Førdefestivalen festivalmagasin 2016

Page 1

VI INTRODUSERER

MOR KARBASI Sefardisk førstedame med tre heimland

Førdefestival

i beste sendetid

På flukt Flight

fordefestival.no

fordefestival.no

FESTIVALMAGASINET 2016

1


Europa 2016: Korleis møter vi dei tusenar som seglar mot håpet om å overleve? Best ved å sjå dei som medmenneske, med namn, alder og umisteleg verdi. Som publikum på Førdefestivalen er det umuleg å verje seg mot denne innsikta, at vi må møte våre medmenneske slik. Gjennom årets tema “På flukt” viser festivalen deg den kulturelle rikdommen i land vi assosierer med krig, konfliktar, fattigdom og naud. Opplevingane vil minne oss om at migrasjon til alle tider har påverka og utvikla samfunna våre – og oss sjølve.

40

36

ISMANNEN

SIGØYNARFEST

54

50

MOR KARBASI

44

STJERNER I STORSALEN

2

FØRDEFESTIVALEN

4

SYRISKE BØNER

JAWANA OG DANSEN

26

KUNSTEN Å DELE EIN KOPP

FESTIVALMAGASINET 2016 Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum Redaksjon: Janne Karin Støylen, Åsta Urdal, Torill G. Faleide, Marianne Lystrup og Hilde Wiik Grafisk formgjeving: findriv.no Førde Opplag: 43.000 Med atterhald om feil og endringar.


VÅR BY ER DIN BY! Verda kjem til Førde. Og vi helsar hjarteleg velkomne! Slik vi har gjort kvart år sidan Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vart etablert i 1990. Festivalen er i dag den største og tydelegaste kulturelle merkevaren Sogn og Fjordane kan vise fram, med både nasjonalt og internasjonalt renommé. Den årvisse feiringa av mangfaldet i musikken kring om på kloden manglar sidestykke! Byen vår har blomstra og bygdene har svinga seg i all verdas dans. Og kvart år har vi kjent oss litt rikare. Artistane som kjem til Førde har til felles at festivalen inviterer dei for det dei kan, for det dei har. For arven dei forvaltar og formidlar som framifrå utøvarar av sin kultur. Og vi møter dei

med forventningar. Vi let oss begeistre og berøre. I desse møta aukar den rikdomen som fanst her frå før. Med det dei gjev, med det vi tek i mot. Men fattigdom og mangel på grunnleggande menneskerettar driv folk på flukt. Til oss kjem dei for det dei manglar, for alt dei ikkje har. Men la oss likevel møte dei slik festivalen har lært oss: Med forventningar. La oss spørje kva dei kan. Kva dei har. Når du blir sett på som ein ressurs, blir du ein ressurs. Denne bodskapen ligg til grunn for årets tema: ”På flukt”. Frå krigsherja land og forfølgde folkeslag står dei på scena som dei stjernene dei er, slik som på opningskonserten: Syriske Broukar kjem med musikarar som i dag er flyktningar i ulike

land i Europa. Frå Eritrea kjem songaren Faytinga. Mor Karbasi kjem med sin sefardisk-jødiske musikktradisjon frå Spania. Romfolket er representert med gruppa Romengo frå Ungarn og Mahala Rai Banda frå Romania. Og vi, vi sit i salen. Og tek i mot. Her får vi smakebitar frå programmet og kan finne artistane att seinare i festivalhelga. Vi har likevel lite vi skulle ha sagt. Desse fem dagane følgjer vi Hilde Bjørkum, i stoltheit over å få vere ambassadørar for Førdefestivalen, i glede over å få vere ditt vertskap. Vår by er din by – velkomne!

Olve Grotle, ordførar Jenny Følling, fylkesordførar

FESTIVALMAGASINET 2016

3


Jawana og dansen - Før eg byrjar å danse, og når eg avsluttar, gjer eg ein Namaskaaram. Det er ei helsing der eg ber Mor Jord om orsaking for at eg trampar på henne, og eg ber om tilgjeving for at eg, heilt utan vilje, drep små organismar og insekt som lev på bakken. Og så takkar eg gud, læraren min og publikum. Dansen lærer meg å vere audmjuk og takksam.

Jawana Thayaseelan dansar berrføtt over golvet, og landar elegant med ein fot i kvar leir. - Eg er ikkje enten eller. Eg er begge deler. Norge er landet mitt- eg blir verande her, men minna frå barndomen har skapt meg. I juli ser du førdianaren frå Sri Lanka på scena under Førdefestivalen. Jawana flykta til Norge som 10-åring. No er 10 nye år gått; Jawana bur i kollektiv i Bergen, studerer engelsk ved universitetet og dansar 50-talls swing på fritida. - Etter kvart som eg vert betre kjent med folk fortel eg gjerne at eg har budd på mottakssenter og slikt, ellers reknar dei berre med at eg er fødd her, seier ho, på kav sunnfjordsk. Minna frå fødelandet skildrar ho som kjære og formgjevande; ho hugsar turane til tempelet, høgtidene med festar, musikk og søtsaker. Og, som mange av dei andre jentene rundt ho, byrja ho å lære den hinduiske tradisjonsdansen Bharathanatyam. Jawana står aleine på scenegolvet. Det tjukke, svarte håret er samla i ei lang flette som når ho heilt til baken. Kroppen er sirleg drapert i fargesterke silkestoff, og rundt føtene heng det bjøller. Dess fleire bjøller, dess beire dansar, seier

4

FØRDEFESTIVALEN

tradisjonen/nokre. Mjuke, grasiøse hopp, presise tramp. At bjøllene ikkje klirrar vitnar om kontroll. Ein kontroll som går heilt inn til dei vidopne, dansande augene; Rytmisk flyt og dramatiske gestar formidlar ei historie, eller dannar eit rituale. Rørslene til ein bharatanatyamdansar skal likne rørslene til dansande flammar. - Eg kjende meg liten då eg først kom til Norge. Eg var sjenert, og i eit nytt land der det var vanskeleg å snakke med folk. På den Tamilske Kulturskulen i Førde kunne eg danse, prate og kjenne meg heime. Dei andre barna på Den Tamilske Kulturskulen var stort sett fødd i Norge av tamilske foreldre og skulle lære om den kulturen eg kom rett frå. Det gav eit interessant perspektiv, og det gav meg så klart nokre fordelar når vi hadde språkprøver og slikt - , ler Jawana. Det tamilske miljøet var fint å ha i bakgrunnen, men Jawana ville lære om det nye heimlandet Norge. Ho måtte utforske. - Mitt første møte med Fargespill var i 2008. Då var Ole Hamre og Sissel Saue i Førde for å starte eit samarbeid med Førde Kulturskule, der eg gjekk på kunstfag. Jawana synte dansen sin for dei to kunstnariske leiarane, og ho minnast responsen som heilt fantastisk.


Foto: Arvid Anthun

Dansen lærer meg å vere audmjuk og takksam.

FESTIVALMAGASINET 2016

5


6

FØRDEFESTIVALEN

hallen under Førdefestivalen. Også her vart folk rørte til tårer og smil. - Alle dei ulike kulturane, med sine ulike synspunkt kan vere ei utfordring, men eg har lært så mykje av det. ”Kvifor seier dei slik? Kvifor gjer dei slik?” No veit eg at kvar og ein av oss har ei historie bak oss. Og alle har noko å syne fram. Kanskje er det ein voggesong, frå eit land langt vekke; eg forstår ikkje orda – men eg forstår at den er viktig for deg. Jawana fortel om aksept, om å snakke direkte til folk og om nye venskap. Og eit fellesskap som har gjeve mykje glede, på fleire måtar; - Fargespel gav meg ein dytt i ryggen og minna meg om at eg har kultur i meg. Eg kan faktisk noko! Og når eg dansar, er på scena, er det berre å gi alt – då er det min plass!

KONSERT

- Det vart veldig spesielt. Dei vart heilt begeistra. Og for meg som var 12-13 år, å få slike tilbakemeldingar, frå slike folk, på det som eg elska å gjere - det gav ein voldsom “boost” for sjølvtillita! Det blei første gongen eg fekk bruke dansen min på ein annan plattform enn den tamilske. Etter fire år i Norge kom sjokkmeldinga om at Jawana skulle sendast ut av landet. 9. klassingen gjekk under jorda, medan vener, kjende og lokalpolitikarar engasjerte seg for at jenta måtte få bli. Eit snaut år seinare, kom kontrameldinga, men mykje var annleis. - Å bu med Karen Helga og Hans Jakob har lært meg at ein ikkje treng ha biologiske band for å vere ein ordentleg familie. Dei har gitt meg råd og støtte, rom til å utvikle meg – og masse, masse kjærleik. Det er veldig godt å kjenne på. Kunstnar Karen Helga Maurstig og kulturpersonlegheita Hans Jakob Reite står utanfor den tamilske boksen, men har vore gode støttespelarar for Jawana og dansen hennar. - Dei har heile tida sagt at viss du har lyst, så står vi her bak og støttar; 110%. Ikkje noko press. Og ei slik støtte har vore til hjelp. Bharathanatyam er ikkje noko dans du berre kan slenge deg med i. Her i Europa må du, forrutan danseundervisning, også gjennom 8 nivå med eksamenar før du får kalle deg profesjonell dansar. I fjor vår sto Jawana til eksamen i nivå 6, etter at den vesle familien i årevis har hatt faste torsdagsturar til Florø. Jawana på danseøving, dei vaksne på kafé. - Ein må også lære teorien bak det heile. Dansen har ein bodskap og ein må kunne tyde dei ulike rørslene. Eg lærer også om religionen min gjennom dansen. Jawana er hindu. Då ho var lita, og sint utan grunn, sette ho seg ned og tok ein alvorsprat med ein gud om kva som var i vegen. Så vart det kanskje betre. No har ho for vane å ta ein liten bøn før ho går ut om morgonen. - Desse minna er med på å skape meg og røtene mine, og dei er veldig verdifulle for meg. Religionen er med på å gi meg ein identitet, og dansen knyt meg til denne. Når eg dansar, ber eg dessutan til guden Shiva som er guden for Bharathanatyam, og på den måten får eg også praktisert religionen min gjennom dansen. 17. mai 2014, då heile Norge feira grunnlovsjubileum, fylte Fargespill scena i Operaen i Oslo. Saman med 150 andre barn og unge frå heile landet, ja, frå heile verda, dansa og song Jawana. Ein drøy månad seinare fylte dei Idretts-

Opningskonsert: På flukt! Torsdag 7. juli kl. 19.30 Idrettshallen, Førdehuset


Foto: David Bowen

DANS MEG GJENNOM KROPP OG ÅND Dans meg til din skjønnhet
 med hissig felespill.
 Dans meg gjennom kaos,
dans meg dit jeg hører til.
 Løft meg som et oljeblad,
vær duen som flyr inn.
 Dans meg gjennom kropp og sinn. Dans meg til din skjønnhet når den siste gjest har dratt.
 Før meg langsomt bak de
kjente grensene i natt.
 Dans meg like nær deg
som de gjør i Babylon.
 Dans meg gjennom kropp og ånd. Håvard Rem etter Leonard Cohens: «Dance Me to the End of Love»,

Dans meg gjennom kropp og ånd Various Positions, 1984.

FESTIVALMAGASINET 2016

7


Gjennom tidene, over På denne festivalen møter du dansen som eit fellesmenneskeleg uttrykk for ulike kjensler. Latter og sorg, tru og fortviling. Som tradisjon, religion og kulturarv. Men mest som ein veg til glede og ein stad å møtast. Lat oss møtast – i dansen!

DANS

TORSDAG Margit Myhr: Stilt trør kvinner i sørgedans Torsdag 7. juli kl. 12.00 Teatersalen, Førdehuset

Tre sterke historier om namngjevne kvinner er grunnlaget for soloframsyninga med songar, musikar og dansar Margit Myhr frå Hallingdal: Ei dotter

8

FØRDEFESTIVALEN

FREDAG SambaSunda Fredag 8. juli kl. 15.00 Teatersalen, Førdehuset

SambaSunda, med multi-musikaren Ismet Ruchimat i spissen, vil fornye gamelan-musikken i Indonesia og har utan tvil det meste spennande musikkuttrykket øyriket kan by på i dag. Dette er indonesisk musikk og dans anno 2016. Dansen går i Førdehuset Fredag 8. juli kl. 21.00 Festsalen, Førdehuset

Vi inviterer til dans! I kveld med drivande rytmar frå Indre Sunnfjord Spelemannslag og Norgesmeistrane i gammaldans 2015, Grindstuen og Midtlis. Festivalpass/billett til Mor Karbasi gjev fri entré.

DANS

I denne vakre musikk- og danseframsyninga, gjenskapar Café Aman Istanbul stemninga frå dei små kneipene i det osmanske riket for hundre år sidan. Café Aman var viktige møteplassar for tyrkarar og grekarar, der dei dyrka sin felles rembetikatradisjon.

DANS

Café Aman Istanbul Onsdag 6. juli kl. 20.00 Storsalen, Førdehuset

vart stengd inne for å overleve svartedauden. Ei mor vart avretta, dømd for å ha teke livet av sitt nyfødde barn. Ei ung kvinne emigrerte til Amerika for å leve med mannen ho elska. Dei var totalt einsame om vala sine; korleis tenkte dei og kva drøymde dei om?

DANS

DANS

ONSDAG

Sigøynarfest på Festplassen Fredag 8. juli kl. 23.00 Utekonsert på Festplassen

Bli med på sommarfesten i parken! Mahala Rai Banda frå Romania miksar hardcore balkanbrass med fele og trekkspel til sigøynarroots anno 2016; ein herleg miks av rumensk folkemusikk, litt dub og soul, og ein touch av tyrkisk og arabisk musikk!. Romengo spelar sigøynarmusikk frå den ungarske landsbygda som har impulsar frå andre stilartar, og ikkje minst sigøynartradisjonar frå andre deler av Europa. Dei gjenskapar stemninga frå den gong alle i landsbyen samla


grensene: Dansen går!

DANS

LAURDAG 101 hattar å sparke før eg døyr Laurdag 9. juli kl. 12.00 Teatersalen, Førdehuset

Ei tett-på danseframsyning om kvinna og hennar relasjon til seg sjølv. Kven er ho? Moder jord? Hore? Madonna? Hysterika? Forførerinne? Kor mange hattar må ho prøve å bere før ho ikkje maktar meir? Kor mange roller må ho undersøke, leve opp til, sparke ned, før ho veit kven ho er og kan akseptere alle sine sider og lyster? Med Silje Onstad Hålien og Anders Löfberg.

Broukar Laurdag 9. juli kl. 14.00 Teatersalen, Førdehuset

Sufisme, mystikk og ekstase er stikkord når syriske Broukar byr på autentisk orientalsk musikk i all sin rikdom og prakt. Høgdepunktet er den hypnotiske dervishdansen, der dansaren snurrar rundt sin eigen akse. Sakte i starten, så raskare og raskare, til han oppnår ein religiøs transe. Magisk!

Dansen går i Førdehuset Laurdag 9. juli kl. 22.30 Festsalen, Førdehuset

Det er laurdagskveld og endeleg tid for ein svingom! Norgesmeistrane i gammaldans anno 2015, Grindstuen og Midtlis, og Gamlebanken Spelemannslag spelar opp. Billett til festivalgalla gjev fri entré.

