskolen spør elevane kva dei treng, om noko er for vanskeleg, eller om det er noko dei ikkje forstår, og kva dei likar å jobbe med.

Globalskolen får takk for at lærarane «rosar ungane gode». For mange elevar er dette ein kontrast til det dei opplever i skulekvardagen elles.

Lærarane har også høve til å reise og besøke elevar i utlandet, og Lyster har møtt familiar i ulike land.

– Det som har gjort spesielt inntrykk, er foreldre si takksemd over å få hjelp til å lære borna norsk, slik at dei får utvikle seg som norske. Det er viktig for identiteten deira.

RESSURSANE er kjent, men i Globalskolen blir det lagt vekt på refleksjon, kjeldekritikk og nettvett.

Den Digitale G Va

Å snakke om utfordringar med digitale læremiddel, som er eit tema i norsk skule, er ikkje relevant i Globalskolen, ifølgje Ingebjørg Lyster.

– Eg vil seie at digitale læremiddel først og fremst er ei stor gåve for desse elevane. Kva andre moglegheiter hadde dei hatt? Våre elevar kan bu kvar som helst, og berre dei har nett, kan dei få undervisning. Utfordringar med digital læring må ein heller snakke med lærarar i ordinær skule om. Som lærar i Globalskolen ser eg det berre som positivt.

Elevane har hatt ein krevjande skuledag bak seg når dei loggar seg på Globalskolen på kveldstid. Ho brukar korte tekstar, interaktive oppgåver med sjekkmoglegheit, kahoot, kryssord, memory-oppgåver, interaktive videoar med forklaringar og forskjellige oppgåver undervegs.

Fokus på karakterar varierer mykje frå land til land.

– Dei internasjonale skulane har ofte eit mykje større press på elevane, også dei yngre, enn vi er vane med i norsk skule. Difor legg lærarane på Globalskolen mel-

Fullført skulegang på Globalskolen kan sjå bra ut på ein CV. At elevane har budd i utlandet og hatt norskundervisning i tillegg til vanleg skule, seier noko om kapasitet og at dei har kunnskap om Noreg. Nokre av elevane skal heim til norsk skule etter nokre år i utlandet, andre er berre i Noreg på ferie. Uansett er det ungdomar som har ein kompetanse det norske samfunnet kan ha stor nytte av.

– Desse har, for oss, dei mest framande språk som sitt morsmål, og kan norsk i tillegg. Det må jo vere ein verdifull ressurs som kan kome Noreg til gode? Eg seier også til elevane at dei må vere klar over kva kompetanse dei får, som dei kan bruke på forskjellig vis i framtida, seier Lyster.

Statsbudsjettet

Globalskolen er eit non-profitt-selskap. Volda kommune tok over eigarskapen i 2021. Globalskolen sitt styre har representantar frå kommunar og lokalt næringsliv på Sunnmøre. Over styret er Utdanningsdirektoratet. Det er stor spenning knytt til dei årlege statsbudsjetta.

I 2017, etter reduksjon av den statlege støtta, måtte skulen innføre foreldrebetaling. I år er denne på eitt tusen kroner per elev for kvart semester, og skulen har søskenmoderasjon.

Globalskolen får betalt for kvar elev som leverer. Under pandemien hadde skulen ein nedgang i elevtalet, noko som førte til redusert offentleg støtte. No har elevtalet byrja å auke igjen, og for første gong måtte Globalskolen melde at dei ikkje kunne ta inn fleire elevar, då det var fullt.

– Kva mål har Globalskolen framover?

– Å halde tritt med utviklinga og utfordringane, mellom anna kunstig intelligens, og korleis integrere AI på ein god måte i undervisninga. Vi ser allereie no at elevane brukar dette, legg Røv til.

Gabriela Barboza Idsø LEKTORSTUDENT

I skrivende stund er det flere som går mot sine siste dager som studenter. Skoleåret 2022/2023 er straks ferdig, og for ferdigutdannede lektorer er ansettelsene for kommende skoleår i god sving allerede.

This article is from: