Rom for ord Programkatalog vår 2016

Page 1

NYNORSK BARNELITTERTURFEST Fest for dei minste på Førdehuset.

Side 8

UTE AV KONTROLL?

FRANSKE FAVORITTAR

Bokbad og debatt på Pikant.

Vegvisar til fransk litteratur – på nynorsk.

Side 19

Side 12

#1 Litterær programkatalog | VÅR 2016

– DET STØRSTE SITATET HAR EG TENKT PÅ I FØRTI ÅR. UTAN Å KLARE Å LØYSE DET. Edvard Hoem om å omsetje William Shakespeare. 11-12 mars: Teaterhelg i Førdehuset

Shakespeare: En midtsommernattsdrøm Henrik Ibsen: Vildanden

Kva har klassikaren å seie til oss i dag? Velkomen til kulturkafé laurdag 12. mars!


ROM FOR ORD Å LESE ER EI TRENING I Å LEVE, SEIER FORFATTAREN ERNA OSLAND I EIT INTERVJU. I MØTE MED BØKENE LÆRER VI BÅDE OSS SJØLVE OG ANDRE BETRE Å KJENNE. I OG KRING NYNORSKBYEN FØRDE VIL VI SJÅ ETTER GODE MØTESTADER MELLOM TEKST OG LESAR. - Førde kommune er ein aktiv pådrivar for nynorsksatsinga, ikkje berre i eigen by, men i heile regionen. Denne fine attesten var ein del av grunngjevinga då kulturminister Linda Hofstad Helleland gav oss prisen Årets nynorskkommune like før jul i fjor. Førde kommune ønsker å bruke denne utmerkinga til å legge eit grunnlag for meir formidling av nynorsk litteratur. Som nynorskbrukarar skriv vi eit språk som er mindre brukt i det offentlege rommet. Å sjå, høyre og bruke sitt eige skriftspråk er ein demokratisk rett. Det er avgjerande

2

for å kunne delta i samfunnet til det beste for seg sjølv og andre. Mange arbeider i dette feltet. I opplæringa, i kulturlivet og på fritida. Programmet vi presenterer i denne vårkatalogen syner korleis ulike former for samarbeid skaper nye rom for ord. Nye samarbeid er muleg i neste sesong, la oss høyre frå deg! Så lærer vi oss sjølve og andre betre å kjenne. Og kan leve godt i lag.

Olve Grotle, ordførar


DU MÅ VERE KOMEN TIL BYEN! EG KAN TYDELEG SJÅ DET. ALLE HUS LIGG OG SMILER TIL MEG. DEI HAR FORSTÅTT AT EG ELSKAR DEG. (Frå diktet DU av Marie Takvam)

Slik kan eit møte med den rette boka vere. Det er som om teksten straks får auge på deg. Skjønar deg. Ser den du var, den du er, den du vil vere. Det er som å møte ein du elskar. Som elskar deg att. Denne våren kjem litteraturen til byen. Som dikt, drama, prosa, fagtekst, song og eventyr. Til nye rom for ord, til nye møter. Mellom biblioteket og byen, mellom byen og bygda, mellom stor og liten, mellom dagen og kvelden, mellom språket og røynda. Mellom boka og deg.

Rom for ord er støtta av:

3


HJARTEROM FOR ORD I BIBLIOTEKET I NYNORSKBYEN FØRDE SI SATSING PÅ EIT STØRRE LITTERÆRT KULTUR – OG DEBATTILBOD, SKAL FØRDE BIBLIOTEK VERE HJARTET. EIN PULSERANDE, LEVANDE MØTEPLASS DER EIT LÅNEKORT GJEV ALLE EIN NØKKEL TIL KUNNSKAP OG OPPLEVINGAR HEILT GRATIS!

