Førdepatrioten2 2015

Page 1

INFORMASJONSAVIS

Med hjartet på rette stadion!

FØRDEPATRI TEN Nr. 2 2015


Sesongen er over

Leif Arne Åsen Styreleiar

2

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

Sesongen 2015 er over, og alle kan puste ut og ta det litt rolegare ein periode, før det er full rulle igjen, og oppladning til ny dyst. For A-lag senior herrar har det vore ein krevjande sesong, sidan det vart byte av hovudtrenar midt i sesongen, men takka vere at enkeltpersonar stod fram og tok ansvar kom ein seg gjennom dei to siste kampane før ferien, og fekk på plass ny trenar. Haustsesongen starta med mange «stang ut» kampar, og det såg lenge ut som det kunne gå mot nedrykk. I dei siste tre kampane viste laget svært høg moral og innsats, og redda plassen i 2. divisjon med grei margin, trass i at fleire profilerte spelarar var ute med skade eller karantene. Avdelinga var svært tett, og frå 2. plass til siste plass før nedrykk er differansen 11 poeng! 2. laget enda ut som nr. 2 i si avdeling i 4. divisjon etter ein solid sesong. Haustsesong­ en vart nok litt prega av at mange av dei beste på laget rykte opp til 1. laget for å komplettere troppen. A-lag damer senior har hatt ein tøff sesong i 2. divisjon, og vart sist i si gruppe. Det har deri­ mot vore ei positiv utvikling i haust, og det er optimisme både blant spelarar og ny trenar for å bygge vidare med eit solid lag til neste år. Satsingslaga i aldersbestemt har gjennom­ gåande hatt gode resultat. Satsing gut 13/14 vart kretsmeister, i tett kamp om plassen med Florø og Sogndal! Gut 1, 15/16 vart nr. 4, etter ein sesong med litt varierande resultat. Jenter 13/14 har hatt med to lag i 1. divisjon, der 14-årslaget vart nr. 4 og 13-årslaget nr. 6 i avdelinga. Jenter 14 vann Lerum Cup. 11 av spelarane i 13-års klassa kom med på sonelaget for Sunnfjord, som tyder på gode prestasjonar! Jenter 15/16 er det einaste 11ar laget frå Sunnfjord, og med eit nesten reint 15-års lag enda dei som nr. 4 i serien. For breiddelaga, både senior og aldersbestemt, er ikkje resultat i fokus, og det er posistiv aktivitet, og prestasjonsutvikling som skal prioriterast. Etter at Hafstadparken vart teken i bruk er det no rom for at også breiddelag har mogelegheit til å trene meir enn tidlegare. Svært mange spelarane i breiddefotball har ambisjonar om å betre sitt prestasjonsnvå, og ønskjer å trene meir. Det er etter kvart ei utfordring å ha eit godt nok tilbod til alle i FIL fotball som har lyst til å utvikle sine ferdigheiter. Her må klubben legge til rette, og medverke til dialog mellom dei ulike gruppene, for å medverke til at alle blir sett, og får optimal utvikling. Grendaserien er ein fantastisk positiv arena der det berre osar av glede og leik med ball. Dei som var til stades på Kongleriketurneringa i Hafstadparken i haust, fekk sjå korleis barnefotball engasjerer både born og vaksne til positivt lagspel. Eit fantastisk arrangement! Ryggrada i klubben er engasjerte foreldre og andre som stiller opp og gjer dugnadsinnsats! Det er berre å gjenta takk og respekt for

dei som ofrar mykje av fritida si for at born og ungdom skal få anledning til å utøve sin idrett! Dette gjeld både trenarar og oppmenn, men også dei som stiller i støtteapparat både på kampar og avvikling av cupar og andre arrangement. I tillegg til desse er dei tilsette i klubben «limet» som gjer alle dei oppgåvene som gjerne ikkje viser så mykje igjen, men som er heilt avgjerande for at klubben skal fungere, og at både organisering og økonomi er under kontroll. Her er nok FIL fotball godt organisert i forhold til mange andre. Trenarstaben på a-lag og satsingslag set den sportslege standarden i klubben. I tillegg til å nå sportslege mål i form av prestasjonar og resultat er dei også rollefigurar for resten av trenarane i klubben, på same måte som seniorspelarane er det for dei yngre. I tillegg til dugnadspersonell og tilsette er samarbeidspartnarar og sponsorar heilt avgjerande for at FIL fotball skal kunne satse på å ha eit lag i toppen av 2. divisjon herrar, og samtidig vere ein av landets største breidde­ klubbar. Både spelarar og støtteapparat er ambassadørar for desse bedriftene, og er ved fair play og posistiv oppførsel med på å auke verdien på å vere profilert i klubben. Dette samspelet er viktig når FIL fotball skal satse endå meir offensivt i åra som kjem. Fotball er ein viktig del av fritida til svært mange born og unge i Førde. Det som skjer på og rundt fotballbana påverkar både haldningar og vegval. Det er eit stort ansvar som kviler på dei som har trenar- og leiarroller i klubben, for å skape tillit, tryggheit, meistring og positiv utvikling for alle. Dette er forankra i klubben sin sportsplan, som all sportsleg aktivitet i klubben er basert på. Prosess med å få godkjenning som «Kvalitets­klubb» er no heilt på oppløpet, der dei einaste som manglar er at nokre trenarar og oppmenn ikkje har levert politiattest. Til dei som ikkje har fått det på plass: Gjer det NO! Det er knytt stor spenning til kven som blir ny hovudtrenar for A-lag herrer neste sesong, og fleire kandidatar vert vurdert. Det er A-lag senior som er toppen av klubben si prestasjonsretta satsing, der resultat er suksessfaktor. Seniorfotballen legg også premissane for «den raude tråden» som skal leggast til grunn i alle ledd i klubben som rekrutterer til senior A-lag, difor er trenaren her ei av dei rollene som formar klubben mest sportsleg. Det er styret si viktigaste oppgåve å syte for at alle roller i klubben er ivaretekne, og slik sett kan styret målast på i kva grad kubben er optimalt organisert. Vi reknar med å ha det på plass i løpet av dei næraste vekene.

TAKK FOR I ÅR!


VÅRE STØTTESPELARAR PÅ TRIBUNA, med Simon Vie i spissen, har oppnådd eit enormt engasjement! Førde il fotball takkar og ønskjer alle velkomne til våre kampar både på stadion og i parken!

Styremedlemer 2015

Terje Sørbø

Kjetil Bolsø

Margunn Vallestad

Mariann Njøsen

Odd Hagen

Knut Folkestad

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

3


Treng du elektrikar? • • • • • • •

Boliginstallasjon Næringsbygg Service Sikkerhetsanlegg Dataanlegg Automasjonsanlegg El-kontroll

Kontakt Bravida på:

Kurs og møter Lokalmat på menyen Kunst og kultur Blåtur og kick-off Bryllup og jubileum

- hotellet for dei gode opplevingane!