Navarra

DANS

DANS

seg rundt bålet og song ut sine sorger og gleder i ein frydefull fest. Ved dårleg vêr vert konserten på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Sal av mat og drikke.

Broukar

DANS

Margit Myhr

Festivalnatt. Laurdag 9. juli kl. 23.00 Festivalsalen & Barthold Bar, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Velkomen til nordisk og internasjonal fest i to etasjar! Først ut i Barthold Bar er Navarra, ein kvartett som fornyar svensk folkemusikk på energisk vis og får publikum til å røre på seg! Den danske trioen Dreamers’ Circus har også skapt eit eige uttrykk som kombinerer rå musikalitet og artistisk eleganse. I etasjen over byr Mamar Kassey frå Niger på vakker mannsvokal, smektande fløytespel og suggererande perkusjon. Så slår Noency Mosquera & El Bongo de Bojayá frå Colombia ut håret med tamborito, porro, cumbia, chirimía og son chocoano! Kva det er? Noko du berre må danse til!

FESTIVALMAGASINET 2016

9


Løfter med bogen - Det ei stor glede for meg å få lov å skrive musikk for nettopp Førdefestivalen, som gjennom oppveksten har forsynt meg med impulsar frå heile verda; Ingenting kjem av ingenting.

Rommet han snakka om er ”Det andre rommet”, den siste plata til Apneseth, som har hausta lovord og terningar med topptal i riksavisene. - Eg er jo avhengig av ein form for respons, og det er veldig kjekt når den er så positiv. Den siste plata er i større grad enn tidlegare mine ting, og desse tilbakemeldingane

10

FØRDEFESTIVALEN

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Erlend Apneseth har ein friplass på scena, og finn kvilepulsen med fela i hand. - Musikken er ein kanal der eg får ut ting. Han skildrar seg sjølv som ein som tenkjer litt for mykje, tek ting innover seg og må fordøye. Ein som ikkje heilt finn av-knappen. -Eg er ikkje flink å sove. Jobbar eg for langt utpå kvelden går det i alle fall ikkje, då vert eg liggande i senga med lyden kvernande i hovudet. Ting vert overdrive viktige. På ei anna side er dét kanskje ein føresetnad for at musikken skal verte verkeleg bra, funderer Apneseth, medan han tygg i seg ei gulostskjeve. ”Erlend Apneseth og trioen hans har funne eit rom som er i konstant rørsle og utviding, og vi som lyttar vert sjølv ein del av det. Det andre rommet er ein døropnar, og Erlend Apneseth vil garantert vere ei sentral kraft i norsk musikk i tida framover”, skriv Bjørn Hammershaug for folkemusikk.no.


Foto: Vegard Fimland

gjer at eg kjenner meg tryggare- at eg tør stole meir på den stemma. Med hardingfela og slåttemusikken som utgangspunkt har Apneseth flytta seg stadig nærare jazzen og samtidsmusikken. Under konsertane i vinter fekk publikum assosiere fritt mellom gamle spelemenn i tronge dalar, mongolske stepper og progressiv rock a la Pink Floyd og Radiohead. Synnøve Bjørset erklærer sin elsk for Apneseth si siste plate og legg lattermildt til; - Musikken er gjerne eit utrykk for det som rører seg i eit menneske, og det svirrar utvilsamt ganske mykje rart rundt i hovudet til Erlend Apneseth. Eg synes det er utruleg kult at han deler det med oss. Bjørset er ven, sambygding, tidlegare felelærar og no musikarkollega av Apneseth. Ho skildrar han som både audmjuk og festleg. - Erlend er ikkje så opptatt av å plassere ting i boksar. Han er søkande og meir opptatt av å

forstå enn å reprodusere, seier ho, og fortel at dei har eit forholdsvis likt utgangspunkt som musikarar. - Likevel går arbeida våre i veldig ulike retningar. Å jobbe saman med han er alltid artig, men ikkje minst fasinerande. Han har ein tydeleg kunstnarleg ide som han er tru mot, seier Bjørset. Apneseth har fått det for seg at han har dårleg tid. Med det som utgangspunkt får han gjort meir, meiner han. Så langt ser det ut til at det har vore ein god strategi; i ein alder av 25 år lever han av musikken. Har han gjeve ut fleire plater, utmerkt seg som elitespelemann, helde konsertar i inn- og utland, kjøpt småbruk med kjærasten Margit Myhr, og no sist – fått i oppdrag å lage eit tingingsverk til Førdefestivalen. - Det er sprekt av festivalen. Dei skal ha honnør for å velje noko som dei veit vert bra, men som ikkje er

heilt trygt, seier Erlend og siktar til at musikken hans vil vere uvan for ein del av publikum. - Dessutan er det ei stor glede for meg å få lov å skrive musikk for nettopp Førdefestivalen, som gjennom oppveksten har forsynt meg med impulsar frå heile verda; Ingenting kjem av ingenting, og det er heilt naturleg at når eg stadig har høyrt så mykje forskjellig musikk, så vil det også komme ut ein dag. Apneseth har tenkt å gjere seg til ein destillator for opplevingar han har hatt på folkemusikkfestivalen. Han vil koke ut essensen og lage nytt brygg; Kva om spelemannen Anders Viken hadde vore utsett for like mange globale impulsar som Apneseth er? Kva om Viken hadde møtt Django Reinhardt? Korleis ville musikken hans då ha blitt? Slike tanke- og feleeksperiment munnar ut i eit lydspor frå Apneseth

FESTIVALMAGASINET 2016

11


12

FØRDEFESTIVALEN

i å samle ulike assosiasjonar i eit utrykk- ei evne Erlend håpar å nyte godt av. Ole Morten Vågan og kontrabassen hans var sist i Førde med trioen Gammalgrass, der dei spelte fletta av FolkJazz publikumet, og svensken Erik Rydvall på nyckelharpe får rolla som det folkemusikalske alibiet i gruppa. - Eg møtte han første gong på Måren-biennalen, og hadde det rett og slett utruleg gøy. Å jobbe saman med ein annan strykar på scena er frigjerande; ofte legg eg min eigen lyd digitalt oppå det eg sjølv spelar- no kan vi gjere dette saman og veksle på å bere melodilinjene. Apneseth kjenner seg ikkje som nokon bandleiar. Han har valt musikarane ut frå kven dei er, ikkje for at dei skal vere eit komp. - Eg trur det handlar om å kjenne sine styrker og svakheiter. Eg ynskjer at alle skal verte gira på musikken, at vi skal finne ut av den saman. Min jobb vert å sitte med den raude tråden. Konserten har fått namnet ”Nattsongar”, ein tittel Apneseth kom over i boka til diktaren Kjartan Hatløy. - Eg set pris på titlar som på eit vis er heilt konkrete, men samstundes heilt opne. Og musikken høyrer liksom natta til, meir enn dagen. Det gjeld festivalen også. Apneseth heller i seg den siste tåren med kaffi, og ser ut kjøkkenglaset i Svidalen. Han er heime ein snartur for å spele på opninga til EM i vektløfting, i Førde. Tonnevis med vekter på stong skal løftast av breiskuldra karar og kvins. Stilfarne Erlend sin kunst er å løfte ein heil sal med eit bogestrøkog halde den der. - Eg er kanskje nervøs i det daglege,

men eg taklar det godt når eg kjem opp på scena. Då ville det vere dumt om eg ikkje hadde kjent på nervane, sjølv om det er ubehageleg. Utan dei ville noko av innhaldet bli borte. Eg prøver heller å balansere det med leik, og etter den siste plata har det blitt veldig viktig å få ut det eg skapar. Det kjennes riktig og meiningsfylt, så spelinga er behovsrelatert. Han har ikkje hatt noko alternativ karriereveg til musikken, ikkje sidan han som 13-åring valde fela over fotballen. Sigmund Eikås, som var lærar den gongen, fortel at han av erfaring ser kven som fell for fela. Erlend var ein av dei. - Min jobb var å lære han tradisjonane, slåttespelet, og å gje han dei tekniske verktøya. Når dei har lært seg sitt eige språk kan dei ta beviste val, og gå i den retninga dei vil. Eg kan ikkje forme dei i mitt bilete, men må forsøke å forstå kven dei er, og hjelpe dei i den leia. I dag er Erlend ein allsidig felespelar som meistrar ulike sjangrar, det er det slett ikkje alle som kan. Eg kallar det han lagar ”drøymemusikk”, seier Eikås. Hadde ikkje Sigmund komme attende til Jølster som spelemann, og hadde ikkje Indre Sunnfjord spelemannslag eller Førdefestivalen eksistert, så hadde det truleg ikkje vorte noko av felespelar Erlend Apneseth heller. - Dette er min måte å gi noko attende på.

KONSERT

si datamaskin; ein polka frå Sunnfjord har sakka farten, lagt seg i moll og fått ny tonalitet. Brått er brorskapen mellom Django og Viken klar som dagen. Det er både morosamt og tankevekkande. Arbeidsskissene trillar vidare, og Apneseth plukkar tonar frå hardingfela. Like fort som eg er i Vest-Afrika, er eg i Aust-Asia, før eg brått landar ein stad mellom Ål og ville vesten. - Eg tenkjer på at det er ein folkemusikkfestival eg komponerer for, så musikken vert meir rytmisk, og ikkje så utflytande, som den på førre plata. Med den bakgrunnen eg har i folkemusikk veit eg kva grep eg må ta for å vere ”innafor”, men eg prøver, som alltid, å ikkje konstruere noko, men å la det komme. Eg trur det vert meir sant om eg gjer det slik. Når eg spør Synnøve Bjørset om ho veit kva Erlend pønskar ut, svarar ho kjapt - Eg har inga aning, men alle er einige i at vi er frykteleg nyfikne på det tingingsverket! Sidan i fjor haust har han jobba med å lage det han kallar eit ”sikkerheitsnett”. 16-17 skisser til låtar han og bandet skal improvisere rundt, fire dagar før festivalen. - Har eg noko som er ganske bra, kjem dei til å gjere det veldig bra, seier Apneseth. Dei er eit knippe musikarar Apneseth har handplukka, og ein føresetnad for å takke ja til utfordringa. Dei fire karane er solide musikarar med evne til improvisasjon, men også med ei kjensle for folkemusikk. Hans Hulbækmo har tradisjonen i blodet, men spelar jazza trommer. Apneseth kallar han best i verda og lydjegar. Bergensgitaristen Stein Urheim er ein meister

Erlend Apneseth: Nattsongar Laurdag 9. juli kl. 13.30 Festsalen, Førdehuset


Hoppande glade i Gloppen Det blir skotsk feststemning i Kjellaren pub og bryggeri når Førdefestivalen for første gong gjer Nordfjording av seg. Og det prislønte kjøkkenet på Gloppen hotell garanterer: Her skal ingen måtte danse på tom mage! - Her på hotellet har vi lang tradisjon for festivalsamarbeid, med eit ti-tals lokale festivalar som sørger for mange ulike typar konsertopplevingar året igjennom, fortel Lindy Paulen ved Gloppen hotell. - At vi no også skal få vere ein del av Førdefestivalen er stort! - Vi likar å sjå at folk kosar seg og har det triveleg, og vi er sikre på at denne skotske duoen vil falle i smak

hjå publikum. Om det skulle bli ekstra varmt og vakkert i været, kan vi ta i bruk vår fine hage med danseflake .Vi gler oss stort til denne konserten og er sikre på det vil bli særdeles triveleg og god stemning. Vi stiller med ølfjøler med lokalt brygg og lokal spekemat, slik at ingen skal måtte danse på tom mage, smiler Lindy Paulen. Som publikum på Sandane kan du altså berre lene deg tilbake og nyte

mat og musikk, for du er i dei aller beste hender når dei to multiinstrumentalistane frå det skotske høglandet går på scena i Kjellaren på Gloppen hotell: Mairearad Green - trekkspel, sekkepipe, vokal | Anna Massie - gitar, banjo, fele, vokal

FESTIVALMAGASINET 2016

13


ONSDAG 6. JULI 20.00 – 21.00 Vigüela Blomsterhagen restaurant, Florø

TORSDAG 7. JULI 23.00 – 02.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden

FREDAG 8. JULI 16.30 – 18.00 Møteplass Jølster: Faytinga Løa på Jølstraholmen, Vassenden

I den vesle grøne oasen midt i Florø, serverer Vigüela ein levande songtradisjon frå Don Quijote sitt rike. Muntre songar og lettliva musikk vert framført i moderne drakt, men med djup forståing for ein eldgamal tradisjon.

På låven, i Strandstova, i Eldhuset og i det vakre tunet på Jølstramuseet ligg det til rette for akustiske og eksotiske møte mellom publikum og musikarar med Värttina (trio), Gunnar Stubseid & Ale Møller, Vigüela, Radik Tyulyush og unge talent frå Kenya, Malawi og Norge. I tunet spelar Indre Sunnfjord Spelemannslag.

I samarbeid med Jølster mottak og Jølstraholmen inviterer festivalen til konsert med Faytinga, fridomskjemparen frå Eritrea som vart musikar. Ho syng på morsmålet, kumana, og har røter i lokale musikktradisjonar. Her møter ho musikarar frå Jølster, og det blir både eritreisk kaffiseremoni, grilling og dans.

Sal av mat og drikke. Buss frå Førdehuset kl. 22.15, og retur kl. 02.00 er inkl. i billetten.

Buss frå Førdehuset kl. 16.00, retur kl. 18.00 er inkl. i billetten.

kl. 22.15 16.15

14

FØRDEFESTIVALEN

kl. 16.00 16.15


SØNDAG 10. JULI 12.00 – 13.30 Huun-Huur-Tu Rytne Gard, Bygstad

SØNDAG 10. JULI 17.00 – 19.00 Dreamer´s Circus Fjordamattunet, Vassenden

SØNDAG 10. JULI 17.30 – 19.00 Spring du fela Klokkargarden, Dale

Med djup respekt for tradisjonen har Huun-Huur-Tu finslipt og utvikla den rike song- og musikkskatten i Tuva. Ved foten av Storehesten er ein fantastisk stad å oppleve deira tette samspel, galopperande rytmar og fantastiske overtonesong.

Ungt talent, teknisk briljans og ein modig kunstnarleg visjon har vore suksessoppskrifta for danske Dreamers’ Circus. Trioen elskar folkemusikk, men tillet seg å leike – og drøyme. Draumen om å få moderne nordisk folkemusikk ut i verda er i ferd med å gå i oppfylling; ikkje minst takka vere energien og spelegleda dei utstrålar på konsertane sine! Pause med sal av kaffi og kaffimat.

Det blir både lyrikk, folkemusikk og historier når Spring du fela kjem til Jakob Sande sin fødestad. I dette spennande prosjektet har gamle spelemannshistorier frå Gudbrandsdalen fått nytt liv gjennom tekstar av samtidspoetar og musikk av Mari Skeie Ljones og Camilla Granlien.

Buss frå Førdehuset kl. 11.15 og retur etter konserten er inkl. i billetten. Sal av mat og drikke.

kl. 11.15 16.15

Buss frå Førdehuset kl. 16.15 med retur etter konserten er inkl. i billetten.