”Rom for ord” skaper nye scener for formidling av litteratur i vårt nærmiljø. Gjennom dette samarbeidet med teater, utestader, grendelag, og andre lag og organisasjonar utviklar biblioteket seg. Vi vonar at dette første vårprogrammet vil inspirere deg! Sjå på det som ei utstrekt hand til nye samarbeid. Vi ynskjer å invitere innbyggjarane i nynorskbyen og bygdene i kring til å vere med å skape større aktivitet i biblioteket. Vi ynskjer oss fleire rom for ord, - for medverknad, deltaking og diskusjon. Mellom arrangementa i denne programkatalogen, vil vi løfte fram eitt: Denne våren lanserer Førde bibliotek si første bok. ”Det nye landet” samlar tekstar skrivne av nye

4

nordmenn. Når du les tekstane kjem du nærare dei nye som har kome hit. Med si historie, sin kultur, si skaparkraft har dei skrive til oss. Rett frå hjartet! Tekstane gjer djupt inntrykk, vi er svært stolte av boka vår. Nokon er redde for at den digitale utviklinga og satsinga på formidling skal gå utover det tradisjonelle bibliotektenesta. Denne redsla har ikkje vi på biblioteket. Heller ikkje dei 60 000 som besøker oss årleg. Biblioteket er i dag viktigare enn nokon gong. På neste side kan du lese om nokre av dei faste tilboda våre. Deretter om det nye kulturprogrammet. Vi gler oss til denne våren!


FASTE TILBOD I BIBLIOTEKET LESESTUND Alle born mellom tre og seks år er hjarteleg velkomne til hyggeleg lesestund på Førde bibliotek ein fredag i månaden. Bibliotekarane ynskjer å dele gode leseopplevingar. Fredag 19. februar kl. 10.30 – 11.00 Fredag 18. mars kl. 10.30 – 11.00 Fredag 15. april kl. 10.30 – 11.00 For at borna skal få glede av lesestunda, så ynskjer vi å ha ein viss kontroll med kor mange som kjem. Påmelding sendast til io@forde.kommune.no seinast onsdag same veka.

SPRÅKKAFÈ Språkkaféen er på tysdagar kl. 13.00 - 14.30. 23. februar - 22. mars - 26. april

VELKOMMEN TIL FØRDE BIBLIOTEK! Ei full oversikt over tilbod og tenester finn du her: www.fordehuset/bibliotek

Har du tenkt på at du skulle gjort noko for flyktningane som er hamna her i Sunnfjord? Då har du ein fin muligheit her! På språkkafeen møtast vi over ein kopp med te eller kaffi til ein times uformell prat der målet er språktrening. Tilbodet er gratis og leia av ein bibliotekar som vil foreslå tema for samtalen kvar gong, for å hjelpe praten i gang.

Førde bibliotek 5


(Foto: Heidi Hattestein)

KULTURMØTEPLASSEN PIKANT PIKANT RESTAURANT OG BAR ER EI ARKITEKTONISK PERLE, DER HO STREKKER SEG MOT ELVA OG SPEGLAR SEG I JØLSTRA SOM RENN ROLEG FORBI. Å BESØKE PIKANT SKAL VERE EI GOD OPPLEVING, EI OPPLEVING SOM GJER AT DU KJEM TILBAKE. KVA VENTAR DEG HJÅ OSS? God mat, sjølvsagt. For alle smakar. Sosialt samvære, lun atmosfære, skiftande interiør og utstillingar og ikkje minst; Kultur. Vi heiar på flinke forfattarar, artistar og kunstnarar, og inviterer våre gjester til å gjere det same. Saman med frilansjournalist Marit Bendz i Skrifta & Veggen har vi skapt ei ny, intim scene i Førde. Torsdagskveldane på Pikant kan skilte med litterære samtalar, samfunnsdebattar og temakveldar.

6

Kulturmøteplassen Pikant syner deg nye sider ved forfattarane, tekstar du ikkje kjente til, eit anna argument i ei sak. Marit finn interessante vinklingar, stiller gode og klare spørsmål. På Pikant får orda eit fysisk rom å vere i. Marit gjev orda rom i tankane og kjenslene våre. Saman skaper vi nye rom for ord i Nynorskbyen Førde. Velkomne!


