Gravdal Nytt våren 2012

Page 1

Nyheiter frå Gravdalgruppa – vi realiserer bustaddraumen din...

GravdalNytt - våren 2012


Kjære lesar! Våren nærmar seg med raske steg, dagane vert lengre og om ikkje lenge vil vi oppleva at vårt kjære fylke eksploderer i si grøne fargeprakt. Vi i Gravdalgruppa ynskjer med dette heftet å få informere om våre spennande prosjekt som er i marknaden –ikkje minst nyhende for i år. Vi er stolte over å ha fått igong gode prosjekt både på Jølster og i Naustdal, i tillegg til våre suksessfulle felt på Vie og Falkenstein i Førde. Kanskje er dette noko for nettopp deg? Vidare har vi eit fantastisk hytteområde i Hellevika i Fjaler, og på kjøkkenavdelinga vår står dyktige fagfolk klar for å hjelp deg å realisere ditt draumekjøkken eller bad. God lesnad, og ha ein strålande vår!

Beste helsing Stian Grimseth Dagleg leiar, Gravdal Bustadprosjekt AS – eit selskap i Gravdalgruppa

Dagleg leiar Gravdal Bustadprosjekt Stian Grimseth Tlf.: 478 74 000 / 913 60 531 sg@gravdal.no

Dagleg leiar Gravdal Byggsenter Heidi Ann Haaland Tlf.: 478 74 000 / 413 30 508 heidi-ann@gravdal.no

Kjøkkenkonsulent Gregers Kondrot Tlf.: 478 74 000 / 991 14 585 gregers@gravdal.no

Bustadprosjektseljar Bente Andenæs Tlf.: 478 74 000 / 908 21 417 ba@gravdal.no

Kjøkkenkonsulent Margrethe V. Kalstad Tlf.: 478 74 000 / 982 66 105 mvk@gravdal.no

Kjøkkenkonsulent Anette Birkeland Tlf.: 478 74 000 / 415 77 146 ab@gravdal.no

| www.gravdal.no

leiar / kontaktinfo


11 moderne rekkehus på Falkenstein I solveggen av Førde har vi no gleda av å presentere 11 unike rekkehus med gangavstand til det meste av handel og offentlege tilbod i Førde. • Roleg og sentrumsnært område • Takterassar for å sikre optimale sol og utsiktsforhold • Moderne og tiltalande arkitektur • Fleksible løysingar med 3 til 5 soverom • Unik mogelegheit i hjartet av Førde

førde


Viebakkane - nokre få rekkehus står att På Viebakkane veks det fram eit landemerke i Førde arkitekturen som vi i Gravdalgruppa er særs stolte over. Salet har vore svært godt, men endå har du mogelegheit til å sikre deg eit av desse flotte husværa. • Solrikt med ei fantastisk utsikt frå Viefjellet i aust, Hafstadfjellet og vidare til sola går ned i vest. • Moderne og vedlikehaldsvennlege bustader. • Kort avstand til Sentralsjukehuset – største arbeidsplassen i Sunnfjord.

| www.gravdal.no

førde


Vie Sør – eit eventyr innan bustadbygginga i Førde Vi har nokre få leilegheiter att i den nest siste blokka vår (A5) på Vie Sør, no kan tida vere inne for deg som ynskjer å bu enkelt og godt på Vie. Vår siste blokk på Vie Sør (A7) er vi no i ferd med å planlegge med mindre rimelege leilegheiter. Ta kontakt så skal vi halde deg orientert om når vi har fått dei endelege løysingane avklart. • Alle leilegheitene kan løysast med eit ekstra soverom ved behov • Eigen parkeringskjellar og heis - livsløpsstandard • Vie Sør var med i Solgt på NRK og fekk skryt for god beliggenheit, gode og effektive planløysingar – og ein av meklarane konkluderte med at her vil det verte god verdistigning når heile feltet står ferdig.

førde


Fantastiske einebustadtomtar i Mallasvika For deg som drøymer om din eigen einebustad i Sunnfjord, har vi no endeleg gleda av å kunne tilby tomtar i Mallasvika – utan byggeklausul. • Fantastisk utsikt over Førdefjorden, med det mektige Heilefjellet i vest. • Solrikt og lunt klima langs fjorden • Idrettsbarnehagen står klar i Naustdal hausten 2012, eit godt oppvekstmiljø er viktig for dei av dykk som er i etablerarfasen.