Buss frå Førdehuset kl. 16.15 og og retur kl. 19.00 er inkludert i billetten. Sal av mat og drikke.

16.15 kl. 16.15

kl. 16.15

FESTIVALMAGASINET 2016

15


Kinnaspelet 2017 Songen ved det store djup 17. og 18. juni 2017

TUREN TIL KINN OG TEATERET VED HAVET – EI OPPLEVING DU SJELDAN FINN MAKEN TIL! Kinnaspelet vert framført på øya Kinn vest for Florø, i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, musikarar og over 155 amatørar. MEIR ENN TEATER. Kinnaspelopplevinga startar med ei vakker båtreise gjennom skjergarden til Kinn. I tillegg til teater kan du gå turar i storslått natur, sjå kunstustillingar, høyre konsert i kyrkja og få omvisning der. Du kan delta på kveldsbøn og på søndagsgudsteneste. Berre å kose seg med mat og drikke, og treffe folk, er ein viktig del av Kinnaspelopplevinga. Kjøp billettar på www.kinnaspelet.no Her finn du program og meir om spelet! For spørsmål, kontakt tlf. 57 75 25 30 eller e-post: kinnaspelet@gmail.com

www.softeater.no

JULI

open kyrkje, tidebøn kvar dag.

Bli med på guida tur til Kinn i sommar!

Førdefestivalen – også rein energi

Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, middelalderkyrkja og den vakre naturen. Frå kystbyen Florø seglar lokalbåten mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. Guiden tek deg med på ei stemningsfull vandring til middelalderkyrkja, som er ei av dei eldste i landet. Turen til kyrkja tek om lag 30 min. i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg. Omvisinga er ei tidsreise, der du får høyre om kyrkja si utvikling frå 1100-talet og fram til i dag. Du kan sjå deg om på øya på eiga hand etter omvisinga. Ein fottur rundt øya er ei flott oppleving. Det er også mogleg å overnatte i det gamle skulehuset på Kinn, som i dag blir drifta av Flora Turlag. Nøkkel får du til utlån på turistinformasjonen i Florø. Kvar dag i juli er det vertskap ved kyrkja på Kinn, og du kan vere med på bøn i kyrkja etter omvisinga. PERIODE: 20. JUNI – 6. AUGUST, RUTETIDER RUTEBÅT: Mandag / tysdag / torsdag / fredag / laurdag Avgang Florø kl. 10.00 / Ankomst Kinn kl. 10.30 Retur frå Kinn kl. 15.00 / Ankomst Florø kl. 15.45 OBS! Ein må vere på kaia min. 10 minutt før rutebåten skal gå. BILLETTPRISAR: Vaksne: Kr. 240. Barn: Kr. 50. Student: Kr. 150. Familietilbod: 2 vaksne og 2 barn: Kr. 500. Prisen gjeld guida omvising på øya. Båtbillett kjem i tillegg og må kjøpast ombord på båten. INFORMASJON OG PÅMELDING: Flora Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00 E-post: mail@fjordkysten.no • Online booking: fjordkysten.no

16

FØRDEFESTIVALEN

Din lokale kraftleverandør

Den lokale drivkrafta! - vi sponsar Førdefestivalen

Vi er også leverandør av:


FOTO: BENT ARE IVERSEN / FIRDA MEDIA

Foto: Ton Maas

MANGFALD. FARGERIKT. PULSERANDE SYNERGIAR. VI ER HER. GØY Vi har vore sponsor for Førdefestivalen sidan 2008. Vi køyrer på vidare. Sjåast på festival! spv.no / 05555

FESTIVALMAGASINET 2016

17


ÅRETS BOB-KONSERT CIRCUS RAJ PÅ FESTPLASSEN Frå den pulserande sirkustradisjonen i gater og torg i Rajasthan, kjem eit knippe av dei beste sirkusartistane for å vise oss kva sirkus eigentleg er, enten det gjeld å sluke flammar, balansere på sverd eller utføre spektakulær akrobatikk. Circus Raj er like eksotisk som det er fargerikt, Vis me og ei oppleving for heile familien! dlem frå BO skortet B og få Torsdag 7. juli kl. 15.00 – 15.45 - Festplassen, Førde 20% ra b Fredag 8. juli kl. 15.00 – 15.45 - Festplassen, Førde på bille att tten!

BOB Region NordVest | Førde: Storehagen 1D, Pb. 234, 6802 Førde | Florø: Strandgata 35, 6900 Florø

SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM / ART MUSEUM AND CAFE SOBRA Extended opening hours during Førdefestivalen Thurs, Fri and Saturday from 10–20 Festival pass gets free admission to the exhibitions 6th -10th of July

SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM | Storehagen 1A | 6800 Førde | sfk.museum.no

Gode resultat er som musikk i våre øyrer!

ADCOM Fjord Data - moderne rekneskapsbedrift med unik kombinasjon av fagkunnskap innan økonomi, rekneskap, lønn og teknologi

Stolt hovudsponsor av Førdefestivalen.

Kontakt oss på tlf: 57 72 35 00 I Nettside: adcom.no

18

FØRDEFESTIVALEN

-Heilt sidan 1974


FØRDE GJESTEHUS OG CAMPING AS emel mathlouthi & kringkastingsorkesteret (tn/no) Åpningskonsert i Folketeatret tirsdag 1. november!

Velkommen

i fjor spilte emel mathlouthi (tn) på nobels Fredspris-konserten i oslo spektrum. i år åpner hun oslo world music Festival akkompagnert av kringkastingsorkesteret. Forbudte sanger er årets festivaltema, og artister fra mer enn 30 land skal dele sine sanger med oss.

til Førdefestivalen

Rimeleg overnatting i Førde Enkeltrom frå 2 pers. i dobbeltrom Stor hytte (6 pers.)

kr 530,- pr. natt kr 740,- pr. natt kr 1190,- pr. natt (198,- pr. pers. pr. natt)

Liten hytte (4 pers.)

kr 915,- pr. natt (228,- pr. pers. pr. natt)

3-roms leiligh. (4 pers.) kr 1550,- pr. natt (387,- pr. pers. pr. natt)

For booking:

Kontakt oss på telefon 468 06 000 eller via internett. fordecamping.com | post@fordecamping.com

1. - 6. NOV 2016

artister 2016 mashrou’ leila (lb) minnenes melodi/muittuid

Šuokŋa - en hyllest til inga juuso

kristin asbjørnsen, ablaye cissoko & olav torget (sn/no) moddi & trondheimsolistene (no) omar souleyman (sy) sidiki camara group (ml/no) saliF keita (ml) pluss mye mer…

kjøp billetter pÅ: billettservice.no, 7-eleven, narvesen & posten Følg osloworld.no For Fullt program

FESTIVALMAGASINET 2016

19


KONSERT

Foto: David Bowen

Talent 2016 Laurdag 9. juli kl. 18.30 Teatersalen, Førdehuset

Frå ungdommen Til alle tider har menneska vandra med von om eit betre liv. Ein kan likne det med jorda sitt blodomlaup, vandringa har like lang historie som menneska sjølv. I mindre målestokk kan ein likne talentprosjektet med Førdefestivalen sitt blodomlaup.

20

FØRDEFESTIVALEN


Snart like lenge som festivalen har eksistert, har Rikskonsertane og Førdefestivalen samarbeidd om å hente hit unge musikarar frå alle verdshjørne. Ny musikk vert skapt, nye vennskap vert knytte. Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar. Men møtet mellom dei unge talenta og publikum er ikkje minst viktig: Vi ser dei på scena i Førde. Som representantar for sin tradisjon, som representantar for dei tusenar som spelar. Men også som verdsborgarar som menneskerettane skal gjelde for. Slike kulturopplevingar gjev publikum innsikter det ikkje er muleg å verje seg mot. Og dermed eit ansvar det ikkje er muleg å la vere å ta.

I år kjem talent-deltakarane frå Kenya, Malawi og Norge: Norske deltakarar er alle studentar ved Norges musikkhøgskole: Helga Myhr frå Torpo i Hallingdal - fele, dans, vokal Ingeborg Ulberg Sommar frå Røros - fele Torfinn Hofstad frå Verdal - fele Frå Kenya kjem desse tre: Faith Wangui - vokal, dans, gitar Saumu Kazia - dans, trommer, vokal Omari Mwatela Swaleh - perkusjon (sengenya, marimba, chapuo, kayamba, leg jingles) Dei tre deltakarane frå Malawi er: Asante Maulidi - perkusjon, dans, vokal Thokozani M¹doko - vokal, dans, perkusjon Patrick Chimbewa - tsansi (mbira)

KUNSTNARLEGE LEIARAR FOR TALENT 2016 IVAN MAZUZE:

UNNI LØVLID:

Komponist og saksofonist, fødd i Mozambique, no busett i Norge. Ivan Mazuze er ein dyktig formidlar av den lange og sterke jazztradisjonen i Sør-Afrika, der han har jazzutdanninga si frå. Han har sitt eige jazzensemble, men som frilansar spelar han også med musikarar som Bugge Wesseltoft, Omar Sosa, Manou Gallo med fleire. Han underviser i treblåsar-instrument ved Oslo Kulturskole.

Internasjonalt kjend folkesongar frå Hornindal. Ho er ein viktig tradisjonsbærar, men også ein døropnar som gjennom si opne og eksperimentelle tilnærming, klarer å få element frå folkesong med seg over i andre sjangrar – og vise versa. Unni Løvlid er ein svært etterspurd songar, som har heile verda som arbeidsplass.

FESTIVALMAGASINET 2016

21


HØGFJELLSWOODOO Kultur og natur i vakker samklang, kva kan vera betre?

Kvart år legg Førdefestivalen lista høgt for publikum til ein av konsertane: Berre dei som tek seg til toppen av Hafstadfjellet får oppleva han. I fjor fekk fjelltravarane høyre mongolsk strupesong og fleirstemte tenorar frå fjella på Sardinia. I år byd dei på woodoomusikk og tilsvarande dans frå fjellandet Haiti, når Chouk Bwa Libète let det stå til 706 meter over havet. Deira musikk blir kalla mizik rasin, har preg av ulike stilar. Tekstene handlar om utfordringar i kvardagen, og har gjerne politisk brodd. Turen til toppen startar med buss frå Langebrutorget, ein mils veg langs E39 i retning Bergen, oppover Halbrendslia til Langeland. Der tek apostlane sine hestar over og gje seg

22

FØRDEFESTIVALEN

naturen i vald. Det finst ikkje pysing i høve veret. I fjor skein sola så det draup, og mange fekk seg ei fabelaktig oppleving i fjellet. Eg gjekk høgt opp på banen og klistra meg på turleiar Kjell Kleiven og dotter hans, Julie på 12. Bak oss på skogsbilvegen trava ei gruppe franskmenn, ein senete svenske, nokre barnefamiliar og andre som såg ut til å ha svært ulike føresetnader for å trivast i bratt lende. Men alle la på, og innimellom innvilga Kleiven oss små pauser. Ved Hundsrasta, der det er lagt fint til rette for uteliv, og der born og vaksne grillar, badar og kosar seg om somrane, fekk sume dyppa det heite hovudet i elva før vi la i veg vidare. Ei monaleg skogsdrift hadde laga djupe

sår i vegen, men til gjengjeld fekk vi supa inn angen av nyfelt tømmer der vi gjekk og heiv etter pusten. Jaja, det var ikkje alle som heiv etter pusten då! Sume har betre kondis enn andre. Og særleg borna som var med, sprang på lette føter i sikksakk i framom oss. Julie fortalde at ho har vore med på turen fleire gongar før, og det var nok mest av omsyn til meg at ho pusta litt og sa at ho var litt trøytt då vi kom fram. Det var i alle fall ikkje noko å seie på høgda i gledeshoppet hennar. – Julie er ei sprek jente, skjønar du, fortel Kjell Kleiven som har vore turleiar for Førdefestivalen sin konserttur i fire år. Til dagleg er han yrkessjåfør, så han meiner det er godt å koma seg ut og få rørt seg litt.


representantar frå Indre Sunnfjord Turlag, som serverer ferdig oppkutta frukt. Det smakar som vatn i ørkenen. Dette turlaget er det største av turlaga i Sogn og Fjordane, både når det gjeld aktivitet og med sine 1500 medlemmer, fortel Kleiven. Kvart år set dei punktum for året med tur til Hafstadfjellet på sjølvaste nyttårsaftan, der dei brenn bål og syng saman. Under Førdefestivalen er det andre som syter for songen, så ein kan berre setje seg ned og nyte. Og vakrare scene skal ein leite lenge etter, der ein sit under den digre radio- og TV-sendaren og let augo kvile på Førdesnipa, Blå-

nipa i Naustdal eller gli heilt til Gjegnalundsbreen og Gjegnen bakom artistane. Snur ein hovudet litt, kan ein sjå Viefjellet og innover i Angedalen over mot Jølster og fjella der. Eller på hi sida, mot Halbrendsnipa og Fureviknipa og vidare ut Førdefjorden der han snor seg majestetisk ut mot havet. Og ned att – alle fjellturar går både opp og ned – kan ein velje om ein vil ta vegen ned til Bruland, og bli frakta vidare med turbuss, eller om ein vil gå stien som går mest beint ned til Førde sentrum. Han er bratt så det held, det er ikkje få kilo folk i Førde har kvitta seg med langs denne. Men i år kan ein kanskje satse på litt woodoo i staden...

KONSERT

– Ho har òg vore med på andre, lengre fjellturar heilt sidan ho var bittelita. Dei siste fem åra har ho vore med og vandra fem dagars turar frå hytte til hytte i Jotunheimen og Rondane. Då ho var 11 år, fullførte ho sin første «Sju-Fjellstur», han går opp på fjella kring Førde kvart år og er omlag fire mil lang, 3000 høgdemeter opp og 3300 meter ned. Det er ein tur som tek 13-14 timar, seier faren. – Kva gjev det deg å vera turleiar for festivalturen? – På desse turane treffer eg folk frå fleire nasjonar, gjerne folk som ikkje er vant med å gå så mykje i slik natur. Det kan sjølvsagt òg vera ei utfordring for ein turleiar. Ellers er det no kjekt å vise fram den fine naturen som vi er so heldige å bu midt oppi, samt det å sjå kor dei nyt tilværet når dei er komne på toppen og får med seg den fantastiske konserten og atmosfæra, seier Kjell Kleiven. Den herlege kjensla av å endeleg koma fram etter oppturen, skriv eg gladeleg under på. Og ho vert ikkje mindre av at ein blir møtt av blide

706 moh: Chouk Bwa Libéte Laurdag 9. juli kl. 13.00 Hafstadfjellet, Førde

FESTIVALMAGASINET 2016

23


Godt å ha ein kjærast og ha nok av tid og å ha ei saftig myr å dukka i. (Frå diktsamlinga “Når morgonfrosken syng” av Per Olav Kaldestad.)

Når morgonfrosken syng Slik er det om du er frosk. Men det er du ikkje! Du er sikkert likevel heilt einig med morgonfrosken: Det er godt å ha ein kjærast og ha god tid. Men ei saftig myr treng du vel ikkje, kanskje vil du heller ha ein stor skog med ein fin sti å gå på tur i?