Tlf. 57 72 29 70 E-post: forde@bravida.no

Sogn & Fjordane Tlf. 02407

Storehagen 2, 6800 Førde - tlf. 57 83 40 00 - www.rica.no Storehagen 2, 6800 Førde - tlf. 57 83 40 00 - www.scandichotels.no

Prøv Førdes største

treningstilbod! Nyheit! CrossFit senter, utvida styrkeavdeling, mykje nytt treningsutstyr, nye garderobar, ny spinningsal, nye syklar, uttøyingsrom og testlab.

GRATIS PRØVETIME Sjekk ut våre nye fasilitetar og treningsutstyr

www.spenstforde.no 4

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015


Med stor etterspørsel har Førde il Fotball no for første gong etablert eigne jente­ grupper i Akademiet sitt. – Dette gjeld både i den eldste og yngste alders­ gruppa, seier Johan Pettersen.

Eigne grupper berre for jenter Innandørstreningane til Førde il Fotball i Førde­ huset gjennom vinteren går under namnet «Akademiet». Dette har vore eit svært populært tilbod, og fotballgruppa har hatt lange vente­ lister på desse treningane. Slik er det også i årets sesong, og fotballgruppa har dess­ utan for første gong i klubbens historie fått etablert to eigne jentegrupper. − Vi har nokre store alderskull på gang, og vi har difor fått på plass eigne jentegrupper blant dei yngste og eldste spelarane som er med på Akademiet, seier Johan Pettersen, som saman med trioen Fredrik Rørstadbotnen, Kristian Walaker og Bernt Norevik har trenaransvar for desse 34 spelarane.

Auka jentedel

− Den yngste gruppa, med spelarar frå femte,

sjette og sjuande klasse, består av totalt 25 spelarar. Dei trenar to gonger i veka på ettermiddagstid. Den eldste gruppa, med ni spelarar, trenar om morgonen, seier Pettersen. Han er svært glad for at 34 av eit 80-tals utøvarar er jenter, og ser nøgd at jentedelen aukar på for kvart år. − Dette er noko vi har prioritert, og vi håpar sjølvsagt at det skal resultere i fleire jente­ spelarar på sikt. Og når vi har nesten halvparten jenter på dagens akademi, så viser det potensiale, som ligg på jentesida, seier Pettersen.

Lange ventelister

det, dei gutane som trenar desse jentegruppene gjer ein fantastisk flott jobb, og trivsels­ faktoren i gruppene ser ut til å vere høg, seier Pettersen om klubbens nye tilbod. − Vår største utfordring er at vi grunna plassmangel berre kan ha eit 80-tals ut­øvarar totalt med på Akademiet. Ventelistene er svært lange, og vi kunne ha gjeve eit tilbod til langt, langt fleire enn det vi gjer i dag. Men vi må også ta omsyn til storleiken på gruppene, og det er ikkje noko poeng å fylle idrettshallen til trengsel. For dette handlar ikkje minst om fotballmessig læring, og då treng kvar utøva reit minimum av plass, seier Pettersen.

Hans neste utfordring er å få på plass eigne dame-instruktørar. − Det er det neste vi håpar å få på plass, og som eg også trur vil slå positivt ut. Ikkje for FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

5


Med k

6

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015


kniven på strupen Då Førde hadde tre kampar igjen av årets sesong, såg det ut til å gå mot nedrykk. Men ein unik snuoperasjon i dei tre siste oppgjera gjorde at herrelaget til slutt stod i divisjon­en, og kan førebu seg på ein ny sesong i 2. divisjon. − Vi hadde ei lang tapsrekke gjennom hausten, og det meste såg mørkt ut. Eg har vore med på mykje i mi fotball-karriere, men dette må vere noko av det vanskelegaste. Og at vi då mot alle odds maktar å vinne mot både Aalesund 2, HamKam og Kongsvinger «på rappen», er ein snuoperasjon eg nesten

ikkje trudde var mogleg, seier trenar Stig Nord som var henta inn for å trene laget siste halvpart av sesongen. − Det står utruleg mykje respekt av det spelargruppa har gjort på tampen av 2015-sesongen. Og bør vere det beste grunnlaget å bygge vidare på til neste sesong. For oddsa for at Førde skulle overleve årets 2. divisjon var kjempehøge i ein periode. Då smakar den siste sigeren på heimebane mot den suverene serieleiaren Kongsvinger ekstra godt. Så dette er det verkeleg grunn til å feire, seier Stig Nord.

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

7


DOLLY.NO

Lurer du på hva som skjer Lurer du på hva som skjer i fremtiden? i fremtiden?

04440

Etter fotballkampen smakar det godt med ein rykande fersk Dollypizza! Hyggeleg restaurant Stort leikerom Utkøyring - der du er!

Revisorer, advokater og konsulenter Deloitte er verdens største av profesjonelle tjenester Revisorer, advokater ogleverandør konsulenter innen revisjon, rådgivning advokattjenester. Vi arbeider for Deloitte er verdens største og leverandør av profesjonelle tjenester internasjonale selskaper og virksomheter innen privat innen revisjon, rådgivning ognorske advokattjenester. Vi arbeider for og offentlig sektor. internasjonale selskaper og norske virksomheter innen privat og offentlig sektor. Gjennom våre regionskontorer er Deloitte å finne på strategiske steder i store av landet. Fra kontorer i Florø, Førde og Gjennom våredeler regionskontorer er våre Deloitte å finne på strategiske Sogndal dekker vi hele fylket i Fra tillegg at vi utfører oppdrag steder i store deler av landet. våretilkontorer i Florø, Førde for og våre klienter uavhengig av geografi Sogndal dekker vi hele fylket i tillegg og til atkontorstruktur. vi utfører oppdrag for våre klienter uavhengig av geografi og kontorstruktur. Kontakt oss gjerne for en uforpliktende samtale: Hans Jørgen Tlf: uforpliktende 958 19 044 samtale: Kontakt oss Kirkeeide gjerne for en Rune Jørgen Norstrand Olsen Tlf: Tlf: 958 952 19 48 044 004 Hans Kirkeeide Leif Kilnes Tlf: 952 952 48 41 004 942 Rune Norstrand Olsen Tlf: KnutKilnes Midtun Tlf: 952 958 41 12 942 380 Leif Tlf: GunnMidtun Irene S. Bruheim Tlf: Tlf: 958 971 12 42 380 491 Knut Gunn Irene S. Bruheim Tlf: 971 42 491 www.deloitte.no www.deloitte.no

© 2014 Deloitte AS

Opningstider: Mån.-tor. 12-22, fre.-laur. 12-23, søn. 13-22

Rein Design

Til topps med Berge & Co!