LITTERATUR I GRENDEHUSET INTERESSE FOR LITTERATUR ER SLETT IKKJE BERRE EIT URBANT FENOMEN. DEN RIKE KULTURHISTORIA I BYGDENE VÅRE KVILER PÅ EIN LANG TRADISJON FOR Å VERE LESANDE OG SKRIVANDE. KANSKJE INNEBER DETTE KVALITETAR SOM KAN TILFØRE NOKO, OGSÅ I FORMIDLINGA AV DEN MODERNE LITTERATUREN?

Skaparkraft er eit varemerke for Jølster. Nikolai Astrup sine landskap vekkjer denne våren stor interesse internasjonalt. Kunstnarheimen på Sandalsstrand var open og gjestfri. Astrup sjølv var utovervendt, reiseglad og inspirert av kunstnarar både frå andre land og verdsdelar. Men det var Jølster han måla. I møte med diktekunsten kan vi oppleve noko av det same. Tekstar skrivne frå andre landskap om andre liv, kan

seie oss noko om vårt eige og syne oss kor verdifullt det er. Kor vakkert det er. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket vil Jølster bibliotek prøve ut lokale grendehus som scener for litteraturformidling. Vårvon ungdomslag sitt forsamlingshus i Svidalen er først ut. Ei stor sperrestove, flytta hit på godt sledeføre ein etterjulsvinter tidleg på femtitalet. Korleis finn den litterære samtalen si form i det gamle grendehuset?

7


SOMLESAMTALE I DIKTSAMLINGA KUNSTEN Å SOMLE GÅR VI INN I DET MAGISKE UNIVERSET TIL HANS SANDE, SOM FÅR OSS BÅDE TIL Å LE OG GRÅTE. «Hans Sande er ein velsigna uføreseieleg forfattar. (...) Styrken i dikta ligg i at dei rotar til i dei språklege vaneførestillingane og skriv fram oversider og undersider i tilveret ved å kombinere både råskap, villskap og ømheit. Opp mot det vankunnige kunnskapssynet som herskar for tida, der kunnskapane må kunne målast og teljast for å bli rekna som kunnskap, set Sande klokskapen. Han auser i dikta frå kulturens visdomskjelder, frå bibelsoga og mytane.» Sindre Ekrheim, Bergens Tidende Hans Sande budde mange år i Førde, og var ein av bidragsytarane i “Ete fysst”, der han og tok eit lite oppgjer med Førde og førdianarane. Men denne kvelden er han tilbake, i ein litterær somlesamtale med Marit Bendz!

TORSDAG

25

FEBRUAR PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 25.2 KL. 20 BILLETT KR 100.-

LES HØGT FOR OSS – PÅ NYNORSK! Alle born har eit potensial for å kunne like å bli lesne høgt for. Høgtlesing kan vi setje to strekar under, men for den nynorske barnelesaren er den språklege kvardagen prega av at nynorsk er eit mindre brukt språk; På tv, i bøker og på data. Gode bøker har eit rikare og meir variert ordforråd enn den munnlege samtalen. Skriftspråket har vanlegvis ein meir avansert grammatikk, fleire nyansar og klarare struktur enn talespråket. Ungane tileignar seg dette gradvis når vi les mykje for dei. For born som skal lære å ha nynorsk som opplæringsspråk er det difor så viktig at vi les høgt på nynorsk, også før dei kan lese og skrive sjølve. At vi syner ungane skriftbileta, let bøkene ligge framme. Dette tek Førde kommune på stort alvor. Og det blir lagt merke til! Like før jul drog ordføraren i nynorskbyen til hovudstaden for å hente heim prisen for Årets nynorskkommune. – Vi vil feire saman med dei minste, seier Olve Grotle glad. På sjølvaste skotårsdagen inviterer han barnehageborna i kommunen til stor fest i kommunen si storstove. Og les sjølv høgt til ungane. Ei god bok om Henrik, ei heilt spesiell and!

