Førdefestivalen programkatalog 2018

Page 1

4.-8. juli 2018

Dansen i musikken - musikken i dansen!

PROGRAMKATALOG 2018 fordefestival.no

1


H.K.H Kronprinsesse Mette Marit er Førdefestivalen sin høge beskyttar.

Kulturminister Trine Skei Grande får æra av å opne Førdefestivalen 2018. Det skjer på opningskonserten Dansen i musikken – musikken i dansen! Torsdag 5. juli kl. 20.00.

NRK P2 på Førdefestivalen Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum Redaksjon: Torill G. Faleide, Janne Karin Støylen. Grafisk formgjeving: findriv, Førde Trykk: Natvik prenteverk Illustrasjon: Piotr Pucylo Opplag: 33.000. Med atterhald om feil og endringar.

2

NRK P2 Spillerom sender frå Førdefestivalen torsdag 5. og fredag 6. juli, kl 11.00-12.00 Programleiarar er Siw Wammer og Svein Ole Engelsvold. Måndag 2. juli portretterer Spillerom Hilde Bjørkum i «Ein time med Hilde».


Innhald

Helsing frå festivaldirektøren Opningskonsert Får eg ikkje danse, så døyr eg Dei gamle er eldst Festivalgalla Lindas lommeparlør Førdekonferansen 2018 Columbi Egg Nordisk Klubb Sommarnatt på Jølster Festivalutstilling Ein skål for glede & god musikk For noko større enn seg sjølv Takk for dansen, Hilde! Telefon-intervjuet Festival for heile familien Musikk i sentrum Familiesøndag Kursoversikt og omtalar Internasjonal bokkafé Møt artisten Epost-intervjuet FørdefestivalMAT Opplevingar for livet i Førde! Stiftinga Festivalfilm Sponsorar Billettinformasjon Festivalguide Arenakart

5 6 9 13 14 15 16 18 18 18 19 28 46 64 74 78 79 79 81 84 85 86 89 90 90 91 92 95 96 98

59 55 77 22 26 36 42 41 24 80 40 49 34 68 20 32 58 31 77 50 70 76 72 62 57 73 15 35 63 38 73 44 60 13 9 52 76 51 71 43

9 grader nord NO/LK Anne Hytta NO Audun Stokke Hole NO Aynur TR Barokksolistene – The Alehouse sessions NO/UK Canzoniere Grecanico Salentino IT Cassie & Maggie CA Cimbaliband HU Constantinople & Ablaye Cissoko CA/IR/TR/SN Daniel Lazar/Almir Meskovic RS/BA Danyel Waro RE Dimitris Mystakidis GR Elida Almeida CV Fanfaraï Big Band FR/AL/MA Fanfare Ciocarlia RO Flamenco - 4 WOMEN 4 ES Fliflet/Hamre NO Frigg FI Hallingan NO Hazelius Hedin SE Helga Myhr/Lars Fivelstad Smaaberg NO Indre Sunnfjord Spelemannslag NO INTRO-folk: Helga Myhr, Ole Nilssen NO Jyotsna Srikanth IN/UK Klangen av Astrup - Erlend Apneseth/Sigmund Eikås/ Kyrre Eikås Ottersen/Gro Marie Svidal/Emil Horstad og dansarar NO Lendmenn NO Linda Eide NO Majorstuen NO Marja Mortensson NO Muchacho & Los Sobrinos ES Nilssen/Odde NO Op sødeste sang - Arve Henriksen/Kim Rysstad/Synnøve S. Bjørset/Sigbjørn Apeland/Malin Alander NO På geitevis - Jorun Marie Kvernberg/Daniel Herskedal/ Unni Boksasp/Filip Roaldsnes NO Silje Onstad Hålien - Dei gamle er eldst NO Silje Onstad Hålien NO Small Island Big Song VAR Småviltlaget NO Son del Nene CU Timbila Muzimba MZ Trio Lopez Petrakis Chemirani ES/GR/IR 3


Premium-WiFi

Spar kr 500,i etablering

Finn ut meir på enivest.no/premium-wifi

Kampanjeprisar: Ditt internett-produkt

Etablering Premium WiFi (avhengig av ditt (Bustadpakken) internett-produkt)* mnd.pris

For abonnentar med DSL, Radio og Fiber 50/50

kr 49,-

kr 899,- (rettl. 1399,-)

For abonnentar med Fiber 150/150

kr 49,-

kr 495,- (rettl. 995,-)

For abonnentar med Fiber 300/300 og 500/500

kr 49,-

Ekstra boks

kr 0,-

kr 0,kr 995,-

* Månadspris på ditt internettabonnement kjem i tillegg

TRÅDLAUST INTERNETT I HEILE BUSTADEN DIN Slit du med WiFi? Har du opplevd at det trådlause internettet ikkje er stabilt og raskt i heile huset? No har vi løysinga. Med Premium WiFi Bustadpakke får du 3 boksar som gjev deg stabilt internett med høg hastigheit som når ut til heile huset.

Modem

Lurer du på noko eller ønsker du å bestille? Gå inn på enivest.no/premium-wifi eller ring kundeservice på 57 00 91 00 NB! For å kunne bestille Premium WiFi må du ha eit internettabonnement som er tilknytt Enivest.

4

Nett der du er


Velkomen til den 29. Førdefestivalen! Denne festivalen blir òg min siste som direktør og kunstnarleg leiar for festivalen. Gjennom alle desse åra har vi invitert over 7000 musikarar frå over 130 land og alle verdshjørne til Sunnfjord og Førde. Og publikum har strøyma til i tusental, utforska og opplevd musikk dei kanskje ikkje eingong visst at fanst. For ei ferd det har vore! Det har vore eit sant privilegium å stå i bresjen for Førdefestivalen gjennom alle desse åra. Ja, det har vore kritiske røyster, tøffe tak - og ekstremt mykje arbeid. Men først og fremst utruleg mykje glede og spenning, ny lærdom å hente, nye ambisjonar å sette, nye mål å nå. Den fantastiske kjensla av å gje folk noko dei ikkje visste at dei elska og legge til rette for at musikarar får nye moglegheiter, kjenne på tilhøyring, solidaritet og musikkglede i eit internasjonalt fellesskap. Sette våre eigne lokale musikktradisjonar inn i nye samanhengar. Vi har løfta i flokk! Eg føler meg takknemleg og

rik – for engasjement, arbeidsvilje og entusiasme, for all den enorme positive energien som fløymer over meg kvart einaste år, frå trufaste og nye publikummarar, frå dedikerte medarbeidarar, frå fabelaktige frivillige, frå samarbeidspartar og støttespelarar, frå internasjonale kollegaer, media og bransjefolk, og ikkje minst, alle de fantastiske musikarar som har gitt oss uforgløymelege opplevingar! Eg må berre seie TAKK, og TAKK igjen! Eg trur at vi saman har skapt noko unikt i norsk og internasjonal festivalflora. Vi har medverka til å rive ned fordommar, nye horisontar. Vi har gjort noko viktig og rett, for enkeltmennesket og for samfunnet. Og eg gløymer aldri synet av den vesle jenta – som ikkje kan slutte å danse framfor scena, uansett kven som spelar for henne. Om dei er frå Alta eller Antananarivo. Om dei spelar springar eller salsa. Ho berre er i det. Lukkeleg - med grenselaus kjærleik - til dansen i musikken, og musikken i dansen. Eg dansar med henne inn i den 29. Førdefestivalen, blir du med? Hilde Bjørkum, direktør

Welcome to the 29th Førde Festival!

from faithful and new audiences, from dedicated colleagues, from all our fabulous volunteers, from partners and supporters, from all our international colleagues, from the media and music industry, but most of all, from all the amazing musicians who have given us such unforgettable experiences! All I can say is THANK YOU, and THANK YOU again! I believe that together we have created something quite unique among Norwegian and international festivals. We have helped to erase prejudice and I believe we have done something important and right, for the individual and for society. And I’ll never forget the sight of that little girl who couldn’t stop dancing in front of the stage, whatever the music was. Whether the musicians were from Alta or Antananarivo. Whether they were playing Norwegian fiddle music or salsa. She was in the music. Full of joy, with immense love of the dancing in the music and the music in the dance. I’ll be dancing with her into the 29th Førde Festival - will you join us?

This will also be my last festival as manager and artistic director. Over these many years, we have invited more than 7000 musicians from over 130 countries and all corners of the world to Sunnfjord and Førde. And the audience has flocked here in their thousands to explore and experience music they maybe didn’t even know existed. What a wonderful journey it’s been! It’s been a real privilege to lead the Førde Festival all these years. I admit we’ve heard some critical voices, we’ve had some tough times - and a huge amount of work. But most importantly, there’s been so much joy and excitement, new learning, new ambitions, and new goals to achieve. We’ve had the wonderful feeling of giving people something they didn’t know they loved, of seeking new knowledge, giving musicians new opportunities, creating a sense of belonging, solidarity and love of music in international togetherness. Providing a global context for our own local music traditions. This has been a joint effort! I feel enriched and grateful for all the engagement, hard work and enthusiasm, for the huge wave of positive energy that surges over me every year. It comes

Hilde Bjørkum 5


6


A RT I STOMTA LE

Opningskonsert Dansen i musikken - musikken i dansen! Offisiell opning ved Trine Skei Grande

Vi hyllar dans og dansemusikk frå heile verda, og presenterer særmerkte musikk- og dansetradisjonar frå 4 kontinent og 8 ulike land - tarantella frå Italia, steppdans frå Canada, bharatanatyam frå India, Rumba Catalana frå Spania, dansar frå Solomonøyane, Påskeøya og Taiwan - og halling og springar frå Norge. Artistar: Muchacho & Los Sobrinos, Canzoniere Grecanico Salentino, Cassie & Maggie, Hallingan, Jyotsna Srikanth og utøvarar frå prosjektet “Small Island Big Song”, og Martin Myhr, Ingar Ranheim, Rolf Bjørgan, Dagfinn Krogsrud, Vidar Underseth og Dag Hamre, Tuva Syvertsen og Sivert Holmen. Konferansier: Silje Onstad Hålien.

Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - dansen i musikken! Idrettshallen, Førdehuset Dørene opnar kl. 19.15. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis!

The opening concert is a celebration of folk dance and dance music from all over the world. From stage you will experience special music and dance traditions from four continent - the tarantella from Italia, the stepdance from Canada, the bharatanatyam from India, the Rumba Catalana from Spain, dances from the Solomon Island, Easter Island and Taiwan, together with the halling and springar from Norway. Line-up: Muchacho & Los Sobrinos, Canzoniere Grecanico Salentino (foto), Cassie & Maggie, Hallingan, Jyotsna Srikanth and artists from the «Small Island Big Song» project and «Dei gamle er eldst». 7



Får eg ikkje danse, så døyr eg. - Vi er skapte til å bevege oss, det er det vi er laga for! Det er ikkje noko som heiter «eg kan ikkje danse». Du vart fødd til å danse!

Silje Hålien er kunstnarleg leiar for nyproduksjonen “Dei gamle er eldst”. Her fortel ho om sin veg inn i dansen og om livskrafta som finst i å få danse. Eg trur publikum kjem til å bli overraska over framsyninga ”Dei gamle er eldst”. Det er veldig mange som har sett desse dansarane i kappleikssamanheng. Men de har ikkje sett dei samla på denne måten. Det er sjølve livskrafta som kjem inn på scena. Dei har ei tyngde i dansen som vi unge berre kan drøyme om! Den visdommen dei ber på etter å ha gått så mange rundar på golvet, eg blir heilt rørt når eg skal prøve å beskrive dette. Eg føler meg så heldig! Å få stå på scena og danse med dei, som ein likeverdig, det er stort!

Berre det å sjå kroppar som ikkje er unge lenger danse på ei scene. Det i seg sjølv er sterkt. Det kjem til alle, kjensla av å vere gamal, å vere sliten, å ha vondt. Vi får ikkje til det vi greidde før. Ein av dansarane som er med, er Ingar Ranheim. Han er ein av mine verkeleg store læremeistrar. Eg hugsar så mange fine stundar der han har sett på dansen min og gjeve meg støtte, før landskappleiken til dømes. Han har lært opp så mange. Han er ein legende i dansemiljøet. Ingar har utvikla parkinson. Det er så ubeskriveleg sterkt at han er med. Han kan slite med å reise seg opp, slite med å gå. Men når musikken spelar så kan han framleis danse! – Får eg ikkje danse så døyr eg, syng Tuva ein stad 9


«Han kan slite med å reise seg opp, slite med å gå. Men når musikken spelar så kan han framleis danse!»

i framsyninga. Det er den følelsen eg sit att med. Dei eig livskrafta så sterkt framleis, desse karane. Det er dansarar, dei er! Det er ikkje mange som held følgje med dei! - Det har vorte så viktig for meg, dette prosjektet. Eg har fått møte dei alle, aleine, ein etter ein. Høyrt dei fortelje om sin veg inn i dansen, om sine liv og verdiar, om kva dansen har gjeve dei. Eg føler at eg har fått sterkare røter av å vere i lag med desse karane, og at eg sjølv har vakse både som person og dansar. - Det kjem fram ein del knakande artige histo10

rier, eg har aldri skratta så mykje i arbeidet med ein sceneproduksjon nokon gong! Vi har ein koreograf som har begynt å notere ned høgdepunkta frå kvar øving og sende ut på e-post etterpå. Vi ler så vi grin! Så blir det også tid til å ”nerde” – gå inn i den og den turen eller det og det taket. – Å, gjer du det slik! Det har eg ikkje sett før, det vil eg prøve. Slik har arbeidet med framsyninga gjeve meg meir å spele på som folkedansar. Eg synst det har gått veldig fint å vere rettleiaren deira. Eg føler at dei har ei tiltru og respekt for det arbeidet eg har gjort med å iscenesette folkedansen.


«Eg er ein forkjempar for å få inn fleire kroppslege impulsar i samfunnet! Eg reiser for eksempel mykje med t-banen. Då kan eg plutseleg få ein impuls til å strekke på meg. Og då gjer eg det!»

Skapte for å danse

- Vi er skapte til å bevege oss, det er det vi er laga for! Det er ikkje noko som heiter ”eg kan ikkje danse”! Du vart fødd til å danse. Det er berre det at vi har komme inn i ein kultur som geleida oss vekk i frå alt dette, mot eit passivt og stillesitjande tilvere. Eg er ein forkjempar for å få inn fleire kroppslege impulsar i samfunnet! Eg reiser for eksempel mykje med t-banen. Då kan eg plutseleg få ein impuls til å strekke på meg. Og då gjer eg det! Eg står på t-banen og strekker meg ut, armane over hovudet, oppover, framover, bakover. Det er jo heilt tabu! Men det eg

opplever då, er at nokon byrjar å vri litt på nakken, kanskje rette seg opp i ryggen, puste litt djupare. For meg var det utruleg heldig at eg fann dansen, der fann eg eit rom eg kunne uttrykke meg i. Eg hadde nok anlegg for det, eg hadde gått på turn. Eg trur likevel det var litt tilfeldig, eg dreiv med måling og teikning, eg dreiv med musikk. Men med dansen: Det berre small! Plutseleg skjønte eg at eg kunne danse ut kjenslene mine, plutseleg skjønte eg at dansen kunne vera det, for meg. Eg var veldig blyg og usikker, men eg kosa meg på scena. Der tør eg å gå inn i rom som eg elles nesten ikkje tør å prate om. 11


Eg har eit sterkt minne om ei av dei første opplevingane av dette: Eg hadde ei god veninne på vidaregåande som miste mor si i tragiske omstende. Det var så vondt, for heile klassen. Då sa læraren min: Sjå om du kan ta med deg noko av dette inn i dansen! Eg hugsar det så godt. Det var ei knallsterk oppleving. Eg hugsar bevegelsen, eg hugsar lukta i dansesalen, eg hugsar kor det vrei seg i magen. Eg kunne danse det ut! Eg har sett det same i andre, det er som om det eigentleg ikkje er meg der på scena, eg er berre ei kanalisering, eg skaper ei form. Det er opplevinga og kjensla som gjeld. Då eg gjekk på balletthøgskulen, var det slett ikkje eg som hadde den beste teknikken i klassen, men eg hadde lært å leve inn i det, eg vart synleg! Det var ein koreograf som spurte meg om eg kunne dempe meg litt i uttrykket fordi eg tok så mykje plass. Det finst ikke nokon av-knapp på meg! 12

I ”Dei gamle er eldst” er det Tuva Syvertsen som har laga musikken. Eg er så glad i det ho gjer musikalsk! Ho har evna til å gå inn i det musikalske uttrykket og tviste det litt, dra det ut i fleire retningar, det er verkeleg ein stor styrke for dette prosjektet. Der utøvarane er så sterkt planta i tradisjonen, så kan musikken kan hjelpe oss å dra litt i forma, skape noko nytt. Eg har aldri dansa til innspelt musikk, eg har vore så heldig at eg har fått jobba med levande musikk heile vegen. Eg vil ha musikarane opp på golvet, sjå dansarane bli trøysta og rørte av musikken. Dersom dansen skal ha ein verdi, då skal den røre ved publikum, slik musikken rører ved dansaren. Kor gamal han er. Han er fødd til å danse. Får han ikkje danse, så døyr han.


A RT I STOMTA LE

NY PRODUKSJON

Dei gamle er eldst NORGE Til ære for røynde hallingdansarar Dei gamle er eldst er ei framsyning som ærar og kretsar rundt dei eldre hallingdansarane våre. Du har garantert sett dei på kappleiksscena, møtt dei på dansefest eller sett dei på arkivopptak eller sett dei i aksjon på festivalar. Dei trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei har skapt yrande dansemiljø kring seg og lærer framleis opp hallingdansarar rundt i heile landet. Det er første gong i historia at dansarane er samla på denne måten, med blodet brusande av dans og musikk. Her er levandegjeringa av dei historiske linjene. Her er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Dei gamle er trass alt eldst.

MARTIN MYHR • INGAR RANHEIM • ROLF BJØRGAN • DAGFINN KROGSRUD • VIDAR UNDERSET • DAG HAMRE dansarar • SIVERT HOLMEN • TUVA SYVERTSEN musikk og komposisjon • SILJE ONSTAD HÅLIEN dans og koreografi Framsyninga er produsert av Riksscenen, Førdefestivalen og Hilmestemnet i samarbeid med Villniss Dansekompani. Støtta av Kulturrådet. Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen! Idrettshallen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 16.30 Dei gamle er eldst Storsalen, Førdehuset

Join us in celebrating the great mentors of the halling dance – the fabulous dancers you have admired in competitions, met at dances, seen in archival footage or learned from during classes. They with their confident steps that the young ones can just dream about. Produced by Riksscenen, Førdefestivalen and Hilmestemnet i collaboration with Villniss Dance Company. With support from Kulturrådet (Arts Council Norway).

13


Festivalgalla

@BlackStarJournal

Konferansier: Linda Eide

Gallakonserten er ein av konsertjuvelane på festivalen; ein storslagen produksjon som presenterer eit knippe av dei flottaste musikarane i verda på den største konsertscena vår - i Førdehuset. Programmet er spesiallaga for denne eine kvelden, og i år skal desse artistane i aksjon: Constantinople &

Ablaye Cissoko, Cimbaliband, Elida Almeida, Aynur, Frigg, Timbila Muzimba og Fanfaraï Big Band. Dørene opnar kl. 19.45. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis. Laurdag 7. juli kl. 20.30 Idrettshallen, Førdehuset

The festival gala is one of the concert jewels during the festival – a grandiose production presenting a selection of the greatest musicians in the world, at the biggest concert scene. The program is tailor-made especially for this one night, and this year we present the following artists - Constantinople & Ablaye Cissoko, Cimbaliband, Elida Almeida, Aynur, Frigg, Timbila Muzimba and Fanfaraï Big Band. Your Master of Ceremonies: Linda Eide. The doors open at 19.45. Please come early to ensure that the concert can begin on time. 14


Lindas lommeparlør Linda Eide leier publikum gjennom årets festivalgalla, og går som venta språkleg til verks i førebuingane. Her er Lindas lommeparlør for kvelden: DANS

Kropp som svingar seg til musikk. Eller hoppar, slik ein gjer delvis til reinlenderen og heilt og haldent til the Clash, Should I stay or should I go. Men det aller fyrste som dukkar opp i mitt sportsrevyskadde hovud er faktisk to namn: Espen og Kirsten Salberg!

FØRDEFESTIVAL Alltid høyrt om. Aldri vore der. Alltid tenkt at der skulle eg ha vore. Må bety at den har eit særs godt rykte. Og at den fortener sitt rykte. Gler meg!