© 2014 Deloitte AS

Berge & Co er fylkets største bilforhandlar, med over 100 tilsette. Som verksemd har vi eit samfunnsansvar, men vi må også vere ein samfunnsaktør. Når vi genererer overskot, er det heilt naturleg for oss å gje noko tilbake til samfunnet og dei som har brukt vår bedrift til å kjøpe varer og tenester. Berge & Co sponsar store og små, amatørar og profesjonelle, aktivitetar og arrangement.

Vi har lokale spesialitetar, ferdigmat, fruktbar, salatbar og butikkbakeri!

Vi kan gjerne skryte av å dele ut sponsormiddel, men til sjuande og sist er det du som kunde som gjer dette mogleg for oss. Vil du komme deg opp og fram, må du stå på. Alternativt kan du gå inn på www.berge.no og lese om Audi sitt quattro-system, Volkswagen 4MOTION og Skoda sitt 4x4-system. Tre fantastiske firehjulstrekk-system som hjelper deg til å nå toppen! Takk for at du brukar oss, og handlar lokalt.

NB! Nye opningstider:

7-23

www.spar.no

8

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

(9-20)

HANDELSHUSET


FARSUND FLIS VI HAR LEVERT ALT AV FLIS TIL GARDEROBAR OG FELLESAREAL PÅ DET NYE FIL-HUSET

Vi er størst på flis i Sogn og Fjordane og sel flis, både til privatkundar, proffar og offentlege bygg

Velkommen innom for ein hyggeleg handel

Ope: Mån–fre Torsdag Laurdag

7.30–16.30 7.30–18.00 9.30–14.00

Pb. 111, 6801 Førde – tlf. 57 72 18 00 - www.farsundflis.no - post@farsundflis.no

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

9


Førde har vunne KM i Sogn og Fjordane for smågutar. – Historisk, seier trenar Gisle Isene om glade smågutelags-spelarar som kunne om­ famne kvarandre etter at dei hadde slått Florø heile 5–1 i seriefinalen i Hafstadparken i midten av oktober. Dermed kunne dei krone årets sesong med nok ein kamp utan tap.

Laget som ikkje har tapt − Dette var ein fortent KM-tittel. I år har vi berre spelt to kampar uavgjort (mot Florø 2 og Sogndal) i serien. Elles har det berre blitt sigrar, smiler tremålsscorar Vebjørn Løkkebø etter utklassinga av Florø sitt smågutelag.

Hamna i Førde – Ja, dette var nok ein fortent siger til Førde. Dei er langt meir direkte enn oss i denne kampen, og har spelarar som kan avgjere slike kampar, seier Florø-trenar Hans Erik Hansen og er skuffa over at KM-tittelen hamna i nabobyen i aust. − Spelarane mine legg ein god innsats for da-

10

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

gen, men det held ikkje i kveld. Og med 5-1siger så må vi seie at det var ein fortent KM-­ tittel til Førde, seier Hansen etter kampen, som trass styrtregnet samla innpå 200 tilskodarar.

Festa grepet Heimelaget Førde festa grepet frå første speleminutt. Før kampen var ti minutt gammal hadde Vebjørn Løkkebø kvittert med to scoringar, og han følgde opp med ei til rett før pause. Spesielt det første målet, med eit kremmarhus heilt oppe i vinkelen frå 18-meter, var ei perle. − Ja, det var ei flott oppleving med ekte hat-

trick i ein så viktig kamp. For det er ikkje noko som skjer i kvar kamp. Er det vel, halvt spør ein godt nøgd goalgetter frå Førde etter kampen. Når han dessutan kunne sjå at Isak Borlaug Eide og Sander Vikum auka til 5–1 i 2. omgang, var det klart for feiring. – Dette skal vi feire. På eitt eller anna vis. Det er ikkje ofte at KM-tittelen har hamna i Førde, smiler Løkkebø medan lagkameratane tar jubelropet i garderoben. – No må eg stikke. Dette har eg lyst til å ha med meg, smiler tremålsscoraren i seriefinalen i klasse for 13-14-åringar, og ser at Oddvar


t i fylket Flataker frå fotballkrinsen overrekker spelarane KM-pokalen.

Glad trenar Trenar for Førde-laget, Gisle Isene, overtok dette mannskapet etter Benny Rivedal 1. august, og har berre opplevd sigrar med laget. – Eg kan samanlikne dette laget med vår eigen 1988-årgang. Dei har nok betre basis-dugleik enn det vi hadde, og dessutan har dei nokre spelarar med X-faktor. Som til dømes dei fem spelarane Odin Koskinen, Vebjørn Løkkebø, Isak Borlaug Eide, Sander Vikum og Andreas Opseth

Dette er spelarane som er krinsmeistrar i 2015 for Førde sitt smågutelag: i dag. Likevel er det verdt å vite at heile 29 spelarar har vore innom dette satsingslaget i haust, og alle har bidrege til denne KM-tittelen, seier Isene etter nedsablinga av Florø. − Vi kan også vere eit spelande lag, men i dag satsa vi medvite på å vere direkte i spelestilen. Og ingen tvil om at det var ein suksess, smiler Isene.

Robert Ljøsne, Daniel Wie Bruås, Eivind Frøholm, Andreas V Helgheim, Odin Koskinen, Johan Skrede, Skjalg Berge, Elias Tefre, Kristian Opseth, Tommy Bortheim, Sander Aamelfot, Sander Vikum, Christian Helgheim, Ole Petter Larsen, Marius Sønnervik, Iver P. Bell, Andreas Opseth, Vebjørn Løkkebø, Marius Helgås, Isak Eide, Rakel V. Helgheim, Samir Arab, Andreas Sunde, Lars Roti, Lars Erik Johnsen, Simon Espe, Niklas Hillersøy (2002), Håkon Berg (2002), Kristian Bell (2002).

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

11


Jobbe hardt i

2x45

SIGNES

minuttar?

Artic Shipping AS har lang og stor kompetanse på transport av fiskefôr på ein effektiv og miljøvenleg måte. Vi har verdens mest moderne fiskefôrskip og mannskap med fokus på hygiene, miljø og sikkerhet. Vår visjon – sammen med kunden - er å vere et ledende og innovativt rederi. Med fokus på økt sikkerhet, logistikk og miljø, ved transport av fiskefôr til oppdretter.

RASPEBALL

Ikkje mykje å skryte av - vi jobbar

9 timar kvar dag annonse frå Welten Design. Foto: Stig Roger Eide, Firda

...og det har vi gjort i over 15 år.... På jobb frå klokka 6 om morgonen og etter jobb kjem trening og fotball! Uansett kva for ballar vi er opptekne av, er det viktig med næringsrikt påfyll under vegs.

Dei populære Signes Raspeball finn du i butikkhylla, med eller utan flesk. Sjå etter dei gule og blå merkelappane.

