Hyrdingrøysta nr 1 2018

Page 1

Informasjon

H Y R D I N G R Ø Y S TA NR. 1/2018

God påske

PÅSKENUMMER

79. ÅRG.


2

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Frå redaksjonen

KYRKJA I JØLSTER Kyrkjekontoret Ope tys. og tors. Kl. 9-14. Tlf. 57 72 85 06 kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no www.jolster.kyrkja.no www.facebook.com/kyrkjeneijolster Jølster kyrkjelege fellesråd leiar: Normann Aarseth tlf. 992 65 501 Sokneprest Silje Sørebø Kontortid etter avtale Tlf. 57 72 85 06 / 473 99 492. soknepresten@jolster.kyrkja.no Sekretær Toril Øye (frå april 2017) Kontortid tysdag og torsdag kl. 9-14 Kyrkjeverje Trond Herløsund Kontortid tysdag og elles etter avtale Tlf 57 72 85 06 kyrkjeverja@jolster.kyrkja.no

Det nærmar seg påske, den største og mest sentrale høgtida i kyrkjeåret. Dette gjeld ikkje berre den protestantiske kyrkja, men også den romersk-katolske og den ortodokse. Første påskedag kjem alltid på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger. Såleis kan denne dagen tidlegast komme på 22. mars og seinast 25 april. Dermed er det 35 alternativ for kva dag første påskedag inntreffe, og ein skulle kanskje tru at dette med tidlegast og seinast påske vil skje ganske ofte, men slik er det så visst ikkje. Det syner seg nemleg at sist påskedag kom på 22. mars var i 1818, og neste gong er så pass lenge til som 2285. Då er det litt større håp om å oppleve ei skikkeleg sein påske. Sist første påskedag kom på 25. april var i 1943 og neste gong er i 2038. Påska er ei høgtid full av tradisjonar, både religiøse/kyrkjelege og verdslege. Langfredag har frå gammalt av vore ein dag der det skulle vere stille, ein dag der det lenge var strenge restriksjonar på opningstider, servering, musikk og dans. Dette har nok mjukna opp ein del, men framleis er Langfredag ein dag for tanke og med-

FRAMSIDEBILETE: Helgheim kyrkje.

kjensle med den korsfesta, medan påskedag er dagen for glede og lovsong. Ein relativt ny tradisjon her til lands på langfredag er korsvandringar. Men påska er også full av tradisjonar og symbol på det meir verdslege planet. Påska er på mange måtar inngangen til våren, og den har, i alle fall i nyare tid vore ei høgtid der folk enten reiser til fjells og får med seg påskesol og kvite vidder, eller dei set båten på sjøen og nyt late dagar på den måten. Påska har utvikla seg til samanhengande fritid frå palmehelga til andre påskedag, og både påskeegg, påskekyllingar, påskelam og påskekrim er ting som høyrer med. Påska er gjerne tida for å få på plass den første brunfargen, men den er også høgtida der vi år etter år får høyre om det som kanskje er det mest kjende justismordet i verdshistoria. God Påske! Red.

Kantor Rune Molvik Kontortid tysdagar kl. 9-14 Kyrkjelydspedagog Ute Lindner Kontortid tysdagar kl. 10-15 Tlf 489 58 165 ute.lindner@fordekyrkje.no -------------------------------------

Hyrdingrøysta

Kjem ut med fire blad i året, og vert sendt til alle husstandar i Jølster som Informasjon. Ein giro på kr 150,- vert sendt ut i sommarnummer kvart år. Betalinga er frivillig. Annonsøren støttar bladet med kr 900,- med annonse i fire nummer pr år. For abonnentar utanom kommunen: kr 250,- pr år. Må tingast. Bladstyret: Hallstein Dvergsdal, Bjørg Dvergsdal og Hildegunn Huus. halldve@frisurf.no Neste nummer kjem i juni.

Foto: Hallstein Dvergsdal


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Fastetid

3

tekst SILJE SØREBØ

Frå askeonsdag til og med påskeaftan er vi i fastetida i kyrkjeåret. Mange forbind faste med å ikkje ete, men det finst andre, og kanskje betre måtar, å markere fastetid på. Faste kan handle om å avstå frå noko, for å fokusere på noko viktigare. 20. mars arrangerer kyrkjelydar over heile landet Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon. Denne aksjonen hjelper oss til å gje av tid eller pengar som vi

kunne brukt på oss sjølve, for å gje vårt bidrag til ei meir rettferdig verd. I profeten Jesaja står det noko om at det er nettopp dette fasta handlar om. Målet er ikkje å plage seg sjølv, men «å løyse urettferdige lenkjer, sette undertrykte fri, å dele ditt brød med svoltne og la hjelpelause og heimlause koma i hus». (Jesaja 58, 6-7)

Se, mørket vinner aldri over lyset. La håpets flamme skinne, sterk og klar! For ennå kjemper noen for det gode, og ennå deler noen det de har.

Et mørke hviler ennå over jorden, men barn av lyset finnes overalt: Se, noen åpner døren for en flyktning, og noen reiser opp en venn som falt.

Se, Verdens Lys rir inn i våre gater. En sang om frihet stiger i vår by, hør, også vi vil være barn av lyset og tenne håpet: Jorden skal bli ny!

Se, freden finnes i den gode striden, så reis deg opp til kamp for andres rett! Da skal du aldri frykte mørkets makter, det er i mørket flammene blir sett.