FESTIVAL

MUSIKK

GALLA

Ein lykkeleg tilstand av kulturell overflod i ein tidsavgrensa periode. Det med tidsavgrensinga er viktig, for det forsterkar intensiteten kolossalt.

1. mat 2. kjærleik 3. musikk og så kjem resten av livet.

Stivt og pynta og eit hav av forventningar. Ofte eit minne for livet, på godt eller vondt men Gallaens sus av ikkje-kvardag, skal ein ikkje forakta, men leva med!

(I enkelte tilfelle kan 2 og 3 byte plass.)

15


FØRDEKONFERANSEN 2018

Ytringsfridom vilkår og grenser Ytringsfridomen er under press, samstundes som vilkåra og grensene for den vert utsett for debatt, på mange arenaer. Globaliseringa skyt fart og migrasjonen aukar. Menneske med ulike kulturar, normer og verdiar møtest, men enkelte kjenner seg krenka om ytringar blir opplevde som angrep på deira kultur. Kunnskap til få er makt, medan kunnskap til alle er fridom. Falske nyhende og alternative sanningar er nye omgrep som fortel oss at ytringar er avgjerande for å vinne makt. Debatten kring desse problemstillingane er særs viktig no, med ei ny kulturmelding på trappene i 2019. I den ferske regjeringsplattforma sitt kapittel om kultur er demokrati, mangfald, maktspreiing og ytringsfridom sentrale omgrep. Ser vi konturane av ein ny blå-grøn kulturpolitikk? Kva følgjer får dei politiske vedtaka for ytringskulturen vår?

Innleiarane på konferansen er sterke namn frå ulike samfunnsarenaer frå vitskap til media- og kulturfeltet. Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Norsk Musikkråd; Cecilie Hellestveit, forskar i PRIO; Pål W. Lorentzen, høgsterettsadvokat; Morten Gjelten, direktør i NTO; Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset; Elisabeth Eide, professor i journalistikk ved OsloMET; Muniba Ahmad, student; Linn Marie Holvik, direktør Kulturtanken; Olaug Nilssen, forfattar og Hannah Wozene Kvam - slam-poet, skribent og formidlar. Konferansier er Anne Mette Hjelle.

Førdekonferansen 2018 Ytringsfridom - vilkår og grenser Torsdag 5. juli 2018 kl. 09.30 - 16.30 Amfi Eikaas, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 16


@BlackStarJournal - David Bowen

PROGRAM FOR FØRDEKONFERANSEN 2018 09.30 Registrering og kaffi 10.00 Velkomen (ordførar Førde kommune, styre leiar Førdefestivalen) 10.15 Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Norsk Musikk råd – «Musikalske uttrykk – viktige i ytringsfri domen» 10.35 Cecilie Hellestveit, forskar i PRIO – «Ytringsfri domens kår i ei verd i endring» 10.55 Pål W. Lorentzen, høgsterettsadvokat – «Ytringsfridom i ei omstillingstid» 11.20 Oppsummering og dialog 11.30 Kaffipause 11.45 Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset – «Returbistand – Treng vi bistand frå sør?» 12.05 Elisabeth Eide, Norsk PEN, professor i journa listikk ved OsloMET – «Ytringar i grenseland –

ytringsfridomens globale utfordringar» 12.25 Muniba Ahmad – student 12.45 Oppsummering og dialog 13.00 Lunsj 14.00 Morten Gjelten, direktør i NTO – «Leve tvisynet» 14.20 Linn Marie Holvik, direktør Kulturtanken – «Ytringsfridom og uttrykksmangfald» 14.40 Olaug Nilssen, forfattar – «Ytringsfridom eller brot på personvern» 15.00 Oppsummering og dialog 15.30 Slutt Konferansier Anne Mette Hjelle. Med atterhald om endringar.

17


Columbi Egg

Nordisk Klubb

Vert Gabriel Fliflet inviterer til intim klubbstemning, gnistrande spel og lun humor, med gjester frå fjern og nær: Dimitris Mystakidis, Tron Westberg, Magne Eggen Haugom og Jan Frostvoll og medlemer av Cimbaliband. Og som vanleg kan det dukke opp fleire! Fredag 6. juli kl. 21.00 Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Klubbvert Gabriel Fliflet inviterer til nordisk hyggestund saman med sin faste partnar legendariske Ole Hamre, den makalause svenske duoen Hazelius Hedin og den finske supergruppa Frigg. NB! Hugs at du kan kjøpe KOMBIBILLETT til dei to konsertane på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa laurdag kveld: Nordisk Klubb og Dansefest med DANYEL WARO OG MUCHACHO & LOS SOBRINOS.

Host Gabriel Fliflet invites you to an intimate club atmosphere, sparkling music and warm humour, with guests from far and near - Dimitris Mystakidis, Tron Westberg, Magne Eggen Haugom and Jan Frostvoll and members of Cimbaliband. And going by past experience, a few more will turn up too!

Your club host, Gabriel Fliflet, invites you to a cosy, Nordic tête-à-tête with his permanent guest, Ole Hamre, the incomparable Swedish duo Hazelius Hedin and the Finnish supergroup Frigg.

Laurdag 7. juli kl. 22.30 Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Ingen opningskveld på festivalen utan dei nære møta og den musikalske magien du kan oppleve på låven, i Eldhuset og Strandstova på Jølstramuseet. Årets sommarnatt-artistar: Medlemer av Fanfaraï Big Band, Dimitris Mystakidis, Marja Mortensson, Daniel Lazar & Almir Meskovic m.fl. Og ute i tunet kan du ta deg ein svingom til Indre Sunnfjord spelemannslag. NB! Sjå oppslag på arenaen om speletidene for kvar artist. Alle spelar minst to konsertar. Sal av mat og drikke. Buss frå Førdehuset kl. 22.15, og retur kl. 02.00 er inkl. i billetten. Torsdag 5. juli kl. 23.00 Jølstramuseet, Vassenden

Foto: Knut Utler

Sommarnatt på Jølster

No opening night is complete without the intimate meetings and musical magic you will experience at Låven, Eldhuset and Strandstova – the small, cosy rooms of Jølstra Museum. The artists: Members of Fanfaraï Big Band, Dimitris Mystakidis, Marja Mortensson, Daniel Lazar & Almir Meskovic, and more. And out in the open air you can see and hear Indre Sunnfjord spelemannslag. Sale of food and drink. There will be a bus from Førdehuset at 22.15, returning at 02.00 (included in the ticket).

18


FESTIVA L U TST I LLI N G

FESTIVALUTSTILLING:

Livets dans - dans i kvardag og fest! Vi dansar fordi det er ein del av livet Gammaldans, springar, tango og swing. Vi dansar for å hyggje oss, vise oss fram og for å flørte. Vi dansar fordi det er ein del av livet. Ungdomshuset er ein fristad med eigne sosiale kodar og reglar. No kan du bli med inn i ungdomshuset VIKING og oppleve noko av dansen si historie i Norge - og dansen i Norge i dag. Utstillinga består av ulike installasjonar og foto, og den siste timen av opningstida kvar dag, står dansegolvet ope for dei som har lyst til å danse. Du kan danse med kven du vil, eller med ein av utstillingsvertane. Livets dans - dans til kvardag og fest! er ein del vandreutstillinga i prosjektet Museene danser Norge, og vil vise ulike dansetradisjonar og oppmode til dialog rundt den historiske konteksten rundt dansane. Utstillinga vil også stimulere publikum til å reflektere over dansen si sosiale og kulturelle rolle og status i ulike epokar, heilt opp til vår tid. Korleis, kvifor og når vart

det dansa? Korleis har nye dansetradisjonar utvikla seg i Norge? Difor er utstillinga eit forsamlingshus som i dag rommar ulike danseopplevingar - slik ungdomshuset VIKING gjer - og fungerer som vertskap for eit mangfald av dansetradisjonar. I samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Sunnfjord Museum og Førde ungdomslag. Onsdag 4. juli kl. 17.30 Offisiell opning av festivalutstillinga Ungdomhuset Viking, Førde Fri entré Utstillinga er open: Torsdag 5. juli - laurdag 7. juli kl. 12-16 Søndag 8. juli kl. 12-15 NB! Siste time kvar dag, er publikum velkomne til å bruke dansegolvet.

Gammaldans, springar, tango og swing. We dance for enjoyment, to flirt, and to be seen. Dancing is a part of life. This is a travelling exhibition, part of the project “Museene danser: Dans i Norge“ (The museums dance: dance in Norway) that presents both the history of dance and its role in Norway today, through installations and photography – and – dance! A collaboration with Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Sunnfjord Museum and Førde Ungdomslag.

19


Fanfare Ciocarlia ROMANIA Brassband i verdsklasse! Gløym ‘balkan beats’, gløym hypen, for her kjem dei ekte sakene: Fanfare Ciocârlia er eit av dei beste konsertbanda i verda. Med sin originalitet og energi har dei skaffa seg fans frå Melbourne til Memphis, frå Tokyo til Toulouse. Musikken har dei ‘arva’ etter fedre og bestefedre, og ikkje berre den, men også innstillinga om at når dei står på scena handlar det om to ting: For det første, å underhalde publikum. Og - for det andre - å halde levande romfolket sin fantastiske og sterke musikktradisjon. Når Fanfare Ciocârlia - brassbandet frå den ‘gløymde’ landsbyen Zece Prajini nordaust i Romania - står på scena, får publikum 100% sigøynarmusikk. Zece Parjini ligg som ein isolert landsby, der rundt åtti romfamiliar driv jordbruk etter gamle metodar. Under kommunismen hadde dei ingen kontakt med verda utanfor. Her levde den gamle ottomanske brass-tradisjonen med militærkorps, og korpsmusikk i bryllaup og gravferder, lenge etter at den hadde døydd ut i resten av Romania.

20

Så, då Henry Ernst, ein ung, tysk musikkentusiast vandra inn i landsbyen i 1996, fann han ein musikktradisjon han med ein gong visste verda utanfor ville ta imot med opne armar. Og frå 1997 har det vore tilfelle. Fanfare Ciocârlia er ein internasjonal suksess av dimensjonar - med ein popularitet som kryssar absolutt alle sjangergrenser. Dei jobbar knallhardt for å halde seg i toppform, og verkar ustoppelege. Fanfare Ciocârlia spelar fortare, tøffare, funkyare og råare enn dei fleste andre brassband, og vil gjere alt for å skape fest i parken på Festplassen laurdag 7. juli.


A RT I STOMTA LE BENEDIKT STEHLESCU perkusjon • CONSTANTIN CALIN horn, tuba • COSTEL URSU tromme • COSTICÃ TRIFAN trompet, vocal • DAN IONEL IVANCEA saksofon • LAURENTIU IVANCEA horn • MONEL TRIFAN tuba • OPRICA IVANCEA klarinett, saksofon • PAUL MARIAN BULGARU trompet • RADULESCU LAZAR trompet, vokal

Laurdag 7. juli kl. 15.30 Fanfare Ciocârlia Festplassen, Førde

Fanfare Ciocarlia, the world›s foremost brass band, celebrate their 20th anniversary in 2016. Hailing from a tiny village in north east Romania, Fanfare have gone on to conquer the world›s stages with their hugely exciting performances while each Ciocarlia album has topped the European World Music charts, driven D.Js crazy and inspired countless imitators.

21


Aynur TYRKIA «To hear Aynur’s voice is to hear the transformation of all the layers of human joy and suffering into one sound. It reaches so deep into our soul, tears into our hearts, and then we are for one moment, joined as one. It is unforgettable.» Yo-Yo MA Aynur er eit moderne kurdisk musikk-ikon som med eineståande stemmeprakt og stor musikalsk innleving har oppnådd stjernestatus langt ut over dei kurdiske og tyrkiske miljøa i Europa og resten av verda. Ho har eit stort spenn i repertoaret sitt, frå dei vakraste balladar til drivande danselåtar. Gjennom musikken sin har Aynur gjeve nytt liv til kurdiske folketonar, mange av dei meir enn 300 år gamle. Tekstane handlar om kvardagsliv, og sorger og gleder hos det kurdiske folk, særleg med fokus på kvinnene sine usle kår. Aynur har dei siste åra turnert dei store konsertscenene og festivalane i Europa. Ho mottek prisar for musikken sin, (Berklee Award i 2017) og for måten ho formidlar kurdisk kultur på. Aynur er ein gnistrande songar, som strålar på scena, er eit audmjukt forbilde for yngre kurdiske artistar. Det er berre å glede seg til eit møte med kurdisk musikk frå øvste hylle! Aynur følger opp suksessen til kurdiske artistar som Nishtiman og Sivan Perwer, som tidlegare har teke Førdefestival-publikummet med storm. AYNUR vokal • EMRE GÜLTEKIN saz, divan • ALEX SIMU klarinett • FRANZ VON CHOSSY piano • KRISTIJAN KRAJANCAN trommer

Singer and composer Aynur, a renowned folk artist and a cultural icon of the Kurdish people, received the award in the category Mediterranean Women in Action in recognition of her faithfulness to traditional Kurdish music and her perseverance in overcoming big challenges to follow her artistic path. These things make her an important example for other women artists seeking a creative voice in the Mediterranean music scene.

22


A RT I STOMTA LE Fredag 6. juli kl. 11:30 Møt artisten: Aynur Utstillingssalen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 15.00 Aynur Larris Scene, SSH - Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset 23


Constantinople is a musical ensemble that chose the journey—geographical certainly, but also historical, cultural and inner— as its cornerstone. It draws inspiration from all sources and aims for distant horizons. Inspired by the ancient city illuminating the East and West, Constantinople was founded in 1998 in Montreal by its artistic director, Kiya Tabassian. Since the ensemble promotes the creation of new works incorporating musical elements of diverse musical traditions around the world. Over the course of the decade, the ensemble has created over 40 new works and travelled to nearly 125 cities in 25 countries. 24 24


poetic, inspired and inspiring, hypnotic.» – La Presse, Canada

Constantinople & Ablaye Cissoko Eit poetisk møte mellom strenger og stemmer Alle stadar, så langt tilbake vi kan minnast, har ordet tilhøyrt skalden, trubaduren, grioten. Desse ordsmedane, som har vore både bodbringarar og fredsmeklarar, knyter oss til naturkreftene, det guddommelege og minna om forgjengarane våre. Det har alltid falle i desse ordsmedane sitt lodd å syte for den kollektive folkesjela. I dag gjer desse fritenkjarane og globetrottarane verda til sin eigen hage… Akkurat som dei evige trekkfuglane i Constantinople - og Ablaye Cissoko, ein griot frå Saint-Louis i Senegal. Frå første stund vart møtet mellom dei av det poetiske slaget. Eit møte mellom strenger og stemmer, mellom epokar, mellom mandinka-kongedømmet og det persiske riket; eit møte som forsterka gleda over sjølve livet. Denne felles reisa inn i fantasi og ukjent landskap er som eit djupt andedrag før byrjinga på ei uforgløymeleg ferd - gjennom tid og landskap. Ensemblet Constantinople vart etablert i 1998 i Montreal av legendariske Kiya Tabassian, og har med stor suksess spesialisert seg på å skape nye produksjonar i samarbeid med ensemble og solistar frå ulike

kulturar og ulike sjangrar verda over. I alt kan dei notere seg for 40 ulike produksjonar, framførde på rundt 125 konsertar på festivalar og store konsertscener i 25 land. ABLAYE CISSOKO kora, vokal • PATRICK GRAHAM • PIERRE-YVES MARTEL • KIYA TABASSIAN

Fredag 6. juli kl. 13.30 Constantinople & Ablaye Cissoko Festsalen, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset

25

A RT I STOMTA LE

«At the same time extremely


«A house of sinne you may call it, but not a house of darknesse, for the Candles are neuer out, and it is like those Countries farre in the North, where it is as cleare at mid-night as at mid-day. » John Earle, micro-cosmographie: Or a Peece of the World Discovered (1628)

Barokksolistene - the Alehouse sessions NORGE/UK Engelsk pubstemning med musikarar i særklasse! Fiolinisten Bjarte Eike og Barokksolistene har skapt furore i Skandinavia og store deler av Europa og USA. Konsertar i London, Dresden, Wien konzerthaus, Washington National Cathedral, Minneapolis, Princeton, New York og Chicago har vore heilt utselde, og omtalane overveldande. The Alehouse sessions har gått rett heim hos tilhengarar av både jazz, klassisk og folkemusikk. Musikk er heilt enkelt musikk, den treng ingen merkelappar eller kategoriar. Ved å gjere det, risikerer du å 26

skape en musikalsk elite, seier Bjarte Eike og dette gjenspeglar seg verkeleg i The Alehouse sessions. Inga reise til England er komplett utan ein tur innom den lokale puben; taverns eller alehouses har heilt sidan middelalderen vore britane sin andre heim. Her har lyden av snakk, song, musikk og den evige klirringa i ølglas til alle tider fylt romma. På slutten av 1600-talet, då teatra vart stengde av økonomiske grunnar, vart mange av desse skjenkestadane gjort om til såkalla Music Houses, der musikarar


A RT I STOMTA LE vart samla for å gje konsertar for eit entusiastisk og øltørst publikum. Her møtte du Henry Purcell og mange andre komponistar, som presenterte sine nyaste komposisjonar, eller duellerte musikalsk med lokale folkemusikarar. Komponistane lærte seg tradisjonelle låtar og vart inspirerte til å skrive nye stykke - med element frå folkemusikken - spesielt for pub-publikummet. Tekstane gjekk i ganske vågal retning (og ofte litt lenger..). Folkemusikarane vart utfordra med eit nytt repertoar. Dei måtte løfte seg for å hevde seg i duellane. Ut av dette utvikla det seg altså ein ny musikkstil som var skreddarsydd for dei uformelle rammene og ein god del av repertoaret frå denne tida, høyrer i dag til den tradisjonelle engelske, skotske og irske folkemusikken. Med andre ord var det ikkje berre komponistane og dei profesjonelle musikarane som vart prega av folkemusikken. Folkemusikken vart til ein viss grad også prega av komponistane. Etter kvart vart desse Alehouse sessions så populære at publikum måtte betale inngangspengar. Folk kunne teikne abonnement, og i neste runde vart lokala utbetra

på musikken sine premissar, slik at vestleg musikkliv rundt år 1700 hadde skapt dei første konsertsalane utanfor kyrkje eller slott. I denne konserten gjenskapar Barokksolistene noko av stemninga frå pubane i London på 16- og 1700talet. Menyen omfattar folkeleg, forførande, gripande og festleg song og musikk, akkompagnert av snakk, humor - og sjølvsagt øl! BJARTE EIKE fiolin, vokal, kunstnarleg leiar • TOM GUTHRIE vokal, fiolin • HELGE ANDREAS NORBAKKEN perkusjon, vokal • FREDRIK BOCK gitar, charango, vokal • HANS KNUT SVEEN trøorgel, cembalo, vokal • JOHANNES LUNDBERG kontrabass, vokal • STEVEN PLAYER dans, gitar, vokal • PER T BUHRE fiolin, bratsj, vokal

Laurdag 7. juli kl. 17.00 Barokksolistene - The Alehouse sessions Storsalen, Førdehuset

The Alehouse Sessions – curated and devised by Bjarte Eike – is an ever changing and evolving insight into the music of the English 17th Century tavern. It gives audiences a window into this tumultuous period through Purcell overtures, English sea shanties, and Scandinavian folk songs thrown in for good measure. These sessions have already been hailed as «irresistible» (The Times), «superb» (The Scotsman) and «fabulously unrestrained» (The Guardian), and they have diverted away from the traditional concert model by «creating the effect of a late night jamming session» (BBC Music Magazine). 27 27


«Eg har sete i så mange orkester der dirigentane kjem inn som tyrannar og nærast bankar den rette tolkinga inn i musikarane, eg hatar det! Det er berre musikk. Musikk skal skapast av glede.»

Ein skål for glede & god musikk Musikk skal skapas ut av glädje, nynnar Bjarte Eike, og slår fast: - Eg er ferdig med karrierejaget! Eg har fått vere solist i nesten alt. Eg kan velje meg nye samarbeid med dei eg har lyst å spele saman med. No har eg sagt opp stillinga mi på musikkhøgskulen. Nye mulegheiter held fram med å opne seg for meg, eg har lært meg å stole på det. Men ikkje misforstå, eg har jobba som ein galning for å komme hit. Eg var over 30 år før eg kjøpte meg ein sofa! Eg eigde nokre feler og eit par koffertar og sov på madrassar rundt om kring hos vener og kjende, fortel den musikalske leiaren for Barokksolistene. Bjarte Eike kjem frå Gjøvik og har utdanninga si frå Grieg-akademiet i Bergen. Her bytta han frå vanleg klassisk fiolin til historiske instrument. I 1996 avla han eksamen som første nordmann med barokkfiolin som hovudinstrument. Året etter blei 28

han uteksaminert frå Trinity College i London med høgaste karakter. - I fjor, då plata The Alehouse Sessions – blei nominert til Spelemannsprisen, fekk eg eit hyggeleg brev og gratulasjonar med nominasjonen i kategorien country! Då tenkte eg: «Ja, det var berre det som mangla!» Bjarte Eike ler godt. - Det viste seg å vere ein feil, men det er likevel eit bilde på kor sjangerovergripande, fritt og improvisatorisk dette prosjektet er.