Tlf: + 47 57 83 07 60 www.articgroup.no E-mail: ove@articgroup.no Artic Shipping AS Firdavegen 16 6800 Førde Ei

God kamp frå Glenn og Signe!

BESTILL CONTAINER TIL FAST PRIS BESTILL CONTAINER BESTILL CONTAINER Kontakt på 09700 TIL FASToss PRIS TIL FAST PRIS Du kan også bestille Kontakt oss på: påwww.ngn.no 09700 Kontakt oss på 09700

Vi Følgjer med - gjer det du òg!

Du kan også bestille på: www.ngn.no Du kan også bestille på: www.ngn.no Nett Avis Mobil

12

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015


Samarbeidspartner

Kvalitet - Trygghet - Erfaring Vi er stolte av å være en bedrift som har lange tradisjoner og hvor kvalitet i alle ledd er viktig.

Leverandør til godt håndverk Flovegen 5, 6800 Førde - Telefon: 57 82 85 00 - Telefaks: 57 82 85 01 www.neumann.no

TRELAST OG BYGGEVARER - MUR OG BETONGPRODUKTER - KJØKKEN, BAD OG INTERIØR FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

13


Betraktningar om ein sesong sett gjennom ein fars auge Ikkje vann vi KM innandørs …. men nesten Ikkje vann vi Dana Cup …… men nesten Ikkje vann vi Adidas Cup ….. men nesten Ikkje vann vi Hamar Talent Cup ….. men nesten Ikkje vann vi KM for gutar …… men nesten

Det store nesten-året Men likevel er 2015-sesongen den STORE sesongen, både for mange spelarar og ikkje minst for mange foreldre. Å vere fotballtrenar inneber så mykje rart, både av pluss og minus. Og det å vere foreldre til fotball-interessert ungdom opnar opp ei verd som eg knapt nok var klar over fanst. Eg har vore tett på 2000-årgangen i mange år, både som trenar og lagleiar. Men i år fekk eg det store gjennombrotet då eg endeleg skulle få lov å vere «berre» foreldre. Utan konsekvensar for andre enn meg sjølv og mitt avkom. Eg vurderte lenge om eg skulle ta den sure haldninga, og ignorere mykje av det som skjedde slik eg har opplevd mange foreldre har gjort før meg. Og kunne eg tenke meg å vere noko negativ til det som skjedde, så ville det sikkert ikkje vere vanskeleg å finne støttespelarar hos foreldre som var misnøgde. For det eg erfarte tidleg denne første sesongen med gutelaget var at kollektivet rundt eit fotball-lag er ei skjør greie. Vi opplevde på A-laget i Førde at misnøgde spelarar hadde stor innverknad på korleis framtida skulle sjå ut, og dei

14

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

var ifølge rykta delaktige i at den eine trenaren forsvann ut stadionportane. Difor såg eg at eg lett kunne alliere meg med foreldre til spelarar som ikkje fekk mykje speletid, og på den måten bombardere dei som sat med ansvaret. Viss det var det eg var ute etter. Men etter kort tid i tenkeboksen valde eg likevel å gripe tyren ved horna. If you can›t beat them, join them. Viss vi gir næring til det negative, så slår det rot. Då er det betre å vere til stades og i staden så godt som mogleg påverke og støtte dei haldningane som ligg til grunn for positiv utvikling. For faktum er at eg sjølv, med bakgrunn som tidleg­ are trenar og lagleiar, veit at dette er arbeid på ein knivsegg, og at det er umogleg å gjere alle til lags. Sjølv om du aldri så mykje vil akkurat det. Difor er det på sin plass å henge ein medalje rundt halsen på dei som verkeleg står opp og tar dette ansvaret med våre håpefulle. Utakk er verdas lønn, sa mor mi alltid til meg. Men først lenge etter at ho var død, forstod eg kva ho eigentleg meinte. Og korleis kunne ho meine noko så konkret då hennar verd i 1960 og 1970

var ei langt rolegare tid, og verken foreldre eller ungar hadde dei forventningane på seg som det vi opplever i dag. Då kunne jo alle nett gjere som dei ville, og ungane passa jo seg sjølv. Trudde eg. Men i dag er det jo nesten heilt umogleg å få nokre foreldre til å stille på nokre timars dugnad for poden fordi ein sjølv ikkje har tid. Og på hi sida opplever vi det paradokset at frivillige eldsjeler stiller opp i hundrevis av timar, gjennom heile året, for å gje våre ungar så gode fritidsopplevingar som mogleg. Dei fortener verkeleg ein medalje eller to. Eg vaks opp på Åndalsnes i 1960- og 1970-talet, og kjem aldri til å gløyme dei viktige trenarane mine, ikkje minst Johan Hanekamhaug og Dagfinn Fagerhol. Dei som alltid var på plass og støtta oss i våre perfeksjon på å bli så god som mogleg som fotballspelarar. Sjølv om dei også sikkert hadde både familie og anna som kravde dei på etter­ middagane og kveldane. Og regnet ofte kom vassrett innover fjorden under dei mørke fjella, og ikkje gjorde tren­ingane til noko nyting. Men uansett så var dei nesten alltid å sjå på Øran stadion når vi heldt på som unge spelarar. Det er slike opplev­


FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

15


ingar som brenn seg inn i sinnet hos unge menneske. Og slik er det garantert rundt dagens spelarar også. Vi kan sikkert vere usamde i mangt og mykje av disposisjonar og taktikk. Ikkje minst fordi fotball er noko alle ser ut til å ha kunnskap om. Iallfall trur alle det. Til og med bestemora mi hadde meiningar om dette då ho såg Tippekampen for første gong på svart/kvitt TV på 1960-talet. Og ho visste ikkje kva verken offside eller frispark var. Og på same viset er det i dag. Når laget vårt spelar ein kamp i parken eller på bortebane, så brukar eg å snakke med svært mange. Og alltid får eg forskjellege synspunkt på kva som skjer ute på bana. Mange for­eldre ser berre sine eigne ungar, og andre kan vere meir opptekne av om det snart er sjokoladekake til sals. Men ute i stormen og regnet står trenarane våre kveld ut og kveld inn. Medan vi som foreldre knapt nok har tid til å stoppe bilen i rundkøyringa før vi må haste vidare til neste uvesentlege gjeremål. Kva er det vi stressar for? Stopp heller opp, kle deg godt opp med lue og hanskar og ta deg ein time eller to i Hafstadparken. Då vil mykje av kritikken stilne og respekten for arbeidet som vert lagt ned vil auke på. Og det er