6

tomter til sals Unik sjanse! 12 nye leilegheiter til sals frå 1. mai!

| www.gravdal.no

Planlagd båtplass

naustdal


Utsikt frå leilegheitene. Her blir det godt å bu!

Unikt leilegheitsprosjekt i sjøkanten av Mallasvika Eit liknande leilegheitsprosjekt så tett på sjøen skal ein leite lenge etter... • Berre nokre hundre meter frå det flotte Sanden området, butikkar, barnehage og skulen i Naustdal • 15 minutts køyring til Førde og 35 minutt til Florø • Både for leilegheitene og einebustadtomtane i Mallasvika vert der høve til å kjøpe fine båtplassar • Her kan du bokstaveleg talt fiske middagen frå «din eigen hage» • Salsstart i mai

naustdal


Bilete tatt øvst i feltet, der vi om ikkje lenge kan tilby einebustadtomter.

Årsetbakkane – leilegheiter ved Jølstravatnet På Årsetbakkane byggjer vi eit kompakt leilegheitsbygg for deg som er i etableringsfasen, eller ynskjer ei leilegheit for eit enklare liv med mindre hagestell og vedlikehald.

Illustrasjon

• Solrikt og flott utsikt over vakre Jølster • Gode løysingar, alt på eit plan med livsløpsstandard • Gangavstand til butikk • 20 minutt køyring til Førde • Det gode liv på Vassenden med sitt aktive tilbod innan alpint, ski, golf, rafting… • Salsstart seinast i mai

| www.gravdal.no

jølster


Illustrasjon

Hellevika – lunt og trygt yst i Dalsfjorden Er tida inne for å realisere hyttedraumen du har gått med lenge? I Hellevika ved Kjøsnes i Fjaler ligg ei lun og vakker perle som er godt eigna for badeleik og sjøaktivitetar. • Kort avstand til Alden og Bulandet • Barnevennleg og trygg vik • Fantastisk utsikt og soltilhøve • Ein times køyring til Førde • Skjerma, men berre nokre åretak til ein er i Dalsfjorden og storhavet…

fjaler


Spanande vår hos Gravdal Kjøkken Vi har brukt vinteren på å fornye butikken med nye, flotte kjøkkenutstillingar frå våre 2 leverandørar; Huseby og Sigdal, og endå fleire er i vente utover våren! Vi gler oss til å vise fram vårens nye trendar og fargar, og står klare til å designe ditt draumekjøkken! Ynskjer du eit Herskapeleg Herregårdskjøkken eller eit Minimalistisk Høg-glanskjøkken med rette linjer? Vi teiknar kjøkkenet slik DU vil ha det, og tilpassar det etter mål på rommet. Hos oss kan du få handmalte dører med eller utan profilar, og spesialtilpassa skåp i den fargen du ynskjer. Kom innom oss for ein kjøkken-prat, og sjå alle våre spanande nyheiter!

| www.gravdal.no

kjøkken


Nyt livet på badet I løpet av sommaren vil baderoms-avdelinga vår få eit etterlengta løft! Nye spennande bademiljø er under planlegging, og vi gjer oss klare for å designe ditt personlege bad i Sigdal sitt flotte baderoms-sortiment. Eit bad er mykje meir enn ein benk og to overskap med speil imellom. Det er eit rom å vakne i, og å falle til ro i. Oppkvikkande, avslappande – rett og slett fargar, belysning, stemning – og god planlegging. Vi gler oss!

bad


VI byggjer der DU vil trivast: • Førde • Jølster • Naustdal • Fjaler Landleg, men sentralt mellom fjordar og fjell - einebustad, leilegheit, hytte eller kjøkken -

Utforming: findriv 2012

Vi er der for deg og din draum!

| www.gravdal.no

siste


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.