- For å forstå historia, må vi til England og heilt tilbake til sist på 1600-talet. Landet var herja av krig både ut og heime. Kostnandane vart så store at kongen måtte stenge teatra og musikkscenene. Det var torries mot wigs, protestantar mot katolikkar. Borgarkrigane rasa. Musikarar og forfattarar måtte bruke vertshusa som scener. Då Charles den 2. kom tilbake på trona prøvde han å finne nye, rimelege måtar å satse på musikk og kultur. Snart blei den første abonnementskonserten annonsert i The London Gazette, på ein pub som heitte «The black horse». Det var ikkje veldig dyrt, du kunne kom inn og høyre på det ein kalla «sessions». Ikkje særleg formelt, ope for alle, lenka opp mot ein drikkekultur, men også ein møtestad der folkekulturen fekk bryne seg og strekke seg mot dei dyktige musikarane som deltok. - Eg hadde ei bok liggande, lenge: «The English dancing master.» Du veit, det finst ingen opptak av denne musikken. Det einaste ein kan gjere er å lese seg opp. I boka var det over tusen melodiar, ingen akkordar, ingen anvisningar. Men med ein enkel koreografi om korleis ein kunne danse til tonane. Så hadde vi etablert «Barokksolistane», nærast som eit

husorkester på Larvik barokkfestival. Her fekk eg handplukke dei folka eg aller helst vil jobbe saman med. - Vi har fantastiske workshops saman. Av og til på fjellet, av og til ute i havet, på ei øy. Vi møtest, lagar mat, dansar, spelar. Som musikalsk leiar har eg sjølvsagt siste ordet om korleis ein konsert skal setjast saman, korleis musikken skal spelast, men folk må kunne bevege seg fritt! Folk må trivast for å kunne yte sitt beste. Eg har sete i så mange orkester der dirigentane kjem inn som tyrannar og nærast bankar den rette tolkinga inn i musikarane, eg hatar det! Det er berre musikk. Musikk skal skapast av glede. Eg fann ei rammefortelling gjennom historiene om abonnementskonsertar og «sessions». Den er vid og open, men gjev likevel nettopp rammer å halde seg til og vere kreative innanfor. Det blir ein konsentrert og intens versjon i Førde, vi har berre ein time til festen vår der. Det er litt lite, ler han. Men legg til at han gler seg stort til å få opptre på Førdefestivalen, kjend som den er for å formidle det autentiske og opphavlege. Barokkfiolinist Bjarte Eike avsluttar med ei klar melding, eigna til ettertanke: - Kva vil det seie at musikken er autentisk? Du må skrive deg sjølv inn i musikken, for å formidle det autentiske. Du må gjere det slik at DU kan by på noko som DU brenn for. Det finst berre to typar musikk: God og dårleg!

29


FESTIVAL HOTELLET! Onsdag 4. juli:

Larris Scene kl 20.30 Son del Nene

Torsdag 5. juli:

Larris Scene kl 22.30 Canzoniere Grecanico Salentino

Fredag 6. juli:

Larris Scene kl 15.00 Aynur Restaurant Hugleik kl 21.00 Colombi Egg Larris Scene kl 23.00 Fredagsfest med 9 grader Nord og Fanfaraï Big Band

Lørdag 7. juli:

I Restaurant Laxen serverer vi lunsj og middag frå kl 1200 – 2200. Uteservering på Laxen Terrasse. Lobbybaren Bartine - ope frå kl 1800. Servering av småretter og forfriskande drikke ute og inne.

Velkomen til festivalhotellet – god mat, god festivalstemning og gode opplevingar! For bestilling: 57 83 40 00

Førdefestivalen

– også rein energi

Den lokale drivkrafta! - vi sponsar Førdefestivalen 30

Din lokale

findriv

Larris Scene kl 18.30 Majorstuen - Skrible Festivalsalen, 4. etg. kl 22.30 Nordisk klubb (evt. kombibillett) Larris Scene kl 23.00 Dansefest med Danyel Waro og Muchacho & los Sobrinos (evt. kombibillett)


A RT I STOMTA LE

Frigg FINLAND Finsk perfeksjon i særklasse Frigg tilbake i Førde! Vi kunne gjerne legge til eit jippi, for det er med stor glede vi tek imot denne no 100% finske gruppa, som har erobra verda med ei blanding av vestleg folkemusikk - der hovudingrediensen alltid har vore den nordiske tradisjonsmusikken. Dei har også framleis ei åre inn i den norske folkemusikken. Stilen deira vert ved fleire høve omtala som nordgrass, for å skildre bluegrass-elementa dei dreg inn i lydbiletet sitt. Frigg får med rette mykje kred for sitt tette samspel mellom feler, gitar, kontrabass, mandolin og sekkepipe. Nydelege slåttar i sprelske arrangement kjem trillande - den eine godbiten etter den andre. Finsk gravalvor er fråverande, men derimot har dei humor og speleglede i overflod. Og dessutan, musikalsk perfeksjon som gjev deg bakoversveis. Få om

nokon nordiske folkemusikkband kan vise til liknande solid internasjonal suksess som Frigg, som rett og slett er i særklasse når dei står på scena! TOMMI ASPLUND • TERO HYVÄLUOMA • ALINA JÄRVELÄ • ESKO JÄRVELÄ fele • JUHO KIVIVUORI bass • TUOMAS LOGRÉN gitar • PETRI PRAUDA sekkepipe, mandolin

Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 22.30 Nordisk Klubb Festivalsalen, SSH

Frigg has been conquering the world with a fusion of western folk music styles leaning strongly towards Nordic folk music, for which the world music media has coined the term nordgrass, referring to the bluegrass influences of the group. The tight interplay of four violins, string instruments and contrabass, fine-tuned to perfection and spiced with sparkling, humorous liveenergy has made an impact on listeners all over the world.

31


Ein storslagen hyllest til den spanske kvinnekampen

32


A RT I STOMTA LE

Flamenco 4 Women 4 SPANIA MANUEL RAMÍREZ FLAMENCO BALLETT Eit historisk tilbakeblikk på kvinner sine kår i Spania frå 1900-talet og opp til moderne tid er essensen i Manuel Ramírez si storslagne flamencoframsyning 4 women 4. Dei som førte den vanskelege kampen for likestilling og rettferd for spanske kvinner, kan ikkje sjølv fortelje historia frå scena, men innsatsen deira, og utfordringane dei møtte, vert sterkt formidla av dansarane, musikarane og songarane i ensemblet. Flotte kostyme og tidstypiske rekvisittar fører oss gjennom dei ulike tidsepokane - frå kvinner var koner og mødre (-1889), via den første sprenginga av grenser, til borgarkrigsåra (1936-39), diktaturet (1940-75) og til slutt demokratiet (1975-) - og etterlet ingen tvil om at kvinnekampen også i Spania har vore langvarig og vanskeleg, og at den har sine heltinner. Alt i alt er 4 women 4 ein stor hyllest til alle dei modige kvinnene som ikkje lenger fann seg i å bli undertrykte i eit mannsdominert samfunn, men sette foten ned, tok opp kampen og ofra det meste for å oppnå likeverd og rettferd for sine medsøstre. Manuel Ramirez er ein ung, framstormande dansar og koreograf, som har motteke ei rekke prisar og har turnert i Tokyo, London, Paris, Edinburgh, Tyskland og Sør-Korea. No driv han sitt eige dansekompani. Hovuddansar og koreograf MANUEL RAMÍREZ • Solist JULIA ACOSTA • Dansarar JULIA ACOSTA • MERCEDES JALDÓN • NURIA MARTÍNEZ • IRENE MARÍN MARIO PARRANA gitar • MAYTE MAYA ALTEA vocal (“cantaora”) • ANTONIO JIMÉNEZ FERNÁNDEZ “ANTONIO EL PORRAS” vocal (“cantaor”) • ANTONIO JIMENEZ MAYA perkusjon

Fredag 6. juli kl. 19.30 Flamenco - 4 Women 4 Idrettshallen, Førdehuset

«4 Women 4» deals with the labour difficulties experienced by women and the changing family model. This provides a historiographical revision of the evolution of women`s rights from the 19th century until today carefully choreographed by the emerging flamenco dancer Manuel Ramírez. 33


Elida Almeida KAPP VERDE Den nye stjerna frå Kapp Verde

Vinnaren av Prix Découvertes Rfi i 2015, unge Elida Almeida, er fødd for 24 år sidan på Kapp Verde-øya Santiago og har utvikla songtalentet sitt ved å synge i kyrkja. Ho har bygd musikkulturen sin ved å lage radioprogram på ein lokal stasjon i Maio, der ho vaks opp, etter at faren døydde. Ho reiste rundt med mora og selde varer, og tok hand om småsøsken. Elida Almeida er målmedviten, og ein overtydd forkjempar for retten til utdanning. Ho veit kva ho vil, og etter fullført vidaregåande skule, forlet ho landsbygda for å satse på musikken - og skape seg eit liv av kjærleikssongane og kampsongane sine. Med si varme, særeigne stemme, kombinert med mjuke og elegante rytmar frå batuque, funana og morna, minner ho mange om Kapp Verde si store songdronning, Cesaria Evora (1941-2011). Første plata hennar, Ora doci, Ora margos, vart ein umiddelbar suksess i Europa, og for tida er Elida Almeida det heitaste namnet på musikkscena på dei eksotiske øyane vest for Afrika. Konsertane med Elida Almeida er som ein varm sommarbris - som sol på kroppen, vind i håret og sand mellom tærne. Gå for all del ikkje glipp av denne nye stjerna frå Kapp Verde! ELIDA ALMEIDA vokal • HERMANI ALMEIDA gitar • NELIDA DA CRUZ bass • DIEGO NEVES tangent, trekkspel MAGIK SANTIAGO tromme

Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset Søndag 8. juli kl. 15.00 Elida Almeida Idrettshallen, Førdehuset

Winner of the Prix Découvertes RFI in 2015, Elida, a young woman born twenty-four years ago on the island of Santiago, developed her vocal techniques with simple church singing. She also fostered her musical culture, presenting a show on local radio in Maio, where she grew up after her father died, helping her mother, an itinerant trader. A determined woman and committed champion of the right to education. Her freshness and warm voice brought her instant success. If Elida Almeida now has a «golden cradle», she was not born to it. She built it herself with grace and tenacity. 34


A RT I STOMTA LE

Majorstuen NORGE Skrible

Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler vert nemnde i ei og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen vart utfordra av Norsk Litteraturfestival til å bruke litteratur som inspirasjon for ny musikk, let dei seg inspirere av heile spennet frå moderne underhaldningslitteratur til klassiske verk. I SKRIBLE brukar Majorstuen sitt folkemusikalske fundament, sin fantasi og sin kreativitet til å kommentere, kontrastere og abstrahere dei mange aspekta ved litteraturen. Etter 17 års musikalsk samarbeid har dei skapt sitt eige uttrykk, og med folkemusikken sin estetikk i botn reiser dei i ulike musikalske landskap - og er alltid forfriskende og overraskande på scena. Nærare 300 konsertar i 20 land har det blitt, og Majorstuen sitt sceniske uttrykk har sett ein ny standard for korleis formidle folkemusikk til et breitt publikum. Om dei spelar på ein liten bygdepub i Romsdal eller i eit verdskjend kulturhus i Paris - er dei kjende for sitt spesielle lydbilete, det gode samspelet og glimtet i auget. For debutplata «Majorstuen» fekk dei Spellemannprisen, og dei påfølgjande seks plateutgjevingar har sikra dei nominasjon til både Spellemannprisen og andre prisar. I SKRIBLE tek Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med spennande musikalske stoppestader!

SYNNØVE S. BJØRSET fele • JORUN MARIE KVERNBERG fele • ANDERS LÖFBERG fele, cello • BJØRN KÅRE ODDE fele, bratsj • TOVE P. HAGEN fele, cello, bratsj

Laurdag 7. juli kl. 18.30 Majorstuen Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Majorstuen has played close to 300 concerts in 20 countries and has, through their explorative and playful stage presence, set a new standard for how folk music can be conveyed to a broad audience. In their new performance, SKRIBLE, the five musicians and composers in Majorstuen were challenged to use literature as an inspiration for new music, and they decided to use the full range, from modern entertainment literature to classics. After 17 years on the concert stage, Majorstuen shows that they can deliver an innovative, solid and creative product with an unmistakably «Majorstuen» signature. 35


Canzoniere Grecanico Salentino ITALIA

Fulle av energi, lidenskap, rytmar og mystikk

36


A RT I STOMTA LE Dei kjem frå Salento i Puglia, ‘hælen’ på den italienske støvelen, vart etablert i 1975 og er rekna som det eldste folkemusikkensemblet i Italia. Dansaren og dei sju musikarane i Canzoniere Grecanico Salentino (CGS) har spesialisert seg på å blande det tradisjonelle og det moderne, og har vore sentrale i bølgja av unge utøvarar som har gått i bresjen for å løfte fram og fornye musikken og dansen i den sør-italienske pizzicatradisjonen, og gjort den tilgjengeleg for eit nytt og breiare publikum, også internasjonalt. Som publikum på CGS sine konsertar får du oppleve den energiske pizzica-musikken som er sentral i det gamle pizzica-tarantata-ritualet; den frenetiske dansen som blir sagt å vere kuren du treng om du blir biten av ein tarantella! Fulle av energi, lidenskap, rytmar og mystikk, tek CGS deg med på ei reise frå det tradisjonelle til det moderne - og tilbake. CGS er kjende for samarbeid med komponistar og artistar både på heimebane og internasjonalt, som

Ludovici Enaudi, Ballake Sissoko, Ibrahim Malouf, Piers Faccini og Steward Copeland i The Police. Dei har gjeve ut 18 plater, og også vore med å bygge opp den store La Notte della Taranta festival, som samlar meir enn hundre tusen publikummarar. ALESSIA TONDO vokal • GIULIO BIANCO sekkepipe • MAURO DURANTE vokal, perkusjon, fele • EMANUELE LICCI gitar, bouzouki • MASSIMILIANO MORABITO trekkspel • GIANCARLO PAGLIALUNGA vokal, tanbur • SILVIA PERRONE dans

Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - Musikken i dansen! Idrettshallen, Førdehuset Torsdag 5. juli kl. 22.30 Canzoniere Grecanico Salentino Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Canzoniere Grecanico Salentino comes from Puglia, the heel of the «Italian boot» in Southern Italy. A land surrounded by the sea, an historic crossroads of sounds, colors and languages. Its uniqueness was born out of its capacity to synthesize many diverse cultures. Here even the iconic Coke bottle was transformed, becoming a container for home made tomato sauce. CGS’ music is like that sauce: unique, timeless, profoundly contemporary.

37


38


A RT I STOMTA LE

Muchacho & Los Sobrinos SPANIA Ekte Rumba Catalana

Los Sobrinos er barndomsvenene, kompisane og brødrene frå roma-områda i Barcelona som opp gjennom åra har spelt sin rumba i bryllaup og i alle andre festlege lag, i tillegg til konsertar. Den katalanske rumbaen oppstod i Raval-bydelen i Barcelona tidleg på 50-talet, og Muchacho y Los Sobrinos vidarefører arven etter m.a. Peret, den gudbenåda musikaren og songaren som var den som gjorde mest for å utvikle denne spesielle musikkstilen. Muchacho y Los Sobrinos serverer autentisk rumba Catalana, med intense klapperytmar, fandenivoldsk gitarspel og raspande vokal. Dei etterlet ikkje tvil om at katalansk rumba har sine musikalske røter på Cuba, men at spansk flamenco har sett sine tydelege spor både i musikken og dansen. Og apropos dans: Bandet har også med seg dansarane Raquel Vicente og Enrique Serviole, som òg er instruktørar på kurs i katalansk rumba på festivalen, så det er berre å melde seg på!

MIGUEL SERVIOLE “MUCHACHO” vokal, gitar, piano • SAM “MOSQUETÓN” gitar, vokal • JACK JEAN TARRADELLAS perkusjon, vokal • JONATHAN MALLA “PETETE” gitar, vokal • JUAN SALAZAR tangent • ANTONIO REYES bass • ALBA BIOQUE klapping, vokal • ENRIQUE SERVIOLE dansar, kubjølle (campana), klapping • RAQUEL VICENTE dans, klapping

Onsdag 4. juli kl. 20.00 Muchacho y Los Sobrinos Gloppen Hotell, Sandane Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen! Idrettshallen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 09.30 Rumba Catalana dansekurs Laurdag 8. juli kl. 23.00 Dansefest med Danyel Waro og Muchacho & Los Sobrinos Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

They are childhood friends from the Raval area in Barcelona, and they play the autentic, urban Catalan Rumba; heiring from Peret, the king of the rumba. They started their carreer playing in weddings, birthdays and other gypsy family festivities. The music that was born in the intimacy of their gypsy community in Barcelona now gains its place on the stage in a very natural way.

39


Danyel Waro

Maloya-kongen klar for Førde!

RÉUNION

Fredag 6. juli kl. 10.00 Barneverkstad Eventyrrommet, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 18.00 Møt artisten: Danyel Waro Utstillingssalen, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 23:00 Dansefest Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Søndag 8. juli kl. 13.00 Familiedag Førdehuset

Musikar, poet, instrumentmakar og lærar; ein udiskutabel meister av kreolkulturen. Og ein sta anti-kolonialist og anti-fascist, til tider militant.. Danyel Waro er ein sentral person på øya La Réunion - med eit politisk engasjement som framfor alt kjem gjennom i musikken hans. Den store poeten forsvarar maloya-tradisjonen på ein rett fram måte, med enkel og tydeleg språk. I 2010 vart han tildelt den store musikkmessa Womex sin ærespris for arbeidet sitt. Maloyamusikken er den reunionske bluesen, sungen av plantasjearbeidarane på øya, og med røter i Afrika, på Madagaskar og i India. No er musikkforma på Unesco si liste over ‘Masterpieces of Intangible Culture’, men den var forboden av dei franske koloniherrane heilt fram til på 70-talet. Utover i 70-åra gjorde fridomskjemparane maloya til sin musikk og på 80-talet tok det heilt av. Ein av dei som kjempa hardast for maloyaen, var Danyel Waro. Han har mykje av æra for maloya ikkje gjekk tapt, men vann tilbake sin rettmessige plass som ein viktig kulturarv for folket på Réunion. Tenk på det når Danyel Waro og musikarane hans går på scena. Ingen andre brenn meir for akkurat denne musikken enn den kvithåra energiske mannen som spelar kayamb som han aldri har gjort anna. Han har maloya i blodet, i hovudet og i hjartet. Det merkast når han òg musikarane hans inviterer oss til fest på dansegolvet med suggererande rytmar og fengande spørsmål-svar-songar. DANYÈL WARO vokal, kayamb • STÉPHANE GAZE vokal, sati, bob • JEAN-DIDER HOAREAU kayamb, vokal • GILLES LAURET vokal, triangel • MIKA TALPOT vokal, rouler

Maloya - the rhythm on which plantation workers have long been singing their joys and woes - is the Reunionese blues and although today it is part of the UNESCO list of Masterpieces of Intangible Culture, it was banned by the French authorities for many years. Danyel Waro is a poet of the Creole language who speaks his mind about the problems of contemporary Reunion, the dominance of French culture, racism, work, love and death, calling for unity among the Africans, Madagascans, Indians and Europeans who make up the island’s population. Danyel Waro received the WOMEX Artist Award 2017. 40


A RT I STOMTA LE

Cimbaliband UNGARN Humoristisk-musikalsk rundtur på Balkan Cimbaliband vart kjende internasjonalt i 2013, då dei som første ungarske band spelte på den store bransjemessa Eurosonic Noorderslag i Nederland. Sidan har publikum over heile verda fått bakoversveis av dette multikulturelle bandet sine virtuose instrumentalsoloar i deira humoristiskmusikalske rundreise i tid og rom på Balkan. Frontfigur i Cimbaliband er Unger Balazs, eit unikum på cimbalom, og karakterisert som The Chuck Berry of Cimbalom. Unger Balazs hentar inspirasjon frå det rike kulturmangfaldet i Ungarn, blandar det med godt humør, og leverer ein dose melodiøs fortare-enn-fort-musikk du knapt har høyrt maken til. Cimbaliband er pur musikkglede som løftar deg frå stolen! Saman med Cimbaliband får du sjå dansaren Roland Toth i aksjon. Han har vunne fleire av dei nasjonale folkedanskonkurransane i heimlandet, i tillegg til å vere ein habil felespelar, og elev av Unger Balazs. UNGER BALAZS cimbalom, vokal • DORA DANICS vokal • UNGER GERGO citar, vokal • BABOS LORINC tromme, perkusjon • SOLYMOSI MATE fele • GULELY TOTH kontrabass • ROLAND TOTH dans Fredag 6. juli kl. 21.00 Columbi Egg Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 22.30 Dans, dans, dans! Festsalen, Førdehuset Søndag 8. juli kl. 17.00 Cimbaliband Utekonsert, Sunnfjord Museum, Movika (Sersjantløa, viss regn)

«Finally, cimbalom is rock´n roll. Watch out for these Hungarians!» Thierry Sartoretti, Vibrations

Cimbaliband is best known worldwide as the first Hungarian world music group to perform in Eurosonic Noorderslag in 2013. This multicultural band gives their audience a shocking experience with virtuoso instrumental solos, humor through music and a historical look around the Balkans. Those with an open ear to different cultures and their music can experience a journey through time and space. This 7 piece group is the living messenger of the motto of the EU: ‘United in diversity’.

