Turmagasinet 2018

Page 1

Informasjon

BLI MED PÅ TUR I SOGN OG FJORDANE • 12. ÅRGANG

2018


DNT UNG Tekst og foto: LEIRLEIAR KJERSTI ULLEBUST

BaseCamp på Tungestølen 2017 var det fjerde året at det vart arrangert BaseCamp for ungdom 13–16 år på Tungestølen i regi av Sogn og Fjordane Turlag. Påmeldingslista starta tidleg å fylle seg opp, og siste måndagen i juni møtte 28 spente ungdommar frå både aust og vest fram på Tungestølen, som ligg inst på Veitastrond. I invitasjonen vart dei lova ei veke fullspekka med aktivitetar og opplevingar direkte frå dei nasjonalromantiske omgjevnadene i den vesle bygda i Luster. Ut frå ansikta å dømme fekk dei det som vart lova, og litt til. GOD MATLYST Om du trur all ungdom brukar sommarferien til å sove frampå, kan alle som var på BaseCamp avkrefte dette. I lag med fuglane starta leirdeltakarane dagane tidleg, og første gjeremål på lista var å lage klar fellesfrukost: havregraut og

2

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

brødmat stod klart til klokka 8. Du har kanskje høyrt ordtaket ”utan mat og drikke duger helten ikkje”? Dette var eit ordtak vi levde etter: Om det var 11, 14 eller 16 brød (og havregraut) framme til frukost – så var det berre skalkane som låg att. Det seiest at i godt lag et ein godt. FRÅ STILLONGS TIL SHORTS Tysdag vakna vi opp til sol og blå himmel, alt låg til rette for ein fin dag på tur. Turmålet var Supphelleskaret via Snauedalen. Etter første stigning vart stillongsen bytt ut med shorts og solkrem, og trøytte ansikt fekk varme roser i kjakane av den steikande sola. Turen frå startpunktet til Supphelleskaret er seks–sju km éin veg, og går langs elva Snauedøla og gjennom eit dramatisk landskap med høge fjell og steinurer. Med godt humør og ei smakfull niste i sekken kom alle 28 deltakarane opp til Supphelleskaret. BRE, KAJAKK OG KLATRING! Onsdag og torsdag vart ungdommane fordelte i tre grup-

per. Gaute Dvergsdal Bøyum og Pål Kielland guida fram til Austerdalsbreen og tok oss med på både brevandring og isbreklatring. For mange var isbreklatring ei ny og spennande oppleving, men likevel tok dei spreke ungdommane utfordringane på strak arm! Øyvind Korsøen frå Go’kajakk synte gode padleferdigheiter og gav innføring i ulike måtar å ta seg fram i det våte element på. I eit klatrefelt like ved campen rigga Asle Veien og Irene Befring til slik at både instruktørar og deltakarar fekk prøve rappellering og topptauklatring. Dette var tre solfylte og flotte dagar med aktivitetar frå morgon til kveld. Mange takk til dyktige instruktørar. Fredag vart brukt til å rydde leir og ta farvel. Vi var einige om BaseCampen hadde vore vellukka, og hadde gitt oss instruktørane mange nye erfaringar som vi kan ta med oss vidare. Vi vil rette ein stor takk til Nærbutikken Veitastrond og familien Nes som var til god hjelp og ytte god service. Dei leverte mat, nysteikte brød og ved til oss.


Klatring med topptau under kyndig vegleiing frå Irene Befring står også på programmet på BaseCamp.

På BaseCamp Tungestølen ligg ein i store lavvoar og det er ein stor samling- og ete-lavvo for bruk i dårleg vêr.

Heile ungdomsgjengen frå BaseCamp i 2017 gjekk til Supphelleskaret mellom Veitastrond og Fjærland. Dett er første gongen at alle på ungdoms-BaseCamp har gått heile turen hit! Foto: Kjersti Ullebust.

BaseCamp SOMMAR

God appetitt på BaseCamp. Kjøkken og spiseplass blir flytta ut frå den store samlingslavvoen i fint vêr.

• Ungdom 13–16 år • 25.–29. juni • 1500 kr for DNT-medlem og 1800 for ikkje-medlem • Tungestølen, Veitastrond, Luster

BaseCamp KYST Ungdommane har fått på alt breutstyret og er klar for tur på Austerdalsbreen. Breførar Gaute Dvergsdal Bøyum tek med BaseCamp-gjengen på ein trygg og opplevingsrik tur på breen.

• Ungdom 14–16 år • 6.–10. august • 1600 kr for DNT-medlem og 2000 for ikkje-medlem • Værlandet, øyriket vest for Askvoll

Samling med kveldsaktivitetar i leiren etter dagens opplevingar i det flotte landskapet kring Tungestølen.

Meir info: https://www.sftur.no/aktiviteter

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

3


LEIAR AURLAND TURLAG 2. september: Kom deg ut dagen

Barnevenleg høgfjellstur: Viddalsvatnet til Gudmedalen

150 år for norsk friluftsliv! DNT; 550 hytter, 20 000 kilometer merkte stiar og turleiarar som viser veg. I Sogn og Fjordane er den organiserte DNT- historia noko kortare. I 1971 vart turlaga i Luster og Indre Sunnfjord stifta. Tufta på fjellsport og brevandring. I 2018 finn du ditt lokale turlag i alle kommunar i fjordfylket. VERDIFULLE LANDSKAP 150 år i front for natur og friluftsliv. DNT har vore og er pådrivar for å trygge friluftslivet sitt kulturgrunnlag gjennom å tale varmt for å sikre og auke talet nasjonalparkar. I dag, med vekst i det nære friluftslivet, er inngrepsfrie landskap der folk bur avgjerande. Omfattande vindkraftiutbyggingsplanar vil for mange innbyggjarar i fylket redusere verdifulle landskap. DNT er heilt klare på at kystlandskapet og vassdragsnaturen må tryggast. DNT UNG! Stadig vekst i tal unge medlemmar i turlaget er svært gledeleg. Turlaget vedtok difor på årsmøtet i 2018 å etablere eige ungdomsutval. Unge turglade legg no til rette for at alle unge får eit attraktivt turtilbod. Eit særs viktig samfunnsoppdrag. Gled deg over dei mange turforteljingane i Turmagasinet 2018. Vel møtt ut i vårt vene turlandskap! MARINO J. ASK styreleiar - Sogn og Fjordane Turlag

4

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Ope og fint høgfjellsterreng på turen som Aurland Turlag inviterer til på Kom deg ut-dagen! Foto: Eva Heggedal Laastad.

Aurland Turlag inviterer til ein flott og barnevenleg høgfjellstur på Kom deg ut-dagen. Turen går frå Viddalsvatnet, som ligg i Låvisdalen opp for Vassbygdi i Aurland, og ein går over til Gudmedalen, som ligg ovanfor garden Ryo i Flåmsdalen. Eva Heggedal Laastad har gått turen med born heilt ned til fireårsalder med godt hell. – Då må ein nok rekna fire til fem timar i staden for tre timar, som er meir vanleg for vaksne, fortel ho. På demningen til Viddalsmagasinet er det fint å parkera, og ein startar med stigninga med ein gong opp til Bekhorn, ein høgdeskilnad på dryge 200 meter. Stien er tydeleg i starten, ettersom det går ein del beitedyr i området. Etter kvart kjem ein over fjellbørkeskogen og får utsikt ned mot Låvisdalen og over mot Knutseggi på andre sida av dalen. Etter Bekhorn vert stien mindre synleg, men det er nokre vardar å sjå her og der, fortel Eva, og ein har kome over i eit lite dalføre. – Ein fin stad å ta ein pause for små kroppar, då ein no er ferdig med brattaste stigninga, fortel ho. Ruta går vidare i vestleg retning, og viss ein ikkje vil gå rett over til Gudmedalen, så kan ein kryssa i øvre del av Tvinnandebotnen og gå nordover og kome ned via Hovdungo eller Vikesland til Aurlandsvangen.

Turen på Kom deg ut-dagen går over til Gudmedalen, og når ein er på høgste del av ruta, har ein flott utsikt mot Prest, Blåskavlen og langt innover fjella mot Lærdal. Det er ikkje overraskande å møta på sauer i dette området, både dalasau, spælsau og villsau, fortel Eva, og legg til at på turen dei hadde sist sommar, såg dei både ørn, ryper og reinsdyr, til stor glede for alle saman. Så ser ein snart ned i Gudmedalen, og eit tips er å gjera unna det meste av nedstigninga før ein kryssar elva. Det er fint å gå alle stader, men går ein over til midten av dalføret, er det mindre myr og vier, og det er ein god sti å følgja. Siste delen er ned til geitefjøsen til Gudmedalen samdrift, der ein blir henta, men det er sjølvsagt også mogleg å gå heilt ned til Flåm.

Aurland Turlag Leiar ANJA SCHÖNE E-post: aurland.turlag@hotmail.com Tlf. 940 05 705


ENERGI FRÅ NATUREN

Energirike opplevingar Det er mange måtar å hente energi frå naturen på. I Sogn og Fjordane Energi nyttar vi naturkrefter til å produsere miljøvenleg energi. Vi er opptekne av å gjere dette på ein skånsam måte slik at vi alle kan få energirike opplevingar frå naturen. sfe.no

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

5


8.-9. juni 2018 FREDAG 8. JUNI: 17.00 Sekretariat opnar framfor Thon Hotel Jølster (til 19.00). 18.00 Fiskekveld for born arrangert av Jølster Jeger og Fiskeforening og Fjærland 4H. Ope hus på Thon Hotel Jølster med m.a.: 19.00 Auresnakk, med m.a. Harald Sægrov. 20.30 Quiz med Geir Bjarte Hjetland. 22.00 DJ i baren Geir Bjarte.

LAURDAG 9. JUNI: 08.00 Sekretariatet opnar framfor Thon Hotel Jølster. 11.00 3 timar fiskekonkurranse. Hovudpremie: Volvo XC40, verdi 460.000.12.00 Uteservering, grillmat. Marknadsaktivitetar. 15.00 Jølstrameisterskapen i roing, arrangert av speidaren. Dame- og herreklasse, jente- og guteklasse under 18 år. Fine premiar. 17.00 Premieutdeling, bilen og andre premiar. Ope for alle. 21.00 Aurefesten held fram på Thon Hotel Jølster med Staut og Kokken Tor.

Meld deg på her: o w.jolsteraurefest.n

ww

gsn i n e r t t Dit et! k l y f i r sente om Kom inn ss! o og prøv

Deltakarar, Kilimanjaro-tur, 2016

LINGANE

JEGERT VIL

urransen og i fiskekonk Dei deltek helga. ile he r ta ite andre aktiv

BLI MED PÅ OPPLEVELSESTUR TIL KILIMANJARO OG SAFARI I TANZANIA + ZANZIBAR – NO TILBYR VI OGSÅ TURAR TIL MT. ELBRUS • Lang erfaring, lokale informasjonsmøter, norsk turleiar og kjente lokale guidar.

KOKKEN TOR

• Alle 5 turane hittil med 100% av turdeltakarane på toppen. • Pris frå kr 26.600,- (kun fjellet). Jonn Skagen AS Medlem i Reisegarantifondet

STAUT

Sjå elles prisar og turprogram på jonnskagen.no

Tren inne – bli betre ute!

Fylkets største treningstilbod. Du finn oss i Førde, Florø, Sogndal og Sandane.

Kom innom og få ein GRATIS prøvetime! www.spenst.no

6

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Vi nådde målet! Det kan nesten ikkje beskrivast.


KEIPEN TURLAG

«Turorientering» langs merkte løyper Keipen Turlag i Bremanger har eit etterspurt tilbod som får mange ut på tur! Turlaget set kvart år opp fleire turpostar, som dei kallar turorientering, langs merkte stiar. For å delta må ein kjøpe årets turorienterings-konvolutt som inneheld kartreferansar, omtale av postane og klippekort. Dette er ein turtradisjon som har vore lenge i området kring Svelgen, og dei siste 15 åra har Keipen Turlag stått som arrangør, fortel Steinar Isene, som er ansvarleg for å lage til og få alle postane ut. – Det er eit veldig kjekt arbeid å halde på med, seier Steinar. Folk startar å spørje etter turorienteringa alt tidleg på vinteren. Postane blir lagde ut ved påsketider og ligg ute til 1. september. Så blir det premiering på årsmøtet til turlaget seinare på hausten. Alle turane blir tekne ut frå boka Bremanger Turboka, som Keipen Turlag har vore med og laga. Alle turane er merkte stiar eller langs skogsvegar, og det er nye turar kvart år. På kvar tur ligg det seks–åtte turpostar. I år er det lagt ut turpostar langs desse fire turane: Mot Omvendeskaret, mot Toppen - speiderhytta, mot Risesetra og mot Ivervatnet.

Keipen Turlag Leiar KIRSTEN GROTLE E-post: keipenturlag@gmail.com Tlf. 913 66 485 Søskenparet Ane og Anders Steinseth Svarstad har vore med på turorientering i fleire år gjennom Keipen Turlag.

