Jølster fiskekonkurranse 1958

Page 1

Fiskekonkurransen i Jølster 1958

Jølster Aurefest 13.-15. juni 2014



Fiskekonkurransen i Jølster 1958 Av: Jarle Helgheim

Fiskekonkurransen i Jølstravatnet i 1958 vart skipa til av Jølster idrettslag. Dette var først og fremst for å styrke økonomien i det unge idrettslaget som var nyskipa i 1955, og som femna over heile bygda. Fiskekonkurransar var elles ein mote her i landet i 50-åra. Hovudpremien var ein bil, som ikkje var allemannseige og slett ikkje lett å skaffe seg for kvarmann i etterkrigstida med rasjonering, der prest og lensmann, lege og dyrlege sto i fremste rekkje når kjøpeløyve kvart år skulle delast ut. Bilsalet vart først frigitt her i landet i 1960. Overskotet på fiskekonkurransen på 20.000 kroner vart i all hovudsak brukt til å byggje den nye, moderne hoppbakken i Årdalen som fekk namnet Bjørnebakken, etter stadnamnet frå gammalt av, Bjønjnjabakkjen. Johannes N. Helgheim var formann i Jølster idrettslag i 1958, var nyleg heimkommen frå Jæren føre jul i 1957, der han hadde vore kontrollassistent på Nærbø meieri, og hadde med seg ideen derifrå. Ein liknande fiskekonkurranse hadde vore avvikla på Jæren den tida han var der. Johs. N. Helgheim var såleis også den sjølvskrivne leiaren i komiteen. (Han gifte seg forresten 25. juni. Firda ringde i bryllaupsgarden på Halbrend, og intervjuet kom i avisa fredagen, 27.) Med seg hadde han Andreas Helgheim, Nils S. Veiteberg, Asbjørn Klakeg og Anders Helgheim (kasserar og sekretær). Trekninga gjekk føre seg hos Andreas Helgheim på Skei, der lensmannsbetjent Seim var til stades som garantist for at alt gjekk rett føre seg. Konkurransen gjekk av stabelen 29. juni kl. 1500, og varte i to timar. Kraftige dynamittsalver markerte både start og slutt på fisket. 1000 fiskarar deltok med ein kontrollør for kvar femte fiskar. Kreti og pleti vart brukte som kontrollørar, gjerne ”eldre” karar og pensjonistar som Albert og Nils J. Helgheim. Startkontingenten var 35 kroner. Alle fiska med bambusstang med eit lengstemål på 6 meter, og tilsvarande 6 meter snøre. Det var også bestemt at alle skulle bruke makk til agn som kvar måtte syte for seg.

Jølster Aurefest 13.-15. juni 2014



Kvar fiskar fekk tildelt ein parsell på tre meter (?). Elveosar og langgrunnar vart ikkje tekne med for ikkje å favorisere eller disfavorisere nokon. Strandsoner der skog og kratt stod nær vasskanten og gjorde fiske vanskeleg, hoppa ein også over. Her var det viktig å fordele fiskeplassane mest muleg rettferdig. Fiskekonkurransen vart vide kjend i fylket, og folk kom langvegsfrå for å vere med. Startkort vart lagt ut for sal i butikkar i Florø, Naustdal, Førde, Bygstad, Vadheim, Høyanger, Balestrand, Jølster, Byrkjelo, Reed, Sandane, Utvik, Stryn og Måløy, eller ein kunne få kjøpt det direkte ved å vende seg til formann i komiteen, adresse Huus i Jølster, slik det stod å lese i annonsen i Firda Tidend, 20. mai 1958. Dagen rann med sol frå skyfri himmel. Fotografen og kunstmålaren Elias Eide foreviga dette storhendet med mange framifrå bilde som viser fiskarar og tilskodarar i hopetal langs riksvegen frå Skei til Huus (Hatleneset), og ein skog av bambusstenger langs vatnet. I tillegg til 1000 fiskarar var her fleire tusen tilskodarar, 5-6000 alt i alt, trur ein, så verken før eller seinare har så mykje folk vore samla i Jølster. Folk gjekk som sild i tønne i sentrum på Skei denne dagen. Det kom inn 35 000 kroner i brutto. Premiane var: 1. premie ein IFA Trabant til ein verdi av rundt 10.000 kroner. 2. premie ein moped. 3. premie eit kjøleskåp 4. premie eit salongmøblement. Samla verdi 15.000 kroner. Overskotet var såleis på 20.000 kroner. Premieutdelinga gjekk føre seg i hotellhagen på Skei. Knut O. Myklebust vann bilen etter å ha drege på land elleve fiskar på til saman 900 gram jølstraaure. Knut O. tok seinare førarkort. Bilen var i bruk nokre år, men austtysk kvalitet var ikkje av beste sort. Det var sagt at karosseriet var laga av plast. (Duroplast: Eit av dei første industriproduserte kunststoffa.)