16

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

ikkje skilnad på det eine laget føre det andre. For det er alltid nokre vaksne som er der og tek seg av ditt barn. Vi snakkar om hundrevis av frivillige vaksne som kler på seg sure treningsklede, ristar gjennomblaute treningsvestar og pumpar ballar, før dei etter beste evne går ut på treningsfeltet for å aktivisere barn og ungdom. Kveld etter kveld, veke etter veke, månad etter månad, år etter år. Eg har prioritert å vere på stadion for å følge mange av treningane, og har frå yttersida fått innblikk i ei verd eg tidlegare stod midt inne i. Då såg eg ikkje alternativet, men i år fekk eg valet om å debutere som foreldre. Og berre det. Eg hadde lenge abstinensar med tanke på trenarjobben, men etter kvart har eg innfunne meg med min posisjon. Og det er i djup respekt eg lovprisar alle dei som stiller opp. Både på treningsfeltet, på kampar og ikkje minst turneringar. Rullar ut liggeunderlaget i ein krok i eit trongt klasserom, og sovnar i ein os av både ekte fis, sure sokkar og tåfis. Og neste morgon er klar for nye oppgåver. Dette er dagens heltar. Som legg fundamentet for morgondagens heltar. Slik har 2015-sesongen vore for oss, og frå ytter-

sida kan ein seie at det vart ein nesten-sesong. Men der er eg heilt usamd. Når nokon spør meg om kva som skjedde når laget tapte klart ein bortekamp, så svarar eg berre: Vi spelte ein veldig god kamp, men dei andre var faktisk endå betre. Så enkelt er det. Og då må det ligge ei tilfredsstilling i, at vi så mange gonger har vore så nær. Og eg er samstundes veldig trygg på at det er i motbakke det går oppover. Det er i motgang ein vil vekse. Og vi har aldri hatt fokus på at vi skal vere ferdig utvikla som spelarar i ein alder av 15 år. Dette har aldri blitt stressa, og vi ser stadig vekk at spelarar som kjem seint i utviklinga, ofte også kjem veldig godt. Så for meg ser framtida veldig lys ut, sjølv om det i 2015-sesongen vart mykje nesten. Med tanke på pokalar og heider. Men likevel presterte gutelaget over forventning på mange område, og gjev håp om gode prestasjonar, både individuelt og lagmessig, i åra som kjem. For det samhaldet, humøret og ikkje minst tren­ ingsmoralen som etter kvart er etablert betyr langt meir enn heider, ære og pokalar. I mine auge, vel å merke. Kanskje noko av det viktigaste med engasjerte


foreldre er at det då er lettare å stille realistiske krav til det klubben kan tilby. For som foreldre er vi kvalitets-bevisste og kravstore når det gjeld våre eigne. Og spel­arar som er villege til å ofre så mykje tid på fotballen, skal behandlast med respekt og kvalitet. Men viss du berre svingar rundt rundkøyringa, og så forsvinn ut av parken, så veit du kort og godt ikkje kva du går glipp av. For det er ei glede i livet å sjå at ungdommar har det godt og trygt, og at det er betydningsfulle andre vaksne som tek ansvar. Kveld etter kveld, veke etter veke, år etter år. Ser deg neste gong ved sida av innbytarbenken under ei trening. Takk til alle som med glede jobbar for å gje barn og ungdom ei meiningsfull oppleving. Alle fortener ein medalje. For dette har ikkje vore ein NESTEN-sesong for oss.

Stig Roger Eide, far

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

17


Førde IL Fotball sin utstyrsleverandør!

Elvetorget, 3. etasje Tlf. 57 72 00 67 • forde@sport1.no

Vi ogtar tarvare varepå påhelsa helsatil tilbilen bilen din! din ! Vistøttar støttarFørde Førdefotballen fotball og GLØYMPOLERING POLERING AV GLØYM AVBILEN....... BILEN....

Vi har produkta for å halde bilen din frisk og rask Vi har produkta for å halde bilen din frisk og rask i mange år framover. I mange år framover. Det er viktig å ta grep no før vinteren sett inn Beskytt bilen din før neste «Saltangrep» !! med kulde og salta vegar ......

TaKontakt kontakt ossfor fortilbud pris tilog dinbestilling bil lakkbeskyttelse med 66års årsgaranti garanti Lakkbeskyttelse med utankostbare etterbehandlingar utan kostbare etterbehandlingar

BILSKADESENTERET AS BILSKADESENTERET AS

www.bilskadesenteret-as.no post@bilskadesenteret-as.no post@bilskadesenteret-as.no www.bilskadesenteret-as.no

TLF: Hafstadvegen 6813 Førde TLF: 57 57 83 83 72 72 50 50 Hafstadvegen 9797 6813 Førde

ANTIRUSTBEHANDLING ! ANTIRUSTBEHANDLING! Tuff-KoteDinol Dinolbehandling, behandling, den Tuff-Kote den mestavanserte avanserte og og omfattande mest omfattande rustbeskyttelsebehandlinga. rustbeskyttelsebehandlinga.

Billegbutikken med supermarknadsutval Coop - litt ditt. Kjøpeutbytte på alt du handlar. Sjå alle fordelar på coop.no/medlem

EKSTRA LÅGE PRISAR Florø - Førde - Naustdal Sogndal - Øvre Årdal

VI STØTTAR

FØRDE-FOTBALLEN Tlf. 99 21 25 55 – www.fsement.no

18

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015


NOREGS LEIANDE TEKNISKE TOTALENTREPRENØR

Varme og sanitær

Ventilasjon og klimaanlegg

Kjøling

Elektro

IKT og AV

Sikkerhet

Automasjon

Industri og prosessanlegg

Industrirør

Caverion designer, produserer og vedlikeheld energieffektive løysingar. Fra rådgivning og prosjektering til service og drift av bygg, industri og infrastruktur gjennom heile livssyklusen. Caverion Norge AS Avd. Førde Tlf: 57 72 36 00 www.caverion.no

HAUSTTILBOD Vi prisar hausten med kjempetilbod på vindu og verandadører frå

RENATI STRONG HOLD Før 165,-

No kr 119,Vi støttar Førdefotballen!

40% RABATT Tilbodet gjeld t.o.m 14. november

Man-fre 07-16.30 lør 09-14

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

19


Kjøpe eller selje bustad?

Hos oss treff du meklarar som kjenner marknaden godt og rådgjevarar som hjelper deg med lån til den nye bustaden din. Alt på ein stad - velkomen til oss! ssf.no •

20

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

57 82 97 00


Konglerike-turneringa

Førde har den største Konglerike-turneringa i fylket. I september var heile 114 lag i aktivitet på dei to banene i Hafstadparken, og innpå 700 spelarar deltok. Men målet er at slike turneringar kan bli endå større.