Her klipper dei korta sine ved Svelgsvatnet for nokre år sidan. Foto: Steinar Isene

YTRE NORDFJORD TURLAG

1. september

Mosekleivhornet på Stadlandet Turen startar (kl. 11:00) frå høgste punktet langs bilvegen mellom Drage og Hoddevika. Turen går stadvis på sti og elles i mjukt terreng med låg vegetasjon. Det er litt stigning i starten før ein kjem opp på platået nedunder Solumskardurda. Og trass i namnet er det ikkje noka ur der turen ut mot Mosekleivhornet går. Terrenget flatar ut før ein får ei lita stigning att heilt mot slutten. På heile turen har ein fin utsikt mot Stadhavet og ikkje minst Hoddevika, som ein ser ned på på store delar av turen. Mosekleivhornet (540 moh.) er nest høgste topp på Stad og gir eit framifrå kringsjå over det særprega kystlandskapet på Stad! Turen er på dryge tre km éin veg og med kring 200 meter stigning. Frå Mosekleivhornet er det mogleg å gå vidare heile vegen til Ervika, men det er ein lengre tur, og det er eit brattare parti mot slutten av turen som ein skal vite kvar er for å kome greitt ned. Ytre Nordfjord Turlag returnerer same veg tilbake frå Mosekleivhornet 1. september.

Ytre Nordfjord Turlag Leiar TOR MAGNE GANGSØY E-post: ytre.nordfjord.turlag@gmail.com Tlf. 489 55 867 Frå turen til og frå Mosekleivhornet ser ein Hoddevika i fugleperspektiv! Foto: Vigdis Hatlenes.

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

7


Vi har flytta!

Rein Design

Ta kon takt pakkep for ris!

Sandstrøm 565 CC, ein ny bestseljar!

Nyhende 201 Pris: 18 4 8! 90,-

Frå 15 til 20 fot Mars 2018 opna vi ny butikk og verkstad. Kom innom våre nye lokale, Bygstadvegen 93, 6973 Sande i Sunnfjord

Hans Alexander Døskeland Tlf. 958 66 866 alex@doskeland.net

Suvi 465, robåten som ikkje ligg full av regnvatn!

Andreas Erdal Tlf. 907 77 115 andreas@doskeland.net

Espen Kirketeig Tlf. 915 41 623 espen@doskeland.net

findriv.no

Bygstadvegen 93, 6973 SANDE | Tlf. 578 22 808 | www.doskeland.net

8.-9. juni 2018 Europas beste aurevatn ventar på deg! Fiskekonkurranse 9. juni med ein Volvo XC40 i premie. Verdi 460.000,–

VINN denne bilen! Meld deg på her:

www.jolsteraurefest.no

8

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018


LÆRDAL TURLAG

Stor deltaking då Lærdal Turlag arrangerte denne turen i 2014. Her frå starten av turen opp frå Tynjadalsbotnen. Foto: Rolf Engløkk

Tynjadalen–Kaldras–Senddalen 21. juli Turen startar i Tynjadalen i Lærdal, der ein kan køyre inn til brua over Kuvelda ved Grøtadalen og parkere her. Vidare til fots opp gjennom Tynjadalsbotnen og til Øvredal. Så går turen opp fjellsida, ca. 700 høgdemeter til Nukane. Ved Steingeit, nær Nukahaugen (1483 moh.), er det to val, og vi kan eventuelt dela oss. Kortaste alternativet er å gå til Kaldrashaugane (1466 moh.), der det ved trigpunktet er panoramautsikt ned i dalen til Tønjum, Eri og Molde. Det litt lengre alternativet, ca. 2 km, er å gå om Store Hånosi (1836 moh.), som er det nest høgste fjellet i Lærdal kommune. Turen ned går om Bøahytta, som ligg på nesten 1300 moh., og bratt ned til Senddalsstølen (920 moh.) og vidare ned og ut dalen til Marakreket ved fylkesveg 273. Graderinga på turen er raud – i overgang til svart. Rolf Engløkk i Lærdal Turlag fortel at han registrerte 36000 skritt på skrittmålaren sin sist han gjekk turen! Lengda er kring 18 km om ein ikkje går om Store Hånosi. Turleiarar i juli er Rannveig Frydenlund og Per Øvrevoll.

Lærdal Turlag Leiar ROLF ENGLØKK E-post: rolfola46@gmail.com Tlf. 959 82 635 Store kontrastar i fjellterrenget i Lærdal. Store Hånosi, som er nest høgste fjellet i kommunen, er eit mål for mange. Foto: Rolf Engløkk

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

9


BALESTRAND OG HØYANGER TURLAG

23.–24. juni, markering av 10-årsjubileet:

Tur til Skogadalsbøen Balestrand og Høyanger Turlag (BHT) er det yngste turlaget i fylket knytt til DNT. Så det året hovudorganisasjonen feirer 150 år, markerer BHT 10 år som lokallag. Men begge kommunane har lange og gode tradisjonar med turgåing, også organisert gjennom idrettslag og i lokale turgrupper. I Høyanger fekk folk i industribygda lett tilgang til fjell og moglegheiter for sol vinterstid då vegen til Siplo vart bygd. I Balestrand har turistane kome i hopetal frå 1800-talet for å utøve den tids friluftsliv – og kanskje etter kvart påverka litt synet på den «ærendslause» vandringa i naturen? I alle høve har Balestrand, gjennom lokale eldsjeler, lagt til rette for både nærtur

og lengre turar for både fastbuande og dei besøkande. Balestrand og Høyanger Turlag vart skipa i 2008, og dei markerer 10-årsjubileet med å invitere til ei helg på den flotte, betente DNT-hytta Skogadalsbøen, som ligg i Luster. – Vi tek turen den helga hytta opnar for sommarsesongen, fortel leiar i turlaget, Knut Strømmen. Han har sjølv brukt sommarferiar til å jobbe på hytta, så han er godt kjend i området. – Vi går frå Sognefjellshytta og ned til Skogadalsbøen. Dagen etter bestemmer vi returen om den skal gå ned Utladalen, forbi Vettismorki og ned til Hjelle, eller vi tek turen over Keisarpasset til Turtagrø. Eller retur same vegen som vi kom.

Skogadalsbøen ligg vakkert til som ein innfallsport til Jotunheimen. Foto: Knut Strømmen.

Balestrand og Høyanger Turlag Leiar KNUT STRØMMEN E-post: post@bhtur.no Tlf. 913 49 383

INDRE SUNNFJORD TURLAG

Veit du at du har hytte i fjellet? Er du medlem av DNT, er du faktisk medeigar i over 500 hytter som du kan bruke når du vil året rundt. Tre av desse hyttene tilhøyrer Indre Sunnfjord Turlag. Vi har lyst til at fleire skal bruke hyttene våre, og inviterer difor på hytteturar med overnatting og friluftsskule i år. Ønskjer du å verte kjend med sjølvbeteningshyttene, og likar å gå tur i lag med andre, kan det vere lurt å melde seg på ein av hytteturane våre. Då får du og verte kjend med det sosiale livet som pregar alle DNT-hyttene.

25.–26. august inviterer vi på tur til eit ikkje mindre fantastisk turterreng. I storslått natur går vi frå Angedalen i Førde til Longevasshytta i hjarta av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Her overnattar vi, før ferda går vidare til Gloppen. Longevasshytta vart utvida i fjor og har god kapasitet.

19.–20. mai går vi frå Bygstad, via turlagshytta Massbu, til Nipebu, der vi overnattar. Dagen etter held turen fram til Stongfjorden. Denne turen over Askvollhalvøya byr på eit fantastisk, lettgått turterreng med strålande utsikt mot både fjord og hav.

27.–28. juni inviterer Barnas Turlag og Ung Askvoll til friluftsskule på Nipebu.

Indre Sunnfjord Turlag

15.–16. september inviterer Barnas Turlag i Førde og Jølster til overnattingstur på Longevasshytta.

Leiar KJELL ARNE HJELLBREKKE E-post: indresunnfjord@dnt.no Tlf. 958 27 976

10

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

For den yngre garde kan vi og lokke med hytteturar i godt selskap:

Nipebu ligg vakkert til attmed Langevatnet. På hytta er det både kanoar og båt som kan brukast på vatnet. Foto: Roy Raasholm Fauske


Det gode liv

på Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord !

Kurs i kajakkpadling

GODE MATOPPLEVINGAR BAD OG SPA HØG STANDARD VIA FERRATA LOEN STRYN SOMMERSKISENTER

Alexandra Bad og Spa

med eit stort utval av kropps- og velværebehandlingar. Massasje, stor SPA-avdeling med terapibasseng, badstover, opplevings-dusjar, kuldekulp, kvileområde og takhage med boblebad. Stort symjebasseng inne og ute, oppvarma heile året. Vannsklie.

Lær deg kunsten å padle kajakk – i ein havkajakk eller kajakk for flatt vatn. På introduksjonskurset presenterer vi deg for kajakk og utstyr. Gjennom enkle øvingar lærer du å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Vi går gjennom grunnleggande tryggleiksreglar. På grunnkurset øver ein i tillegg på redningsteknikkar og god padleteknikk. Friluftsliv og førstehjelp er også viktige deler av kurset. Kvar: Der du vil i Sogn og Fjordane, primært i Sunnfjord. Transportkostnadar blir pårekna. Når: På førespurnad heile året. Varigheit: Introduksjonskurset er på fire timar. Grunnkurset er på 16 timar. Gruppestorleik: 4-16 personar. Det blir gitt rabatt ved grupper over åtte personar.

SYKKEL OG FISKE LETTE FJELLTURAR TOPPTURAR GODE SOMMARPRISAR VIA FERRATA

Pris: Introduksjonskurs Fire timar

kr 1050,- (vaksen) kr 750,- (barn)

- Via Ferrata og Gjølmunnebrua - Sykkel - Båtutleige - Fjelltur med guide -

www.loenactive.no

Grunnkurs

Loen Skylift og Hoven Restaurant

16 timar

kr 2800,- (vaksen) kr 2100,- (barn)

Pendelbane til fjellet Hoven 1011 m.o.h. Stor restaurant på toppen. Fine turløyper innover fjellet. Fantastisk utsikt !

Alt naudsynt utstyr, også tørrdrakt/våtdrakt, er inkludert.

Booking: gokajakk.no • post@gokajakk.no • +47 958 83 854

Hotel Alexandra, 6789 Loen Tel: 57 87 50 00 alex@alexandra.no

Hotel Loenfjord, 6789 Loen Tel: 57 87 57 00 post@loenfjord.no

www.alexandra.no

www.lo en f jo r d .n o

Ekte natur. Ekte opplevelser. Ekte utstyr. Ekte Sport.

Gode turkameratar

-15%

Mot fremvisning av

på alle ordinære varer!*

rt i gyldig medlemsko

turlaget.

Mândra

Trofè

Ope lagerutsal i sommar måndag–fredag kl. 09.30–15.00

@sport1forde

A/S Helle Fabrikker N-6982 Holmedal, Norway Tel.: (+47) 57 73 35 00

www.helle.no

CHATLET SPORT 1 FØRDE Naustdalsvegen 1A Tlf. 57 72 00 67 *Gjeld ikkje sportselektronikk og sykkel

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

11


Vinn denne bilen! Det skal lønne seg å vere aktiv! Difor gir vi vekk eitt års leasing av vår sporty VW Golf GTE til ein tilfeldig deltakar i Førde Opp, Skåla Opp eller Balestrand Opp. Deltek du på eitt av løpa, får du eitt lodd i potten, deltek du i alle løpa, får du tre.

Vil ein Golf kle deg? Meld deg på i dag!

18. august 2018

1. september 2018

15. september 2018

Vi har bilen som kler deg.

12

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018


FLORA TURLAG Søndag 26. august: Terdalskeipen og Klauvekeipen

Turutgangspunkt i Grytadalen

ETTERMIDDAGTURAR: Tysdag 14. august: Slettevarden Onsdag 5. september: Holten/Akslaholten Tysdag 11. september: Myklebustfjellet/Tyskarvarden

Dyrelifjellet er ein kort tur opp frå Grytadalen, og som bildet viser: god utsikt til øyane utanfor Florø og ned til Alden i bakgrunnen. Foto: Arnfrid Bergheim

– Vi har sett opp ettermiddagstur på både tysdagar og ein onsdag med utgangspunkt i Grytadalen, og ein heildagstur søndag 26. august, fortel Astrid og Arnfrid. – På søndagsturen får vi med Anne-Karin Kleiven Rynning som er grunneigar og lokalkjend i området. – Og vi hjelper gjerne til med å sanke inn resten av sauene i fjellet viss vi kjem over nokon, fortel dei aktive turdamene.