41


Cassie & Maggie MacDonald CANADA

«Be it their foot percussion accompanying driving Nova Scotian sets, their perfect blend of sibling harmonies, added to a stunning interplay on various instruments, a musical evening spent with Cassie and Maggie is a great night, altogether» Irish Music Magazine. Søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Nova Scotia i Canada, har gledd verda med sin heilt spesielle miks av keltisk tradisjonsmusikk og moderne folkemusikk, både instrumental og vokal. På konsertar både i USA og Europa har dei imponert publikum med gnistrande spel på fele, piano og gitar, og ikkje minst «søskenharmoniar» på vokal. Dei syng både på engelsk og gælisk, serverer raffinerte arrangement og praktiserer også den intrikate kanadiske stepdansen til fulle! At Cassie og Maggie alt har henta heim ein del folkemusikkprisar, bør ikkje overraske nokon: I 2016 vart dei Singers of the year, og New group of the year. Chicago Irish-American Newspaper kåra plata deira til årets Female Vocal, berre for å nemne nokre av utmerkingane som har dryssa over dei i det siste. Dei to har funne ein perfekt balanse mellom musikalsk integritet og underhaldning, og er trufaste mot røtene

sine i Nova Scotia; trygge nok til å utforske grensene for folkemusikken. Den foreløpig siste prisen mottok dei ved Canadian Folk Music Awards 2017 i slutten av november; Traditional Album of the Year for den keltiske roots plata The Willow Collection. CASSIE MACDONALD • MAGGIE MACDONALD

Onsdag 4. juli kl. 20.00 Cassie & Maggie Haavebua, Florø Torsdag 5. juli kl. 16.00 Kurs i Canadisk steppdans Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen! Idrettshallen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 22.30 Cassie & Maggie Teltet, Pikant Restaurant & Bar

Nova Scotian sisters Cassie and Maggie have been lighting up the world with their unique blend of traditional and contemporary Celtic instrumentals and vocals. Appearing on stages across North America, the UK, and Europe the sisters have enchanted audiences far and wide with lively fiddle, piano and guitar arrangements, stunning sibling vocal harmonies in both English and Gaelic, all complemented by their intricate and percussive stepdancing style.

42


A RT I STOMTA LE

Grenselaust vakkert!

Trio Lopez Petrakis Chemirani SPANIA, HELLAS, IRAN/FRANKRIKE

Dette er eit møte mellom tre ekstraordinære musikarar frå den nye generasjonen av folkemusikkutøvarar i området rundt Middelhavet. Alle tre kjem frå kulturar med sterke musikktradisjonar - gresk, latinsk og orientalsk. Desse har dei teke vare på, medan dei heile tida har utvikla seg og sugd til seg inspirasjon og kunnskap frå andre musikkformer og andre tradisjonar. Røtene i Stelios Petrakis sin musikk går tilbake til 2000-1400 fvt. på Kreta, og er utgangspunktet for fleire av musikkretningane som utvikla seg aust i Middelhavet. Petrakis er kjend for sitt magiske strengespel på luttar og lyrer i ulike former. Frå Valencia i Spania kjem Efren Lopez, i si tid grunnleggjaren av ‘L’Ham de Foc’. Han har ein klassisk vestleg musikkbakgrunn, men budde i lengre periodar i Athen og Istanbul, for å lære seg orientalske musikk. Efren Lopez er multiinstrumentalist, og har fleire prosjekt innan både

samtidsmusikk og pop/rock. Den iranske perkusjonisten Bijane Chemirani, har som bror Keyvan gått i lære hos faren, Djamchid Chemirani (Trio Chemirani), og er eit unikum på zarb. Her møter du altså tre ubestridde virtuosar som finn saman i eit felles språk, og som med tett, presist og audmjukt samspel inspirerer, improviserer og eggar kvarandre opp på meisterleg vis – resultatet blir grenselaust vakker musikk! EFREN LOPEZ dreielire, lutt, latva • STELIOS PETRAKIS lutt (laouto), lyre • BIJAN CHEMIRANI zarb, lyre, daf

Laurdag 7. juli kl. 14.00 Trio Lopez Petrakis Chemirani Festsalen, Førdehuset

This trio brings together three young musicians who compose and perform their own music, which is influenced by various musical genres of the Mediterranean area. Stelios Petrakis, a young composer and virtuoso lyra and lute player from Crete; Efrén López, a multi-instrumentalist and composer from Spain, has spent years travelling in the Mediterranean area studying their various musical idioms and Bijan Chemirani, born into a musical family and heir to the great tradition of persian zarb.

43


NY PRODUKSJON

Op Sødeste Sang Religiøse folketonar i ny drakt Velkomen til eit møte med vakre og gripande songar frå vår eigen store og rike religiøse song- og folketoneskatt. Songskattane er henta fram frå fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen, som gøymer mange hundre lydklipp frå sterke kjelder både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord - som Ragnar Vigdal, Ola Vanberg, Åslaug Finden Røyrvik, Paul Berstad, Lars Ryssdal, Hans Tangenes med fleire. I tillegg har tekstar etter fleire lokale diktarar - til dømes diktarpresten Claus Frimann i Nordfjord - også vorte del av den religiøse songskatten vår. Mykje av repertoaret i konserten har fått nye arrangement signert Sigbjørn Apeland, og vert framførte av nokre av våre fremste musikarar: Sigbjørn Apeland frå Sveio er musikalsk leiar og ansvarleg for nye arrangement. I tillegg til å vere organist og kjend frå langvarig samarbeid med mellom andre Sigrid Moldestad og Nils Økland, er Apeland førsteamanuensis ved Griegakademiet ved Universitet i Bergen. Synnøve Bjørset frå Jølster er ein av våre leiande felespelarar, som i tillegg til solokarriere også er sen-

tral i gruppa Majorstuen, som òg er artist under årets festival. Ho er også musikkarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Arve Henriksen frå Stryn har markert seg som ein allsidig trompetist - alltid utforskande og i rørsle, med ein grunnleggande lyrisk stil i botn. Alt i alt har han medverka på rundt 140 plater, har motteke tallause jazzprisar og samarbeidd med ei lang rekkje musikkprofilar, norske som internasjonale. Kim Rysstad frå Rysstad i Setesdal er A-klassekvedaren med både Spellemann-nominasjon og MGP deltaking som er velsigna med ei av dei vakraste stemmene i landet. I desember gav han ut juleplate med sjølvaste London Symphoni Orchestra. Malin Alander frå Gloppen studerer song ved Norges Musikkhøgskole. Ho var deltakar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt i 2015 - og no er ho altså tilbake i ein av våre nye produksjonar, i tillegg til at ho har songkurs med utgangspunkt i dei religiøse folketonane som er repertoaret for årets kyrkjekonsert.

Five musicians have searched in our large local music archives for old - forgotten and almost forgotten - religious folk tunes and given them new arrangements. Some of the tunes have been in use in church services in our region, others not, but in this concert they are all presented in a new way.

44


A RT I STOMTA LE

SIGBJØRN APELAND orgel • ARVE HENRIKSEN trompet • SYNNØVE BJØRSET hardingfele, fele • KIM RYSSTAD vokal • MALIN ALANDER vokal

Fredag 6. juli kl. 21.30 Kyrkjekonsert: Op sødeste sang Førde kyrkje Laurdag 7. juli kl 12.00 Songkurs Instruktør: Malin Alander

45


Foto: Magne Sandnes

For noko større enn seg sjølv Eg likar å vite mykje om musikken si historie. Til meir eg veit til friare kan eg forhalde meg til kjeldene i det kunstnarlege arbeidet. Sigbjørn Apeland har ein fot i forskinga og stor interesse for historiske kjelder og kunnskapar. Han har arbeidsplassen sin ved Griegakademiet i Bergen. I 2005 disputerte han med ei avhandling om kyrkjemusikalsk diskurs, og er no tilsett som førsteamanuensis ved universitetet. Med den andre foten, trør han pedalane på gamle orgel og let fingrane leike over tangentane. Sigbjørn 46

Apeland skaper uhøyrde uttrykk, i den forståinga at dei er nye. Med trøorgelet som ei kjerne malar Apeland nye lydbilder ved å kombinerere tradisjonsmusikken med elektronika, jazz og anna improvisasjon. - Eg opplever det som fruktbart begge vegar, seier Sigbjørn Apeland. Eg byrja tidleg å jobbe med improvisasjon, samtidig som eg studerte klassisk musikk. Eg arbeidde også med å samle inn lokal


musikk og opplevde at til meir eg kunne, til friare kjende eg meg som utøvande musikar. Denne vekslinga har kome til å bli ein gjevande balanse for meg. Sigbjørn Apeland har fått i oppgåve å vere musikalsk leiar for konsert-produksjonen ”Op sødeste sang” som tek utgangspunkt i kyrkjemusikalsk arkivmateriale frå Sogn og Fjordane. – Alle er svært dyktige på sine område, seier Apeland om musikarane festivalen har plukka ut til prosjektet. Eg har jobba med dei fleste tidlegare, alle så nær som Malin Alander. Men eg har høyrt mykje godt om henne, og er veldig glad for at eg får med meg ein musikar eg ikkje kjenner! Utfordringa blir å finne denne balansen mellom det tradisjonelle og ein fri og improvisatorisk tilnærming, trur eg. Heldigvis har vi god tid og gode arbeidstilhøve. Der er Førdefestivalen ein framifrå oppdragsgjevar! - I kyrkjene var det klokkaren som styrte songen, fortel Sigbjørn Apeland. Lenge hadde ein ikkje musikkinstrument. Dette opna for ein enorm musikalsk variasjon, sjølv om mange av tekstane er ein del av den felles-nordiske og europeiske salmetradisjonen, av slike som Kingo og Brorson, til dømes. Kyrkjerommet var ein stad for utfalding og kreativitet. - Den ornamentikken folkesongarane våre no lærer frå tradisjonen, oppstod som improvisasjon i salmesongen i kyrkja, forklarer Apeland. Korleis dette høyrdest ut, er ei anna sak. Knut Hamsun skreiv endå til eit avisinnlegg i ”Søndre Bergenhus Folkeblad” der han skildra kor ille salmesongen i Øystese var å lytte til: Han meinte songen var vill og barbarisk. ”Disse stemmer fra dybet af Norges farligste råhed,” provoserte Hamsun. Skulda delte han mellom skulemeisteren, kyrkjelyden og dei ”alderstegne bønder” som styrte bygda. I den etterfylgjande debatten, som varte så lenge han oppheldt seg i Øystese, ble han skulda for å være en ”viktigpær” med ”stuelært visdom”. - Også salmetekstane kunne vere skrivne lokalt, men ofte av ikkje-namngjevne kjelder. Dei skreiv for noko større enn seg sjølv, ikkje for eiga ære og anerkjenning, det er slik vi tolkar mangelen på avsendarar på slike tekstar, forklarer Apeland, og held fram: - Kyrkja er ikkje ein stad for sjølvhevding og posering, når ein går inn i kyrkja går ein inn i noko langt større. Det gjer kyrkjerommet til ein stad der mykje kan leggjast til side. For den kunstnarlege skaparkrafta i mennesket har det gjeve gode vilkår, avsluttar Sigbjørn Apeland.

«Op Sødeste sang» i arkivet - I fylkesarkivet har vi berre ei kjelde til salmen som har gjeve namn til denne kyrkjekonserten, fortel musikkarkivar Synnøve Sæmundsdotter Bjørset. - Det er eit lydopptak der Lars Ryssdal frå Gloppen framfører tre vers. - Teksten er skriven av den norskdanske presten Iver Brinch og har blitt nytta til fleire ulike melodiar over heile landet. Som religiøs folketone er det også tale om ei rekkje større og mindre variasjonar i tekst. «Opp, jublende sang» som står som nr. 638 i Norsk Salmebok (1985) med melodi av Ludcig M. Lindemann, skal vere ein «samanslått versjon» av to av Brinch sine salmar: «Op sødeste sang» og «Å gledelig dag». Men dette er ikkje den same teksten som Ryssdal nyttar, og dessutan med ein heilt annan melodi. Det første verset Ryssdal syng, har truleg stått på trykk med denne ordlyden:

Op sødeste Sang, Op Salter og Harpe, Lad høre din Klang. Og alt, som er i mig ag ædleste Rod, Tak Jesum, som altid har været saa god, Og nylig forløste mit Hjerte af Tvang, Tak tusinde Gang! Tak tusinde Gang!

47


1998-2018

Opera Nordfjord feirar 20 fantastiske år og ynskjer velkomen til nye, eineståande opplevingar i haust!

La Bohème av Puccini

3.-13. oktober

23., 24. og 25. november

i Operahuset Nordfjord

i Operahuset Nordfjord

operanordfjord.no

Gode resultat er som musikk i våre øyrer! Stolt hovudsponsor av Førdefestivalen

Kontakt oss på tlf: 57 72 35 00 I Nettside: adcom.no 48

/operanordfjord

ADCOM Fjord Data - moderne ERP-bedrift med unik kombinasjon av fagkunnskap innan økonomi, rekneskap, lønn og teknologi

-Heilt sidan 1974


Dimitris Mystakidis

A RT I STOMTA LE

Gresk rembetika - i Amerika

AMERIKA

Dimitris Mystakidis er ein legendarisk multi-instrumentalist som har arbeidd med det meste av komponistar, musikarar og vokalistar i Hellas. Han vaks opp i Thessaloniki, og appetitten på musikk vart vekt av ein lærar som brukte halve skuledagen til musikkundervisning. Mora sin kjærleik til rembetika, saman med den store rembetika-bølgja i Hellas på 80-talet, vart avgjerande då han som 16-åring valde musikk som yrke. Fire år seinare hadde han tent nok pengar til å starte på musikkonservatoriet. I dag er han musikkprofessor ved Epirus School of Art og ved Universitetet i Makedonia. I dei siste 20 åra har gitar-virtuosen fordjupa seg i historia og røtene til den greske rembetikamusikken. Amerika-prosjektet er ei samling rembetikamusikk skriven av grekarar som immigrerte til USA i perioden 1890-1930. Dei søkte eit nytt heimland, men musikken sin, rembetikaen, hadde dei med seg. Dei dyrka den og utvikla sin eigen måte å spele gitar på - tsibiti - in-

spirert av afro-amerikanske gitarbluesgitaristar. I tillegg til å gje oss si heilt personlege tolking av den vakre rembetikamusikken som slo rot i Amerika, fortel Mystakidis også historia om immigrantane og det nye heimlandet. Gjennom filmglimt, foto og brev, får vi eit sterkt og levande møte med personlege skjebnar frå ei tid då grekarane sjølve var på flukt. DIMITRIS MYSTAKIDIS gitar

Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden Fredag 6. juli kl. 21.00 Columbi Egg Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Laurdag 7. juli kl. 18.30 Dimitris Mystakidis - Amerika Teatersalen, Førdehuset

Dimitris Mystakidis reinterprets in his own personal manner rembetika that were written by Greek immigrants in the United States from 1890 to 1930. Rembetiko fingerpicking, the “tsibiti” technique, was developed in the United States in the beginning of the 20th century. Influenced by the fingerpicking technique of Afroamerican bluesmen, Greek musicians embraced the distinct open tunings they found in America, creating an original guitar playing technique.

49


Hazelius Hedin SVERIGE Svensk folkemusikkduo med briljans og driv og rører eit stort publikum. Repertoaret omfattar alt frå middelalderballadar, eventyrsongar og kjærleiksballadar til instrumentale danseslåttar, både tradisjonelle og nykomponerte. Arrangementa - som ofte har noko keltisk over seg - er fasinerande enkle og følgjer tradisjonen, men er på same tid innfløkte og djupt personlege. Hazelius Hedin si første plate, «Om Du Ville Männeske Heta» tok heimlandet med storm og duoen vart kåra til Årets gruppe på Folk- og världsmusikgalan tilbake i 2012. Oppfølgjaren, «Sunnan», kom to år seinare, og vart om mogleg endå betre motteken med rosande kritikkar og topplasseringar på svenske platelister - uansett sjanger. Til Førde kjem dei med splitter ny plate i bagasjen, og dei spelar både konsert og til dans. ESBJØRN HAZELIUS vokal, cister, fele, gitar • JOHAN HEDIN oktavnøkkelharpe, cister, vokal

Songaren og strengemeisteren Esbjørn Hazelius og nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin har dei siste åra hatt stor suksess på den svenske og internasjonale folkemusikkscena, og ikkje minst opplevd stor respons utanfor sjangeren. Saman utgjer dei to ein komplett og fargesterk duo som med blendande briljanse og tøft driv fyller dei svenske danselåtane og visene med musikk som grip

Fredag 6. juli kl. 21.00 Dans utan stans! Festsalen, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 13.00 706 m.o.h.: Hazelius Hedin Hafstadfjellet Laurdag 7. juli kl. 22.30 Nordisk klubb Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Søndag 8. juli kl. 17.30 Hazelius Hedin Jakob Sande-tunet, Dale

Esbjörn Hazelius is one of Sweden’s leading folk music singers and strings players. Johan Hedin is a virtuosic player and innovator of the spectacular and old instrument, the key harpe. Individually, they are two of Sweden´s most valued folk musicians, and they have been very succesful on the Scandinavian folk music scene. Together they form an incredibly complete and colourful duo with brilliant and rare intimacy. Their repertoire ranges from fairy tale songs and ballads to instrumental dance tunes, both traditional and newly composed. 50


A RT I STOMTA LE

Son del Nene El Nene sitt fulle namn er Pedro Lugo Martines, og han er utstyrt med ei utsøkt, kraftig og melankolsk stemme. På scena er han som ein yngre versjon av den verdskjende Ibrahim Ferrer (Buena Vista Social Club) og likskapen gjeld ikkje berre utsjånaden. Han oppsøkte den eldre garde songarar for å lære songstilen i «klassisk» son cubano, og så bra har det gått, at han kan skilte med Latin Grammy med sitt første ensemble, Los Jovenes del Son. El Nene har også hovudrolla i Wim Wenders sin film «Musica Cubana The Sons of Buena Vista». Son del Nene har eit variert repertoar spenner frå det sentimentale, litt melankolske, til energisk svingande cubanske rytmar, fulle av glede og vitalitet. Saman med sine sju musikarar i Son del Nene har han gjort suksess i Europa igjen og igjen - og for alle som

elskar son cubano i si opprinnelege form er El Nene eit absolutt must. «Every foot starts moving in time. It’s music you just can’t resist.» EL NENE vokal • EDUARDO ACOSTA gitar, vokal • DEIVYS BERROA bass, vokal • YOENDRY FERRER Congas, vokal • RIGOBERTO GONZALEZ perkusjon • ARMANDO LAHULLIER tres cubano, vokal • GREGORY LOPEZ trompet, vokal Onsdag 4. juli kl. 20.30 Son del Nene Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Psst! Kl 19.30 kan du hive deg med på krasjkurs i cubansk salsadans, gratis for deg som har billett til konserten!

