Rom for ord programkatalog haust 2016

Page 1

Ekslusivt forfattarbesøk på Åmot Operagard

Side 12

Ruth Lillegraven les for born i biblioteka

Side 18

#2 Litterær programkatalog | HAUST 2016

– DET FØLES UFATTELIG BEFRIENDE Å GJØRE DETTE Tore Renberg skriv på nynorsk i ny roman.

Jølstramuseet fredag 28. oktober

Kysten i Florø laurdag 29. oktober

Dag H Nestegaard om politikaren Kjell Opseth

Side 10


ROM FOR ORD - I OG KRING BIBLIOTEKET HAR DU TENKT OVER KVA BIBLIOTEKET KAN VERE? FOR DEG? PÅ SITT BESTE GJER BIBLIOTEKET BÅDE DAGEN OG LIVET BETRE. EIT SLIKT BIBLIOTEK VIL VI VERE. ”Rom for ord” er nynorskbyen Førde si satsing på eit større litterært kultur og debatt-tilbod. Her vil du finne mange arenaer for formidling av litteratur i ditt nærmiljø. I dette samarbeidet med teater, utestader, grendahus, lag og organisasjonar utviklar biblioteket seg. Biblioteket tilbyr aktivitet, debatt og tankar om framtida. Både ny og gammal kunnskap. Både i biblioteket og i andre rom for ord. Bokhausten er her! Vi slår opp ein stor paraply over by og bygd og ynskjer deg velkommen: I Jakob Sande-løa, til Åmot operagard, på kulturmøteplassen Pikant, til løa på Jølstramuseet og fleire av grendehusa i Astrup-bygda, til Haavebua i kystbyen vår, i Trivselshagen på Sandane og først og sist: På biblioteket. Vi slår likeeins opp ein stor paraply over språket vårt – vi løftar

2

fram det nynorske, gler oss over dialektmangfaldet og er nyfikne på teksten slik den finn form i den digitale kvardagen. Men nynorskbyen ynskjer sjølvsagt også gjester som nyttar sidemålet hjarteleg velkomne! Korleis kan biblioteket bli ditt rom for ord? Bla i katalogen, besøk arrangementa og la oss høyre frå deg: Dersom du skulle ynskje deg noko i programmet ved neste høve, kva kunne det vere? Biblioteket skal vere ei uavhengig kjelde til inspirasjon, kunnskap og tilknyting. Billetten er eit lånekort og det får du på biblioteket. Heilt gratis!

Jorun Systad, biblioteksjef og Janne Karin Støylen, prosjektleiar ”Rom for ord”


grått

TRE NØKLAR, MANGE ROM

I BYGDENE gult

FØRDEHUSET grønt

ROM FOR ORD PRESENTERER LITTERÆRE PROGRAM PÅ MANGE SCENER. I BYEN SI STORSTOVE PÅ FØRDEHUSET, PÅ KULTURMØTEPLASSEN PIKANT OG KRING OM I BYGDENE RUNDT FØRDE. SJÅ ETTER DESSE TRE NØKLANE FOR Å ORIENTERE DEG I PROGRAMMET

PIKANT 3


Rein Design

S O G N O G F J O R D A N E T E AT E R P R E S E N T E R E R

HAUSTEN 2016 26. AUGUST 27. AUGUST 2. SEPTEMBER 3. SEPTEMBER 7. OKTOBER 8. OKTOBER 31. OKTOBER 7. NOVEMBER 12. NOVEMBER 14. NOVEMBER 25. NOVEMBER 26. NOVMEBER 9. DESEMBER 10. DESEMBER 16. DESEMBER 17. DESEMBER

kl 18:00 kl 11:30 kl 18:00 kl 11:30 kl 18:00 kl 11:30 kl 18:00 kl 18:00 kl 12-16 kl 18:00 kl 18:00 kl 11:30 kl 18:00 kl 11:30 kl 18:00 kl 11:30

Bli med til eventyrland! HANS OG GRETE HANS OG GRETE HANS OG GRETE HANS OG GRETE BARNEFRAMSYNING BARNEFRAMSYNING GRØSS GRØSS BORNAS VERDSDAGAR GRØSS JULEFORTELJING JULEFORTELJING JULEFORTELJING JULEFORTELJING JULEFORTELJING JULEFORTELJING

Det var ein gong ei prinsesse, tre røvarar, eller ei heks i eit hus i skogen? Det var ein gong nokon tok deg på fanget og fortalde deg eit eventyr som du aldri gløymer. Eventyra har fått sitt eige rom på teateret – Eventyrrommet. Askeladden og dei andre smiler spøkefullt til borna frå veggane. Vi vil fortelje eventyra på nytt, til nye born, slik at dei får eige eit slikt minne, slik at dei kan reise langt og lenger enn langt, og drøyme seg vekk til ei anna verd. Snipp, snapp snute er dei ute av Eventyrrommet, men med ein gøymd skatt i hjartet sitt.