Slettevarden ligg på kommunegrensa mellom Bremanger og Flora kommune. Toppen er ein liten avstikkar frå den merkte sommarløypa mellom Grytadalen og Årebrotet. I bakgrunnen ser vi austover til Haukåbøra. Foto: Arnfrid Bergheim

Grytadalen ligg rett sør for Magnhildskaret, mellom Florø og Svelgen. Viss du er av dei som berre har køyrt forbi her, så har det kanskje ikkje slått deg at dette er eit godt eigna utgangspunkt for turar. Men så feil kan ein ta: Dette området er mykje brukt av florøværingar og har ein lang tradisjon for bruk både sommar og vinter! Dei siste åra har Flora Turlag lagt enno betre til rette for turgåaren. Her er parkeringsplassar og illustrative informasjonstavler med kart som viser kvar det går merkte og umerkte stiar. Turomtaler finn ein på UT.no Det som før var helgeturar, har no blitt ettermiddagsturar med utgangspunkt i kystbyen. Astrid Breiland Eliassen og Arnfrid Bergheim i Flora Turlag er ivrige talspersonar for dette turområdet. – Det er kjekt å sjå at parkeringsplassane ofte er fylte med bilar både på dagtid og på ettermiddagen når det er godt turvêr, seier dei, og legg til at det gjeld både sommar og vinter. I snøfattige vintrar har ski blitt bytte ut med truger for å nytte dette flotte turområdet TILGJENGELEG TUROMRÅDE Flora Turlag har lagt ut turtrimpost både på Slettevarden og på Grytadalsbu, og det ligg turbøker på Klauvekeipen, Terdalskeipen og Snøfjellet. I tillegg er det i alt 20 postar der ein kan «skrive seg inn» digitalt for dei som har lasta ned DNT Sjekk UT-appen. På austsida av vegen ligg den vesle DNT-hytta Grytadalsbu, sjå omtale på hyttesidene her i Turmagasinet.

BRUKEN AV OMRÅDET FØR – I jubileumsåret til DNT er det kjekt å tenkje på at fjella og vatna som ligg utover Guleslettene og mot havet i vest, er dei same som i lang tid har vore nytta til turgåing, og at området er enno meir populært no, seier Astrid og Arnfrid . – Tidlegare rodde folk frå Florø over til Saga og Terdalen, som var utgangspunkt for både fotturar og skiturar. På 60-talet kom vegen til Svelgen, men ein måtte med ferje for å krysse Nord-

dalsfjorden heilt fram til brua kom i 1987. – Tradisjonsturen frå Årebrot til Grytadalen er ein fin tur både til fots og på ski, og det er merkt sommarløype, kan dei to aktive damene frå Flora Turlag fortelje. Denne vinteren, med det gode skiføret og mykje fint vêr, var det mange som nytta høvet til å gå på tur med utgangspunkt i Grytadalen, avsluttar dei.

Flora Turlag Leiar SIV MERETE STADHEIM E-post: floraturlag@gmail.com Tlf. 900 24 795

VINDTURBINAR I FRILUFTSLIVSOMRÅDE

KART I Som mange er kjende med, er det vedteke å byggje eit anlegg med vindturbinar i dette fjellområdet innanfor Grytadalen, Guleslettene. Sogn og Fjordane Turlag har gått imot dette, ettersom det er eit så mykje brukt turområde. Etter konsesjonssøknaden har utbyggjaren kome med nye plasseringar av vindturbinane. Det er plasseringar både på godt synlege fjelltoppar og mykje lengre sør enn det tidlegare planane viste. Dette er ei forverring for

KART II friluftslivet i høve til dei opphavlege planane. Kart I viser med blå punkt kvar vindturbinane er foreslått plassert etter konsesjonssøknaden. Dei grøne punkta er tidlegare plasseringar. Kart II viser med raude strekar kvar det er foreslått veg fram til vindturbinane og den brune prikka linja viser den merkte stien mellom Magnhildskaret og Årebrot.

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

13


INDRE NORDFJORD TURLAG

Erdalssetra med Strynekåpa i bakgrunnen. Foto: Anne Rudsengen

Strynekåpa (1530 moh.) 30. juni

Viss ein er heldig opplever ein i juni at snøskavlane høgt over Erdalen brekk av og kjem som eit flott snøskred ned i sommaren. Stien går på motsett side av dalen så ein er trygg for raset. Foto: Anne Rudsengen

14

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Strynekåpa tronar bratt opp bak Indre Nordfjord Turlag si koselege hytte i Vetledalen, innanfor Erdalen i Oppstryn. Opp på dette store fjellet går turen 30. juni. Ein treng å vere godt trent for å delta, og turen sorterer under graderinga svart. For å gjere turen litt enklare, kan ein dra inn og overnatte på Vetledalsseter frå dagen før. Det går bilveg (bomveg) opp til Loppesete, innafor Greidung. Herifrå reknar ein kring éin time inn til Vetledalssetra. Siste år har stien innover, som også er ei kurås, blitt utbetra med hjelp av midlar frå Jostedalsbreen nasjonalparkstyre. Kyrne kjem no lettare inn og ut dalen og kan betre nytte det gode utmarksbeitet. På veg innover passerer ein den vakre Erdalssetra, før ein kjem til Vetledalen. Herifrå held ein fram på sti i retning Erdalsbreen og får ei litt brattare, men logisk, rute opp Ulvestigen. Ein er no komen opp og ser Erdalsbreen. Dei siste åra har breen gått mykje tilbake, og det er vanskeleg å kome inn på han fordi det ligg eit vatn framføre. I området her ligg også den vesle naudbua Infimus, som står att etter arbeidet med bremålingar på 70- og 80-talet.

Strekninga inn dalen og vidare opp Erdalsbreen var ein av dei mest brukte breovergangane for folk og fe i tidlegare tider. Dei gamle driftene, i hovudsak store mengder kyr, vart førte denne vegen for å bli selde på Austlandet. Turen til Strynekåpa går ikkje opp breen, men meir eller mindre rett opp frå vatnet (dryge 600 høgdemeter). Det er bratt opp, men greitt nok å finne ei rute. Retur same veg. Om ein ynskjer å ligge over på Vetledalsseter, kan ein t.d. bruke dagen etter i Vetledalen og opp mot Vetledalsbreen. Påmelding innan søndag 24. juni. Turleiar er Stig Skåre, 913 02 054.

Indre Nordfjord Turlag Leiar OLAV HELMER AUFLEM E-post: olav.auflem@enivest.net Tlf. 414 65 056


Turmagasinet_Sognekraft_Sognenett_230x290cm.qxp_Layout 1 22.03.2018 13.49 Side 1

– meir fart, meir moro!

sognenett.no

– set krefter i sving!

sognekraft.no

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

15


FAGHANDELEN INNAN TREL AST OG BYGGEVARER

UT PÅ TUR? 08-17 (08-15)

VÅRE LOKALE KLAPPET & KLART PROFFAR

Fjaler: Entreprenør Arild Yndestad, Gaular: Harald Kapstad AS Førde: Byggteam AS, VM Bygg AS

GNAGSÅRPLASTER

49,-

6813 Førde, Tlf. 57 72 18 00 E-post: egil@farsundbygg.no post@farsundbygg.no

Treng du leigebil? Varebilar Stasjonsvogner

Man-fre 730-1630 tors 730-18 laur 930-14

Følg oss på:

xl-bygg.no

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • MÅLØY • SOGNDAL

16

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE

findriv.no

KOM INNOM BUTIKKEN! ØYRANE 4, FØRDE


KURS

Kari Reed er stolt innehavar av våttkort etter gjennomføring av grunnkurs i padling .

Å lære kart og kompass er ein viktig del av grunnleggjande turleiarkurs. Foto: Håvard Sandal Høyvik.

Foto: Håvard Sandal Høyvik

Turleiarkurset er populært for turglade folk i alle aldre. Stadig fleire ungdom tek kurset. Foto: Jannicke Aven.

Kva med å lære noko nytt i jubileumsåret? Kurs- og fjellsportutvalet i Sogn og Fjordane Turlag (SFT) har ansvar for kursverksemda i lag med dagleg leiar i turlaget. Meir informasjon kan du få hjå SFT, tlf. 57 72 06 14, sft@dnt.no og på www.sftur.no/aktiviteter.

Klatring, nybyrjarkurs

Padling, grunnkurs

Sagefloten i Gloppen 2.–3. juni

Bulandet, øyriket vest for Askvoll, 29. juni–1. juli

Røynde klatreinstruktørar lærer deg korleis du gjennom kunnskap og rett bruk av utstyr kan gjere klatring til ein trygg aktivitet. Kurset er meint for nybyrjarar eller dei som har klatra før, men som føler at dei treng eit oppfriskingskurs. Kurset vert halde på Sagefloten i Breim, eitt av dei beste øvingsfelta i landet. På kurset vil ein også få høve til å ta Brattkortet. Klatreinstruktørar er Irene Befring og Asle Veien. Prisen er kr 1500 for DNT-medlemmer og kr 1800 for dei som ikkje er medlem. Prisen for ungdom under 18 år, som er medlem, er kr 1200 og kr 1400 for dei som ikkje er medlem i DNT.

Kurs- og fjellsportutvalet i Sogn og Fjordane Turlag i samarbeid med instruktørar frå Njord AS tilbyr grunnkurs i kajakkpadling, der ein kan ta våtkort. Kurset går frå fredag til søndag og gir ei innføring i padling, tryggleik, teknikk og bruk av padleutstyr. Overnatting på hytter og servering hjå Liv Gjørøy. Prisen er kr 4200 for DNT-medlemmer og kr 4600 for dei som ikkje er medlem. Prisen dekkjer all mat, overnatting, instruksjon og lån av padleutstyr.

DNT-ambassadørkurs og grunnleggjande turleiarkurs Stardalen, Jølster 14.–16. september For deg som ynskjer ei turleiarutdanning, er dette fyrste trinn på turleiarstigen i DNT. Kurset startar fredag kl. 18.00 med DNT-ambassadørkurs, som ein tek først. Resten av helga er grunnleggjande turleiarkurs. Kurset vert arrangert på Stardalen Hyttegrend, og ein brukar fjell- og turområdet i nærleiken. Kursleiarar er Vigdis Flaten Kvamme og Roy Raasholm Fauske. Prisen er kr 1800 for DNT-medlem og kr 2000 for dei som ikkje er medlem. Prisen dekkjer overnatting, mat og kursutgifter.

Du må rekne med å bli våt når du deltek på grunnkurs i padling! Det å få eit trygt forhold til det våte elementet er ein del av kurset. Foto: Håvard Sandal Høyvik

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

17


LUSTER TURLAG

Luster Turlag inviterer på kulturtur til Ormelid for å markera 150-årsjubileet til DNT. Foto: Torunn Løne Vinje

Søndag 26. august

Jubileumstur til Ormelid

Skogmarihand er ein av fleire orkidéartar som veks i dei urterike slåtteengene kring husa på Ormelid. Foto: Torunn Løne Vinje

18

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Luster Turlag har valt denn e dagen og denne turen til å markera DNT sitt 150-årsjubileum. Men 150 år blir ingen alder samanlikna med den lange historia som høgdegarden Ormelid kan visa til. Her har ein funne spor etter folk for 4500 år sidan, og funn som viser at det har vore samanhengande drift på garden heilt frå den tid. Ormelid ligg vakkert til på kring 450 moh., og jubileumsturen passar for alle, med ein liten times gange på vegen opp frå Fortunsdalen. Forbi garden gjekk den kortaste og lågaste fjellkryssinga til Austlandet, og Ormelid har ein lang tradisjon i å husa ferdafolk. Dei som har lyst, kan gå vidare til Nedstestølen og Øvstestølen, men markeringa denne dagen skal vera i tunet. Luster Turlag har fått med seg ressurspersonar som har mykje å fortelja om Ormelid. Ole Bollingberg har arbeidd som dreng i Ormelid, og Torunn Løne Vinje sit i Stiftinga Ormelid Gard. Torunn fortel at kring husa i Ormelid er det

gammalt kulturlandskap med urterike slåtteenger, og i fjor fekk dette området status gjennom «Utvalde kulturlandskap». – I år vil Ormelid vere ein byggjeplass, fortel Torunn, både stabburet og øvstestova (herberget) skal restaurerast. Ho fortel at bygningane er frå 1700-talet, og truleg med delar som er enno eldre. Stiftinga har fått midlar til dette viktige restaureringsarbeidet. Meir informasjon om arrangementet vil kome på nettsidene til Luster Turlag og i lokalavisa.