Hvor finnes brød til alle folk i verden hvis ikke du vil dele med din bror? Vi puster alle i den samme luften og lever på den samme, lille jord!

(Ei fastesalme skriven av Sindre Skeie i 2012)

Iblant vil kampen stjele dine krefter, du kjenner sorgen over tap og svik, du tror at alt du ga, har gjort deg fattig, men i din fattigdom er du blitt rik.

Må ingen lenger hegne om sitt eget. Må de som hersker, ofre alt for fred. Må de som tror de kjemper helt alene, få se hvor mange flere som er med!


4

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Fast rutine: I ein krok i flyktningleiren står teltet der Innocent Nigindu søv. Han avsluttar alltid dagen med å lese 15 minutt i Bibelen, og be ei bøn til Gud. Trua vart sterkare etter flukta, fortel Innocent, fordi Gud hjelpte han og familien bort frå krigen i live.

Flyktningen som vart hjelpearbeidar – Vatn er sjølve livet, seier Innocent Nigindu. Han flykta med familien frå ei blodig konflikt i Kongo. No er han ein stor ressurs for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i flyktningleiren der han enda opp. Tekst/foto: KIRKENS NØDHJELP oversett til nynorsk av red.

– Utan vatn finst ikkje noko. Vi treng det til å vaske oss, lage mat og drikke, så den jobben eg gjer her er eg verkelig stolt over, smiler Innocent. Uskuldig Namnet hans betyr «uskuldig», men det er ingen uskuld å finne i flukthistoria hans. Først måtte han flykte då soldatar kom til byen der han arbeidde. 85 prosent av dei som var i byen vart drepne, hevdar Innocent.

Han flykta mot byen der han og familien budde, men etter to dagar kom soldatane også dit. Det skulle vise seg at den beste løysinga var å flykte til nabolandet Angola, litt lengre sør i Afrika. Koordinator i flyktningleiren Til slutt hamna han og familien i flyktningleiren Kakanda der Innocent etter kvart fekk seg arbeid som koordinator for Kirkens Nødhjelp. Nå passar han på at vatnet alltid er reint, at søppelet blir tømt og at toaletta blir vaska. – Eg får brukt evnene og erfaringa mi til å hjelpe, og det er flott å kunne støtte Kirkens Nødhjelp. Eg er kristen, og for meg er det viktig å kunne hjelpe andre med dei evnene og midlane eg har for handa, seier Innocent. Han får ei lita løn for arbeidet han gjer, men mykje av drivkrafta er lysta på å gjere noko godt for andre. Han veit betre enn dei

fleste kor viktig reint vatn er, for under flukta var det ofte at han ikkje kunne drikke. Og som mange andre i leiren har han vært sjuk fordi han har drukke ureint vatn. Innocent er ein av mange som kvar dag arbeider for Kirkens Nødhjelp. I landsbyar, byar, flyktningleirar og kriseområde i ei rekkje land rundt om i verda, arbeider Kirkens Nødhjelp for å sikre tilgang til reint vatn, trygge toalett, energi og mykje anna. For at maskineriet skal fungere treng vi helter som Innocent. Avhengig av hjelp for å hjelpe Men for at maskineriet skal fungere, trengs det også hjelp frå norske frivillige. Folk som ikkje er på flukt, men til liks med Innocent har eit engasjement og kompetanse til å gjere ein skilnad. Kvart år er tusenvis av slike frivillige med på å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid gjennom Fasteaksjonen.


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Og det er nettopp desse pengane som gjorde det mogleg å starte opp arbeidet i Nord-Angola, raskt og effektivt. For Innocent og over tusen andre flyktningar i leiren har det vært livsviktig hjelp. Også i år skal frivillige over heile Noreg vere med på å samle inn pengar til brønnboring, latrinebygging og andre tiltak som reddar liv rundt om i verda. Også du kan bidra når kyrkjelyden i Jølster skal gjennomføre årets aksjon, enten ved å vere bøsseberar eller ved å støtte aksjonen.

5

Stort smil: Innocent Nigindu elskar arbeidet sitt i flyktningleiren i Dundo i Angola. Han er sjølv flyktning frå Kongo, og set pris på å kunne arbeide for Kirkens Nødhjelp med å hjelpe andre som har flykta frå same konflikt.

Nytt frå Kyrkjeleg fellesnemnd Det skulle no vere vel kjent for dei fleste at dei kyrkjelege fellesråda slår seg saman frå 1.1.2020, når dei fire kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal slår seg saman. tekst JETVAR KALLAND | foto REIDAR ENDAL

Det er valt ei kyrkjeleg fellesnemnd med 2 representantar frå kvar av fellesråda som har ansvaret for samanslåingsprosessen. Mykje av arbeidet med dette må likevel utførast av dei kyrkjeleg tilsette. Interkommunal samling Tysdag 13. feb. vart det arrangert ei samling for fellesråda og dei kyrkjeleg tilsette på Vassenden kyrkjesenter. Ein flott kveld,

ikkje minst takke vere eit inspirerande foredrag av Helge Gudmundsen, kjend frå salmeprogram i NRK. Ei viktig tilbakemelding frå gruppearbeidet var trong for informasjon. Dette har vore drøfta, både i fellesnemnda og arbeidsutvalet. Vi kjem no til å sende møteboka frå møta i kyrkjeleg fellesnemnd og det partssamansette utvalet til alle kyrkjeleg tilsette. I tillegg vil vi legge ut innkallingane og møtebøkene på kyrkjekontora/Kyrkja sine heimesider slik at alle kan gjere seg kjend med det som vert arbeidd med. Vi må ta atterhald i tilfelle skulle vere saker som krev ivaretaking av personvernet. Eit anna tema som vart sterkt understreka på samlinga var samarbeidet med, og trong for frivillige i kyrkja sitt arbeid. Det å gje ansvar og sette pris på det arbeidet som