BILLETTAR: softeater.no/billettar

*med atterhald om endringar

STAD: Eventyrrommet, 2. etg. Førdehuset

4

FØLG OSS PÅ:


FREDAG

10

SEPTEMBER

GØY PÅ LANDET? Kulturøkonomi, opplevingsøkonomi, innlevingsøkonomi. Dag Jørund Lønning set nye ord framfor gamle og fyller dei med eit innhald for framtida. Særleg er det den menneskelege nyskapinga som interesserer den profilerte sosialantropologen. Han er professor i nyskaping og bygdeutvikling. Han vart kåra til årets landbruksbloggar i 2014 og årets bygdeprofil i 2015. No kjem han til Førde og ser på våre mulegheiter for nettopp nyskaping og bygdeutvikling.

KULTURKAFE I UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET LAURDAG 10.9 KL. 16 BILLETT KR 100.Arrangør: Førde bibliotek i samarbeid med Folkeakademiet.

BAK RAUDVINSDUNKEN BOKBAD med Liv Nina Hafstad Vi drikk meir og meir vin i Noreg. Særleg godt vaksne kvinner liker å kose seg med eit glas eller tre om kvelden, som belønning etter ein hektisk dag. Det var slik det byrja for den energiske eldsjela Liv Nina Hafstad også. I boka “Bak speilet” skildrar ho korleis vinkosen utvikla seg til flukt og sjølvmedisinering. Dønn ærleg fortel ho om korleis ho enda som fyllekøyrar i eit tre utanfor Politihuset i Førde. Kva gjer eit sakte, krypande rusproblem med ein sjølv og dei som ein lever saman med? Korleis er det å kjempe mot det valdsame suget, og i tillegg takle skamkjensla og sitt eige dårlege samvit, saman med rykte, stigmatisering og tap av status? Liv Nina Hafstad har ei sterk forteljing, som mange vil kjenne seg att i, enten ein vil eller ikkje. I tillegg har ho gjennom erfaring nokre råd og tips til korleis du kan sette på bremsene før det er for seint, før vindunken snur seg mot deg og glefsar.

TORSDAG

13

OKTOBER

PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 13.10 KL. 20. BILLETT KR 100.-

5


SOMMARLESFEST!

• gratis is • trekking av premiar

SOMMARLES ER FERDIG OG BIBLIOTEKET INVITERER ALLE BORN SOM HAR DELTEKE TIL EIN STOR FEST PÅ BIBLIOTEKET! Alle som har lese 5 bøker eller meir og har levert lesekortet sitt på biblioteket innan 5. september er inviterte. På festen blir det trekking av premiar. Sa vi gratis is? Gratis is! Og besøk: Av teiknar og forfattar Reidar Kjelsen.

Reidar sitt forslag til kva du må gjere før festen: - Les ei eller fleire av bøkene mine. (Dei finst på biblioteket.) - Bit ei dame i leggen. (Dei finst overalt.) - Prøv å teikne læreren når ho/han er skikkeleg sint. - Gå til innkjøp av gassmasker, eller grav eit stort hol i hagen.

TYSDAG

13

SEPTEMBER

FØRDE BIBLIOTEK TYSDAG 13.9 KL. 18. JØLSTER BIBLIOTEK ONSDAG 14.9 KL. 17.

LESESTUNDER I BIBLIOTEKET HEILE HAUSTEN Alle born er hjarteleg velkomne til hyggeleg lesestund på Førde bibliotek ein fredag i månaden. Bibliotekarane ynskjer å dele gode leseopplevingar og inviterer: Dei minste 0 – 2 år: 1. september (Bibliotekdagen i Norge!) • 30. september • 28. oktober • 25. november • 16. desember Barn 3 – 5 år: 19. august • 16. september • 14. oktober • 11. november • 9. desember Hugs påmelding til io@forde.kommune.no seinast onsdag same veka.