I Førde finst ein slik skog med ein sånn sti og heilt i enden ligg Halbrendstølen. Her kan det godt hende at finst ekte morgonfroskar, kva veit vi? Elles må vi dikte. Det har Per Olav Kaldestad alt gjort. Han har dikta om morgonfrosken som syng songar om store spørsmål om universet, tankane våre, einsemd og kjærleik. Og songar om mindre spørsmål. Om vær og vind, fuglar og froskar.

24

FØRDEFESTIVALEN

Annlaug Børsheim har laga musikk til dikta. Ho syng og spelar fele og gitar på Halbrendstølen. Og ho har med seg to morgonfroskar til: Den banjospelande klarinettisten Ingemund Askeland frå Etne og felespelaren Mari Skeie Ljones frå Lillehammer. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk, så her blir et både vals, halling, rudl og reinlender.


Gul i aust raud i vest kvit i nord Svart i sør Sol kjem og går og Kjem alltid. (Frå diktsamlinga “Denne jorda eg bur på” av Per Olav Kaldestad.)

MORGONSTUND HAR GULL I MUNN

MORGONSTUND HAR GULL I MUNN!

KONSERT

Turen startar og sluttar på Reset Halbrendslia. Ta med sitjeunderlag og mat til bålpannegrilling. Konsert med Morgonfrosken. Alder: Alle. Ut på tur, aldri sur! Onsdag 6. juli kl.16.00–19.00 Reset, Halbrendslia

KONSERT

ONSDAG: UT PÅ TUR, ALDRI SUR!

Kvar morgon står sola opp i aust, gul som gull. Stå opp saman med sola og bli med på ei morgonstund med gull i munn. Ta med heile familien og frukosten til ein stemningsfull start på dagen saman med Rannveig Djønne (torader) og Annlaug Børsheim (gitar) Morgonstund har gull i munn! Onsdag 6. juli kl. 09.00, Solsida barnehage, avd. Haugum Torsdag 7. juli kl. 09.00, Nærleiken barnehage Fredag 8. juli kl. 09.00, Vieåsen barnehage, avd. Tussero

FESTIVALMAGASINET 2016

25


Kunsten å dele ein kopp Sur, og på ei gammal TV-kanne. Slik likar far min kaffien sin. Blæ.. Eg hoppar glatt over; I dag skal eg drikke kaffi arabica; brent, kverna og brygga på Jølster Hotell. Hotellet er blitt flyktningmottak, og det er bebuarane Mbrak Fsehaye og Segen Girmay som inviterer. Eit sett med kokeplate, kjele og leirkrukke er lånt inn for høvet. Eit grønt bastteppe dekorer golvet, og eit lite koppesett blir stilt ut på eit brett. - I Eritrea skal du invitere naboen når du bryggjar kaffi, det er tradisjon, smiler dei to. Eg bur like oppe i bakken, og tenkjer at i Norge er det for ein del av oss tradisjon å ikkje ytre eit einaste forståeleg ord før dagens første kopp er tømt. Kaffien har sitt opphav i Etiopia. Det har også Melki Ahmed, aktivitetsleiar på mottaket. Ho fortel stolt ei eldgamal soge om geiter som hoppa og dansa så vilt at guten som gjette dei måtte på leit for å finne årsaka. - Han fann nokre små, raude bær, og snart hoppa og dansa han med.

26

FØRDEFESTIVALEN

Dette fekk visst nok ein munk som sleit med å halde seg vaken under bønestundene høyre, og etter litt foredling har den oppkvikkande drikken sidan spreidd seg til alle verdas land. Det svarte gullet. Er det olja eller kaffien? Dei to er i alle høve dei største, lovlege, råvarene på verdsmarknaden. Og vi er meir eller mindre avhengige av dei begge, på ulike sett. Frå å vere raude bær på ein busk, vert frukta tørka og reinska til ein sit att med ein liten, lysegul kjerne; frøet. Segen fyller to nevar, og legg kaffibønene i ein liten kjele. Skjønt, kjele.. det er ein avskoren hermetikkboks som har fått eit langt handtak. Den tynne botnen gjer han ypparleg til å brenne bønnene over den raudglødande kokeplata. Tolmodig sit ho der, og vi sit rundt. Ristar litt, ventar, ristar igjen. Først no får bønene smak. Sakte men sikkert

vert dei brune, nesten svarte. Dei æser ut, vert porøse og blanke. Ho ristar igjen- det skal ikkje svi seg heller. Dei fyrste gongane eg drakk kaffi var under lett tvang. Ei veninne syntes det var ei skam at eg hadde passert fleire-og-tjue, og endå skar grimasar av den beiske smaken. Ho tok på seg å kultivere meg. Eit eggeglas med kaffi kom på bordet, så sjokoladen; “Du får ikkje før du har drukke opp!” Lukta! Segen sprett opp av stolen, og bort til oss. I eine handa hermetikkboksen, i den andre ei vifte. - Mmmmmm, kjem det frå oss tre. Vi dreg ned den varme og aromatiske lukta, måkar til oss meir med hendene, men Segen er alt ute i gangen, der tre, fire menn brukar nasen så godt dei kan - dette skal delast! - Kor gamle var de då de byrja å


bilete, spør eg Segen. Ho går med på det, men forklarar at ein eigentleg ikkje skal ta på dei for det øydelegg smaken. Så fyller ho opp ei elektrisk designkvern frå Bodum, og vips, så har vi kaffipulver. Eg hadde vel sett for meg noko anna, noko som likna meir på klenodiet som står og pyntar opp kjøkkenet heime. Kaffiplanta er første gong omtalt i tekstar frå 900-talet i Etiopia. På 1500-talet starta arabarane, på andre sida av Raudehavet, populære kaffihus med sjakkspel og musikk, og europearane tok etter. Til Norge kom drikken på slutten av 1600-talet, men han var forbeholdt eliten. No må 2,8 millionar nordmenn ha kaffi kvar dag, og i snitt er det 3,6 koppar som skal ned. Vi ligg på verdstoppen, rett etter Finland, med eit årleg konsum på over 10 kilo per innbyggar. Segen heller pulveret ned i den tronge halsen til ei leirkrukke. Fyller på med vatn og ventar på oppkok. Eg er litt for nyfiken og får beskjed om at å kikke ned i det holet der, det kan vere farleg. I det det brusar over, er Segen der og heller over i eit beger, og tilbake i krukka. - Vi drikk kaffi tre gongar for dagen i Eritrea, viser Mbrak med fingrane.

- Men kvar av dei gongane drikk vi tre omgangar. Tre gonger tre koppar kaffi. Ni fingrar. Ho ser at kvinna oppvaksen med filtermalt og kaffitraktar ikkje heilt skjøner. Kaffien er klar. Segen heller i lange, svarte strålar av rykande fersk drykk. Ein dott av maisfiber er stappa i tuten og filtrerar siste drope for grut. – Aha! No fyller ho på med nytt, friskt vatn og gjer klart til å koke ein andre runde på same gruten. Mjølk, fløyte, sprit, kardemomme, kanel og sukker. Eg drikk han helst svart, men ei lita skei søtt har alt fått ei runde i den vesle espressokoppen. - Då vi var små, sa dei vaksne vi drakk sukker med kaffi i, seier Mbraq i eit kritkvitt glis, -no tek vi berre bitte litt.. Eg tek i mot med begge hender. Dagens første. Drikk ein sup av det tjukke brygget, og kjenner varmen breie seg i bringa. Herleg! - Takk, smiler eg. - Takk sjølv, nikkar dei.

KONSERT

drikke kaffi, spør eg. Dei vekslar blikk, vaggar på hovudet. 12-13 års-alderen, vert dei einige om, det er ein bra alder for å begynne å drikke kaffi. - Ja, ein skal ikkje begynne før, for kaffien set i gang utviklinga og kjønnsmodninga og-, forklarar Melki, før Segen og Mbrak bryt ut i latter. - Men vi byrja å stele kaffiskvettar så fort vi starta på skulen- vi ville jo ha store puppar! Melki fyrer opp nokre stykke svart kol og legg på det som liknar treflis i melisglasur. Ein søt, kvit røyk veltar ut i rommet. Røykelse. Det må med. - Kvifor, spør eg. - Tradisjon. Det er det korte svaret på alt eg ikkje forstår. Slik er det vel hin vegen også. For hos oss skal du, like eins, by gjestane dine på ein kopp. Og så skal du servere noko attåt; sjølv om det ikkje trengs, sjølv om du berre har nokre tørre kjeks frå lengst bak i skapet, sjølv om gjestene er mette- så skal du servere. Men om gjestene likevel skulle vise seg å vere svoltne, ihelsvoltne, så veit dei, så inderleg vel, at siste biten - han skal ligge att. Her går det i popkorn. Eg trur eg kan forsyne meg så mykje eg vil. - Kan du halde nokre av dei brente bønnene i handa slik at eg får tatt eit

Møteplass Jølster: Faytinga Fredag 8. juli kl. 16.30 Løa på Jølstraholmen, Vassenden

FESTIVALMAGASINET 2016

27


CIRKUS RAJ

28

FØRDEFESTIVALEN


Dansarar, illusjonistar, luftakrobatar, linedansarar og fakirar. Gjer deg klar til sirkus slik du aldri har sett det før. Kjære publikum: Dette er Cirkus Raj – ekte indisk gatesirkus frå Rajasthan! Hugsar du i fjor då Førdefestivalen henta eit vassdokketeater frå Vietnam til rådhusplassen? I år kjem eit heilt gatesirkus frå India! Til festplassen i byen inviterer vi små og store til ein særs eksotisk miks av festleg musikk og heilt utrulege sirkuskunster. Circus Raj er ei gruppe utvalde sirkusartistar frå eliten i Rajasthan sin fascinerande og legendariske gatesirkustradisjon. Mange av dei spektakulære sirkus-stunta har sitt opphav heilt tilbake til maharajaene si stordomstid; desse fyrstefamiliane i India som elska å omgje seg med glitter, stas og sirkusmagi. Circus Raj har som mål å ta indisk sirkustradisjon til nye høgder. Velkommen til ei frydefull sirkusoppleving for heile familien!

SIRKUS

Circus Raj Torsdag 7. juli kl. 15.00 Festplassen, Førde

SIRKUS

Circus Raj Fredag 8. juli kl. 15.00 Festplassen, Førde

KURS

Circus Raj tilbyr også eit sirkuskurs for born under festivalen. Det er ikkje plass til så mange på kurset, så kjøp billett tidleg!

Sirkuskurs for born Fredag 8. juli kl. 13.00 Festplassen Kjøpt billett=påmeldt kurs

FESTIVALMAGASINET 2016

29


Med rytmar, forteljingar og glede!

30

FØRDEFESTIVALEN

KONSERT

Raymond Sereba - forteljing, perkusjon, dans, song
| Uriel Seri - trommer, perkusjon
| Charlotte Øster – forteljing, song

Barnekonsert: Rytme-eventyr Fredag 8. juli kl. 18.00 Teatersalen, Førdehuset

KURS

I barnekonserten ”Rytme-eventyr” handlar det om bestevenene, Basil og Raymond. Som alle andre vert dei av og til uvenner. Ein annan ven av dei, edderkoppen Anansi, er ein type som prøver å lure folk for å få det slik han vil. Men edderkoppen endar som regel opp med å bli lurt sjølv, om han ikkje passar seg. Det skortar ikkje på forviklingar, små og litt større problem i denne venneflokken. Korleis klarer dei å løyse det, slik at dei framleis kan vere vener? Raymond Sereba er frå Elfenbeinskysten, men har budd i Norge sidan 1983. Han er dansar, musikar, skodespelar og forteljar, som særleg har markert seg med flotte program, konsertar og verkstadar for born i alle aldrar. Raymond, Uriel og Charlotte brukar pantomime, forteljing, rytmer, musikk, song og rørsle for å fortelje om barndom, mødre og bestevener. Sjølv om det innimellom er litt dårleg stemning, blir alle glade til slutt – og det heile endar i ein stor fest der du òg får vere med!

Kurs: Barneverkstad Laurdag 9. juli kl. 13.30 Prøvesalen, Førdehuset


Foto: Arve Ullebø

festivalbyen førde

Verda kjem til Førde i festivaldagane. Og Førde tek i mot! Heile byen er ditt vertskap og ynskjer deg velkommen: Til parken og torget, til rådhuset og kunstmuseet, til gatene og kafeane. Og til absolutt alle etasjar på festivalhotellet. Vår by er din by! FESTIVALMAGASINET 2016

31


Tak og terrasse og ei eng med løvetann Festivalen går på utforsking i byrommet og finn scener der ingen skulle tru. Både i høgda og ved breidda: Rådhusterrassen og taket på kunstmuseet gjev deg utsikt over Jølstra og festplassen; Den graskledde enga nede ved elvebankane hennar. 32

FØRDEFESTIVALEN


FREDAG 12.00-13.20 LUNSJKONSERT: NOENCY MOSQUERA & EL BONGO DE BOYAJÁ Terrassen (inne ved dårleg vêr), Førde Rådhus Når colombianske Noency Mosquera og bandet hennar spelar opp, vil dei aller fleste berre danse berrføtt og nyte livet! På rådhusterrassen kan du i tillegg nyte ein herleg lunsj, og den vakre utsikta over elva og byen.

Foto: Heidi Hattestein

LAURDAG 13.00–14.00 TRIO MADEIRA BRASIL Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum Ein av dei dei mest spennande trioane i verda var konklusjonen då strengevirtuosane Ronaldo do Baldolim, Zé Paulo Becker og Marcellom Goncalves slo sine pjaltar i hop i Trio Madeira Brasil.Uslåelege på brasiliansk choro- musikk, men har også andre rytmar i fingrane. Dette er musikk-kunst!

15.00–16.00 FEDERSPIEL Utekonsert på Festplassen Sju år etter at dei møttest som studentar ved konservatoriet i Wien, har Federspiel etablert seg som eit brass-fenomen med sin heilt eigne musikkstil. Med stor musikalsk teft kombinerer dei spontanitet, improvisasjon, leik og humor til pur musikkglede. Her blir det bådevals, mazurka, Czárdás og jodling, pluss bøttevis med scenesjarm. Med andre ord: God musikk for folk i alle aldrar!

Eg forventar meg ein folkefest med tyrolerstemning og glimt i auga av Federspiel. Dei er kjempedyktige musikarar på sine instrument og i tillegg byr dei på song, jodling og mykje humor. Dette er ein konsert med appell til alle musikkelskarar uansett musikalsk preferanse. Eg gler meg til ein time med rein vitamininnsprøyting på festplassen. Trude Skarvatun

FESTIVALMAGASINET 2016

33


Festivalen går - med sola! Frå sola står opp til ho legg seg glødande i Førdefjorden sydar byen av festivalstemning. Heile dagen kan du sjå førdianarane vrimle rundt mellom gjestene, i festivalen sine fargerike t-skjorter. Eit førsteklasses vertsskap! Møt to av vertinnene våre: Mariann Njøsen

• senterleiar Amfi Førde

Kva betyr Førdefestivalen for byen? Førdefestivalen har gjennom åra vakse og gjort byen vår kjent. Alt som blir gjort frå festivalen, har stor betydning. Det er ikkje berre i festivalhelga vi har gleda av festivalen, vi får konsertar og anna krydder gjennom heile året. Ein viktig del er og dugnadsånda som samlar heile byen i lange tider før og under festivalen. Å samle så mykje folk frå heile verda ei helg i juli er gull verdt for oss. Korleis førbur de dykk til festival på Amfi Førde: Som stolt sponsor av festivalen gjennom fleire år, har vi gleda av å ha besøk frå festivalleiinga der vi planlegg årets festival. Vi blir og godt informert om årets artistar som kjem. Byen blir pynta forskjellig frå år til år. Alltid like spennande med nye, kreative folk innom handelshuset vårt. Kva er ditt beste festivalminne? Mitt beste festivalminne er ein forrykande konsert med ei irsk gruppe som eg diverre ikkje huskar namnet på. Heilt fantastisk! Men eg må nok og innrømme at det å vere med på innsida, jobbe med alle dei flinke dugnadsfolka, gjev dei aller beste minna. Kva gler du deg mest til i år? Eg gler meg særleg til tre ting: Pynting av Amfi Førde, samling med masse flotte folk på Scandic Sunnfjord Hotel og opningskonsert i Førdehuset.