El Nene, whose real name is Pedro Lugo Martinez, boasts an unsurpassed, powerful and melancholic singing voice. On stage he is like a younger version of world-famous Ibrahim Ferrer (Buena Vista Social Club), and they are uncannily similar not only in looks. El Nene and his seven-strong band, SON DEL NENE, have received a warm welcome in Europe time and again. For all those lovers of original traditional son cubano who want to experience a piece of authentic Cuba, this exceptional musician is an absolute must. 51


Small Island Big Song

SOLOMONØYANE • BORNEO • PÅSKEØYA • TAIWAN • MADAGASKAR • PAPUA NY GUINEA Eventyrleg og fargerik multi-media framsyning om urfolk

I tre år har den prisvinnande australske filmskaparen og musikkprodusenten, Tim Cole og produsent og skribent Bao Bao Chen reist rundt på 16 øysamfunn frå Madagaskar til Hawaii, Taiwan til Aotearoa (New Zealand), og gjort lyd- og filmopptak av 100 artistar i sine opprinnelege kulturar. Dei tek deg på ei reise med heim til Charles Maimarosia på Solomonøyane, Alena Murang på Borneo, Yoyo Tuki på Påskeøya, Ado Kali52

ting Pacidal i Taiwan, Sammy Andriamalalaharijaona på Madagaskar og Ben Hakaliz på Papua New Guinea. Gjennom film og lyd - kombinert med levande musikk frå scena - blir vi kjende med musikarane på ein heilt spesiell måte og får eit innblikk i kulturar som er heilt ulik vår eigen. Bli med på den eventyrlege reisa til stadar og kulturar du kanskje ikkje visste eksisterte!


A RTI STOMTA LE Charles Maimarosia - A’re A’re - Solomonøyane Charles Maimarosia er tidlegare vokalist, koreograf og tekstforfattar i Narasirato Pan Pipe Band, og er godt van med å stå på dei store festivalscenene rundt i verda, også i Førde! Narasirato var eit eksotisk høgdepunkt på festivalen her i 2011. Charles er ein meister på bambusinstrument - som panfløytene awaa og aurerepi, og har ei massiv stemme som når langt, også bokstaveleg tala. Alena Murang - Kelabit - Borneo Alena Murang spelar sape og syng, og driv i tillegg med visuell kunst. Ho er ei av dei aller første kvinnene

som openlyst spelar det tradisjonelle strenginstrumentet sape frå Sarawak på Borneo og underviser andre i instrumentet. Murang er musikk-aktivist og prøvar å ta vare på musikktradisjonane på Borneo, til dømes i Sarawaks-, Kenyah- og Kelabit-stammane ved å bruke tradisjonelle songar i repertoaret sitt. Ho har turnert både i USA, Korea, Europa, Australia og Malaysia. Yoyo Tuki - Rapa Nui - Påskeøya Yoyo Tuki er rekna som ein av dei fremste Rapa Nuimusikarane i Stillehavsområdet, og vert jamnleg invitert til festivalar. Med si fengslande stemme og mo53


derne uttrykk, løftar han dei musikalske røtene sine inn i eit nytt landskap. Tuki er også kulturaktivist, og framstiller sitt eige folk som forvaltarar av sin eigen kultur, og ikkje dei som øydelegge den, slik det vert hevda i Vesten. Ado Kaliting Pacidal - Amis/Pangcah - Taiwan Songaren, TV-verten og aktivisten Ado Kaliting Pacidal er kjend for suksessen med plata ‘Sun and Moon’ og hovudrolla i den prisvinnande taiwanske filmen ‘Panay’. Uroa over at Pangcah-kulturen er i ferd med å bli borte, skriv ho tekstar om det, og hentar også folkesongar inn i repertoaret sitt. Pacidal er også produsent i urfolksTV og i fleire andre uavhengige prosjekt.

Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen! Idrettshallen, Førdehuset Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster (Charles Maimarosia og Yoyo Tuki) Jølstramuseet, Vassenden Fredag 6. juli kl. 13.30 Small Island Big Song Teatersalen, Førdehuset Kl. 16.00 Møt artisten: Tim Cole og Bao Bao Chen - om Small Island Big Song-prosjektet. Utstillingssalen, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 12.00 Familieverkstad: Song og dans med utøvarar frå Small Island Big Song-prosjektet

Sammy Andriamalalaharijaona - Merina - Madagaskar Sammy Andriamalalaharijaona spelar lutt, og mange andre instrument, og er tidlegare kunstnarleg leiar for verdssuksessen Tarika Sammy, som hadde sin topp på 90-talet. Han er hekta på malagassiske instrument, og faktisk spelar han dei aller fleste av dei!

Three years in the making, involving sixteen countries across Asia and the Pacific & Indian Oceans, with over one hundred musicians filmed and recorded in nature and woven into eighteen collaborative songs. Small Island Big Song brings together 6 headlining artists from across the Indian and Pacific oceans. Performing in front of a panoramic cinema screen interacting with films. A powerful, organic, authentic experience with a contemporary message. An Island too precious to loose.

54


A RT I STOMTA LE

SOLOSCENA:

Anne Hytta NORGE

Telemarking med stor sans for musikalsk «snirkleri» Anne Hytta kjem frå Sauland i Telemark og er busett i Oslo. Som hardingfelespelar og komponist arbeider ho både med tradisjonsmusikk og nyskriven musikk. Læremeisteren hennar frå ho var 11 år, var Einar Løndal frå Tuddal i Telemark, og Løndalspelet er på mange måtar Anne Hytta sitt musikalske morsmål. Dei smidige linjeføringane i den gamle slåttemusikken er utgangpunktet for alt det musikalske arbeidet til Anne Hytta, som er involvert i mange ulike prosjekt, frå middelaldermusikk til improvisasjon, frå solo til større ensemble.

Prisar har det vorte fleire av, mellom anna fekk ho Spellemannprisen for plata short stories med trioen sin, Slagr, og ny Spellemann vart det på Hytta i år, for soloplata STRIMUR, som ho òg fekk Folkelarmprisen for i november 2017.

Laurdag 7. juli kl. 12.00 Soloscena: Anne Hytta Haarklousalen, Førde kulturskule

Anne Hytta (born 1974) is a performer and composer of the Hardanger Fiddle, a fiddle with sympathetic strings and its own repertoire of traditional tunes. Her background is deeply founded in the highly distinctive playing style of the repertoire of traditional tunes for the Hardanger fiddle, and from this basis she composes and performs her own music in the solo production Draumsyn, her trio Slagr or other ensembles.

55


TA EIN PAUSE PÅ AMFI FØRDE

Våre matplassar: • BURGER KING

• FERSKE SMAKAR AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

• PEPPES PIZZA • RESTAURANT BAMBUS • SPAR • SPISERIET

Velkomen! 10-20 (18) AMFI.NO/FORDE

OSLO WORLD

30. OKT - 5. NOV 2018

g Aida Muluneh

25th edition

Kjøp billetter på: Ticketmaster.no, 7-eleven, Narvesen & Posten

56

osloworld.no


Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest folkekjære og anerkjende bildekunstnarar. Han vaks opp og budde det meste av livet sitt i Jølster. Her henta han inspirasjon og motiv til særeigne skildringar av natur og folkeliv. Interessa for folkekulturen var stor, og særleg synte han omtanke for den lokale folkemusikken og -dansen. Han var god ven med spelemannen Johannes B. Nedrebø, og saman med kona, Engel, arrangerte Astrup springarkurs og dansefestar på låven. I fleire av bilda hans finn vi framstillingar av spelemenn og dansarar som syner motiva i springaren dei dansa i Jølster på Astrup si tid. I Klangen av Astrup ser vi på Astrup med folkemusikalske auge. Vi lar nokre av våre fremste lokale folkemusikkutøvarar teikne sine bilde av den mangfaldige kunstnaren, og setje til fargar frå folkemusikken og dansen sin rikhaldige palett. I Astruptunet, kunstnaren sin eigen heim, vert det intimkonsertar, samtalar og betraktningar

om kunstnaren sin klang i arbeid og fritid. Produksjonen skjer i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum. ERLEND APNESETH hardingfele • SIGMUND EIKÅS hardingfele • EMIL HORSTAD trekkspel • KYRRE EIKÅS OTTERSEN tekst • INGER FUREVIK dans • BJØRNAR SLÅTTEN, dans • JAN ARNE FLUGEKVAM dans • LAILA BØ FLUGEKVAM dans • BRITA JORDANGER KIRKEEIDE dans • GISLE JORDANGER KIRKEEIDE dans Idé og produksjon: Førdefestivalen Produsent: GRO MARIE SVIDAL

Søndag 8. juli kl. 11.30 Klangen av Astrup Astruptunet, Jølster

Nikolai Astrup (1880-1928) is one of Norway’s most beloved artists. Astrup’s fame stems largely from his unique depictions of the lush landscape and traditional way of life in Western Norway. For 15 years Astruptunet, in Jølster was Nikolai Astrup’s home. This performance is a tribute to the famous painter’s profound interest in the local traditional music and dances.

57

A RT I STOMTA LE

NY PRODUKSJON

Foto: Oddleiv Apneseth

Klangen av Astrup NORGE


Fliflet/Hamre NORGE

Tek publikum med storm med leikelyst, innleving og ein dose kreativ galskap! I musikken til Fliflet/Hamre står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske ettertenksame tonar, norske kystmelodiar og italienske partisansongar. Og Harald Sæverud vert dregen med på 9-takts-kalas hos serbiske romfolk. Innimellom let Ole Hamre trommene kvile, og lagar vakker og uhøyrd musikk på melodika eller sitt eige gryteinstrument, hamrofonen - eller tek på seg steppeskoa! Duoen skildrar med eit skeivt smil at målet deira er å hente verda heim til Bergen - og gjere noko med ho. Dei fører saman musikk av ulikt opphav, og skaper eit eige, personleg landskap. Om folk har lakksko, bunad, svarte skinnjakker eller cowboyhattar, let dei seg villig føre rundt i den fargerike hagen deira. Kontrastane er store, men opplevinga heil. Fliflet/Hamre har gjeve ut platene Ivar Aasen goes Bulgaria, Moro post mortem – live, Gabriole og Eine kleine Kraftmusik. På oppdrag frå NRK 1 laga dei to

venene i 1996-97 TV-serien »Fliflet/Hamre Kraftakvarium«. Desse programma er tilgjengelege på www. nrk.no. Fliflet/Hamre har turnert Norge rundt og utanlands i snart tre tiår, og er publikumsyndlingar av rang! Gabriel Fliflet er òg sjølvskriven vert når folkemusikklubben hans «Columbi Egg» flyttar til Førde under festivalen, og han er òg programleiar for «Nordisk klubb» på laurdagskvelden. GABRIEL FLIFLET trekkspel, vokal • OLE HAMRE trommer, hamrofon, melodika, vokal, dans

Fredag 6. juli kl. 21.00 Columbi Egg (Gabriel Fliflet) Laurdag 7. juli kl. 22.30 Nordisk klubb Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Søndag 8. juli kl. 12.00 Fliflet/Hamre Rytne gard, Bygstad

Fliflet/Hamre is an amazing, eclectic duo from Bergen. One is a folk musician, the other an explorer of rhythms. Together, Gabriel Fliflet and Ole Hamre have created a very special musical style. They call themselves The World›s Smallest Total Orchestra. Like Edvard Grieg and other Bergen composers and musicians, they enjoy stealing a good traditional folk tune – and turn it into something new. Their music is full of vitality and contrasts. It is complex beyond some inspectors› wildest dreams – but catchy and accessible. 58


A RT I STOMTA LE

9 grader nord Vil utfordre ditt musikalske kosthald 9 grader nord for ekvator ligg byen Jaffna, på øya Sri Lanka, der halvparten av bandmedlemmene stammar frå. Og det heile starta med søstrene Mira og Dipha Thiruchelvam sin fløyteduo. Dei har forresten òg vore aktive i prosjektet «Fargespill» som tidlegare har gjort stor suksess under Førdefestivalen. Til 9 grader nord ønskte søstrene forsterkingar, og fekk med perkusjonist Jakob Sisselson Hamre, og bassist Jakob Sønnesyn, og sidan har kvartetten servert si heilt spesielle blanding av ulike sjangrar - baila, flamenco, karnatisk og jazz - til eit stadig større publikum. Etnisk progressiv er merkelappen dei sjølv set på musikken sin, som har eit energisk, mystisk og rytmisk lydbilde. Og visjonen dei fire unge musikarane har, er å utfordre publikum sitt musikalske kosthaldved å servere nye musikalske ingrediensar! Frå første gong kvartetten spelte på Festspillene i Bergen våren 2015, har suksessen rulla. Etter konser-

tar på By:larm og andre bransjefestivalar tok det heilt av. Speleoppdraga har stått i kø, og etter tallause konsertar på klubbscener og festivalar har 9 grader nord for lengst skaffa seg eit sterkt ry som leverandørar av forfriskande musikk for den nysgjerrige musikkelskar - dei som ønskjer seg musikk i klassen “nær, morsom, og veldig, veldig dansbar”, for å sitere Vinjerock. At dei vil skape feststemning på Larris Scene, er vi ikkje det minste i tvil om. MIRA THIRUCHELVAM gitar, vokal, fløyte • DIPHA THIRUCHELVAM gitar, vokal, fløyte • JAKOB SISSELSON HAMRE perkusjon • JAKOB SØNNESYN bass

Fredag 6. juli kl. 23.00 Fredagsfest med 9 grader nord og Fanfaraï Big Band Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

9 degrees north of the equator lies the exotic island, “The pearl of the Indian Ocean”, Sri Lanka, where the majority of this eclectic band originate. With instruments such as the bamboo flute, guitar, and the cajón, 9 Grader Nord perform ragas from A to Z. The band was founded by flute-duo sisters Mira and Dipha Thiruchelvam, who were later joined by Jakob Sønnesyn on bass and Jakob Sisselson Hamre on cajón. Their music offers a mixture of baila, flamenco, carnatic, Bollywood, jazz - and a vision of challenging the local musical palate by fusing flavours from abroad. 59


NY PRODUKSJON OG TINGINGSVERK i høve 200-års jubileet for Aasmund Olavsson Vinje

På geitevis Barneframsyning basert på Aasmund Olavsson Vinje-tekstar Kven var Aasmund Olavsson Vinje? Versa om Blåmann blåmann, geitebukken han leika med for nesten to hundre år sidan, har rørt eit heilt folk sidan tonar gav diktet vengjer året etter han sjølv døydde. Folket, det norske, var han så oppglødd over og glad i, men dei arga han inderleg òg. Han hadde store draumar for land og folk og han gjorde sitt for at draumen skulle sannast. Orda på folketunga skulle verta det nye skriftmålet. Som bladmann var han den fyrste til å setja Ivar Aasen sitt landsmål på prent i samfunnsordskiftet. Han dikta om bukkekje og om kjærleik så orda og vendingane hans enno er oss dagleg i minne. «På geitevis» er ei atterføding av eit utval Vinje60

tekster, til og for born i alle aldrar. «På geitevis» er òg eit nytt musikkmøte. To jazzmusikarar og to folkemusikarar møtast i leik med ny musikk til gamle, men stadig unge ord. Daniel Herskedal sin virtuositet og fantasi på tubaen når store høgder, og musikkleiken hans har vekt åtgaum langt utover Noregs grenser. Dag-Filip Roaldsnes er ein av våre finaste jazzpianistar. Uttrykket hans er eigenarta, granskande og søkande. Folkesongar Unni Boksasp har sunge seg inn i mange hjarte med si klangfulle klåre nordmørske røyst, si solide kunstnarlege kunnen og leikande uttrykk. Saman med Kvernberg og Unni Boksasp Ensemble tok ho i mot Spellemannprisen 2010.


A RT I STOMTA LE Jorun Marie Kvernberg kjenner vi både som solist, og som ringrev i nyskapande Majorstuen. Hennar nærleik og delande kraft set merke hjå dei som høyrer. Som komponist har ho synt stor vokster dei siste åra. No sist som den norske komponisten i storverket Nordic Sound Folk Orchestra - fjorårets sagnomsuste opningskonsert på Førdefestivalen. Idé og produksjon: Førdefestivalen, i samarbeid med Den Kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane. Anbefalt aldersgruppe: 1.-7. kl. Støtta av Norsk Kulturråd.

JORUN MARIE KVERNBERG fele, hardingfele, song. komponist • UNNI BOKSASP song • DAG-FILIP ROALDSNES piano • DANIEL HERSKEDAL tuba • FRIDTJOV URDAL manus • TORE NYSÆTHER regi

Torsdag 5. juli kl. 17.30 Barneframsyning: «På geitevis» Fredag 6. juli kl. 18.00 Barneframsyning: «På geitevis» Festsalen, Førdehuset

«På geitevis» is a performance and concert for children, based on the lyrics and texts of the Norwegian author Aasmund Olavsson Vinje. Vinje was born in 1818, and is also famous for supporting the Norwegian language, nynorsk. The fiddler and composer Jorun Marie Kvernberg has composed new music for the play.

61


Jyotsna Srikanth

INDIA, STORBRITANNIA

Ein fargerik og glitrande formidlar av karnatisk musikk Europas leiande indiske felespelar kjem frå Bangalore, men bur i London. Alt som 4-åring lærde ho karnatisk song hos mora, men då ho to år seinare fekk prøve seg på fele, var valet gjort, og sidan har fela og ho vore uskiljelege. Jyotsna Srikanth gjekk i lære hos dei store meistrane, øvde timevis kvar dag og gjekk på konsertar om kvelden. Alt 9 år gamal hadde ho sin konsertdebut. Medan ho budde i India, laga Jyotsna Srikanth musikk til over 200 filmar, og då ho flytta til London, samarbeidde ho med med dei store TV-kanalane, som Discovery og National Geographic. I dei seinare åra har plateinnspelingar og ikkje minst turnéar teke det meste av tida hennar. Jyotsna Srikanth er eit musikalsk fyrverkeri og ein moderne formidlar av karnatisk musikktradisjon. Saman med trioen sin, leverer ho musikkprestasjonar av ypparste klasse, enten det er indiske raga eller frijazz-jamming - eller ein kombinasjon av

dei to. Til Førde kjem ho og trioen hennar saman med bharatanatyam-dansarane Suganya Balan og Bhagya Lakshmi Thyagarajan. Jyotsna Srikanth er ein musikar etter våre hjarte. Ei oppleving! JYOTSNA SRIKANTH • SUGANYA BALAN • BHAGYA LAKSHMI THYAGARAJAN

Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen! Idrettshallen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 14.30 Møt artisten: Jyotsna Srikanth og dansarar. Utstillingssalen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 18.00 Jyotsna Srikanth Trio Teatersalen, Førdehuset

Hailing from Bangalore and now based in London, Jyotsna is Europe’s foremost Indian violinist. Her music illuminates the Carnatic musical tradition in a kaleidoscope of colour. Approaching every musical interaction with a forward-thinking outlook and elastic expressivity, Jyotsna is just as likely be found reveling in raga rotations or jamming in free jazz, often marrying the two. «…Jyotsna Srikanth is an extraordinary and versatile violinist… free-flowing, often mesmerising» (The Guardian).

62 62


A RTI STOMTA LE

Marja Mortensson NORGE -Mojhtestasse

Samisk stemme som går rett i hjartet 22 år gamle Marja Mortensson kjem frå ein reindriftsfamilie i Svahken Sïjte i Hedmark. Eitt års reise er over, der Marja Mortensson har leita og funne gamle joikar frå sørsamisk og umesamisk område i arkiva. Joikane har gjeve inspirasjon til å ta tak i denne kulturarven, og til å lage nye joikar. Joiken har vore godt gøymd i sørsamisk kultur, og dei færraste har lært den vidare. I denne konserten, Mojhtestasse - som tyder minnegåve - løftar Marja Mortensson dei gamle joikane fram i lyset og gjev dei ei hamn for vidare liv og utvikling. Saman med musikarane Daniel Herskedal på tuba og Jakop Janssønn på perkusjon har Mortensson utvikla eit sjelfullt lydbilde som formidlar den sørsamiske musikktradisjonen med rettferd og kjærleik - på ein moderne måte. Lovande Mortensson song då Kongeparet feira

25-årsjubileum, og i januar delte ho scene med Mari Boine under Nordlysfestivalen i Tromsø. Møt ei ny samisk stemme som går rett i hjartet! MARJA MORTENSSON joik, vokal • DANIEL HERSKEDAL tuba • JAKOP JANSSØNN perkusjon

Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster (Marja Mortensson solo) Jølstramuséet, Vassenden. Fredag 6. juli kl. 12.00 Marja Mortensson - Mojhtestasse Takterrassen, Sogn og Fjordane Museum (inne viss dårleg vêr)

Marja Mortensson, the young Sámi joiker and singer from Svahken Sïjte in Hedmark County (Norway), has a remarkable voice. Marja was born into a reindeer herding family and her life and music is firmly rooted in the Southern Sámi culture. Marja’s songs focus on aspects of Sámi identity such as the importance of the natural environment, her own love of reindeer herding and her desire to protect the Southern Sámi language.