Luster Turlag Leiar OLE SCHANKE EIKUM E-post: ole.schanke.eikum@gmail.com Tlf. 950 48 093


DIN VOLVO FORHANDLAR I SOGN OG FJORDANE Frydenbø er ein av Noregs største autoriserte Volvo-forhandlar og merkeverkstad med avdelingar fordelt i Sogn og Fjordane, Hordaland, og Vest-Agder. Vi tilbyr også det unike bruktbilprogramet Volvo Selekt, kor vi tilbyr dei beste bruktbilane frå Volvo med garanti, veghjelp og byterett. Alle våre bruktbilar leverast med tilstandsrapport og garanti. VELKOMEN TIL FRYDENBØ Meir informasjon finn du på frydenbo-bil.no

FØRDE 57 83 72 00

SANDANE 57 86 61 00

SOGNDAL 57 67 34 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

KJØKKELVIK 55 50 15 40

SARTOR 98 20 58 60

KRISTIANSAND 38 04 90 00

MANDAL 38 26 03 22

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

19


DNT UNG

Velkommen til: DNT Ung Sogn og Fjordane! På Sogn og Fjordane Turlag (SFT) sitt årsmøtet i januar i år vart utvalet oppretta! Kristine Tonning frå DNT Ung i Indre Nordfjord leiar utvalet og har med seg medlemmene Maria Kalhagen frå DNT Ung Luster og Mads Åsen frå DNT Ung Indre Sunnfjord. Varamedlemmer er Kjersti Ullebust frå DNT Ung SFT og Rasmus Sørenstam frå DNT Ung Ytre Sogn. Styremedlem og DNT Ung-kontakt i SFT er Silje Marita Vallestad. Håvard Sandal Høyvik er aktiv medlem i DNT Ung Indre Sunnfjord og har sett i gang mykje godt DNT Ungarbeid i fylket.

Handlingsplanen for året er lang og iveren etter å få med fleire på tur er stor for det nyetablerte utvalet! Dei vil støtte opp arrangement som lokallaga arrangerer som friluftscamp, friluftsmoro og friluftsskule. Utvalet er aktive i gjennomføring av diverse kurs og BaseCampar. Dei vil arrangere fleire turar, mellom anna surfetur til Stad og hytte-til-hytte-tur. Meir informasjon om turar og arrangement finn du på www.sftur. no/ung, Facebook: DNT ung Sogn og Fjordane, instragram: #dntungsognogfjordane

Avtalebutikk for medlemmer i DNT

DNT Ung i fylket med pågangsmot: F.v.: Håvard Sandal Høyvik, Maria Kalhagen, Kjersti Ullebust, Kristine Tonning og Mads Åsen. Liggjande: Silje Marita Vallestad. Rasmus Sørenstam var ikkje tilstades. Foto: Anne Rudsengen

din-sport.no - tlf. 57 82 00 51 - 6800 Førde

når du har GJORT DEG fortent jordbærmilkshake omnsbakt torsk sjokolade kakao DUGGFRISK KINN iskald coca cola caffè latte solskinsbolle pikantburger oliken veganpizza balholm eple & pære grilla kylling og bacon bringebær-iste iskremkaffi brownie eplesider cæsarsalat quiz kvar onsdag heimelaga raspeballar kvar torsdag musikkquiz kvar laurdag kaffi frå sognefjord kaffibrenneri

Hafstadvegen 31A, Førde × Tlf. 57 83 22 95 × www.pikant.no

20

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

R E S TA U R A N T & B A R


SOGNDAL TURLAG

25. mai

Vårskitur med fire 2000-meterstoppar! I Sogndal Turlag satsar me på finvêr og «storeslem» denne laurdagen i Jotunheimen. Vegen over Sognefjellet skal vere opna, og me køyrer til Krossbu, der turen startar med ein lang og ganske slak motbakke over Veslefjellet. Første toppen er Veslfjelltinden (2149 moh.), som har ei solid utsikt over fjellheimen. Om vêret og føret er bra nok, tek me tilbaketuren over ryggen i sørleg retning. Då vil me gå over Hurrbreatinden (2060 moh.), Veslbreatinden (2092 moh.) og Storbreatinden (2018 moh.). Derifrå renner me ned til Krossbu igjen. Turen er litt meir enn middels tung og vil venteleg ta kring sju timar. Felles avreise frå Almenningen i Sogndal kl. 08:30. Turleiarar er Tom Dybwad (975 23 411) og Ove Ellingsen (913 54 923).

Sogndal Turlag Leiar ANNE SKAAR E-post: sogndalturlag@gmail.com Tlf. 900 70 257

Turleiar Tom Dybwad med siste del av turfølgjet opp Veslefjell i retning Veslfjelltinden. I bakgrunnen ser me Krossbu, vegen over Sognefjellet og Steindalsnosi, Fanaråken og Hurrungane. Foto: Svein Romstad

12. august

MITRE NORDFJORD TURLAG

Gåsa (1025 moh.) og Hyeneshesten (1276 moh.) For å kome seg til det særmerkte fjellet Hynes­hesten på ein rimeleg enkel måte, lyt ein krysse Hyefjorden. Vi i Midtre Nordfjord Turlag set difor opp båt og reknar med stor deltaking på turen. Båten går frå Hestenesøyra, og ein startar å gå frå kaia i Skjerdal. Oppe i tunet tek vi til venstre, over ei bru, og vi følgjer ein skogsveg første halvdel av turen inn dalen. Vidare over ei bru og på sti forbi Skjerdalsstøylen og på ein sledeveg nesten inn til Skjerdalsvatnet. Her tek vi av mot Tverrelva, som kjem ned frå Fagredalen. Bak nokre store steinar finn vi etter kvart oppover dalsida ein sti. Den følgjer vi på bratt rygg/rabb opp langs elva. Stien fører oss opp i Fagredalen, der vi må gjennom ei ur og oppunder ein bergvegg før vi held fram oppover ein rygg til vi ser Svartvatnet, og etter kvart ser ein Hyeneshesten. På høgre side kjem Gåsa til syne, og når vi kjem opp der, har vi fantastisk utsikt mot Hestenesøyra og innover mot Gloppen og Nordfjorden. Vidare mot Hyeneshesten held vi litt til venstre og finn ei trygg rute mot toppen. Etter ein god pause på toppen, med makelaus utsikt, returnerer vi til Hyeneset, der det vert båttransport tilbake til Hestenesøyra.

Midtre Nordfjord Turlag

Utsikta frå Hyeneshesten (1276 moh.) med kjende stader i bakgrunnen: Nordfjorden, Hestenesøyra, Anda, Sandane lufthamn, Vereide og Sandane. Foto: Dag Apalseth

Leiar KATRINE FJELLESTAD ASKE E-post: mnt@dnt.no Tlf. 474 56 485

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

21


HYTTENE 22 hytter er eigd eller leigd av lokale turlag i fylket som held dei ved like:

Kråkenes Halsøyra

Prøv ei ny hytte i år!

Vågsøy Måløy

Avdalen gard Blåbrebu Fivla Flatsteinsbu (Rastebu) Fuglesteg Gjegnabu Gravdalen Grytadalsbu Grøssete Infimus (Rastebu) Jashaugbu Kinn Knekkevasshytta Longevasshytta Martinbu (Rastebu) Massbu Moldahytta Målsethytta Nipebu Råkeneset Skongenes Fyr Vetledalsseter

Denne samtalen skal ha funne stad før sommarferien eit år mellom ein lærar og ei ni år gammal jente:

Det ligg også andre DNThytter i fylket, og desse er eigd eller leigd av Bergen og Hordaland Turlag eller DNT Oslo og Omegn.

Grytadalsbu er ei av Flora Turlag sine ubetente hytter. Bua ligg berre 15–20 minutt gange frå fv. 614 sør for Magnhildskaret, og hytta har fem sengeplassar. Med den korte gåturen inn er hytta godt eigna for barnefamiliar. Hytta vart bygd i 1930/31 av Florø Turn og Idrettsforening. All materialen vart då kappa i Florø og frakta med båt over Norddalsfjorden og boren på ryggen opp dit hytta vart bygd! Flora Turlag tok over hytta i 1988, og ho stod ferdig restaurert i 1990. Sjå omtale under artikkelen om Turutgangspunkt i Grytadalen.

Gjegnabu

22

15

Læraren: – De har kanskje hytte de skal på i ferien? Eleven: – Ja, vi har over 500 hytter! Læraren: – Du overdriv vel no? Eleven: – Nei. Vi har nøkkel til alle! Læraren: – ?? Eleven: – Vi er medlem i DNT, og då kan vi bruke alle hyttene!

Martinbu 11

Dei 550 hyttene står opne eller er låste med DNT sin standardnøkkel. Mange av hyttene kan gjerne få meir besøk! Informasjon om korleis ein kjem seg til kvar hytte, kor mange sengeplassar dei har og anna praktisk informasjon, finn du på www.ut.no.

Moldahytta Årebrot

Hytte i verdsarvnaturen

Blå 6

Florø

614

5

Reksta

Kinn

Svel

1

Grytada

Skorpa

Jashaugbu ligg i Vik kommune, men kortaste vegen for å kome dit er via Gudvangen i Aurland. Sommarstid er det bilveg nesten heilt fram, og ein er i ytterkanten av Nærøyfjorden landskapsvernområde. Hytta har fire sengeplassar i tillegg til to plassar på hemsen. Jashaugbu er eigna som utgangspunkt for små sykkelturar og til dømes ein litt lengre fottur opp til Fresvikbreen. Sjå omtale av Vik Turlag sin tur frå Fresvik til Jordalen.

Arenzbu Bjordalsbu Fanaråkhytta Fast Kongshelleren Navarsete Nørdstedalseter Olavsbu Selhamar Skogadalsbøen Skålatårnet Solrenningen Sprongdalshytta Stølsdalen Stølsmaradalen Vatnane Vigdalsstølen Åsedalen

Skong

1

Stongfjorden

Barnevenleg hytte

Markavatne

Nipebu

2

6

Askvoll

4 21/2

2

Rivedal

Dale

Bulandet 57

Sula

Råkeneset

Rutledal

Nyrestaurert hytte

57

Longevasshytta er utvida og nyrestaurert. No er det plass til ei heil lita skuleklasse om ein er gode vener! Hytta har elleve sengeplassar og sovesofa og stor hems i tillegg. Longevasshytta ligg i NaustdalGjengedal landskapsvernområde, og kortaste tilkomsten er frå Legestøylen innanfor Årdalen i Jølster. Det er også merkte stiar frå både Naustdal og Gloppen. Sjå omtale frå Indre Sunnfjord Turlag i turartikkel annan stad i Turmagasinet.

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Skongenes

Gravdalen

Lavik

Solund

Utvær

Grøssete

57

Rysjedalsvika

Ytre Opped

E39

Råkeneset

Nipebu


genes fyr

Kaldhusseter

Veltdalshytta

Tyssenaustet

E39

Danskehytta Vetledalsseter

Nor dfjo

rd

Reindalseter

Martinbu (Rastebu)

Moldahytta

Grotli Høyfjellshotell

Grødes

Nordfjordeid

15 15

Knekkevasshytta Gjegnalundsbreen lgen Gjegnabu Ålfotbreen

Hope

Grøndalen

alsbu

Gjengedalsstøylen Vona

Infimus Flatsteinbu

Indre Kandal

7

4

Longevasshytta 6 2

7 5

Naustdal

Massbu

Fast

Lunde turiststasjon

Fivla

11/2

1

31/2

Navarsete

orden Sognefj

Grøssete

Nes gard

Stølsmaradalen

Ingjerd

Hermansverk

Norddalshytten

Årdalstangen

Sylvarnes

Fivla

Vikøyri

Vatnane

Målsethytta

Åsedalen

Fuglesteg

13

Fresvik

Fresvikbreen 7

7

Jashaugbu

Blåbrebu

Nystu Hotel

5

Lærdalsøyri

Sul E16

en

Vardadalsbu

Kyrkjestølen

5

Solrenningen

Tyins Turis

Slettningsbu

53

Aurlandsfjord

Stordalen Fjellstove

T H

Øvre Årdal

Sogndal

92

Ortnevik Brydalseter

dal

Balestrand

Krossbu Tu

Gravdalen 1 Vetti Gard Avdal gard

13

Måren

Stølsdalen

Hurrungane

3

Høyanger

55

Nørdstedalseter Bøvertun S

Sognefjellshytta Fannaråk 1 Turtagrø Fuglesteg Skogadal Hotell Luster Skagastølsbu

11/2

Nordeide

Medalsb

Vigdastøl

Vigdal

E39

5

Tru

Infimus (Rastebu)

Flatbrehytta

Laukeland

e

Kinn

Jostedal Hotell

Førde

Sota Sæter

Sprongdalshytta

Arentzbu

Skei

E39

609

Slæom

Nigardsbreen Gjestheim

Briksdalsbre Fjellsove

Høyseth

Legestøylen Årdal

5

et

1

E39

n

4

Vetledalseter

Sandane

Knekkevasshytta

Flatsteinbubu (Rastebu)

2

re e

5

Skridulaupbu

Jo ste

åbrebu

Hjelle

Loen

da lsb

u

Stryn

614

Målsethytta

Avdalen gard

Massbu

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

23


PADLING

Til Utvær i kajakk Framleis eit godt stykkje igjen til Noregs vestlegaste punkt. Fyrtårnet på Utvær stikk opp som ein liten påle langt der ute. Foto: Børge Brundtland

