Hotelltoppen prospekt

Page 1

Tomannsbustad pü Hotelltoppen med utsikt over heile Førde sentrum


Panorama Tomannsbustaden ligg flott plassert med panoramautsikt over heile Førde sentrum, den vakre elva Jølstra og ut over fjorden.

Her kjem tomannsbustaden



Arkitektteikna tomannsbustad Den moderne og minimalistisk bustaden med gode romløysingar ligg flott plassert i terrenget med inngang på hovudplanet som inneheld kjøkken, stove, bad og soverom. Hotelltoppen har fantastiske solforhold i sommarhalvåret og med utplass på begge plan kan du nyte sola på terrassen eller i din eigen private hage heilt fram til kl. 22.30 på kveldane!



Siste nytt frå Huseby Kjøkkenet blir innreia med Modell Sirius frå Huseby sitt nye prosjektsortiment « Agil», Her har ein moglegheit for å velje mellom 4 fargar utan pristillegg. Heilkvit - Eggekvit - Kvit Lin- Grå skifer. Du kan òg velje mellom ei mengde valfrie frontar utan priskonsekvens. Stove og kjøkken blir ekstra luftig med 3,2 meter takhøgde i front.



Soverom og bad Bustadane har 2 bad, det eine på heile 9m2. Dette kan du innreie som eit romsleg vaskerom/bad eller kanskje du ønskjer å lage eit spa/bad du bestemmer. Det er lagt opp til 4 soverom i bueiningane. Her ser du det luftige hovudsoverommet i underetasjen, med ei fantastisk utsikt og utan innsyn. Her kan du også gå direkte ut i hagen.



Valmogelegheiter I forbindelse med dei 3 soveromma i underetasjen har vi her illustrert ein flott TV-krok med bod bak skyvedørene. Ta kontakt med oss, og vi vil ta ein gjennomgang av kva alle valmogelegheitene. Her kan vi i stor grad tilpasse etter dykkar ønskje og behov.



SentrumsnÌr Som de ser av bilete er det eit steinkast til sentrum. Likevel bur du her landleg til med fleire barnehagar, skular og flott turterreng like i nÌrleiken. Kort avstand til alle arbeidsplassane og servicetilboda i sentrum. Bu trygt og stille pü enden av einblindveg med 5 min. gangavstand til Førde sentrum.


Delvis overbygd terrasse i front gjer at ein kan sitte ute og nyte varme sommarkveldar sjølv om det skulle være litt «duskregn» i lufta.


Eigeninnsats eller nøkkelferdig Tomannsbustaden har arkitekten vår planlagt med enkle gode løysningar, romsleg stove og kjøkken, 4 soverom,2 bad, eigen Tv-krok i underetasjen. Stove og kjøkken har ekstra takhøgde i front med store vindauge. På kjøkken blir det eit vindauge mellom benken og overskåpa som er ein fin detalj som gjer at det blir lyst og trivelig. Bustaden vert levert med utebod i front som gjer det enkelt å komme til for oppbevaring av utstyr som man trenger og oppbevare under tak. Bustadene vert selt «nøkkelferdige», det vil seie at kunden overtek bustaden når den er ferdig og klart for overtaking. Du kan sjølv velje standard på overflater i dei ulike romma. Ønskjer du å gjere eigeninnsats på bustaden, vil vi leggje til rette for det. Ta kontakt med oss slik at du får oversikt over dine valmulegheiter.


Hovudetasje

Underetasje

Vest

Vest

Aust

Aust


Situasjonsplan «Hotelltoppen» ligg innanfor reguleringsplanen for Førde Hotell – bustadtomter og ligg plassert på høgda ovanfor i Førde sentrum. «Hotelltoppen» er regulert til einebustadar og tomannsbustadar. «Hotelltoppen» er regulert med 6 bustadtomter og på tomt nr. 5 ( 800m2)har vi planlagd denne flotte tomannsbustaden. Det tar 5 minutt å gå til sentrum av Førde via ein gangveg som går like bortanfor og ender opp ved Førde Hotell. På Ytre Hafstad er der barnehage, barne og ungdomsskule og fine turterreng.