63


Takk for dansen, Hilde! - Sjå på det bildet der! Er det ikkje flott? Viss festivalen er blitt ein del av Førde sitt dna, er det festivalen sitt dna som kjem dansande nedover gata i opptoget her. Eg trur det er frå 2008? Temaet var dialog, det året. Over 7000 artistar frå 130 land er fasiten når Hilde Bjørkum takkar for seg som direktør for Førdefestivalen. Minnene er som stjernene på himmelen og sandkorna i havet. Umulege å telje. 64

På dei neste sidene blar Hilde Bjørkum i festivalen sine fotoalbum, og deler nokre av minna sine frå alle desse åra med oss.


Eg hugsar ei av dei første reisene våre til Kina. Vi fekk jo presentert ein del musikk som, korleis skal eg seie det? ikkje var det vi ville ha. Men til slutt fekk vi krangla oss til å høyre ei perkusjonsgruppe. Dei var heilt fantastiske. Og dei kom til Førde. Trommene deira står framleis her. Det var billegare for oss å kjøpe trommene enn å betale frakt tilbake til Kina! Førdefestivalen er glokal! Den viser at folkemusikken vi har utanfor stovedøra er fullt på høgde med den som finst på andre sida av jorda.

65


- Då eg var lita var eg litt den typen som slo neven i bordet og sa: - Eg vil sjølv! Mora mi sa alltid at eg var sta som eit esel. Eg fekk med meg ei tryggheit heimanfrå som eg ikkje kunne vore forutan. Kvifor skal vi vere sånn som alle andre? - Førre veke var eg på presentasjonen av planane om eit nynorskens hus her i Førde. Veit du kva prosjektleiaren sa? – Vi må gjere oss kjent for noko som ikkje alle andre har! Eg kjende eg synst det var både morsomt og veldig gledeleg. Det er jo det eg har sagt i alle år! Og no har det gått inn i samfunnsplanlegginga her i byen. Det kan eg jammen like!

Foto: Bent Are Iversen, Firda

66


Eg hugsar ein artist frå Egypt som vart sjuk og måtte til doktor. Det var kommunelege Per Eggen som tok i mot han. Han nekta å la seg behandle av doktor Eggen! Han hadde jo akkurat servert dei suppe i artistsørvisen. Han måtte vere ein kvakksalvar! Då måtte vi bruke noko tid på å forklare den norske dugnadsånda. Mange frivillige har festivalen som ein del av ferietradisjonen sin. Nokre prøver å ta eit år fri, men kjem tryglande ned på kontoret. Kan dei få nokre vakter likevel? Eg kan ikkje anna enn å takke varmt og hjarteleg for den innsatsen, den er uvurderleg for oss. Takk for taket, Førde!

67


68


A RT I STOMTA LE

Fanfaraï Big Band FRANKRIKE, ALGERIE, MAROKKO

Ein herleg nord-afrikansk folkefest!

Sidan starten i 2005 har Fanfaraï Big Band aldri slutta å fornye seg og overraske med sine stadig nye kunstnarlege innfall og samarbeid. På sin heilt spesielle måte knyter ‘fanfaraïane’ saman kulturar og kontinent, tradisjon og det moderne. Om dei spelar ute i gatene, på torget eller på scena, er det med eit inderleg ønskje om å glede og røre publikum. Fanfaraï Big Band sin musikk er ei lidenskapleg og herleg blanding av folkemusikk frå Nord-Afrika, jazz, latinorytmar, litt tyrkisk og ymse sigøynartradisjonar. Reising og utforsking av andre kulturar ligg djupt i sjela deira, og det meste dei opplever vert samla og formidla gjennom musikken. Fanfaraï Big Band har på mange måtar skapt sin eigen sjanger, med gjenkjennelege klangar frå både arabisk-andalusisk musikk, gnawa, berber og chaâbi. Med instrument frå ulike kulturar og kontinent - som darbuka, guellal, kaarkabou, oud, kubansk congas og guembri - supplert av ein moderne rytmeseksjon med bass, tangent og trommer, er dei eit storband som skil seg godt ut frå andre storband. Fanfaraï Big Band kjem til Førde for å lage fest - og vi håpar du hiv deg ut på dansegolvet og blir med!

SAMIR INAL derbuka, guellal, kerkabu, oud, kor • PATRICK TOUVET trompet, vokal • YVAN DJAOUTI trompet, vokal • ABDELKADER TAB tradisjonell perkusjon, vokal • HERVÉ LE BOUCHE trommer • OLIVIER COMBROUZE saksofon, tenor, baryton, vokal • BOUABDELLAH KHELIFI vokal, fele, perkusjon • EMMANUEL LE HOUEZEC altsaksofon, fløyte, vokal • MEHDI CHAIB sopran saksofon, kerkabu, vokal • ANTOINE GIRAUD trombone (eller souba), vokal • DIDIER COMBROUZE bass, (el gitar), vokal • SMAÏL BENHOUHOU tangent, perkusjon, vokal

Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden Fredag 6. juli kl. 23.00 Fredagsfest med 9 grader nord og Fanfaraï Big Band Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset

French from Britany, French Algerians, French Moroccans, French who suddenly discover that they are Algerians, jazz musicians who suddenly discover a passion for the Maghrebian 6/8 and begin to sing in Arabic, Berber or Turkish and to dance like the Gnawa. Fanfaraï Big Band breathes intercultural harmony and offers a sensory journey - without visa - to the southern shores of the Mediterranean, Turkey and elsewhere.

69


Helga Myhr og Lars Fivelstad Smaaberg NORGE Unge folkemusikkutøvarar frå Hallingdal

Helga Myhr er ein hardingfelespelar og kvedar frå Torpo i Hallingdal, som heilt frå dei første leveåra har spelt fele, langeleik, sunge og dansa. Sidan 2007 har ho vore med i Kvedarkvintetten, saman med systrene Sina og Margit Myhr og Tonje og Silje Risdal Liahagen. Våren 2016 gav dei ut deira fyrste plate ‘Kvedarkvintetten’, og året etter kom ‘Julesong’. Etter at Helga Myhr starta på Norges Musikkhøgskule i 2015 har ho etterkvart etablert seg i fleire band og grupper, til dømes gruppa Morgonrode (Rasmus Kjorstad, Selma French Bolstad, Fredrik Luhr Dietrichson og Andreas Winther) som er i gang med si første plate. Myhr har også markert seg som ein allsidig soloutøvar på ulike scener og festivalar, der ho nyttar både songen og fela i ulike utrykk.

Helga Myhr and Lars Fivelstad Smaaberg are young musicians, singers and folk dancers from Hallingdal in Norway.

70

Lars Fivelstad Smaaberg kjem frå Gol i Hallingdal, men er for tida busett i Bergen. Som dansar, kvedar og hardingfelespelar har han synt seg som ein habil aktør innan folkemusikken og dansen, med utgangspunkt først og fremst i song- spel- og dansetradisjonane i Hallingdal. Dei lokale tradisjonane heimanfrå står sterkt i Fivelstad Smaaberg sitt arbeid, og med prominente læremeistrar som Øyvind Brabant, Gunnlaug Lien Myhr og Inger Marie Lien Rust har han heile tida fått gode vilkår for å utvikle sine personlege uttrykk og særpreg.

Morgonstund har gull i munn Onsdag 4. juli kl. 09.00 Tussero, Vieåsen barnehage Torsdag 5. juli kl. 09.00 Halbrend Barnehage Fredag 6. juli kl. 09.00 Sunde Barnehage


A RT I STOMTA LE

Timbila Muzimba MOSAMBIK Ung energi frå Mosambik Timbila Muzimba vart etablert i 1997 av ei gruppe unge musikarar og dansarar i bydelen Jardim i utkanten av Maputo. Målet deira er å ta vare på og formidle lokale musikktradisjonar i Mosambik - ulike chopi stilartar, som tchopo, ngalanga, tchingomana, mgodo og timbila - alle saman tradisjonar på UNESCO si verdsarvliste. Namnet uttrykkjer den nære samanhengen mellom rørsle og lyd i all muslimsk musikk: Timbila står for lyden av instrumentet m’bila, og Muzimba, er chopi-ordet for kropp, og kommunikasjonen mellom dansarar og musikarar er tett heile tida. Sjølv om musikken deira har røter i tradisjonane, ønskjer Timbila Muzimba også å utnytte dynamikken i å ta friske impulsar inn i det gamle, og skape ein ny identitet for den unge generasjonen. Med ungdommeleg glød og spontanitet formidlar Timbila Muzimba musikk, song og dans - dei komplekse og magiske melodiane - frå Mosambik sitt mangfald

av musikktradisjonar. Energi og lidenskap ligg i botn for denne herlege dialogen mellom fornying og tradisjon. Timbila Muzimba har vore på turné i Europa, men aldri så langt nord som til Førde! ANTONIO MATEUS CHABUCA bass • CELSO EDUARDO MAHUAIE timbila, perkusjon, mbira, vokal • CLEMENTINA ERNESTO ZIMBA UAMUSSE vokal • GERALDO ANTONIO MAHUAIE timbila, perkusjon, mbira, vokal • JULIAO IBRAHIMO CHARAMATINE trommer • LUCAS ZEFERINO MACUACUA vokal • CANDIDO SALOMAO ZANGO timbila, perkusjon, vokal • OSORIO FRANCISCO MAHUAIE perkusjon Laurdag 7. juli kl. 14.00 Timbila Muzimba Teatersalen, Førdehuset Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset

Founded in 1997, the Timbila Muzimba orchestra is dedicated to preserving and expressing various chopi styles, including tchopo, ngalanga, tchingomana and mgodo and the timbila proclaimed as a living cultural treasure by UNSECO World Heritage. Since its inception, the orchestra has produced two CDs entitled «Conta Própria» and «Warethwa», which were recorded at the musicians’ expense.

71


INTRO-folk Semifinale

Ole Nilssen, Helga Myhr NORGE

Ole Nilssen (f. 1993) frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Dette året er han aktuell med si fyrste soloplate der slåttespel solo på trekkspel har fokus. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten og gjennom studiar ved m.a. Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet tradisjonsmusikken frå heimplassen har. Ole er og dansar og har vunne A-klassa på Landskappleiken to gongar. Vi får høyre ein variert solokonsert med alt frå vare salmetonar til danseslåttar etter fanden sjølv. Ole Nilssen har tidlegare delteke i festivalen sitt internasjonale talentutviklingsprosjekt.

Helga Myhr (f. 1995) er ein hardingfelespelar og kvedar frå Torpo i Hallingdal. Heilt frå dei fyrste leveåra har Myhr spelt fele, langeleik, sunge og dansa. Sidan 2007 har ho vore ein del av Kvedarkvintetten, med systrene Sina og Margit Myhr og dei to systrene Tonje og Silje Risdal Liahagen. Dei har to plater ute: «Kvedarkvintetten» (2016) og «Julesong» 2017. Etter at Helga Myhr starta på Norges Musikkhøgskule i 2015 har ho etterkvart etablert seg i fleire band og grupper, blant anna gruppa Morgonrode som er plateaktuelle i 2018. Myhr har også markert seg som ein allsidig soloutøvar på ulike scener og festivalar der ho nyttar både songen og fela i ulike utrykk.

Ole Nilssen is from Løten. In spite of his young age, he has distinguished himself as one of Norway’s foremost folk musicians and dancers. He comes from a folk music family in Hedmark, and was taught by both his father and his grandfather.

Helga Myhr is born in to a music family in Halling. She is active in several projects, and she is one of the leading young soloists in Norway, competing in the semi-final in the INTROfolk (national talent program) here Førde.

72

Fredag 6. juli kl. 15.00 Soloscena: INTRO-folk Semifinale Haarklousalen, Førde kulturskule


Nilsen/Odde

Lendmenn er ei gammaldansgruppe frå Ottadalen som gjennom fleire år har etablert seg som ei av landets beste grupper innan sin sjanger. Etter å ha spelt gruppespelfinale på Landsfestivalen i gammaldansmusikk kvart år sidan 2010, gjekk dei i 2017 heilt til topps, og sikra seg dermed speleoppdrag på Førdefestivalen i 2018. Lendmenn vart starta i 2005, og har lagt seg på ei ungdommeleg og utadvend linje i spelet sitt. Repertoaret er tufta på musikk etter lokale spelmenn frå Ottadalen og elles i Gudbrandsdalen, men dei tek og i bruk leikar frå andre område i landet òg. I tillegg har Øyvind laga fleire melodiar som Lendmenn har teke i bruk og som har vorte godt motteke av publikum.

Bjørn Kåre Odde og Ole Nilssen spelar Storgardsmusikk frå flatbygdene på Hedmarken. Overklassens dansemusikk som etter kvart spreidde seg til fleire sosiale lag, skil seg ut ved at den er virtuos og teknisk avansert, men svært dansbar på same tid. Nilssen og Odde har teke i bruk musikken etter 1800-talets bygdekomponistar, og utvikla eit moderne duo-lydbilete til den gamle runddansmusikken. Dei vart nr 2 i gruppespel på Landsfestivalen 2017 og meiner sjølve at duoformatet er perfekt til dansespel!

NORGE

BJØRN KÅRE BRÅTEN ODDE, fele • STEINAR ODDE, gitar • MADS ERIK ODDE, trekkspel • BJARNE ODDE, kontrabass • ØYVIND SANDUM, trekkspel

A RT I STOMTA LE

Lendmenn

NORGE

BJØRN KÅRE ODDE fele, bratsj • OLE NILSSEN trekkspel

Torsdag 5. juli kl. 22.00 Danseglede! Festsalen, Førdehuset

Lendmenn plays traditional dance music from the eastern part of Norway. They won the Norwegian championship in 2017, and as part of the award, they line-up at the Førde festivalen the consecutive year. The Norwegian duo Odde and Nilssen have collaborated closely on various traditional music projects. They have a light, playful and dynamic interaction that appeals to dancers and concert audiences in equal measure.

73


Hilde set eit strålande punktum!

TELEFON-intervjuet TONE WINJE Tida er komen, stafettpinnen skal vidare. Vi tok ein prat med styreleiar Tone Winje om arbeidet med å finne ny direktør til Førdefestivalen og om korleis festivalen kan utvikle seg framover.

74

Du har vore styreleiar i Førdefestivalen i vel eitt år, no. Korleis har du lært festivalen å kjenne? Eg har vore heldig å kjenne denne festivalen i mange år. Først då eg jobba i platebransjen, seinare i tida mi i NRK med ansvar for rytmisk musikk. Deretter også som kollega med Hilde Bjørkum, fordi eg var direktør for festspillene i Nord-Norge. Heile vegen har denne festivalen utmerka seg med høg kvalitet både når det gjeld både kunstnarleg innhald og administrativ drift. Eg har sett det frå så mange sider, og no som styreleiar får eg dette stadfesta på nytt. Kva er Førdefestivalen sine styrker, slik du ser det? Under Hilde Bjørkum si leiing har Førdefestivalen heile vegen vore tru mot ein idé. Likevel har det vore ein pågåande diskusjon; Kva skal vi vere, kva skal vi ikkje vere? Ved å reindyrke ein kunstnarleg idé og ei forståing av kva folkemusikk er, har festivalen på same tid funne uttrykksformer som er i bevegelse, gjennom nye produksjonar, nye scener, nye samarbeid. Slik har festivalen vore fornyande og tru mot tradisjonane. På same tid! Der i ligg den store styrken og livskrafta i denne festivalen, trur eg. De har fått ei stor og sjeldan oppgåve i å finne ny direktør for Førdefestivalen dette året. Er det mogleg å erstatte Hilde Bjørkum? Til det vil eg først seie at ingen er uerstattelege. Hilde Bjørkum har drive denne festivalen i ein kvinnealder, i norsk samanheng er det nærast unikt å stå i ei slik stilling så lenge. Ho har gjort det med glød og ein kok som manglar sidestykke! Eg vil også understreke korleis ho har kome til å bli ein ressursperson for heile festivalfeltet, som ein kompetent og


ærgjerrig forkjempar for denne delen av kulturlivet. Men ein gong må stafettpinnen gå vidare, no er den tida komen. Og det skal også gå bra! Kva ser de etter i tilsettingsprosessen? Vi ønskjer oss ein direktør som har solid kompetanse innan sjangeren, gjerne ein person som har erfaring med festivalarbeid, men også med leiarerfaring. Kanskje finn vi ikkje nokon som har alt dette, men eit krav er ufråvikeleg: Den nye direktøren må brenne for god formidling innanfor dette området! Korleis ser du på festivalen i eit framtidsperspektiv? På kva måte kan festivalen utvikle seg vidare? Forteljinga om Førdefestivalen er ikkje unik, det handlar mykje om enkeltpersonar si kraft og vilje. Der engasjement og driv vert kombinert med gode idear oppstår det fantastiske ting! Når denne iveren og gleda også får fylgje av eit ufråvikeleg krav om kvalitet og kunstnarleg kompetanse er suksessen eit vedvarande faktum. Men ingen kan vere meir enn det ein er. Difor er åremålstanken viktig i leiarstillingar som dette. Ein ny leiar vil ha andre styrkar, og kunne utvikle festivalen vidare berre i kraft av å vere annleis enn den førre. Kva er dine hjartesaker som styreleiar for Førdefestivalen? Eg er opptatt av underskogen. Av etterveksten! Det er ofte slik at festivalar veks med si eiga leiing, Førdefestivalen har eit trufast publikum, men dei blir

også eldre. Alle festivalar må tenkje på å rekruttere inn nye publikumsgrupper. Ei hjartesak for meg er at alle skal ha tilgang til kunst og kultur! Dette må ein drive aktivt med. Å søke alliansar med andre kan vere ein veg å gå, det finst mange spennande aktørar i Førde, og særleg spanande med Fredskorpset som etablerer seg i byen. Heile tida må vi opne nye dører og sjå nye moglegheiter. Dansen i musikken, musikken i dansen. Kva blir årets festival-høgdepunkt, for deg? Å, eg hugsar i tida mi som direktør for Festspillene i Nord-Norge, eg fekk stadig dette spørsmålet: Kva gler du deg mest til? Kva blir høgdepunktet i år? Det er umogleg å trekke fram, og særleg i Førde. Det ligg i festivalen sin fantastiske natur at ein ikkje veit kva ein skal få sjå og høyre! Artistane kjem frå alle verdshjørne og vi har aldri møtt dei før. Det er festivalen som er høgdepunktet. Festivalen er blitt ein del av åndedrettet i Førde, slik som i Molde, til dømes -Skal du heim til jazzen? Ser eg deg på festivalen? Kva hadde Førde vore utan festivalen? Det er nærast umogleg å tenkje seg. Likevel vil eg seie at eg synst det er strålande at Hilde Bjørkum set punktum for tida si som direktør med dans som tema. For om ho er alt dette vi har snakka om og meir til, er ho vel først og sist ein dansar? Eg gler meg til å sjå henne danse! Så blir det nok både sterkt og sårt at vi skal få takke henne for dansen, denne sommaren. Alle desse åra med opplevingar for livet. Vi hadde ikkje vore dei same utan. 75


Foto: Oddleiv Apneseth

Småviltlaget Den beste gammaldansmusikken frå Røros. Småviltlaget er ei av dei mest populære gammaldansgruppene vi har her til lands, med eit energisk engasjement som smittar over på både dansarar og tilhøyrarar. Spelemennene, som kjem frå Røros og Hessdalen, er kjende for eit drivande godt samspel med bølgjande dynamikk og sug i rytmen. Dei leverer godt i dei fleste taktartar, men pols-entusiastar har kanskje ekstra mykje å glede seg til! Gruppa har vunne Landsfestivalen fleire gonger, kan skilte med Kongepokal, og for plata Pols fekk dei Folkelarmprisen i 2007. TRON STEFFEN WESTBERG fele • JAN FROSTVOLL fele • JENS NYPLASS fele • ROLF J. FERAGEN trekkspel ODDMAR KJERENGVOLL trekkspel • HELGE MØLLMANN gitar • OLA KJERENGVOLL bass

Indre Sunnfjord Spelemannslag Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eitt av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans. Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt. Dei har fleire plateinnspelingar bak seg, og i 2017 medverka dei på albumet «På hogg og belegg», som presenterte ei rekke komposisjonar signert laget sin mangeårige leiar, Sigmund Eikås. Musikalsk leiar: Sigmund Eikås.