8

MÅNDAG

2 9 FEBRUAR FØRDEHUSET, NYNORSK BARNELITTERATURFEST, MÅNDAG 29.2 KL. 10-14.


TORSDAG

1MARS0

KROPPSKONTROLL – UTE AV KONTROLL? BOKBAD OG DEBATT

Springerinne Kristin Roset frå Sandane var mellomdistanseløparen og Noregsmeisteren som sprang for livet, og nesten ut av det. I boka «Spring for livet» skildrar ho korleis idretten, treninga, diettane og 13 år med eteforstyrringar mest tok livet av ho. Marianne Clementine Håheim frå Jølster har svart belte i å øydeleggje seg sjølv. Til slutt kunne ho knapt reise seg. I «Svart belte» skildrar

ho på poetisk vis korleis ho brukte stålkontroll til å slutte å ete. Kva gjer at unge menneske ynskjer å krympe seg sjølv til dei mest vert borte? Eller pumpar seg sjølv opp til det uattkjennelege? Kva kan du som ven, syster eller bror, far eller mor gjere for ei eller ein som er på veg inn i kroppskontrollhysteriet? Kva med leiarane på treningssentra, kva ansvar har dei og kva

gjer dei? Vi spør Psykolog Gunhild Solhaug, som har spesialutdanning i eteforstyrringar og arbeider ved vaksenpsykiatrisk poliklinikk i Førde, og sjukepleiar og personleg trenar Kent Roger Engedal, dagleg leiar på Spenst i Førde

PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 10.3 KL. 20. BILLETT KR 100.-

9


ONSDAG

9 MARS

BOKLANSERING

DET NYE L - DU KJEM SÅ NÆR DEI NYE I DET DEI SKRIV, SKRIFTA FØRER DEG RETT TIL DEN ANDRE! TEKSTANE HAR I SEG DET NYE OG DET GAMLE LANDET PÅ SAME TID, FOR NÅR DEI SKRIV OM DET GAMLE VEL DEI UT DET SOM SKIL DET FRÅ DET NYE, OG OMVENDT.

Forfattar Erna Osland er klar til å sende ei ny bok i trykken, men denne gongen er det elevar frå Førde norsksenter som har skrive tekstane. Førde bibliotek hadde lenge hatt ønskje om å gje eit større tilbod til nye landsmenn. - Vi ville skape ein møteplass for dei, og vi ville hjelpe dei med å lære norsk, seier prosjektleiar Marie Dombestein. Difor inviterte dei til målkafé, der elevar frå norsksenteret skulle lese og høyre nynorsk, praktisere språket

10

og bli kjent med ulike litterære sjangrar. Tilfanget av nynorsk litteratur er magert for dei som skal lære seg norsk som vaksne, og undervegs i prosessen kom idéen om å lage bok. Då kom forfattar Erna Osland med på laget. - Oppgåva syntes så umogeleg. Dei spurde om eg ville skrive med nokon som var nybegynnarar i norsk, og somme av dei var kanskje til og med analfabetar før dei kom! Eg likte tanken på det, for eg har alltid meint

at alle skal få sjansen til å skrive og lese, seier Erna Osland. Sju kvinner og åtte menn har fått med tekstar i boka. Ti kjem frå afrikanske land, og fem kjem frå land i Midtausten. Nynorsksenteret har vore med som rådgjevar i arbeidet med prosjektet. No er boka straks klar, og den røynde forfattaren Erna Osland har ikkje skrive anna enn baksideteksten. Førde bibliotek vil halde fram med språkkaféane, der kafé-gjestane snart kan lese og låne si eiga bok.


SUKKER I SAHARA Mannen min har fortalt meg om Sahara, sjølv har eg aldri vore der. Slik er livet i Sahara: Sahara har to heilt ulike dyr, antiloper og kamelar.

LANDET

Sahara har sand. Kvit sand heiter sukker. Men sanden kan også kallast salt: kvitt salt eller raudt salt. Sahara har også skikkeleg salt. Både menneske og dyr et salt. Og drikk salt, for vatnet er salt. Den største sorga i Sahara er at det ikkje regnar. Sahara har sand og vind. Vinden kan gjere sanden om til fjell. Sanden flyttar fort i Sahara. Det gjer også fjella.