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

21


Konglerike-turneringa

Scoringar i bøttevis Samarbeidspartnar Sparebanken Sogn og Fjordane sitt konsept med Konglerike-turneringar rundt omkring i fylket utviklar seg stadig vekk. Fylket er inndelt i soner, og i Førde-området er det klubbane Florø, Førde, Svelgen, Tambar­ skjelvar, Kvammen og Eikefjord som skal samarbeide. − Dette er fotballkretsen si turnering, og i vårt tilfelle er det Førde il Fotball som arrangerer turneringa. Tilbodet er til spelarar i alderen seks til ti år, og deltakinga er gratis gjennom avtalen Førde il Fotball har med Sparebanken Sogn og Fjordane. Noko som betyr at laga skal delta innan sin sone, seier Geir Vindheim, som er leiar for Grendeserien i Førde.

Fleire turneringar

− Med Kongleriket-turneringane har vi dermed fått eit ekstra tilbod til spelarane i denne aldersgruppa. Vi har erfaring med vår eigen interne grendeseriecup i juni månad, som no går under namnet Berge Cup. Den har så langt berre vore for våre eigne lag, men eg trur tida er inne for at denne turneringa kan bli utvida med det første. Og etter mi meining bør dette kunne vere eit tilbod til alle klubbane i fylket, seier Vindheim. Han ser at med Hafstadparken på plass, og ikkje minst eit godt fungerande FIL-hus, så kan ein ta mot fleire deltakarar.

22

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

− Når vi arrangerer Konglerike-turneringar, så er det gratis deltaking for alle lag. Dette er nemleg ein kostnad som banken tek fordi dei vil at så mange som mogleg skal få høve til å delta på dette. Og for Førde il Fotball betyr det at overskotet kjem først og fremst gjennom kiosk-sal, seier Vindheim. Under Konglerike-turneringa i september hadde dei tre opne kioskar i området, og med stor dugnadsinnsats av foreldre vart det eit godt overskot på arrangementet. − Tanken bak er at slike turneringar er i tillegg til å vere positive aktivitetar for dei unge, også skal generere inntekter til klubben. Og det er viktig at vi har fleire slike arrangementstilbod, seier Vindheim.

Viktig dugnad

Han ser difor med glede at klubben også arrangerer Tine Fotballskule og har dei to siste åra har hatt Liverpool-akademiet på plass. − Slike arrangement er viktige og er med på å skape identitet i klubben. Dessutan er det positivt at det vert engasjert mange vaksne som jobbar for at dei unge skal ha så gode tilbod som mogleg. Dessutan vert det skapt samhald mellom vaksne som jobbar dugnad. Og det er ein verdi ein ikkje skal gløyme, seier leiaren for grendeserien i Førde il Fotball. − Per Øyvind Storevik er nestoren adminis-

trativt i Førde il Fotball, og er på si side svært glad for det store aktivitetsnivået når det gjeld arrangement og turneringar. − I tillegg til Tine Fotballskule i juni og august, Liverpool-akademiet, Berge Cup og Konglerike Cup, så har vi både utandørs og innandørs Førde Cup. Og spesielt utandørs­ cupen har vi lyst til å gjere større i tida som kjem, seier Storevik. Han ser for seg at bruk av grøntareala i Hafstadparken, dei tre kunstgrasbanene i sentrum og fire grendebaner på Haugum, Halbrend, Slåtten og Sunde gjer at dei kan etablere ein større Førde Cup dei komande åra. − Dessutan er det korte avstandar til både Naustdal, Sande og Vassenden og deira kunstgrasbaner. Her kan vi med andre ord etablere ei populær og kompakt fotballturner­ ing for svært mange. Dette er eit arbeid vi kjem til å intensivere gjennom vinteren, og eg er sikker på at ein slik cup vil kunne trekke til seg svært mange lag og tilreisande med tanke på det kompakte konseptet vi kan tilby laga. Noko sjølvsagt også næringslivet i Førde vil sette pris på, seier administrativ leiar i Førde il Fotball, Per Øyvind Storevik.


FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

23


2424

Skisse: Dette er ei av dei første skissene som ARKI teikna over det aktuelle området. Desse teikningane viser berre utbygginga i grove trekk.

Har starta arbeidet med planane for ny stadion -I 2020 feirar Førde idrettslag 100-års­ jublieum. Vi håpar at nye Førde stadion skal stå ferdig då, seier Per Øyvind Storevik. Førde stadion er snart 40 år gammal, og det er stor trong for å renovere anlegget. Både friidrettsdelen og kunstgrasbana. − Planen er at friidrettsbana skal utvidast til åtte baner rundt heile grasbana. Dermed er friidrettsbana kvalifisert for større konkurransar, som til dømes senior-NM. Dessutan er planen at det skal byggast nye tribuner og garderobe/ utstyrsbygg, seier Storevik.

Både friidrett og fotball

Anleggsutvalet i Førde idrettslag med leiar, Lars Vegsund, har sett ny stadion som fyrstepriorietet når det gjeld idrettsanlegg i Førde. Som dagleg leiar i Førde idrettslag har Storevik saman med anleggsutvalet den siste tida jobba med å utarbeide eit grovprospekt for ut­ vidinga, som også omfattar ny fotballstadion. − Planen er at desse to anlegga skal jobbast med parallelt når spaden først er sett i jorda. FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015 2015

Først må grunnarbeidet gjerast før ein startar med overflate-arbeidet. På begge anlegga. No er dei nye kooordinatane for det nye anlegget fastsett med tanke på brubygginga over Jølstra. Det er ein del av Førde-pakken. Vi får ny tilkomstveg frå parkeringsområdet i Hafstad­parken over elva og inn på Angedals­ vegen rett sør for kunstgrasbana, seier Storevik.

Nærare Førdehuset

Området for den nye kunstgrasbana, som skal komme oppå den eksisterande kunstgrasbana, må likevel flyttast noko nærare Førdehuset. -Det er nok areal i området, men det vert sjølvsagt ei utfordring å drive arbeids­ prosessen med to så store område, seier Storevik og viser til at Førde kommune allereie har avsett 4,5 millionar kroner til ny kunstgrasbane. -Denne kunstgrasbana stod ferdig i august 2002, og har dermed allereie tretten års levetid. Med andre ord godt over det som løyser ut

høve til å søke om nye spelemidlar for renovering av anlegget, seier Storevik og viser til at fotballforbundet har praktisert 10 års levertid tidlegare.

Ikkje få timar

− Dette er ei bane som er utruleg mykje brukt, då den ligg tett på både Førde barneskule, Førde ungdomsskule og Hafstad vidaregåande skule. Det er ikkje få timar denne bana har vore i bruk i alle desse åra. Så kanskje ikkje så underleg at underlaget har gått ut på dato, seier Storevik om bana som på folkemunne går under namnet «Betongen». - No håpar vi på at det tette og gode samarbeidet mellom idretten og Førde kommune held fram, og at vi snart får eit oppgradert og kvalitativt betre anlegg enn kva vi har hatt tidlegare, seier Storevik. Planen er at det skal byggast tribuner på vollen mellom dei to banene. − Dette er noko vi verkeleg ser fram til, seier Storevik.