6


HAUST-FERIE I BIBLIOTEKET FØRDE BIBLIOTEK HAR OPE HEILE HAUSTFERIEVEKA: MÅNDAG - LAURDAG! STIKK GJERNE INNOM BIBLIOTEKET FOR Å FINNE DEG EI GOD BOK ELLER DELTA PÅ AKTIVITETAR. Måndag 10. oktober kl. 12.00 - 15.00 Kva skal vi lese i ferien? Hjelp biblioteket med å presenterer dei finaste, artigaste, tristaste, skumlaste og beste barne og ungdomsbøkene! Vi lagar utstilling! Passar for 9 - 14 år. Tysdag 11. oktober kl. 12.00 - 14.00 Eventyrleg oppdagingsferd i Førdehuset! Passar for 6 - 12 år. Onsdag 12. oktober kl. 12.00 - 14.00 Lær å lage flotte fiskefluger med Førde jakt- og fiskelag. Påmelding til bibliotek@forde.kommune.no, seinast måndag same veka. Passar for 9 - 14 år. Torsdag 13. oktober kl. 12.00 - 14.00 Lag kunst av gamle bøker! Påmelding til bibliotek@forde.kommune.no, seinast onsdag same veka. Passar for 9 - 14 år. Fredag 14. oktober kl. 10.30 - 11.00 Lesestund for dei minste. Passar for dei mellom 3-6 år. Påmelding til io@forde.kommune.no seinast onsdag same veka. Fredag 14. oktober kl. 12.00 - 14.00 «Gaming» på gamlemåten! Konkurrer i brettspel på biblioteket.

7


HJORTEFORVALTNING - EIN BESTAND PÅ VEG NED? Korleis bør vi forvalte ei hjortestamme som kanskje er på veg ned? Hjorteforskar Rolf Langvatn vil ta for seg demografi, overvaking av bestanden, simuleringsmodellar og ulike forvaltningstiltak. Finn Olav Myhren i Vestskog BA vil seie noko om situasjonen for hjorten i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer jegerar, grunneigarar, offentleg forvaltning og jakt - fiskelag velkomne til hjortekveld på biblioteket. Arrangør: Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Førde jakt- og fiskelag, Førde bibliotek.

ONSDAG

21

SEPTEMBER

UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET ONSDAG 21.9 KL. 19 BILLETT KR 50,-

Foto: Øyvind Hopland

Rolf Langvatn Prof.emeritus. dr. philos.

8


SMAKEN AV JØLSTER NATUREN ER EIT SKATTKAMMER, OM HAUSTEN ER DEN PÅ SITT VAKRASTE. LAURDAG 1. OKTOBER ER RÅVARER FRÅ JØLSTER TEMA BÅDE PÅ BONDENS MARKNAD VED JØLSTRAHOLMEN OG PÅ EIN LITTERÆR FESTMIDDAG I HELGATUN I ÅRDALEN. OVE RØSBAK LES OG FORTEL FRÅ HANS BØRLI SIN FORFATTARSKAP DENNE KVELDEN.

LAURDAG

1

OKTOBER PÅ JØLSTER

KL. 10.00- 16.00 KORTREIST MATGLEDE Bondens marknad på Jølstraholmen, denne gongen også med barnas eigen marknad og aktivitetar for born.

Minnene
 Ta det med deg!
 Det minste av grønt som har hendt deg
kan redde livet ditt en dag
i vinterlandet. Et strå bare, et eneste blankt lite strå

fra sommeren ifjor frosset fast i fonna, kan hindre skredets tusen drepende tonn i å styrte utfor. Hans Børli

KL. 20.00: STØTT KOM NYE VÅRER Litterær festmiddag i Helgatun i Årdalen. Ove Røsbak les og fortel frå Hans Børli sin forfattarskap. Middag med råvarer of smakar frå Jølster. Påmelding til: bibliotek@jolster.kommune.no eller tlf 992 47 152 innan 28. september

9


HESTEHANDLAREN

ORKANEN

Samferdselsminister Kjell Opseth (f. 1936) er mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog på den første høgfartsbanen her i landet. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengste vegtunnelen i verda på 24 kilometer i Sogn. Hestehandlaren er historia om ein effektiv og viljesterk pragmatikar med svak ideologisk kjerne. Kraftsosialisten og næringspolitikaren var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i til saman sju år, og var stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001. Møt biograf Dag H Nestegaard og Kjell Opseth i samtale.