Inger Hageberg Øvrebø blir kyrkjeverje i den nye kommunen. Her i lag med prosjektleiar for samanslåinga av dei kyrkjelege fellesråda, Jetvar Kalland.

vert utført, er noko vi alle kan bli flinkare til. Prosjektstilling Det er også ei positiv sak at prosjektarbeidet har fått meir midlar frå den kommunale fellesnemnda, slik at vi no kan bruke 1 mill. på dette arbeidet. Det gjer at fellesnemnda har tilsett underteikna i eit engasjement som prosjektleiar fram til 1. juli for å kome noko meir i gang med arbeidet med samanslåing. Det mest positive nyhende er at det har lukkast å tilsette ny kyrkjeverje i Førde som og vert kyrkjeverje i den nye kommunen, Sunnfjord, frå 1.1.2020. Inger Hageberg Øvrebø kjem frå Skatt Vest, bur i Bygstad og startar som kyrkjeverje i Førde 1. mai.

Helge Gudmundsen, kjend frå salmeprogram i NRK, heldt inspirerande føredrag.


6

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Gudsteneste, og kyrkjekaffi «Med skjemt og vet»

Utstillinga på Eikaasgalleriet rommar både skjemt og alvor, i tillegg til mange visdomsord.

Søndag 14. januar var det gudsteneste i Ålhus kyrkje. Silje prest snakka om Johannes som døypte Jesus. Etter at Jesus var døypt, delte himmelen seg og ei røyst sa: «Du er son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede».

vi såg noko nytt i kunsten. Han viste oss korleis motsetningar, kampen mellom det gode og det vonde, og hykleriet, skapar spenning i biletkunsten. Han fekk også fram kva som er felles for desse tre kunstnarane, m.a. humoren.

tekst BJØRG DVERGSDAL | foto RUNE MOLVIK

Humor Humoren kjem til syne i bileta, men også i sitata som står på veggane. T.d. seier Torsheim «Folk er dei same over alt, ein kan like godt studere dei her som ein annan plass», « Kjøp ikkje hytte på landet, for djevelen er også der»,» Bigami er å ha ei kone for mykje, monogami er det same». Eikaas er litt meir underfundig og seier « Misunning er anerkjennelse i destillert form», «Det er umulig at Fridtjov Urdal er ein god formidlar som losa publikum gjennom utstillinga ein Jølstring kan im- på ein framifrå måte.

Etterpå gjekk Jesus rundt i øydemarka i førti dagar og vart på ulike måtar freista av Satan. I følgje evangelisten Markus tente englane han. Kyrkjekaffi Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi i Eikaasgalleriet. Det vart ei triveleg pratestund ved kaffiborda der vi også kunne ete opp julekakene. Fridtjov Urdal tok oss etterpå med på ei vandring rundt i galleriet og snakka om kunsten til Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Ludvig Eikaas. Mange av oss hadde sett denne utstillinga både ein og fleire gonger før, men på meisterleg vis klarte Urdal å vinkle omvisninga slik at

ponere ein annan Jølstring», « Kristenfolket er dei siste ein får ei handsrekning frå». Du kan vere einig eller ueinig i det du oppfattar som bodskap i kunsten til desse tre kunstnarane, men debatt greier dei å skape, og med Fridtjof som guide i galleriet, vart det ei flott oppleving. Ei stor takk til Fridtjov Urdal og til Eikaasgalleriet! Kan vi ønskje oss fleire slike gode søndagsstunder?


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

7

Juletrefest på Vassenden kyrkjesenter tekst og foto BJØRG DVERGSDAL

Kyrkjelyden sin juletrefest på Vassenden kyrkjesenter 4. juledag er ein triveleg tradisjon. Omlag 180 store og små hadde sett av ettermiddagen for å vere med. Ingeborg Slåtten losa oss gjennom programmet og fortalde Dan Lindholms legende om «Julens lysbærende tre.». Silje prest hadde fått med seg mange frå torsdagsklubben, godt

assistert av nokre vaksne . Dei dramatiserte juleevangeliet. Marta Fimreite, Jakob Slåtten og Kristoffer Sandal fortalde legenda om dei fire adventslysa. To søsken frå Skei, Viktor og Linnea Nyborg-Christensen, imponerte oss med flott pianospel. Store langbord dekka med kveldsmat vart godt motteke etter ei god stund med juletregang.

Kvelden kunne enda litt meir dramatisk, for det store juletreet gjekk NESTEN i golvet då det vart flytta fram til juletregang. Vi er mange som synest juletrefestane er eit høgdepunkt i romjula og ein tradisjon vi må ta vare på.

Juletregong må det sjølvsagt vere på ein juletrefest. På Vassenden måtte det mange ringar til for at alle skulle komme med.