Gleda over å kjenne sjø under «kjølen» er alltid like stor! Tre sekundmeter vind og roleg sjø ut frå Kolgrov. Vi er i Ytre Sula, nokre nautiske mil aust av Utvær som er turmåletvårt i dag. Vi er i kvar vår kajakk, ei padlegruppe på seks, og vi gjer våre siste førebuingar til havkryssing. RISIKOVURDERINGAR Kva kan vi møte av utfordringar på denne turen? Vi sjekkar utstyret: flytevest, tørrdrakt, ekstra klede og varm drikke. Alt er på stell! Kursen vert sett nordvest over det første opne havstykkje. 30- 40 minutt i den ofte svært so krevjande Straumsfjorden. Sjølv med lite vind, så gjev ein livleg sjø oss fin bør ut og vestover. Vi er alle klare over at dette raskt kan endre seg. So langt vest på kysten er havet sitt rullande tidevatn heftig. Utværturen med kajakk gjer ein berre under gunstige tilhøve. Om dei finst? Vêrharde padleturar mellom holmar og sund lenger inne i Solund kan vere røffe nok. På tur til Utvær må vi finne rette dagen og spele på lag med naturkreftene. Med slike tilhøve som i dag er stemninga god i

det vi kjem inn i noko smulare farvatn. Den 300 meters djupe Straumsfjorden er bak oss. Vi kryssar nord om øya Begla og vestover siste havstykket. Inn vågen mot Utvær er vi heilt skjerma for straum, vind og sjø. DET LUNEFULLE TIDEVATNET Som ein anna ski- eller fottur i fjellet så gjeld ”tur etter evne” med godt fellesskap og god tryggleik. Utvær, vestlegaste punktet i landet, er i sikte. Gleda er stor over å kunne sjå fyrtårnet frå vest og vite att alt av land i Noreg ligg austom oss. Med stigande flo kjem ofte også meir vind og sjø, og vi har like lang distanse tilbake. Sjøen grev og utfordrar. Vi må minne kvarandre på å halde minst mogeleg avstand. Det dreg seg til i det vi kryssar Straumsfjorden søraustover. Mot sjø og mot vind. Målet er i sikte, men vi kjenner lite framdrift. Ein time går utan landkjenning. So tel vi padletak inn på vågen i Kolgrov. Vi kom oss godt tilbake og har gjennomført turlaget sin første fellestur rundt dei vestlegaste fluer i landet ein septemberdag i 2017. Ei aldri so lita historisk oppleving! Marino J. Ask

Kjekt å kome vassvegen til Utvær. Foto: Børge Bruntland

SOGN OG FJORDANE TURLAG

31. august–2. september: Kajakksamling for røynde padlarar Viss du har padla litt og ynskjer å padle i lag med andre, så er dette helga du skal dra til Solund! – Vi organiserer oss og køyrer i lag viss det passar, seier Marino J. Ask som er ein av turleiarane. Også felles mat er kjekt å planlegge og lage saman. – Vi bur på DNT-hytta Råkeneset, som er ein verna husmannsplass, fortel Marino. Han legg til at dette er eit framifrå flott utgangspunkt for padling i kystlandskapet i Solund. Turleiarar er Arinbjørn Kuld og Marino J. Ask (900 89 570). Deltakaravgift er 200 kroner.

24

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Godt å kunne senke skuldrane og vere «innaskjers» på Utvær. Foto: Børge Bruntland


findriv.no

Tek deg til turen - og heim igjen. TURTIPS: Ta bussen frå Flåm til Østerbø, gå Aurlandsdalen til Vassbygdi og ta bussen tilbake til Flåm.

Foto: Sverre Hjørnevik, Fjord Norway AS

Finn din «fjelltur» på www.kringom.no

REISEPLANLEGGAR - RABATTAR - TRAFIKKMELDINGAR

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

25


YTRE SOGN TURLAG

Fjelltoppsamling i Solund! Javel, meiner du at det er noko som ikkje stemmer med denne overskrifta? At orda fjelltoppar og Solund ikkje høyrer saman? Ifølgje den offisielle fjell-lista er det i alt 31 toppar i denne kommunen! Det er toppar som har ei «sjølvstendigheit» på minimum 100 høgdemeter (primærfaktoren er på 100 meter eller meir). Krakhellenipa er høgste toppen med 568 moh. Med denne kunnskapen innanbords vart ei langhelg i juni sett av til toppsanking. Det kan tilrådast! Ytre Sogn Turlag (YST), Solund Idrettslag og kommunen bidreg alle til å legge til rette for fjellturar. Det ligg omtaler på www.ut.no, det er mange merkte stiar og både fjelltrim- og sjekkUT-postar. YST har i FJELLTOPPAR I SOLUND: høgde og høgde på primærfaktor (PF) Namn Bertelfjellet Bondefjellet Dumbetinden Dyrefjellet Fonnaheia Færøytinden Håfjellet Hågøytinden Hammarstakken Hamnafjellet Hogneskjelfjellet Husefjellet Husefjellet Husefjellet Krakhellenipa Krakksnova Liafjellet Meinova Oldertinden Ospefjellet Pollatinden Punkt på Storøyna Rånekletten Ramnenipa Sperrefjellet Storeknolten Ulvegreina Urdanipa Vardefjellet i Solund Veten i Solund Øykefjellet

26

Høgde PF 177 m 130 m 433 m 260 m 459 m 270 m 186 m 110 m 413 m 105 m 108 m 108 m 202 m 202 m 180 m 180 m 159 m 159 m 226 m 145 m 135 m 135 m 168 m 145 m 160 m 145 m 166 m 110 m 568 m 568 m 277 m 270 m 244 m 200 m 453 m 453 m 154 m 154 m 111 m 111 m 541 m 515 m 111 m 111 m 153 m 132 m 232 m 190 m 155 m 135 m 101 m 101 m 448 m 106 m 133 m 100 m 315 m 315 m 198 m 198 m 173 m 150 m

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

fleire år også laga eit eige turhefte for dei tre kommunane (Gulen, Hyllestad og Solund) som turlaget dekkjer. Desse går ikkje ut på dato. Solund har både hotell, rorbuer og airbnb-tilbod, men det mest sjarmerande overnattingstilbodet er perla Råkeneset. Den gamle husmannsplassen har vore DNT-hytte i ein del år og ligg vakkert til ved sjøen, ca. 20 minutt gange frå bilvegen nord for Hardbakke. Verd eit besøk åleine! Med 31 fjelltoppar, men berre to og ein halv dag til disposisjon, så må det veljast. Vi starta med den høgste toppen, Krakhellenipa. Ettersom dette fjellet ligg langt aust i kommunen, «jobba» vi oss vestover gjennom helga på vår samletur. Ein del toppar ligg vanskeleg til viss ein ikkje kjem sjøvegen, så vi valde ut fjell i nærleiken av bilveg. Då vart det nokre «gratistoppar» som Ulvegreina og Urdanipa, der turane var unnagjorde på nokre minutt. Andre fjelltoppar var litt meir

utfordrande fordi vi kanskje valde ei litt bratt rute eller hamna ut i kratt eller myr, som til dømes Liafjellet. Men i all hovudsak er Solund-fjella fantastisk flotte å gå i, eller rettare sagt: gå på. Berggrunnen er konglomerat og sandstein som gir ein god friksjon til fottøyet, og samstundes skaper mange flotte fjellog steinformasjonar. Ytre Sula var målet siste dagen, med besøk til høgste toppen på øya: Håfjellet (202 moh.). Sperrefjellet er den andre toppen på øya, og det lette og artige fjellterrenget med Ytreheia og Midtheia vart prikken over i-en i eit kjekt Solundopphald! Til saman vart det tolv toppar denne langhelga. Neste gong kjem vi att med kajakk, for å besøke øytoppar og kunne nyte Solund frå sjøen. Anne Rudsengen


Lurer på om det er matpakka eller snusen sauen på Ulvegreina er mest interessert i …

Husmannsplassen Råkeneset er turlagshytta som ligg ved sjøen og gir eit godt utgangspunkt for turar både i fjellet og på sjøen!

Det klassiske landemerket Alden, kalla Norskehesten, ser ein frå mange av toppane i Solund.

Ikkje berre konglomerat og sandstein i Solund.

Ytre Sogn Turlag Leiar MARK ELVEVÅG E-post: ytresogn.turlag@dnt.no Tlf. 950 28 232

Spesielt på Ytre Sula er det mange flotte og artige bergknauser og steinar. Alle foto: Arnt Flatmo TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

27


findriv.no Ill: www.piotrpucylo.com

Alt til hagen

-Belegningstein -Kantstein -Bruddskifer -Skifertrinn -Natursteinsmur -Forskalingsblokk -Pyntestein -Massive trinn

-Vedomn -stålpipe -Møbler -Interiør

V

-Stein -Flis -Bad -Gravminne

FAGMILJØ

I

”Litt meir enn du trur” www.fagmiljo.no

E

R

K

L

Få med deg årets toppopplevingar på Førdefestivalen! 20% medlemsrabatt på festivalpass!

Øyrane Senter Firdavegen 20 6800 Førde Tlf 57 72 10 60

A

F I N E

R

I samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag

fordefestival.no

E

F

O

R

T U R E R ! 449,-

CLEMENT FRITIDSJAKKE JUNIOR

McKinley Clement JRS er en fritidsjakke til junior, som er perfekt for både skole- og fritidsbruk. Vnr 249243/249249

2999,-

CRISPI VALDRES DAME/HERRE

Vnr 204011/204012

FØRDE SPORT NAUSTDALVEIEN 6800 FØRDE

28

2499,-

KULING IL MID TURSKO DAME/HERRE

Vnr 256362/256361

ÅPENT 10-19 (10-16) TLF: 57 72 29 30 WWW.INTERSPORT.NO

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

499,-

GRANITT TURBUKSE JUNIOR

Norheim Granitt 2.0 bukse til junior er en lett turbukse i behagelig elastisk materiale. Dette er den perfekte turbuksen. Vnr 142221

FØ R D E


SOGN OG FJORDANE TURLAG

30. juli–4. august

Jubileumstur til Jotunheimen

DNT feirar 150 års jubileum i år, og vi markerer det ved å legge hytte-til-hytte-turen til Jotunheimen, der den eldste DNT-hytta ligg. Dette er Gjendebu, som har vore i samanhengande drift i 140 år. Turen går ei klassisk rute i Jotunheimen, og vi startar med å reise til Gjendesheim på måndagen. Tysdagen går turen til Glitterheim og dagen etter over Glittertind til Spiterstulen. Torsdagen blir ein tur i dalføra, og ein endar opp på Gjendebu ved Gjendevatnet. Fredagen på nordsida av vatnet og over Bukkelægret til Memurubu, og avslutningsdagen blir på den kjende strekninga over Besseggen og tilbake til Gjendesheim. PRAKTISK INFORMASJON: Prisen er 4800 kroner for medlem (5800 for ikkjemedlem), ungdom 3800 for medlem (5800 for ikkjemedlem). Dette dekkjer fem overnattingar på betente hytter med trerettars middag, frukost og nistepakke kvar dag undervegs. Turleiar er Kjell Kleiven, 992 42 772, og Mariann Svingen, 951 91 858. Meir informasjon på sftur.no. Bindande påmelding ved betaling til konto 3705 0332455 innan 30. juni til Sogn og Fjordane Turlag, sft@dnt.no, tlf. 57 72 06 14.

Sogn og Fjordane Turlag Dagleg leiar ASTRID KALSTVEIT E-post: sft@dnt.no Tlf. 57 72 06 14

Den tredje dagen i Jotunheimen går turen over Glittertind: Noregs nest høgaste topp! Foto: Lydia Nesje.

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

29


ENFYS BUKSE

Ta turen innom oss på Elvetorget og sjå alt vi har å by på: Bukser og Jakker Ullundertøy Fjellsko Regnklær og Støvlar Turutsyr m.m.

Populær turbukse i slitesterkt Hytec 5000 stoff med stretchpanel. God passform. Dame-/herremodell.

Listepris 1199.-

Vår pris

899.-

ELVETORGET 3. ETG

Songen ved det store djup

Start

16. og 17. juni 2018

turen hos oss!

ilbod i butikken

n og utkøyring sk r g vask bilen din

MasiknvaskDramaet «Songen ved det store djup» blir framført kvart år ved middelalderkyrkja på Kinn. Gjennom 34 år har rundt 100 000 menneske opplevd dette historiske spelet i det naturlege lune amfiet mellom kyrkja og Kinnafjellet. Den gamle steinkyrkja og den mektige naturen her ute ved havstranda er ein del av scenografien. Opplevinga startar med ei vakker båtreise gjennom Flora-skjergarden ut til Kinn. Kinnaspelet vert framført i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, musikarar og over 160 amatørar. I hovudrollene: Reidun Melvær Berge, Peter Førde, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Jeppe Beck Laursen. Regi: Jeff Pedersen. Prisar frå Florø inkl. teater og båt; vaksne kr. 500, honnør kr. 450, barn kr. 200. inkl. teater og båt (lørdag); Støvsugar Mattevask Pris frå Bergen vaksne kr. 1.200, barn kr. 600. Eigen båt frå Kalvåg lørdag. Masiknvask 44 Kjøp billett på: www.kinnaspelet.no

Gode tilbod i Sjølvvask butikken Førde Bil og Rekvisita • Tlf. 57 82 14

30 Vi kan tilby:

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

NATVIK, FLORØ

NATVIK, FLORØ

TUREN TIL KINN OG TEATERET VED HAVET ER EI OPPLEVING DU SJELDAN FINN MAKEN TIL!