Natt til første nyttårsdag i 1992 blei kysten av Noreg ramma av ein veldig orkan. Over heile Nordvestlandet og Trøndelag var skadane enorme, og uvêret er det sterkaste som er observert på det norske fastlandet i moderne tid. Korleis gjekk det med menneska som blei hardast ramma? Oddgeir Bruaset, den folkekjære programleiaren frå ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, fortel om det dramatiske døgnet og korleis folk opplevde det. Journalisten og forfattaren dekka orkanen for NRK og lagde både ein dokumentar og ei bok om hendinga. Nå, 25 år seinare, har han snakka med mange av menneska for å høyre korleis dei opplevde katastrofen, og korleis liva deira blei. ​

Arrangør: Det norske samlaget i samarbeid med Førde bibliotek.

TORSDAG

MÅNDAG

OKTOBER

OKTOBER

6

UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET TORSDAG 6.10 KL. 18 GRATIS

10

17

UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET MÅNDAG 17.10 KL. 19 GRATIS


BOK PÅ DØRA! ER DET VANSKELEG FOR DEG Å KOME TIL BIBLIOTEKET? ÅRSAKENE KAN VERE MANGE; SJUKDOM, ALDER, GLATT FØRE. FØRDE BIBLIOTEK YNSKJER Å HA EIT TILBOD DU KAN HA NYTTE AV! Røde kors har frå før ei besøksteneste - og vi har inngått eit godt samarbeid. Ta kontakt med biblioteket om du ynskjer bok på døra.

Førde bibliotek besøkjer også Helsetunet kvar 3. veke og tilbyr boklån. Vi kjem med god litteratur, godt humør og god tid! Lydbøker er populært, og det er mogleg å reservere og bestille litteratur som ein ikkje har med seg på boktralla når ein stikk innom.

VIL DU BLI LESEOMBOD? Alle kan bli leseombod – det viktige er at du er glad i å lese og vil dele opplevingar og spreie livsglede! Eit leseombod er ein historieforteljar og gledesspreiar. Det er eit lyspunkt i kvardagen og eit kontaktpunkt til verda ikring for dei som ikkje klarer å lese sjølve. Vi treng leseombod her i kommunen,

og vi håpar difor at det melder seg nokon som er interessert i å gjere ein forskjell for dei som ikkje kan lese sjølv. Mange vil gjerne bli leste for. På alle alders- og sjukeheimar finst det menneske som har vanskar med syn eller minne. Utviklingshemma kan ha stor glede av å bli leste for, og

nokre leseombod formidlar bøker i psykiatrien, i fengsel, eller i verna bustader. Ein kan vera leseombod i samband med jobb, - eller på friviljug basis. Dersom du liker å lesa for andre, er kanskje dette noko for deg. Ta kontakt med biblioteket.

11


LITTERÆR FESTKVELD PÅ ÅMOT OPERAGARD ERIK FOSNES HANSEN ER EIN FORFATTAR SOM INGEN ANDRE. HAN LET OSS VENTE LENGE MELLOM KVAR BOK, MEN NÅR FORTELJINGA FØRST KJEM, BERGTEK DEN LESARAR VERDA OVER.

Denne hausten er han aktuell både med romanen ”Et hummerliv” og ved at den førre romanen hans, ”Løvekvinnen”, kjem på kinolerretet gjennom eit påkosta skandinavisk filmsamarbeid. Vi ser fram til å ta i mot forfattaren til ein litterær festkveld på vakre Åmot operagard fredag 7. oktober. Han kjem saman med kona, Erika Fatland. Ho er også forfattar, men i ein annan sjanger. I reiseskidringa ”Sovjetistan” fortel ho om landa austover i det tidlegare Sovjetunionen: Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Skildringane rører seg mellom skattane i Samarkand og tristessen i sovjetarkitekturen, også med gripande menneskemøte. På Operagarden ynskjer vertskapet Steinar Sørli og Yngve Brakstad

12

velkommen med eit godt glas drikke i Operalåven, før Erika Fatland tek oss med austover gjennom bilder og forteljingar frå reisa. Deretter ventar to-retters middag, slik berre det gode kjøkkenet på Åmot serverer den, med lokale råvarer og god vin. Erik Fosnes Hansen sin nye roman ”Et hummerliv” handlar om Sedd, ein gut på grensa til vaksenlivet og om hotellet som er barndomsheimen hans. Året er 1982, og Fåvnesheim har lenge prøvd å gjere seg lekkert med både symjebasseng og minigolfbane. Likevel kjem ikkje turistane. Faren til Sedd var ein vikarlege med indisk opphav. Det siste han gjorde her i verda var å befrukte mora til Sedd, hotelldirektørdottera. Om mora veit han nesten ingenting, han hugsar lukta av ho og det reve-

raude håret, men det er alt. Det er bestemor frå Austerrike og bestefar og kokken Jim som er familien hans. Og det er desse tre, som saman med Karoline, ein ganske påtrengande og pågåande liten gjest, som utgjer grunnstammen i livet hans. Og så byrjar historia å rulle, fram mot ein slutt som tek pusten frå lesarane. Erik Fosnes Hansen les og fortel frå denne nye romanen sin, om forfattaskapen og skrivinga etter middagen i Operalåven. Både Erik og Erika signerer bøkene sine for sal til gjestene. I samarbeid med Førde bibliotek.