34

FØRDEFESTIVALEN

Anne Karin Steen

• senterleiar Elvetorget

Kva betyr Førdefestivalen for byen? Det er viktig for Førde å komme på kartet! Vi har mange kvalitetar og ein flott by som vi med stolthet må invitere til! Førde er ein handelsby og vi nyt godt av god omtale og store arrangement som når ein større kundemasse. Folkemusikkfestivalen har vist at vi kan viss vi vil! Korleis førebur de dykk til festival på Elvetorget? Elvetorget gler seg til festivalstemninga på Torget! Vi gjer det vi kan for at dette skal vere eit triveleg samlingspunkt for konsertane. Kafeane og butikkane byr på det dei har desse dagane og nyt folkemylderet! Kva er ditt beste festivalminne? Eg har fleire gode festivalminner. Festivalnatta er alltid flott. Hugsar også bl a ein cubansk konsert på Luftkampmuseet som eg var på for nokre år sidan. Artig å vere på ulike konsertarenaer! Kva gler du deg mest til i år? Har kvart år tenkt eg skulle fått med meg konsertane på Hafstadfjellet, så det må vere målet i år! Elles likar eg den sydlandske stemninga vi greier å skape på festplassen fredagsnatta, så eg blir nok der og!


Foto: David Bowen

LAURDAG 10.30–11.00

11.00–11.45

FESTPLASSEN

FØRDEHUSET TIL SENTRUM

TORGSCENA, ELVETORGET

Saman med Kokkenes Meisterlaug og Bondens Marknad Førde inviterer vi til gratis frukost i parken! til: Bufféar med mat og drikke er på plass, og frukostmusikk vert det også! Ved dårleg vêr, vert frukosten flytta under rådhustaket på Langebrutorget. Gratis.

Gå ikkje glipp av det fargerike toget av festivalartistar som spelar seg gjennom sentrum. Paraden startar ved Førdehuset og går til Torgscena ved Elvetorget. Gratis.

Musikalske smakebitar frå årets program. Gratis.

LAURDAG 08.30–10.00

FESTIVALFRUKOST

FESTIVALPARADE

MUSIKK I SENTRUM

FREDAG 23.00–02.00

LAURDAG 23.00–02.30

Mahala Rai Banda og Romengo Utekonsert på Festplassen Bli med på sommarfesten i parken! Med Mahala Rai Banda frå Romania og Romengo frå Ungarn. Ved dårleg vêr vert konserten på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Sal av mat og drikke.

Festivalsalen & Barthold Bar, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Nordisk og internasjonal fest i to etasjar! Svenske Navarra og danske Dreamers Cirkus spelar i Barthold bar. I etasjen over handlar det om vestafrikanske og afro-colombianske rytmar, med Mamar Kassey frå Niger og Noency Mosquera & El Bongo de Bojayá frå Colombia.

SIGØYNARFEST PÅ FESTPLASSEN

FESTIVALNATT

FESTIVALMAGASINET 2016

35


SIGØYNARFEST PÅ FESTPLASSEN

MAHALA RAI BANDA

ROMENGO

Bli med når to av dei råaste sigøynarbanda får boltre seg i parken ved Jølstra: Mahala Rai Banda frå Romania fyrer laus med elleve mann på scena, full blåserekke og eit repertoar som vil få sjølv trea i parken til å røre på

seg. Romengo, med den fabelaktige songaren Mónika Lakatos, har med røter i sigøynartradisjonane frå den ungarske landsbygda utvikla sin eigen stil – med impulsar frå mellom anna jazz og flamenco.

SATS PÅ PASS!

Med festivalpass får du billett til fem konsertar og stor rabatt på andre konsertar som t.d. sigøynerfesten og festivalnatta. Desse 5 konsertane er inkluderte i passet (verdi kr 1680): Opningskonsert, Mor Karbasi, Federspiel, festivalgalla og La Bottine Souriante.

KONSERT

SIGØYNARFEST! Sigøynarfest på Festplassen Fredag 8. juli kl. 23.00–02.00 Festplassen

Visste du at: Med ungdom/studentpass (450,-) betalar du berre kr 50,- for andre konsertar! Døme: Festivalnatt laurdag 9. juli: Ordinærpris 360,-, med studentpass slepp du inn for 50,-

PRISAR festivalpass: Vaksne 950, ungdom/student 450, born 200.

36

FØRDEFESTIVALEN


FESTIVALNATT I TO ETASJAR

Skal det vere skandinavisk eller sydlansk? Litt rusten i colombianske takter? Kom tidleg og få eit lynkurs i tamborito, porro, cumbia og son chocoano på kjøpet!

KONSERT

- Ja, takk – begge deler! Festivalen serverer førsteklasses dansemusikk på festivalnatta. Skandinavisk, energisk og leikent frå svenske Navarra og danske Dreamers cirkus i Barthold bar. Sydlandsk, sensuelt og eksotisk frå nigerianske Mamar Kasai og colombianske Noency Mosquera & El Bongo de Bojaya i etasjen over.

Festivalnatt Laurdag 9. juli kl. 23.00–02.30 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

FESTIVALMAGASINET 2016

37


OVER

45

KAR

BUTIK

Festivalhotellet!

Restaurant Hugleik

Torsdag 2.7 kl 22: Jigs, reels and beers – Mairearad & Anna.

Colombi Egg med vert Gabriel Fliflet.

Fredag 8. Juli, kl 21: Innslag ved Djønne & Børsheim, Nishtiman-musikarar og Ale Möller m fleire. Lørdag 9. juli, kl 23: med besøk frå bl a Nordic, La Bottine Souriante, Ingeborg Ulberg Sommer, Torfinn Hofstad og Helga Myhr.

Festplassen

Fredag 8. juli Utekonsert og sigøynarfest med hardcore balkanbrass (dersom dårleg vêr vert arrangementet flytta til Scandic Sunnfjord Hotel).

45 BUTIKKAR OG RESTAURANTAR TRENINGSSENTER

Festivalnatt lørdag 9. juli Velkommen til nordisk og internasjonal fest i to etasjer!

500 GRATIS PARKERINGSPLASSAR PARKER UNDER TAK OG GÅ RETT INN

I Restaurant Laxen serverer vi lunsj og middag frå kl 1200 – 2200. Uteservering på Laxen Terrasse. Lobbybaren Bartine - ope frå kl 1800. Servering av småretter og forfriskande drikke både ute og inne.

findriv.no

TØRRSKODD HANDEL - UANSETT VÊR

Velkomen til festivalhotellet – god mat, god festivalstemning og gode opplevingar! For bestilling: 57 83 40 00

38

FØRDEFESTIVALEN

10-20 (18) AMFI.NO/FORDE

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

VINMONOPOL

Festivalsalen og Barthold Bar


Vi er stolte sponsorar og samarbeidspartar for Førdefestivalen

EMBASSY OF THE REPUBLIC OF INDONESIA

Barnas Turlag Førde, Bary as, Bellis Blomster, Bergens Tidende, Blomsterhagen Restaurant, Bondens Marked Førde, Fjordamattunet, FjordKysten, Førde kulturskule, Førde Kyrkje, Gloppen Hotell, Hellevang Kontorsystemer as, Jølster mottak, Jølstraholmen, Jølstramuseet, Klokkargarden, Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, Kontorsenteret, Lotteri- og stiftingstilsynet, Magne Hafstad as, Naustdal Dampbakeri, Norkring, Nortura, Nærleiken Barnehage, Rotary Førde, Rytne Gard, SOF Teater, Sognefjord.net, Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Solsida Barnehage, SNU, Sunnfjord Folkehøgskule, Sunnfjord Kunstlag, Vieåsen Barnehage

FESTIVALMAGASINET 2016

39


KONSERT

Foto: Emile Holba

Terje Isungset: Arctic Ice Music Fredag 8. juli kl. 16.30 Storsalen, Førdehuset

Det nesten umoglege Det følgjer ei openberr utfordring med å spele på is; han smeltar. 40

FØRDEFESTIVALEN


Dagbladet kalla han ein gong sjølve personifiseringa av det utvida perkusjonsbegrepet. Han har gjeve ut heile 10 soloplater, bidrege på over 70, og vore ein sentral aktør i norsk musikk dei siste 30 åra. For utan trommer spelar han på stein, glas, bukkehorn, munnharpe, tre, og sidan 1999 - is. Terje Isungset er ein pioner. - Det er på grensa til umogeleg, seier han. Frå dei ber isen ut av kjølebilen og til han fyller ein konsertsal med tonar kan det berre gå minimalt med tid. Logistikkarbeidet bak ein slik konsert er ikkje til å kimse av- for dei minste av instrumenta kan vere vekke på minuttar. Tonane må «timast». Istrompetar går over i flytande form, skiftar tone og renn vekk. Og er ikkje det nok, så kan temperaturskilnader på over 45 grader få det heile til å slå sprekkar, bokstavleg tala. - Isen set ting i perspektiv, seier han, og reflekterer over det eksistensielle i verda; Det store kretsløpet, og kor ubetydelege vi eigentleg er. Menneska har vore her så kort, isen har vore her så lenge. Likevel smeltar han i hendene våre. Isungset har jakta på is i mange hundre tusen år gamle flytande fjell i Sørishavet, bora opp 500 år gamal is frå Austfonna. Han har spelt inn plate med råvarer frå både sør og nord, og helde konsert for inuittane i Alaska. Det er tydeleg det ligg ei meining bak det heile, men han vil heller spele, enn snakke om det. - Om eg når fram då, og publikum gjer sine eigne tankar, trur eg at eg når djupare. Han lagar instrumenta sine sjølve, i

naturis. Javel, tenkjer eg, og spør om han støyper dei eller..? Eg har ikkje riktig forstått. - Med naturis, forklarar Isungset, meiner eg at eg hentar blokkar ute, i vatn, brear og elver. Sidan formar eg dei med motorsag og kniv. Instrumenta vi får høyre under Førdefestivalen er med andre ord eit produkt av Isungset, vinteren 2016 og eit vatn på Geilo. Nett no står dei på eit kjølelager, og Isungset får alarmbeskjed om temperaturen stig. - Det er is av kvalitet med ein verkeleg god tone, seier han, og skildrar den magiske klangen i det forgjengelege. Den kan knase, klinge, knake, alt etter korleis du formar og brukar han. Første gong Isungset spelte på is var i 1999, då han vart beden om å skrive eit tingingsverk til Lillehammer vinterfestival der konserten skulle haldast i ein frosen foss. Han hadde lenge drøymt om det, men ikkje riktig visst korleis det skulle la seg gjere. Han vart hekta, og no har han spela ismusikk over heile verda. Han har skipa eit eige plateselskap som berre gjev ut ismusikk, og starta Ismusikkfestivalen på Geilo. Isungset er Ismannen. Då han sprang rundt på Geilo som barn, var det gamle malingsspann som fekk gjennomgå. Det at han ikkje hadde instrument, fekk ikkje stogge han frå lage lyd, og at dei andre ungane heller ikkje hadde instrument, stogga han ikkje frå å vere bandleiar. At Terje skulle bli noko anna en musikar og komponist var ein tanke han ikkje trengte tenke. Frå han fekk hand om ordentlige saker spelte han 50-talls låtar, gamaldans og masurka saman med far sin på lokale festar og hotell i Hallingdal.

Han fekk ta del i spelemannstradisjonen og har fram til i dag spelt mykje med folkemusikarar, men sjølv høyrer han ikkje heilt heime i den båsen. Han er ein improvisasjonsmusikar stadig på leit etter nye lydar, meir enn ein tradisjonsbærar. - Eg trur perkusjonistar er meir oppdratt til å tenke kreativt frå starten. Eit piano er eit piano, men trommesettet set du saman slik du sjølv ynskjer. Det kan ha ført til at eg vart meir opptatt av å prøve nye lydar. Då han var i 20-åra ville han vekk frå dei kjente referansane som instrumenta og dei ulike oppsetta gav. Han tok til å leite etter andre lydkjelder, først i tunet heime. I fjøset fann han sauebjøller, ute fann han pinnar og stein. 30 år, og 40 bestillingsverk seinare har han laga musikk av verdas største oljerigg og komponert stykke av glas og fuglekvitter. Det siste vart framført då fugleinfluensaen herja på sitt verste. Vatnet er verdas viktigaste resurs, og for hundrevis av millionar er ho ei mangelvare. For andre er isen sjølve grunnen dei står på. Til konserten Arctic Ice Music under Førdefestivalen har Isungset med seg eit knippe musikarar frå kaldare strok; Samiske Sara Marielle Gaup Beaska og Maria Skranes, inuittane Beatrice Deer og Evie Mark frå Canada og Radik Tyulyush frå Tuva. Saman improviserer dei over musikken til urfolk som lever tett på snø, is og kulde. I ei ramme av film og lys vil dei male opp eit isblått univers for oss. Så kryssar vi fingrane for at det er publikum som smeltar først.

FESTIVALMAGASINET 2016

41


FINSK OG FAGERT 42

FØRDEFESTIVALEN


Frå lengst aust i Karelen kjem sjølve kronjuvelane i finsk folkemusikk og verdsmusikk til Førde. Velkommen, Värttinä!

Sagt var ordet, bodi bore, Lange leidir gjekk den tidend At den fagre møy var fari Jomfrua or verdi gjengi.

No kjem dei finske, fagre kvinnene til Førde! Til festsalen i Førdehuset, til løa på Jølstramuseet. Seinare i helga held Gabriel Fliflet sine gjestebod i Hugleik bar på festivalhotellet. Så møtest dei kanskje her - i Sunnfjord: Sonen til Albert Fliflet og døtrene av Kalevala.

Fascinasjonen for det finske er ein del av farsarven til Gabriel Fliflet.

KONSERT KONSERT

giprofessoren Aarne Laitakari. Sølvgruvene i nærleiken av prestegarden var av stor interesse for geologen. Laitakari la merke til den lærevillige sonen i huset, Albert. Dei tok til å brevveksle og dette medverka til at Albert Fliflet utdanna seg innan finsk språk og kultur. Han vart etter kvart æresdoktor ved universtitet i Helsinki og er kanskje mest kjent for omsettinga av nasjonaleposet Kalevala til nynorsk.