ID R B Y H S I YAR ACTIVE Se og

fety Sens Toyota Sa risen * n tillegg ip n ta u l ju rh asjo vinte ir og navig Automatg ndard er sta i 3år * fastrente % 5 1 ,9

Yaris Hybrid Active S frå 213 800,- * *Inkl. frakt, lev. og reg.kostn. lev. Førde. Årsavgift kjem i tillegg. Toyota Safety Sense: Yaris kundeverdi 5 700,-. Auris inkludert frå Active S grad. Renta er subsidiert i 3 år for deretter å bli justert til normal salsrente. Billån: Betingar minimum 35% kontantandel. Låneeksempel: Fastrente 1,95%, effektiv rente 4,7%, 150 000,-/5 år, etableringsgebyr 2 917,-, totalt 168 238,-. Barnestol - vi har også tilbod på andre barnestolar. Tilbodet gjeld så langt behaldninga rekk. DEFA WarmUp - Vi har også tilbod på Comfort kit. Tilboda gjeld så langt behaldninga rekk. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: YARIS HYBRID frå 0,33 l/mil, 75 g/km, 6 mg/km. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Vi tek atterhald om trykkfeil.

Steinavegen 10, 6800 Førde

Steinavegen 10, 6800 Førde Tlf. 57 72 10 00, www.toyota-forde.no Måndag–fredag laurdag 10-13 Tlf. 57 72 108-16, 00 www.ttf.no

Alltid på HEIMEBANE! rde.n

o

h

hfo

Vi støttar FIL-Fotball HANDELSHUSET

Vi støttar Førde-fotballen som har totalt 117 lag i år!

Postboks 506, 6803 Førde Tlf. 57 72 38 50 | www.aasen-ovrelid.no FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

25


VI STØTTAR IDRETTEN Alle dagar i veka:

Frukost – Lunsj Dagens middag

Dersom bilkøyring berre handlar om å komme seg frå eitt punkt berre til eithandlar anna, spelar det inga Dersom bilkøyring om å komme seg frå til eit anna, spelar det inga rolle kvaeitt bilpunkt du køyrer. rolle kva bil du køyrer. Dersom tillegg skal vere Dersom bilkøyring bilkøyring i itillegg skal vere eieipositiv ogtrygg tryggoppleving oppleving skal køyre positiv og skal du du køyre bil bil frå Frydenbø Frydenbø Bilsenter frå BilsenterFørde. Førde.

Prøv vår heimelaga lasagne Kvar torsdag:

Raspeball – Du kan ta med heim! Bestill på tlf. 57 82 66 30

Velkommen inn på Førdekroa! Måndag–fredag Laurdag . . . . . . Søndag . . . . . .

07.00 - 22.00 09.30 - 22.00 10.30 - 22.00

Nattluke open: Fredag til 03.00 / Laurdag til 04.00

Vi som gjergjer at du den opplevinga. Vi har harmodellane modellane som atfår duakkurat får akkurat den opplevinga. Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo og Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo og Vi har modellane som gjer at du får akkurat den opplevinga.

STOLT SPONSOR AV FOTBALLEN I FØRDE. STOLT SPONSOR AV FOTBALLEN I FØRDE

Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo og Renault. Frydenbø Bilsenter Førde tlf. 57 83 72 00 www.frydenbo.no

Vi støttar Førde IL fotball i medgang og motgang

GLASMEISTER

STATOIL FØRDE • Bilvask • Storkiosk • Varmmat

TIPPING hos STATOIL FØRDE

STATOIL BUTIKK FØRDE tlf. 57 82 11 28 – ope til 24.00

26

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015


Din lokale kraftleverandør av

Din lokale kraftleverandør a Din lokale kraftleverandør av

FORNYBAR FORNYBAR ENERGI ENERG

FORNYBAR ENERGI av kraftleverandør lokale Din av lokale kraftleverandør av kraftleverandør Din lokaleDin FORNYBAR ENERGI FORNYBAR ENERGI FORNYBAR ENERGI FORNYBAR ENERGI Din lokale kraftleverandør av

Natur – til nytte og glede Natur – til nytte og glede Natur – til nytte og glede

Natur – til nytte og glede

og glede – til nytte i lokalmiljøet støttespelar Ein aktivNatur www.sunnfjordenergi.no glede og nytte til – Natur lokalmiljøet i støttespelar aktiv Ein www.sunnfjordenergi.no støttespelar i lokalmiljøet Ein aktiv i lokalmiljøet Ein aktiv støttespelar www.sunnfjordenergi.no www.sunnfjordenergi.no

– til nytte og glede Naturwww.sunnfjordenergi.no

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

har vi jobba for gode internettløysingar i Sogn og Fjordane.

• ÅR

E

R1 5Å R

Vinn!

BYTT TIL OSS I DAG!

Alle våre kundar kan vinne 15 mnd. www.sunnfjordenergi.no kostnadsfritt breiband! F

er ein enklare kvardag for innbyggjarane, samtidig som vi skapar lokale verdiar.

15 ÅR • EN IVE ST

MÅLET

ÅR • ENIVEST F 15 YL LE ER L R YL

I FEMTEN ÅR

15

YLLER 15 Å R• ST F VE EN NI IV •E

På nett ttespelar i lokalmiljøet med Sogn og Fjordane i 15 år

www.sunnfjordenergi.no NIVEST FYLLE

LER YL TF ES

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

Lokalt breiband – Lokale verdiar

57 00 91 00 | enivest.no

Totalleverandør av

automatikk løsninger

Nordfjordeid Førde Lillehammer

Bygg automasjon • Vann- og avløps automasjon • Maritim automasjon

WEB BASERT DRIFTSKONTROLL

NORMATIC AS Postboks 132, 6771 Nordfjordeid Telefon 57 86 48 50 • Fax: 57 86 48 70 E-post: post@normatic.no • www.normatic.no

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015

27


Vi støttar Førdefotballen!

www.rikoforde.no

Advokatfirmaet Blikra, Slotterøy og Fonn

Øyrane 4

Døskeland Marine Angedalsvegen 59

Vie Senter

Utleie - maskiner og utstyr

Tlf: 57 82 70 00

www.ramirent.no

AVD. FØRDE


Anleggsgartner

Baarøy AS

F

R

R

Firda Revisjon & Rådgivning AS

www.fordecamping.no Tlf. 468 06 000


Klar for nye utfordringer?

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut? Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå. Over heile landet – eller ut av landet.

Pakking og lagring Transport Vare- og lastebilutleige Ekspressog budbilar

Jobzone hjelper deg i mål! www.hktransport.no Hoff & Knutson Transport AS Sogn og Fjordane Flyttebyrå, Førde 57 82 81 00

Jobzone Førde Concord 2. etg 6800 Førde Tlf. 5700 5700 www.jobzone.no/forde

Vi støttar Førdefotballen

Vi takkar våre støttespelarar for godt samarbeid!