Førde Hotell

Tomt tomannsbustad

Øvre Kleivane

Bøgardsvegen


Gravdalgruppa Vi i Gravdalgruppa gjer det enklare for deg å bygge ny bustad. Vi tilbyr ferdige bustader der du ikkje treng å gjere noko meir enn å hente nøkkelen og flytte inn. Når du skal gjere bustaddraumen til verkelegheit, er det viktig å velje ein samarbeidspartnar du kan stole på. Ein samarbeidspartnar som ordnar alt de har tenkt på – og alt det de ikkje visste måtte gjerast. Kort sagt; ein samarbeidspartnar som gjer bygge-prosessen enklare. Vi bygger bustader som er attraktive og moderne, og vi ønskjer du skal få deg ein bustad du vil trivast med å bu i. Gravdalgruppa (som består av Gravdalgruppa as, Gravdal Prosjekt-utvikling as, Gravdal Bustadprosjekt as, Gravdal Bygg as) har sidan 1961 vore ein av dei leiande aktørane innan bustadbyggebransjen i Sogn og Fjordane og Hordaland. Hovudaktiviteten til Gravdalgruppa er totalentreprisar innan privat sektor, fortrinnsvis i bustadmarknaden, men vi har også lang erfaring med bygging av omsorgsbustader, skular og barnehagar til offentleg sektor. Gravdalgruppa sel i eit normalår ca.50 leilegheiter og rekkjehus. Vi har i dag gjennom eigne tomter/opsjonar på tomteareal potensiale til å bygge 1.000 bustader/hytter på Vestlandet. Vi har kjøkkenbutikk i Førde der vi tilbyr eit rikt utval av kjøkken, bad og garde-robar frå 3 kjende leverandørar. Vi har eigne tømrarar. Gravdalgruppa sitt hovudkontor ligg i Førde med kontor i Bergen. Vi er per i dag ca. 40 tilsette. I tillegg sysselset vi eit større tal underleverandørar. Gravdalgruppa omset i eit normalår for ca. kr 200 mill., og har ein solid økonomi. Vår visjon er at vi skal ha det moro på jobb og ha god lønsemd i det vi driv med. Vidare skal vi vere samfunnsbyggande til glede for våre tilsette, våre kundar, våre leverandørar og våre lokalsamfunn. Besøk gjerne vår heimeside, www.gravdal.no. Vi håpar vi kan inspirere deg slik at du finn din nye draumebustad.


ATTERHALD: Alle opplysningar i dette salsprospektet er gjevne med atterhald om rett til endringar som er tenlege og naudsynte, føresett at dei ikkje reduserer den generelle standarden vesentleg. Kjøpar aksepterer at utbyggjar har rett til å utføre slike endringar. Alle bilete og illustrasjonar er av illustrerande art og kan avvike frå levert sluttprodukt. Vidare vil det kunne vere unøyaktigheiter på utsikta i dei ulike interiør- og eksteriør-illustrasjonane. Der det er avvik, gjeld leveransebeskriving og salskontrakt framfor dette prospektet. Vi tek atterhald om kommunal godkjenning. Oppgjer kan etter utbyggar sitt ønskje skje ved garantistilling etter bustadoppføringslova §47. Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransebeskriving og i salsprospektet. Førde, 23.01.15.


skattefri inntekt pĂĽ eigen utleigedel! Leilegheitene er pĂĽ heile 117m2, av dette ei eiga flott utleigedel eller generasjonsbustad pĂĽ 35m2. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer ĂĽ komme gunstig inn i bustadmarknaden. Leiligheitene har: t *OGSBTUSVLUVS GPS HBTT UJM LK“LLFO PH TUPWF t &JHFO QBSLFSJOHTLKFMMBS NFE IFJT t &JHB TQPSUTCPE TBNU GFMMFT TZLLFMCPE PH CPTTCPE t 4PMSJL CFMJHHFOIFJU WFE 4FOUSBMTKVLFIVTFU CBSOFIBHF PH LK“QFTFOUFS t (PEF PH GVOLTKPOFMMF QMBOM“ZTJOHBS QĂŒ FJU QMBO NFE MJWTM“QTTUBOEBSE

akt t n o k a T s! s o v a n i 000,Prisar frĂĽd3e 870 me finnkode: 38597282

engeleg j g l i t r e Vi :) gnetiltvisning! ø d i Velkommen r a 24 tim Bustadprosjektseljar Bente AndenÌs Mobil: 90 82 14 17 Sentralbord: 47 87 40 00 E-post: ba@gravdal.no

Tomannsbustad Hotelltoppen

Bustadprosjektseljar Stian Grimseth Mobil 91 36 05 31 Sentralbord: 47 87 40 00 E-post: sg@gravdal.no

55194354

r om Gravdalgruppa sine prosjekt pĂĽ www.gravdal.no

Bente AndenĂŚs Tlf.: 908 21 417 ba@gravdal.no Stian Grimseth Tlf.: 913 60 531 sg@gravdal.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.