NORGES STØRSTE UTVALG AV FLISER

LAMINAT OG PARKETT

BADEROMSMØBLER GODE TILBUD OG STORT UTVALG KOM INNOM OG SE UTSTILLINGENE VÅRE

FAGMILJØ

Øyrane Senter -Vedomn -Stein FLISEKOMPANIET FØRDE -stålpipe -Flis Firdavegen 20 Firdaveien 20, 6800 Førde • Tlf.: 57 72 10 60 • www.flisekompaniet.no -Møbler -Bad 6800 Førde Mandag-Gravminne - fredag 09.00 - 16.30 •”Litt Torsdag - 18.00 15.00 meir09.00 enn du trur” • Lørdag 10.00 - Tlf -Interiør 57 72 10 60 www.fagmiljo.no

Værlandet Havhotell

Der himmel og hav møtast - og ord blir fattige

Din lokale kraftleverandør

Din lok

FORN

Vi er også leverandør av:

Spasertur i øylandskap, topptur til Alden, eller padling i havgapet? Hos oss fortset reisa også etter at du er komen inn.

Kjem du ut ein tur?

Din lokale kraftleverandør av

FORNYBAR Din lokale kraftleverandørENERGI av

Natur –

FORNYBAR ENERGI

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

post@vaerlandethavhotell.com Tlf. 91 73 03 66 www.værlandethavhotell.no

til nytte og glede oss på tlf. 57 72 23 00 glede og nytte-Kontakt Natur – tilNatur Den lokal drivkrafta!

Besøk oss på facebook!

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

www.sunnfjordenergi.no www.sunnfjordenergi.no Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018 www.sunnfjordenergi.no

31


VIK TURLAG

4.–5. august

Fresvik-Jordalen-Vik Turen startar ved heimestølen Engi (300 moh.) i Fresvik. Me fylgjer den gamle stølsvegen opp gjennom Tundalen til Tundalsselbøen med dei gamle steinsela. Vidare til Klepp (800 moh.), der me kryssar elva. Her omkom far og son i 1914, då dei fekk ei snøskrede over seg. Årstalet 1914 er innhogge i ein stein ved stien. Stien held fram oppover lia, og i Bratta svingar han seg opp til Båsen og Vassosvatnet. Vidare opp til høgste punktet Rupeskar (1340 moh.). Så kryssar ein Gryteskarvfonna, som har minka mykje siste åra. Her skjedde ei ulukke i 1936, då ein hest datt ned i ei av grytene som fonna har fått namnet sitt etter. Stien går vidare langs Langafonnvatnet på ei bratt snøfonn og så nedover til Fresvikvarden. Varden blei truleg sett opp før Svartedauden. Herifrå er det ein halv time ned til hytta Jashaugbu, der me blir over natta. I tillegg leiger me ei anna hytte i området. Ein kan også liggja i telt. Neste morgon går turen vidare til Vik. Frå Jashaugvatnet (950 moh.) går me litt innover mot Feiosdalsvatnet og tek opp til venstre. Her vert det noko stigning opp mot høgda (1300 moh.) over til Vassdalen. Vidare vert det fint turterreng langsmed strendene på Vassdalsvotni, som ligg på godt 1200 moh. Litt stigning att opp til varden på Enne, som er høgste punktet på turen på dag to, på vel 1300 moh. Så fylgjer me stølsvegen nedover Enne, med kjempeutsikt ned i Seljadalen og mot Flatbygdi i Vik. Forbi stølen på Hang og ned i Seljadalen. Ca. fem timars tur denne siste dagen. Turen er i samarbeid med Aurland Turlag. Turleiarar er Øydis Bøtun og Unni Grønsberg.

Langs nedstigninga over Enne får ein eitt flott utstyn mot dei karakteristiske Nummestolane. Foto: Nils Gunnar Finne

32

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018


ÅRDAL TURLAG

Spreke vikjer på tur i det store fjellandskapet som ligg kring Fresvikbreen.

Frå stigninga opp frå Fodnes har ein stadig betre utsikt utover Sognefjorden. Foto: Inga Jane Vie Karlsen

Søndag 17. juni

Fjordutsiktsturen Vetanosi (1136 moh) På denne todagarsturen passerer ein fleire vakre små vatn og elvestryk.

Siste del av turen er den fine nedstigninga over Enne i retning Vik.

Turen startar frå ferjekaia på Fodnes. Her følgjer me grusvegen ut mot garden som ligg ytst på Fodnes, og tek av på sti på oversida av gjerdet. Deretter følgjer me merkt sti oppover ryggen midt mellom innløpet til Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden. Det er jamn stigning i open og fin fureskog. Etter kvart passerer me Lisbethaugen, og etter ein times gange, ved ca. 350 moh., er me ved Olavskjelda. Vidare oppover til eit flott utsiktspunkt på høgre side av ein stein ved kring 560 moh: verdt å få med seg! Oppe i kring 700 moh. går stien i ei meir nordaustleg retning mot stølen Fagerset. Me kan her følgja stien vidare til stølen og deretter ta av mot sørvest mot Vetanosi, eller me kan halda fram opp ryggen og Vetabakkane, i søraustleg lei i retning mot Vetanosi. Me er no komne over skoggrensa og kan nyta ei fantastisk utsikt over den indre delen av Sognefjorden. Terrenget flatar etter kvart ut, og ein ser den store varden på Vetanosi som ligg på 1107 moh. Varden er ikkje på høgaste punktet på Vetanosi, dette ligg i nordleg lei frå varden, på 1136 moh. For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med turleiar Jorunn Frivik, 900 18 892, eller Magne Folven, 901 16 219. Velkommen på tur med Årdal Turlag!

Årdal Turlag Jashaugbu ligg i Øvstedalen, inst i Fresvikjordalen. Her med utsitk mot Prestnosi.

Leiar MARIANNE JEVNAKER E-post: aat@ardalturlag.no Tlf. 481 89 438

Alle foto: Nils Gunnar Finne

Vik Turlag Leiar KAREN WEICHERT E-post: vik.turlag@dnt.no Tlf. 905 34 102

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

33


Den korte vegen heim Ny heim? Vi følgjer deg gjennom heile den viktige prosessen både når du skal selje og kjøpe. Som einaste eigedomsmeklar med dekning i alle kommunar i Sogn og Fjordane, er vi klar til å ta i mot nettopp deg som kunde. eigedomsmekling.no

60 spreke butikkar!

2017

REC LITE

SEA-DOO SPARK ®

VELKOMEN TIL AMFI SOGNINGEN OG SOGNDAL!

MER MORO ENN DU KAN FORESTILLE DEG Vannscooteren Sea-Doo SPARK er i en klasse for seg. Den er leken og lett å kjøre, slik at alle i familien kommer til å ha det moro. I tillegg kan du velge mellom fem iøynefallende farger og en rekke tilpasningsmuligheter, tilleggsutstyr og tilbehør.

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Fra kun

KR. 63.300,Blueberry vist her

Kveen Motor

Hegrevegen 15, 6781 Stryn tlf 404 36 433 - Epost: salg@kveen.as

WWW.KVEEN.AS

34

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

stort

Vi har utval av bruktbilar kan av lønebruktbilar seg å ta turen innom Vi har stort– det utval

- det kan løne segTa å kontakt ta turen innom og fortell ossoss! kva du er ute etter.

Ta kontakt og fortell oss kva du er ute etter.

Førde Halbrendsøyra, 6800 Førde Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

Granden 23, T ww


www.smaksglede.no

TIMELESS NORWEGIAN CRAFT

frå utvalde leverandørar

Vurderer du ny peis eller vedovn?

Os

89

KOM INNOM OG SE VÅRT STORE UTVALG AV PEISER, OVNER OG PIPER! Vi leverer og monterer. -Vedomn -stålpipe -Møbler -Interiør

-Stein -Flis -Bad -Gravminne

FAGMILJØ ”Litt meir enn du trur” www.fagmiljo.no

-3

Øyrane Senter Firdavegen 20 6800 Førde Tlf 57 72 10 60

Fisk frå Bulandet Spekeskinke

Hillersøy lettsalta torsk, torsk heil og halv, røkt og urøkt. Pr. kglettsalta brosme. sei og

BULANDE T

FISKEINDU

79,199

Os

-3 19,90

STRI AS · 6 9

87 BULAN

DET · TLF:

+47 57 73

30 30 · FAK

S: +47 57 7

3 30 39

Ringdal Bacon i terningar. Fenalår Fisk frå Bulandet Sommardekk og vinterdekk bør oppbevarast riktig når dei ikkje 250 g. Pr. stkm/bein. Pr. kg er i bruk. På vårt dekkhotell får dei akuratt den behandlinga lettsalta torsk, torsk dei krev i form av trygg lagring, dekksjekk ogHillersøy hjulvask. sei og lettsalta brosme. Velkommen til vårt dekkhotell.

Gjeld veke 18 til 22 i Coop Vest sine butikkar. Atterhald om skrivefeil og utselde varer.

Sjå vår inspirasjonside for lokalmat

Bestill time til dekkskift på vår nettside.

79,-

– tek vare på den lokale smaken

www.smaksglede.no Vest og SA Handsalta i grovsalt, lagra tørka lokalt på Hellesylt.

BULANDE T

FISKEINDU

STRI AS · 6 9

87 BULAN

DET · TLF:

+47 57 73

30 30 · FAK

S: +47 57 7

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

3 30 39

35


HISTORISK

I den jomfruelege og ukjende norske fjellheimen som turborgarskapet «oppdaga» på 1800-talet, krydde det av folk. Tekst: ODDMUND L. HOEL, Høgskulen på Vestlandet (Sogndal)

«Friluftsliv» i bygdene på 1800-talet? To gutar frå Stryn har teke med seg ein kjel ut og det ser ut som dei lager mat. Bilete skal vere teke kring 1908. Foto frå Riksarkivet, opphavsperson: Magdalene Elisabeth Kroepelien Gran. Arkivnamn: Bent Kure.

I 1895 klatra Bergens-sakføraren og klatrepionéren Kristian Bing Briksdalsbreen med Rasmus Abrekke som kjentmann. Tre år seinare ynskte Bing å bli den fyrste som klatra Bergsetbreen i Jostedalen og fekk med seg Anders Grov som lokal kjentmann. Soga seier at Grov likte seg stadig dårlegare opp det bratte brefallet. Han ville snu og gjorde det klart for Bing at han hadde kone og ungar heime på garden. Svaret frå Bing var at «jeg har nu en gammel tante i Bergen, jeg også». Utanfor stoveglaset ligg Bergsetbreen bada i marssol, så

36

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

soga kom raskt fram i minnet etter at redaksjonen ynskte seg eit stykke om lokalt friluftsliv i fylket på 1800-talet, i barndomen til 150-årsjubilanten Den Norske Turistforening. Bing og Grov representerer ulike tilnærmingar til fjellet: den urbane eventyraren som ville gå ein stad ingen før hadde vore, og bygdekaren som hadde fjellføring som attåtnæring og var lite motivert for å setja seg i livsfare. Bing ville til topps, Grov ville heim. Me skal venda attende til spørsmålet om dette er heile soga om bygdefolket sitt tilhøve til fjellet, men fyrst noko meir om det me kan kalla to ulike fjellkulturar. Gjennom 1800-talet oppdaga borgarskapet i byane den norske fjellheimen for alvor. Biletkunstnarar vart gripne av den ville naturen og drog i flokkar til fjells og til bygdene for å teikna skissene sine som seinare vart til nokre av dei mest

kjende nasjonalromantiske kunstverka. Diktarar, som Henrik Wergeland og Henrik Ibsen, la ut på vandring. Vitskapsmenn kartla geologi og vegetasjon og skreiv gjerne livfulle skildringar av møtet med ein barsk natur. I 1860-åra tok så fotturismen av for alvor, ikkje minst inspirert av britiske turistar som hadde sett Skottland og Alpane og no ville utforska den norske fjellheimen. Med skipinga av DNT i 1868 fekk fotturismen eit organisert uttrykk. I den jomfruelege og ukjende norske fjellheimen som turborgarskapet «oppdaga» på 1800-talet, krydde det av folk. Gjennom 1700- og 1800-talet hadde stadig meir av utmarka vorte teken i bruk for å brødfø ei folkemengd i kraftig vekst. Fôrsankinga i utmarka nådde nye høgder, jakta var eit viktig supplement til gardsdrifta, og stølsdrifta vart meir intensiv.