Torsdag 5. juli kl. 22.00 Danseglede! Festsalen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 21.00 Dans utan stans! Festsalen, Førdehuset

Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden Laurdag 7. juli kl. 22.30 Dans, dans, dans! Festsalen, Førdehuset

Småviltlaget comes from Røros, a town in the eastern part of Norway, close to the Swedish border. They play traditional music, and they are considered one of the best groups when it comes to dance music. Their speciality beiing the «pols» or «Rørospols».

Indre Sunnfjord Spelemannslag is a local »spelemannslag« that ranks among the best reputed in our country. The founders of this group was indeed also involved in the initiation of the Førde Traditional and World Music Festival in the late 80-ties.

76 76


A RT I STOMTA LE

Hallingan

Audun Stokke Hole

Sprek danse-ungdom frå Hallingdal

alias Audinho da Vitrola

I januar 1996 sette Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr i gang opplæring i folkedans, song og etterkvart både hardingfele og langeleik på ungdomshuset Hugnadheim på Torpo. Sidan då har hundrevis unge lært seg springar, halling, gamaldans og lokal song. I dag deltek rundt 35 hallingdansarar, 28 pardansarar, 6 kvedarar og 3 langeleikspelarar i alderen 7-19 år - frå 5 av 6 kommunar i Hallingdal i regi av Hugnad UL. Opp gjennom åra har utøvarar i Hallingan gjort det skarpt i kappleikar både i dans, kveding og hardingfele, og i februar i år tok dei sitt første OL-gull, då Øystein Bråten vann slopestyle-konkurransen i Pyeongchang. Dei 13 åra hans med dans på Hugnadheim har vore avgjerande for skikarrieren.

Audinho da Vitrola blei påtenkt i Bergens folkedansmiljø og unnfanga på danskebåten, vaks opp i asfaltjungelen og blei fødd på ny rundt eit leirbål i Brasil. Som DJ speler han musikk med færrast mogleg akkordar og flest mogleg rytmiske lag, ikkje sjeldan med røter i Afrika og middelhavsområdet. Han ser fram til å spele for dansande natteranglarar på Noregs beste festival, og kjem garantert til å setje på ein veldig lang vestafrikansk låt så han kan få dansa litt sjølv!

Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen! Idrettshallen, Førdehuset Søndag 8. juli kl. 13.00 Familiesøndag Førdehuset

Hallingan is a group of young dancers and musicians from Hallingdal in the eastern part of Norway established in 1996 by the couple Gunnlaug Lien Myhr and Martin Myhr.

Fredag 6. juli kl. 23.00 Fredagsfest med 9 grader Nord og Fanfaraï Big Band og DJ Audinho da Vitrola Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Audun Stokke Hole, alias Audinho da Vitrola, is a Norwegian DJ whose music mainly has its roots in Africa and the Medeterranean cultures. He’s looking forward to dj for the party goers at the best festival in Norway, and will most probably also play a long West African tune. 77 77


@BlackStarJournal - Heidi Hattestein

Festival for heile familien MORGONSTUND HAR GULL I MUNN

UT PÅ TUR, ALDRI SUR

Onsdag 4. juli kl. 09.00 Tussero, Vieåsen barnehage Torsdag 5. juli kl. 09.00 Halbrend Barnehage Fredag 6. juli kl. 09.00 Sunde Barnehage

Onsdag 4. juli kl. 16.00-19.00 Halbrendstølen

Opp og hopp! I Vieåsen, Halbrend og Sunde barnehage får borna besøk av Helga Myhr og Lars Fivelstad Smaaberg. Borna vil få sjå spennande dans og høyre høyre folkesongar og fengjande tonar frå hardingfela. Sjølvsagt får borna også vere med på både songstubbar, stev og dans! Velkomne til ei morgonstund med taktfaste rytmar og vene tonar. Alder: Frå 3 år. Fri entré.

Together with three kindergartens in Førde, we invite you to be an early bird! Let’s start the day with Helga Myhr and Lars Fivelstad Smaaberg who’ll teach us Norwegian folk songs and dances for both adults and kids.

78

Bli med når Barnas Turlag og festivalen inviterer til vandring, mat og musikk. I år er det Daniel og Almir frå Serbia og Bosnia-Hercegovina som blir med til Halbrendstølen, og dei serverer deg «Tusen knappar og fire strenger» på Halbrendstølen. Desse karane likar å vise kor gode dei er til å lage mange rare og pipete lydar, og kor fort dei kan spele - med begge hender på same tid.

Join Barnas Turlag on a walk to and concert at a summer farm, with high-spirited musicians Daniel Lazar and Almir Meskovic: «A thousand buttons and four strings». The tour starts and finishes at Reset in Halbrendslia. Bring along a seat pad and some food for grilling over open flame.


Foto: Espen Nyttingnes

MUSIKK I SENTRUM, TORGSCENA, ELVETORGET ONSDAG KL. 16.00: • Son del Nene (i foajé)

TORSDAG KL. 11.00: • Canzoniere Gracanico • Salentino • Hallingan • Muchacho & Los Sobrinos

FREDAG KL. 10.30: • Aynur • Fanfaraï • På geitevis

LAURDAG KL. 11.00: • Frigg • Majorstuen • Cimbaliband

Musikk i sentrum Familiesøndag Torsdag, fredag og laurdag på Torgscena ved Elvetorget har du sjansen til å få med deg små gratiskonsertar med eit utval av festivalartistar. Dette er ein del av gratisprogrammet under festivalen. Ved Torgscena vil det også vere festivalbod der du i tillegg til billettar til konsertar, også får kjøpt årets t-skjorter, solbriller og handlenett. Vi gjer merksam på at det kan bli endringar i artistar og rekkjefølgje.

Ta med heile familien til felles opplevingar når festivalartistar frå ulike verdshjørne fyller Førdehuset med musikk, song og dans. Fri entré. Detaljert program på fordefestival.no, facebook og på oppslag i Førdehuset. Kafé og bibliotek er opne.

Selected festival artists present titbits form the festival program at Torgscena, in the city center. Free admission.

Bring along the whole family to a joyous mix of music when festival artists from all the world’s corners fill Førdehuset with music, song and dance. Free admission. A detailed program is available on fordefestival.no, Facebook and on notices at Førdehuset. The café and library will be open.

Søndag 8. juli kl. 13.00-14.30 Førdehuset, inne og ute

79


Daniel Lazar & Almir Meskovic SERBIA, BOSNIA-HERCEGOVINA

Fengande samspel frå hjartet av Balkan Almir Meskovic frå Bosnia og Daniel Lazar frå Serbia flykta frå kvar si side av ein krig - og vart vener i Norge. Dei har begge 20 års erfaring med klassisk musikk, men har vakse opp med folkemusikk i hjartet av Balkan, der musikk og kulturar frå heile verda møtast og brytast - sigøynarmusikk, klezmer, klassisk og alt imellom. I musikken deira blandar dei sine balkanske røter med norske og skandinaviske element, til noko dei er åleine om. Dette er ein duo som er kjende for å få det vakraste ut av trekkspel og fele i samspel, med inspirasjon frå alle tidsepokar. Musikken deira fengjer og får sjølv dei tyngste danseføter til å riste laus. Daniel og Almir spelar familiekonserten «Tusen knappar og fire strenger» på Halbrendstølen onsdag

ettermiddag. Dei likar å vise kor gode dei er til å lage mange rare og pipete lydar, og kor fort dei kan spele med begge hender på same tid. Seint torsdag kveld har du sjansen til å oppleve dei i dei små stovene på Jølstramuseet, i Sommarnatt på Jølster. DANIEL LAZAR fele • ALMIR MESKOVIC trekkspel

Onsdag 4. juli kl. 16.00 Ut på tur, aldri sur! Halbrendstølen, Førde Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuséet, Vassenden

Almir Meskovic and Daniel Lazar have that special ability to perform etnical music with that authentic feeling that classical musicians often hide away. This combo of outstanding technique and feel is what defines the very best artists. Daniel (from Serbia) and Almir (from Bosnia) bring into the duo their musical heritage from the areas of Balkan where the Muslims, Christians, Jews and rest of the world meet.

80 80


OMTA LELE AKU RTRS I STOMTA @BlackStarJournal - Heidi Hattestein

Kursoversikt og omtalar Onsdag 4. juli kl. 19:30-20:30 Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotell KRASJKURS I SALSADANS

Torsdag 5. juli kl. 16:00-18:00 Teatersalen KANADISK STEPPDANS

Fri entré for personar med billett til Son del Nene Instruktørar: Astrid Stenhaug og Miriam Førde

Instruktørar: Cassie og Maggie MacDonald

Hiv deg uti det!

Hugsar du Riverdance-bølga?

Salsa er gøy, sosialt og ikkje så vanskeleg som du kanskje trur. Her får du hjelp til å få inn grunnleggande trinn og rørsler, så du vert klar for dansegolvet når Son del Nene spelar opp til dans på Larris scene same kveld. Astrid Stenhaug har 10 års røynsle som salsadansar og -instruktør, Miriam Førde har dansa sida ho var 10 år, er utdanna dansepedagog og har budd på Cuba – så du er i gode hender! Psst! - Hugs å ta på gode dansesko!

Canadisk steppdans er ikkje så langt unna den irske tradisjonsdansen som gjekk som ein farsott over heile verda gjennom Riverdance-framsyningane. Og no har du sjansen til å prøve! Søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Nova Scotia i Canada gjev deg innføring i korleis du kan bli ein ekte steppdansar! Søskenparet er dei nye yndlingane på folkemusikkscena i Canada og gjer internasjonal karriere med både song, spel og dans på repertoaret. Her treng du ikkje partnar eller spesielle forkunnskapar, men du treng danselyst og gode sko med litt harde hælar. P.S. Og hugs at dans er ein super treningsmetode då – godt både for både kropp og sjel! 81 81


Torsdag 5. juli kl 16:00-18:00 Fredag 6. juli kl 09:30-11.30 Førde barneskule, gymsalen RØROSPOLS – 2 DAGARS KURS Instruktørar: Rolf J. Feragen og Bergitte Kjosvatn

Lær deg Norges mest populære folkedans frå verkelege spesialistar i faget! Rørospolsen er ein dans som appellerer og suggerer, ein dans som er slik at du får lyst til å danse den heile natta lang! Og det er nettopp det dei gjer på Røros når dei set kvarandre i stemne til Rørosmartnan og andre store arrangement. Rytmen, draget, den berusande rundsnuen – det er noko med polsen som gjer at den har blitt populær langt utover sine kjerneområde. Og no har du sjansen til å lære stega og taka som skal til for å kjenne på noko av dette! Instruktørane Rolf J. Feragen og Bergitte Kjosvatn har Rørospolsen i blodet og instruert på tallause polskurs. Det er ein fordel at du har noko danserøynsle for å vere med på dette kurset.

Fredag 6. juli kl. 10:00-11:00 Eventyrrommet, Førdehuset BARNEVERKSTAD MED DANYEL WARO

Bli med til det indiske hav! På øya Reunion finst den spennande musikktradisjonen maloya med fengande songar og rytmar som er herlege å danse til. Tenk at dei franske makthavarane syntest at denne musikken var så farleg at den var forboden heilt opp til 70-talet. Nokre forkjemparar heldt imidlertid tradisjonen levande – og på festivalen har du no sjansen til å møte «Mr. Maloya» personleg – Danyel Waro. Han er både instrumentmakar, instruktør, musikar og aktivist. Bli med han i dans, spel og song – og kanskje får du prøve nokre av dei stilige rytmeinstrumenta han har med seg - kayamb, sati, bob, triangel og rouler. Veit ikkje du kva slags instrument dette er, seier du? Møt opp og finn det ut då vel!

Torsdag 5. juli kl. 18:00 – 19:00 | Storsalen, Førdehuset KRASJKURS I JØLSTRASPRINGAR FRI ENTRE! Instruktørar: Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide

Her kan du kome utan verken pengar eller partnar - berre med danselyst og dansesko! Så hiv deg med og lær nokre grunnleggande dansesteg og vendingar i Jølstraspringaren – dansen som målaren Nicolai Astrup har skildra i mange av måleria sine, og som han og kona Engel gjerne såg vart instruert i og dansa i heimen sin, Astruptunet. Og nei – det er ikkje så vanskeleg – det er nok enklare enn du kanskje trur! Vi ynskjer at du skal få kjenne på dansegleda ved å bli med på dansegolvet under festivalen, og vi garanterer bruksverdi etter ein time med to av Jølster sine beste og blidaste dansarar – Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide! P.S. Det kan vel ikkje vere feil å kunne fortelje at «den dansen Astrup måla der, den kan eg faktisk danse!» 82 82


Laurdag 7. juli kl. 12:00-14:00 Førde barneskule, musikkrommet RELIGIØSE FOLKETONAR

Instruktørar: Raquel Vicente og Enrique Serviole

Instruktør: Malin Victoria Alander

Dans gir energi!

Ta del i vår vakre songskatt!

Rumba catalana, flamenco rumba eller rumba flamenca – denne musikk- og dansestilen er påverka både av cubansk rumba og spansk flamenco, og oppstod først på 1900-talet sør i Spania før den breidde seg nordover og vart vidareutvikla i sigøynarmiljøa i Catalonia, særleg Barcelona. Dansen har som musikken impulsar både frå flamenco, rumba og salsa. Her er fest og glede, masse energi - og stort rom for improvisasjon. Raquel Vicente er utdanna både som skodespelar og dansar innan mange ulike sjangrar, og har òg utdanning som dansepedagog. Ho har samarbeidd med mange ulike ensemble, og driv no sitt eige dansekokompani, Quindalé. Enrique Serviole kjem frå ei stor musikarslekt og har dansa frå han var liten gutunge, i sigøynarbryllaup og andre samkomer. Både salsa og flamenco-tradisjonane er tydelege i dansen hans, samstundes som han er ein innovatør med ein personleg stil som begeistrar publikum. Begge desse dansarane opptrer òg saman med Muchacho y Los Sobrinos som opptrer i fleire samanhengar under festivalen.

Dei religøse folketonane våre er uendeleg vakre og sterke. Tekstane spenner frå det sorgtunge til det jublande, frå det vemodige til det ettertenksame, frå tru til tvil. Og melodiane er rike og varierte, med fine forsiringar og nydelege melodiliner. Mange av desse songane finst i ulike variantar over heile Norge. På dette kurset tek vi utgangspunkt i melodi- og tekstvariantar frå Sogn og Fjordane, som utøvarane i nyproduksjonen «Op sødeste sang» har funne fram til i arkiv og notebøker – og som vert framførte på konserten i Førde kyrkje fredagskvelden. Kurset er ope for alle med songlyst og songglede! Instruktør på kurset er ein av utøvarane på konserten, Malin Victoria Alander. Alander kjem frå Gloppen i Sogn og Fjordane og har utvikla seg til ein av våre finaste folkesongarar. Ho er no student ved Norges Musikkhøgskule.

KU RS OMTA LE

Fredag 6. juli kl. 09:30-11:30 Sakralrommet, Førdehuset RUMBA CATALANA - DANS

Laurdag 7. juli kl. 12:00-13:00 Førde barneskule FAMILIEVERKSTAD MED UTØVARAR FRÅ SMALL ISLAND BIG SONG-PROSJEKTET

Ta med heile familien, store og små, og bli med på ei fantastisk reise rundt «halve jorda»! I tre år har den prisvinnande australske filmskaparen og musikkprodusenten, Tim Cole og produsent og skribent Bao Bao Chen reist rundt på 16 øysamfunn i Søraust-Asia, Stillehavet og det Indiske hav, og gjort lyd- og filmopptak av 100 artistar i sine opprinnelege kulturar. På familieverkstaden får du møte Charles Maimarosia frå Solomonøyane, Alena Murang frå Borneo, Yoyo Tuki frå Påskeøya, Ado Kaliting Pacidal frå Taiwan, Sammy Andriamalalaharijaona frå Madagaskar og Ben Hakaliz frå Papua New Guinea – og du får vere med i dansane og songane deira. Dette er ein unik sjanse som du kanskje aldri får igjen, så gå ikkje glipp av dette! 83 83


Internasjonal bokkafé UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET Ta med deg kaffikoppen, lån deg ei god bok på biblioteket og slapp av mellom konsertar og aktivitetar på festivalen. Førde bibliotek har leita fram bøker som høver med temaet på festivalen og andre som kan vere aktuelle. Nokre av bøkene er også til sals. Bokkaféen er også arena for MØT ARTISTEN-serien, der du blir betre kjend med nokre av artistane på festivalen. Bokkaféen er eit samarbeid med Førde Bibliotek.

BIBLIOTEKET Opningstider for Førde bibliotek under festivalen: Torsdag, fredag, laurdag kl. 10.00-18.00 Søndag kl. 12-15 På biblioteket kan du lese aviser, låne bøker, lydbøker, musikk og filmar. Der er fri bruk av datamaskiner og gratis bruk av trådlaust nettverk. På familiesøndagen les Jorun og Hevin eventyr på arabisk og norsk i biblioteket. Passar for born 3-6 år. Tider vert kunngjort på oppslag.

Førde Public Library provides a wireless network with free internet access for the public. All visitors to the library are welcome to use the wireless network with their own equipment. In addition there are terminals giving the public free access to the internet. 84


Møt artisten UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET Møt artisten-serien er ein samtale-serie der du blir betre kjend med nokre av artistane på festivalen. Historia deira, tradisjonen dei representerer med meir. I år kan di og få med deg ein samtale om dans og møte festivaldirektør, Hilde Bjørkum. Fri entré, alle velkomne! FREDAG 7. juli 11.30 Aynur, om kurdisk musikk og kultur og kvinners stilling i samfunnet. 14.30 Jyotsna Srikanth - Om karnatisk musikk og dans, historie, påverknad/forbod under kolonialismen og oppblomstring av tradisjonen etter frigjeringa. 16.00 Tim Cole & BaoBao Chen om Small Island Big Song-prosjektet LAURDAG 8. juli 13.00 Dans i musikk i dans. Synnøve Bjørset i samtale med Sigmund Eikås, Ami Dregelid og Ingar Ranheim. 15.00 Møt direktøren. Hilde Bjørkum om 29 års festivalarbeid. 18.00 Danyel Waro - «maloya-krigaren»

Rein Design

GRATIS KONSERTAR på Torg scena ONSDAG 4. JULI KL. 16 INNE PÅ SENTERET Son Del Nene TORSDAG 5. JULI KL. 11 Canzoniere Grecanico Salentino Hallingan Muchacho & Los Sobrinos Med atterhald om endringar.

FREDAG 6. JULI KL. 10.30 Aynur Fanfaraï På geitevis

LAURDAG 7. JULI KL. 11 Frigg Majorstuen Cimbaliband

elvetorget.no

10–20 (16)

85


Som del av eit DNA i Førde

EPOST-intervjuet LIV JUDIT STRAUME Førdefestivalen har blitt ein del av identiteten for oss som bur her, nesten som eit slags DNA for Førde, seier Liv Judit Straume. Ho er regiondirektør i BOB, ein ny hovudsponsor for festivalen, men har også lang nok fartstid som frivillig i festivalhelga til å kunne trekkje ei slik slutning.