• PÅSKEQUIZ • PÅSKEQUIZ • PÅSKEQUIZ • 1. Kvifor dro Jesus inn til Jerusalem palmesøndag? 2. Kva tyder «Nattverd»? 3. Kva heitte hagen der Jesus gjekk inn for å be før han vart teken til fange? 4. Jesus vart framstilt først for religiøse og verdslege leiarar i Jerusalem, men kvifor måtte Pontius Pilatus (øvste sjef eller guvernør), gje sin dom i saka mot Jesus? 5. Kva heitte fangen som vart sett fri i byte mot at Jesus vart dømt? 6. Kven var Josef frå Arimatea? 7. Kven var Kaifas?

8. På Kaifas sin gårdplass hende det noko som vert oppfatta som ein svært sår augneblink i påskeforteljinga. Kva hende? 9. Kva var det siste Jesus sa på krossen før han døydde? 10. Kva for ei bok i Bibelen fortel om læresveinane sitt liv etter Jesu død og oppstode og om framveksten av den kristne kyrkja? 11. Påska kjem ikkje på same tid kvart år. Kva er bestemmande for når vi feirar påske? 12. Kor mange dagar er det frå påskedag til Kristi Himmelfartsdag?


8

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Kyrkja sin torsdagsklubb på Skei Torsdagsklubben er eit søndagsskuletilbod på kvardagar og er annan kvar torsdag. Tilbodet finst på Vassenden, Skei og annankvar søndag i Stardalen. tekst og foto HILDEGUNN HUUS

Underteikna vitja torsdagsklubben på Skei for å sjå kva dei dreiv med og snakke med litt med dei som er der. Varierande frammøte Det er sjølvsagt ulikt kor mange som møter og den kvelden eg var der, var dei heller få. Dei har dei siste vekene fått konkurranse med skileiktrening i Årdalen og det merkar dei. Men slik vil det alltid vere, litt kollisjon av og til. Både dei vaksne og ungane var engasjerte i det som var tema. Det vert lese bibeltekstar, som ikkje bere vert lesne, men

ungane får spørje og dei får forklaringar. Synging er og ein del av opplegget og slik eg forstod det hadde dei nokre faste songar dei song og nokre nye kvar gong. Det var ein disiplinert gjeng eg møtte dei prata og spurde, men tok og mot rettleiing og utfordringar. Makramé Den kvelden eg var der laga dei makramémann som nøkkelknippe haldar. Det vert laga ulike ting frå kveld til kveld så ungane tykte det var spennande. Dei var ivrige for å få det til, og to konfirmantar som var med denne kvelden hjelpte dei yngste så alle fekk eit fint resultat. I tillegg til det som skal vere litt alvor og informerande var det rom til leik og prat. Det vart servert frukt oppskoren og lagt fint på fat så det var innbydande for alle. Eg meiner vi må gje ein honnør til dette arbeidet og dei som vil drive det, og eg såg at dei som var det kosa seg.

Ein makramémann som nøkkelhaldar kan vere kjekt å ha.

Tårnagenthelg! Alle barn som fyller 9 år er inviterte til TÅRNAGENTHELG i Helgheim kyrkje 26. og 27. mai! Kva betyr det å vere ein agent? Kva kan vi finne i kyrkjetårnet – og ikkje berre der? Kanskje finns det hemmelege oppdrag som vi kan løyse saman? Dette og mykje meir skal vi jobbe med desse to dagane og ha det skikkeleg gøy saman! Frammøtet varierer, men store og små såg ut til å kose seg den kvelden Hyrdingrøysta var på besøk.

Årsmøte i kyrkja Årsmøte for Ålhus sokn blir 8. april, medan det Helgheim blir avvikla 15. april. På begge stadar blir det etter gudstenesta, og årsmelding blir lagt ut i kyrkjene 14 dagar før.

Vi gler oss til å møte mange kjekke agentar frå Helgheim og Ålhus sokn! Invitasjon med fleire opplysningar og informasjon om påmelding kjem i posten. Hemmeleg helsing frå agent no. 1: Etu Rendnil


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

9

I kyrkja på Helgheim er det plass til mange, så møt opp, er oppfordringa frå soknerådet.

Generasjonsgudsteneste, Helgheim kyrkje For mange i den eldre generasjon var turen til kyrkja den søndagen det var gudsteneste, fast tradisjon. tekst HELGHEIM SOKNERÅD V/INGER VEITEBERG | foto HALLSTEIN DVERGSDAL

No sit mange av desse på ein av institusjonane våre, eller kanskje åleine heime og har vanskar med å komme seg dit, sjølv om dei skulle ynskje det. Soknerådet tek grep Dette vil vi i soknerådet gjerne gjere noko

med. Difor prøver vi søndag 24.juni å få til ei gudsteneste spesielt tilrettelagt for dei eldre. Dei to viktigaste måla er at dei skal få oppleve kyrkjerommet igjen og treffe gamle kjende. Difor vert det også kyrkjekaffi etter gudstenesta med god tid til ein prat. Vi har sett tidspunktet til kl 15.00. Då har dei fått tid til både middag og middagskvil før dei kjem. Vi oppmodar dei pårørande å hjelpe sine til kyrkja sjølve, men har de ikke høve så kan de kontakte underskrivne på tlf 908 60 874 så skal vi prøve å hjelpe. Vi oppmodar og andre frivillege som kan stille med bil og hjelp om å

bli med. Kontakt same nr. Set av datoen Dette vil vere ein fin diakonal dugnad i kyrkjelyden. Dei som må ha drosje tilrettelagt for rullestol må betale drosja sjølve. Enno er vi i planleggingsfasen, men no veit de dato og tid så de kan ta det med i planane dykkar. Det vil komme meir info om innhald og program når det nærmar seg. Vi tenkjer oss at heile arrangementet varer rundt 50 min. Gudstenesta er sjølvsagt open for alle. Vel møtt!!