Dette må vere eit tidleg bilete av lokale folk på fjelltur i Sogn og Fjordane. Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann og Jens Rolfsen frå ein tur til Galdhøpiggen i 1873. Dei høyrde til det øvre sosiale sjiktet i Dale i Sunnfjord der Walnum og Rolfson dreiv privatskule. Frå 1896 dreiv òg Nikka Vonen ein pensjonatskule i Dale medan Mohn var skulemann frå Bergen. Foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ikkje arbeid – men ei form for «friluftsliv»? Dei leikar «Slå på ring» og er der det vert kalla Folkefjellet på nordsida av Stongfjorden. Biletet er teken kring 1910. Foto: Paul Stang. Foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Talet på stølar i drift auka gjennom heile andre halvdelen av 1800-talet, og i 1907 var mest 11 000 stølar i bruk i Sogn og Fjordane, som var det store stølsfylket i landet. På andreplass kom Oppland med drygt 4000 stølar i drift. Variasjonane var svært store, frå kystbygdene som knapt hadde stølar, til Indre Sogn der fullseterdrifta heldt seg fram til andre verdskrigen med stølssesongar på over 100 dagar. I stølsgrendene rådde budeiene, som hadde med seg dei minste ungane som ikkje kunne gjera nytte for seg i slåtten på gardane. Fotturistane utgjorde ei kjærkomen attåtnæring for bygdefolket. På stølane fekk dei kost og losji mot betaling – dette var den fyrste hytte-til-hytte-turismen. Fjellføringa vart samleleis ei attåtnæring og vart profesjonalisert. I 1826 vart det organisert eit offentleg «veiviservesen» i Sogn og Fjordane med lokale førarar, og i 1890 vart det privatisert

og avløyst av patentførarvesenet til DNT. I tillegg kom lokale kjentfolk, som Anders Grov, som ikkje var patentførar eller med i det offentlege vegvisarvesenet. Dei urbane fotturistane hadde fritid, og dei var på ferie. På gardane fanst derimot korkje ferie eller noko skilje mellom arbeid og fritid. Drog ein til fjells, var det for å gjera nytte for seg, med fôrsanking eller gjeting, på stølen eller på jakt, som fjellførar eller med husdyr som skulle drivast over fjellet. Driftehandelen auka mykje i omfang på 1800-talet i takt med veksten i byane, som trong mat. Denne forteljinga må nyanserast noko. Rasmus Aabrekke vart med Bing opp Briksdalsbreen i 1895 eine og åleine fordi «opgaven interesserede ogsaa ham», skreiv Bing. Lokale førarar vart opplærte i klatre- og sikringsteknikk og introduserte for nytt utstyr av tilreisande pionerar som Slingsby og Bing,

og dei lokale føringsmiljøa utvikla til dels ein høg kompetanse der ein sterk motivasjon, attåt inntekta, må ha vore den same interessa for fjellsport som drog tilreisande til fjellheimen. Somme av dei lokale førarane, som Torgeir Sulheim, Ole Berge og Johannes Vigdal, vart då òg store namn i norsk fjellsporthistorie. Dette er ekstremsportutøvarane, men gjekk vanlege folk til fjells på 1800-talet utan andre ærend enn å gå seg ein fjelltur? Fjellturar som rekreasjon for folk med ei definert fritid finn me nok i Sogn og Fjordane ikkje noko særleg av før innpå 1900-talet. Læraren Hans Vigdal (1855–1903) i Luster var ein sjeldsynt fugl i lokal samanheng der han gjekk på tur, klatra Storen åleine (1890) og dreiv med friluftsliv. I Høyanger hadde folk fast arbeidstid, fritid og budde i ein industriby, og det er på slike stader me fyrst finn moderne fritidsaktivitetar. TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

37


HISTORISK

Detaljane i gamle bilde skaper undring og vurderingar: Er dei fire mennene penere kledd enn jentene? Er det skilnad by – bygd eller tilreisande – lokale vi ser her? I alle fall er bilete teke ved Supphellebreen i Fjærland og det skal vere frå juli 1911. Foto frå Riksarkivet. Opphavsperson: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran. Arkivnamn: Bent Kure.

Høyanger Idrettsforening opna palmesundagen i 1923 si fyrste hytte, ei ombygd brakke ved Grimsosen, som la til rette for friluftsaktivitetar i fjellet. Men då hadde DNT funnest i meir enn 50 år. Kjeldeproblemet er stort i og med at bygdefolk ikkje har etterlate seg skriftlege kjelder slik turborgarskapet frå byane gjorde. Nedskrivne minne om livet i fjellet (som «I manns minne», 1973) dreiar seg mest berre om arbeid, rovdyr og livet på stølen, men me kan òg få ein glytt inn i korleis folk såg på naturen. I åra før konfirmasjonen henta Peder M. Guddal (fødd 1890) frå Stryn dagleg flokken på opptil 130 geiter heim frå fjellet som somrane. Det kunne vera både ufyseleg og farleg, men så fekk han i godt ver òg sjå «Jotunheimen sitt mektige fjellknippe, og jøklar som tapte seg i vikande blått», så meir enn ein gong «sat eg ved varden og tok inn desse syner, som enno lever i minnet». Flest forteljingar er knytte til stølslivet, som så visst ikkje var nokon dans på roser med hardt arbeid frå morgon til kveld under kummerlege tilhøve. Men det var òg ein arena for samvær og kvinnefellesskap. Det går att i forteljingane at budeiene lengta til fjells, og det var ikkje uvanleg at dei møttest til middagskaffi på rundgang i sela når fyrste arbeidsøkta var unnagjort. Budeiedalten og den seinare historikaren Anders Ohnstad hugsa barndomen sin i Aurland slik: «Kor gjerne eg ville, maktar eg ikkje å skildra stølslivet på sitt beste. Det beste og vakraste høyrer med til den rikdomen som me nesten ikkje har ord for. Den som har opplevd stølslivet både på godt og vondt, har mykje å leva for.» Ein møtte neppe mange bygdefolk på «fjelltur» på 1800-talet, og å vera til fjells var ein del av dagleglivet i fjellbygdene. Det står ikkje i motstrid til at mange må ha gledd seg over fjellivet og lengta til fjells. «No ser eg atter slike fjell og dalar / som deim eg i min fyrste ungdom såg», skreiv Aasmund O. Vinje, som også jubilerer i år (200 år) og var ein av skiparane av DNT. Diktaren av det fremste norske fjelldiktet kom ikkje frå det urbane turborgarskapet, men frå ein fjellgard i Telemark. KJELDER • Byrkjeland, Martin, og Jan Anders Timberlid. (2015). Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år 1915–2015. Band 1 1915–1965. Bergen: Fagbokforlaget. • Hoel, Oddmund L. (2017). Soga om Sogn og Fjordane. Fjordfylket på nye vegar 1875–1945. (Bd. 3). Bergen: Fagbokforlaget. • Horgen, André. (1999). Ferdselen på Jostedalsbreen 1740–1940. Fra naturliv til friluftsliv. Upublisert hovedfagsoppgave i idrett. Høgskolen i Bø. • Kjærvik, Norman. (1989). Glimt frå pionertida. I Stein Næss, m.fl. (red.), Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter (s. 79–85). Oslo: Grøndahl. • Kjærvik, Norman (red.). (1994). Lustrafjell. Om fjell og fjellfolk i Luster. Høyheimsvik: Luster turlag. • Myklebust, Sverre (red.). (1973). Sogn og Fjordane i manns minne. Oslo: Samlaget. • Slagstad, Rune. (2008). (Sporten) En idéhistorisk studie. Oslo: Pax. • Timberlid, Jan Anders. (2017). Soga om Sogn og Fjordane. Rift om brødet, 1863– 1875. (Bd. 2). Bergen: Fagbokforlaget.

38

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Bygdefolk sine turar til fjells i tidlegare tider var arbeid som stølsdrift og gjeting. Men, litt tid til sosialt samvær var det nok. Bilete er truleg teken ein stad i Stognfjorden/Askvoll. Bilete er frå kring 1910 og fem personar har ein funne namna på. Framme frå venstre: Anton Stang, Bertel Gjerde, Kristen Yndestad, Marie Gjerde og Marie Høyvik. Foto: Paul Stang. Foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Brearmane i fylket har alltid trekt til seg turistar. Kanskje ikkje friluftsliv, men i alle fall ei naturoppleving! Kven denne gruppa var eller kvar dei var veit vi ikkje. Men det er store sjanser for at det er på ein av brearmane i fylket. Biletet er frå århundreskiftet. Foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


ANNONSE

ANNONSE

Porten er ei veglaus grend i Hyllestad, med ein innbyggar. Og han har internett frå Enivest.

Internett – også der ingen skulle tru at nokon kunne bu – Du treng ikkje like å gå i fjellet for å jobbe i Enivest AS. Men om du er glad i fjellturar, får du rikt høve til å utfalde deg. For internett skal fram, i alle i krikar der folk bur. Å bygge ut internett også utom tettbygde strøk, ligg i ryggmargen/kjernen til Enivest. – Eit mål frå start av var å levere internett der det bur folk, sjølv om det ligg avsides til. Det har vi mange gode døme på i våre 18 år. Difor er det kjekt å sjå på TV-serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Når dei filmar i Sogn og Fjordane, har vi stort sett levert internett dit, seier teknisk leiar i Enivest, Torbjørn Os, og smiler.

Internett – der berre ein bur Eit godt døme på at internettet skal fram, finn ein i Porten i Hyllestad. Ein stad folk flest ikkje ein gong veit kor ligg, og berre ein person bur. Han har til gjengjeld internett frå Enivest. – Porten ligg langt vest i Hyllestad kommune, med øya Skorpa som nærmaste nabo. Det går ikkje bilveg dit, så ein må bruke båt. I dag er det eit gardsbruk her. Porten ligg avsides til, litt ned og inn i terrenget, i eit krunglete landskap. Det gjer det krevjande å føre fram internett.

Då nyttar vi radiobasert teknologi til å levere trådlaust internett. Vi la ein mellomstasjon oppe på ein rygg, og ein stasjon som forsyner denne på ein fjelltopp på Åsmul, på andre sida. Det vart mykje gåing på montøren, så Porten er eit godt døme på kor mykje det krev å bygge ut internett i avsidesliggande strok.

Turglede og røynsle gjer jobben mogleg – Vi kunne nok ikkje bygd ut internett så grisgrendt som Enivest har gjort, utan fjellvante turfolk. Det er ein god ressurs å ha på huset, elles måtte vi leigd inn dette. Å bygge ut i avsidesliggande strok, krev at ein har interesse for å ferdast i fjella, og at ein kan lese terreng og spele på lag med naturen. Det er mange krevjande turar, med stasjonar høgt til fjells. Ein ting er å vere ute i godvêr, men når ting ryk skuldast det ofte dårleg vêr. Det stiller endå høgare krav til at ein bør vere fjellvant, erfaren og lokalkjent, og vite korleis ein skal kle seg og te seg i naturen. Ofte er det ikkje stiar å følje, så ein må vite korleis ein skal gå fram i ulikt terreng. Vi skal ha med mykje utstyr, og får sjeldan høve til å bruke helikopter i dårleg ver, så det har blitt nokre tunge bører også, seier Torbjørn og smiler. – Det blir ein del synfaringar på fjell som ikkje fører til utbygging også, men då får ein i alle fall ein flott tur.

Skaper nye turmål Eit fenomen som har vakse fram er at stasjonane til Enivest har blitt turmål. – Ofte ligg desse stasjonane høgt til fjells, på stader det ikkje går stiar til. Først går vi på synfaring for å sjekke terrenget. Så skal stasjonane byggast, og driftast. Alle desse turane lagar ein liten sti. Og i blant oppdagar vi at desse stiane har blitt merka til ”Enivest-hytta”. Å bidra til å skape turmål er ekstra kjekt, seier han.

Torbjørn Os er ein av Enivest sine turglade tilsette.

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

39


FJELL- OG HYTTEKVISS DNT SJEKKUT

Glad turgjeng på ein av toppane i kvissen.