Foto: Berit Roald/NTB

FREDAG

7

OKTOBER ÅMOT OPERAGARD FREDAG 7.10 KL. 19 LITTERÆR FESTKVELD INKLUDERT VELKOMST OG TO-RETTERS MIDDAG KR 750,VINPAKKE KR 180,- INKL. KAFFI/TE FØRHANDSSAL: OPERAGARDEN.NO TAXI TUR/RETUR FIRDA BILLAG: KR 150,- KL18. RETUR KL 23.30.

13


BAK BLOGGEN Dei bloggar om kle og politikk, om ein grøn kvardag eller svart sorg. Bloggar vert nytta som terapi, ventil, marknadsføring av seg sjølv eller ei sak bloggaren brenn for. Dei er rosa, grøne, svarte eller psykedelisk fargesprakande. Mangfaldet i bloggverda spenner over alt frå sutring til sinne, frå bitande ironi til elleville innfall. Her finn ein grenselaus ekshibisjonisme, men og eit imponerande

14

engasjement for ei betre verd. Møt nokre av dei lokale bloggarane, både dei som gjer store pengar eller har vunne prisar, og dei som bloggar mest for seg sjølv. Kven gøymer seg bak Krissy, Bygdejenta, Hjorthen, Brittsk og Grønare kvardag? Nokre av folka bak bloggane stikk hovuda fram på Pikant denne torsdagskvelden.

TORSDAG

10

NOVEMBER

PIKANT RESTAURANT & BAR TORSDAG 10.11 KL. 20. BILLETT KR 100,-


NYTT FRÅ MARIT Foto: Heidi Hattestein

KULTURMØTEPLASSEN PIKANT ER VÅRT MEST URBANE ROM FOR ORD, MIDT I NYNORSKBYEN. HER MØTER DU RETT SOM DET ER MARIT BENDZ, MED KJENDE OG UKJENDE GJESTAR. Du er vertinne når Pikant inviterer til litterære møte her i byen. Kva ser du etter når du set saman gjestelista di? - Eg ser etter menneske som har noko viktig å fortelje, og som er flinke til å formidle. Det gler meg når også publikum vert med i samtalen. Kvifor vil du bidra til at Førde får eit større litterært kultur og debatt-tilbod? - Fordi eg er glad i Førde, eg er glad i Pikant og i litteratur. Eg ynskjer å gje særleg lokale forfattarar ei scene og skape debattar som er meir enn konfrontasjon, heller ein dialog som kan skape både nye tankar og få konkrete følgjer, som andelslandbruket på Vie. Det starta på Pikant. Denne hausten er du også aktuell med ny bok. Fortel! - “Kverk” er eit sprøytemiddel og snart ein roman med handling frå Jølstravatnet og Bajkalsjøen. Det er ein

økokrimfiksjon, ganske artig innimellom, men og nifs. Den multinasjonale frøindustrien er på menneskejakt både i Sunnfjord og Sibir, og midt oppi det heile står fotografen og småbrukaren Myra Pide Nedrebø. Kva bøker gler du deg til å lese sjølv, denne hausten? - Oppfølgjaren til “Mi briljante veninne” ligg klar. Så har eg ein draum om å bokbade Kjetil Bjørnstad, så bøkene om 60-talet og 70-talet står høgt oppe på lista. Gler meg også til den siste boka til Gert Nygårdshaug, der handlinga delvis er lagt til heimkommunen min, du veit; Hessdalen med dei mystiske lysa. Haustprogrammet på Pikant, er det klart? Eller er det overraskingar i vente? - Noko er klart, men på Pikant skjer det brått overraskingar. Dukkar det opp ei bok eller eit tema vi ynskjer å debattere, er det alltid eit torsdagsrom for ord på sparket.