86

1. Du kjenner festivalen gjennom mange år. Kan du seie noko om tilhøvet ditt til Førdefestivalen? Har du eit spesielt festivalminne? Førdefestivalen har gjennom mange år tett på fått ein heilt spesiell plass i hjarta mitt. Vi er så utruleg heldige som får desse opplevingane servert oss kvar sommar. Eg har så mange fantastiske minne frå festivalen at det blir vanskeleg å velje, men kanskje eg vil seie at det sterkaste for meg er den totale breidda i festivalen – her er noko for alle aldersgrupper, frå dei minste i barnehagealder til dei aller eldste blant oss. Og kanskje er det du ikkje veit du skulle få oppleve, det mest spennande. Eg hugsar spesielt ei godt vaksen dame som kom frå Bergen kvart einaste år, og det vart slik at berre det å møte henne igjen blant publikum var ei stor glede. Møtet mellom menneska i musikken si ramme gjev dei gode opplevingane. Eg hugsar godt også ein gong eg stod vakt saman med ei ung jente frå Førde, trur det var den 22. festivalen. Eg lurte litt på kor gamal ho var, 20 år var svaret, så då fann vi ut at ho hadde vore på Førdefestivalen heile livet og visste ikkje kva Førde var før Førdefestivalen. Vi har no mange førdianarar som henne no når festivalen snart er 30 år. Førdefestivalen er på mange måtar blitt ein del av identiteten til oss som bur her, nesten som eit slags dna for Førde. 2. Det er eit spesielt år, med Hilde Bjørkum ved roret for siste gong. Hadde festivalen eksistert utan henne, trur du? Ja, det er absolutt eit spesielt år. Hilde har vore med frå starten og har utvikla Festivalen og all den solide kompetansen som er etablert rundt den. Det er jo vanskeleg å tenkje seg eit


svar på dette spørsmålet, då einaste referansen er to år med vikar for henne i alle desse åra. Men så er det jo vanskeleg å tenkje seg festivalen utan henne også. Eg trur kanskje svaret må bli at den store utviklinga til å bli den beste festivalen, også utanfor våre landegrenser (bevist gjennom mange kåringar), og med ein storleik og kvalitet og tydeleg profil som vi har no, så er det nok så at hennar bidrag nok ikkje kan vurderast høgt nok. Tenk snart 30 år, 7000! musikarar frå 130 land. 3. Kva eigenskapar ved festivalen er det som tiltalar dykk, som sponsorar? Kvalitet, profesjonalitet og engasjement er eigenskapar vi i BOB set veldig høgt. I tillegg viser også Førdefestivalen ein grunnleggande vilje og inderleg ynskje om å gje oss spennande og fantastiske opplevingar i vårt nærmiljø, og som vi ofte ikkje ante fanst. 4. Kva forventningar har de til samarbeidet med festivalen? At vi kan tilføre kvarandre kvalitetar som styrkar våre felles ynskje om å tilføre lokalsamfunnet noko meir enn vi kan kvar for oss.

tillegg er det jo slik at det ofte er det du ikkje veit, som blir dei største opplevingane når ein tenkjer tilbake etter at festivalen er over. Dei to BOBkonsertane er sjølvsagte val, Fanfare Ciocarlia på Festplassen laurdagen og ei som alt har blitt ein yndling hos meg, og som eg anbefaler sterkt, er Elida Almeida, søndag kl 15 i idrettshallen. Eg gleder meg også til meir «lokale» som f.eks. Majorstuen, og så synes eg at 9 grader nord også ser veldig spennande ut, sjølv om eg ikkje har høyrt dei enno. Elles så må eg nok sjekke ut spotifylista meir før festivalstart… Eller kanskje er det nettopp i år eg skal delta på kurs i canadisk steppdans? Kven veit. 6. Kva er løyndomen bak suksessen til akkurat denne festivalen, trur du? Knallhardt arbeid gjennom alle åra for alle involverte partar, det å vere tru mot konseptet, kombinert med eigenskapane som nemnt i punkt 3: Kvalitet, profesjonalitet og engasjement. 7. Kva ynskjer har du for festivalen i framtida? At Førdefestivalen får rammer til å utvikle seg vidare så den kan gje oss gode opplevingar dei neste 30 åra, eller kanskje eg skulle seie minst dei neste 100 åra også.

5. Årets tema: Dans! Har du plukka deg ut nokre favorittar i programmet? Det er jo eit spennande tema med dansen i musikken og musikken i dansen, så valget er ikkje lett. I 87


Foto: Atle Lunde, Lunde Turiststasjon.

NÆRINGSUTVIKLING

ETABLERARAR

1. LINJETENESTE

REISELIV

PROSJEKT

|| Tlf. 57 72 19 51 || sunnfjordutvikling.no

Rein Design

S O G N O G F J O R D A N E T E AT E R P R E S E N T E R E R

YOGAKRIGEN NASJONAL PRØVE EG ER I GÅR EVENTYR ROMMET 13. SEPT- 6. OKT

27. OKT - 17. NOV

BILLETTAR: softeater.no/billettar 88

2. - 17. NOV

www.softeater.no

FØLG OSS PÅ:


FørdefestivalMAT Lokalmat med ein smak av verda!

Prosjektet FørdefestivalMAT vart sparka i gang i 2016, og har som mål å løfte fram lokal- og kortreist mat på kafear og restaurantar i Førde under festivalen. Med støtte frå Fylkesmannen si landbruksavdeling og Sunnfjord Utvikling har festivalen engasjert Cristel Eide (Mitt lille kjøkken) som koordinator og inspirator, og i år vil du finne spesiallaga FørdefestivalMAT-meny på følgjande serveringsstadar i Førde:

Sunnfjord Kafé og Catering i Førdehuset • Olefine Conditori i Hafstadgården, på Elvetorget og Kronborg • Pikant Restaurant og Bar • Kafé Sobra i Sogn og Fjordane Kunstmuseum • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa • Ferske Smakar på Amfi • Coop Vest Café på Coop Extra • Lunch Café i Elvetorget • Thon Hotel Førde. Vi håpar det smakar!

89 89


@BlackStarJournal - David Bowen

Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for akustisk tradisjons- og verdsmusikk. Festivalen starta i 1990, og går over fem dagar i veke 27 kvart år. HKH Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar. Sidan 2010 har Førdefestivalen stått på det internasjonale musikkmagasinet Songlines si

Opplevingar for livet i Førde! eksklusive liste over dei 25 beste verdsmusikkfestivalane i verda, og er også ranka på eksklusive festivallister i the Guardian og hos National Geographic Travel. Førdefestivalen driv heilårleg konsertverksemd gjennom FolkJazzScena, og arrangerer familiefestivalen Bornas Verdsdagar Førde i november kvart år.

Stiftinga Førde Internasjonale Folkemusikkfestival STIFTINGSMEDLEMMER Sogn og Fjordane fylkeskommune Førde kommune Førde ungdomslag FolkOrg Indre Sunnfjord Spelemannslag Sogn og Fjordane Folkemusikklag Førde industri og næringsamskipnad STYRE Tone Winje (styreleiar) Ivar Svensøy (nestleiar) Gunn Åmdal Mongstad Arild Herstad 90

Trude Skarvatun Dagfrid Vallestad Brevik Arne M. Sølvberg ADMINISTRASJON Hilde Bjørkum (direktør) Victor Engholmen (arrangementssjef ) Torill Faleide (kommunikasjonssjef ) Nima Håkon Ebrahimsen (økonomiansvarleg) Hilde Katrin Wiik (sal-og sponsoransvarleg) Fride Hareide Haugen (kontormedarbeidar) Marion Aas Wie (produsent ) Ingebjørg Nomeland (produsent), permisjon Sølvi Lien (arrangementssjef ), permisjon


Festivalfilm OUR LAST TANGO

Sp. dokumentar/musikal. 1t. 25 min. Alle Argentinske María Nieves og Juan Carlos Copes er det mest kjende paret i tangoen si historie, og har påverka dansen meir enn nokon andre. Dei dansa lidenskapleg saman, elska og hata kvarandre i nesten 50 år. Dei gjekk gjennom fleire smertefulle brot, men var alltid foreina i lidenskapen for tangoen, og sitt brennande ynskje om å utvikle den vidare. Til slutt reiste Juan frå Maria for ei yngre kvinne som han fekk to born med.

Det er gjennom augo til den no 80 år gamle María vi ser attende på alt dei to opplevde og delte. Framsyningar i Lisjesalen: Onsdag 4. juli kl. 18.30 Søndag 8. juli kl. 18.00 Billettar: Resepsjonen i Førdehuset/ebillett I samarbeid med Kino Førde.

Festival Film: Our last tango Argentinians Maria Nieves and Juan Carlis Copes are today perhaps the best-known couple in the history of tango. They danced passionately, they loved and hated each other for nearly fifty years, until they suddenly split, leaving an abyss in the tango world. Spanish documentary/musical. (A)U/Adult. In collaboration with Kino Førde.

91


Vi takkar våre gode sponsorar og samarbeidspartar! GENERALSPONSOR:

HOVUDSPONSORAR:

Barnas Turlag Førde, Bary as, Bergens Tidende, Bondens Marked Førde, FjordKysten, Førde kulturskule, Førde Kyrkje, Førde Ungdomslag, Gloppen Hotell, Hellevang Kontorsystemer as, Haavebua/Quality Hotel Florø, Jølstramuseet, Kino Førde, Jakob Sande-tunet, Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, Kontorsenteret, Lions Club Førde, Magne Hafstad as, Mitt Lille Kjøkken, Naustdal Dampbakeri, Norkring, Nortura, Pikant, Riksscenen, Rotary Førde, Rytne Gard, SOF Teater, Sognefjord.net, Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunde Barnehage, Sunnfjord Folkehøgskule, Sunnfjord Museum, Thon Hotel Førde, Vieåsen Barnehage, Halbrend Barnehage og Norges Ambassade i Paris, Warsawa, London, Roma, Lisboa og Madrid, Det norske konsulatet i New York.

92


Or ganisasjon for folkem usikk og folkedans

DEN INDONESISKE AMBASSADE

93


Bilde: Elida Almeida

BOB-rabatt!

Fanfare Ciocarlia Lørdag 7. juli - 15.30

Elida Almeida Søndag 8. juli - 15.00

BOB-medlemmer får rabattbilletter til Fanfare Ciocarlia på Festplassen, lørdag 7. juli kl. 15.30 og Elida Almeida i Idrettshallen, Førdehuset, søndag 8. juli kl. 15.00. Inntil to voksne + ubegrenset antall barn pr medlemskort. Gyldig medlemskort må vises ved billettkjøp/innsjekk. Billettprisene er den samme på begge konsertene BOB-pris voksen: 272,(ord. pris 340,-)

94

BOB-pris barn: 40,(ord. pris 50,-)


Billettinformasjon

Kjøp alt av konsertbillettar, festivalpass, rabattbillettar og påmelding til kurs på TicketCo.no - og få det tilsendt på epost eller til mobiltelefonen din.

For spørsmål om billettar og program: tlf. 46 90 50 10 og billettar@fordefestival.no NB! Fullstendig billettinformasjon på fordefestival.no Hugs å byte festivalpassbilletten i festival-armband på billettkontoret i Førdehuset. Festivalpasset er personleg.

Plassbillettar i Idrettshallen, Førdehuset Tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 50. Unummererte plassar på tribuner og galleri. Alle andre konsertarenaer har unummererte plassar.

Neste festival: 3. – 7. juli 2019 Alltid i veke 27.

FESTIVALPASS = meir for pengane! Festivalpasset inkluderer fritt tilgjenge til desse konsertane (verdi kr 1780,-) og gjev STOR rabatt på alle andre konsertar og kurs. OPNINGSKONSERTEN torsdag 5. juli FLAMENCO - 4 WOMEN 4 fredag 6. juli FANFARE CIOCARLIA laurdag 7. juli FESTIVALGALLA laurdag 7. juli ELIDA ALMEIDA søndag 8. juli

FESTIVALPASS kr 970 Med passet får du stor rabatt på alle andre konsertar og kurs

UNGDOM/ STUDENT Gode rabattar på alle enkeltarrangement! Ungdom: 14–20 år Student: u 30 år Leg. plikt

BORN Billett kr 50 for born på alle konsertar. Alder: under 14 år

For plassbillettar i Idrettshallen, sjå i kolonne til venstre.

DAGPASS LAURDAG

DAGPASS LAURDAG

Kl. 15.30 FANFARE CIOCARLIA Kl. 17.00 BAROKKSOLISTENE kr 820 Kl. 20.30 FESTIVALGALLA Gjev billett til desse fire konsertane laurdag 8. juli Kl. 23.00 DANSEFEST MED DANYEL WARO OG (verdi kr 1440) MUCHACHO & LOS SOBRINOS

KOMBIBILLETT LAURDAG

LAURDAG

KOMBIBILLETT

kr 520 Kl. 22.30 NORDISK KLUBB Gjeld desse to konsertane Kl. 23.00 DANSEFEST MED på Scandic Sunnfjord DANYEL WARO OG Hotel & Spa laurdag MUCHACHO & LOS kveld SOBRINOS 95


Festivalguide

Festivalpass-konsert er utheva med grønt

Onsdag 4. juli 09.00-09.30 16.00-19.00 17.30-18.00 18.30-20.00 20.00-21.30 20.00-21.30

ARENA: Ord./Pass/Stud. Morgonstund har gull i munn Tussero, Vieåsen barnehage Fri entré Ut på tur, aldri sur: Tusen knappar og fire strengar Halbrendstølen 180/120/150 Opning av festivalutstilling: Livets dans-dans i kvardag og fest Ungdomshuset Viking, Førde Frientré Festivalfilm: Our last tango Lisjesalen, Førdehuset 110 (Resepsjonen FH) Cassie & Maggie Haavebua, Florø 280/180/150 Muchacho & Los Sobrinos Kjellaren, GloppenHotell 280/180/150

20.30-22.00 Son del Nene

Larris Scene, SSH

280/180/150

Torsdag 5. juli 09.00-09.30 09.30-16.30 11.00-11.45 12.00-16.00 17.30-18.15 20.00-21.30 22.00-24.00 22.30-24.00 23.00-02.00

Morgonstund har gull i munn Halbrend barnehage Fri entré Førdekonferansen 2018 Amfi Eikaas, SSH *Påmelding Musikk i sentrum Torgscena, Elvetorget Fri entré Festivalutstilling: Livets dans-dans i kvardag og fest Ungdomshuset Viking, Førde 100 v. inngang Barneframsyning: «På geitevis» Festsalen, Førdehuset 240/140/150 OPNINGSKONSERT: Dansen i musikken - musikken i dansen! (inkl Danseglede!) Idrettshallen, Førdehuset 380/---/200 (unum) Danseglede! Festsalen, Førdehuset 200/---/100 (Manueltsal) Canzoniere Grecanico Salentino Larris Scene, SSH 280/180/150 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden 320/210/150 inkl. buss

Fredag 6. juli 09.00-09.30 10.30-11.30 11.30-11.50 12.00-13.00 12.00-16.00 13.30-14.40 13.30-14.30 14.30-14.50 15.00-16.00 15.00-16.00 16.00-16.20 16.30-17.30 18.00-18.45 18.00-19.00 19.30-20.30 21.00-00.30 21.00-22.30 21.30-22.30 22.30-24.00 23.00-02.00

96

Morgonstund har gull i munn Sunde barnehage Fri entré Musikk i sentrum Torgscena, Elvetorget Fri entré Møt artisten: Aynur Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Marja Mortensson - Mojhtestasse S & Fj Kunstmuseum 240/140/150 Festivalutstilling: Livets dans-dans i kvardag og fest Ungdomshuset Viking, Førde 100 v. inngang Small Island Big Song Teatersalen, Førdehuset 240/140/150 Constantinople & Ablaye Cissoko Festsalen, Førdehuset 240/140/150 Møt artisten: Jyotsna Srikanth Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Aynur Larris Scene, SSH 240/140/150 Soloscena: INTRO-folk semifinale Haarklousalen, Førde kulturskule 240/140/150 Møt artisten: Small Island Big Song: Tim Cole & Bao Bao Chen Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Silje Onstad Hålien - Dei gamle er eldst Storsalen, Førdehuset 290/190/200 Barneframsyning: «På geitevis» Festsalen, Førdehuset 240/140/150 Jyotsna Srikanth Teatersalen, Førdehuset 240/140/150 FLAMENCO - 4 WOMEN 4- Manuel Ramirez Flamenco Ballet (inkl. Dans utan stans!) Idrettshallen, Førdehuset 340/---/200 (unum) Dans utan stans! Festsalen, Førdehuset 200/---/100 (Manueltsal) Columbi Egg Restaurant Hugleik, SSH 280/180/150 «Op sødeste sang» - URPREMIERE Førdekyrkje 290/190/150 Cassie & Maggie Teltet, Pikant restaurant & Bar 280/180/150 Fredagsfest med 9 Grader Nord og Fanfaraï Big Band Larris Scene, SSH 380/240/200


Festivalpass vaksen

4. - 8. juli kr 970

Dagspass Laurdag

7. juli

kr 820

Laurdag 7. juli 08.30-10.00 10.30-11.00 11.00-11.45 12.00-13.00 12.00-16.00 13.00-13.30 13.00-13.45 14.00-15.00 14.00-15.00 15.00-15.20 15.30-16.30 17.00-18.15 18.00-18.20 18.30-19.30 18.30-19.30 20.30-22.00 22.30-01.00 22.30-01.30 23.00-02.30

ARENA: Ord./Pass/Stud. Festivalfrukost Festplassen Fri entré Festivalparade Ute ved hovudinngang Fri entré Musikk i sentrum Torgscena, Elvetorget Fri entré Soloscena: Anne Hytta Haarklousalen, Førde kulturskule 240/140/150 Festivalutstilling: Livets dans-dans i kvardag og fest Ungdomshuset Viking, Førde 100 v. inngang 706 moh: Hazelius Hedin Hafstadfjellet 180/120/150 inkl. buss Dans i musikk i dans. Samtale om dans og dansespel Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Timbila Muzimba Teatersalen, Førdehuset 240/140/150 Trio Lopez Petrakis Chemirani Festsalen, Førdehuset 240/140/150 Møt direktøren: Hilde Bjørkum om 29 års festivalarbeid Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré FANFARE CIOCARLIA Festplassen 340/---/200 Barokksolistene - The Alehouse Sessions Storsalen, Førdehuset 290/190/200 Møt artisten: Danyel Waro Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Dimitris Mystakidis Teatersalen, Førdehuset 240/140/150 Majorstuen - Skrible Larris Scene, SSH 240/140/150 FESTIVALGALLA (inkl Dans, dans, dans!) Idrettshallen, Førdehuset 380/---/200 (unum) Dans, dans, dans! Festsalen, Førdehuset 200/---/100 (Manueltsal) Nordisk klubb Festivalsalen, 4. etg. SSH 380/240/200 Dansefest med Danyel Waro og Muchacho & los Sobrinos Larris Scene, SSH 380/240/200

22.30-02.30 Kombibillett Nordisk klubb og Dansefest

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

520/420/250

Søndag 8. juli 11.00-12.30 Festivalgudsteneste

Førde kyrkje

11.30-13.30 Klangen av Astrup

Astruptunet, Jølster

280/180/150 inkl. buss

12.00-13.30 Fliflet/Hamre

Rytnegard, Bygstad

280/180/150 inkl buss

12.00-15.00 Festivalutstilling: Livets dans - dans i kvardag og fest

Ungdomshuset Viking, Førde

13.00-14.30 Familiesøndag

Førdehuset

15.00-16.00 ELIDA ALMEIDA

Idrettshallen, Førdehuset 340/---/200 (kun unum)

17.00-18.30 Cimbaliband

Sunnfjord Museum, Movika 280/180/150 inkl buss

17.30-19.00 Hazelius Hedin

JakobSande - tunet, Dale

280/180/150 inkl buss

18.00-19.30 Festivalfilm: Our last tango

Lisjesalen, Førdehuset

110 (Resepsjonen, FH)

Fri entré

100v. inngang Fri entré

SSH = Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Idrettshallen: Unummererte plassar på tribuner og galleri. Tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C: kr 50 Barnebillett (u. 14 år) kr 50 på alle konsertar. 97


1: Førdehuset - hovudarena og billettkontor Idrettshallen | Storsalen | Teatersalen | Festsalen | Utstillingssalen | Lisjesalen | Foajéen

Andre scener: 2: Festplassen | 3: Førde kyrkje | 4: Førde barneskule (kurs) | 5: Haarklousalen, Førde kulturskule | 6: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa | 7: Ungdomshuset Viking | 8: Pikant Restaurant & Bar | 9: Sogn og Fjordane Kunstmuseum | 10: Torgscena | 11: Sunnfjord en Museum, Movika | 12: Jølstramuseet | 13: Larris Scene | 14: Rytne Gard, Bygstad | 15: Jakob Sande-tunet, e Dale | 16: Hafstadfjelv g e j k let | 17: Gloppen Hotel, Sandane | 18: Haavebua, Florø | 19: Halbrendstølen r y

K

3

Arenakart

4 1

n ege

bøe

n

av

5

ste

Øyr

Pre

Til Florø / Naustdal 18

Byd

als

5 13

alle

en

6

lsvegen

s Nau

Angeda

sve

reh

en veg e v l E

gen

10

e ebruv

gen

Sto

Lang

tdal

9

n age

2

7 8

Hafstadve

12

gen

16

17

egen

14

Fjellv 15

16

19

Trappetrinn

E 39

Til Hafstadfjellet 98

16

E 39

Lysthaugen

11


Stolte sponsorar ønskjer lukke til med den 29. Førdefestivalen!

DANSEN I MUSIKKEN – MUSIKKEN I DANSEN!

Ta med deg heile familien og nyt festivalen frå byrjing til slutt.

OPPLEV FØRDEFESTIVALEN – LEV LITT!

99


Foto: Ton Maas

GODE OPPLEVINGAR GJER DEG RIKARE GØY Vi har vore sponsor for Førdefestivalen sidan 2008. Sjåast på festival! spv.no/05555


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.