Mange «gløymer» å betale Hyrdingrøysta Hyrdingrøysta går ut til alle postkassar i Jølster, i tillegg til ein god del utanbygds abonnentar. Å halde eit slikt blad gåande, kostar pengar og i fjor gjekk Hyrdingrøysta med underskot. For dei som bur i Jølster er det frivillig å betale kontigenten, for dei som bur andre stadar er det ikkje frivillig. Vi ser dessverre at mange av dei som får bladet tilsendt som adressert post rundt om i landet ikkje betalar kontigenten. I fjor handla dette om nær 20 abonnentar som får bladet tilsendt i posten fire gonger for året med 23 kroner i porto kvar gong.

Bladet kjem nok framleis til å hamne i postkassane til jølstringane, men for dei utanbygdsabonnentane som ikkje betalar, blir det vurdert å stanse bladet. Vi oppfordrar også jølstringane om å bruke giroen som låg ved bladet i juni i fjor, eller betale sine 150 kroner på andre måtar. Jølster kyrkjelege fellesråd har truleg viktigare ting å bruke pengar på enn å dekke underskot i Hyrdingrøysta. Red.


10 HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Kode B – trusopplæringsarrangement for 10-åringar Fekk bli kjende med Bibelen Bibelen kan ofte vere vanskeleg å forstå. Men når vi byrjar å knekke koden så er det mykje å oppdage, og vi kan finne mange skjulte skattar! tekst UTE LINDNER | foto BJØRG DVERGSDAL

Derfor inviterte vi alle som fyller 10 år i Jølster til å knekke Bibelkoden på Kode Bsamlingar på Vassenden og Skei. Det var to fine gjengar som kom til samlingane! Saman blei vi meir kjende med Bibelen, det var quiz og leik, mat og song, vi øvde til gudsteneste og mykje meir. 10-åringane fekk også utdelt sin eigen «Levande boka», ei bibelbok spesielt for ungdom. Kjekt å vere saman med dykk! Håpar vi sjåast i haust til neste arrangement for 10-åringar!

Prosesjon inn i Ålhuskyrkja.

Det vanka bibelbok til alle som var med. Bak frå venstre: Sigrid Støfringsdal, Heidi Kjos Sunde, Ella Grønfur, Annbjørg Eikås, Mathias Lund. Framme frå venstre: Ingrid Svidal, Andrea Årset, Synne Vasstein.


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

11

Nokre tankar kring gudstenestene i jula Ny praksis

Ikkje gudsteneste i Helgheim på juledagane

Jula 2017 er lagt bak oss med sine minner. For meg står eit spørsmål etter jula 2017 heilt utan svar, kvifor så få gudstenester i Helgheim sokn jula 2017. tekst HILDEGUNN HUUS | foto HALLSTEIN DVERGSDAL

Eg reknar med at eit av svara er at folk gå i kyrkja julafta og elles lite, og at det var gudstenester i dei andre kyrkjene i Jølster, og at ein kunne fylle dei. Aksepterer Eit svar som eg fullt ut må akseptere, men likevel ikkje heilt vil la ligge utan å ta det opp. Er det berre eg som har reagert eller er det fleire? Kan og hende at Helgheim sokneråd eller presten har orientert, i

forkant av jula, om at det vart færre gudstenester i soknet i julehelga, då beklagar eg at eg ikkje har fått det med meg. Eg er ein av dei som likar å gå i kyrkja både julafta og juledag. Julafta fordi det er mange som går då og ein treffer mange som er heime i jula, og det er ei god stemning i kyrkja, både inne og ute. Når så juledagen kjem går eg til ei stille og roleg, men veldig høgtidleg gudsteneste der sjølve bodskapen fester seg betre. Kyrkja treng folk Eg treng ikkje gudstenestene i Helgheim meir enn andre, men eg trur kyrkja treng meg i tillegg til dei andre.. Mine barnebarn bur i Bergen når dei kjem køyrande og passerar Helgheim kyrkje kjem følgjande utsegn ”no er vi komne til besta si kyrkje” og det er sant.

Det var ikkje gudsteneste i Helgheim kyrkje første juledag i år.

Den som likar å gå i kyrkja gjer det fordi han eller ho tek del i ein fellesskap og får presentert ein bodskap. Kan vi sjå langt etter gudstenester i Helgheim kyrkje på høgtidsdagane i jula utover julaftan i framtida?

Vil samle seg om ei kyrkje i jula Ålhus juledag

Helgheim påskedag

Vi har lagt fram for sokneprest Silje Sørebø dette med færre gudstenester i jula enn det som har vore vanleg, og fått svar på kvifor det er slik. tekst og foto HALLSTEIN DVERGSDAL

– Dei siste åra har det vore svært få til kyrkje både 1. og 2. juledag. Mange har no begynt å gå på gudsteneste julaftan i staden for på høgtidsgudstenesta 1. juledag/2. juledag, seier presten. Fleire har bestemt – Gudstenestelista er noko vi har blitt samde om i soknerådet, og den er godkjent av prost. Det er ikkje noko berre eg bestemmer, er beskjeden frå presten som legg til at det i soknerådet er ei klar oppfatning av at det bør vere mogeleg å samle seg om ei høgtidsgudsteneste i Jølster.