Dei fleste fjell- og hyttekvissane har tidleg­are vore lyttarkonkurranse på NRK Sogn og Fjordane. Alle kvissane er laga av Anne Rudsengen. 1) Denne fjelltoppen er berre 541 meter høg, men her er ei fantastisk flott utsikt utover i øyriket og havgapet. Dronning Sonja har besøkt toppen, og det har også frilandsjournalisten Jens A. Riisnæs, som har omtalt fjellet og området ikring både i radioprogram og aviser. Bergarten på fjellet er ein raudleg sandstein som gir god friksjon. Nedunder fjellet ligg kanskje den mest sjarmerande turlagshytta i fylket. 2) Kva med å stå på toppen av dette fjellet i midten av juni og sjå sola gå ned. Etterpå går du vidare på ski heile natta og kjem i mål først langt utpå ettermiddagen. Dette er ein vakker og klassisk tur som blir arrangert kvart år av eit av turlaga i fylket. Det var ein kjend fjell- og bremann som innførte turen, og han fekk også bygd ei hytte for turfolket ikkje så langt frå toppen. Det særprega namnet på fjellet finn du også att på breen, dalen, elva og garden nedunder fjellet. Fjellet ligg i ein nasjonalpark. 3) Majestetisk og flott tronar dette fjellet opp frå den kvite kappa som omgir toppen. Det er ein lang og krevjande tur å kome opp, og kanskje må du sikre litt siste biten viss det er hard snø. Eg trur alle dei lokale turlaga i fylket har arrangert tur opp hit, for dette er eit veldig populært fjell. På finvêrsdagar i langhelgene i mai ligg det gjerne mange i telt rett nedunder fjellet. Og fjellet har eit kjært kallenamn, nemleg Vestlandsdronninga. 4) Dette er ei av dei nyare lokale DNT-hyttene i fylket – sjølv om bygget ikkje er nytt. Det har tidlegare vore ei skulestove. Turlagshytta er ubetent, har ni sengeplassar og ligg berre åtte meter over havet! Hytta ligg på ei øy med høve til mange fine turar, både høgt og lågt. Mest kjend er øya for si kulturhistorie, noko som har gitt grunnlaget for ei årleg hending som trekkjer til seg hundrevis av folk ei helg tidleg på sommaren. 5) Når du står på bilvegen nedunder dette fjellet, kan du sjå ein formasjon høgt oppe i fjellsida som ser ut som profilen til eit spedbarn. Fjellet reiser seg markert og spektakulært opp frå E39. Stien går rett opp den bratte framsida, og det er fint mogleg å gå på ski til toppen, men då frå den slakare baksida. Det blir arrangert motbakkeløp til toppen, og dei raskaste kjem opp på tre kvarter. Fjelltoppen ligg nesten på grensa mellom to kommunar og er 1338 meter høg.

Svar på side 42

40

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

Turfolk på torsdagstur med Flora Turlag til dagsturhytta Fløgen: Skal tru om det er ein sjekkUT-post her …? Foto: Trygve Nybø

SjekkUT: Digital turbok 1) Last ned appen «DNT sjekkUT» 2) Opne, og du er der den raude prikken lyser 3) Finn nærmaste sjekkUT-post 4) Gå dit og sjekkINN Kartet i sjekkUT-appen viser raude prikkar over heile landet. Det er alle sjekkUT-postane som turlagsfolk over heile landet har lagt ut. SjekkUT-posten kan vere ein fjelltopp, ein støl, ei hytte eller noko anna, gjerne litt særmerkt. Alle postane er samla i ulike lister med frå kring 5 til 20 postar i kvar liste. SjekkUT-appen vart lansert av DNT for heile landet i fjor. I Sogn og Fjordane har dei aller fleste lokallaga lagt ut digitale postar. I fylket er det til saman 376 sjekkUT-postar fordelte på 46 lister. Nesten 4000 er deltakarar på ei eller fleire lister, og i alt var det i fjor nesten 14 000 registreringar alt i alt i Sogn og Fjordane. SjekkUT fungerer som ei turbok – men det er ikkje noka fysisk turbok på toppen eller hytta. SjekkUT er ei digital turbok. Du kan trykke at du har kome dit: «skrive deg inn», eller legge att ein kommentar og gjerne eit bilde. Kommentarane

DNT SjekkUT 2017 Midtre Nordfjord Turlag Flora Turlag Keipen Turlag Lærdal Turlag Årdal Turlag Indre Sunnfjord Turlag Balestrand og Høyanger Turlag Sogndal Turlag Vik Turlag Indre Nordfjord Turlag Ytre Sogn Turlag Total sum

Kartet viser kvar det er sjekkUT-postar i Sogn og Fjordane.

kan dei som har lasta ned sjekkUT, lese og på den måten t.d. vite noko om føreforhold på veg til den aktuelle posten. Men du må fysisk vere på staden for å kunne «skrive deg inn». Last ned appen, bruk han og inspirer fleire til å gå på tur!

Lister/ deltakarar 2/87 10/936 10/496 1/90 1/95 8/1600 2/67 2/303 2/66 2/75 6/106 46/3921

Tal SjekkUT-postar 20 66 91 19 19 55 22 27 10 17 29 375

Tal registreringar 287 2 844 2 804 618 441 5 197 172 942 181 82 224 13 792


UT PÅ TUR MED SPORT OUTLET!

Du finner oss på AMFI Førde, Sjøkanten i Sogndal og på Stryn Torg

3 Fast pris på reparasjon av karosseri og lakkskadar.

3 Vi kan smartreparere småbulkar og riper – mindre kostnad for deg.

3 Vi reparerer front­

ruteskadar kostnadsfritt for deg om du har kasko/ delkasko.

3 Vi hjelper deg med å

Skade på bilen?glasskadar på alle bilmerke!

melde skaden til for­ sikringsselskapet ditt.

3 Vi takserer skade. 3 Vi brukar berre

sseri-, lakk- og

Vi reparerer alle karo

originaldeler.

3 Vi skaffar leigebil om du treng.

3 Vi er avtaleverkstad for dei fleste store forsikringsselskap.

3 Våre folk på karosseri og lakk har mange års erfaring.

3

Heilt ny og topp moderne karosseri- og lakkavdeling med større kapasitet!

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

41


ANNONSE

Overnatting i Sogn og Fjordane

ASKVOLL Bulandsferie Nordre Gjelsa 6987 Bulandet Tlf. 916 91 918 bulandsferie.no bulandsferie@gmail.com AURLAND Aurlandsdalen Turisthytte Østerbø Tlf. 483 88 287 aurlandsdalen.dnt.no aurlandsdalen@turistforeningen.no Flåmsbrygga Hotell & Ægir Bryggeri Pub 5742 Flåm Tlf. 57 63 20 50 booking@flamsbrygga.no www.flamsbrygga.no Østerbø Fjellstove Aurlandsdalen 5745 Aurland Tlf. 57 63 11 77 post@aurlandsdalen.com www.aurlandsdalen.com

BALESTRAND

JØLSTER

Kviknes Hotel Kviknesvegen 8 6898 Balestrand Tlf. 57 69 42 00 booking@kviknes.no www.kviknes.no

Jølvassbu Camping 6847 Vassenden Tlf. 920 62 203 / 922 23 698 post@jolvassbu.no www.jolvassbu.no

BREMANGER

Øvrebø Hytter og Motell LeirgrovbakkenVassenden 6847 Vassenden Tlf. 901 96 272 post@ovrebohytter.no ovrebohytter.no

Bremanger Kystturisme AS «Havly», Iglandsvik 6727 Bremanger Tlf. 57 79 21 30 havly.bremanger@enivest.com www.havlypensjonat.no FØRDE Førde Pensjonat Halbrendslia 14 6814 Førde Tlf. 57 82 11 64 / 906 32 263 hillers@online.no www.førdepensjonat.no

LUSTER Luster Fjordhytter Lustravegen 2623B 6875 HØYHEIMSVIK Tlf. 57 68 65 00 / 958 74 596 stein.naess@luster-fjordhytter.com www.luster-fjordhytter.com LÆRDAL

Sande Kro og Hotell 6973 Sande i Sunnfjord Tlf. 57 71 80 50 post@sandehotel.no www.sandehotel.no

Lærdal Ferie- og Fritidspark Grandavegen 5 6887 Lærdal Tlf. 57 66 66 95 info@laerdalferiepark.com www.laerdalferiepark.com

GLOPPEN

SOGNDAL

GAULAR

Gloppen Camping og Fritidssenter AS 6823 Sandane Tlf. 57 86 62 14 / 414 68 433 post@gloppen-camping.no www.gloppen-camping.no

Best Western Lægreid Hotell Almenningen 3 6856 SOGNDAL Tlf.: 57 62 88 88 E-post: post@lagreid.no www.lagreid.no SOLUND Solund Rorbuferie Hjønnevåg 6928 Kolgrov Tlf. 917 92 230 / 57 78 67 90 post@solundferie.no www.solundferie.no STRYN Stryn Camping Heilårsope i Stryn sentrum 6783 Stryn Tlf. 57 87 11 36 post@stryn-camping.no www.stryn-camping.no Innvik Fjordhotell Rv60 Innvik 6793 Innvik Tlf. 57 87 49 90 post@innvikfjordhotell.no www.innvikfjordhotell.no

PlusCamp Sande Camping 6789 Loen Tlf. 416 69 192 post@sande-camping.no www.sande-camping.no VÅGSØY Skongenes Fyr Ytre Nordfjord Turlag Postboks 229 6701 Måløy Tlf. 489 55 867 ytre.nordfjord.turlag@gmail.com https://ytrenordfjord.dnt.no/hytter-ogruter/ ÅRDAL Vetti Gard Turiststasjon Utladalen 6884 Øvre Årdal Tlf. 57 66 58 00 post@vettisriket.no www.vettigard.no Avdal Gard Turiststasjon Postboks 28, 6882 Øvre Årdal Tlf. 959 92 135 post@avdalen.no www.avdalen.no

Svar på fjell- og hyttekvissen: 1) Pollatinden, Solund kommune. 2) Store Supphellenipa, Sogndal kommune. 3) Lodalskåpa, Stryn og Luster kommunar. 4) Flora Turlag si DNT-hytte på Kinn, Flora kommune. 5) Eggjenibba, Gloppen kommune.

42

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018


KOM DEG UT-DAGEN

2. september

Kom deg ut-dagen 2. september er neste Kom deg ut-dag! Dette er den nasjonale turdagen for heile landet. I fjor, i september, var det i fylket i alt 34 arrangement med til saman 1937 deltakarar der over halvparten var barn. Det er også ein Kom deg ut-dag på vinteren, og i år vart det lagt til 21. januar som på dagen var 150 år sidan DNT vart stifta i 1868 i Oslo. I Sogn og Fjordane hadde vi i alt 20 «utebursdager» denne kjølege og vakre dagen med til saman 2400 deltakarar der 1340 var barn. Følg med på heimesider, Facebook, annonsar og oppslag når tida nærmar seg for å finne eit Kom deg ut-arrangement i nærleiken av der du bur!

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2018

43


BLI MEDLEM I JUBILEUMSÅRET MEDLEMSKAP I TURLAGET OG DNT Den Norske Turistforening (DNT) er ei landsomfattande foreining. Medlemskapen er felles, slik at medlemskap i DNT gjev medlemskap i Sogn og Fjordane Turlag og lokallagsmedlemskap. Som medlem får du fordelar i andre foreiningar tilslutta DNT, og på hyttene til Svenska Turistföreningen og Ferdafélags Islands. I tillegg får du dette: • Medlemsbladet Fjell og Vidde og DNT si årbok • Gratis leige av turutstyr og ski • Rett til å deponere på DNT- nøkkel • Rabatt på fellesturar og kurs • Rabatt (ung medlem: halv pris) på 550 turlagshytter • 15 % på alle varer på Chatlet Sport 1-butikkar (Førde, Sandane og Eid) • Rabatt på bøker, tur- og fjellutstyr • Medlemsrabatt på Førdefestivalen • Medlemsrabatt hjå Gjensidige

Medlemskontingent 2018 Foto: Vigdis Flaten Kvamme.

Familiemedlemskap.................................................................................... kr 1215 Hovudmedlem ............................................................................................. kr 680 Ungdom (19–26 år. Fødd 1991–1998) ................................................. kr 350 Skuleungdom (13–18 år. Fødd 1999–2004)...................................... kr 210 Honnørmedlem (Fødd 1951 eller tidlegare)........................................ kr 530 Barnas Turlag (0–12 år. Fødd 2005–2017) ........................................ kr 125 Husstandsmedl. til hovud-/student-/honnør-/livsv. medlem ......... kr 340 Livsvarig medlem ........................................................................................ kr 17 000 Meld deg inn på nett: dnt.no/medlem eller kontakt lokalt turlag, SFT eller DNT for medlemskap.

UTGJEVE AV SOGN OG FJORDANE TURLAG

SOGN OG FJORDANE TURLAG (SFT)

Ansvarleg for denne avisa er redaksjonskomiteen: Marino J. Ask, Astrid Kalstveit, Roy Raasholm Fauske og Irene Lunde. Fagleg rådgjevar og skribent: Anne Rudsengen, 959 63 888, annerudsengen@gmail.com Desse har også bidrege: Lokallaga i foreininga. Framsidefoto: Frå BaseCamp Tungestølen på Veitastrond 2017. På tur opp Austerdalsbreen med breane Tor og Odin i bakgrunnen. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum Utforming og annonsar: Findriv AS Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Opplag: 46 500 Distribusjon: C-post heile fylket.

SOGN OG FJORDANE TURLAG (SFT) Besøksadresse: Langebruvegen 9, 6800 Førde Postadresse: Postboks 10, 6801 Førde Dagleg leiar: Astrid Kalstveit/ tlf. 57 72 06 14/ sft@dnt.no Styreleiar: Marino J. Ask/ tlf. 900 89 570/ m-jas@online.no Kurs- og Fjellsport: Leiar Vigdis Flaten Kvamme/ tlf. 481 06 362/ vigdis.kvamme@enivest.net Naturvern: Leiar Ron Overdevest/ tlf. 976 74 654/ rono@online.no Heimeside: www.sftur.no Følg oss på Facebook


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.