Førde Elektro og Rør AS DIN LOKALE ELEKTRIKAR OG RØRLEGGAR

57 72 39 90

Firdavegen 16 – 6800 Førde – tom@forde-elektro.no

www.forde-fotball.no

Vi støttar Førde IL Fotball

30

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2015


pĂĽ burger

nus tBo s e B gir

Best Centrum Bensin AS, Storehagen 7, tlf: 57 72 55 40

,0 le 5 ĂĽ al kr p t at r i rabmenye

Trippel Dobbel

Enkel

100 g / 160 g / 333 g

300 g / 480 g / 999 g

200 g / 320 g / 666 g

Vi kaN hjeLPe deG Med...

FĂ˜RDE VULK - din lokale dekkleverandør

DEKKHOTELL

• Graving

• Boring

• Pigging

• Sprenging

• Masseforflytting

• Transport

• Natursteinsmuring

• Sandtak

• Plastring

• Nydyrking

- Hjulskifte

• Snørydding

• Rørlegging

- Dekksjekk

• Stikking

• Landmüling

• Masseberekning

• Rivingsarbeid

Vi tar vare pĂĽ dekka dine

Nyheit ! Bestill time til dekkskift pĂĽ vĂĽr nettside.

VI KAN HJELPE DEG MED...

Graving - Vask •av dekk og felg

-

• Pigging • Masseforflytting Sikker oppbevaring • Natursteinsmuring

• Plastring • Snørydding • Stikking • Masseberekning

• Boring • Nydyrking Kontakt oss for eit prisoverslag! • Sprenging • Rørlegging • Transport • LandmĂĽling Tlf. 57 82 40 30 eller magne@magnehafstad.no • Sandtak • Rivingsarbeid

- Forsikring

KontaktTELEFON oss&for FAX eit prisoverslag! WEB & MAIL

BESĂ˜KS ADRESSE Halbrendsøyra 9 6800 Førde

Tlf: 578 30 800 Fax: 578 30 801

firmapost@fordevulk.com www.fordevulk.com

FĂ˜RDEPATRI TEN NR. 2 2015

31


Fortel du desse to om draumen din, kan det fort hende at den blir realisert raskare enn du hadde våga å håpe.

Dei to banksjefane Roy Stian Farsund og Alexander Dvergsdal står nemleg i spissen når Furorestipenda og gåvetildelingane frå Sparebanken Sogn og Fjordane blir offentleggjorde. Eit arbeid dei er både stolte og audmjuke over. – Gjennom Furorestipendet får vi løfta fram unge enkeltpersonar med heilt unike talent innan idrett og kultur, og dette er område som er viktig for oss å støtte. Det finst så mange unge der ute som brenn for sine draumar, og det er veldig spennande å få vere med oppfylle dei, seier Dvergsdal.

Furorevinnarar i verdstoppen

Dei trekkjer fram at det kan vere vanskeleg å slå gjennom for dei som ønskjer å gjere hobby om til levebrød, og at Furorestipendet kan vere eit godt springbrett. − Skihoppar Anders Fannemel og skiskyttarbrørne Johannes og Tarjei Bø, er på lista over dei som har fått stipendet, og som no er heilt i verdstoppen innan sin idrett. Det er veldig kjekt å sjå. I tillegg er motbakkeløpar Eli Anne Dvergsdal, skodespelar Peter Førde og songar Iselin Solheim tidlegare furorevinnarar, som er på god veg oppover, fortel Dvergsdal.

Ønskjer seg fleire søknader

I tillegg til Furorestipendet støttar også SSF lag og organisasjonar i form av gåvetildelingar som kan gi verdiskaping i heile lokalmiljøet. − Banken er kundeeigd, og det håpar vi at kund­ane merkar ved at vi gir gåver til samfunnsnyttige formål. I gåvetildelingane er vi opptekne av å støtte prosjekt som gir trygge

og gode nærmiljø for barn og unge, seier Farsund. − Vi ønskjer oss heile tida gode søknader, og vil difor utfordre kundane våre, grannelag, organisasjonar og unge talent til å vere kreative når det gjeld å få i gang prosjekt som dei kan søke om støtte til. Ingenting er for smalt eller for rart å søke om støtte til, seier Dvergsdal.

seier Dvergsdal. − Det å støtte næringsretta tiltak vil bli eit endå større satsingsområde for banken framover, ikkje minst fordi næringsliv og arbeidsmarknaden endrar seg svært raskt. Dagens arbeidsplassar vil sjå heilt annleis ut om 10-15 år, og derfor er det viktig for oss å vere med å støtte gründerar og innovasjon i fylket, seier Farsund.

10 millionar til næringslivet

Dei siste åra har banken også gått aktivt inn med støtte til næringsretta tiltak, og i 2015 er budsjettet for desse løyvingane på nærare 10 millionar kroner. Roy Stian Farsund meiner dette er ei viktig satsing. − Eit sterkt og innovativt næringsliv er ein viktig berebjelke, og derfor har vi gitt støtte til ulike tiltak, som vi håpar bidreg til å skape heilt ny aktivitet, men også medverke til knoppskyt­ ing i eksisterande bedrifter i fylket. Mellom anna har vi gitt støtte til prototypelaben på Hellenes, Presåkornfondet for gründerar som er heilt i startfasen og no sist, støtte til ingeniørstudiet for bygg og anlegg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier Farsund. Dei to er samde om at samhandling i nærings­livet er viktig for å få utvikling i fylket. − Vi hadde ikkje fått til nokon av desse prosjekta utan samarbeidet med aktørane i næringslivet. Ingeniørstudiet for bygg og anlegg, som vi håpar blir realisert, kjem som eit resultat av at næringa sjølv har jobba svært godt for å få det på plass, og går sjølv inn med betydeleg økonomisk støtte, og det er positivt,

Furorestipend: • Ein årleg pott på 350 000 kroner • Blir delt ut til unge enkeltutøvarar mellom 15 og 30 år i klassane kultur, idrett og open klasse. • Varierer i storleik frå 10 000–100 000 kroner • Søknadsfrist 15. juni.

Gåvetildeling: • Prioriterer lag og organisasjonar som jobbar for og med barn og unge • Tiltak med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet prioriterast framfor kortvarige prosjekt og arrangement. • Forenkla gåver inntil 10 000 kroner kan søkast om fortløpande • Større gåver har søknadsfrist 1.mars og 1. september. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på www.sparebankstiftinga.no

Utgjevar: Førde IL Fotball Opplag: 6000 Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Grafisk produksjon: findriv Foto: Stig Roger Eide, Firda Media AS

Oppdraget: draumetyding

Roy Stian Farsund og Alex­ander Dvergsdal vil gjerne vere med å støtte dersom grannelag og organisa­sjonar kjem på kreative idear.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.