KONSERT

Med sylskarpe vokalharmoniar som varemerke, har Värttinä erobra verda med plateutgjevingar og hundrevis av konsertar. Den særeigne vokalstilen er også i fokus på gruppa si 13. plate som har tittelen «Viena» (2015). Plata er inspirert av Värttinä si reise til landsbyane i Viena Karelia, eit område rett innanfor den russiske grensa til Finland, kjent for sine urgamle songtradisjonar. På reisa si møtte songarane i Värttinä lokale rune-songarar, dei siste representantane for ein kultur som går tusen år tilbake i tid. Det er her grunnlaget for den finske Kalevaladiktinga ligg: Omtrent på same tid som Ivar Aasen samla inn dialektar som grunnlag for vårt nynorske skriftspråk, var Elias Lönnrot på ei liknande reise i Karelen. Rune-songar, segner og eventyr vart grunnlaget for det finske nasjonaleposet Kalevala. Kring hundre år seinare, i påska i 1923, fekk prost Andreas Fliflet i Øvre Sandsvær vitjing av den finske geolo-

Sommarnatt på Jølster Torsdag 7. juli kl. 23.00 Jølstramuseet, Vassenden Värttinä Fredag 8. juli kl. 13.30 Festsalen, Førdehuset Colombi Egg Fredag 8. juli kl. 21.00 Laurdag 9. juli kl. 23.00 Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

FESTIVALMAGASINET 2016

43


GJERMUND LARSEN TRIO

Seks stjerner i storsalen Frå dei store sjøane lengst i aust i Finland dreg vi vestover til svenske dalar og norske fjell. Og plukkar stjerner med til Førde. To trioar. Seks stjerner! 44

FØRDEFESTIVALEN


NORDIC

GJERMUND LARSEN TRIO: Gjermund Larsen - fele
| Sondre Meisfjord - kontrabass
| Andreas Utnem – piano, trøorgel NORDIC: Anders Löfberg - cello, fele | Erik Rydvall - nyckelharpe
| Magnus Zetterlund - mandolin

KONSERT

Gjermund Larsen Trio og den svenske folkemusikkgruppa Nordic er tonegjevande utøvarar i det som ser ut til å etablere seg som ein ny, nordisk sjanger og ei felles nordisk folkemusikk-scene. Dei to trioane har markert seg som dei aller fremste innan nyskapande og nykomponert folkemusikk i Norden. No står dei to trioane på same scene, er det med utgangspunkt i Gjermund Larsen sitt spesialskrive verk for Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival 2015. Repertoaret omfattar også vise- og salmetonar etter spelemannen Hilmar Alexandersen frå Steinkjer, som er ei grunnleggjande inspirasjonskjelde når Gjermund Larsen komponerer musikk. På konserten får du høyre dei to trioane i glitrande samspel, i tillegg til at dei framfører eige materiale kvar for seg. Tonane funklar og skin frå seks nordiske stjerner – i storsalen er dei eitt stjernelag:

Gjermund Larsen Trio & Nordic Laurdag 9. juli kl. 17.00 Storsalen, Førdehuset

FESTIVALMAGASINET 2016

45


Berre dei finaste instrumentalistane kan spele der ingen filter finst. Ingen avstand, inga forsterking. I år er det pionerane som rår grunnen i Gamlebanken. Høvdingar med mannsaldrar som musikarar bak seg, men stadig med godt nytt å melde:

ALE MÖLLER & GUNNAR STUBSEID

Høvdingar i Haarklousalen

46

FØRDEFESTIVALEN

venskap og samarbeid mellom multiinstrumentalisten Ale Møller og hardingfelespelemannen Gunnar Stubseid. Vi kan legge til banebrytande, for samspel mellom mandola og hardingfele har aldri vore vanleg kost innan folkemusikken. - Det slo meg med ein gong kor fint mandolaen smelta saman med hardingfela, seier Stubseid. Musikken min fekk ein ny dimensjon

gjennom samspelet med Ale. Platene deira, Rameslåtten (87) og Reisaren (97) har dei nettopp kome ut i nytt opplag som dobbeltalbum under tittelen SPOR (Grappa).

KONSERT

Fredag presenterer festivalen to av pionerane i skandinavisk folkemusikk. Ein del av repertoaret er av god gammal årgang, men den legendariske duoen Gunnar Stubseid & Ale Möller jaktar stadig etter nye tonar og nye slåttar. Ein sein nattetime under den aller første Falun Folkmusik Festival (1986), vart starten på eit livslangt

Gunnar Stubseid & Ale Möller Fredag 8. juli kl. 13.30 Haarklousalen, Førde kulturskule


TOM KARLSRUD & HÅKON HØGEMO

Laurdag slepper ”Slåtteduoen” frå Sogn og Fjordane si aller første plate. Håkon Høgemo og Tom Kalsrud har utvikla eit unikt samspel mellom hardingfele og det dei kallar eit hardingfeleakkordeon! - Vanleg trekkspel med standardbass har ferdigkopla akkordar i venstre handa, noko som høver godt for enkelt ”komp” og enkel funksjonsharmonikk, fortel Karlsrud. - Dette passar ikkje så godt til dei gamle slåtteformene og hardingfelespelet sine særeigne samklangar. Eg nyttar difor eit akkordeon (med enkelt-tonar i begge hender) eller eit modifisert trekkspel der tersen i akkordane er kutta ut i dette

samspelet med hardingfele. Klangane vert dermed «opnare», og det vert lettare å ta omsyn til slåttemusikken sine særeigne harmoniar i samspelet, forklarar Karlsrud vidare. Dei kallar seg slåtteduo, og hentar repertoaret frå den gongen det reine hardingfelespelet rådde grunnen i Sogn og Fjordane, og særleg i Indre Sogn. Her, i små og nokså isolerte bygder, er mykje av spelet etter kjende spelemenn som Anders Sagen (Kvamsøy), «Skrangle-Jens» (Fresvik), Store-Vetle-Per» (Underdal) og Sigurd og Sjur Eldegard (Årdal), haldne oppe i ubrotne tradisjonar heilt fram til i dag. Ein av dei fremste

tradisjonsberarane for denne musikken, er Håkon Høgemo. Han er òg ein av dei fremste hardingfelespelemenne i Norge i dag.

KONSERT OG PLATESLEPP! Laurdag 9. juli kl 15.00 Haarklousalen, Førde kulturskule

Tom Karlsrud & Håkon Høgemo

FESTIVALMAGASINET 2016

47


Sal av lunsjmat, kaker Salkioskvarer av lunsjmat, kaker og og kioskvarer

Ope under festivalen:

09.30 - 24.00

Ope under festivalen:

09.30 - 24.00

innbyr til

6. – 10. juli:

2. – 5. juli: Torsdag Torsdag kl kl 15.00-19.00 15.00-19.00 Dagens Dagens middag middag

Fredag–lørdag Fredag–lørdag FESTIVALKAFE I FØRDEHUSET kl 14.00-19.00 Opningstidkl 5. 14.00-19.00 - 8. juli: 09:00 - 24:00 Festivalbuffét Festivalbuffét kr 195,- pr pers

FREDAG og LAURDAG kr 195,- pr pers kl 15:00-19:00 Festivalbuffé - eit utval av varmrettar og salat kr 175,Søndag

Søndag

tlf: 57 72 19 99 e-post: post@sunnfjordcatering.no www.sunnfjordcatering.no

Opera Nordfjord

kl 13.00-15.00 SØNDAG - Familiedag kl 13.00-15.00 Ein Festivallunsj smak av festival kr 95,barn kr 55,Festivallunsj

av Jacques Offenbach ein opera i 3 akter Framsyningar: 05.10., 07.10., 09.10., 11.10., 13.10. og 15.10. Stad: Operahuset Nordfjord Billettar: www.operahuset.no og post@operanordfjord.no Meir info: www.operanordfjord.no

kr 99,- pr porsjon kr 99,- pr porsjon

Hovudsponsor:

Gratiskonsertar på Torgscena! Torsdag 7. juli kl. 11:00 Vigüela, Mairearad & Anna og Romengo Handlehygge 36 butikkar 500 parkeringsplassar Midt i sentrum

Rein Design

Festivalkafé i Førdehuset Festivalkafé i Førdehuset

Laurdag 9. juli kl. 11:00 Noency Mosquera & el Bongo de Bojayá, Huun-Huur-Tu, m.fl

Fredag 8. juli kl. 10:30 Nishtiman, Sindre & Co og Mahala Rai Banda

SOMMARTILBOD

Internett frå

174 kr

per mnd.

50% på breiband i 3 mnd. + fri etablering*

*Minste totalpris med 12 mnd. avtaletid kr 3.947,-.

48

FØRDEFESTIVALEN


Foto: Oddleiv Apneseth

Sogn og Fjordane Teater opnar hausten med ei feiande flott danseteaterframsyning! På lokalet tek oss med gjennom dei ulike tidsepokane frå 40- til 80-talet. Her vert det ungdommelege og tidsriktige kostyme og hår, og mykje nostalgisk musikk. På lokalet er ein hyllest til huset vi møttest i. Viss veggane kunne snakke, seier vi ofte, men her skal vi la dansen fortelje historia. Urpremière i Viking i Førde 2. september. Turné 3.-24. september: Innvik, Heimlund Breim, Breimshallen Stadtlandet Grendahus

Ålhus, Borgja Holmedal Bygdehus Værlandet Ungdomshus

Dale, Trudvang Bygstad Ungdomshus Feios Ungdomshus

Eivindvik Ungdomshus Åfjordalen Bygdehus Naustdal, Fosshalla

KOREOGRAFI/REGI: Arne Fagerholt KOSTYME/SCENOGRAFI: Dordi Strøm MEDVERKANDE: Anette Stokke | Anne Guri Tvedt | Christer Tornell | Erlend Auestad Danielsen | Idun Losnegård | Jørn-Bjørn Fuller-Gee | Martha Standal Følg oss på:

Ann SOFT/ Pa lokalet.indd 1

flickr

BILLETTAR: softeater.no/billettar

10.05.16 14:03

FESTIVALMAGASINET 2016

49


50

FØRDEFESTIVALEN


Sefardisk skjønnheit Sefarad er jødane sitt namn på den iberiske halvøya. Også herifrå vart dei fordrivne. Men i det vonde har jødane alltid verna om det vakre. Og vakrast av alle er Mor Karbasi.

Fredag kveld står ho på festivalen si største scene. Kven har stått der før ho? Natasha Atlas, i fjor. Ana Moura, året før. Dette er scena for dei forførande førstedamene i verdsmusikken!

KONSERT

Ho har alt. Ei stor stemme, uimotståleg utstråling. I songane tek ho oss med på ei reise rundt Middelhavet. Til Marokko, Spania og Israel. Til ei tid og ein sivilisasjon som er borte for lenge, lenge sidan. Språket er det same som jødane ein gong skapte for å kunne omsette bibelen frå hebraisk til spansk: Ladino. Flamenco og fado har sett tydelege spor i jødisk-sefardiske musikkarven ho gjer levande. Mor Karbasi er fødd i Israel, med mor frå Nazaret og far frå Jerusalem. Men dragninga mot Spania vart til slutt så sterk at ho i 2012 flytta til Sevilla. -Eg ville vere der det heile byrja, seier ho. Desse songane høyrer heime i Spania. I Sefardia!

Mor Karbasi Fredag 8. juli kl. 19.30 Idrettshallen, Førdehuset

FESTIVALMAGASINET 2016

51


Bror og syster Musikk er eit hjartespråk. Du skjønar så fort, det ord krev lenger tid å forstå. Alt vi har felles. At det er bror din som spelar og syster di som syng.

Hilde Bjørkum smiler mot skjermen på kontoret sitt i Førdehuset og held fram. - Du og eg Erik, vi har jo jobba med dette sidan tidenes morgon. Frå kontoret på Kirkelig kulturverksted i Oslo smiler Erik Hillestad tilbake. Han har leia arbeidet i produksjonsselskapet i vel 40 år. Hilde Bjørkum har vore direktør for Førdefestivalen sidan starten i 1990. I år samarbeider festivalen og KKV om konserten «Syriske bøner». - Ja, vi tenkjer i ti år av gongen, ler Erik lunt og legg til: - Det er ei varigheit over arbeidet vårt som er verdifull. Gleda blir større fordi det ikkje berre dreier seg om opplevingar som er gode i augneblinken, men som kan innebere at menneske endrar kurs i liva sine eller at haldningar i samfunnet kan endre seg gjennom den tida vi har vore her. For vi er her! - Eg er nett komen igjen frå returbesøk i Armenia, fortel Hilde oppglødd

52

FØRDEFESTIVALEN

til kollegaen sin. - Talentprosjektet vårt henta i fjor fleire av utøvarane herifrå. Det er så rørande å sjå kor ufatteleg sterk kommunikasjonsevne musikken har! Ikkje berre mot publikum, men også musikarane i mellom. Dei tek kvarandre sine tema, møter kvarandre sine blikk. Dei knyter sterke band, musikken får verkeleg menneska til å kjenne seg nærare kvarandre. - Det er så verdifullt det de får til gjennom talentprosjektet, svarar Erik. Masha Vadat, (leiar for talent 2015 red an.) bur hos meg no, etter turen de hadde saman til Armenia. Ho er så lykkeleg! Full av idear, snakkar ustanseleg om det ho har opplevd. - Såg du statusen min på facebook? spør Hilde. - Om at vi skulle hatt eit talentprosjekt for verdas leiarar? Vi fører folk saman som ikkje har kome fram til noko felles resultat tidlegare, ikkje av noko slag. Kontrakten inneber at arbeidet ikkje er muleg å sette ut, ein må komme fram til ei einig-

heit, ein må komme til ei felles forståing. For dette skal presenterast for offentlegheita ut frå ei felles plattform innan ein viss frist! Det er mykje å lære av måten talenta våre arbeider på, slår Hilde fast. - Kanskje lukkast musikarane så godt fordi musikken inneber at ein tek vare på barnet i seg? undrar Erik. - Det handlar om leik, gjer det ikkje? Og om å blottstille seg og ta sjansar? - Jau, det trur eg er rett, svarar Hilde. - Musikarane har nettopp det til felles: Dei er musikarar. Det sårbare i møtet med publikum opplever dei på same måte, same kvar dei kjem frå. - Eg trur også at det vil vere slik for utøvarane som skal vere med i «Syriske bøner», seier Eirik. Dei har musikken som utgangspunkt, det er meir uforpliktande enn om dei skulle møtast som teologar. Dei skal syne oss korleis dei tilber sin Gud gjennom songen, dermed kan dei stå heilt inne for si framføring og likevel syner


dei kvarandre kva dei har å dele, held Erik fram. - Eg var nettopp i Tunis. Situasjonen der eit heilt annleis enn i Syria. Eit skjørt demokrati veks fram, kvardagen er prega av håp. Tenk om vi kunne bruke like store ressursar på konstruktiv støtte her, i staden for dei destruktive verkemidla det internasjonale samfunnet bruker gjennom militære aksjonar i andre konfliktområde? Hilde nikkar stille. - I Førdefestivalen har vi heilt sidan starten hatt ytringsfridom som ei rettesnor i programmeringa, vi vil gje scener til dei som har lite spelerom i sine eigne land. Over tid trur eg vi har bygd ein tillit hjå publikum. Ingenting er så kjekt som ei herleg overrasking, er det vel? - Vi var så opptatt av musikk frå Balkan på 80-talet, mimrar Erik. Kanskje var det der det starta? Så oppdaga vi etter kvart at norske folkemusikarar kunne ha eit orientalsk preg

i musikken sin. Hugsar du Ragnar Vigdal, frå Sogn, Hilde? - Ja, ein stor folkesongar, med ein songstil som minner om minaretsong i Midt-Austen, seier Hilde. - Vi samarbeidde med misjonærar frå Equador og koret SKRUK om prosjektet «Slipp mine fløyter fri.», fortel Erik vidare. Då var vi i gong, for alvor! Vi har vore opptekne korleis slike samarbeid kan tilføre norsk musikk energi, og helst frå andre tonar enn dei typiske anglo-amerikanske. - Ja, eg opplever også ein slektsskap mellom dykk og oss ved at vi begge har stor interesse for korleis dei musikarane vi brukar får formidle noko frå sin eigen kultur som kan stå på eigne bein. Ikkje berre bli krydder i eit eigentleg vestleg uttrykk, legg Hilde til. - Mangfald kan lett ende i einfald, ei suppe der du blandar alle ingrediensar så det ser grått ut. Ikkje smakar det godt heller, held Hilde engasjert fram.