15


DU ER SÅ LYS JARLE KLEPP, HELGE OMBO OG HILLEVÅGSGJENGEN. TORE RENBERG HAR KLART Å SKAPE LITTERÆRE FIGURARAR SOM ER LYS LEVANDE PÅ NETTHINNA VÅR. I HAUST ER HAN AKTUELL MED ROMANEN “DU ER SÅ LYS”. FOR FØRSTE GONG SKRIV TORE RENBERG PÅ NYNORSK!

FREDAG

28

OKTOBER

”Du er så lys” er ei uvanleg bok om vanlege familiar, ei nervepirrande forteljing om alt vi ikkje ser, sjølv om det hender rett framfor oss. Tore Renberg er ein folkekjær og svært mykje lesen forfattar. Han er også kritikarrost og prislønt. I tillegg er han også ein sceneglad forfattar, god vokalist og dyktig forteljar. Til Sunnfjord kjem han saman med Alexander Flotve på mandolin og gitar. Dermed kan publikum sjå fram til ein særeigen kveld med klump i halsen, latter i brystet og varme i føtene.

JØLSTRAMUSEET FREDAG 28.10 KL. 20 Førehandssal: jolstramuseet.no

LAURDAG

29

OKTOBER

KYSTEN, FLORØ LAURDAG 29.10 KL. 20 Førehandssal: florasamfunnshus.no

16


MIRIAM SI FORTELJING – OG HÅVARD SI - SHALOM. EG HEITER MIRIAM. EG KJEM LANGVEGSFRÅ. EG KJEM FRÅ KRIG OG KAOS. FRÅ MØRKRET. EG KJEM MED EIN GLAD BODSKAP. EG SKAL FORTELJE OM LIV, OM FØDSEL. EG VIL FORTELJE OM BROR MIN. OG DEN GONGEN HAN VART FAR. FOR FØRSTE GONG. VESLEBROREN MIN. JOSEF. Slik startar Miriam si forteljing. Forteljinga vi kjenner som juleevangeliet Framsyninga er Håvard Rem si gjenforteljing av juleevangeliet. Forfattaren har skrive stykket med utgangspunkt i Lukasevangeliet der Josef si syster Miriam fortel sin versjon av det som hende då svigerinna hennar, Maria, fødde eit barn. Miriam si historie blir ei personleg forteljing om korleis broren Josef forelskar seg i den unge Maria. Ho blir gravid, og Josef må leve med at det ventande barnet er kome til ved guddommeleg medverknad. Sogn og Fjordane teater set opp framsyninga i mange av kyrkjene våre før jul. Onsdag 23. november spelar teatret i Dale kyrke. Denne kvelden inviterer teatret til kveldssete med Håvard Rem i Jakob Sande Løa. Vertsskap og samarbeidspart er Litteraturmisjonen i Fjaler. Den lange og rike forfattarskapen til Håvard Rem er prega av tru og tvil. Og av ei enorm breidde! Tekstane hans er prega av ei sterk evne til å nå fram til lesaren, og av ei vilje til å bety noko for den som lyttar eller les. Juleevangeliet. Miriam si forteljing Onsdag 23. november kl 19.00 i Dale kyrkje Kveldssete med Håvard Rem Onsdag 23. november kl 21.00 i Jakob Sande Løa I samarbeid med:

ONSDAG

23

NOVEMBER

JULEEVANGELIET. MIRIAM SI FORTELJING DALE KYRKJE ONSDAG 23.11 KL. 19 KVELDSSETE MED HÅVARD REM JAKOB SANDE LØA ONSDAG 23.11 KL. 21

17


«Noko av det finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine nyansar. Ho tek barnelivet på kornet (…)Den er ei gåve til både vaksne og born.»

Marianne Lystrup, Vårt land, om “Eg er eg er eg er”

DRONNINGA AV DIKT DEN FØRSTE FORFATTAREN VI SIKRA OSS TIL DETTE HAUSTPROGRAMMET VAR RUTH LILLEGRAVEN. LENGE FØR BØKENE HENNAR VAR KOMNE UT. VERKEN ”SIGD”, DEN NYE DIKTSAMLINGA FOR VAKSNE ELLER ”EG ER EG ER EG ER”, HENNAR FØRSTE DIKTSAMLING FOR BARN. MEN NO ER DEI HER, TIL EI EVENTYRLEG MOTTAKING! OG DEN FØRSTE HELGA I ADVENT ER RUTH LILLEGRAVEN VÅR POET, TRE HEILE DAGAR TIL ENDE. Ruth Lillegraven kjem til Rom for ord saman med folkemusikaren Benedicte Maurseth. Saman framfører dei ein poetisk konsert basert på den nye diksamlinga ”Sigd”. Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren – og fedrane før han. Som ung mann treff han Abelone, giftar seg med henne og overtek garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og lyt selje garden. Kven er han no? Og kva skal han leve for?