DISKUSJON OG LÆRING: Den ferske forfattaren Zainab Hari Taher Issa saman med den røynde forfattaren Erna Osland. (Foto: Arne Stubhaug, NRK)

Prosjektleiar Marie Dombestein seier tekstane gjer inntrykk. - Dei seier noko om å måtte forlate, å lengte tilbake, å sakne nokon, og om håpet om å finne seg til rette i det nye landet. Eg har prøvd å lese

nokre av dei for familie og venner, og eg får klumpen i halsen kvar gong. Det er imponerande korleis Erna har klart å rettleie dei i denne skrivinga, til å få fram det som no står.

ZAINAB HARI TAHER ISSA TID.

FESTSALEN, FØRDEHUSET ONSDAG 9.3 KL. 13. ARRANGØR: FØRDE BIBLIOTEK

11


TURNÉ FØRDE 12. mars kl 14:30 Matiné 12. mars kl 18:00 Première Førdehuset, Teatersalen DALE 16. mars kl 19:00 Fjalerhallen FLORØ 30. mars kl 19:00 Flora samfunnshus

SOGNDAL 1. april kl 19:00 Sogndal kulturhus

JØLSTER 8. april kl 19:00 Ålhus, Borja

HØYANGER 6. april kl 19:00 Høyanger samfunnshus

NORDFJORDEID 12. april kl 19:00 Operahuset Nordfjord

ASKVOLL 7. april kl 19:00 Askvoll idrettshall

BERGEN 16. april kl 15:00 Matiné 16. april kl 19:00 Logen Teater

BILLETTAR: softeater.no/billettar flickr

I speleperioden vert Vildanden spelt i Den Kulturelle Skulesekken for elevar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane.

Den kulturelle skulesekken

REGI: ØYSTEIN ULSBERG BRAGER SCENOGRAFI: MARGRETE ESKEDAHL MEDVERKANDE: REIDUN MELVÆR BERGE | YNGVE BERVEN | KAI KENNETH HANSON | IDUN LOSNEGÅRD | KYRRE EIKÅS OTTERSEN

12

Illustrasjonsfoto: Oddleiv Apneseth - Design: Eva Tuft Design

VILDANDEN AV HENRIK IBSEN


TIL EVIG EIGE - KVA GJER AT NOKRE TEKSTAR OVERLEVER HUNDREÅRA? KVA HAR SHAKESPEARE OG IBSEN Å SEIE TIL OSS I DAG? GJENNOM SAMTALEN MED EDVARD HOEM OG ØYSTEIN ULSBERG BRAGER GLER EG MEG TIL Å FINNE MEIR UT OM DETTE. Og ikkje minst, om arbeidet med å omsetje gamle tekstar til moderne språkdrakt, slik at dei held fram å snakke til oss

Dette seier forfattar og journalist Katrine Sele. Ho leier samtalen når Sogn og Fjordane teater, Riksteatret og Førde bibliotek saman inviterer til årets andre kulturkafé i Førdehuset. – Det største sitatet har eg tenkt på i førti år. Utan å klare å løyse det, seier Edvard Hoem i eit intervju. Han er vår fremste omsetjar av verdas største dramatikar gjennom tidene, William Shakespare. Og det største sitatet? - Å vere eller ikkje vera. Det er spørsmålet. Slik talar Hamlet i Hoem si språkdrakt. Men nøgd er omsetjaren ikkje. Eitt av Ibsen sine mest kjente sitat, lyder i Maria Tryti Vennerød si solide omsetjing til nynorsk slik:

Tar du livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske tar du lukka frå det med det same.
 Dei store sitata er ein ting, heile verk er ein annan. Kva inneber det å

skulle skrive klassikarane fram til eit nytt publikum i vår tid? Denne helga står to klassikarar på scenene i Førdehuset, to evige drama av Shakespeare og Ibsen: Fredag kveld blir det romantikk, ablegøyer og eventyr, men også ein liten djevel som tuklar det til for alle når koreograf Jo Strømgren mønstrar alven Puck og alle dei andre frå komedien ”En midtsommernattsdrøm.” Laurdag går teppet opp for premieren på Sogn og Fjordane teater si tolking av Ibsens Vildanden i Øystein Ulsberg Brager sin regi. Korleis har desse tekstane overlevd hundreåra? Har dei framleis noko å seie oss? Høyr Edvard Hoem, Øystein Ulsberg Brager og Katrine Sele reflektere over klassikaren sine evige kvalitetar i denne samtalen.

FRE-SØN

1112 MARS

TEATERHELG I FØRDEHUSET FREDAG 11.3 KL. 18.30 SHAKESPEARE FOR ALLE. INTRODUKSJON VED DRAMATURG TINE THOMMASEN FREDAG 11.3 KL. 19. EN MIDSOMMERNATTSDRØM LAURDAG 12.3 KL. 14.30 MATINÉ: VILDANDEN LAURDAG 12.3 KL. 16. KULTURKAFE: TIL EVIG EIGE LAURDAG 12.3 KL. 18. PREMIERE: VILDANDEN

13


DRAUMEN OM AMERIKA NÆRARE EIN MILLION NORDMENN UTVANDRA TIL AMERIKA I DEN STORE FOLKEVANDRINGA. NÆRARE TUSEN AV DEI KOM FRÅ JØLSTER. LENGER NORD, FRÅ FRÆNA I ROMSDALEN, VAR KNUT HANSEN NESJE MELLOM DEI SOM DROG VESTOVER MOT HÅPET OM EIT BETRE LIV. Statsarkivar Yngve Nedrebø innleier om Jølstringane si utvandringssoge. Forfattar Edvard Hoem les og fortel frå arbeidet med dei to historiske romanane: ”Slåttekar i himmelen” og ”Bror din på prærien”. “Fortellingen om Hoems oldefar er større enn seg selv: den er et stykke norsk historie. Slåttekar i himmelen er en studie av en forfattermester i aksjon” BRYNJULF JUNG TJØNN, VG

14

SØNDAG

13 MARS

SVIDAL GRENDEHUS SØNDAG 13.3 KL. 15.00 ARR. JØLSTER BIBLIOTEK OG SVIDAL GRENDELAG BILLETT INKLUDERT NONSMAT OG KAFFI: KR 250,-


TORSDAG

1MARS7

PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 17.3 KL. 20. BILLETT KR 100,-

STERKT SPRÅK VEKTLØFTING OG POESI HAN VAR DEN FØRSTE LANDSKJENDE VEKTLØFTAREN FRÅ NAUSTDAL. STOR, OG STERK SOM EIN OKSE. HAN BYRJA Å LØFTE PÅ FEMTITALET OG VART NORSK OG NORDISK MEISTER PÅ 70-TALET. ERKETYPEN PÅ DET MASKULINE. ANDREAS ENGEBØ FRÅ KVELLESTAD I NAUSTDAL. MEN SÅ SKREIV HAN DIKT. SLIK SOM DETTE: HEIMEFRONTHELTEN I godt lag fekk vi ofte høyre At han hadde vore med I Heimefronten under krigen. Vi som kjende han, Nikka i ærefrykt, For vi visste At han hadde snauklipt Ei tyskartøs våren 1945. Frå samlinga «Trollhegg og vill rabarbara» (1986). Halvard Husefest Lunde har tonesett dikta og gjeve ut musikken. Han kjem til arrange-

mentet. Vi håpar også å få med oss forfattaren. I nyare tid var Tom Farsund eit av innslaga på arrangementet Boknatt i Fjærland med eit show han kalla «Vektløfting og poesi». Han løfta og las dikt innimellom. Også «Heimefronthelten» av Andreas Engebø. Stian Grimseth, den mest kjende løftaren frå Naustdal gjennom tidene. Glad i sin eigen dialekt og sterk brukar av nynorsk. Der ungdoms-OL på Lillehammer har fått kjeft for å bruke berre bokmål, har Europameis-