- Vi er på jakt etter det skjønne som kan bli skapt i nye samarbeid, avsluttar festivaldirektøren. Direktøren i Oslo nikkar, og begge ler avkreftande når eg spør om det kan bli slitsomt med alle desse kreative prosessane, er det ikkje veldig krevjande? Nei, det er det visst ikkje. Det er det administrative som syg kreftene ut av desse to. Når ideane ynglar er energien på topp! Men nokon topp på kransekaka vil ingen av dei vere. Kulturen er grunnen under føtene våre, sivilasasjonane sine fotavtrykk i verdsarven. Kulturen er nøkkelen – til å forstå kvarandre og leve godt i lag. Slik går samtalen mellom to av pionerane i norsk kulturliv. Og det er visst ikkje berre musikarar som lett blir glade i kvarandre. Arrangørar med same sak på hjartet snakkar same hjartepråk, dei også. Hilde og Erik. Syster og bror.

FESTIVALMAGASINET 2016

53


KIRKELIG KULTURVERKSTED OG FØRDEFESTIVALEN I SAMARBEID OM NY PRODUKSJON:

Syriske bøner I Syria har eit stort religiøst mangfald eksistert gjennom fleire hundreår utan store konfliktar. Ikkje før no i nyare tid. -Vi vil gjennom konserten i Førde kyrkje gje ei oppleving av dette religiøse mangfaldet som er sterkt knytta til rike musikktradisjonar, seier Erik Hillestad.

54

FØRDEFESTIVALEN

konserten i Førde, skal Syrian Prayers koma ut på plate på Kirkelig Kulturverksted (KKV) til hausten. Medverkande i konsertproduksjonen: Muslimsk chanter: Dr. Hassan Merheb Sunnimuslimsk chanter: Mansour Zaytir Kor frå den Syrisk Ortodokse kyrkja: Father Jaques Hana - liturg Aboud Zino – oud og vokal Charbel Khamis Samer Tomas Kassab Antoine Zeino

Kor frå den Assyriske kyrkja: Jack Jendo Elena Benyamin Georgina Khano Ninos Aude Sargon Zomaya Bli med på ei mektig og eksotisk tonereise til eit herja området inst i Middelhavet!

KONSERT

I hopetal søkjer flyktningane frå Syria ly i andre land. Her freistar dei å halde dei gamle tradisjonane sine i hevd. Til dømes i Libanon, der mange har funne tilhald i ulike kyrkjer og moskear tilhøyrande same trusgrein som dei hadde der dei kom frå. Omlag kvar fjerde person i Libanon er no ein flyktning. Erik Hillestad som er produsent for konserten, har søkt mellom røystene i Libanon. Landet har til liks med Syria lange tradisjonar for fredeleg sameksistens mellom ulike religiøse samfunn. Han har gjort opptak av songen hjå maronittane, dei syriskortodokse, armenarane, kaldearane, assyrarane og muslimske imamar. I tillegg til å vera utgangspunkt for

Syriske bøner Fredag 8. juli kl. 21.30 Førde kyrkje.


RUNDEBORDSKONFERANSE Fritt Ord-prisen for i 2010. Ivar Skippervold har studert teologi, sosiologi og musikk. Han står bak fleire multireligiøse festivalar, og er i dag sokneprest i Den norske kyrkja. Deltakarane i kyrkjekonsertproduksjonen vert også med, saman med Erik Hillestad frå Kirkelig kulturverksted som er moderator for konferansen.

DEBATT

Prosjektet inneber også ein rundebordskonferanse der vi stiller spørsmålet om vilkåra for religiøst mangfald i ein region i oppløysing. Kva er utfordringane? Kva kan representantane for dei ulike religionane bidra med for å vise at dei anerkjenner kvarandre? Kan ein trekke røynsler frå andre land, t.d. Norge, når det gjeld modellar for religionsdialog? Her møter du: Bushra Ishaq, norsk-pakistansk samfunnsdebattant, forfatter og skribent, kjend for sitt engasjement for interreligiøs - og interkulturell dialog, som ho òg fekk

Rundebordskonferanse Fredag 8. juli kl. 12.00 Musikkrommet (2. et.), Førdehuset. Gratis

FESTIVALMAGASINET 2016

55


Møt artisten! Den minste og mest intime scena på festivalen finn du i hjartet av Førdehuset, i Utstillingssalen. Ei stille sone i mylderet. Finn deg ein mjuk stol. Kvil deg litt. Møt artisten er ein programserie der du får komme tettare på utvalde festivalartistar gjennom intervju og samtalar på denne vesle scena. FREDAG 8. JULI 11.30 -11.50: Faytinga. Eritrea FREDAG 8. JULI 14.30-14.50: Mor Karbasi, Spania FREDAG 8. JULI 17.30-17.50: Noency Moscuera, Colombia LAURDAG 9. JULI 13.00-13.20: Broukar, Syria LAURDAG 9. JULI 13.30-13.50: Grenselause voggesongar Fri entré.

56

FØRDEFESTIVALEN


GLOBAL GALLA Verda står på same scene i vår aller største konsertproduksjon. Velkommen til festivalgalla!

La Bottine Souriante | SambaSunda Huun-Huur-Tu | Trio Madeira Brasil | Mamar Kassey | Spring du fela | Talent 2016 Dreamer`s Circus Konferansierar: Camilla Granlien og Geirr Lystrup | Laurdag 9. juli kl. 20.30 | Idrettshallen

FESTIVALMAGASINET 2016

57


The best band in the world! (DIRTY LINEN MAGAZINE)

Dei er levande legender – La Bottine Souriante. Og kanskje vårt yndlingsband!

Første gong La Bottine Souriante dukka opp på musikkscena i Quebec var så langt tilbake som i 1976 og dei er for lengst levande legender og eit omgrep ikkje berre i Canada, men i heile musikkverda. Bandet kan skilte med over ein halv million selde plater! Dei har toppa artistlistene på store festivalar verda rundt. Og dei spelte på den aller første Førdefestivalen. Vi gløymer det aldri!

58

FØRDEFESTIVALEN

No er dei tilbake, dei er fleire enn sist, men med ei like smittane, uimotståleg speleglede. La Bottine Souriante låner element frå stilar som jazz og salsa, men vitaliteten kjem først og fremst frå den levande folkemusikktradisjonen i Quebec. Vi kan nesten ikkje vente! Det er med store forventningar og sitrande glede vi ynskjer velkommen.


KONSERT

Benoit Bourque - vokal, trekkspel, fot-tapping, stepping |
Éric Beaudry - vokal, fot-tapping, mandolin, bouzouki, gitar
| David Boulanger - vokal, fele, fot-tapping, perkusjon
| Jean-François Gagnon-Branchaud - vocal, fele, gitar, fot-tapping
| Pierre “Pedro” Belisle - piano, trekkspel, trompet
| François Marion - akustisk og el-gitar
| Jean Fréchette - saxofon, perkusjon
| Robert “Bob” Ellis - bass trombone
| André Verreault - trombone
| Jocelyn Lapointe - trompet
| Sandy Silva perkusjonsdans.

La Bottine Souriante Søndag 10. juli kl. 15.00 Idrettshallen, Førdehuset

FESTIVALMAGASINET 2016

59


Kva kom først; lyden eller biletet? FESTIVALUTSTILLING

Når Kristin Skrivervik teiknar brukar ho musikken som motor. - Eg kan sitte lenge og stire på det kvite arket, nesten meditativt. Så let eg musikken sette meg i gang. Den inspirerer meg på fleire plan; den gjev meg ei sinnsstemning og ein rytme som driv handa mi fram i arbeidet. Tørrpastell, kol, klut og hender. Ho arbeider intuitivt i starten, let tankane sleppe til etter kvart. I dei nonfigurative verka dansar linjene over arket. - Heilt sidan folkeskulen har eg vore utruleg fasinert av Ernst Chladni, fysikaren og musikaren som på 1700-talet visualiserte lyd. Gjennom å la forskjellege lydvibrasjonar påverke ulike material, som til dømes sand på tynne metallplater, viste han oss at kvar frekvens har sitt mønster. Sanden samlar seg i ulike sirklar og geometriske mønster utover flata, avhengig av den lyden han vert utsett for. Mønstera og rytmen går att i Skrivervik sine verk. Nokre

60

FØRDEFESTIVALEN

av dei har nærast ei melodisk linje. - Du kan nok ikkje sjå akkurat kva eg har lytta til, men nokre bilete speglar musikken på den måten at du kan sjå den stigande og dalande intensiteten i det eg høyrer, dei ulike musikalske tema, og det heilt spesielle temperamentet. Og så ser du sikkert eit slektskap mellom dei verka som er produsert til same musikk. Teikningane i ein slik serie vert som søster og bror. Platene går om att og om att. Nett no er det kurdiske tonar som fører stiften. - Å velje noko frå platesamlinga som passar årets festivaltema er heilt naturleg når eg forbereder meg til ei festivalutstilling. Den kurdiske musikken er veldig rytmisk. Også er det, det er litt rart, eit strenginstrument her som har den same sprø, vinteraktige klangen som den norske harpa. I fjor samarbeidde Skrivervik og folkemusikar Tone Hulbækmo, som spelar på nettopp denne harpa, om ei utstil-


ling ved Samisk senter for samtidskunst i Karasjok. På svart papir, til musikk av mellom andre Frode Fjellheim, mana Skrivervik fram lyset i dei samiske fargane. Resultatet gav klare assosiasjonar til nordlyset. - Eg vaks opp på Tynset i Nord-Østerdalen, ein av dei kaldaste plassane i Noreg- så den store, svarte vinternatta kjenner eg godt. Eg må stadig vende attende til naturen, for han har alltid vore mi største kjelde til inspirasjon. Eg vekslar mellom eit mikro- og eit makroblikk. Naturen er alt, men løyndomane hans får du berre i bytte med at du gjev han tid. Bileta til Skrivervik låg til grunn når Hulbækmo komponerte sin musikk til utstillingsopninga i Karasjok, og på den måten fekk kunsten sitt eige, organsike kretsløp; Frå musikk til teikning til musikk igjen.

- Desse møta mellom kunstartane er veldig spanande. Ved ei anna utstillingsopning spelte to fløytistar, og medan dei spelte var det som om teikninga bak dei vakna til live. Linjene dansa i takt med med tonane. Det hadde vore gildt å få til noko slikt i Førde også. Skrivervik har ynskt seg til Førdefestivalen i årevis. Ikkje berre har musikken lokka, men festivalen ligg også i gamle heimtrakter; - Eg er fødd i Nordfjord, og om somrane då eg var lita heldt eg til på Sandane hos farfar og farmor. No håpar eg at eg skal få ta med meg far min på konsertar i gamle trakter. Det var han, som musikkutdanna, som var den første til å gjere musikken levande for meg.

FESTIVALFILMEN 2016

FUOCOAMMARE

Årets Gullbjørnvinnar frå Berlin får før-premiere på Førdefestivalen! Kvar dag vert innbyggjarane i Lampedusa vitne til den største humanitære tragedien i vår tid. Men livet går sin gang på Lampedusa, side om side med det ufattelege.

FILM

Ei sterk og meisterleg skildring av tragedien i Middelhavet, sett gjennom auga til dei lokale på Lampedusa og spesielt 12 år gamle Samuele. Øya hans er ikkje lik andre øyer. I årevis har den vore eit mål for menn, kvinner og born som har lagt ut på overfarten frå Afrika i båtar som er alt for små og avfeldige. Øya Lampedusa er blitt ein metafor for straumen av flyktningar til Europa, håp, motgang og lagnaden til hundretusen av utflyttarar.

Festivalfilmen 2016: Fuocoammare Onsdag 6. juli kl. 17.30 Søndag 10. juli kl. 18.00 Førdehuset. I samarbeid med kino Førde.

FESTIVALMAGASINET 2016

61


FØRDEKONFERANSEN 2016

KULTUR – ei kraft for endring?

- DERSOM DU BLIR SETT PÅ SOM EIT PROBLEM, BLIR DU ET PROBLEM. DERSOM DU BLIR SETT PÅ SOM EIN RESSURS, BLIR DU EIN RESSURS. DEI SOM FÅR VERE VITNE TIL DENNE EFFEKTEN, FÅR TAK I NOKO EKSISTENSIELT.

62

FØRDEFESTIVALEN


Ole Hamre er mellom innleiarane på årets Førdekonferanse. Han er ein av gründerane bak ”Fargespill” og kunstnarleg leiar for prosjektet. Han forklarar vidare: - Den opplevinga det gjev deg å vere tilstades når menneske sprenger sine eigne grenser, er ein viktig del av vårt kunstnarlege uttrykk, forklarar han. - Særleg når dei bryt ut av offerrolla, slik at vi blir sittande og beundre dei vi eigentleg skulle synast synd i. Den auka tilstrøyminga av flyktningar til Noreg set oss på prøve – men gir òg det norske samfunnet større mangfald og fleire menneskelege ressursar. Kan kulturen spele ei hovudrolle i tider med store samfunnsendringar? Kvifor kan nettopp kultur vere ei viktig endringskraft? Og kan eit auka mangfald

INNLEIARAR 2016 HIMANSHU GULATI Himanshu Gulati er norsk-indisk politikar for Framskrittspartiet, frå Førde. I 2013 vart han utnemnd til statssekretær i Justisdepartementet, den yngste i Solberg-regjeringa. Sidan 2014 har han vore statsråd ved Statsministerens kontor. DOMINIC WILSON Dominic Wilson har jobba ved Nordic Black Theatre sidan 2004. I tillegg til å vere informasjonsansvarleg, produserer han fleire faste arrangement på teateret, som Barnas Søndag, Family Reggae Disco, Family Reggae Samba, Open Xpressions og Art talks. SILJE GRASTVEIT Silje Grastveit har bakgrunn som KaosPilot, ei leiarutdanning frå Danmark innan sosial innovasjon.

gå på bekostning av norsk kultur, identitet og verdiar eller snarare bidra til auka innovasjon? På Førdekonferansen 2016 møter du spanande innleiarar som kan gi oss innblikk i korleis kulturlivet kan vere med på å gjere mangfaldet i Norge opnare. Vi tek også opp utfordringar som kan vere knytta til eit auka mangfald. Men like viktig blir du som deltakar. Konferansedeltakarane vil bli utfordra og engasjert konkret på sine tankar og idear for å mobilisere kulturens kraft i den endringa vi som samfunn no står oppe i.