18

Det er då bøkene kjem til han frå andre sida av havet, og tek han med ut i verda. Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Maurseth lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga.

Alle konsertane vert arrangerte i samarbeid med Førdefestivalen.


Eg er eg er eg er eg er så sint, så sint som ei eldkule gjennom lufta eg er så glad, så glad som eit fyrverkeri mot nattehimmelen eg er så lett, så lett som løvetannulla der ho dansar i sola eg er så tung, så tung som steinen der han søkk til sjøbotnen eg glør og blør og brenn bølgjer fram og tilbake opp og ned eg er eg er eg er

FREDAG

25

NOVEMBER

JØLSTER BIBLIOTEK FREDAG 25.11 KL. 11 OG KL. 13 ”Eg er eg er eg er”: Ruth Lillegraven les for born. GLOPPEN BIBLIOTEK SANDANE KL. 20 ”Sigd”: Ein poetisk konsert.

LAURDAG

SØNDAG

NOVEMBER

NOVEMBER

26

27

FØRDE BIBLIOTEK LAURDAG 26.11 KL. 12:30 ”Eg er eg er eg er”. Ruth Lillegraven les for born.

SVIDAL GRENDEHUS SØNDAG 27.11 KL. 15 ”Sigd”: Ein poetisk konsert Arr. Jølster bibliotek

LØA, JAKOB SANDE-TUNET KL. 20 ”Sigd”: Ein poetisk konsert I samarbeid med Litteraturmisjonen i Fjaler.

Jølster bibliotek

19


Ill: Åshild Irgens

KLART VI LES! SOGN OG FJORDANE FYLKESBIBLIOTEK KOMBINERER DEN ÅRLEGE PRESENTASJONEN AV BARNE- OG UNGDOMSBØKER (IBBY) MED EIT SEMINAR OM LESING OG BARNELITTERATUR. PROGRAMMET PÅ SEMINARA ER RETTA MOT LÆRARAR, BIBLIOTEKARAR, KULTURARBEIDARAR OG FORMIDLARAR. Torsdag 3. november: Klart vi les! - barnelitterær fagdag med desse foredraga: • Den vesle nynorskbrukaren ved Nynorsksenteret
 • Tips til nynorskressursar på nett og brett ved Ivar Aasen-tunet
 • Kva bok skal det vere i dag? Nynorsksenteret presenterer bøker og leselystaksjonen Tid for ti
 • Lese i lag, lese åleine. Eirik Lissner er lærar, forteljar og lærebokforfattar og fortel om ulike måtar å arbeide med 
skjønnlitteratur på i klasserommet, om felleslesing, rettleia lesing og munnleg attforteljing.

20

• Eg spør, eg tør. Forfattar Bente Bratlund om det å skrive for barn
 • Levande bøker. Ved lesegledar og formidlar Trond Strand • Praksiseksempel: samarbeid mellom skule og bibliotek 
 • Lese lett og lese nynorsk. Ope litterært arrangement på kveldstid i samarbeid med Det norske samlaget. Fredag 4. november: IBBY - presentasjon av årets barneog ungdomsbøker.

TORS-FRE

3-4

NOVEMBER FØRDEHUSET, LISJESALEN Påmeldingsfrist: 20. oktober 2016 For meir informasjon og påmeldingsskjema sjå fylkesbiblioteket.sfj.no


BØKER ER DEN BESTE GÅVA! FØRSTE HELGA I ADVENT INVITERER VI TIL JULE-BOKHANDEL I SVIDAL GRENDEHUS PÅ JØLSTER. VI FYLLER HUSET MED NYE BØKER PÅ NYNORSK, BÅDE FOR SMÅ OG STORE. LESESTUNDER, JULEVERKSTAD, KAFE OG BASAR STÅR OGSÅ PÅ PROGRAMMET.

Foto: Hallstein Dvergsdal

LAURDAG

Janne Karin Støylen er prosjektleiar for ”Rom for ord”. Ho les for born i skrivestova si i Svidalen denne laurdagen.

26

NOVEMBER

SVIDAL GRENDEHUS LAURDAG 26.11 KL. 12-16 Arr: Jølster bibliotek i samarbeid med Svidal grendelag.