terskapen i Førde 2016 fått skryt for godt språk. At den skulle vere på nynorsk var aldri diskutert. I tillegg på engelsk sjølvsagt, idretten sitt internasjonale språk. Og russisk, som ein ekstraservice til dei mange landa som har dette som språk, og der denne idretten står sterkt. Vi inviterer til eit arrangement med sterkt språk, vektløfting og poesi. Programleiarar: Marit Bendz og Tom Farsund.

15


BLOGGARANE KJEM! NOKRE BLOGGARAR HAR VORTE DEI MEKTIGASTE RØYSTENE I MEDIE-NORGE, DEI ER VIKTIGE ROLLEMODELLAR OG MANGE TENER SVÆRT GODT PÅ YTRINGANE SINE. Ti unge bloggarar i Sogn og Fjordane har fått stipend frå fylkeskommunen, dei bloggar på nynorsk. Kvifor bloggar dei? Kva makt har dei, og korleis ser dei sjølve på rolla si i mediebildet?

TORSDAG

31 MARS

PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 31.3 KL. 20 BILLETT KR 100,Arrangør: Nynorskbyen/ Pikant/Skrifta & Veggen

Martine Espe bur på Sande, er småbarnsmor og engasjert i kamp mot fordommar. Jostein Vedvik frå Førde er også fotograf med eiga utstilling på Pikant; Førde i nattlyset. Massoma Jurmy frå Førde har også markert seg som ein sterk debattant i andre medier.

FREDAG

BLOGGVERKSTAD Skuletilbod fredag 1. april. Kontakt Førde bibliotek for meir informasjon.

16

APRIL1 FØRDEHUSET FREDAG 1.4 KL. 10–14


ONSDAG

6 APRIL FØRDE BIBLIOTEK – LOKALSAMLINGA ONSDAG 6.4 KL. 19.00

KVEN TRUR DU AT DU ER? Arkivar Per Olav Bøyum frå Fylkesarkivet Sogn og Fjordane viser oss korleis og kva vi finn når vi grev i historia. Førde bibliotek har ei stor lokalsamling med spennande

materiale frå heile fylket. Denne kvelden lærer du meir om korleis du kan bruke lokalsamlinga i jakta på historia di.

DET INGEN SKULLE TRU AT NOKON GADD Å SJÅ I ein mannsalder reiste Oddgeir Bruaset rundt i Noreg til plassar ingen skulle tru at nokon kunne bu. I fjor våga programleiar Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas seg på noko så dristig som å etterfølgje Bruaset. Bli med på tur, sjå dei opptaka som ikkje kunne sendast på TV og høyr dei to fortelje om å arbeide på dei merkelegaste stader med til dels ganske merkelege folk.

Kva er det som gjer dette programmet til ein sjåarsuksess år etter år?

TORSDAG

7 APRIL

PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 25.2 KL. 20 BILLETT KR 100,-

17


NORSK MAT OG NORSKE BØNDER: UTGÅTT PÅ DATO? NORSK LANDBRUK ER I KRISE. DYRKAMARKA FORSVINN, BØNDENE FORSVINN OG VI IMPORTERER MEIR MAT OG MEIR KRAFTFÔR. SJØLVFORSYNINGSGRADEN I NORGE ER NO UNDER 40 PROSENT. SAMSTUNDES KASTAR VI 25 PROSENT AV ALL MATEN SOM BLIR PRODUSERT OG OMSETT I NOREG. Kva for landbrukspolitikk treng vi? Er det noko poeng i å vere sjølvforsynt, kan vi ikkje berre kjøpe billeg mat frå utlandet? Kva kan produsentane, daglegvarebransjen, restaurantnæringa og vi forbrukarar gjere for at tonnevis av mat ikkje skal bli søppel? Fire kameratar sykla i fjor