FØRDEKONFERANSEN 2016 Kulturens kraft i eit samfunn i endring

Torsdag 7. juli Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

OLE HAMRE Hamre er musikar og komponist. Han har stått bak ei rekkje spennande prosjekt, blant anna OiOi-festivalen under Festspillene i Bergen, Folkofonen og BFO sitt mangfaldsprosjekt. Han er ein av gründerane bak Fargespill, der han no arbeider som kunstnarisk leiar. TERJE HEGGHEIM Terje er rådmann i Flora Kommune. Kommunen har gjort ei rekkje større satsingar knytta til integrering av flyktninga, og er kjende for sitt fokus på dette.

HALLGEIR ISDAHL Hallgeir er konserndirektør CSR (samfunnsansvar) i Sparebanken Vest. Han er utdanna samfunnsøkonom fra Universitetet i Bergen.

HAMZEH ALSHEIKHO Hamzeh er vitskapeleg assistent ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Der jobbar han på eit prosjekt som forskar på flyktningar og lokalsamfunn i Norge. Hamzeh kom til Norge som syrisk flyktning for halvanna år sidan, og er utdanna frå Universitetet i Damaskus.

FESTIVALMAGASINET 2016

63


Den fyrste songen Det er ingen som veit korleis den første musikken i verda oppstod, eller kvar den oppstod. Men sjå for deg dette; Ei kvinne i ein skog, eller på ei savanne, langt vekke i tid. På armen ber ho eit lite barn som gret. Ho legg han til brystet, men han er ikkje svolten, han berre gret. Når ho ikkje veit kva ho skal gjere­kva gjer ho då? Kanskje smyg lyden seg opp or bringa hennar, stille, nesten så ho ikkje høyrer det sjølv. Tonen veks sterkare, pulsen slår fastare, og ungen gløttar opp på mor si i undring. Ungen lytta til mor si og roa seg.

64

FØRDEFESTIVALEN

Barnet kjende att den trygge stemma ­slik lamma på beitet kjenner sine mødrer. Og mora, denne kvinna som finns over heile verda, skjønte dette, for ho song «eg er her, eg passar på», heilt utan ord. Musikken er like klar som ei mjuk hand – eller ein knytt neve, og verkar som ei bru over til dei av oss som ikkje forstår det talte ordet. Ordet er like presis som det er upresis; tilsynelatande tyder det berre ein ting, men like vel missforstår vi kvarandre stadig. Lærer du deg ikkje

desse kodane, dette språket, så er du på eit vis ekskludert. Det gjeld vaksne med eit anna språk, spedbarn utan språk, og dei som aldri får eit verbalt språk. Musikken, derimot, har vi til felles over heile verda, frå liten til stor, frå sør til nord. Vi veit når ein song er trist, når den er forførande, travel og glad – den resonnerer i dei menneskelege kjenslene, utan at vi heilt kan forklare det med intellektet. Musikk er kjærteikn i øyregangen, varme i magen, og gåsehud på armane.


KONSERT

Sundag 10. juli samlar Førdefestivalen innvandrarkvinner frå Sunnfjord til å dele sine songskattar i konserten «Sulla meg litt du mamma mi». Same om du er frå Iran, Syria, Thailand eller Norge­så syng vi for våre små. Det handlar om menneskeleg fellesskap, grenselaus songglede og dei aller Sulla meg litt du mamma mi kjæraste minna. Under lei- Granselause voggesongar ing av Kari Malmanger og Søndag 10. juli kl. 11.30 Teatersalen, Førdehuset Jorunn Bakke Nydal.

Søte, gode jenta mi lille, snille sonen min sola har gått ned månen skin små barn søv roleg Lalalalayi, lalalalayi Lalalalayi, lalalalayi Det vakre andletet ditt er som ein blome kor søt du er, vennen eg syng for deg frå hjartet mitt Lalalalayi, lalalalayi Lalalalayi, lalalalayi

Tsemblalie tsaeda tsaeda Way ketsebek za Kseda neyew Negew tebel ala Ho ser ut som ein kvit sommarfugl, halsen hennar er så fin når ho rører på den hit og dit Eritreisk voggesong

Chikko-chikko-chikk Det dryp frå himmelen vi høyrer lyden av regn det regnar på blomst og gras Tusen takk min gode gud

Isak haway, Isak haway Dekiska? Deksika? Dewel tedewila? Dewel tedewila? din-don-dan din-don-dan

Tikko-tikko-tikk klokka går tante frosk fortel eventyr til barna sine ho veit at dei er trøtte dei skal legge seg og sove Lalalalayi, lalalalayi Lalalalayi, lalalalayi Persisk voggesong

Isak bror, Isak bror Sover du? Sover du? Høyrer du ei klokka? Høyrer du ei klokka? ding-dong-dang ding-dong-dang Fader Jacob på tigrinja (Eritrea)

Reven sat i sete Haure lambe lete -Kom til meg, du vesle lam Eg skal bera deg til mor di fram - Nei, da gjere du ei Du bite meg i bogen og drege meg på skogen legge meg på ein liten stein og gnege av alle mine småe bein og då kjem eg alder heim te mor mi Norsk voggesong

Kjære gud, hjelp Rima å sove, må ho bli søvnig, må ho vekse seg glad i bøn og faste Kjære gud, gjer ho sterkare kvar dag Må ho sove -så skal eg koke ei herleg due - Flyg due, ikkje tru på det eg seier, eg seier det berre så Rima får sove Rima, Rima, vakre prærierose, du har skinande fagert hår dei som elskar deg skal kysse, dei som hatar deg skal forsvinne Kjøpmenn av druer og raude dadlar, fortel far min, og mor mi at sigøynerar har stole meg frå teltet til «Majdaliyyeh» Eg tek deg med på ein liten tur, dit der det ligg svisker under aprikostrea og kvar gong når vinden bles, skal eg plukke ein aprikos til Rima. Hei, Lina, lån oss ein kjele og eit fat så vi kan vaske kleda til Rima, og henge dei opp i jasmintreet. Libanesisk voggesong

FESTIVALMAGASINET 2016

65


FESTIVALKURS TORSDAG 7. JULI

FREDAG 8. JULI

LAURDAG 9. JULI

16.00-18.00 Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeybekiko Instruktørar: Café Aman Istanbul. 2 dagar. Pris: 500/350*

09.30-11.30 Songkurs Instruktør: Camilla Granlien. Pris: 300/200*

13.30-14.15 Barneverkstad med Raymond Sereba Alder: Frå 4 år. Pris: 100/50*

09.30-11.30 Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeybekiko Instruktørar: Café Aman Istanbul. Framhald. Pris: 500/350*

22.15-23.00 Colombiansk dans Scandic Sunnfjord Hotell & Spa Gratis for alle med billett til Festivalnatt.

10.00-11.30 Sufi-dans Instruktør: Broukar. Pris: 300/200*

SØN 10.- FRE 15. JULI

18.00-19.00 Lynkurs i runddansar - reinlendar og polka m/støyt. Instruktørar: Ingrid Heieren og Elling Sølvberg. Gratis Informasjon * Pris med festivalpass. Påmelding og informasjon: fordefestival.no. F.o.m. måndag 4. juli skjer påmelding til Billettkontoret i Førdehuset, tlf. 46 90 50 10.

13.00-14.00 Sirkus-kurs for born Instruktørar: Circus Raj. Alder: Frå 7 år. Pris: 100/50*

FESTIVALGUIDE

Mokurset: Meisterklasse Instruktørar: Bjørn Kåre Odde. Påmelding/info: www.mokurset.no Støtta av Førdefestivalen.

FESTIVALPASS PRIS: Festivalpass vaksen 950 Ungdom / studentpass 460 Festivalpass barn 200

Festivalpass-konsert er utheva med gult

Onsdag 6. juli 09.00-09.30 16.00-19.00 17.30-19.20 18.30-19.00 20.00-21.00 20.00-21.00 20.00-21.30

ARENA:

Morgonstund har gull i munn Solsida barnehage, avd. Haugum Ut på tur, aldri sur Halbrendstølen Festivalfilm: Fuocoammare Lisjesalen, Førdehuset Opning av festivalutstilling: Kristin Skrivervik: Resonans Kunstsalen, Førdehuset Café Aman Istanbul Storsalen, Førdehuset Vigüela Blomsterhagen restaurant, Florø Jigs, reels and beers - Mairearad & Anna Gloppen Hotell

Ord./Fpass/USpass, Barn

Fri entré 160/100/50 100 (Resepsjonen FH) Fri entré 250/160/50 230/140/50 250/160/50

Torsdag 7. juli 09.00-09.30 10.30-16.30 11.00-11.45 15.00-15.45 17.30-18.30 19.30-21.00 21.30-23.30 22.00-23.30 23.00-02.00

66

Morgonstund har gull i munn Førdekonferansen 2016 Musikk i sentrum Circus Raj Vigüela Opningkonsert: På flukt! Dansen går i Førdehuset Jigs, reels and beers - Mairearad & Anna Sommarnatt på Jølster

FØRDEFESTIVALEN

Nærleiken barnehage Amfi Eikaas, SSH Torgscena Festplassen Festsalen, Førdehuset Idrettshallen, Førdehuset Festsalen, Førdehuset Restaurant Hugleik, SSH Jølstramuseet

Fri entré *Påmelding Fri entré 230/140/50 230/140/50 360/--/50 170 250/160/50 300/190/50 inkl buss


Fredag 8. juli 09.00-09.30 10.30-11.15 11.30-11.50 12.00-13.00 12.00-13.20 13.30-14.30 13.30-14.30 14.30-14.50 15.00-15.45 15.00-16.00 16.30-18.00 16.30-17.30 17.30-17.50 18.00-18.40 18.00-19.00 19.30-20.30 21.00-23.30 21.00-22.45 21.30-22.30 23.00-02.00

Morgonstund har gull i munn Musikk i sentrum Møt artisten: Faytinga Margit Myhr: Stilt trør kvinner i sørgedans Lunsjkonsert: Noency Mosquera & Bonga de Bayajá Gunnar Stubseid & Ale Möller Värttinä Møt artisten: Mor Karbasi Circus Raj SambaSunda Møteplass Jølster: Faytinga Terje Isungset: Arctic Ice Music Møt artisten: Noency Mosquera Barnekonsert: Rytme-eventyr Nishtiman Mor Karbasi Dansen går i Førdehuset Columbi Egg Syriske bøner - Syrian prayers Sigøynarfest på Festplassen

Laurdag 9. juli 08.30-10.00 10.30-11-00 11.00-11.45 12.00-13.00 13.00-13.20 13.00-13.30 13.30-14.30 14.00-15.00 15.00-16.00 15.00-16.00 16.30-16.50 17.00-18.00 18.30-19.30 18.30-19.30 20.30-22.30 22.30-00.30 23.00-01.00 23.00-02.30

Festivalfrukost Festivalparade Musikk i sentrum Silje Onstad Hålien: 101 hattar å sparke før eg døyr Møt artisten: Broukar 706 moh - Chouk Bwa Libéte Erlend Apneseth: Nattsongar Broukar Håkon Høgemo & Tom Karlsrud Federspiel Møt artisten: Grenselause voggesongar Gjermund Larsen Trio & Nordic Huun-Huur-Tu Talent 2016 Festivalgalla Dansen går i Førdehuset Columbi Egg Festivalnatt

Tussero, Vieåsen barnehage Fri entré Torgscena Fri entré Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Terrassen, Førde rådhus 320/ born 160 Haarklousalen, Førde kulturskule 230/140/50 Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Festplassen 230/140/50 Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Løa, Jølstraholmen 250/160/50 Storsalen, Førdehuset 250/160/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Idrettshallen, Førdehuset 320/--/50 Festsalen, Førdehuset 170 Restaurant Hugleik, SSH 250/160/50 Førde kyrkje 230/140/50 Festplassen 320/200/50 Festplassen Fri entré Ute ved hovudinngang Fri entré Torgscena Fri entré Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Hafstadfjellet 160/100/50 inkl. buss Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Haarklousalen, Førde kulturskule 230/140/50 Festplassen 320/--/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Storsalen, Førdehuset 250/160/50 Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Idrettshallen, Førdehuset 360/--/50 Festsalen, Førdehuset 170 Restaurant Hugleik, SSH 250/160/50 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 360/220/50

Søndag 10. juli 11.00-12.30 11.30-12.30 12.00-13.30 13.00-14.00 13.00-14.30 15.00-16.00 17.00-19.00 17.30-19.00 18.00-19.50

Festivalgudsteneste Førde kyrkje Fri entré Sulla meg litt du mamma mi... - grenselause voggesonger Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Huun-Huur-Tu Rytne gard, Bygstad 250/160/50 inkl buss Trio Madeira Brasil Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum 230/140/50 Familiesøndag Førdehuset Fri entré La Bottine Souriante Idrettshallen, Førdehuset 320/--/50 Dreamers’ Circus Fjordamattunet, Vassenden 250/160/50 inkl buss Spring du fela Klokkargarden, Dale 250/160/50 inkl buss Festivalfilm: Fuocoammare Lisjesalen, Førdehuset 100 (Resepsjonen, FH)

FH = Førdehuset, SSH = Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Idrettshallen: Unummererte plassar på tribuner og galleri, tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 50,- *Påmelding Førdekonferansen - sjå fordefestival.no

FESTIVALMAGASINET 2016

67


GRESK-TYRKISK FØRFEST I STORSALEN:

Vesle-laurdag i Vesle-Asia

Midt mellom Svartehavet, Egeerhavet og Middelhavet ligg den asiatiske delen av Tyrkia. Vesle-Asia. Anatolia. Vi varmar opp til festival med ein tirrande tjuvstart frå dette multikulturelle vegkrysset: Cafe Aman Istanbul!

68

FØRDEFESTIVALEN

tek songane tilbake til den staden dei opprinneleg kom frå. Framsyninga gjev oss også rembetikaen slik den har arta seg frå 70-talet og fram til I dag. God oppvarming er viktig – også for deg som skal på festival! Bli med på gresk-tyrkisk førfest i storsalen!

KONSERT

Ved å hente fram og revitalisere dei mange songane frå rembetika-tradisjonen i Anatolia (Lille-Asia) og Hellas, markerer Café Aman Istanbul ein ny start for rembetikamusikken i den tyrkiske verdsbyen. Gjennom ei vakker musikk- og danseframsyning tek Café Aman Istanbul oss med tilbake til dei gamle kneipene – Café Aman, som var bærebjelkar i den ottomanske livsstilen – der tyrkarar og grekarar for 100 år sidan møttest for å dyrke sin felles rembetikatradisjon. Café Aman Istanbul syng både på tyrkisk og gresk, og

Café Aman Istanbul Onsdag 6. juli kl. 20.00 Storsalen, Førdehuset


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.