21


KVINNA FRÅ FØR KOR GODT KJENNER VI EIGENTLEG DEI VI HAR VALT Å DELE LIVET MED? KOR SÅRBAR ER TILLITEN MELLOM EKTEFOLK? KVA ER EIGENTLEG DETTE LØFTET OM KJÆRLEIK SOM VI GIR KVARANDRE?

Frank og Claudia har levd i lag i over tjue år. Saman med tenåringssonen Andi har dei no pakka ned liva sine for å flytte til ein ny stad og ei ny framtid. Men den siste kvelden i den gamle heimen vert annleis enn den vesle familien hadde tenkt seg. Då det uventa ringjer på døra, opnar dei opp for ei skulding frå fortida. Kvinna frå før er ei kompromis-

slaus spenningshistorie om fortid og notid – og om å love å elske og ære kvarandre heilt inn til døden. Før premieren på Sogn og Fjordane teater laurdag kveld inviterer teatret og biblioteket til kulturkafè. Publikum møter regissør Terje Naudeer i samtale med mellom andre dramaturg Solrunn Toft Iversen.

LAURDAG

29

OKTOBER

KULTURKAFE UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET LAURDAG 29.10 KL. 16.30 GRATIS

NYTT BIBLIOTEK I NAUSTDAL I SAMBAND MED UTVIDING OG OMBYGGING AV NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE FÅR NAUSTDAL KOMMUNE NYTT BIBLIOTEK DENNE HAUSTEN! Med tilskot frå Nasjonalbiblioteket skal vi betre tilbodet brukarane får hjå oss. Naustdal bibliotek skal bli ein framtredande lokal arena for samtale, læring og leselyst gjennom utvikling av eit større og meir funksjonelt lokale, nye arbeidsmåtar

22

og auka samhandling lokalt og regionalt. Velkomne til opning av nytt bibliotek hausten 2016. Dato vert annonsert på nettsider og facebook. Avslutning for ”Sommarles” blir torsdag 27. oktober.


TORSDAG

GJENNOM BIBELEN MED DIKT EIN KVELD MED BIBELTEKSTAR, DIKT OG MUSIKK, I HØVE BIBELSELSKAPETS 200-ÅRS JUBILEUM. DIKT AV JAKOB SANDE, EDVARD HOEM, INGER HAGERUP, LEVI HENRIKSEN MED FLEIRE. UTSTILLING AV GAMLE BIBLAR.

10

NOVEMBER

VASSENDEN KYRKJESENTER TORSDAG 10.11 KL. 19 Lett servering. Inngang kr 100,-

ALMANAKK FOR NOREG Norske almanakkar har kome ut årleg sidan 1804.Våre almanakkar er ei vidareføring av egyptiske og romerske solkalendrar, medan muslimar og jødar nyttar framleis månekalendrar. Kaare Aksnes var redaktør i Almanakk for Noreg frå 1983–2003. Foredraget hans er illustrert med lysbilete med utgangspunkt i dei fleire tusen år gamle steinsirklane i

Stonehenge, England, som må ha tent som ein slags solkalender. Mayane i Mellom-Amerika hadde kalendrar rita inn på steinskiver. Aksnes tek opp den vidare utviklinga og innhaldet av almanakken fram til vår tid, krydra med ein del anekdotar og pussige episodar. Endeleg syner han oss også tips til korleis vi kan bruke almanakken i kvardagen.

LAURDAG

26

NOVEMBER

SVIDAL GRENDEHUS LAURDAG 26.11 KL. 17 Billett kr 200,- inkludert almanakk!

23


ROM FOR ORD ER NYNORSKBYEN FØRDE SI SATSING PÅ EIT STØRRE LITTERÆRT KULTUR OG DEBATT-TILBOD I BYEN OG BYGDENE I KRING. Å SAMLAST KRING EI INTERESSE FOR LESING OG SKRIVING HAR LANG TRADISJON I VÅRT DISTRIKT. VI FORSTÅR LITTERATUR I BREI FORSTAND, SOM TEKST I SAMFUNNET. EI KJELDE TIL KUNNSKAP, REFLEKSJON OG GLEDE. MEN BERRE OM TEKSTEN NÅR FRAM TIL LESAREN. DET ER SLIKE ROM VI VIL OPNE, SLIKE MØTER VI INVITERER TIL.

VELKOMNE TIL

ROM FOR ORD HAUST 2016!

Førde bibliotek

Naustdal bibliotek

Jølster bibliotek

Gloppen bibliotek

Flora folkebibliotek

24

findriv.no

Rom for ord er støtta av:


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.