– Det tar trass alt berre 10 minutt å køyre frå Helgheim kyrkje til Ålhus kyrkje. Når ein først sit i bilen, gjer det praktisk talt ikkje nokon skilnad. Fordelen med å samle seg om ei gudsteneste, er at då kan ein få ei kjensle av å vere litt fleire i lag, og slik vart det dette året i Ålhus, for dei som kom. I Helgheim første påskedag Det har i fleire år vore felles gudsteneste for heile bygda i Helgheim første påskedag. Slik sett meiner presten at det er naturleg med ei felles gudsteneste i Ålhus første juledag. Dette også fordi både Helgheim og Vassenden har gudsteneste julaftan. – Vi hadde heller ikkje gudsteneste første nyttårsdag, men har valt å halde på nyttårsaftan fordi vi tykkjer det er ein fin tradisjon med midnattsgudsteneste, er meldinga frå presten som tykkjer det er bra med gudstenestetilbod i jule- og nyttårshelga. – For dei som vil, er det altså mogeleg å

gå på gudsteneste både julaftan, 1. juledag og nyttårsaftan. Det er då ikkje så lite, avsluttar Silje.

Sokneprest Silje Sørebø tykkjer gudstenestetilbodet i jule- og nyttårshelga er bra.


12 HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

Prestestudentar til Jølster Er allereie på plass

Blir å høyre i påska

Fredrik Sletbakk (27 år) og Solveig Sandnes (25 år) er prestestudentar ved Det teologiske menighetsfakultet i Oslo og skal ha sin første kyrkjelydspraksis i Jølster. tekst og foto SILJE SØREBØ

I løpet av ein månad skal dei vere saman med soknepresten i det ho gjer og dei skal sjølve få prøve seg som både predikantar og liturgar. – Sogn og Fjordane er det einaste fylket eg ikkje har vore i. Difor er det eit ekstra bonus å få lov til å ha praksisperioden min i Jølster» seier Fredrik som er oppvaksen i Narvik og har arbeidserfaring mellom anna frå LO. – Eg er glad i natur, så når eg no bur i Oslo til vanleg, blir det fint med nokre veker mellom fjell og natur. Solveig kallar seg helst Sol. Ho er oppvaksen både på Lindesnes og på Sunnmøre. Ho er eit sosialt vesen som er glad i god mat og drikke og samvær med andre. – Eg gleder meg til praksisen, men er sjølvsagt også litt spent, seier ho. – Kvifor har de valt å studere teologi?

Kva er det som fristar med presteyrket? spør eg. – For meg handlar det om å få høve til å snakke om det som betyr aller mest for meg, Jesus, og å kunne samtale med ulike menneske om både store og små spørsmål, seier Sol, noko Fredrik samtykkjer i – Ja, det verkar meiningsfullt å kunne møte folk i forskjellige fasar av livet, både

i dei vakraste og vondaste stundene, svarar han. Sol skal preike på gudsteneste i Ålhus kyrkje 18. mars og Fredrik skal preike 1. påskedag i Helgheim kyrkje. Vi ynskjer dei velkomne til Jølster og Guds signing over studiar og praksisperiode!

Kyrkjelydstur Laurdag 16. juni arrangerer sokneråda i Jølster

TUR TIL SOGNEFJORDEN OG HØYANGER SØRSIDE Det vil bli felles bussreise frå Skei kl 10. Turen går først til Ortnevik kor vi vil sjå på stavkyrkja og skulpturparken som bonde og kunstnar Anders Brekke har laga. I Ortnevik blir det også andakt i Ortnevik kyrkje. Vidare går turen til Sørebøgarden kor Silje prest kjem i frå. Her blir det middag i gamlestova på Sørebø. Geir Sørebø vil fortelje om Olav Sande som samla inn segn og forteljingar i Sogn på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Turen avsluttast med eit besøk på Massnes villmarksmuseum i nærleiken av Ikjefjorden.

Pris for turen vil bli ca 500 kr per pers (buss, ferje, middag, kaffi og vaflar og inngangsbillett til museum inkludert) Alle er velkomne til å melde seg på turen! (På grunn av begrensa plassar på buss, er det dei som først melder seg på, som er sikra plass) Påmelding innan 1. juni til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no eller tlf. 57 72 85 06


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

13

Bibelen er påskekrim god som nokon Drap, intriger og dramatikk i fleng Påskekrim er eit velkjent og etter kvart gammalt omgrep. Fenomenet skal vist nok stamme frå ei avisannonse i 1923

tekst og foto HALLSTEIN DVERGSDAL

Den handla om lanseringa av romanen «Bergenstoget plyndret i natt» fredag før palmehelga og lagde mykje styr. Det var nemleg slik at ikkje alle fekk med seg at dette var ei annonse, og såleis trudde at toget verkeleg var plyndra. Det starta med drap Vi kjem ikkje langt ut i det gamle testamentet før vi får eit rått og brutalt brodermord. Dette er eit drap som botnar i blind misunning fordi Gud ikkje vil akseptere offeret til Kain, men tek i mot Abel sitt. Men den aller første krimsaka skjer endå tidlegare, då foreldra til desse to trassar påbodet om å ikkje røre frukta på kunnskapens tre i Edens hage, og let seg freiste av slangen i paradiset til å smake. Dermed var det over og ut med det paradisiske livet for dei to syndarane. Frå då av fekk dei kjenne på kroppen kva det vil seie å vere menneske. Påskedramaet Men det er sjølvsagt dei dramatiske hendingane som er opphavet til påskefeiringa vi kanskje først og fremst tenkjer på når det gjeld krim i bibelen. Jesus, oppviglaren frå