Jølster Aurefest 13.-15. juni 2014



Bilen enda sine dagar i Jølstravatnet. Han tok ut på eiga hand i tunet, ned bakkane på Myklebust, kryssa vegen og hamna i vatnet. Difor heitte det seg på folkemunne at bilen for tilbake til der han kom frå. Fiskekonkurransen i Jølster, 29. juni 1958, var svært god reklame for bygda og for fiske i Jølstravatnet, og vil for all ettertid bli ståande som ein merkedag i Jølster. Bjørnebakken Av møteprotokollen går det fram at styret i idrettslaget fordelte overskotet. Først betalte ein ubetalte rekningar. Skei stadion skulle få 8000 kroner, Øyaflata på Vassenden 2000, samt at 500 kroner skulle gå til aksjar i Jølster Samfunnshus på Skei. Anders Helgheim som var kasserar i laget, meiner at det ikkje vart utbetalt store summar den tida han sat som kasserar. Men Bjørnebakken i Årdalen vart bygd av midlane frå fiskekonkurransen og mykje god dugnad, utan tilskot av tippemidlar. Dette anlegget var såleis eine og åleine bygt av midlane til det unge idrettslaget. Fleire søknader om tippemidlar vart avslegne, både i 1958, 1959 og 1964, med den grunngjeving at Skei stadion fekk tildelt slike midlar, og at STUI, ved Rolf Hofmo, difor ikkje kunne gå inn med midlar til fleire anlegg i kommunen. Arbeidsnemnda for Bjørnebakken var Johs. N. Nedrebø (Geilmyrane), formann, Nils S. Veiteberg og Sigbjørn Årdal. Anders Helgheim (i Janstunet) hugsar at den dagen kongen for gjennom Jølster, onsdag 3. desember 1958, sykla han inn til hoppbakken og løna Gunnar Årdal (i Gunjnjatunet) og Sverre Årdal (på Longeneshojen) som arbeidde i unnarennet. På veg heim heldt han på å kollidere med kongen i vegskiftet i Kalvkvia, då han i full fart kom på sykkel ned gamlevegen. Ovarennet som var oppbygt av kreosotimpregnert material i grove dimensjonar, bles ned under nyttårsorkanen 1. januar 1992, og bakken kom aldri meir i bruk. Bakkerekorden vil såleis for all ettertid tilhøyre Nils Olav Kongsvik, på 53,5 meter.

Jølster Aurefest 13.-15. juni 2014



Jølster idrettslag hadde leigeavtaler med grunneigarane Olav B. Årdal og Kåre Årdal på 40 år, 1958-1998. Men interessa for hopping hadde dala, og ingen såg grunn til verken å fornye avtalene eller ta den store kostnaden med å byggje opp att bakken. Oppryddinga vart gjort på dugnad. Det store bålet brann som eit hinduisk likbål i tre døgn. Underteikna som var leiar i Jølster idrettslag i 1992, søkte Naturskadefondet om erstatning for det store tapet, og laget fekk tildelt 200.000 kroner som vart sett inn på sperra konto. Dette var på den tid maksimumsutbetaling frå Naturskadefondet for slik skade. Pengane skulle brukast til å byggje opp att bakken, eller etter godkjenning kunne det bli aktuelt å betale ut midlane til ein ny hoppbakke i kommunen. Pengane gjekk seinare til Jølster skisenter og ein liten hoppbakke i Bjørkelia, der dei sikkert kom vel med, men var til lite fremjing for hoppsporten i bygda. Kongevitjinga i Jølster Kong Olav V for gjennom Jølster 3. desember 1958, som også var eit storhende dette året. Kongen vart signa i Nidarosdomen 22. juni 1958, ei veke før den store fiskekonkurransen i Jølster. Men, kongeferda gjennom fylket var i samband med 100-årsjubileet til Fylkesbaatane, i dagane 2.–4. desember 1958. Kongen kom til Flåm om morgonen 2. desember. Derifrå gjekk ferda med ”Sunnfjord” til Hermansverk og Høyanger, der han gjekk i land. Så gjekk turen landevegen til Førde, der det var jubileumsfest om kvelden. Neste dag gjekk ferda gjennom Jølster til Sandane, der kongen på nytt gjekk om bord i ”Sunnfjord”, som heldt fram til Nordfjordeid, Måløy, Florø, Askvoll og Bergen, der kongen gjekk frå borde 4. desember. Jakob Helgheim (i Slåttå) køyrde kongen frå Høyanger til Sandane i ”kongedrosja”, ein Chrysler 1954-modell, som den dag i dag er stasbilen til Firda Billag. Ja, så seier soga. Skei, 6/2-2013 Jarle Helgheim Kjelde: Johannes N. Helgheim, Anders Helgheim, Sigbjørn Årdal, Tollef Årdal, Magne Skrede, Kjell Helgheim, møteprotokollen i Jølster idrettslag (1956-1964), samt andre dokument i arkivet til Jølster idrettslag, Firda, Firda Tidend, ”101 fjordabåtar”, av Magnus Helge Torvanger (Ljøren 2008), Firda Billag.

Jølster Aurefest 13.-15. juni 2014


Jølster Aurefest 13.-15. juni 2014


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.