sommar frå Nordkapp til Lindesnes. Dei åt berre utgåttpådato-mat som dei fann i søppelkonteinarane til matbutikkar langs ruta, mellom anna i Førde. Dokumentarfilmen kjem på TV2 i mars. To av syklistane, Kieran Kolle og Frikk Kvamme, viser oss filmen og fortel kvifor dei laga den. Vegard Vigdenes er småbrukaren

og bondeopprøraren frå Stjørdal som har starta ein aksjon for ein ny landbrukspolitikk. Han meiner bøndene må stake ut ein ny kurs sjølv. Men då treng han forbrukarane med på laget.

TORSDAG

14 APRIL

PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 14.4 KL. 20. BILLETT KR 100,-

18


”Så stramma ho inn reima på skulderveska og sprang det fortaste ho hadde lært, kanskje nådde ho desserten.”

Saman er ein mindre aleine, Anna Gavalda. Omsett av Tove Bakke.

LITTERATUR I GRENDAHUSET

FRANSKE FAVORITTAR LA EKTEPARET TOVE BAKKE OG RAGNAR HOVLAND SYNE DEG LITTERÆRE GLEDER FRÅ LANDET DEI BEGGE ELSKAR: FRANKRIKE. I DET SANSELEGE SPRÅKET I OMSETTINGANE DEIRA KJEM LANDET NÆRARE; LUKTENE, LYDANE, SMAKEN. FREDAG

15 APRIL Vinkelner Arne Egge frå Ålhus i Jølster, inviterer deg til å smake sine franske favorittar i sjangeren særs god vin. Til å leie samtalen: Katrine Sele.

SVIDAL GRENDEHUS FREDAG 15.4 KL. 20. BILLETT: KR 250,- INKLUDERT NOKO GODT I GLASET NÅR DU KJEM. ARRANGØR: JØLSTER BIBLIOTEK OG SVIDAL GRENDELAG.

19


BERGA AV BIBLIOTEKET

LAURDAG

2 APRIL

Aden er forfattar og ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Ho er fødd i Nord-Somalia i 1983 og kom til Norge som 13-åring etter å ha levd som gatebarn i fleire år. Biblioteket vart svært viktig for ho. «Jeg kjente på bøkene. Bladde i dem. Luktet på dem. Så uendelig mange bøker. Jeg hadde aldri sett så mange bøker før. Det var overveldende. Jeg kunne verken lese eller skrive, men synet av alle bøkene gjorde meg nysgjerrig. Det var litteraturen som reddet meg. Biblioteket ble mitt fristed».

Biblioteka er kanskje den kulturarenaen som er mest nytta av flyktningar og innvandrarar, og det er nettopp biblioteket som inkluderande møteplass som er tema når Amal Aden kjem til Førde 2. april.

UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET. KULTURKAFÉ LAURDAG 2.4 KL. 10.30 BILLETT KR 100,I SAMARBEID MED FYLKESBIBLIOTEKET

PROSJEKT PERFEKT

LAURDAG

23 APRIL

FORTEL MEG AT DET ER NOKO MED MEG SAME KVA 20

Kjersti Wøien Håland frå Høyanger debuterte i 2013 med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti, som opnar med dei avvæpnande linjene: «kom inn/Kjersti bur her». - Dikta handlar om at ein blir sett på ein særskild måte – men korleis klarer ein å sjå seg sjølv slik andre ser? Ein slags paranoia skin gjennom i tekstane, seier Håland sjølv. Hausten 2014 kom hennar første roman, Dommedøgn, som handlar om industribygda Berg. Fabrikken

er nedlagd, framtida er usikker, og naturen truande. Ei ny diktsamling kom ut i fjor: Panikk. Når bokvåren kjem med nye boklister inviterer vi fleire gjester til verdas bokdag. Følg med på heimesidene til biblioteket: www.fordehuset.no/bibliotek

UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET. VERDAS BOKDAG LAURDAG 23.4 KULTURKAFE KL. 16.00 FRI ENTRE.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.