Nazareth, var til stadig irritasjon for dei romerske makthavarane og pesteskapet og vart rekna som ein farleg folkeførar, jødane sin konge. Når han så til slutt vart utsett for det som må seiast å vere rått forræderi av Judas, og teken til fange, så vart det ei farseliknande «rettsak» der Pilatus, som i utgangangspunktet, ville frikjenne Jesus, men vart pressa av ei oppøst folkemengde til å dømme han til døden og heller sleppe fri ein småforbrytar som Barabas. Vi veit korleis det enda og Jesus fekk dødsdommen, medan Barabas gjekk fri. Dermed kan vi slå fast at Jesus vart offer for eit justismord og dømd av det som nærast må kallast ein militær standrett. Mysterium Men kva skjedd med liket som berre forsvant? Nokon må ha flytta det, eller var han ikkje død likevel? Og kva var det med Maria Magdalena, den mest omtala kvinneskikkelsen i Bibelen etter Jomfru Maria. Var ho elskarinna til Jesus, og dreiv han i så fall

SVAR PÅ KONKURRANSE I JULENUMMERET AV HR:

med eit slags uformelt sambuarskap? Ho var i alle fall aldri langt unna når dramatiske ting skjedde. Ho var sjølvsagt også med då det tre dagar etter korsfestinga og gravlegginga vart oppdaga at grava var tom. Påskeforteljinga er den mest omtala kriminalsaka i historia og boka ho står skriven i vart ein bestseljar utan sidestykke. Jo Nesbø og andre krimforfattarar har all grunn til å vere misunnelege.

SVAR PÅ JULEKONKURRANSE I HR:

Bibel og sånt...

Kan du julesongane?

1. Martin Luther 2. Avlat 3. Pilegrim 4. Halvor Nordhaug 5. Messehagel (vi godtek Messehakel og) 6. Messias 7. Den 6.dagen 8. 2 fiskar og 5 brød 9. «Den lille Bibel» 10. Bergpreika

1. Stille natt, heilage natt , NS 43 2. Her kjem me dine arme små, NS 36 3. Det kimer nu til julefest, NS 44 4. Deilig er jorden, NS 48 5. Eg er så glad kvar julekveld, NS 51 6. Nå er den hellige time, NS 68 7. Opp gledest alle, gledest no, NS 7b 8. Folkefrelsar til oss kom, NS 2 9. Gjer døri høg, gjer porten vid, NS 5 10. O, jul med din glede


14 HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

skei@audhild-viken.no Tlf. 57 72 81 25 Postbok 123, 6801 Førde

952 00 433

Tlf. 57 72 83 50 / 959 87 820 Bjørn 959 87 822 / Geir 959 87 823

COOP MARKED VASSENDEN Måndag–fredag: 8–20 Laurdag: 8–18

COOP MARKED SKEI Måndag–fredag: 9–20 Laurdag: 9–18

Tlf. 57 72 72 00 vassenden@marked.coop.no

Tlf. 57 72 83 77 skei@marked.coop.no

Tlf. 57 72 70 16 / 917 63 804

Lona, 6842 Skei | 57 72 63 60 / 916 56 540 | aardalsbakke.no

6847 Vassenden

EVA AARSETH Tlf. 57 72 75 88

Tlf. 57 72 38 50

6800 FØRDE Tlf. 57 72 65 00 post@dsgruppen.no Tlf. 57 72 74 15 | jolsterbygg.no

EIN SMAK AV TRADISJON frå Anne Grete og Hilde Søgnesand • 6843 Skei Tlf. 951 10 688 / 948 97 236

ROALD SUNDE Maskinentreprenør - Sentral godkjenning

ALF HELGHEIM & CO AS 6843 Skei i Jølster Tlf. 57 72 83 11 post@alfhelgheim.no

FOTO • UR • GULL • SØLV • MUSIKK

SKEI REFLEKSOLOGI  vegen til god helse Else Marie Aa. Heggheim

Tlf. 57 72 81 91 / 952 31 915 GRAVING • TRANSPORT • MURING • SANDTAK

Refleksologi/Soneterapi • Behandling med TDP infrarød varmelampe Øyrelys • Detox • Body-wrapping • Bindevev- og refleksologimassasje Timebestilling: tlf. 974 05 662 | skeirefleksologi.no

NORSK SØNDAGSSKOLEFORBUND

 AUT. ENTREPRENØR 

søndagsskole.no | Konto: 8220.02.81027

graving • sprenging • transport • levering av pukk, singel og grus Tlf. 57 72 83 32 / 957 59 694

JOSTEIN SUNDE


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2018

15

Kyrkja vår heim

Gudstenesteplanen kan bli endra; sjå oversikten på “Det Skjer”- sida i Firda. MARS Søndag 18.03 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Maria Bodskapsdag. Fridtjov Urdal fortel om kunsten i Ålhus kyrkja etter gudstenesta. Palmesøndag Søndag 25.03 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Familiegudsteneste med utdeling av barnesalmeboka til 8-åringar Skjærtorsdag Torsdag 29.03 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 19:00 NB! Merk tida. Kveldsmat etter gudstenesta Langfredag Fredag 30.03 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Pasjonsgudsteneste med lesing av lidingssoga. Pasjonsmusikk på orgelet kl. 10.30 - 10.50 APRIL Påskedag Søndag 1.04 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00. Høgtidsgudsteneste. Konfirmantane tek del. Påskeplask. Maryan Mundal, trompet 2. påskedag Måndag 2.04 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 19:00 Merk tida! Songkveld. Vi syng salmar knytta til påskehøgtida 2. søndag i påsketida Søndag 8.04 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Predikant: Ingvild Frøyen frå Det norske misjonsselskap. Kyrkjelydens årsmøte etter gudstenesta. 3. søndag i påsketida Søndag 15.04 HELGHEIM KYRKJE kl 11 Kyrkjelydens årsmøte etter gudstenesta. 4. søndag i påsketida Søndag 22.04 ÅLHUS KYRKJE kl 11 FREDAG 27.04 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 18:00

Samtalegudsteneste MAI 6. søndag i påsketida Søndag 06.05 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 11:00 Konfirmasjonsgudsteneste. Blåsarar frå Jølster musikklag tek del Søndag før pinse Søndag 13.05 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Konfirmasjonsgudsteneste. Maryan Mundal tek del med song og trompetspel 17. mai Torsdag 17.05 HELGHEIM KYRKJE kl. 11 Familiegudsteneste ÅLHUS KYRKJE kl. 12:30 Familiegudsteneste Pinsedag Søndag 20.05 ÅLHUS KYRKJE kl 11 2. pinsedag Måndag 21.05 Friluftsgudsteneste på Hamnanova. Avgang frå parkering i Dvergsdalen kl 11.

teneste. Markering av nye vindauge/glassmaleri Helgheim kyrkje. JULI 6. søndag i treeiningstida Søndag 1.07 VASSENDEN KYRKJESENTER kl 11 7. søndag i treeiningstida Søndag 8.07 ÅLHUS KYRKJE kl 11 Det er høve til dåp i dei fleste gudstenester. Ta kontakt med kyrkjekontoret for nærare informa-sjon.

Konfirmasjonsdatoar i åra framover Frå og med 2019 blir det konfirmasjon fast første helga i mai i Helgheim kyrkje og andre helga i mai på Vassenden kyrkjesenter.

Treeiningssøndag Søndag 27.05 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Familiegudsteneneste. Tårnagentar/ 9-åringar frå tårnagenthelga deltek. JUNI 2. søndag i treeiningstida Søndag 03.06 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 3. søndag i treeiningstida Søndag 10.06 KJØSNESHOGEN kl. 11:00 Folkemusikk- og friluftsgudsteneste. Kåre Eide på akkordion deltek. 4. søndag i treeiningstida Søndag 17.06 SANDALEN GRENDAHUS kl. 11:00 Keltisk gudsteneste 5. søndag i treeiningstida/Jonsok Søndag 24.06 HELGHEIM KYRKJE kl. 15:00 Generasjonsguds-

Døypte ÅLHUS SOKN | Ålhus kyrkje 17.12.17 Maya Ekroll 17.12.17 Mia Øvsthus HELGHEIM SOKN | Helgheim kyrkje 21.01.18 Ada Fuglestrand Ripe

Gravlagde HELGHEIM SOKN | Helgheim kyrkje 19.01.18 Andreas Fonn 30.01.18 Oddrunn Dvergsdal 09.02.18 Ingrid Skrede


NR. 1/2018 – 79. ÅRG.

Snart nye vindauge i Helgeimskyrkja Det har som kjent ei tid vore arbeidd med å få plass att vindauga i koret som vart fjerna under restaureringa av kyrkja i 1952 tekst og foto HALLSTEIN DVERGSDAL

Ifølgje soknerådsleiar i Helgheim sokn, Astrid Feldt, er det like før at arbeidet med å få plass dei nye vindauga med glasmåleri kan ta til. Etter påske Astrid Felt opplyser at arbeidet med å produsere dei nye vindauga er i sluttfasen og at ho reknar med at dei blir monterte ikkje så lenge etter påske. Dermed blir kyrkja ført tilbake til den utsjånaden ho hadde med eitt vindauge på kvar side av koret. Dei gamle vindauga hadde ikkje glasmåleri og dei vart fjerna fordi lyset som kom inn frå sidene, til tider kunne forstyrre presten når han sto vend mot alteret. Men arbeidet med å tette opningane var ikkje utført på beste måte og spor etter dette er godt synleg.

findriv.no

Søkte i fjor Det er eitt år sidan biskopen fekk søknad om å få sette inn att nye glas i koret, og han sa då han var på visitas sist haust, at altertavla ville gje eit betre inntrykk med lys inn frå sidene. Etter kvart har også Riksantikvaren vore inne i biletet og prosjektet er fullfinansier gjennom ei anonym gåve på 625.000 kroner. Den som har vore kunstnaren bak dei nye glasmåleria er Åshild Havåg Bergseth, som også har produserte liknande glasmåleri i Florø kyrkje, ei kyrkje som har same arkitekt som Helgheimskyrkja og som har fleire likheitstrekk med denne. Ideen til prosjektet kom frå Jarle Helgheim som også har vore prosjektleiar og koordinator. Det var i utgangspunktet håp om å få vindauga på plass til jul, og såleis innan utgangen av 140-års jubileet for kyrkja. Slik gjekk det ikkje, men no er det truleg like før.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.